"Årets lokale klimatiltak 2015"

Elektrifisering av transport
i Hordaland – Heilskapleg plan
og innsats
Søknad til kåringa Årets lokale klimatiltak 2015
0
Elektrifisering av transport i Hordaland – Heilskapleg plan og innsats
Innleiing
Hordaland fylkeskommune har ein heilskapleg og gjennomtenkt plan for elektrifisering av transport i Hordaland.
Vi har på fleire område vore eit fyrtårn for andre fylkeskommunar og kommunar. Vi har initiert samarbeid og
tiltak på tvers av fylkesgrenser og delt kompetanse med mange på førespurnad og gjennom føredrag. I høve til
kriteria for kåringa, tenkjer vi at tiltaket er ein god kandidat til Årets lokale klimatiltak 2015.
Formålet med prosjektet
Hordaland fylkeskommune vedtok fyrste klimaplan i 2010 og revidert klimaplan 2014 – 2030 i 2014. Planen har
seks temaområde og eit av dei er areal og transport. Målet for transport er at klimagassutslepp frå vegtrafikk i
Hordaland skal reduserast med 20 % innan 2020 og 30% innan 2030 i høve til 1991. Samla klimagassutslepp
frå mobile kjelder skal i 2030 vere 30 % lågare enn i 1991, dette gjeld også for Hordaland fylkeskommune.
Skildring av prosjektet
For å realisere målet om reduserte transportutslepp har klimaplanen fire strategiar. Hovudtiltaket i strategi D –
«Overgang til transportmidlar med lågare eller null utslepp» er elektrifisering av transport i Hordaland. For å
realisere tiltaket på ein kostnadseffektiv måte har vi kome opp med ein plan med to pillarar:
-
Ein satsar mest midlar og arbeidsinnsats der teknologien er moden, klår for utrulling.
I tillegg bidreg vi til teknologiutvikling på det eine området der Hordaland kan bidra nasjonalt og globalt.
Det er i den maritime sektor, der Noreg har ein verdsleiande maritim klynge med sentrum i Hordaland.
Tiltakspakka omfattar følgjande tiltak som er sett i gang og oppfyller krava til konkurranseutlysinga frå Zero:
Tiltak
Heimel, ansvarleg
Status
Bybane til alle bydelar
Bystyrevedtak og fylkestingsvedtak, Hordaland fylkeskommune.
I drift frå sentrum til Lagunen, under bygging frå
Lagunen til Flesland, under prosjektering frå Haukeland sjukehus til Oasen i Fyllingsdalen og traseen til Åsane er under politisk handsaming.
Behalde trolleybusslina og utgreie utviding
Kollektivstrategi for Hordaland,
Skyss
Under gjennomføring. Fase 1 av 3 er gjennomført.
Neste fasar er moglege når kontrakt går ut i 2020.
Infrastruktur for elbilar
Klimaplan for Hordaland, Klimaog naturressursseksjonen
Grunnleggjande infrastruktur ferdig utbygd. Kontinuerleg utviding pågår. Hordaland har gått frå å
vere elbil «u-land» i 2010 til fremst i landet i 2014.
Intern miljøstyringsplan 2015,
Klima- og naturressursseksjonen.
29 av 40 fossilbilar fasast ut i 2015. Plan om anskaffing av ladbare hybridbilar eller hydrogenbilar i
2016 er oppe til vurdering og vedtak 28.9.2015.
Landstraum i Bergen
hamn
Styrevedtak i Bergen og omegn
havnevesen (BOH), BOH
Landstraumanlegg for offshore skip i drift. Intensjonsplan om vidare elektrifisering av hamna.
Bergensbanen 4 timer
Vedtak i fylkesutvalet om å finansiere Forum nye Bergensbanen, Jernbaneverket.
Har nådd fram overfor nasjonale styresmakter.
Fase 1 dobbeltspor Bergen – Arna er under bygging og prosjektering av Ringeriksbanen er i gang.
Elbil tenestekøyring,
elbil tenestebilar og
elsyklar for utfasing
av fossil bilbruk
For å få fram heilskapen i tiltaket synar vi også tiltak under førebuing, som difor ikkje oppfyller krava i kåringa.
Tiltak
Heimel, ansvarleg
Status
Hydrogenfyllestasjon
og hydrogenbilar
Klimaplan for Hordaland. Klimaog naturressursseksjonen.
Planlagt. Avslag på støtte frå Transnova i 2014.
