Samla saksframstilling_godkjentplan

Side 1
SAMLA SAKSFRAMSTILLING
Arkivsak: 11/949-2091/15
Saksbeh.:
Arkivkode:
Saksnr.:
13/15
5/15
Utval
Formannskap/ plan og økonomi
Kommunestyret
Kjersti Næss Finne
PLAN soneinndeling
Møtedato
29.01.2015
05.02.2015
SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN FOR NY GONDOL TIL
HANGUREN, PLANID 2011005 - GODKJENNING AV PLAN
Administrasjonen si innstilling:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat
detaljreguleringsplan for gondol Voss, planid 2011005, slik det går fram av plankart og
planomtale med føresegner sist revidert 16.01.15, signert Asplan Viak AS.
Formannskap/ plan og økonomi den 29.01.2015 sak 13/15
Behandling i møte:
Administrasjonen si innstilling vart samrøystes tilrådd.
Tilråding:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat
detaljreguleringsplan for gondol Voss, planid 2011005, slik det går fram av plankart og
planomtale med føresegner sist revidert 16.01.15, signert Asplan Viak AS.
Saksordførar: Sigbjørn Hauge
Kommunestyret den 05.02.2015 sak 5/15
Behandling i møte:
Møtet kjende repr. M. Wæhle utgild (jfr.Fvl § 6. b)).
Repr Sigbjørn Hauge la fram saka på vegne av utval for formannskap/plan og økonomi.
Repr. T. Gunnarson kom med slikt tilleggsframlegg:
3. Kommunestyret ber administrasjonen vurdera korleis kommunen kan bistå bustadeigarane
under/ved gondolbanen i den vidare prosessen med konsesjonsbehandling og/eller krav om
innløysing, kompensasjon m.v..
Revidert fellesframlegg
Kommunestyret ber administrasjonen vurdera korleis kommunen kan bistå bustadeigarane
under/ved gondolbanen i den vidare prosessen med konsesjonsbehandling
Røysting:
Framlegget frå repr. T. Gunnarson fall med 35 mot 7 røyster.
Revidert felleframlegg vart samrøystes vedteke.
Side 2
Utval for formannskap/plan og økonomi si tilråding vart vedteken med 38 mot 4 røyster
Vedtak:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Kommunestyret privat
detaljreguleringsplan for gondol Voss, planid 2011005, slik det går fram av plankart og
planomtale med føresegner sist revidert 16.01.15, signert Asplan Viak AS.
Kommunestyret ber administrasjonen vurdera korleis kommunen kan bistå bustadeigarane
under/ved gondolbanen i den vidare prosessen med konsesjonsbehandling
Administrasjonen si utgreiing:
2. DOKUMENT SOM BAKGRUNN FOR SAKA:
Dokument merka med * er vedlegg i saka.
* Planomtale, føresegner og plankart, 16.01.15, Asplan Viak AS
* Illustrasjonsplan, 16.01.15
* Terrengsnitt, ZJ001
* Stasjon og gondol på Voss, Nordic Office of Architecture, 13.01.15
* 3D-materiell og illustrasjonar
* Innspel offentleg ettersyn;
Arbeidsgruppa for grunneigarar under og ved ny
Kristin Pettersen Rørvik, 19.10. 14
gondolbane v/Inge Rørvik, 20.10.14
Tor Amund Gjersvik Vangsgata, 19.10. 14
Voss folkemuseum, 17.10. 14
Fylkesmannen i Hordaland, 2.10. 14
ROM Eigedom AS, 10.10. 14
Hordaland fylkeskommune, 21.10. 14 og 6.11.14
NVE, 4.11. 14
Jernbaneverket, 24.11. 14
Voss Ungdomsråd, 30.10. 14
Voss MTB-Klubb v/Pernille Olafsen, 5.8. 14
*Ny avgrensa høyring, 19.11.14, Voss kommune
* Notat: Utviding av planområde. Etablering av høgdebasseng, Asplan Viak AS, 17.11.14
* Innspel ny avgrensa høyring;
Voss Utferdslag, 6.1.15
Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd, 6.1.15
Voss naturvernlag, 07.01.15
NVE, 7.1.15
Hordaland fylkeskommune, 7.1.15
Opplysningsvesenets fond, 19.1.15
* Oppsummering av merknader etter offentleg ettersyn, Asplan Viak AS, 16.01.15
ROS-analyse, 27.06.14, Asplan Viak
VA-Rammeplan, planlagt VA, 16.01.15, Asplan Viak AS
VA-Rammeplan, nedslagsfelt og flomveier, 16.01.15, Asplan Viak AS
Notat vassforsyning, 27.06.14, Asplan Viak AS
Notat VA-rammeplan, 27.06.14, Asplan Viak AS
Støy frå gondolbane frå Voss stasjon, 18.06.14, Sweco
Voss knutepunkt, vurdering av grunnforhold, 05.07.11, Sweco
Brannteknisk risikovurdering for planlagt taubanetrase, Voss, 21.10.11, Neas Consulting
Skredfarevurdering ny gondolbane til Hangurstoppen, 15.01.13, Cowi AS
Vurderingar av konsekvens for villrein, 15.05.14, Siri Bøthun Naturforvaltning
Kulturminnedokumentasjon og konsekvensutgreiing for kulturminne, gondol Voss, 05.06.14, Asplan Viak AS
Plandokument og vedlegg til saka ligg på Voss kommune si heimeside under kunngjeringar;
http://www.voss.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=405&AId=6168
Har de problem med å opne dokument på heimesida, ta kontakt med planavdelinga på tlf 56519626, eller send e-post til
[email protected]
3. SAMANDRAG AV SAKA:
Privat detaljreguleringsplan for ny gondol til Hanguren har vore ute til offentleg ettersyn. Det
har også vore ei avgrensa tilleggshøyring for planlagt vassforsyningsanlegg på Hanguren. Det
kom 10 innspel til planforslaget i den ordinære høyringsrunden, fire av desse frå offentlege
Side 3
instansar. Eit innspel vart i tillegg ettersendt. Det kom 6 innspel til tilleggsvarslinga, to av
desse frå offentlege instansar.
Planen legg til rette for ny gondolbane som skal frakte turistar/skifolk frå det nye
trafikknutepunktet i sentrum og opp til Hangurstoppen både sommar og vinter. Hangursplatået
skal vidareutviklast med nye kvalitetar og opplevingar, mellom anna restaurant med
heilårsdrift, skileikområde og turløype med utsiktspunkt.
På grunn av meir landskapstilpassa utforming av vassbehandlingsanlegget er planområdet
utvida, og føresegnene er endra i tråd med dette. I tillegg er illustrasjonsprosjektet for nedre
stasjon vidareutvikla og supplert med eit notat om formspråk og materialbruk. Intensjonane i
illustrasjonsprosjektet er tatt med i føresegnene. Føresegnene er i tillegg supplert med eit nytt
punkt om ivaretaking av tryggleik til underliggjande busetnad, samt nokre andre mindre
justeringar.
Asplan Viak AS legg på vegne av tiltakshavar Voss Resort AS reguleringsplanen fram til 2.
gangs handsaming og godkjenning. Administrasjonen rår til at revidert framlegg til privat
detaljreguleringsplan for ny gondol vert godkjent.
