Rundskriv 1 2015 (nynorsk)(4 5 5kb)

Rundskriv
frå
Riksadvokaten
201500409
690
Rundskriv nr. 1/2015
Oslo, 9. mars 2015
MÅL OG PRIORITERINGAR FOR STRAFFESAKSHANDSAMINGA I
2015 – POLITIET OG STATSADVOKATANE
I. INNLEIING
Mål- og prioriteringsrundskrivet for 2015 fører vidare hovudlinjene i det tilsvarande
rundskrivet for 2014.1 Dei generelle måla og prioriteringane Riksadvokaten har for
straffesakshandsaminga, ligg i hovudsak fast. Dette rundskrivet må sjåast i samanheng med
rundskriv nr. 2/2012 om krav til straffesakshandsaminga i politiet og ved statsadvokatembeta.
Det sistnemnde rundskrivet gjeld inntil vidare.2
I arbeidet med dette rundskrivet tok ein omsyn til sentrale styringsdokument, særleg:
•
•
•
•
•
•
Prop. 1 S (2014–2015), side 11–26 og 67–83
Innst. 6 S (2014–2015), 9–15 og 29–36
«Politisk plattform for en regjering utgått av Høyre og Fremskrittspartiet» av 7.
oktober 2013
tildelingsbrevet frå Justis- og beredskapsdepartementet til Den høgre påtalemakta av
27. januar 2015
tildelingsbrevet frå Justis- og beredskapsdepartementet til Politidirektoratet av 5.
februar 2015
tildelingsbrevet frå Politidirektoratet til politi- og lensmannsetaten av 20. februar 2015
Det er også sett til avtale av 17. februar 2015 mellom regjeringspartia (H/FrP) og Venstre om
grunnlaget for eit framtidsretta, robust nærpoliti.
Tildelingsbrevet frå departementet til Den høgre påtalemakta er utarbeidd i samråd med
Riksadvokaten. Det har vore dialog mellom Politidirektoratet og Riksadvokaten om dei
delane av disponeringsskrivet frå Politidirektoratet til politi- og lensmannsetaten som vedkjem
straffesakshandsaminga, og om disponeringsskrivet til Økokrim. Riksadvokaten har lagt dette
rundskrivet fram for departementet og direktoratet før det vart sendt ut.
Nytt i 2015 er at Justis- og beredskapsdepartementet har endra hovudmåla som omfattar
domstolane, kriminalomsorga og politiet og påtalemakta.3 Det er innført sektorovergripande
mål for straffesakskjeda, asylkjeda og samfunnstryggleik og beredskap. Dette endrar ikkje dei
generelle krava til straffesakshandsaminga i politiet og ved statsadvokatembeta. Desse ligg
framleis fast, og meir om dette er å finne i rundskriv herifrå av 29. februar 2012 (nr. 2/2012),
nemnt ovanfor.
1
Riksadvokatens rundskriv nr. 1/2014 av 27. februar 2014.
Revisjon av rundskrivet er førebels utsett m.a. av omsyn til strukturreforma i politiet. Enkelte føringar vil vere
innarbeidde i dette rundskrivet, jf. m.a. punkt III om etterforsking som satsingsområde.
3
Prop. 1 S (2014–2015), side 11f.
2
II. HOVUDMÅL OG HOVUDUTFORDRINGAR
Eit overordna mål for politiet og påtalemakta er å bidra til å redusere kriminaliteten i Noreg.
For å oppnå dette følgjer ein som kjent to hovudstrategiar: generelle førebyggjande tiltak for å
hindre kriminalitet (ei polititeneste som er synleg, til stades og målretta, i tillegg til
haldningsskapande arbeid) og straffesakshandsaming. Ansvarsområdet til Riksadvokaten er
straffesakshandsaminga i politiet og påtalemakta.
Det sentrale målet for Den høgre påtalemakta vil også i 2015 vere å sikre ei målretta og
effektiv straffesakshandsaming av høg kvalitet som sikrar rettstryggleik og menneskerettar.4
Straffesakshandsaminga til politiet og påtalemakta omfattar hovudsakleg etterforsking,
påtalevedtak og iretteføring. At straffesakshandsaminga bidreg til å redusere kriminaliteten i
Noreg, er først og fremst avhengig av at straffbare handlingar blir avdekte og oppklarte, at
skuldige blir straffa, og at reaksjonen er adekvat.
Effekten blir betre dess kortare tid som går frå lovbrotet. Høg kvalitet er er avgjerande for
både rask oppklaring og adekvat reaksjon.
På bakgrunn av dette er måla for straffesakshandsaminga framleis høg kvalitet, høg
oppklaring, kort sakshandsamingstid og adekvat reaksjon.
I 2015 er hovudmålet frå regjeringa for straffesakskjeda, som i tillegg til politi og påtalemakt
omfattar domstolane og kriminalomsorga, å redusere alvorleg kriminalitet og gjere
sakshandsaminga meir effektiv.
Ein skal framleis satse på å etterforske fleire grove narkotikabrotsverk og annan grov
profittmotivert kriminalitet. Ein skal avdekkje og oppklare fleire saker om vald i nære
relasjonar og seksualbrotsverk. Motarbeiding av arbeidsmarknadskriminalitet er ei viktig
satsing for politiet i år. Bruken av falske identitetsdokument – gjerne i kombinasjon med
avansert teknologi – er utan tvil i auke, og dette er også eit område ein må gi adekvat
merksemd. Risikoen for å miste utbytet av profittmotivert kriminalitet er framleis for låg, og
inndraging skal framleis ha høg prioritet. Terrorfaren er skildra som aukande, og det same
gjeld for valdeleg ekstremisme. I det daglege straffesaksarbeidet er det viktig at politi og
påtalemakt vurderer om det kjem fram opplysningar ein bør formidle til Politiets
tryggingsteneste.
Restansene av ikkje påtaleavgjorde saker må reduserast, jf punkt IV 3. Budsjettsatsinga frå
regjeringa på Den høgre påtalemakta i 2015 skal føre til ei meir aktiv fagleiing frå
statsadvokatane og betre oppgåveløysing.
Ny straffelov er forventa å tre i kraft 1. oktober 2015, og for å setje henne i verk krevst det
aktiv deltaking og engasjement frå heile påtalemakta. Det er sett i verk omfattande
opplæringstiltak, og Riksadvokaten føreset at alt personell som tek del i
straffesakshandsaminga, gjennomfører slike tiltak.
4
Tildelingsbrevet til Den høgre påtalemakta 2015, side 2.
2
III. ETTERFORSKING SOM SATSINGSOMRÅDE
Riksadvokaten har over tid registrert ei utvikling der etterforskinga – til ein viss grad – synest
å ha vorte skadelidande i konkurranse med dei andre gjeremåla til politiet. Det er no ei felles
forståing mellom departement, direktorat og riksadvokatembetet om at det er nødvendig å
styrkje etterforskinga. I Prop. 1 S (2014–2015), side 74 finn vi dette:
«Politiet må sørge for den nødvendige balanse mellom etterforskning og påtalearbeid og
øvrige politimessige oppgaver. Departementet forutsetter at straffesaksbehandlingen gis den
nødvendige oppmerksomhet og er godt forankret i politidistriktets ledelse. Betydningen av å
sørge for aktiv og god politifaglig og påtalefaglig ledelse i det løpende straffesaksarbeidet
understrekes.»