Ny søknad til Enova inkludert anskaffing av minimum 20 hydrogenbilar i Bergen under førebuing.
Pilotprosjekt med
elektrisk snøggbåt
Vedtak i fylkesutvalet om elektrifisering av snøggbåten «Beinvegen» Askøy – Bergen, Skyss.
Planlagt og vedteke men ikkje gjennomført pga. at
ein diverre må vente på avgjerd i kommuneplanreguleringa av Kleppestø sentrum før anbod på
infrastruktur på land og båten kan lysast ut.
1
Null- og lågutsleppsferjer
Vedtak i fylkesutvalet om å velje
miljømodellen ved nye anbod,
Skyss.
Under førebuing. Omfattande innsats i gang for å
skaffe naudsynt nasjonal medfinansiering for å
kunne gjennomføre tiltaket i størst mogleg skala.
Skildring av dei ulike elementa i tiltaket
Bybane til alle bydelar i Bergen
Bakgrunn, status, organisering og finansiering
Bybanen i Bergen vart vedteken av bystyret i 2000 og i 2005 kom finansieringa på plass som del av Nasjonal
transportplan. Første strekninga frå sentrum til Nesttun vart sett i drift i juni 2010 og strekninga vidare til Lagunen i 2013. Hordaland fylkeskommune har hatt styringa med heile prosjektet frå opninga i 2010. Siste del av
line 1 mot sør til Flesland er under bygging og vert ferdig i 2016. Bybana vann i 2011 prisen som «Worldwide
Project of the Year» av Light Rail Transit Association i London.
Bybanen utbygging er ei avdeling i fylkeskommunen med ansvar for vidare utbygging av bybanen til alle bydelar. Dvs. line 1 til Flesland og ny line frå Haukeland sjukehus mot vest til Fyllingsdalen og nord til Åsane. Mot
aust er skinnegåande elektrisk transport ivareteke av Bergensbanen til Arna og vidare. Finansiering av utbygginga av bybanen skjer gjennom bompengeavgifter, lokale offentlege midlar og avtale om belønningsmidlar til
betre kollektivtransport og mindre bilbruk inngått i 2011 mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune
og Samferdselsdepartementet for perioden 2011 – 2014, samt vidareføring gjennom ny bymiljøavtale.
Resultat, formidling og tyding for andre kommunar eller fylkeskommunar
Bybanen har vore ein suksess frå fyrste dag. Kapasiteten må no utvidast med lengre og fleire vogner som kan
gi hyppigare avgangar. I 2014 vart det gjennomsnittleg transportert 25 800 passasjerar dagleg, og dette erstattar omlag 100 dieselbussar. Bybanen i Bergen har gitt viktige impulsar til diskusjonen om transportløysingar i
både Trondheim og Stavanger.
Utviding av tilbodet og forlenging av trolleybusslina
Bakgrunn, organisering og finansiering
Trolleybussen i Bergen vart sett i drift i 1950 og hadde to liner, men berre ei line er intakt i dag. Dette er den
einaste trolleybusslina i Noreg. Så seint som i 2012 var trolleybussen nedleggingstrua. I staden vart trolleybuss
løfta fram som eit satsingsområde i Miljøstrategi for Skyss i februar 2014.
Det er vedteke ei vidare satsing på trolleybussdrifta i Bergen. Fylkeskommunen har gjennomført fase 1 og
overtok infrastrukturen for trolleybussane frå juni 2015. Trolleybussane har i samband med dette fått ei oppgradering. Eventuelt kjøp av nye trolleybussar og hyppigare avgangar (Fase 2) vil bli sett i samanheng med nytt
anbod for bussruter i Bergen sentrum, der dagens kontrakt går ut i 2020. Vidare skal det utgeiast mogleg forlenging av trolleybusslinja mot sør med rundline til Sædalen, Nesttun og Paradis og utviding av lina mot vest til
Fyllingsdalen (fase 3). Samtidig med dette vil ein sjå på mogleik for å få finansiering av forskings- og utviklingsprosjekt knytt til batteridrift som mogleg alternativ eller tillegg til kontaktleiing på nye strekningar. Finansiering er
elles på same måte som for bybanen, unnateke bruk av midlar frå bompengeringen.
