FORSLAG TIL PLANPROGRAM

Dokument type
Planprogram til detaljreguleringsplan
Dato
Mai, 2015
DETALJREGULERING MED KONSEKVENSUTGREIING
FOR STEMMEBAKKEN, ERSTATNINGSAREAL FOR
GOLFBANE, GNR/BNR 33/9 M.FL.- KOLLTVEIT
FORSLAG TIL
PLANPROGRAM
INNHALDSLISTE
1.
1.1
1.2
1.3
2.
2.1
2.2
2.3
3.
3.1
3.2
3.3
3.4
3.5
4.
5.
5.1
5.2
6.
6.1
6.2
7.
7.1
7.2
7.3
7.4
7.5
7.6
7.7
7.8
7.9
Innleiing
Bakgrunn
Formålet med planen
Vurdering av utredningsplikten
Planområdet
Eksisterande situasjon
Planområdets avgrensing
Eigarforhold
Planstatus
Rikspolitiske retningslinjer og føresegner
Regionale planar og vedtak
Kommunale planar
Gjeldande regulering for området
Pågåande planarbeid
Planen
Planprosess og medvirkning
Framdrift
Informasjon og medverknad
Alternativ
0-alternativet
Vurdering av alternativ plassering
Behov for utgreiing
Hensikt
Naturmangfald og vassmiljø
Landskap
Kulturminne og kulturmiljø
Naturressursar
Barn- og unges oppvekstvilkår
Friluftsliv
Risiko- og sårbarhet
Arkitektonisk og estetisk utforming
1
1
1
1
2
2
2
3
4
4
4
5
7
7
9
11
11
12
13
13
13
14
14
14
14
14
15
15
15
15
15
Forslag til planprogram
1 av 15
1.
INNLEIING
1.1
Bakgrunn
I samband med utbygging Sotrasambandet, rv. 555, strekninga Storavatnet (Bergen kommune)
– Kolltveit (Fjell kommune), blir 9-hols golfbanen til Kobbeltveit Golf og Naturpark råka. Deler av
golfbanens areal, og med det fleire av golfbanens hol, kjem inn i reguleringsplanen for vegen.
Dette vil medføre at det av arealmessige og logistikkmessige årsaker ikkje lenger er mogleg å
utøve fullverdig golfspel her. Samstundes vil det ikkje vere mogleg å drifte banen slik den blir
liggjande. Statens vegvesen skal erstatte golfbaneareal som går tapt, på en slik måte at
golfbanen vil stå fram som minst like attraktiv som før, og drift fortsatt vil vere lønsamt.
Oppstartsmøte for detaljregulering blei gjennomført i Fjell Rådhus 10. april 2015 .
Firma Svein D Olsnes: Arkitekt v/ Golfbanearkitekt Svein Drange Olsnes utarbeider
reguleringsplan for tiltaket og prosjekterer nye golfhol på erstatningsarealet tilpassa dei
attverande golfhola. Rambøll Norge bidrar i arbeidet med reguleringsplan og tilhøyrande
konsekvensutgreiing. Tiltakshavar er Kobbeltveit Golf og Naturpark. Planen og tiltaket dekkjast
av Statens vegvesen region vest.
1.2
Formålet med planen
Formålet med planen er å leggje til rette for bygging av nye golfhol på erstatningsarealet til
golfbanen, i samband med tap av areal til utbygging av rv. 555.
1.3
Vurdering av utredningsplikten
Planen er vurdert etter Forskrift om konsekvensutredninger for planer etter plan- og
bygningsloven (FOR-2014-2-19-1726), med verknad frå 2015-01-01.
Planen er vurdert til å falle inn under § 2 (planar som alltid skal behandlas etter forskrifta),
bokstav d) (områdereguleringar, og detaljreguleringar på meir enn 15 dekar, som omfattar nye
område til utbyggingsformål).
Planområdet er på ca. 33 dekar, og oppfyller storleikskrava i føresegna. Området er ikkje
regulert, og ligg innafor formål LNFR i gjeldande kommuneplan. Store delar av området er ikkje
utbygd, og planen vil foreslå nye område til utbyggingsformål.