Riksadvokaten vil framheve dette som særleg viktig i denne samanhengen:5
1) engasjement for etterforskingsfaget hos toppleiinga i politiet, med dei prioriteringane og den
legitimiteten som følgjer med dette
2) etterforskingsleiing (både påtalemessig og politifagleg)
3) merksemd på kvalitet – kompetanse, praksis, trening og evaluering
eit meir forpliktande system
4) fagleiing frå statsadvokatane og oppfølging frå POD og Riksadvokaten
Politidirektoratet understrekar dette i årets disponeringsskriv:6
«Politidistriktene skal sikre stabilitet og erfaring på etterforskingsområdet ved bruk av
nødvendige virkemidler. Tiltaksplan for å redusere uønsket turnover og øke kompetanse på
etterforskingsområdet skal utarbeides og legges i PSV.»
IV. RESULTATMÅL M.M. FOR STRAFFESAKSHANDSAMINGA
1. Innleiing
For 2015 blir det framleis stilt krav til gjennomsnittleg sakshandsamingstid sjølv om desse frå
og med i år er del av budsjettproposisjonen eller tildelingsbrevet til politiet.
Innføringa av ny straffelov vil nødvendigvis verke inn på resultatkrav og måleparameterar.
Riksadvokaten vil, etter drøfting med Politidirektoratet, seinare setje opp enkelte nye, sentrale
mål for straffesakshandsaminga.
Før vi går gjennom resultatmåla, understrekar Riksadvokaten at det er viktig med innsats mot
dei miljøa som utfører kriminalitet som tradisjonelt ikkje blir meld. Gode resultat her kan i
periodar rettferdiggjere at oppklaringsprosenten minkar og sakshandsamingstida aukar.
2. Høg oppklaring
At straffesakshandsaminga bidreg til å redusere kriminaliteten, er avhengig av at straffbare
handlingar blir avdekte og oppklarte. Den gjennomsnittlege oppklaringsprosenten for landet
sett under eitt var i 2014 på 39 %, ei betring på heile 1,7 % samanlikna med året før. Så sant
politiet legg inn ein målretta innsats, bør ein kunne halde fram den positive utviklinga frå
2014. Færre politimeldingar bør gi høgre oppklaring.
Oppklaringsprosenten varierer ikkje berre mellom dei ulike kriminalitetstypane, men også
mellom politidistrikta. Nokre distrikt har utan tvil altfor låg oppklaringsprosent.
5
6
I tillegg er arbeidsvilkår og statusen til etterforskingsfaget særleg viktig.
Disponeringsskriv for politi- og lensmannsetaten 2015, side 13.
3
Riksadvokaten finn difor også i år grunn til å minne om at Riksrevisjonen har peika på at
distrikt med høg oppklaring ser ut til å jobbe systematisk over tid.7
Innanfor områda vald og vinning er oppklaringsprosenten framleis gjennomgåande for låg.
Oppklaring av vinningskriminalitet er viktig, mellom anna fordi politiet si evne til å avdekkje
og påtale slik kriminalitet har preventiv effekt. Svake resultat på dette området – som er ein
type brotsverk som rammar folk flest – vil over tid svekkje tilliten i folkesetnaden til politiet
og den daglege tryggleikskjensla i samfunnet. Politiet må ikkje tape av syne kor viktig det er
at også mindre og tilsynelatande kvardagslege lovbrot, blir etterforska og oppklarte. Det er
slike lovbrot som gjer at mange føler seg mindre trygge i dagleglivet. Vald generelt og vald i
nære relasjonar spesielt utgjer eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Riksadvokaten
understrekar at det er viktig å auke oppklaringa på dette området, som omfattar prioriterte
saker.
I budsjettproposisjonen kjem det fram at det er eit mål å auke oppklaringsprosenten (og
redusere sakshandsamingstida) for alvorleg kriminalitet.8 I tildelingsbrevet til
Politidirektoratet er det stilt krav til auka oppklaring av kjønnlemlesting og dei mest alvorlege
valdsbrotsverka etter straffelova.9 For dei alvorlege sakene som går inn i dei sentrale
prioriteringane til Riksadvokaten, er målet at slike saker skal oppklarast så langt råd er, jf.
punkt V.
Riksadvokaten minner om at nytteverdien av DNA-registeret blir svekt dersom personar som
er straffa med ein reaksjon som kvalifiserer for registrering i identitetsregisteret, ikkje blir
registrerte. Det er framleis store restansar både for avgjerdene frå påtalemakta om registrering
og at ein hentar inn biologisk materiale frå personar som skal registrerast.
3. Kort sakshandsamingstid
Sakshandsamingstid
Desse overordna resultatmåla gjeld for straffesakshandsaminga i politiet i 2015:
•
•
•
Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for oppklarte brotsverk i politi- og
lensmannsetaten skal, der det ikkje er fastsett særskilde fristar, ikkje vere lenger enn
120 dagar. Målet er eit landsgjennomsnitt. Dei lokale måla må tilpassast til dei enkelte
politidistrikta.
I saker som gjeld lekamskrenking med skadefølgje og lekamsskade (straffelova § 228
andre ledd og § 229), skal sakshandsamingstida i oppklarte saker ikkje vere lenger enn
90 dagar frå politimelding til påtalevedtak i politiet, med mindre omsynet til
etterforskinga eller andre omstende gir grunn til det.
I saker mot personar som var under 18 år då handlinga vart gjord, skal spørsmålet om
tiltale vere avgjort seinast seks veker etter at personen vart rekna som mistenkt i saka,
med mindre omsynet til etterforskinga eller andre særlege grunnar gjer det nødvendig
å bruke lenger tid.
Punkta ovanfor gjeld saker der påtalekompetansen ligg hos påtalemakta i politiet. Fristane
gjeld også for oversending til høgre påtalemakt når kompetansen til å avgjere tiltalespørsmålet
7
Riksrevisjonen si undersøking av politiet sitt arbeid med vinningskriminalitet, Dokument 3:6 (2011–2012).
Prop. 1 S (2014–2015), side 76.
9
Tildelingsbrevet frå Justis- og beredskapsdepartementet til Politidirektoratet 2015, side 8.
8
4
høyrer under statsadvokatsembetet eller Riksadvokaten. I slike tilfelle gjeld desse
måla/fristane for Den høgre påtalemakta:10
•
•
Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for påtale- og klagesaker skal ikkje vere lenger
enn 30 dagar, og 90 % av påtale- og klagesakene skal vere avgjorde før denne fristen.
I saker mot personar som var under 18 år då handlinga vart gjord, skal statsadvokaten
avgjere spørsmålet om tiltale eller sende over saka til Riksadvokaten med innstilling
om avgjerd seinast 15 dagar etter at ein fekk saka frå politiet. Ein kan likevel avgjere
tiltalespørsmålet seinare dersom særlege omstende gjer det nødvendig.