Resultat, formidling og tyding for andre kommunar eller fylkeskommunar
Det har vore mange avisoppslag om trolleybussen. Sidan prosessen ikkje har kome so langt at tilbodet er utvida, har ein førebels ikkje erstatta dieselbussar med trolleybussar. Men trolley leddbussar erstattar dieselbussar
i forholdet 1:1. Trolleybuss gir ein rimelegare elektrifisering enn bybane. Ein fornya satsing i Bergen kan difor
kanskje bli til inspirasjon for andre større byar.
Infrastruktur for elbilar i Hordaland
Bakgrunn, organisering og finansiering
Delmålet i klimaplanen for lette kjøretøy er at innan 2020 skal minst 20 % av alle lette køyretøy vere ladbare
motorvogner. Resterande skal i størst mogleg grad gå på ikkje-fossile drivstoff. For å realisere dette såg fylkeskommunen at ladeinfrastruktur var den faktoren ein kunne påverke for å fremje elektrifisering av lette køyretøy,
som står for ¾ av utsleppa frå vegtransporten i Hordaland. Hovudfokus har vore på utbygging av hurtigladestasjonar slik at elbilar kan køyre i heile Hordaland, berre med omlag 15 minutt ladestopp for kvar time køyring.
2
Tiltaket er organisert som offentleg-privat samarbeid. Hordaland fylkeskommune er pådrivar, planleggjar og
koordinator. Lokale kraftselskap byggjer og eig hurtigladestasjonane. Kommunar, grunneigarar og lokalt næringsliv bidreg med tomt, eigeninnsats og/eller midlar. Medan nokre lokale kraftselskap driftar stasjonane sjølv,
har andre inngått avtale med Grønn kontakt. Stønad frå Transnova har vore viktig. Ved nei på søknad til
Transnova har fleire hurtigladestasjonar jamvel blitt finansiert og bygd med fylkeskommunale og lokale midlar.
Investering i infrastruktur for elbilar 2010 – 2015 der fylkeskommunen deltok.
Hurtiglading
Normallading
Sum
Total
kostnad
Hordaland
fylkeskommune
Transnova
Kraftselskap
Kommunar
og burettslag/sameige
27 678 000
4 990 000
32 668 000
8 834 000
1 970 000
10 804 000
8 850 000
2 300 000
11 150 000
5 355 000
5 355 000
4 639 000
720 000
5 359 000
Resultat, formidling og tyding for andre kommunar eller fylkeskommunar






Inklusiv 2015 er investeringa på til saman 32,7 mill. kroner, av dette omlag 1/3 frå fylkeskommunen.
Med fylkeskommunal medverknad er det bygd 160 normalladeutak med hushaldskontakt (2010), 19 multistandard hurtigladestasjonar (2011 – 2015), 125 normalladeuttak type 2 (2014). I tillegg er 7 nye multistandard hurtigladestasjonar i kommunesentra finansiert i 2015 utan statlege midlar og kjem i drift 2016.
Grønt energipunkt Danmarks plass opna i januar 2015 og var då den største universelle hurtigladestasjonen i verda (4xCCS, 6xChademo og 4x22kW AC) og kosta 9 mill.. I tillegg er infrastrukturen klår for å montere ytterlegare 7 hurtigladarar og bygging av ein hydrogenfyllestasjon med lokal produksjon av hydrogen.
I 2010 var det i Hordaland 270 elbilar. 31.8.2015 var det 10 747 ladbare bilar, av dette 9 978 elbilar.
Hordaland fylke gjekk i 2014 forbi Oslo i elbiltettleik og 31.8.2015 var 4,3 % av bilbestanden elbilar.
I fyrste halvår 2015 utgjorde elbilar 30 % av nybilsalet i Hordaland. Det er den høgaste delen i landet og
sakte nærmar ein seg elbiltettleiken i Akershus.
 Vi vel å tru at denne framgangen heng saman med den systematiske utbygginga av infrastruktur for elbilar.
Frå 2012 hadde Bergen den mest nytta hurtigladestasjon i Noreg ved Rema 1000 på Fjøsanger. Denne ladestasjonen har synt næringslivet (til dømes Kiwi og McDonalds) kor nyttig hurtiglading kan vere som tilleggsteneste for butikkar og andre.
Vi har også teke initiativ til utstrakt samarbeid på tvers av fylkesgrensene:





Vedtak i Vestlandsrådet 2011 om «El 39» på initiativ frå Hordaland fylkeskommune. Dette førte til utbygging og kompetanseheving i fylkeskommunane nordover langs hovudvegen E 39 på Vestlandet.
