Notat Går til: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Styremedlemmer Helse Fonna HF 13.03.15 Haldis Økland Lier Årsmelding for Kvalitetsutvalet i Helse Fonna for 2014 Styresak 14/15 O Administrerande direktør si orientering pkt. 3 1 vedlegg Styremøte 27.03.15 Kvalitetsutvalet ÅRSMELDING FRÅ KVALITETSUTVALET, HELSE FONNA, FOR 2014. Plass i organisasjonen: Kvalitetsutvalet er eit rådgjevanda utval for linjeleiinga. Kvalitetsutvalet er ein del av internkontrollen i føretaket. Det er nedfelt i § 3 i lov av 30. mars 1984 nr 15 om statleg tilsyn med helsetenesta at føretaka skal ha kvalitetsutval. Målsetting: Kvalitetsutvalet skal vera eit verkemiddel i arbeidet med å fremje tryggleik og kvalitet på helsetenestene. Kvalitetsutvalet skal stimulere til førebyggjande og kvalitetsfremjande arbeid i pasientretta tenester i føretaket. Organisering: Helse Fonna har eit felles kvalitetsutval for alle sjukehusa og DPSa i føretaket. Utvalet er sett saman av ein representant frå kvar klinikk (fem i 2014 og det er krav om minimum to legar), smittevernrepresentant, brukarrepresentant, kvalitets- og sikkerheitssjef, fagdirektør og sekretær. Utvalet har ein representant frå område med spesifikt risikobilete. I 2014 (same området var også representert i 2013) har fagområdet fødselshjelp vore prioritert. Ansvar for behandling av enkeltsaker som gjeld pasientskader og næruhell som kunne ført til pasientskader er lagt til linjeleiinga som óg sørgjer for analyser av årsakssamanhengar og gjennomfører forbetringstiltak i eigen seksjon og klinikk. Klinikkdirektørar skal informere kvalitetsutvalet om sakene, slik at utvalet kan analysere systemsvikt og bidra til læringseffekt i heile organisasjonen. Tilbakemelding til klinikkane har i hovudsak skjedd gjennom medlemmene i utvalet samt at møtereferat er gjort tilgjengelege. Medlemmer 2014: Kjellfrid Laugaland, fagsjef, leiar fram til og med 30.04.14, Haldis Økland Lier, fagdirektør, leiar frå 01.05.14. Tomas Jonson, Kvalitets- og sikkerhetssjef Grete Müller, brukarrepresentant Lars Holst-Larsen, smittevernoverlege til og med 30.09.14, Randi Ofstad, smittevernoverlege frå 01.10.14. Trine Båtsvik Grov, kvalitetsrådgjevar og sekretær for utvalet. Anne Mari Hagen, funksjonsleiar medisinsk biokjemi og repr. Medisinsk serviceklinikk. Ralf Teetzman, overlege og repr. Klinikk somatikk Stord Knut Skaug, overlege og repr. Medisinsk klinikk POSTADRESSE : Postboks 2170, Bedriftspostkontoret 5504 Haugesund BESØKSADRESSE : Karmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND TELEFON : 52732020 TELEFAX : 52732019 Laimonas Ratkus, overlege og repr. Klinikk for psykisk helsevern Øystein Skåden, overlege og repr. Kirurgisk klinikk fram til og med 30.04.14. (Kirurgisk klinikk har ikkje hatt fast representant sidan mai 2014). Samla rapport 2014: Kvalitetsutvala har hatt til 11 møte à 2,5 timar i 2014 (13.01., 17.02., 17.03., 14.4., 05.05., 02.06., 18.8., 15.09., 20.10., 10.11., 8.12). Det har jamt over vore godt oppmøte. Oppgåvene: Kvalitetsutvalet skal vere informert om og følgje kvalitetsfremjande arbeid. Utvalet skal óg gjennomgå eigna rapportar jamleg (eks synergirapportar, rapportar frå NPE, Helsetilsynet og Kunnskapssenteret). Utvalet skal arbeide for god meldekultur ved pasientskader og næruhell, bidra til at avvik vert følgde opp og brukte i førebyggjande arbeid, og årleg arrangere Kvalitetsdagen. Dei viktigaste sakene som er handsama i 2014: 1. Fortløpande rapporteringar frå klinikkrepresentantane