Dessutan skal sakshandsamingstida vere kort for desse saktypane:
•
•
•
dei sentralt prioriterte sakene (punkt V)
saker med varetektsfengsling
saker om avslutting av tvunge psykisk helsevern, tvungen omsorg og prøvelauslating
frå forvaring
I tildelingsbrevet frå departementet til Politidirektoratet er det presisert at gjennomsnittleg
sakshandsamingstid frå politimelding til påtaleavgjerd skal vere kortare i 2015 enn i 2014
både for alvorlege seksualbrotsverk, vald i nære relasjonar og nærare bestemde bedrageri-,
underslag- og rekneskapsbrot.11 (For ordens skuld skal det nemnast at dette tildelingsbrevet
ikkje vart lagt fram for Riksadvokaten på førehand). Ved alvorleg og kompleks kriminalitet
må ein likevel vege kravet til rask handsaming opp mot oppklaring og moglegheitene for å
kunne dra inn utbyte.12
Fristen for dommaravhøyr av born skal overhaldast, jf. elles disponeringsskrivet frå
Politidirektoratet, side 13. Nytt regelverk for slike avhør er venta å vere klart i 2015.
Restansar
Restansane i politiet er framleis store. Få restansar – og særleg få gamle restansar – er
nødvendig for å nå målet om kort sakshandsamingstid. Riksadvokaten forventar ein målretta
innsats frå politiet for å redusere restansane.
Samtidig som ein skal prioritere reduksjon av restansar, understrekar Riksadvokaten at ein må
balansere innsatsen mot omsynet til den viktige initialfasen. Den påtalestyrte leiinga av nye
og pågåande etterforskingar må altså ikkje bli svekt fordi ein i for stor grad rettar merksemda
mot eldre saker. Ein tett dialog med statsadvokatane, og at dei er proaktive i fagleiarrolla, vil
her stå sentralt.
Desse resultatkrava er nedfelte i tildelingsbrevet til Politidirektoratet:13
•
•
•
Talet på ikkje påtaleavgjorde saker eldre enn 12 md. skal ikkje overskride
7000.
Talet på ikkje påtaleavgjorde saker eldre enn 3 md. skal ikkje overskride
35 000.
Ein skal redusere talet på påtaleavgjorde, men ikkje rettskraftige saker.
10
Tildelingsbrevet til Den høgre påtalemakta 2015, side 5.
Tildelingsbrevet til Politidirektoratet, side 7 og 8.
12
Prop. 1 S (2014–2015), side 76.
13
Tildelingsbrevet til Politidirektoratet, side 5.
11
5
4. Adekvat reaksjon
Når ein utfører aktorat og vurderer om ein skal bruke rettsmiddel, skal ein gi
reaksjonsspørsmålet særleg merksemd på desse områda i 2015:
• valdsbrotsverk
• seksuallovbrot
• bruken av reglane om særreaksjonar
• organisert kriminalitet
• alvorlege trugsmål
• omfattande og gjenteken vinningskriminalitet
• dødsulukker i trafikken
Særreaksjonssakene må ein framleis følgje særleg med på, ikkje minst på grunn av risikoen
for gjentaking av alvorlege straffbare forhold. Når det gjeld forvaring, fører grunnvilkåra i
dag, slik det er presisert av Høgsterett14, til at det for mange vil vere lettare å bli
prøvelauslatne frå forvaring enn frå ordinær fengselsstraff. Fram til lova eventuelt blir endra,
er det viktig å vurdere nøye om forvaring er rett reaksjon, og kva som er det beste middelet
for å sørgje for samfunnsvernet.15 Statsadvokatane må sjå til at ein har etablert nødvendige
rutinar for å sikre at spørsmålet om forlenging eller avslutting av tvunge psykisk helsevern og
tvungen omsorg blir vurdert i tide. Dersom ein skal forlengje forvaring, må ein starte
prosessen tidleg nok.16 Dersom domstolen ikkje tek kravet frå påtalemakta om særreaksjon til
følgje, må ein vurdere om det er grunn til å anke.
Påtalemakta skal framleis følgje opp dei klare føringane frå lovgivaren om strengare straff i
valdssaker og ved seksuallovbrot. Dersom domstolen måler ut straff i strid med det
normalstraffnivået som er etablert, eller som er vesentleg lågare enn dette nivået utan at ein
kan påvise reelle formildande omstende, bør påtalemakta normalt anke.
Riksadvokaten minner om at det er mogleg å påstå dømming til elektronisk kontroll (omvend
valdsalarm) ved kontaktforbod i tillegg til eller i staden for anna straff, jf. straffelova
§§ 33 og 33 a. Riksadvokaten viser også til brevet frå Politidirektoratet til politimeistrane av
11. februar 2013 og rundskriv 2013/003 frå direktoratet om bruk av elektronisk kontroll ved
kontaktforbod.
Påtalemakta bør framleis arbeide for eit strengt straffenivå i saker som gjeld organisert
kriminalitet, jf. straffelova § 60 a, som i 2013 vart endra slik at han har eit vidare
nedslagsfelt.17 Det gjeld her ofte personar som regelmessig gjer alvorlege straffbare
handlingar av større omfang, og som ein må møte med strenge reaksjonar.
Riksadvokaten understrekar det kriminalpolitiske målet om at straffbare handlingar ikkje skal
løne seg. Gjerningspersonen må derfor bli fråteken utbytet av straffbare handlingar.
Inndraging er sentralt i innsatsen mot alle former for profittbasert kriminalitet. Målretta
etterforsking med sikte på inndraging av utbyte skal prioriterast høgre.18 Veileder til effektiv
14
Rt. 2014, side 934.
Særleg gjeld dette i tilfelle der det er aktuelt med ein reaksjon der minstetida er avgrensa til 10 år. Ved
lovendring 9. januar 2015 vart minstetida auka. Endringa får likevel verknad berre for handlingar som er gjorde
etter at lova tredde i kraft same dag.
16
Brevet frå Riksadvokaten av 19. desember 2013.
17
Jf. lov 21. juni 2013 nr. 85, gyldig same dag.
18
Prop. 1 S (2014–2015), side 79.
15
6
inndragning (2012) frå Økokrim er i denne samanhengen framleis eit svært nyttig verktøy for
politi og påtalemakt. Rettleiaren er tilgjengeleg i KO:DE.
Politiet skal følgje opp dopingkriminalitet. Riksadvokaten tek sikte på å sende ut enkelte
retningslinjer om handheving og reaksjonar i dopingsaker i løpet av 2015.
Påtalemakta skal bidra til å følgje opp intensjonane frå lovgivaren om å etablere eit nytt
normalstraffenivå ved brot på innreiseforbodet etter utlendingslova § 108 tredje ledd bokstav
e, jf. elles avgjerdene i Rt. 2014, side 709 (ankeutvalet) og Rt. 2015, side 51.
I saker som gjeld økonomisk kriminalitet, må ein vurdere nøye om det er gjort lovbrot ut over
typiske formalbrot som til dømes brot på rekneskapsreglar.
Riksadvokaten minner om at det er høve til å dra inn køyretøy eller eit beløp som svarar til
verdien på køyretøyet eller ein del av verdien, jf. straffelova § 35. Dette gjeld særleg ved grove
eller gjentekne trafikklovbrot som set livet eller helsa til andre personar i fare. Tap av køyresetel
kan etter omstenda vere relevant, jf. Rt. 2008, side 1634. I begge tilfella er det krav om at politiet
vurderer inndraging på etterforskingsstadiet. Det er også høve til å straffe med tap av førerett av
allmenne omsyn dersom ein person blir dømd for straffbare handlingar, og det er klar
(kvalifisert) samanheng mellom bruken av motorvogn og handlinga, jf. vegtrafikklova § 33 nr. 1
og tapsforskrifta § 2-6.