Gjennom oppmoding til Hallingdal kraftnett i 2011 oppnådde vi at dei bygde hurtigladestasjonar på Flå og
Geilo, slik at Rv 7 Hardangervidda som fyrste elbilveg mellom Bergen og Oslo var køyrbar i 2013.
Gjennom fylkeskommunalt klimanettverk har vi spreia tiltaket elbilinfrastruktur vidare til andre fylkeskommunar, mellom anna Telemark, Sør-Trøndelag og Nordland fylkeskommunar.
Gjennom tilbod om å byggje hurtigladestasjon i Røldal om Vinje kommune og Telemark fylkeskommune
fekk bygd hurtigladestasjonar i Telemark langs resten av E 134 Røldal – Kongsberg, vart det finansiert og
organisert søknader til Transnova frå Hordaland fylkeskommune og Grønn Kontakt for heile strekninga.
Stasjonen i Røldal er bygd og i drift sjølv om Transnova ikkje gav stønad til alle stasjonane langs E134.
Det er for tida kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune for å dele kompetanse og medverke til bygging av hurtigladestasjon i Lærdal, slik at også E 16/Rv 52 Hemsedalsfjellet vert køyrbar for elbilar.
Elbil tenestekøyring, elbil tenestebilar og elsyklar for utfasing av fossil bilbruk
Bakgrunn, organisering og finansiering



Det er 2010 – 2015 bygd 37 normalladestasjonar for elbilar ved Fylkeshuset og ytterlegare 9 er reservert
utan lading. Frå januar 2012 har det vore gratis parkering for elbilar mot 1 000 kr/mnd for fossilbilar. Dette
har bidrege til at omlag kvar 14. dag har ein av dei 530 tilsette ved Fylkeshuset kjøpt elbil.
I 2014 vart det kjøpt to elsykkel tenestesyklar som er mykje i bruk. I 2015 har ein delteke i prosjektet Provekjore.no (prøve elsykkel i ei veke). I november 2015 kjem det fire elbil tenestebilar ved Fylkeshuset.
Det er bygd hurtigladestasjonar i eit gjennomtenkt og planlagt nett i heile fylket. Dette har gjort at i 2015
kan våre vidaregåande skular i heile fylket byte ut minst 16 fossilbilar med elbilar finansiert gjennom 5 mill. i
investeringsbudsjettet og inntekter frå sal av dei gamle fossilbilane. Det kom i stand som tiltak i plan for intern miljøstyring i 2015, som er ein del av Miljøfyrtårn sertifiseringa av Hordaland fylkeskommune. Som
bakgrunn for vedtaket i toppleiargruppa fekk Klima- og naturressursseksjonen Zero til å utarbeide eit notat
om elbilar som sparetiltak i kommunar. Dette notatet var avgjerande for at toppleiargruppa sa ja til tiltaket.
3

I plan for intern miljøstyring for 2016, som skal opp til handsaming i toppleiargruppa 29.9.2015, er det framlegg om ytterlegare 1,1 mill. til kjøp av ladbare hybridbilar eller hydrogenbilar for å starte å fase ut fossilbil
tenestebilar også der batteri elbilar framleis ikkje er god nok teknologi.
Resultat, formidling og tyding for andre kommunar eller fylkeskommunar
Ein ventar omlag en tredel reduksjon i utslepp frå eigne køyretøy. Grunnen til at det ikkje vert meir er at fylkeskommunen også har 57 minibussar og at Os vgs. har landsline for tyngre køyretøy (hjullastarar mv.) I tillegg
vert CO2-uslepp også redusert ved at ein stadig større del av tenestekøyringa med privatbil skjer med elbil.
Notatet til Zero om elbil som sparetiltak i kommunar er spreia til alle kommunar i Hordaland og gjennom fylkeskommunalt klimanettverk til alle fylkeskommunar i landet med oppmoding om å sende det vidare til alle kommunane i fylket. Fleire kommunar har i ettertid teke kontakt for å få delt kompetanse på området.
