Levande stein : kortare prosa og ei hymne

© Det Norske Samlaget 2015
www.samlaget.no
Omslag: Stian Hole
Tilrettelagd for eBok av
BookPartnerMedia, København 2015
ISBN 978-82-521-8843-1
Om denne boka
Det siste tiåret har Jon Fosse skrive nokre få kortare
prosatekstar, prenta ulike stader. I Levande stein vert
desse tekstane samla i ei bok, saman med hymna «Heilt
utan ord». Den nyaste teksten, «Drøymt i stein», har også
vorte publisert i det verdskjende engelskspråklege
litterære magasinet Granta.
Jon Fosse
LEVANDE STEIN
Kortare prosa
og ei hymne
Oslo 2015
INNHALD
Aasen, Welhaven, Hauge
Drøymt i stein
Heimkome
Eit noko
Bølgjer av stein
Heilt utan ord
Kortare prosa
AASEN, WELHAVEN, HAUGE
Eg tenkjer på Ivar Aasen, av ein eller annan grunn,
kanskje fordi han for ikkje altfor mange år sidan budde
slik til at han kunne sjå bort til huset der eg sjølv no lever
som holebuar, og eg har Aasen mistenkt for å ha vore litt
av ein einstøing og holebuar sjølv, endå om andre påstår
anna, og det eg kjem til å tenkja på, er eit sitat av Aasen
frå diktet «Vit og Tru», på kor mykje vit og visdom det er
i dei orda som nok mange av oss går og hugsar kvar enn
vi går:
Vesle Vitet det rekk ikkje til.
Ei Tru må stydja uppunder.
Vitet strekkjer seg så langt det rekk, men ein stad når det
si grense. Og som Ludvig Wittgenstein sa, så kjem vi oss
aldri ut or språket. Eller språket er grensa for vår verd,
som Martin Heidegger skreiv.
Ivar Aasen hadde forstand og vit på språk, og difor òg
på kvar språket, og vitet, måtte gje opp. Språk, og dimed
tenking, er uløyseleg bunde til dualitetar, motsetnader,
og samstundes er det der den dualistiske tenkinga ikkje
lenger gjev meining at tru må koma i hennar stad. Og tru
kan strekkja seg frå den mest vaklande øygning og til
den sikraste innsikt, til gnosis. Og nettopp difor trengst
diktinga:
Hvad ei med Ord kan nævnes
i det rigeste Sprog,
det uudsigelige
skal Digtet røbe dog.
Dette verset frå «Digtets Aand» av Welhaven kalla Olav
H. Hauge for den beste poetikk skriven på norsk. Eg kan
ikkje anna enn å seia meg samd med Hauge. For språket,
som dikting, skal seia det språket ikkje kan seia, men som
trua øygnar eller veit. Også difor var og er språket, vårt
språk, det språk vi kan i hjarta, staden der vi kan nå både
vit og tru. Og eg kjem i hug noko anna Hauge sa:
kunsten «skal tena religionen». Eg skjønar godt kva
Hauge meinte, og eg er samd.
Og så dukkar eit anna sitat frå Ivar Aasen opp i tanken,
denne gongen frå «Dei gamle Fjelli»:
Dei gamle Fjell i Syningom
er alltid eins aa sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa.
Og eg tenkjer som alltid at ein gong var ikkje dei kjende
og kjære fjella mine der, anten dei eg såg og såg på då eg
voks opp i Strandebarm, eller dei eg no ser og ser på når
eg er i hytta mi ved Sognesjøen. Ein gong var ikkje dei
fjella der. Og ein gong skal også dei bli borte. Og eg
tenkjer med Meister Eckhart at alt det skapte har noko av
Gud i seg, og samstundes er det eit ingenting. Slik Gud
òg, tenkjer eg, samstundes er alt som er òg eit ingenting.
[2013]