I arbeid mot barne- og ungdomskriminalitet skal påtalemakta bruke alternative straffereaksjonar
i samsvar med føresetnadene til lovgivaren. For gjerningspersonar under 18 år er det eit mål å
bruke andre straffereaksjonar enn fengsel utan vilkår, så langt det er mogleg. Deltaking i
ungdomsstormøte, oppfølging av ein ungdomsplan ved oppfølgingsgrupper eller mekling i
konfliktråd kan gje lovbrytaren ansvarskjensle og verke førebyggjande. Riksadvokaten
har i brev 16. januar 2015 gitt enkelte førebelse retningslinjer om bruken av dei strafferettslege
reaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd. Dei nye
straffereaksjonene tredde i kraft 1. juli 2014, men skal i utgangspunktet ikkje brukast i saker som
skjedde før dei tredde i kraft. Ein kan likevel påstå ungdomsstraff dersom dette skjer som eit
alternativ til påstand om fengselsstraff utan vilkår.19 Riksadvokaten vil i 2015 utarbeide eit
rundskriv om desse strafferettslege reaksjonane.
Samfunnsstraff med tett oppfølging frå kriminalomsorga kan vere godt eigna for unge
lovbrytarar. Pliktbrot i form av ny kriminalitet, må bli følgde opp av politiet. Andre pliktbrot
høyrer under kriminalomsorga. Politiet må halde oppe eit godt samarbeid med kriminalomsorga
og vere til hjelp både under førebuing og gjennomføring av samfunnsstraff. Personundersøking
blir henta inn når det er aktuelt å påstå samfunnsstraff. Skikkavurdering er ikkje nødvendig.
Påtalemakta må samarbeide med dei aktuelle styresmaktene slik at straffedømde utlendingar i
størst mogleg grad og raskt kan bli overførte til heimlandet for soning. I samband med dette er
det naturleg å vise til direktiva frå Riksadvokaten i brev av 6. juli 2010 om merking av saker og
såkalla rask prosedyre for å sikre at det raskt blir oppretta utvisingssak. Dette skjer ved at
domskontora i dei enkelte politidistrikta ekspederer dom m.m. til utlendingsforvaltninga før det
har gått fem dagar.
19
Straffelova § 3 andre ledd.
7
V. PRIORITERING VED OPPSTART OG GJENNOMFØRING AV ETTERFORSKING
1. Sentrale og landsdekkjande prioriteringar
Dei sentrale og landsdekkjande prioriteringane Riksadvokaten har for oppstart og gjennomføring
av etterforsking, er framleis få og stabile. Dette vil seie at det er eit stort rom for lokale
prioriteringar i statsadvokatregionane og politidistrikta. At dei sentrale prioriteringane er stabile,
vil seie at hovudlinjene i kampen mot kriminalitet ligg fast over tid. Dette er både tilsikta og
gunstig. Samtidig må innsatsen alltid vere tilpassa den faktiske kriminalitetssituasjonen i
distriktet og den forventa utviklinga.
Desse sakstypane er prioriterte av Riksadvokaten:
• drap og andre alvorlege valdsbrotsverk, medrekna eldspåsetjingar og andre alvorlege
brotsverk som set liv og helse i fare
• alvorlege seksuallovbrot
• alvorlege narkotikabrotsverk
• alvorlege trafikklovbrot, medrekna dødsulukker, ulukker med stor personskade og
trafikkåtferd som ber preg av at gjerningspersonen medvite har teke ein risiko som har
ført til stor fare for alvorleg ulukke
• økonomisk kriminalitet av alvorleg karakter, særleg den som rammar fellesskapet,
alvorleg IKT-kriminalitet og alvorleg miljøkriminalitet som rammar det indre miljøet
(arbeidsmiljøet og arbeidsmarknaden) eller det ytre miljøet (natur, forureining, kunst og
kulturminne)
• alvorleg internasjonal og organisert kriminalitet
• straffbare handlingar som synest å vere motiverte av hudfargen, nasjonaliteten, livssynet,
den homofile orienteringa eller nedsette funksjonsevna til den fornærma (hatkriminalitet)
Riksadvokaten understrekar at prioriteringane gjeld for den samla straffesakshandsaminga i
politidistriktet, utan at det blir gitt ei innbyrdes prioritering. Politimeisteren har ansvaret for at
alle saker i distriktet som fell innanfor prioriteringane frå Riksadvokaten, får forrang dersom det
er knapt med ressursar, uavhengig av kva for organisatorisk eining som i utgangspunktet er
tildelt etterforskings- og påtaleoppgåver. Sakene skal så langt råd er, bli oppklarte, og både
etterforskarar og juristar skal unngå unødig «liggjetid». Ansvaret for gode rutinar og skikkeleg
oppfølging ligg på toppleiinga i distriktet. Det er til dømes viktig at ein ser uoppklarte
valdtektssaker i samanheng for å avklare om same gjerningspersonen kan ha gjort fleire lovbrot.
Ein bør rådføre seg med valdtektsgruppa ved Kripos ved behov.
I tildelingsbrevet til Politidirektoratet er det sett opp eit mål om fleire politimeldingar av grove
narkotikabrotsverk, menneskehandel og grov kvitvasking eller heleri. Dette fører med seg eit
krav om auka aktivitetsnivå frå politiet si side. I tillegg er det same stad også sett opp eit mål om
fleire politimeldingar av seksualbrotsverk og vald i nære relasjonar.20
Ikkje minst i alvorlege valdssaker vil det ofte vere aktuelt å stille spørsmål ved om den sikta er
strafferettsleg tilrekneleg. I så fall er det viktig at det raskt blir gjort ei prejudisiell vurdering av
den sikta, og eventuelt, når forholda gjer det mogleg, at retten raskt oppnemner sakkunnige som
kan kome i kontakt med den sikta kort tid etter gjerningstidspunktet. Erfaringar har vist at det i
nokre tilfelle kan vere ein fordel å få oppnemnt tre sakkunnige i staden for to, og då helst to
psykiatrar og éin psykolog. Påtalemakta bør hindre at dei same sakkunnige blir oppnemnde
saman i sak etter sak. Ein bør også vurdere moglegheita for døgnkontinuerleg observasjon av den
sikta oftare enn det som har vore praksis til no. Ved vurdering av om det behov for å oppnemne
20
Tildelingsbrevet til Politidirektoratet, side 7 og 8.
8
nye sakkunnige i tillegg til dei først oppnemnde, tilrår Riksadvokaten ei mindre restriktiv tolking
av uttrykket «påkrevet» i straffeprosesslova § 139 enn det ordlyden i lova strengt teke tilseier.
