Postboks 25 4358 Kleppe Tlf 51 42 98 00 Klepp kommune SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK Behandla i: Hovudutval for lokal utvikling Møtedato: Sak nr: 20.01.2015 8/15 Saksbehandler: Svein Oftedal 14/1751-9 Arkivsak: Arkiv: L81 &00 RETNINGSLINJER - FORTETNING BUSTADOMRÅDE Bakgrunn I møte i hovudutval for lokal utvikling 14.10.2014 (sak 65/14) blei det fatta vedtak om å be administrasjonen førebu ei sak om rammer for fortetting i bustadområde. Fortetting er eit svært aktuelt tema i arealplanlegginga på Jæren. Det er naturleg i vår region sidan fortetting kan bidra til å redusera tapet av landbruksareal til utbyggingsføremål. I Regionalplan for Jæren slås det til dømes fast (retningslinje 3.6.7) at minimum 50% av bustadproduksjonen i Klepp fram til 2030 skal skje som fortetting og byomforming. Fortetting kan ha ulik motivasjon av både privat og offentleg karakter. Private årsaker kan t.d. vere ønskje om økonomisk forteneste eller ønskje om at familiemedlemmar skal få hustomt. Offentlege ønskje om fortetting kan som nemnt vere med grunnlag i arealøkonomisering, ønskje om meir urbane kvalitetar, ønskje om oppbygging rundt kollektivstrukturar osb. Fortetting kan difor vere ei positiv og ønska utvikling både for private og offentlege aktørar. Likevel kan fortetting også skapa negative reaksjonar og verknader for lokalmiljøet. Ved fortetting kan grøne lunger bli bygt ned. Område med store villahagar kan ofte opplevast som grøne lunger, sjølv om dei ikkje er offentleg tilgjengelege. Fortetting kan gi reduserte bukvalitetar i form av auka og uheldig trafikkbelastning for eksisterande busetnad, dårlegare soltilhøve og forringa utsikt. Fortetting kan også forstyrre estetikk og særpreg, kulturhistoriske element og landskapstrekk. Det er viktig at ein i ein periode med kraftig fortetting har reglar for korleis fortettinga skal skje. Dette både med tanke på eksisterande busetnad, nye innbyggjarar og lokalsamfunnet i sin heilskap. Ein har i føreliggjande forslag til retningslinjer teke utgangspunkt i tilsvarande retningslinjer i Randaberg kommune, og omforma til eit forslag tilpassa Klepp. Slike retningslinjer vil ikkje vere juridisk bindande. Kommunalsjefen ser det som ønskjeleg at retningslinjene blir lagt til grunn ved administrativ og politisk behandling av fortettingssaker. Dersom ein finn retningslinjene føremålstenlege, kan dei integrerast i kommuneplanens retningslinjer ved neste revisjon. Sjølv om retningslinjene er utarbeidd med tanke på fortettingsproblematikk og dispensasjonar i eksisterande bustadområde, kan dei også nyttast ved regulering av mindre bustadområde. Side 1 Tidlegare behandling i hovudutvalet Saka blei sist behandla i hovudutvalet 09.12.2014 (sak 106/14). Hovudutvalet fatta slikt vedtak: ”Saka blir utsett og Torbjørn Hovland -krf sine innspel blir oversendt administrasjonen”. Kommunalsjefen har gått gjennom innspela og gjort slike endingar i retningslinjene: A. Det skal vera to parkeringsplassar pr bueining. Det kan ikkje definerast parkeringsplass framfor carport og garasje. Kommentar: Det er parkeringsnormene i nyleg vedtekne kommuneplan som gjeld. Formuleringa om biloppstilingsplassar er difor teke ut av retningslinjene. B. Tilpassing til feltet sin øvrige estetikk og busetnad vert lagt inn som eit moment i retningslinjene. Kommentar: Dette er nå forsterka og innarbeidd i ”Krav til analyse og dokumentasjon”. C. Det vert ikkje gitt dispensasjon for tomteantal. Kommentar: Tiltaka krev ofte dispensasjon frå talet på tomter i høve til godkjent regulerings- eller bebyggelsesplan. Dette bør vera eit vurderingstema i kvar sak. D. Retningslinjene må sikre større kvalitet på uteareal i høve til storleik, sollys og at desse er eigna for aktivitet. Kommentar: Dette er innarbeidd i avsnittet ”Uteopphaldsareal”, men formuleringa er endra noko og forsterka etter hovudutvalet si behandling i desember. E. Retningslinjene må i større grad sikre at negative konsekvensar for naboar vert redusert. Kommentar: Temaet er behandla i avsnittet ”Tilhøve til naboar”. Det er føya til teksten ”Innsyn, utsikt, soltilhøve, uteareal og tilkomst for naboeigedom skal vurderast særskilt. Kommunen vil avslå fortettingssøknader som får vesentlege negative konsekvensar for naboeigedom”. Kommunalsjefen meiner at ein med desse endringane har oppfylt intensjonane i hovudutvalet sine innspel. Vedlegg: Forslag til retningslinjer for fortetting, datert 05.01.2015 Utdrag av retningslinjer til kommuneplanen i Time kommune Forslag til retningslinje om fortetting til kommuneplanen i Sola kommune. Eksempelsak om fortetting frå Sola kommune. Vedtekne retningslinjer for fortetting i Randaberg kommune. 2 Innstilling: Rådmannen tilrår at saka går til hovudutval for lokal utvikling og kommunestyret med slik tilråding: Kommunestyret i Klepp sluttar seg til forslag til ”Retningslinjer for fortetting i bustadområde i Klepp” datert 22.12.2014. Hovudutval for lokal utvikling den 20.01.2015 sak 8/15 Behandling: Forslag frå Torbjørn Hovland -krf 1. Retningslinjer for fortetting blir sendt ut på høyring. a) Høyringa går til Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen, nabokommunane og registrerte vellag i Klepp. b) Retningslinjene blir også lagt ut til offentleg ettersyn i Klepp rådhus. c) Høyringsfristen blir sett til 6 veker. Votering: Forslaget frå Torbjørn Hovland -krf fekk 9 stemmer. Einstemmig VEDTAK: 1. Retningslinjer for fortetting blir sendt ut på høyring. a) Høyringa går til Rogaland Fylkeskommune, Fylkesmannen, nabokommunane og registrerte vellag i Klepp. b) Retningslinjene blir også lagt ut til offentleg ettersyn i Klepp rådhus. c) Høyringsfristen blir sett til 6 veker. Rett utskrift, 21.01.2015 Karin Sandve Vereide møtesekr. Kopimottakere: Etat for lokal utvikling 3
© Copyright 2024