Planen krev difor utarbeiding av konsekvensutgreiing.
Forslag til planprogram
2 av 15
2.
PLANOMRÅDET
2.1
Eksisterande situasjon
Planområdet ligg på Kolltveit (Sotra) i Fjell kommune. Eksisterande golfbane ligg aust for nordsør-gåande fv. 555/561, med areal både nord og sør for aust-vest-gåande rv. 555, tett på
tunnelmunningen frå Kolltveittunnelen.
Området omkring golfbanen består til dels av bustadområde (frittliggjande bustader) og
landbruksområde, samt noko friluftsområde. Vest for fv. 555/561 ligg Storavatnet, kor golfbanen
får sitt vatn til vatning av banen frå. Omkring Storavatnet og lenger vestover ligg store
friluftsområde, som er mykje brukt av lokalbefolkninga. Landskapet er kupert med skrinn
vegetasjon og mykje fjell i dagen.
Dei nye areala som er tenkt regulert til golfbane er i dag i stor grad ubygde, med unntak av eit
par bygningar. Området var tidligare delvis beitemark og delvis dyrka mark som delar av eit
småbruk, men dei seinare åra har verken bygningane eller markane vorte brukte.
Eksisterande bane er ein kort og kompakt, men fullverdig, 9-hols golfbane. På tross av eit
utfordrande kupert vestlandsterreng, er traseane lagde slik at det er greitt å bevege seg både på
sjølve spelefelta, og frå eit hol og til det neste.
Golfbanen var ferdig regulert i 2003 og bygd i tidsrommet 2005-2007. Det blei spela golf på 6 av
hola frå 2007, men offisiell opning av 9-hols banen var 09. mai 2009.
2.2
Planområdets avgrensing
Planområdet inkluderer areal frå gnr/bnr 33/1, 33/9, 33/25, 33/26 og 33/587.
Planområdet er avgrensa slik det er vist i Figur 1.
Forslag til planprogram
3 av 15
Figur 1 – Flyfoto frå planområdet, med planavgrensing markert med svart stipla linje.
2.3
Eigarforhold
Eksisterande golfbane eigast i dag av Kobbeltveit Golf og Naturpark ved Olaug og Bjørn Evanger.
Nye areal som er tenkt innlemma i golfbanen er eigd av tre grunneigarar, i tillegg til Evanger.
Gnr/bnr 33/1: Anita Kolltveit Larsen, gnr/bnr 33/9: Olaug og Bjørn Evanger, gnr/bnr 33/25: Atle
Kolltveit, gnr/bnr 33/26: Jan Kåre Mathiassen og gnr/bnr 33/587: Knutepunktet Kolltveit AS.
Forslag til planprogram
3.
PLANSTATUS
3.1
Rikspolitiske retningslinjer og føresegner
4 av 15
Rikspolitiske retningslinjer for barn og unge
Retningslinjene har som mål å ivareta barn og unge sine interesser i planlegginga. Areal og
anlegg som skal brukast av barn og unge skal vere sikra mot støy, trafikkfare og anna helsefare.
Ved bruksendring av areal som er brukt eller egna for leik skal det skaffast fullverdig
erstatningsareal.
Rikspolitiske retningslinjer for universell utforming
Retningslinjene skal leggjast til grunn ved all planlegging etter plan- og bygningslova.
Retningslinjene skal ivareta universell utforming i planlegginga av byggeområde, uteareal og
transportinfrastruktur for å sikre god tilgjengelegheit og brukbarheit for alle.
3.2
Regionale planar og vedtak
Fylkesplan for Hordaland 2005-2008
Planens visjon: «Hordaland – eit kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk Vestlandsregion».
Nokre aktuelle mål er:
• Kulturmål: Veldriven kultur- og idrettsbygg, -anlegg og –møtestader skal fremja aktivitet på
tvers av generasjonar og kulturskilje.
• Areal- og miljømål: Lokalsamfunna skal ha gode miljøkvalitetar, universell utforming,
samanhengande grøntstruktur og tilgang til friluftsareal og møteplassar for fysisk aktivitet og
sosialt fellesskap.