Påtalemakta må ikkje undervurdere at det er viktig med andre bevis enn fråsegnene frå dei
sakkunnige for å avgjere om den sikta er tilrekneleg etter straffelova § 44. Rett nok vil dette
spørsmålet i mange saker framstå som avklart i ein tidleg fase, men likevel må påtalemakta
prinsipielt sett vente på den samla bevisføringa i retten før ein tek endeleg stilling. Dette er ikkje
minst viktig dersom dei sakkunnige har kome til ulikt resultat, og det blir lagt opp til omfattande
bevisføring som supplement til fråsegnene frå dei sakkunnige. I slike tilfelle kan det også vere
aktuelt å ta nødvendige atterhald om endringar i tiltalevedtaket. Påtalemakta må bidra til
kontradiksjon om og kritisk etterprøving av dei faktiske premissane for sakkunnige vurderingar.
Innsats mot alvorleg og organisert kriminalitet krev i mange tilfelle eit tett samarbeid på tvers av
distrikts- og profesjonsgrenser, og også internasjonalt. Statsadvokatane må sjå til at innsats mot
alvorleg og organisert kriminalitet, medrekna grove narkotikabrotsverk og menneskehandel, er
prioritert høgt nok i politidistrikta. Dei må sørgje for nødvendig koordinering, slik at ein unngår
at saker ikkje blir etterforska på grunn av usemje eller manglande avgjerd om kva distrikt som
skal ha ansvaret. Også i 2015 skal ein leggje inn større innsats mot arbeidsmarknadskriminalitet.
Ulovleg bruk av arbeidskraft, menneskehandel, grov sosial dumping, tvangsarbeid, fiktiv
fakturering, kvitvasking av kriminelt utbytte og kamuflering av straffbare handlingar i legal
verksemd er gjerne del av slik kriminalitet. Det er kjent at organiserte kriminelle opprettar
stråselskap utan klare kommersielle føremål for å infiltrere legitim verksemd. På denne måten
skaffar dei seg tilgang til logistikk for å kunne plassere og kvitvaske utbyte. Det er også døme på
at organiserte kriminelle tek kontroll over heile eller delar av næringskjeder for å effektivisere
eigne kvitvaskingsmetodar. Samarbeid på tvers av politidistrikt og med andre offentlege
kontrollorgan og næringslivet er viktig.
Det at ein no må rette større merksemd mot arbeidsmarknadskriminalitet, må ikkje få til
konsekvens at innsatsen mot (annan) økonomisk kriminalitet av alvorleg karakter blir svekt i
nokon særleg grad. Ein god balanse i saksporteføljen er viktig, ikkje minst i økoteama.
Politimeistrane blir oppmoda om å nytte dei finansieringsmoglegheitene og anna som ligg i
Samordningsorganet for innsats mot organisert og annan alvorleg kriminalitet. For 2015 vil
organet rette særleg merksemd mot arbeidsmarknadskriminalitet, gjengkriminalitet, medrekna
1 % MC-miljøet, litauiske kriminelle nettverk og kjøp og sal av narkotika og doping via
Internett. Prosjekt som prioriterer pengesporetterforsking og inndraging av utbyte vil kunne
forvente ein viss forrang.
Bortsett frå hatkriminalitet gjeld prioriteringa dei alvorlege lovbrota. Om dei enkelte lovbrota
skal skildrast som «alvorlege», vil i utgangspunktet vere avhengig av ei heilskapsvurdering. I
kategoriane valds- og seksualbrotsverk m.m. og narkotikakriminalitet skal ein som eit generelt
utgangspunkt prioritere straffbare handlingar som kan føre til høgre straff enn fengsel i 6 år. Ved
denne strafferammevurderinga bør ein i utgangspunktet ikkje ta omsyn til straffauke som følgje
av konkurrens, jf. straffelova § 62. Det kan stille seg annleis ved gjentaking, jf. straffelova § 61.
Etter § 60 a skal ein leggje til grunn ei auka strafferamme dersom handlinga er gjord som ledd i
aktivitetane til ei organisert kriminell gruppe. (For ordens skuld nemner vi at ran i
prioriteringssamanheng er rekna som valdskriminalitet, sjølv om dette i kriminalstatistikken er
definert som eit vinningsbrotsverk.)
Vald i nære relasjonar kan vere så alvorleg at han er omfatta av dei sentrale prioriteringane frå
Riksadvokaten. Slike saker må ein ta særskilt alvorleg. Eit vilkår for å kunne motarbeide og
9
avdekkje denne typen vald og mishandling er at offeret har tillit til at politiet og påtalemakta er i
stand til å gi vern mot nye overgrep og krenkingar frå gjerningspersonen. I denne samanhengen
er besøksforbod eit sentralt verkemiddel. Høgsterett har i Rt. 2013, side 588 slått fast at ein etter
omstenda kan halde staten ansvarleg dersom nokon ikkje får godt nok vern mot trugande eller
sjikanøs åtferd frå andre privatpersonar etter EMK, jf. brevet frå Riksadvokaten av 6. mai 2013.
Påtalemakta må merke seg avgjerda i Rt. 2015, side 34, der Høgsterett seier deldom for
gjentekne brot på besøksforbod i ei sak der det ikkje var tale om vald eller trugsmål om vald.
Høgsterett uttalar her at allmennpreventive omsyn talar for at brot på besøksforbod skal få
følbare konsekvensar også i slike tilfelle.
Saker om alvorleg vald mot små born er krevjande å etterforske og påtaleavgjere. Slike saker må
ein handsame særleg grundig. Særleg gjeld dette born som ikkje har språk, som har
funksjonsnedsetjingar, eller som har eit underutvikla språk. Kripos har opparbeidd seg brei
ekspertise på området, og i saker om alvorleg vald mot små born som blir alvorleg skadde, får
varige mein eller døyr, skal ein konsultere Kripos allereie ved dei innleiande undersøkingane.
Også i andre saker om vald mot små born skal ein så tidleg som mogleg i etterforskinga – og
fortløpande – vurdere nøye om ein skal be om støtte. Det vil jamleg vere nødvendig at høgt
kvalifiserte medisinsk sakkunnige uttalar seg i denne typen saker, og det er svært viktig at det
blir laga eit presist og adekvat mandat. Hovudregelen er at alle moglegheiter for avklaring av
årsaks- og ansvarsforhold skal vere utprøvde før ein kan leggje vekk ei slik sak.
Erfaringar viser at det ofte kan vere vanskeleg å identifisere den direkte valdsutøvaren sikkert i
valdssaker mot born. Ein må vurdere nøye om medverknadslæra likevel kan gi grunnlag for
tiltale. Riksadvokaten har i fleire saker gitt ordre om å skrive ut tiltale for barnemishandling der
omsorgspersonane til barnet anten sjølve har utøvd visse typar vald mot barnet, eller ikkje har
prøvd å forhindre vald mot barn dei har omsorg for.
Tilfelle der born blir utsette for gjenteken vald eller andre overgrep, vil i nokre tilfelle utløyse
spørsmål om brotsverket eller omfanget av det kunne vore unngått dersom personar med innsikt i
saksforholdet hadde levert politimelding eller på annan måte hadde gripe inn. Problemstillinga
kan m.a. vere aktuell overfor personar i hjelpeapparatet. Brot på plikta til å avverje eit straffbart
forhold er strafflagt etter straffelova § 139 (ny straffelov § 196). I alvorlege tilfelle må ein
vurdere om det er grunnlag for etterforsking etter denne føresegna, og ein bør merke seg den
relativt korte foreldingsfristen som gjeld her.