Landstraum i Bergen hamn
Bakgrunn, organisering og finansiering
Hordaland fylkeskommune var initiativtakar og lead partner for EU-prosjektet Clean North Sea Shipping. Det
starta i 2010 med eit budsjett på 4,13 mill. euro og vart avslutta i mars 2014. Ei av tilrådingane frå prosjektet
var landstraum i hamnene. Pilotprosjektet i Bergen og omland havnevesen med landstraum for offshorefartøy
vart vedteke i oktober 2014. Den fyrste «stikkontakten» kosta 7,5 mill. Prosjektet er finansiert av Bergen kommune (2 mill.), Hordaland fylkeskommune (1,5 mill.) og Enova (1,9 mill.) og resten betalar havnevesenet. I juni
2015 kunne DOF-skipet Skandi Vega kople seg på som fyrste kunde.
Resultat, formidling og tyding for andre kommunar eller fylkeskommunar
Offshorefartøy står for 35 % av utsleppa av helseskadelege nitrogenoksider (NOx) i hamna. Pilotprosjektet er
meint som starten på ei elektrifisering av heile hamna. Fleire nyhende er publisert i ulike media om saka. Etterkvart som fleire skip vert bygd om til landstraum vert det lettare for andre hamner å følgje etter.
Bergensbanen 4 timar
Bakgrunn, organisering og finansiering
Forum Nye Bergensbanen er ein interesseorganisasjon som omfattar kommunar og fylkeskommunar langs
Bergensbanen unnateke Oslo. Hovudmålet er at Bergensbanen skal bli landets fyrste høgfarts jernbanestrekning (200-250 km/t). Delmåla er Bergen-Oslo på 4 timar, at det skal vere det viktigaste transportmiddelet i korridoren og at all vekst i godstrafikken på strekninga skal takast av bana. Hordaland fylkeskommune finansierer
ei stilling som prosjektleiar for Forum Nye Bergensbanen som driv med lobbyverksemd, initierer utgreiing, mv..
Resultat, formidling og tyding for andre kommunar eller fylkeskommunar
Ein har nådd fram overfor nasjonale styresmakter slik at det fyrste tiltaket er i gang. Det er dobbeltspor Bergen
– Arna, som er den mest trafikkerte jernbanestrekninga i Europa med eitt spor. Ringeriksbanen er vedteke og
under prosjektering og vil korte inn reisetida med ein time. Vidare tiltak for å få reisetida ned i 4 timar er ny trasé og dobbeltspor Arna – Voss. Tilrådinga er felles utbygging av veg og bane på strekninga. Dette vil korte inn
reisetida med tog med 38 minutt. Ytterlegare identifiserte tiltak på strekninga Voss – Hønefoss vil gi 45 minutt
kortare reisetid, og då er Bergensbanen 4 timar ein realitet. I 2024 kan Ringeriksbanen vere ferdig og i 2030
kan ein moderne høgfarts jernbane mellom Oslo og Bergen vere ein realitet til nytte langs heile strekninga.
Konklusjon
Hordaland fylkeskommune har ein heilskapleg og gjennomtenkt plan for elektrifisering av transporten i Hordaland. Arbeidet med bybane og infrastruktur for elbilar har vore fyrtårn og inspirasjon for andre kommunar og
fylkeskommunar, og vi har delt kompetanse med mange av dei. Investeringane i infrastruktur vert målretta følgt
opp med innsats i år retta mot eiga verksemd og tilrettelegging for eigne tilsette. Om talet på elbilar fortsett å
auke med same mengd som hittil i 2015, vil elbilar i bilbestanden bli 16 % i 2020, ikkje langt frå måltalet 20 %.
I høve til kriteria for kåringa, tenkjer vi at vårt tiltak Elektrifisering av transporten i Hordaland er ein god kandidat
til Årets lokale klimatiltak 2015.
4
Vedlegg
Bilete av tiltak i den heilskaplege planen
for elektrifisering av transport i Hordaland
Bybanen i Bergen
Trolleybussen i Bergen
Elbilparkeringa i Fylkeshuset
der det kjem elbil tenestebilar
Norheimsund hurtigladestasjon
Landstraum i Bergen hamn
Bergensbanen 4 timer
5
6
Hordaland fylkeskommune har ­ansvar for å
utvikle hordalands­samfunnet. Vi gir ­vidaregåande
opplæring, tannhelse­tenester og kollektivtransport
til ­inn­byggjarane i fylket. Vi har ­ansvar for
vegsamband og legg til rette for verdi­skaping,
nærings­utvikling, fritid­s­opplevingar og kultur.
Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi
ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida
i ­Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i
fylkeskommunen.
Agnes Mowinckels gt 5
Postboks 7900
N-5020 BERGEN
Telefon: 55 23 90 00
www.hordaland.no
September 2015