4. FAKTA OM SAKA:
Asplan Viak AS har på vegne av tiltakshavar Voss Resort AS utarbeidd privat
detaljreguleringsplan for ny Gondolbane frå stasjonsområdet i sentrum og opp til Hanguren.
Planprosess og medverknad:
• Oppstartsmøte 29.06.11.
• Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram til offentleg ettersyn vart godtkjent i
FPL-sak 09/13 den 07.02.13.
• Kunngjering av oppstart og utlegging av planprogram til offentleg ettersyn vart varsla i
mars 2013, med høyringsfrist 16.05.13.
• Det kom 10 innspel til oppstartsmelding og planprogram.
• Planprogram vart godkjent i sak 72/13 den 19.09.13.
• Det er gjennomført undervegsmøter 10.06.13 og 05.05.14.
• I mai 2014 vart det sendt ut varsel om utvida planområde i fjellsida under Mølsterberget,
til aktuelle grunneigarar. Ingen merknader.
• Vedtak om offentleg ettersyn av planforslaget i FPL 28.08.14
• Høyringsfrist for offentleg ettersyn var 20.10.14
• Ope informasjonsmøte om planforslaget 01.10.14
• Open kontordag 02.10.14
• Det kom inn 10 merknader ved offentleg ettersyn, i tillegg vart eit innspel ettersendt
• Oppfølgjande møte med Hordaland fylkeskommune 6.11.14
• Oppfølgjande møte med berørte huseigarar 11.11.14 og 10.12.14
• Avgrensa høyring/offentleg ettersyn av ny utforming og utvida planområde for
vassforsyningsanlegg, jf FPL-vedtak 28.08.14. Høyringsfrist 07.01.15
• Det kom inn 6 merknader ved ny avgrensa høyring
Om lag 25 personar møtte på det opne informasjonsmøtet om gondolplanen 1. oktober. Dei
fleste som møtte var berørte huseigarar. Dei etterlyste meir konkret informasjon om deira
Side 4
situasjon, og ynskte ei oppfølging frå kommunen. På bakgrunn av dette er det gjennomført 2
møter med representanar frå huseigarane, der ein har prøvd å informere om tilhøve som gjeld
plansaka og kva som må løysast i ein etterfølgjande prosess knytt til konsesjonsbehandling og
privatrettslege tilhøve. Det er lite erfaring med samanliknbare saker. Det vil difor vere
spørsmål knytt til konsesjonshandsaming, taubanelova og ulike privatrettslege tilhøve, som
først vil bli avklart i ein prosess i etterkant av saka som gjeld reguleringsplanen.
Ein person møtte på den opne kontordagen 2. oktober.
Føremål med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å vidareutvikle Hangursplatået, mellom anna med restaurant
med heilårsdrift. Ekspressheisen frå Bavallen og Tråstølheisen har endestasjonar på dette
platået, men området er i dag ikkje tilrettelagt for opphald eller bruk om sommaren. I tillegg
til restaurant, ser ein føre seg å leggje til rette for ulike tilbod både vinter og sommar.
Aktuell gondolbane er dimensjonert for inntil 14 kabinar som kvar tek 35 passasjerar, og som
har maksimal kapasitet på 1500 personar per time ein veg. Dette utgjer 3000 personar per time
ved full utnytting. Med linefart på opp mot 7 meter per sekund vil det ta ca 5 minutt opp til
Hangurstoppen.
Overordna plan
Side 5
Reguleringsplanar
Planområdet vil krysse gjeldande reguleringsplanar for Mølstertunet (planid 78003),
Gullfjordungsvegen (planid 06020) og Vangstunnelen (planid 01006). Reguleringsplan for
gondolbane vil krysse gjeldande planar i nivå over bakken (reguleringsnivå 3).
Planområdet
Planområdet omfattar nedre stasjon på jernbaneperrongen, kabeltrase og øvre stasjon på
Hangurstoppen ca 815 moh. Sjølve kabeltraseen er regulert i luftrommet (nivå 3), med ein
breidde på 25 meter. Med unntak av mastepunkta som er regulert med eigne føremål, er areal
under kabeltraseen, på bakkeplan (nivå 2), regulert til eksisterande føremål. På grunn av
mogleg behov for hogst for sikring mot brann, har arealet i LNF-området ein breidde på 130
meter totalt. I tillegg er det avsett areal for midlertidig anleggstilkomst til mastepunkta. Over
stasjonsområde, busetnad og innmark knytt til museet på Mølster, er traseen totalt på 25
meter. Denne breidda tilsvarar område der det er behov for restriksjonar på byggehøgd under
kabeltraseen, pga brannfare. Det er lagt ei omsynssone under heile kabeltraseen som sikrar
tilstrekkeleg avstand frå kabeltraseen og ned til bebyggelse/konstruksjonar.
I tillegg til stasjonsområda, utgjer tre mastepunkt nye permanente tiltak på bakken.
Eigedomstilhøve
Nedre gondolbanestasjon ligg på Voss stasjon og er registrert med Jernbaneverket som
grunneigar. Øvre gondolbanestasjon ligg på privat eigedom der tiltakshavar har festeavtale
eller anna avtale, noko som også er tilfelle for eksisterande heisar og Hangursbanen. Frå Voss
stasjon til Mølstertunet vil den nye banetraseen passere over etablerte private
bustadeigedomar. Sjølve Mølstertunet er eigd av Voss Folkemuseum, medan innmarka rundt
er privat. I lia ovanfor er det meste av planområdet store utmarksteigar med få grunneigarar.
Oversikt over rapportar som er lagt til grunn for planarbeidet
• Områdeplan Voss knutepunkt med konsekvensutgreiing (vedteken 14.02.13)
• ROS-analyse, 27.06.14, Asplan Viak
• Stasjon og gondol på Voss, Voss knutepunkt, 13.01.15, Nordic Office of Architecture
• VA-Rammeplan, planlagt VA, 16.01.15, Asplan Viak AS
• VA-Rammeplan, nedslagsfelt og flomveier, 16.01.15, Asplan Viak AS
• Notat vassforsyning, 27.06.14, Asplan Viak AS
Side 6
•
•
•
•
•
•
•
•
Notat VA-rammeplan, 27.06.14, Asplan Viak AS
Støy frå gondolbane frå Voss stasjon, 18.06.14, Sweco
Voss knutepunkt, vurdering av grunnforhold, 05.07.11, Sweco
Brannteknisk risikovurdering for planlagt taubanetrase, Voss, 21.10.11, Neas Consulting
Skredfarevurdering ny gondolbane til Hangurstoppen, 15.01.13, Cowi AS
Vurderingar av konsekvens for villrein, 15.05.14, Siri Bøthun Naturforvaltning
Kulturminnedokumentasjon og konsekvensutgreiing for kulturminne, gondol Voss,
05.06.14, Asplan Viak AS
Notat; Utviding av planområde. Etablering av høgdebasseng, 17.11.14, Asplan Viak AS
I tillegg til rapportane omtalt over har Asplan Viak m.fl. utarbeidd ein 3D-modell, terrengsnitt
og anna illustrasjonsmateriell for prosjektet. Det er også gjennomført vurderingar kring
passasjerflyt, avstandskrav til jernbane m.m. i samarbeid med knutepunktprosjektet, som er
lagt til grunn for utfoming av nedre gondolbanestasjon.