Saker om internasjonal barnebortføring må håndterast raskt og effektivt. Når ein får inn
melding om barnebortføring til anna land (straffelova § 216), skal ein vurdere om grunnlaget
for internasjonal etterlysing er til stades. Riksadvokaten minner om politilova § 7 første ledd
nr. 3 og tilgangen til å gjere mellombels vedtak om utreiseforbod etter barnelova § 41 tredje
ledd og moglegheitene for å trekkje tilbake eller ta beslag i passet til barnet.
Riksadvokaten minner om brev 30. april 2014 om at det er viktig med kunnskap om dette
feltet.
Brot på straffelova § 224 (menneskehandel) vil ofte vere alvorlege brotsverk og høyrer difor inn
under dei sentralt prioriterte områda. I tillegg blir slike brotsverk gjerne gjorde som ledd i
organisert kriminalitet. Politiet må avdekkje dei lukka miljøa som står bak slik handel. I desse
miljøa ligg det som regel stor forteneste. Ein kan ikkje vente på politimeldingar frå offera. Desse
må få tilbod om hjelp og vern. Artikkel 26 i Europarådskonvensjonen pålegg statane å sikre at
offer for menneskehandel ikkje i urimeleg grad sjølve blir strafforfølgde. Påtalemakta har høve
10
til å avslutte eventuelle saker mot dei som er fornærma ved slike brotsverk, med påtaleunnlating.
Dette kan særleg vere aktuelt i samband med ulovleg innreise, bruk av falske dokument til dette
og ulovleg arbeid.21 Ein bør avdekkje fleire menneskehandelsaker, og ein skal gjennomføre meir
målretta finansiell etterforsking i desse sakene. Samarbeidet med særorgan, finansinstitusjonar
og andre nasjonale og internasjonale aktørar må framleis styrkast.
Politiinnsatsen mot narkotikakriminalitet skal i større grad rettast mot avdekking av bakmenn,22
og ein må i 2015 setje i gang etterforsking av fleire grove narkotikabrotsverk enn i fjor. Ein skal
særleg setje søkjelys på kriminelle nettverk og den illegale verksemda desse står for når det gjeld
ulovleg produksjon, transport, smugling og omsetning. Politidistrikta skal samarbeide på tvers av
distrikts- og landegrenser, og i samarbeid med andre styresmakter styrkje innsatsen for å
avdekkje bakmenn og svarte pengar frå narkotikamarknaden. I samarbeid med tollvesenet skal
ein også sjå særleg på illegal handel med narkotiske stoff via Internett.23 Det er også viktig at
politiet er aktive overfor brukarmiljøa, særleg for å hindre nyrekruttering og for å få informasjon
om alvorleg narkotikakriminalitet. I tillegg må det framhevast at det er viktig å ta i bruk nye
strafferettslege reaksjonar for å motarbeide narkotikabruk blant barn og unge, jf. rundskriv nr.
2/2014.
IKT-kriminalitet («cybercrime») er omtala eksplisitt i budsjettproposisjonen,24 og politiet skal
intensivere innsatsen mot dataangrep, datainnbrot og annan alvorleg IKT-kriminalitet. Denne
forma for kriminalitet aukar sterkt i omfang og kompleksitet, samtidig som relativt få lovbrot
blir strafforfølgde. Desse sakene krev høg teknologisk kompetanse. For å kunne avdekkje
fleire alvorlege straffbare forhold er det nødvendig å leggje til rette for eit tillitsfullt
samarbeid mellom politidistrikta, Kripos og næringslivet.
Ein skal føre vidare arbeidet med å avdekkje miljøkriminalitet. Etterforsking av økonomisk
kriminalitet og miljøkriminalitet har mange fellestrekk, og Riksadvokaten tilrår at politimeistrane
vurderer å leggje etterforsking av miljøkriminalitet til økoteama slik at det blir rom for
spesialisering og kompetanseoppbygging. Det er ein klar føresetnad at medarbeidarane i
økoteama i politiet i utgangspunktet skal vere skjerma mot andre oppgåver så langt det er
mogleg, og at teama i kvart distrikt er samlokaliserte.
Også handlingar retta mot viktige marine bioressursar, medrekna ulovleg, urapportert og
uregulert fiske (uuu-fiske), kan i enkelte tilfelle vere rekna som alvorleg miljøkriminalitet.
Ulovleg avliving av ulv vil gjerne også måtte sjåast som alvorleg miljøkriminalitet. Det same vil
kunne gjelde nokre tilfelle av brot på lovgiving som skal verne mot innføring eller spreiing av
framande organismar. Lovbrot ved avfallshandtering er rekna som det mest alvorlege innanfor
forureiningskriminalitet. Alvorlege brot på dyrevelferdslova må handsamast raskt og på ein
kvalitativt god måte.25 Samarbeid mellom politiet og miljøforvaltninga er viktig (SNO,
fylkesmennene og direktorat).
Riksadvokaten understrekar at det er viktig med ein aktiv og målretta innsats mot kriminalitet
som rammar arbeidslivet. Alvorlege brot på og forbigåing av tryggleiksforskrifter og
21
Brevet frå Riksadvokaten av 1. desember 2008.
Prop. 1 S (2014–2015), side 79.
23
Ibid.
24
Prop. 1 S (2014–2015), side 14. «Kriminalitetsbildet viser en generell nedgang i registrert kriminalitet.
Imidlertid er det en dreining mot mer kompleks, organisert og global kriminalitet, teknologisk kriminalitet
(cyberkriminalitet) og økonomisk kriminalitet.»
25
Brevet frå Riksadvokaten av 10. april 2014.
22
11
internkontrollrutinar skal føre til strafferettsleg forfølging og reaksjon, også sjølv om det ikkje
har oppstått ulukke eller er påvist skade. I rundskriv nr. 1/1996 har Riksadvokaten understreka at
alvorleg arbeidsmiljøkriminalitet skal etterforskast grundig og med høgt tempo. Det må finnast
klare og brukande arbeidsrutinar for samarbeid mellom politiet og andre offentlege styresmakter,
til dømes Arbeidstilsynet. Ulovleg bruk av utanlandsk arbeidskraft kan – avhengig av omfanget
– vere alvorleg økonomisk kriminalitet som kjem inn under retningslinjene frå Riksadvokaten.
Kampen mot sosial dumping er eit viktig satsingsområde for styresmaktene. Arbeidstilsynet har
gjennom tilsyn og inspeksjonar avdekt uverdige forhold for utanlandske arbeidarar i Noreg.
Tilsynet har eigne sanksjonar som dei kan bruke mot brot på allmenngjeringslova og
utlendingslova. Det er lagt opp til rask reaksjon ved bruk av slike sanksjonar. Det er berre dei
alvorlegaste tilfella som no blir politimelde, og også desse skal få rask handsaming og adekvat
reaksjon.
Vald og overgrep som rammar personar på grunn av hudfargen, nasjonaliteten, etnisiteten,
religionen, livssynet, den homofile orienteringa eller den nedsette funksjonsevna deira – såkalla
hatkriminalitet – skal få særskild merksemd. Vald som rettar seg mot personar eller grupper med
utgangspunkt i kven dei er, kva dei gir uttrykk for eller korleis dei ser ut, går ikkje berre ut over
det enkelte offeret, men skaper redsel og utryggleik hos alle med same bakgrunn. Slike saker
skal politiet difor handtere med stort alvor.
