20140016 Per Kåre Kvålen Detaljreguleringsplan for Holldalen massetak og industriområde [PLANPROGRAM] Plankontoret Hallvard Homme AS Detaljreguleringsplan Holldalen massetak og industriområde Høyringsutkast til planprogram Innhald INNHALD 1 1 BAKGRUNN 2 1.1 LOKALISERING AV OMRÅDET 1.2 KOMMUNEPLANENS AREALDEL OG KDP HAUKELI/EDLAND 1.3 SPØRSMÅL OM RÅD 2 3 3 2 INTENSJONAR FOR PLANARBEIDET 4 2.1 2.2 2.3 2.4 4 4 5 5 INNHALD I PLANFORSLAGET FRAMDRIFT MEDVERKNAD NASJONALE OG REGIONALE RAMMEVERK 3 KONSEKVENSAR TIL UTGREIING 6 3.1 3.2 3.3 3.4 3.5 3.6 3.7 3.8 6 6 6 6 6 7 7 7 STØY LANDSKAP NATURMANGFALD SKOGSPRODUKSJON FRILUFTSLIV VILT TILHØVE TIL HØGFARTSBANE VURDERING AV ETTERSPØRSEL / TILBOD 2656 Plankontoret Hallvard Homme AS 1 Per Kåre Kvålen Detaljreguleringsplan Holldalen massetak og industriområde Høyringsutkast til planprogram 1 Bakgrunn 1.1 Lokalisering av området Planområdet er avgrensa mot E 134 i nord. Mot øst ligg plangrensa i eigedomen til Haukeli kraftstasjon. Eksisterande traktorveg over Kjelaåi er plangrensa i vest. Mot sør leggjast plangrensa eit stykke opp i lia opp mot Dansarane, i sørvest inkluderast områda med ur under fjellskrenten. Planområdet fattast såpass vidt for å finne ein eigna brustad for kryssing av elva og ei eigna avkøyring frå E 134. Samstundes ynskjer ein å regulere ein køyreveg til Haukeli KV. Mot sør varslast planarbeid for eit såpass stort område for å ha areal til eventuelle rassikringstiltak. Planområdet det varslast oppstart av reguleringsplanarbeid for Planområdet som del av Haukeli 2656 Plankontoret Hallvard Homme AS 2 Per Kåre Kvålen Detaljreguleringsplan Holldalen massetak og industriområde Høyringsutkast til planprogram 1.2 Kommuneplanens arealdel og KDP Haukeli/Edland Planområdet er i kommuneplanens arealdel sett av til LNFR og (kring Haukeli KV) energianlegg. Det ligg ei faresone over energianlegget, H310_ ras- og skredfare. Dette er nok ei feilkoding, det skal sikkert vere faresone høgspenningsanlegg. Vassdraget er sett av til bruk og vern av sjø og vassdrag. Planområdet ligg utanfor omsynssone «bevaring av naturmiljø» (omsynssone for villrein). Delar av området tangerast av planlagt høgfartsbane mellom Oslo/Grenland og Bergen/Haugesund/Stavanger. Dei austre delane av planområdet inntil elva ligg innanfor KDP Haukeli/Edland. Her er Kjela sett av til LNF område i sjø og vassdrag. Landområdet er sett av til LNF. Det er ingen gjeldande reguleringsplanar i eller inntil planområdet. Utdrag av kommuneplanens arealdel og KDP Haukeli/Edland med planområdet 1.3 Spørsmål om råd På bakgrunn av at føremålet med planarbeidet vil vere i strid med overordna plan har itakshavar teke spørsmålet om planarbeid opp til politisk vurdering i plan- og miljøutvalet. Saka kom kom opp den 17. desember 2014 (sak 14/139). Vedtaket i utvalet blei: I medhald av pbl § 12-8 vil ein rå til å sette i gong arbeid med regulering av massetak i Holldalen. Formell førehandskonferanse blei halde i etterkant av vedtaket, den 15. januar 2015. 2656 Plankontoret Hallvard Homme AS 3 Per Kåre Kvålen Detaljreguleringsplan Holldalen massetak og industriområde Høyringsutkast til planprogram 2 Intensjonar for planarbeidet 2.1 Innhald i planforslaget Tiltakshavar ynskjer å opne eit uttak av lausmasse i den vestre delen av planområdet sør for Kjelaåi. Det er her moreneavsetningar, som kan brukast til strøsand, asfalttilslag og tetningsmasse. Det er også ein del ur med stein som kan knusast til ulike fraksjonar. Uttaket inkluderer også fjell til sprenging og vidareforedling. Arealet til uttak vil vere ca. 50 daa. Uttaksmengda vil bli under 2 mill. m3. Intensjonen er å opprette eit varig industriområde, der knusing og annan foredling vil kunne føregå permanent. Området skal også kunne brukast som tipp av steinmasser frå vegbygging o.l. Lagra steinmassar vil kunne foredlast over lang tid. Også asfalt frå vegsanering skal kunne mellomlagrast og førebuast for gjenbruk. Asfalt- eller betongverk skal kunne etablerast. I samband med industriverksemd vil det vere naudsynt med kontor- og lagerbygg. I tillegg skal det vere mogleg å etablere brakkeriggar til overnatting for anleggsarbeidarar. Inntil Kjelaåi skal det etablerast ei kantsone, der inngrep ikkje skal skje. Kantsona skal samstundes fungere som visuell skjerm mot innsyn. Førebels tilkomst vil vere i den eksisterande, køyrbare terskelen heilt vest i planområdet. Ein må gjennom planprosessen finne ei optimal permanent avkøyring frå E 134 med ei akseptabel heilårs elvekrysning. Planprosessen skal vurdere høvet til å bygge ein permanent køyreveg mellom Haukeli KV og aktivitetsområdet lengst vest i planområdet. 