Klimaplan for Hordaland 2010-2020
Planens visjon: «Klima-­‐ og energifylket Hordaland går føre i felles dugnad for ei berekraftig
framtid»
Planen har som mål å redusere klimagassar i Hordaland med 22 % innan 2020 og 30 % innan
2030, i høve til 1991. Energibruken skal reduserast og gjerast berekraftig, samtidig skal
Hordaland vere best mogleg budd på klimaendringane.
Fylkesdelplan for kulturminner 1999-2010
Planens overordna mål er å forvalta kulturarven i Hordaland slik at ein sikrar ei berekraftig
utvikling og at kulturminne og kulturmiljø vert verna som dokumentasjon av fortida og ressurs
for framtida.
Ved utarbeiding av regulingsplanar bør kulturminne og –miljø som er verneverdig regulerast til
spesialområde vern.
Fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2008-2012
Planens visjon: «Visjonen med arbeidet innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er å skape ein
aktiv kvardag ved å leggje til rette for at alle i Hordaland kan vere meir aktiv i kvardagen.»
Hovudmål i planen er at innbyggjarane i Hordaland skal kunne vere ”aktiv kvar dag” etter eigne
ønskje og føresetnader på allment tilgjengelege område i naturen og i anlegg i nærleiken av der
dei bur.
Forslag til planprogram
5 av 15
Fleire gode levekår for alle – regional plan for folkehelse 2014-2025
Planen visjon er: «Fleire gode leveår for alle!»
Det overordna målet for folkehelsearbeidet i Hordaland er å bidra til eit langsiktig og systematisk
arbeid som gir fleire gode leveår, og som utjamnar sosiale helseforskjellar.
Visjonen for arbeidet er:
3.3
Kommunale planar
Kommuneplanen 2011-2022:
Hovudmåla frå gjeldande kommuneplanen er:
• Vidareutvikle Fjell som vekstkommune i regionen.
• God og langsiktig samordning av arealbruk på sjø og på land.
• Høgare kvalitet på utbygginga, og færre dispensasjonar frå vedteken arealbruk.
I kommuneplanen sin arealdel ligg det aktuelle planområdet i stor grad innafor LNF-formål (Figur
5). Formålet er landbruks-, natur- og friluftsområde med generelt byggeforbod, men der tiltak i
samband med stadbunden næring er tillate. Området er ikkje registrert som LNF-område kor
friluftsliv eller naturvern er dominerande.
Det aktuelle planarbeidet tek sikte på regulering til byggjeområde, formål golf, noko som er i
strid med gjeldande kommuneplan.
Forslag til planprogram
6 av 15
Figur 2 – Utsnitt av kommuneplankartet med planavgrensing markert med raud stipla linje
Kommunedelplan for Sotrasambandet rv 555 Fastlandssambandet Sotra-Bergen – Parsell
Kolltveit – Storavatnet
Nytt Sotrasamband skal gje sikker veg og styrke Sotra/Øygarden si rolle for regionale og
nasjonale næringsinteresser som ein integrert del av ein funksjonell Bergensregion.
Kommunedelplanen bandlegg areal til utbygging av ny rv 555 på strekninga Kolltveit-Bergen
(Figur 3). På Kolltveit planleggjast ny tunnel nord for eksisterande tunnel. Fv. 561 vest for
planområdet byggjast ut til 4-felts veg. Kommunedelplanen fastset areal som i dag nyttast til
golfbane, til ny veg, og dannar grunnlag for behov for erstatningsareal til golfbane.
Innanfor bandleggingssona kan det ikkje settast i gang tiltak etter Pbl § 1 – 6 som er i strid med
eller kan hindre planlegging og utbygging av Rv 555 Kolltveit – kommunegrensa mot Bergen før
arealbruk og utforming er endeleg avgjort gjennom vedteke reguleringsplan.
Det er krav til detaljreguleringsplan for vegen. Denne er under utarbeiding.
Forslag til planprogram
7 av 15
Figur 3 – Utsnitt av kommunedelplan Sotrasambandet. Planavgrensing markert med blå stipla linje.