Ny avgrensa høyring- vassforsyningsanlegg/høgdebasseng
Ved handsaming av offentleg ettersyn av gondolplanen 28.08.14, vart det tatt med eit punkt 2
i vedtaket:
Meir detaljert informasjon om planlagt vassforsyningsanlegg, og om konsekvensar for
landskap og naturmangfald, skal ettersendast i løpet av høyringsperioden. Det må gis ein
utvida høyringsfrist for dette tiltaket.
I tråd med dette vart det i november 2014 sendt ut eit tilleggsvarsel med meir detaljert
informasjon om prosjektet. Det vart samtidig varsla om utviding av planområdet med ca 32
daa. Bakgrunnen for utvidinga er ønskje om å grave ut eksisterande myrområde, i staden for å
sprenge seg ned i grunnen. På den måten vil ein få ei meir naturlik utforming, der bassenget
vert som eit fjellvatn som tilpassar seg terreng og landskap. Eit eige notat med informasjon
om utviding av planområdet og det planlagde tiltaket ligg vedlagt saka. Ved å grave ut myra
over eit større areal i staden for å sprengje ned i terrenget på eit mindre areal, får ein naturleg,
slakt terreng mot vatnet og ut i strandsona. Det vert ingen nye, bratte skrentar med
sikringsbehov. I notatet er det slått fast at det ikkje er avdekka vesentlege interessekonflikter
av tiltaket i forhold til naturmiljø, kulturmiljø, landskap, friluftsliv eller naturressursar.
Overskotsmassar kan nyttast direkte til avbøtande tiltak i dei områda som det må gjerast tiltak
i, dvs. anleggsveg og tildekking av tersklar. I tillegg kan massane nyttast til utbetring av
Side 7
løypeprofilar i nedfartane til Bavallen. Tiltaket er tatt med i framlegg til reguleringsplankartet
som område avsett til vassforsyningsanlegg, med tilhøyrande føresegner.
Plandokument og innhald i planen
Det ligg føre planomtale, føresegner, plankart, ROS-analyse, VA-rammeplan og
illustrasjonsplan. Det er også utarbeidd illustrasjonsprosjekt som viser nedre gondolstasjon og
plassering i knutepunktet, og illustrasjonsprosjekt for øvre stasjon og området rundt
Hangurstoppen. Det ligg føre terrengsnitt/illustrasjon over banetrase og avstand til bustadhus,
og ein 3D-modell som det er lagt ved utsnitt av som viser kabeltrase i forhold til
underliggjande bebyggelse og nedre stasjon frå ulike utsyn frå Vangen.
Illustrasjonsprosjekta for øvre og nedre stasjon er ikkje juridisk bindande, med dei er vist til
som førande for vidare utbygging i planføresegnene. I tillegg er dei viktigaste intensjonane for
utforming tatt med i føresegnene, jf punkt 2.1.
Det er utarbeidd eit omfattande planmateriell, og samla gir dette ei god oversikt over planlagt
utbygging og viktige problemstillingar. Plankartet er regulert til følgjande føremål;
• Bygningar og anlegg. Dette omfattar bustader(B), institusjon/museum(IN),
skianlegg(SKI), vassforsyningsanlegg(VFA), stasjons- og terminalbygg/ skianlegg(AB1),
stasjons- og terminalbygg/ kontor/næring/kollektivknutepunkt(AB2) og stasjons/terminalbygg/kontor(AB3).
Side 8
•
Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur. Dette omfattar køyreveg (KV), fortau(FT),
gang/sykkelveg(GS), anna veggrunn- tekniske anlegg(AVT), trase for taubane(TAU),
haldeplass/plattform(HP), tekniske bygningar/konstruksjonar(TB), anna banegrunntekniske anlegg(ABT), anna banegrunn-grøntareal(ABG).
•
Landbruk-, natur- og friluftsformål og reindrift, - landbruksføremål(LNF). Det er regulert
inn ei sone bort til eksisterande skogsveg, for å kunne vidareføre denne som anleggsveg i
samband med bygging av mastene.
•
Omsynsoner; midlertidig anlegg- og riggområde(#1, BO91), sone for byggeforbud rundt
bane(H130) og faresone skred (H310).
Rekkefølgjekrav- parkering; det er lagt inn rekkefølgjekrav knytt til parkering for
kontorføremål på nedre stasjon, i tråd med parkeringsnorm fastsett i Områdeplan for Voss
knutepunkt.
I ROS-analysen for planen er det ikkje identifisert potensiell risiko for uakseptable
hendingar/forhold (raud kategori) så lenge planløysing og tiltaka skissert i plan og føresegner
vert følgt opp og gjennomført. Det er avdekka forhold med potensiell risiko (gul kategori)
knytt til naturbasert sårbarheit; sterk vind, store nedbørs- og snømengder, tordenvær,
byggegrunn for mastepunkt 1, og for villrein, knytt til verksemdsbasert sårbarheit;
togbrann/brann i gondolbanestasjon, høgspent, ureining i grunnen, tryggleik/sikring av
gondolvognene og straumstans, og knytt til infrastruktur; lufttransport og jernbane. For alle
desse hendingane er risiko vurdert som akseptabel på grunn av svært låg sannsynlegheit
og/eller konsekvens, eventuelt etter at risikoreduserande tiltak lagt inn i reguleringsplanen.
5. ADMINISTRASJONEN SI VURDERING:
Innspel og merknader
Det kom 10 innspel til planforslaget ved offentleg ettersyn. Fire av desse kom frå offentlege
instansar. I tillegg er det tatt med eit innspel frå Voss MTB-klubb som vart vidaresendt oss frå
Voss Resort i november, og difor ikkje kom med ved offentleg ettersyn. Alle innspel og
merknadsskjema med kommentarar frå Asplan Viak AS på vegne av forslagsstillar, ligg som
vedlegg til saka. Under kjem ei kort oppsummering av uttalene saman med eventuelle
kommentarar frå forslagsstillar og administrasjonen.
Arbeidsgruppa for grunneigarar under og ved ny gondolbane, v/Inge Rørvik, brev datert
20.10.14
Side 9
Meiner det framleis er manglar knytt til planprosess og medverknad, og at kommunen burde
ha involvert fleire huseigarar i ei større breidde på kvar side av planområdet. På grunn av
dårleg dialog med Voss kommune og stor uvisse, er saka ei stor påkjenning for dei berørte.
Før planen kan godkjennast må det gjennomførast ei konsekvensutgreiing for heile
bustadområdet og for kvar huseigar. Dei meiner følgjande moment må avklarast;
• avstand til kabel/kabin, er oppgitt avstand teoretisk og er den ulik ved tom/full kabin?
• konsekvensar minsteavstand mellom hustak og kablar/bane får for vidare utvikling av
eigedomen, og om nokon kan/må flytte?
• lydnivå; det må opplysast om ulike støynivå i heile traseen, og særleg for dei som bur
nedst/nærast knutepunktet. Det må stillast krav til utbyggjar om støytiltak.
• korleis det skal sikrast mot fare for is og snønedfall frå kabinane, og om det er fare for
fall eller nedkast av gjenstandar frå kabinane.