Pasientskader og næruhell vert melde i avvikssystemet Synergi. Før kvart møte blir det tatt ut klinikkvise rapportar på pasientrelaterte saker. Gjennomgang av rapportar så langt viser at dei hyppigaste meldte pasientsakene er fall og saker knytt til legemiddelhandtering. Kvalitetsutvalet har hatt fokus på korleis ein kan arbeide med desse sakene for å fremje læring i heile organisasjonen. Referata har blitt tydelegare på saker kvalitetsutvalet meiner treng ekstra oppfølging. I nokre klinikkar har klinikkdirektør gjennomgang av sakene med «sin representant» før møtet i utvalet. Dette fungerer godt og ein bør leggje til rette for dette i alle klinikkane. 2. Publisering av saker Helse Fonna har meldeplikt til Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten om hendingar som har ført til, eller kunne ha ført til, betydeleg personskade på pasient, jfr. Lov om spesialisthelsetjenesten §3-3. Helse Fonna ønskjer å vere open om uønskte hendingar på ein kvalitetssikra måte og utarbeidde difor ei prosedyre for offentleggjering av § 3-3-meldingar (februar 2014). Det er likevel publisert få hendingar. Dette skuldast ofte at hendingane manglar skildring av tiltak. Det er publisert hendingar i juni og august 2014. 3. NPE-saker Det er 83 nye saker frå Helse Fonna i 2014, 97 året før. Av 97 saker som er ferdigbehandla i 2013, har 34 fått medhald. Det tilsvarer 35 %, som er noko høgare enn i 2013 (26.5%) . 4. Pasientsikkerhetsprogrammet Kvalitetsutvalet har blitt orientert om arbeid med pasientsikkerhetsprogrammet ved rådgjevar i programmet. 5. Presentasjon av kvalitetsarbeid i klinikkane Alle klinikkane har presentert pågåande kvalitetsarbeid for kvalitetsutvalet i 2014. POSTADRESSE : Postboks 2170, Bedriftspostkontoret 5504 Haugesund BESØKSADRESSE : Karmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND TELEFON : 52732020 TELEFAX : 52732019 Kvalitetsdagen 2014 Utvalet skal årleg arrangere «Kvalitetsdag». I år var kvalitetsdagen 14. november 2014. Miriam Hartveit som er PhD-stipendiat i Nettverk for forsking på behandlingsliner og samhandling i Helse Fonna og har ei bistilling som fagansvarleg for Kvalitetsforbedring i helsetenesta ved Med. od. fakultet UiB hadde føredrag om kva som skal til for at vi skal kunne lære av andre sine feil. Det var i tillegg presentasjon av kvalitetsforbedringsprosjekt frå alle klinikkane. Oppslutninga var god (ca 100 påmelde) og det kom gode tilbakemeldingar på tema og foredrag. Føredraga på kvalitetsdagen blei overført via Lync til Odda, Stord og Valen sjukehus. Kvalitetsutvalet har som oppgåve å stimulere til førebyggjande og kvalitetsfremjande arbeid i føretaket. Denne dagen var ledd i dette arbeidet ved blant anna å synleggjere eksempel på godt kvalitetsarbeid. Kvalitetsprisen blei delt ut under kvalitetsdagen. Søknadene var vurderte etter fastsette kriterier. Kvalitets- og pasientsikkerheitssjef og fagdirektør var vurderingskomitè. Det var mange gode søknader i 2014. I år var vinnaren Ferdighets- og simulatorsenteret: Ferdighets- og simulatorsenteret fekk prisen for godt arbeid over mange år. Dei bidrar til kvalitet i tenesten ved å trene helsepersonell i vanskelege situasjonar, slik at dei kan vere godt førebudd og ha den kunnskapen dei treng når dei treng den. 03.03.15 Haldis Økland Lier Leiar Kvalitetsutvalet. POSTADRESSE : Postboks 2170, Bedriftspostkontoret 5504 Haugesund BESØKSADRESSE : Karmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND TELEFON : 52732020 TELEFAX : 52732019
© Copyright 2024