Det er eit aukande problem at representantar for pressa blir utsette for trugsmål eller vald. I eit
demokratisk samfunn er det grunnleggjande viktig å sikre ei fri og uavhengig presse.
Påtalemakta har ansvar for å bidra til dette ved å sørgje for at ein set i gang adekvat etterforsking
og legg ned strenge nok påstandar for domstolane i slike saker. Dei enkeltpersonane i pressa som
blir utsette for slik kriminalitet, har krav på den støtta som ligg i at arbeidsgivaren tek den
påkjenninga det er å melde saka og krevje påtale. Dermed er det ikkje krav om at den fornærma
sjølv leverer politimelding. Dette vil også gjelde ved brot på straffelova § 228, fordi det normalt
vil liggje føre allmenne omsyn. Også andre yrkesgrupper er særskilt utsette, og politiet skal
akseptere at politimelding av vald eller trugsmål kjem frå arbeidsgivaren til den tilsette. Dette
gjeld mellom anna tilsette i Nav, tilsette i kriminalomsorga og helsepersonell.
2. Regionale og lokale prioriteringar
Dei landsdekkjande måla til Riksadvokaten er få og generelle. Det er difor nødvendig at
politimeisteren – i styringsdialogen med Politidirektoratet og i samråd med statsadvokatane – så
langt som mogleg konkretiserer dei sentrale måla og utarbeider lokale mål i tillegg. Måla skal
vere realistiske, men samtidig noko å strekkje seg etter. Politiet har gode analyseverktøy, og det
er leiinga som har ansvaret for å utnytte desse til motivasjon og oppfølging.
Statsadvokatane og politimeistrane må ta stilling til korleis dei skal handtere den kriminaliteten
som ikkje er del av dei sentrale prioriteringane frå Riksadvokaten. Størstedelen av den
politimelde kriminaliteten fell utanfor både desse prioriteringane og den alvorlege kriminaliteten
som det i budsjettproposisjonen blir understreka at det er eit særleg mål å redusere.26 Her er det
rom for regional og lokal prioritering. I slik prioritering må ein gjere ei samansett vurdering med
utgangspunkt i kor skadeleg kriminaliteten er for samfunnet, korleis han påverkar den daglege
tryggleikskjensla i lokalsamfunnet, og kva som er den faktiske situasjonen innanfor det enkelte
politidistriktet. Dette vil normalt seie at ein legg stor vekt på å motarbeide den profesjonelle
kriminaliteten, dei kriminelle nettverka og straffbare handlingar som rammar særleg utsette
grupper. Ved mellom anna vinningskriminalitet vil i tillegg graden av integritetskrenking,
26
Prop. 1 S (2014–2015), side 76.
12
storleiken på det tapet handlinga påfører den fornærma, og omfanget av gjerningspersonen sitt
utbyte vere viktig.
I den regionale og lokale prioriteringa må ein også ta omsyn til at vanleg kriminalitet som
vinningsbrotsverk, brukstjuveri og skadeverk går ut over langt fleire menneske enn den sentralt
prioriterte kriminaliteten. Tilliten publikum har til politiet, og den daglege tryggleikskjensla i
lokalsamfunnet er difor ikkje minst avhengig av korleis slik kriminalitet blir teken hand om.
Særleg må ein nemne at innbrot i bustader i mange tilfelle vil vere langt meir enn ei krenking av
økonomiske verdiar og kan skape stor utryggleik. Det er framleis viktig å følgje opp
gjengangarar og kriminalitet på tvers av politidistrikt med målretta og offensiv innsats. Effektiv
strafforfølging av mobile vinningskriminelle krev at politiet samarbeider godt over
distriktsgrensene og tek ansvar for etterforsking og påtale av lovbrot som er gjorde i andre
politidistrikt. Særleg er det grunn til å oppmode til regionale samarbeidsprosjekt.
Statsadvokatane har ei viktig oppgåve som initiativtakarar og pådrivarar for sentralisert
etterforsking i regionane sine. Saker som strekkjer seg over fleire statsadvokatregionar og der det
synest å vere behov for sentralisert etterforsking, skal takast opp med Riksadvokaten med ein
gong.
Over tid må ein bruke dei tilgjengelege ressursane slik at lovbrytarar (og moglege lovbrytarar)
får forståing av at ingen kriminalitetsområde er framande for politiet. Dermed aukar den
subjektive oppdagingsrisikoen, som er ein viktig føresetnad for allmennprevensjonen.
Riksadvokaten understrekar til slutt at både ei tenleg organisering i politidistriktet og gode
rutinar for straffesakshandsaminga er nødvendig for å oppnå fullgode resultat.
VI. TILSYN FRÅ STATSADVOKATANE MED STRAFFESAKSHANDSAMINGA I
POLITIET OG ANNA FAGLEIING
Generelle retningslinjer er tidlegare gitte i rundskriv nr. 2/2012 punkt III. Riksadvokaten
minner om det ansvaret statsadvokatane har for å følgje opp sakshandsamingstid, restansar og
kvaliteten politiet leverer på etterforsking og påtaleavgjerder. Det same gjeld ansvaret for å
føre tilsyn med at politiet held eit rett reaksjonsnivå ved påtaleavgjerder og påstandar for
domstolane, og for kvalitetskontroll av rutinane politidistriktet har for straffesakshandsaminga
(systemkontroll) og eit utval enkeltsaker. Statsadvokatane må halde seg godt orienterte om
utviklingstrekk i straffesakshandsaminga i dei enkelte politidistrikta, slik at dei kan tilpasse
fagleiinga etter lokale behov.
Den høgre påtalemakta er styrkt i 2015. Styrkinga må gi seg utslag i form av ei intensivert og
kvalitativt betra fagleiing. Riksadvokaten har ved fleire høve framheva fagleiinga frå
statsadvokatane som heilt avgjerande for å heve kvaliteten i etterforskingsarbeidet. Det er
klare forventningar til at statsadvokatane i 2015 følgjer opp politidistrikta tettare og meir
konkret enn i åra som har gått.
Gjennom inspeksjonar og anna tilsyn med straffesakshandsaminga skal statsadvokatane i
2015 særleg følgje opp restansenedbygging av ikkje påtaleavgjorde saker som er eldre enn 12
månader. I tilsynet med at påtalemakta held eit rett reaksjonsnivå ved påtaleavgjerdene sine
påstandane for domstolane, skal statsadvokatane rette særleg merksemd mot bruk av
konfliktråd og nye strafferettslege reaksjonar (ungdomsoppfølging og ungdomsstraff). Elles
skal dei gi særleg merksemd til etterforsking av økonomisk kriminalitet, seksualbrotsverk og
vald i nære relasjonar. Korleis politiet handterer dommaravhøyr, brot på besøksforbod og
13
målet om adekvat inndragingsetterforsking i fleire saker, er også eigna tema for fagleiinga til
statsadvokatane.
Inspeksjonar har vist at pålegget frå Riksadvokaten om bruk av etterforskingsplanar i
valdtektssaker i varierande grad blir etterlevd i politiet. Statsadvokatene blir bedne om å
følgje opp temaet i 2015 i nødvendig grad.