• innsyn; kablar og kabinar vil vere til stor sjenanse for bukvalitet og utsyn, og kabinar
som skuggar for sola vil vere ein stressfaktor. I tillegg vil innsyn bli svært plagsomt for
dei som får bana tett på huset sitt. Dei vil ha nye vindauge som skjermar mot innsyn.
Også private uteareal vert offentlege slik at privatlivet vert krenka, og dei spør korleis
dette skal bøtast på.
• viser til rasfaren i område over bustadområdet, og at det skal fjernast skog som har
stoppa ras i nyare tid, og lurer på kva som vil skje om skogen vert vekke.
• konsekvensar eventuelle lynnedslag i kablar og kabinar vil kunne få for underliggjande
hus.
• er konsekvensane for luftsport/ekstremsport og redningsaksjonar vurdert?
Dei meiner at Voss kommune må krevje at Voss Resort legg fram detaljert plan med oversikt
over ulemper for kvar eigedom som vert råka og korleis dette skal bøtast på, og listar opp
moment som dei meiner må vurderast. Til slutt viser dei til krav til konsesjonssøknad om
vurdering av alternative trasear dersom baner vert bygd over busetnad. Dei meiner dette ikkje
er gjort grundig nok i denne saka. Meiner planen er så mangelfull at den ikkje kan leggjast
fram for handsaming i formannskap og kommunestyre.
Kommentar frå forslagsstillar:
KU er gjennomført i samsvar med vedteke planprogram. Forholdet til den enkelte grunneigar
vert tema vidare i konsesjonssøknad. Når det gjeld avstand vert det vist til snitt ZJ001 og
planskildring. Den lågaste linja ligg til grunn for konstruksjonen og kravet om avstand til bl.a.
hustak, og er berekna med full belastning på heisen.
Når det gjeld konsekvensar for huseigarar vert det vist til planskildringa pkt. 6.5. Tiltaket i seg
sjølv vil ikkje krevje innløysing av eigedom etter plan- og bygningslova. Eventuelle krav om
innløysing kan stillast gjennom konsesjonslovverket i samband med konsesjonshandsaminga.
Dei mest støyutsette bustadene er Gullfjordungsvegen 7 og 9, støy minkar oppover linja.
Ingen bustader er berekna å ha støynivå over grenseverdiar som medfører krav om støytiltak
etter gjeldande støyretningsliner for arealplanlegging. Når det gjeld nedfall/nedkast frå
gondolen vert det vist til reguleringsføresegnene pkt. 2.3 og 2.4: "Gondolbane skal vere
utforma slik at det ikkje kan kastast eller falle noko ned frå vognene/kabinane." Føresegnene
er supplert med krav om sikring mot snø og is-nedfall (snøfangar på tak). Viser til vurdering
av skredfare og tiltak (COWI 15.01.13) og føresegnene pkt. 2.13 og 6.2. Fare for skred er
vurdert til ikkje å verte endra for busetnaden (mindre enn 1/1000 år) som vert vurdert å liggje
utanfor utløpsområdet. Regulerte sikringstiltak for mastene er vurdert også å ha effekt mot
snø- og jordskred. Det er skissert etappevis fjerning av skog og ev. revegetering med lågare
Side 10
vegetasjon som kan virke rot-armerande. Når det gjeld lynnedslag; installasjonen er jorda i
topp- og botnskiva og i alle master.
Planforslaget er vurdert å ha positive konsekvensar for luftsport, som får betre tilgang til
startområde på Hanguren. Det er ikkje kome merknader frå miljøet. Representantar frå
klubben har vore med i prosessen med å peika ut aktuelle startområde på Hanguren, vist med
symbol i illustrasjonsplanen.
Om merknadene som gjeld utgreiing og erstatning for den enkelte eigedom: Ev. erstatning og
avbøtande tiltak for den enkelte eigedom er ikkje ein del av planprosessen etter PBL, men vert
ein del av privatrettslege prosessar og konsesjonshandsaming etter Taubanelova. Naboar har
rett til å krevje rettsleg skjønn etter Nabolova.
Kommentar frå administrasjonen:
Når det gjeld breidde på planområdet (og talet på huseigarar som er omfatta av planen) har
planen tatt med den breidden som det vert liggjande restriksjonar på i form av ei
byggeforbodssone i ein breidde på 15 meter frå gondol-kabelen. Ein har ikkje funne det tenleg
å ta med bustadareal utanfor denne breidda, då det ikkje hadde fått anna føremål enn
bustadføremål der dagens situasjon skulle vidareførast.
Når det gjeld støy har ein vore i kontakt med Sweco som har laga støyrapporten for
gondolbana, og drøfta behov for moglege tiltak i forhold til berørte bustader. Tilbakemeldinga
er at stipulering av støy er basert på dei næraste bustadene, og at bustader lenger unna vil få
mindre støy. Stipuleringa er gjort forsiktig, og vanleg praksis er at den heller er valgt for høg
enn for låg. Støybelastninga i området vert skildra som liten, og det vil truleg ikkje vere behov
for avbøtande tiltak (vindu eller skjerming av uteplass). Administrasjonen viser også til pkt
2.11 i føresegnene, der grenseverdiane for støy i nasjonale retningslinjer skal vere bindande
for eventuelle tiltak.
Som kommentert ved offentleg ettersyn har ein ikkje vanskar med å forstå at planen medfører
ei endring som opplevast svært dramatisk for dei berørte huseigarane. I etterkant av offentleg
ettersyn har det vore gjennomført to møter med representantar for huseigarane, for å prøve å gi
ein oversikt over dei ulike prosessane knytt til saka. Ein del av spørsmåla knytt til
konsekvensar for deiras eigedomar vil måtte bli avklart i ein etterfølgjande prosess i samband
med ei konsesjonsbehandling etter Taubanelova og evnetuelle krav om erstatning /
kompensasjon. Undervegs er det tatt opp spørsmål med Fylkesmannen som sakshandsamar i
ei konsesjonssak, og Samferdsledepartementet som klageinstans for ei konsesjonshandsaming.
I tillegg har ein vore i dialog med Jernbanetilsynet (Taubanetilsynet) som er den instansen
som skal vurdere tryggleiken ved anlegget, både i samband med oppføring og drift, i tråd med
Taubanelova med forskrifter. Viser elles til kommentar frå forslagsstillar når det gjeld
privatrettslege tilhøve.
Når det gjeld vidare bruk og utvikling av eigedomen, vil den kunne halde fram som i dag. Det
vil bli restriksjonar på kor høgt det er lov til å bygge, på grunn av byggeforbodssona under
kabeltraseen. Det er generelle begrensingar om byggehøgde på 9 meter i plan- og
bygningslova. For dei nedste eigedomane som er omfatta av plan for Gullfjordungsvegen, er
det sett maksimal mønehøgd på 9,5 meter i skrått terreng (6 meter i snitt). Bustaden under
traseen som kjem nærast byggeforbodssona, Gullfjordungsvegen 9, har i dag ei mønehøgd på
litt over 8 meter. Ut i frå illustrasjonen som viser avstad frå bustadhus og opp til
Side 11
byggefordodssona (ZJ001), er det ca 2 meter frå møne og opp. Samla viser dette at det mest
sannsynleg er gjeldande planar og lovverk som vil vere begrensande for kor høgdt
bustadeigedomane under kan bygge, ikkje gondolplanen.