Idrett og fysisk aktivitet 2011-2018
Planens visjon: «Alle i aktivitet!»
Planen har ei liste over langsiktige behov i kommunen. Her er 18 hol golfanlegg nemnd.
Energi, miljø og klimaplan 2009-2012
Planens visjon: «Fjell kommune er karbonnøytralt i 2050»
Planen har som mål at Fjell kommune skal ha redusert sine klimagassutslepp med 30 % i 2020, i
høve til 1991 utslepp.
3.4
Gjeldande regulering for området
Området er ikkje regulert.
3.5
Pågåande planarbeid
Kommuneplan Fjell kommune
Forslag til ny kommuneplan for Fjell kommune var på høring i 2014. I høringsforslaget ligg
planområdet i LNF-formål som i gjeldande kommuneplan. Del av området, samt område sør for
Storavatnet er underlagt hensynssone H_710 (bandlegging for regulering etter pbl). Areala skal
vurderast som erstatningsareal for golfbane på Kolltveit, i samband med utbygging av
Sotrasambandet.
Forslag til planprogram
8 av 15
Kommunedelplan for Sotrasambandet er foreslått vidareført i kommuneplanen, denne ligg tett
opp til planområdet for golfbanen.
Detaljregulering Rv 555 Kolltveit–Storavatnet
Statens vegvesen varsla oppstart for planarbeidet i 2013. Utviding av planområdet har blitt
varsla fleire gonger sida. Planområde for golfbane ligg delvis innafor varsla planområde (Figur 4).
Reguleringsplan for Sotrasambandet er framleis under utarbeiding. Planen har ikkje vore til
offentleg ettersyn enda. Detaljregulering for golfbana forhold seg til vegreguleringa.
Figur 4 – Utsnitt av varslet område for detaljregulering rv 555. Planavgrensing markert med blå stipla
linje.
Forslag til planprogram
4.
9 av 15
PLANEN
Reguleringsområdet omfattar ca. 33 dekar og råkar tre eigedommar i tillegg til eksisterande
golfbaneeigedom, gnr/bnr 33/9. Området er tenkt regulert til formål golfbane (bebyggelse og
anlegg, pbl § 12-5, nr. 1) og er erstatningsareal for areal som vert borte i samband med
vegutbygginga. Det vert lagt til rette for to nye golfhol i nær tilknyting til eksisterande bane.
Tiltaket er varsam tilarbeiding av eksisterande landskap som tilpassing for golfspel. Det vil ikkje
verte bygd nye bygningar eller tilkomstvegar i samband med tiltaket.
Eksisterande golfbane er planlagd og bygd med tanke på å kunne bevege seg enkelt og naturleg,
sjølv om terrenget er kupert, både på sjølve spelefelta og frå eit golfhol og til det neste.
Golfbanen har frå første dag vore populær. Dette skyldast mellom anna at det ikkje er for mange
lange og bratte gangstrekningar mellom golfhola. Det tar normalt i underkant av 2 timar å spele
9 hol, og dårleg logistikk som fører til speletid mykje utover dette, kan gje fråfall av medlemmer
og gjestespelarar.
Utbygging på valt erstatningsareal nord for eksisterande golfbane vil oppfylle kravet om
kompakthet, god logistikk og gode golfhol. Bruken og drifta av banen vil kunne oppretthaldast på
minst same nivå som i dag. Illustrasjon av ny situasjon er vist i Figur 5.
Forslag til planprogram
Figur 5 – Illustrasjon av ny situasjon. Erstatningsareal markert med svart stipla linje.
10 av 15
11 av 15
Forslag til planprogram
5.
PLANPROSESS OG MEDVIRKNING
5.1
Framdrift
Planlagt framdrift kjem fram av framdriftsplanen under.
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
F
E
R
IE
45
46
47
48
32
Utarbeide
planprogram
Innsending av
planprogram og
varsel
Høring av
planprogram
Varsel om
oppstart av
planarbeid
Medverking
Utarbeiding av
komplett plan
med KU
Innsending av
plan
Kommunal
behandling og
offentlig
ettersyn
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
Utarbeiding av
komplett plan
med KU
Innsending av
plan
Kommunal
behandling og
offentleg
ettersyn
Planforslaget forventast innsendt til kommunal behandling i september 2015.
