Hotel Union er eit førsteklasses, familiedrive hotell, med hotell- og mattradisjonar heilt tilbake til 1891. Hotel Union har 2 restaurantar, kafé, barar, vinkjellar og fleire utdanna vinkelnerar. Hotellet ligg midt i Geiranger og den vakre verdsarvnaturen. Vi har 360 senger i 197 rom og suitar, og moderne spa-avdeling på 1500 m2. Hotel Union er anerkjent vertskap for kurs og konferansar. Ledig stilling som kokk Som vår nye kokk arbeider du i tråd med Union sin stolte matfilosofi, i eit team av glade og dyktige medarbeidarar. Oppgåva di vil vere å førebu og å lage smakfull kvalitets- og lokalmat og gi gode matopplevingar til våre gjester. VÅRE KRAV TIL DEG – Kokk med fagbrev og unik interesse for faget – Erfaring med kalkyler og økonomistyring – Gode engelsk-kunnskapar VI TILBYR Marknadsbasert løn etter avtale og konkurransedyktige vilkår. Hotellet er underlagt tariffavtale. Vi ordnar bustad om ynskjeleg. Husleige og bustandard etter avtale. Gode muligheiter for karriereutvikling. SØKNAD OG OPPSTART Send skriftleg søknad til [email protected]. Oppstart mai eller etter avtale. For meir informasjon ta kontakt med Anne Giskemo eller Sindre Mjelva på 70 26 83 00. Les meir om hotellet på hotelunion.no og facebook.com/hotelunion God mat er tradisjon på Hotel Union.
© Copyright 2024