Kristin Pettersen Rørvik, brev datert 19.10.14
Peikar på § 5 i Lov om anlegg av taubaner, og meiner det ikkje er gjort tilstrekkeleg
alternativsvurdering, spesielt med tanke på parkeringsbehov og brannfare. Meiner og at krav
om 15 meters klaring frå bane til bustadhus er sett vekk i frå for dei nedste husa.
Viser til RPR for samordna areal- og transportplanlegging der det står at ein skal trygge
lokalsamfunn og bumiljø. Meiner dette ikkje vert ivaretatt for dei råka husstandene.
Spør kva tiltak som vert gjort i høve ising/nedfall frå kablar dersom veret vert så dårleg at
banen vert stoppa. Er bekymra for støy, meiner støynivå må dokumenterast betre. Spør kvifor
brannsikringssona i skog er breiare (60 m) enn for bustadhus.
Meiner banen er dimensjonert for altfor mange passasjerar og kabinar. Meiner kommunen og
Voss Resort ikkje forstår kor store inngrep tiltaket medfører for bebuarane, privatliv, tryggleik
og privat eigedom. Viser til artikkel i The Guardian 1999 med omtale av 7 ulukker med
gondolbane og kjenner stor utryggleik og uvisse knytt til ei framtidig busetjing i Sivlevegen.
Kommentar frå forslagsstillar:
Avstandskravet på 15 meter gjeld frå øvste punkt på hustak/bygningar til berekabel, ikkje til
kabin. I dårleg ver vil vognene verte hekta av og banen stoppa for persontransport, men
kablane vil kunne gå uavhengig av dette. Når det gjeld ising/nedfall, sjå kommentarar over.
Viser til brannteknisk risikovurdering (NEAS Consulting 21.10.2011) når det gjeld
brannsikringssone. Varmeutviklinga er større i barskog enn for bustadhus.
Kommentar frå administrasjonen:
Det er lagt opp til felles parkering for gondolstasjon og knutepunkt. I tillegg vil mange nytte
seg av tog som transportmiddel fram til gondolen. Det er ikkje gjort unntak frå avstandskrav
på 15 m. Når det gjeld avstandskrav, brannrisiko m.m, viser ein til kommentar frå
forslagsstillar. Når det gjeld nedfall og tryggleik og støy vert det vist til kommentar til innspel
frå huseigarane. Sjølve gondolbaneanlegget og tryggleiken knytt til konstruksjonar og drift, vil
det vere Jernbanetilsynet som skal vurdere og godkjenne.
Ein har forståing for at ny situasjon skaper uvisse og utryggleik for berørte bebuarar.
Oppfølgjing av kompensasjon i form av tiltak eller erstatning må skje i ein prosess etterfulgt
av plansaka.
Tor Amund Gjersvik, brev mottatt 19.10.14
Ber om at det vert lagt fram realistiske illustrasjonar av gondolbanestasjonen saman med
kulturhus og ny utbygging på Park, frå Evangervegen/innfallsporten til Vestre Vangen,
Vangskyrkja og Kvartalet Vangsgata 4-10. Rekner med at store deler av utsikta frå Vangsgata
4 der han er medeigar, vil bli påverka av den samla utbygginga som er planlagt i vestre del av
Vangen.
Meiner brann i parkerte togsett ved Grovendal ikkje er relevant argument for å sile bort
alternativet, og at det ikkje er vanskeleg å parkere eller flytte togsetta slik at dei ikkje står rett
under banen. Peiker på uavklart parkeringssituasjonen. Ber om at realistiske illustrasjonar vert
presenterte offentleg, t.d. i avisa Hordaland.
Side 12
Kommentar frå forslagsstillar:
Viser til 3d-modell og utsnitt/stillfoto frå den, samt illustrasjonar frå arkitekt. Viser til
rekkefølgjekrav i områdeplanen for Voss knutepunkt om opparbeiding av nye
parkeringsplassar før eksisterande plassar kan fjernast.
Kommentar frå administrasjonen:
Det er henta ut fleire stillfoto frå 3D-modellen, som viser ny gondolstasjon og knutepunktet
frå ulike stader på Vangen. Frå Vangsgata ved torget vil ny gondolstasjon vere relativt lite
synleg. Frå Uttrågata vil den vere synleg frå lengre hald. Når ein nærmer seg området utanfor
Park Hotel Vossevangen, vil ny bygningsmasse bli meir dominerande, og erstatte dagens
utsyn mot Voss stasjon og Fleischers hotel.
Frå vest vil den nye endestasjonen bli dominerande når ein nærmer seg Fleischers hotel og
kulturhuset.
Side 13
3D-modellen viser volum av ny bygningsmasse plassert inn i dagens situasjon. Ny
terrengbearbeiding, farger og materialbruk vil endre det reelle visuelle bilete av prosjektet ved
ei utbygging. Illustrasjonsmateriell frå Nordic, datert 13.01.15, gir supplerande informasjon
om prosjektet. Alle illustrasjonar ligg vedlagt saka.
Når det gjeld parkering vert det vist til kommentar frå forslagsstillar. Vedkomande
lokalisering i forhold til plassering av togsett, vert det vist til brannsikringsrapport frå Neas
Consulting.
Voss Folkemuseum, brev datert 17.10.14
Ser positivt på at det framleis skal vere bane til Hanguren, og til tiltak som stør opp om
turisttilbodet på Voss. Men, er ikkje komfortable med prosessen og meiner museet ikkje har
vore tilstrekkeleg kontakta og informert. Dei burde vore kontakta i samband med
konsekvensutgreiinga, som er full av faktafeil som t.d. informasjon om høgde over havet for
Mølstertunet og gondolmastene m.m. Viser til at det står omtalt at kabelen på den nye traseen
vil vere lite synleg frå Mølstertunet “då denne er noko skjult av vegetasjon og bygningar”.
Dette er feil, og utgreiinga konkluderer på feil grunnlag. Peikar også på at det har gått fleire
mindre ras i lia over Mølster, og at dette forsterker inntrykket av at det har vore for lite
kontakt med lokale folk.
Vidare ynskjer dei ein meir realistisk illustrasjon sett frå sjølve Mølstertunet, enn den som vert
vist i 3D-modellen. Meiner konklusjonen om manglande avbøtande tiltak er merkeleg, og
peikar på at dei visuelle verknadene for Mølstertunet ville ha vore mindre i den gamle traseen.
Det er òg merkeleg at ein kan gjera vedtak om kvar nedre stasjon skal vera før denne
konsekvensutgreiinga er utarbeidd.
Kommentar frå forslagsstillar:
Tek merknaden til orientering.