49
Forslag til planprogram
5.2
12 av 15
Informasjon og medverknad
Etter til plan- og bygningslova skal ein kvar som fremmer planforslag leggje til rette for
medverknad. Kommunen har eit særleg ansvar for å sikre deltaking frå grupper som krev spesiell
tilrettelegging, mellom anna barn og unge. Registrerte grunneigarar og festarar, og så vidt
mogleg andre med rettigheter i planområdet samt naboar, skal når dei vert direkte påverka, på
hensiktsmessig måte underrettast om forslag til reguleringsplan med opplysning om kor det er
tilgjengelig. Forslag til reguleringsplan sendast på høring og leggjast ut til offentleg ettersyn.
Planforslaget gjerast tilgjengelig gjennom elektroniske media. Frist for å uttala seg skal vere
minst seks veker. I tillegg til dei prosessuelle krava som følgjer av plan- og bygningsloven,
leggjast det opp til følgjande medverking og deltaking i arbeidet:
Særmøte: Det vil bli halda særmøte kor naboar og aktuelle partar, samt Statens vegvesen, vert
invitert for å få informasjon om planen.
Forslag til planprogram
13 av 15
6.
ALTERNATIV
6.1
0-alternativet
0-alternativet til planforslaget er den forventa utviklinga av eksisterande situasjon. Utbygginga
av Sotrasambandet (rv. 555) er under planlegging, og vil høgst truleg verte gjennomført. 0alternativet inneber difor ein utbygging av rv. 555, der golfbaneareal går tapt. Dette vil gje eit
mindre golfbaneareal enn ein har i dag, eit areal som ikkje gjer plass til ein fullverdig golfbane. Å
vere medlem på ein golfbane som ikkje er fullverdig, er ikkje attraktivt for golfspelarar, og
området vil dermed ikkje lenger vere aktuelt for å fortsette drifta. 0-alternativet inneber ikkje
andre fysiske endringar i golfbanen.
6.2
Vurdering av alternativ plassering
I startfasen av planarbeidet, har ein utviding mot vestsida av fv. 555 vore vurdert. Løysinga krev
nøysam tilpassing til urørt natur med viktige friluftsområde. I tillegg kan løysinga krevje ny
tilkomst til golfbanen. Plasseringa er vist i Figur 6.
Både forslagsstiller, kommunen og Statens vegvesen ønskjer å få til ei løysing med baneutviding
nord for eksisterande bane. Alternativet med bane vest for fv. 555 vart difor forkasta tidleg i
planprosessen, og det er berre alternativet skildra kapittel 3 som utgreiast vidare.
Figur 6 – Vurdera alternativ med nye areal (markera med svart stipla linje) plassert vest for rv. 555.
Alternativet vart forkasta tidleg i planprosessen.
Forslag til planprogram
7.
14 av 15
BEHOV FOR UTGREIING
Planforslaget skal ha ein enkel konsekvensutgreiing med eit innhald som er omtala nedanfor.
7.1
Hensikt
Utgreiinga skal både vere ein hjelp til å finne gode planløysingar, samtidig som den skal belyse
konsekvensar som kan ha betyding for miljø og samfunn. Utgreiinga skal vere tilpassa plannivå
og omfang av tiltaket.
Nedanfor er det gitt ei liste med tema der det ventast at det kan komme konsekvensar.
Det er gitt ei enkel skildring av framgangsmåte og metode innafor kvart tema. Som
grunnlagsmateriale skal det takast utgangspunkt i eksisterande kunnskap. Der det synast
nødvendig skal ein oppdatere denne og eventuelt hente inn ny kunnskap. Lista tek utgangspunkt
i forskriftens vedlegg IV, bokstav b). Konsekvensar av tiltak etter planen, skal vurderast mot
konsekvensar for same tema i 0-alternativet.