2.2 Framdrift Tiltakshavar ønskjer ei framdrift som skissert nedanfor: Febmar 15 Oppstartsmelding, høyring PPG, innspel Analyser, skisser Vedtak planprogrammet Konsept, planutkast Utgreiingar Aprmai 15 JunJul 15 AugSep 15 OktDes nov 15-jan 15 16 av Førstegangs sakshandsaming Høyring Slutthandsaming 2656 Plankontoret Hallvard Homme AS 4 Per Kåre Kvålen Detaljreguleringsplan Holldalen massetak og industriområde Høyringsutkast til planprogram 2.3 Medverknad Tiltakshavar har vore i førehandskonferanse med Vinje kommune. Ut over vanlege varslingsog høyringsrutinar pålagt av PBL vil det ikkje vere naudsynt med breiare deltaking i planlegginga. Sentrale spørsmål i planforslaget vil vere gjenstand for politisk debatt, som vil pågå i dei politiske organ frå innlevering av planforslaget og fram til sluttbehandling. I tillegg er ein førebudd til ein dialog med statlege og regionale mynde om relevante tema. 2.4 Nasjonale og regionale rammeverk Nasjonale føringar for planarbeidet består av: Plan- og bygningsloven, 2008 Forskrift om konsekvensutgreiing, 2009 Naturmangfoldloven, 2009 Nasjonale forventninger til regional- og kommunal planlegging, 2011 Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i komunane (2009) Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging, 1993 Rikspolitisk retningslinje for å styrke barn og unges interesse i planlegging, 1995 Regionale føringar for planarbeidet består av: Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiene og Setesdal Austhei («Heiplanen»), vedteke i Telemark fylkesting 24.04.2012 Kommunale føringar for planarbeidet består av: Kommuneplanens arealdel, vedteke 01.09.2011 Kommunedelplan for Haukeli/Edland, vedteke 01.12.1993 2656 Plankontoret Hallvard Homme AS 5 Per Kåre Kvålen Detaljreguleringsplan Holldalen massetak og industriområde Høyringsutkast til planprogram 3 Konsekvensar til utgreiing Utdrag av referatet frå førehandskonferansen: - - Det er lite bebyggelse i området og ellers lite konfliktfylt med tanke på beliggenhet og støy. Det skal utarbeidast eit planprogram med konsekvensutgreiing jf pbl §12-3, 3.ledd som bør dekke tilhøvet til: støy, ROS, kulturminne, landskap, naturmangfold, biologisk mangfold, skog, friluftsliv, vilt, forholdet til høgfartsbanen, høgde på skjering, synleghet frå vegen i forhold til skog i forkant av uttaket, vurdering av etterspørsel av dei aktuelle massane og kor mange tilsvarande uttak det finnast i området. Støyanalysa bør dekkje den nærmaste bebyggelsen, vurdere behov for støyvollar. Ut over generelle, planfaglige vurderingar samt generelle vurderingar av barn/unge, funksjonshemma og eldre sine interesse og generell ROS-analyse, vurderast følgjande utgreiingstema til å vere særskilt viktige i planarbeidet: Støy Landskap, inkludert høgder på skjeringar og synbarleik frå E 134 Naturmangfald Skogsproduksjon Friluftsliv Vilt Tilhøve til høgfartsbane Vurdering av etterspørsel kontra leveringsevne til eksisterande uttak i nærområdet 3.1 Støy Støyvurdering gjennomførast av fagkyndig støykonsulent i samsvar med rettleiar T1442/2012. 3.2 Landskap Det lagast eit analysekart over landskapselement i og inntil planområdet, samt ein skriftleg omtale. Verknader som tiltaket vil ha på landskapstilhøva blir omtalt i skriftleg analyse. 3.3 Naturmangfald Det gjennomførast vurdering av naturmangfald i samsvar med rettleiar T-1514/2012. Registrering av arter gjennomførast juni-august. 3.4 Skogsproduksjon Bonitet og drivbarheit vurderast ut frå tilgjengeleg kartinformasjon og vurdering i felten. Det lagast skriftleg vurdering, evt. supplert med kartskisser. 3.5 Friluftsliv Eksisterande friluftslivområde (stiar, badeplassar, aktivitetsområde) i nærområdet lokaliserast på temakart og vurderast i høve til sjenanse av tiltak i planområdet. 2656 Plankontoret Hallvard Homme AS 6 Per Kåre Kvålen Detaljreguleringsplan Holldalen massetak og industriområde Høyringsutkast til planprogram 3.6 Vilt Påverknaden av viltbestanden vurderast i samarbeid med Haukeli jeger og fisk og kommunens viltforvaltning. 3.7 Tilhøve til høgfartsbane Haukelibana teiknast inn på eige temakart. Det gjennomførast skriftleg vurdering av konsekvensane av verksemda i planområdet. 3.8 Vurdering av etterspørsel / tilbod Kjend verksemd med trong for aktuelle massar listast opp og trongen den næraste framtida (ca. 10 år) estimerast. Regulerte massetak listast opp på same måten og massetaka sin leveringsevne estimerast. Vinje, den 02. februar 2015 For Plankontoret Hallvard Homme AS Alexander Stettin Landskapsarkitekt M.N.L.A. 2656 Plankontoret Hallvard Homme AS 7 Per Kåre Kvålen
© Copyright 2024