Kommentar frå administrasjonen:
Feil i rapporten når det gjeld høgdekote på Mølstertunet og master er uheldig, men
administrasjonen meiner ikkje dette har vore avgjerande for konklusjon i
konsekvensutgreiinga. Setninga om at kabelen vil vere lite synleg pga at den vil vere skjult
mot vegetasjon og bygningar, meiner ein refererer til tiltaket sin fjernverknad, dvs tiltaket sin
visuelle influens på Mølstertunet frå avstand. I rapporten står det: På grunn av den store
høgdeforskjellen mellom terreng og tiltak, vil negativ visuell påverknad vere større ved
tiltaket sin fjernverknad på Mølstertunet. Det er forventa at kabelen vil vere den minst synlege
Side 14
delen av tiltaket – då denne vil vere noko skjult mot vegetasjon og bygningar. Master og
vogner (som er i rørsle) er forventa å påverke miljøet mest.
Når det gjeld mogleg rasfare er dette vurdert av Cowi i ein eigen rapport, og omsynssone
skred er innarbeid i planen i tråd med denne. Det er sett krav om tiltak før oppføring av mast i
område TB1, jf punkt 2.13 og 6.3 i føresegnene.
Voss MTB-Klubb v/Pernille Olafsen, brev datert 05.08.14
Viser til klubben sin aktivitet og Hangursbanen si tyding for terrengsykkelmiljøet på Voss. Er
positiv til ny gondolbane for vidareutvikling av sporten, og håper bana vert bygt.
Kommentar frå forslagsstillar:
Tek merknaden til orientering.
Kommentar frå administrasjonen:
For ulike aktivitetstilbod som til dømes paraglider og terrengsykling vil ein ny gondol vere
viktig for å kunne vidareføre og vidareutvikle aktiviteten på Hanguren.
Fylkesmannen i Hordaland, e-post 02.10.14
Har ikkje merknader til planen.
ROM Eigedom AS, brev datert 10.10.14
Meiner tiltaket støttar opp om vedtatt plan for Voss knutepunkt og er positiv til tiltaket.
Kommentar frå forslagsstillar:
Tek merknaden til orientering.
Kommentar frå administrasjonen:
Positivt at planen føl opp knutepunktplanen, og at gondolprojektet er utvikla i samarbeid med
aktørane i knutepunktet. Illustrasjonsprosjekt datert 13.01.15 viser gondolbanestasjonen som
ein integrert del av Voss knutepunkt.
Hordaland fylkeskommune, 18.02.13
Planen er i samsvar med overordna planar for transport, og Skyss finn planen tilfredsstillande.
Meiner og at tiltaket vil vere positivt for friluftslivet på Voss.
Når det gjeld utforming av nedre stasjon, meiner dei denne hadde ei mindre dominerande
utforming i knutepunktplanens høyringsutkast. Seinare omforming av omsyn til
jernbanetryggleik har gjort gondolstasjonen meir konfliktfylt i høve til kultur- og tettstadmiljø.
Hordaland fylkeskommune har difor vesentlege merknader til planforslaget. Dei rår i frå at
gondolbygget vert regulert i sin noverande form og ber om at den vert omarbeida før andre
gangs handsaming. Vidare rår dei til at det vert skipa ein arkitektkonkurranse der siktlinjer
mellom sentrum og kulturmiljøet ved stasjonen blir vektlagt. Meiner også at
kulturminneutgreiinga må supplerast med konsekvensar for Voss sentrum med m.a.
etterkrigsarkitekturen og Vangskyrkja.
Kommentar frå forslagsstillar:
Området på stasjonen har heile tida vore veldig knapt for gondolbanen. Funksjons- og
tryggleikskrav for knutepunktet har gjort det krevjande å finne løysingar for utforming av
Side 15
banen. Nedre stasjon har vore under kontinuerleg arbeid sidan knutepunktsplanen var på
høyring. Dei viktigaste årsakene til dagens utforming er:
− Heile utkraginga må takast mot Evangervegen av omsyn til jernbaneverkets tryggleikskrav
− Fotavtrykket på perrongnivå er ikkje auka
− Avstand mellom perrong og bygg er 5 meter i vertikalplanet, noko som er heimla i
områdeplanen
− Skalbygget over perrongnivå er auka ca. 2m i breidde av omsyn til avstands- /
tryggleikskrav mellom personheis og gondolbane
− Delar av 3.etasje er nødvendig arealbruk til heis, trapper, rulletrapper for å løyse
sirkulasjon/tryggleik/passasjerhandtering. Restareal vert søkt nytta til andre formål
KU i områdeplanen for Voss knutepunkt slår fast at tiltaka i planen vil ha stor negativ
konsekvens for Voss sentrum, og at nye volum og byggjehøgder i stor grad vil påverke
Vangen som kulturmiljø. Det vert påpeika at bygg som Vangskyrkja, jernbanestasjonen og
Fleischers hotell vil miste mykje av sin posisjon i forhold til dei nye bygga. Forslagsstillar
reknar forholdet utgreidd i overordna plan.
På bakgrunn av uttalen frå fylkeskommunen tok Voss kommune initiativ til eit møte for å
drøfte innhaldet i merknaden og bakgrunnen for utforminga i planframlegget. Møtet vart halde
5.11.2014. Det var i møtet semje om at utforming, materialbruk og siktliner må ha stor vekt i
det vidare arbeidet. I etterkant av møtet er stasjonsbygget bearbeidd, og mellometasjane trekt
inn så langt som mogleg.
Hordaland fylkeskommune vurderer i brev dagsett 6.11.2014 og på bakgrunn av møtet at Voss
kommune i tilstrekkeleg grad vil ta omsyn til deira merknader.
Kommentar frå administrasjonen:
På møtet med Hordaland fylkeskommunen, jf brev 6.11.2014, vart det semje om at
knutepunktet og tilhøve til Vangen som tettstad og viktig kulturmiljø er tilstrekkeleg utgreidd
i knutepunktplanen. Voss Resort og Asplan Viak informert om at prosjektet sine svært
spesielle krav til tryggleik og utforming. Det vart informert om utviklinga av endestasjonen si
utforming frå dei første illustrasjonane i knutepunktplanen og fram til i dag. Byggtekniske
krav frå leverandør (Leitner AS), ulike branntekniske- og tryggleikskrav i forhold til buss,
bane, busetnad, skog m.m., vurdering av trafikkflyt osv. har ført til at prosjektet har kome
langt i detaljering av konstruksjonen. Administrasjonen meiner difor at arbeidet har kome så
langt at det vil vere lite tenleg å starte på nytt med ein arkitektkonkurranse.
Konklusjonen på møtet var at det skulle arbeidast vidare med det visuelle utrykket og
materialbruk fram mot godkjenning av planen. På bakgrunn av dette har Nordic Office of
Architecture utarbeidd ei ny utforming der fasaden mot Evangervegen er blitt meir oppdelt og
mindre kompakt. Det er og laga eit notat om materialbruk, og intensjonane i utforminga er tatt
med i føresegnene jf punkt 2.1. Administrasjonen meiner det er gjort gode grep med
utforminga av endestasjonen no i sluttfasen av arbeidet med planen. Bygningen vert heilt klart
stor og dominerande, og vil påverke miljøet i den vestre delen av Vangen. Med ei oppdeling
av nivåene, ei inntrekt 3. høgd, eit transparent utrykk, bruk av tre i tillegg til glas, meiner vi
bygningen vil bli eit spennande element i det nye knutepunktet.