I forskriftens vedlegg IV, bokstav b) inngår nokre tema, som ikkje er omtala her. Det er vurdert
at desse ikkje får endringar i konsekvensar, i forhold til eksisterande situasjon. Dette gjeld til
dømes trafikk, energibruk, samt energiløysingar og forureining. Banen utvidast nordover, og det
vert ikkje behov for ny åtkomst til området. Eksisterande tilkomst vil vere tilstrekkeleg i ny
situasjon. Det er ikkje venta auka trafikk til området. Energibruk og energiløysingar vil vere dei
same som i dag. Det same gjeld for forureining. Avrenning og problematikk kring overvatn blir
behandla under dette temaet. Golfbanen vil ikkje gje større støy- eller luftforureining enn i dag.
Alle temaa vil omtalast i planskildringa.
7.2
Naturmangfald og vassmiljø
Temaet naturmangfald og vassmiljø tek utgangspunkt i eksisterande registreringar frå nasjonalt
tilgjengelege databasar. Fordi det er gjort få registreringar av naturmangfald i planområdet må
det bli utført supplerande feltarbeid. Dette vil tilfredsstille krav i naturmangfaldlova § 8 og samt
gje eit grunnlag til å vurdere konsekvensar for naturmangfald i KUen. I tillegg vil kunnskap frå
arbeidet med reguleringsplan for rv. 555 bli lagt til grunn.
Planforslaget skal ha ei vurdering av forholdet til krava i naturmangfaldlova §§ 8-12 som
grunnlag for vurderingar av konsekvensar for naturmangfald i området (lovkrav).
7.3
Landskap
Områdets visuelle omgjevnadar, både nært og fjernt, og tiltakets verknad på desse skal skildras
og vurderast. Grunnlaget for dette arbeidet skal vere synfaring i området, samt vurderingar gjort
i samband med reguleringsplan for rv. 555.
7.4
Kulturminne og kulturmiljø
Kulturminne innafor planområdet, samt det overordna kulturmiljøet/-landskapet som
planområdet er ein del av, skal vurderast. Det skal takast utgangspunkt i nasjonale databaser,
kommunens og fylkeskommunens registreringar, samt registreringar og vurderingar gjort i
samband med reguleringsplan for rv. 555.
Det skal takast kontakt med fylkeskommunen, og deira krav til nye arkeologiske registreringar i
planområdet skal avklarast. Det same gjeld behovet for kartlegging av nyare tids kulturminne.
Resultata frå eventuelle registreringar skal inngå i KUen.
Ved behov skal kulturminne sikrast i plankart og planføresegnar.
Forslag til planprogram
15 av 15
7.5
Naturressursar
Temaet omhandlar jord- og skogbruksareal, samt ressursar frå vatn, berggrunn og mineral.
Arealbeslaget planen opnar for, skal undersøkjast for naturressursar, eller potensiale for slike.
Grunnlagsdata for arbeidet er markslags- og arealressurskart, flyfoto, samt observasjonar frå
synfaring i området.
7.6
Barn- og unges oppvekstvilkår
Temaet skal alltid vurderast i planprosessar. Det skal enkelt gjerast greie for konsekvensane
tiltaket kan få for barn- og unge.
7.7
Friluftsliv
Det skal vurderast korleis tiltaket påverkar friluftslivet i området. Vurderinga skal baserast på
synfaring i området, samt vurdering gjort i samband med reguleringsplan for rv. 555. Ved behov
skal friluftsorganisasjonar og lokalkjente kontaktast. Planområdet og bustadområde i nærleik
vurderast.
7.8
Risiko- og sårbarhet
Det skal utarbeidast ei eiga risiko- og sårbarhetsanalyse til detaljreguleringa. Dei viktigaste
punktane frå analysen skal takast inn i konsekvensutgreiinga, og danne grunnlag for vurderinga
her.
Sikkerheit knytt til golfspelet, både mot nærmaste omgivnader og internt på sjølve banen skal
vurderast innafor dette temaet.
7.9
Arkitektonisk og estetisk utforming
Det skal vurderast utforming av dei nye golfholene i forhold til eksisterande landskap,
eksisterande golfbane og de eksisterande golfhola. Noko av dette blir også tatt opp i samband
med vurderinga i pkt. 6.3 Landskap.