Som omtalt i innspelet frå Fylkeskommunen er byggehøgda heva med ein meter frå
knutepunktplanen, frå 80 til 81 moh. Bygningen er utforma med ei lågare byggehøgde mot
Side 16
Evangervegen, ca 79 moh, men ein del av taket vil hevast i bakkant. I notatet frå Nordic står
det om denne utforminga: “Øverst ligger takelementet som med sin vinkel peker opp mot
fjellet. Vinkelen skaper et bygg med mindre høyde mot Evangervegen. Takseksjonen er også
gjort så lite i plan som mulig, så den kun gir den ekstra høyde som trengs over mekanikken til
gondolen.” Denne endringa vart også omtalt i møte med Hordaland fylkeskommune.
NVE, brev datert 04.11.14
Viser til skredfarevurdering gjort av Cowi. NVE har ikkje merknader til planen.
Voss ungdomsråd, innspel frå møte 30.10.14
Er positive til planane om på bygge ny gondolbane som erstatning for den gamle. Vil verka
positivt inn for bygda Voss som reiselivsplass. Ungdomsrådet har eit ynskje om at ein brukar
samme namn og farger på dei nye kabinane som det var på dei gamle, Dinglo og Danglo i
raudt og gult.
Kommentar frå forslagsstillar:
Tek merknaden til orientering.
Kommentar frå administrasjonen:
Det er positivt at ungdomsrådet engasjerer seg i viktige saker for framtida på Voss. Ein
oppmoder Voss Resort om å ta innspelet med seg i det vidare arbeid med kabinane.
Jernbaneverket, brev datert 24.11.14
Viser til at dei varsla behov for tett samarbeid ved oppstart for å sikre at Jernbaneverkets krav
til sikkerheit og utforming vart ivaretatt. Gjennom ein rekke møter, har planforslaget vore
vurdert opp mot Jernbaneverkets sikkerheitsreglement og blitt tilpassa i til dette. Dei
konstaterer at
planforslaget er i tråd med Jernbaneverkets krav, og dei har ikkje har merknader til
planforslaget. Minner om at det må etablerast ein privatrettslig avtale om bruk av luftrommet
over Jernbaneverkets areal ved byggesakshandsaming.
Kommentar frå forslagsstillar:
Tek merknaden til orientering.
Kommentar frå administrasjonen:
Eventuell privatrettsleg avtale vert ei sak mellom Voss Resort og Jernbaneverket.
Kort oppsummering av innspel på ope møte og kontordag
Det viktigaste innspelet frå huseigarane som deltok på det opne møtet var frustrasjon over
manglande informasjon om konkrete konsekvensar for dei. Det var mange spørsmål knytt til
tryggleik, støy, bukvalitet m.m., og spørsmål av privatrettsleg karakter som kompensasjon,
erstatning m.m. Innspela frå møtet er i hovudsak tatt med i innspelet frå arbeidsgruppa for
grunneigarar, og er kommentert der. I tillegg kom det spørsmål om kulturminneutgreiinga, og
innspel om manglande visualisering av nedre stasjon og dei store konsekvensane denne
bygningen vil ha for omgjevnadene.
Ein person som representerte Kyrkjefloten 3 og 5, møtte på open kontordag. Det vart tatt opp
spørsmål om støy, brann, fare for ulykker/sabotasje, innsyn, utryggleik og verditap, og
moglegheit for t.d. å bygge garasje på eigedomen. I tillegg vart det også her peika på at
Side 17
knutepunktet bør visualiserast frå vest, og parkeringskapasiteten i sentrum må vurderast. Det
kom merknad om at skredrapporten ikkje var i samsvar med lokalkunnskap.
Administrasjonen viser til kommentarar til innspel frå huseigarane, Petersen Rørvik, Gjersvik
og Voss Folkemuseum, der dei same spørsmåla er kommentert.
Innspel til ny avgrensa høyring- vassforsyningsanlegg/høgdebasseng
Det kom til saman 6 innspel i samband med ny avgrensa høyring.
Voss Utferdslag, DNT v/Richard J. Jakobsen, brev datert 06.01.15
Meiner det er gunstig at høgdebassenget er planlagt i område som alt er sterkt prega av
naturinngrep. Vidare meiner dei nytteverdien for tiltakshavar overgår konsekvensane for
myrsystemet sitt karbonkretslaup/karbonutslepp. Inngrepet kjem ikkje i konflikt med T-merka
stiar. Viser til at bassenget truleg ikkje vil vere fullt før utpå sommaren, og rår til at ev.
betongtersklar vert kledd med naturstein også på damsida.
Kommentar frå forslagsstillar:
Merknaden er teke til orientering.
Kommentar frå administrasjonen:
I føresegnene punkt 3.4 om vassforsyningsanlegg/høgdebasseng står det mellom anna at
“Tersklar for demming av vatn skal ikkje vere eksponerte i landskapet”. Dette vil vere
førande for detaljprosjektering av tiltaket.
Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd, brev datert 06.01.15
Peikar på at tiltaka på Hanguren i første rekke får konsekvens for dei allereie utbygde områda/
alpinbakkane, men dei vil også kunne gje auka press på sti- og løypenett innover i
villreinområdet. Rår i frå å leggje tung vekt på marknadsføring av fjellturisme inn mot
villreinområdet, og meiner at tilrettelegging for nye aktivitetar bør skje i samråd med
villreinforvaltinga. Villreinnemnda har ikkje merknader til planframlegget isolert sett, då
området allereie er omdisponert. Men, dei vil motsette seg etablering av nye stiar og løyper
som fører inn i villreinområdet. Dei vil vurdere å ta området ut av teljande villreinareal.
Kommentar frå forslagsstillar:
Merknaden er teke til orientering
Kommentar frå administrasjonen:
Viser til kommentar ved offentleg ettersyn av planforslaget, der administrasjonen meiner det
er viktig at alle reiselivsdestinasjonane som grenser inn mot villreinområdet, utarbeider ein
felles strategi for tilrettelegging og informasjonstiltak. Dette må skje i nært samarbeid med
Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd.
Voss naturvernlag, brev datert 07.01.15
Peikar på at det er gjort utrekningar i Norge som viser i kva omfang torvmyrer bind CO2, og
at utgraving av myrområdet på Hanguren vil føre til store utslepp. Rår til at det vert gjort
utrekning av CO2-utslepp før ein konkluderer mtp. utforming av høgdebassenget, og ev går
attende til utforming gjennom sprenging i grunnen.
Kommentar frå forslagsstillar:
Side 18
Merknaden er teke til orientering. Det er ikkje stilt krav om og gjort utrekningar for eventuelle
CO2-utslepp frå anlegget.
Kommentar frå administrasjonen:
Så langt har det ikkje vore vanleg å vurdere CO2-utslepp i samband med plan- og byggesaker.
Dette har difor heller ikkje blitt vurdert i denne saka. Gjennom ei endring av prosjektet frå eit
utsprengt basseng til meir naturlik utforming av vassbassenget, er det dei positive effektane
for landskap og friluftsliv som er vektlagt.
NVE, brev datert 07.01.15
Viser også til spørsmål frå Asplan Viak om konsesjonspliktvurdering av tiltaket. Dei har
samordna høyring av planframlegget med vurdering av konsesjonsplikt for det same tiltaket,
dvs. høgdebassenget, i felles uttale. Vurderer at det ikkje er behov for vidare handsaming etter
vassressurslova, dvs. konsesjonsplikt. Minner likevel om vassressurslova § 5 som seier at alle
vassdragstiltak skal planleggast og gjennomførast slik at dei er til minst mogleg skade og
ulempe for ålmenne og private interesser. Peikar også på at tiltaket har ein storleik som krev
klassifisering av anlegget i konsekvensklasse etter damsikkerhetsforskriften kapittel 4.
Kommentar frå forslagsstillar:
Merknaden er teke til orientering.
Hordaland fylkeskommune, brev datert 07.01.15
Er positiv til at utvidinga av planområdet er gjort for å skape ei meir naturlik utforming av
bassenget, og ber om at dette vert sikra gjennom føresegnene. Rår til at ålmenta sine interesser
kjem tydeleg fram i føresegnene slik at det vert mogleg å nytte seg av og ferdast langs vatnet.
Kommentar frå forslagsstillar:
Merknaden er teke til følgje. Føresegnene pkt.3.4 er revidert.
Kommentar frå administrasjonen:
Viser til kommentar frå forslagsstillar. Meiner at friluftsinteressene er sikra gjennom ei ny
utforming av planforslag og føresegner.
Opplysningsvesenets fond, 19.01.15
Har ingen merknader utover at tiltaket fremstår som positivt for vår leietaker og dennes drift i
området.
Oppsummering av dei viktigaste problemstillingane
Dei største innvendingane til planforslaget ved offentleg ettersyn gjeld omsyn til berørte
bustader under og nær gondolbanetraseen, og utforming av gondolbanestasjonen i
knutepunktet. I etterkant av offentleg ettersyn har det vore ein dialog med huseigarane, og ein
har prøvd å få meir oversikt over dei ulike prosessane. Konsesjonshandsaming foregår etter
taubanelova, og evnentuell ekspropriasjon vil også foregå med heimel direkte i taubanelova.
Erstatning og kompensasjon vil vere ein del av denne prosessen, i tillegg vil huseigarane
kunne krevje rettsleg skjønn etter Nabolova. Det er tatt med eit nytt punkt i planføresegnene
som omhandlar tryggleik og omsyn til underliggjande bustader, pkt 2.3 i føresegnene. Her står
det:
Gondolbanen skal vere utforma slik at det ikkje kan kastast eller falle noko ned frå
vognene/kabinane. Vogner/kabinar skal vere sikra mot nedfall av is/snø (snøfangarar på tak).
Side 19
Evakuering/redning frå gondolbane skal ikkje skje over busetnad.
Gondolbanevognene skal ikkje utformast med glasgolv.
Vurdering av tryggleik i forhold til både konstruksjonar og drift vil bli gjort av
Jernbanetilsynet (Taubanetilsynet) i ein eigen prosess i samband med konsesjonshandsaming
og driftsløyve.
I støyrapporten frå Sweco er det ikkje avdekka at støy vil overskride støygrenser i
retningslinjer for handsaming av støy i arealplanlegging, T-1442. I føresegnene er
grenseverdiane gjort bindande for omfanget av tiltak mot luftoverført støy, strukturlyd og
vibrasjonar, jf pkt 2.11 i føresegnene.
Når det gjeld utforminga av nedre gondolstasjon har ein hatt god dialog med Hordaland
fylkeskommune, saman med tiltakshavar og planleggjar. Det er tatt ut stillfoto frå 3Dmodellen som seier noko om volumet av nedre gondolstasjon i forhold til omkringliggjande
bebyggelse. Illustasjonane viser at gondolstasjonen vil bli både høg og dominerande når ein
kjem nærme nok, både frå aust og vest. Både gondolstasjonen og anna utbygging i
knutepunktet vil skape eit heilt nytt visuelt inntrykk enn i dag. Det er gjort grep i utforminga
der bygningsvolumet mot Evangervegen er delt opp, og mellometasjen med kontor/næring er
trekt inn i forhold til øvste nivå. I tillegg er det fastlagt at bygningen skal ha ein høg grad av
transparens. Ein kombinasjon av glas og tre skal gi variasjon i uttrykket. Illustrasjonsprosjekt
frå Nordic Office of Architecture, datert 13.01.15 omhandlar prosjektet og gjev grunngjeving
av form og materialbruk. Hovudintensjonane er tatt med i føresegnene, punkt 2.1.
Administrasjonen meiner bygningen vil bli eit signalbygg, som tilfører Voss noko nytt og
unikt.
Endringar etter offentleg ettersyn
• Utforming av nedre gondolstasjon er bearbeidd, og utforming og materialbruk er
omtalt i eige notat frå Nordic Office of Architecture, 13.01.15. Hovudgrepa for ny
utforming er tatt med i føresegnene pkt 2.1.
• Det er tatt med eit nytt punkt i føresegnene, pkt. 2.3, som omhandlar omsyn til
underliggjande bustadområde.
• Plankart er utvida og endra på grunn av ny utforming av vassforsyningsanlegg/
høgdebasseng. Landskapstilpassa utforming er sikra i føresegnene pkt. 3.4.
• I tillegg er det tatt med følgjande presiseringar i føresegnene:
− pkt 2.8; gjeldande planar og praksis for behandling av eksisterande bebyggelse
skal fortsette
− pkt 2.11 om støy; retningslinjer for handsaming av støy i T-1442 er gjort
forpliktande gjennom formuleringa - "skal vere bindande"
− pkt 2.13; det er satt inn kompetansekrav for prosjektering av sikringstiltak
knytt til mogleg skredfare
− pkt 4.1; avstandskrav på 15 meter opp til berekabel/føringslinje gjeld fullasta
vogner
− pkt 6.1; viser til illustrasjon ZJ001 (som viser fullasta vogner) for avstandskrav
mellom bustadhus og kablelinje
− pkt 7.1; viser til at det skal varslast og evnt inngås avtale ved behov for tilgang
til privat eigedom i samband med anleggsarbeid ved oppføring av gondollinja.
• Planomtalen er retta opp i samsvar med endringar i kart og føresegner etter offentleg
ettersyn.
Side 20
•
Det er laga utsnitt frå 3D-modellen som syner nedre gondolstasjon og resten av
knutepunktet frå ulike stader på Vangen.
Konklusjon
Detaljreguleringsplan for ny gondol til Hanguren er godt dokumentert gjennom planomtale,
føresegner, plankart og diverse illustrasjonar og rapportar. Illustrasjonane gir god informasjon
om konsekvensane av tiltaket. Planen legg til rette for ny gondolbane frå Voss knutepunkt og
opp til Hangurstoppen. Ny situasjon vil føre til ein krevjande situasjon for bustadeigedomane
som vert berørt av gondoltraseen. Mange av spørsmåla huseigarane er opptekne av vil ikkje
bli avklart før i etterkant av planarbeidet, gjennom konsesjonsbehandling etter taubanelova og
privatrettsleg prosessar.
Ein ny gondolbane med plassering på jernbanestasjonen vil vere viktig for eit funksjonelt
knutepunkt og eit livskraftig Voss sentrum. Det vil og vere eit viktig prosjekt for Voss
kommune som reiselivsdestinasjon.
Administrasjonen rår til at detaljreguleringsplan for ny gondol sist revidert 16.01.15, vert
godkjent.