Korleis politiet brukar kodane for saker som blir lagde vekk, bør kontrollerast med jamne
mellomrom. Statsadvokatene må framleis nøye vurdere grunnlaget for eventuelle saker som er
lagde vekk grunna kapasitet. Riksadvokaten tek sikte på å regulere tilgangen til å leggje vekk
saker på denne måten i eit nytt rundskriv i 2015.
Det bør gjennomførast kvalitetskontroll ved alle politidistrikta i 2015, og dessutan ved lokale
PST-einingar. Dette kan skje gjennom inspeksjonar eller på andre måtar.
Riksadvokaten viser også til punkt V 1 i dette rundskrivet om å sjå til at innsats mot alvorleg og
organisert kriminalitet har den nødvendige prioriteten, og til punkt V 2 om rolla statsadvokatane
har som pådrivarar for sentralisert etterforsking. Også i 2015 vil statsadvokatane bli bedne om å
vurdere innsatsen politiet gjer mot organisert kriminalitet. Gjennom inspeksjonar og på andre
måtar bør statsadvokatane følgje med på korleis politiet innrettar etterforskingseiningane sine.
Statsadvokatane bør også peike på kva for sentrale faktorar desse einingane må arbeide med for å
oppnå gode resultat, ut frå dei erfaringane ein har.27
engasjement frå politimeisteren
tydeleg mandat med klare mål
øyremerkte ressursar
tilgjengeleg brei kompetanse innanfor
etterforsking, etterretning, analyse og påtalearbeid
• gode analysar (strategiske og operative) ligg til grunn for arbeidet
•
•
•
•
Tor-Aksel Busch
Harald Strand
førstestatsadvokat
27
Reidar Bruusgaard
konstituert førstestatsadvokat
Meld. St. 7 (2010–2011).
14
Vedlegg
Vedlegg til Riksadvokatens rundskriv nr. 1/2015
Oversikt over generelle fråsegner og retningslinjer for straffesakshandsaminga m.m. frå
Riksadvokaten etter utgivinga av rundskriv nr. 1/2014 av 27. februar 2014
Oppstillinga nedanfor er ein enkel referanse og erstattar ikkje dei fullstendige retningslinjene
som er gitte i dei enkelte breva. Dei fleste retningslinjene er publiserte på intranettet. Ein del
er også lagde ut på KO:DE, nettsida til Riksadvokaten eller Lovdata, eller dei er publiserte i
Tidsskrift for strafferett.
Lovbrot i sjøfartsforhold
Brev 4. mars 2014 – 2014/00371 544
I brev til statsadvokatane og politiet i Rogaland gir Riksadvokaten støtte til at forslaget til
retningslinjer for handsaming av lovbrot i sjøfartsforhold, som er utarbeidd av ei
arbeidsgruppe som er sett ned av Riksadvokaten, blir å sjå som rettleiande retningslinjer.
Både politiet og statsadvokatane i Rogaland skal sjå til at dette blir kommunisert ut på eigna
måte.
Dyrevelferd
Brev 10. april 2014 – 2014/00576 534
Sjølv om kriminalitet som blir gjord mot dyr ikkje er omtala i mål- og prioriteringsrundskrivet
for 2014, minner Riksadvokaten om at ein må ta denne typen lovbrot på alvor, også når det
gjeld reaksjonar.
Internasjonal barnebortføring – oppfølging frå politiet og påtalemakta
Brev 30. april 2014 – 2012/01977 443.2
Påminning og orientering om arbeidsgrupperapport mv. Statsadvokatane og påtalejuristane i
politidistrikta blir særleg oppmoda om å gjere seg kjende med innhaldet i rapporten som gjeld
rolla til politiet og påtalemakta.
Mellombelse retningslinjer om bruk av politiarrest
Brev 24. juni 2014 – 2014/01071 682
Etter Oslo tingrett 2. juni 2014 i dom i ei sivil sak mot staten slo fast at bruk av politiarrest var
å sjå som ei krenking av EMK art. 8 og 14, gav Riksadvokaten mellombelse retningslinjer om
bruk av politiarrest.
Rundskriv frå Riksadvokaten om narkotikasaker
Rundskriv 26. juni 2014 – 2012/01831 633.1
Riksadvokatens rundskriv nr. 2/2014 om narkotikasaker erstattar ei rekkje eldre rundskriv og
retningslinjer.
Om kva tilgang visitorane til Norges Røde Kors har til å besøkje varetektsinnsette som
er underlagde restriksjonar
Brev 27. juni 2014 – 2014/01106 632.1
Riksadvokaten minner om at Raudekrossen har tilgang til å besøkje varetektsinnsette som er
underlagde restriksjonar.
Avhøyr av born
Brev 27. juni 2014 – 2014/00695 622.3
15
I brevet regulerer Riksadvokaten enkelte sider ved avhøyr av born. Mellom anna gir
Riksadvokaten uttrykk for kva syn ein har på såkalla «presamtalar», og når ein kan ta
politiavhøyr før dommaravhøyr. Det er også enkelte merknader om forsvararhjelp under slike
avhøyr.
Etterforsking og påtalebehandling av dødsulukker i trafikken – mellombelse
retningslinjer for bruk av UAG-rapportar
Brev 30. juni 2014 – 2013/02338 541.1
Etter at fleire oppslag i media sette søkjelyset på dei såkalla UAG-rapportane til Vegvesenet
og det at desse ikkje har vore lagde fram for retten i saker der personar har vore tiltala for
aktlaust drap i trafikken, blir det her gitt retningslinjer om at politiet i slike saker skal hente
inn rapportane frå Vegvesenet. Føremålet med dette er primært å kontrollere at det er sikra
relevante opplysningar i straffesakssamanheng. Sjå også brev 28. november 2014, referert til
nedanfor.
Endring av retningslinjer frå Riksadvokaten (Ra 05-370 punkt 7) om unnlaten
strafforfølging i særlege tilfelle av straffbare handlingar som blir avdekte i
utlendingssaker mv.
Brev 4. juli 2014 – 2014/00167 274
Bakgrunnen er høgsterettsavgjerda 24. juni 2014 (Rt. 2014 side 645) som gjaldt forståinga av
uttrykket «straks» i den norske omsetjinga av flyktningkonvensjonen art. 31 nr. 1.
Konvensjonen skal lesast som om det stod «utan ugrunna opphald», og ein må gjere ei
konkret vurdering av kor langt straffritaket rekk i dei enkelte sakene. Jf. brev 17. og 22.
desember 2014, referert til nedanfor.
Statsadvokatmøtet 2014 – oppsummering
Brev 7. juli 2014 – 2014/00491 810.2
Brevet er berre sendt til statsadvokatane, men er lagt ut på intranettet til politiet. Det inneheld
ei oppsummering av dei pålegga Riksadvokaten gav under statsadvokatmøtet 2014, og som
ein forventar at statsadvokatane på tenleg måte formidlar til politimeistrane, påtalejuristane og
andre som pålegga får følgjer for, i statsadvokatregionane.
Varsel ved beslag av historiske trafikkdata mv. hos tenestetilbydar
Brev 22. juli 2014 – 2014/01292 630
Reglane om varsel blir tidvis praktiserte ulikt når det blir teke beslag i historiske trafikkdata
og liknande hos ein tenestetilbydar. I nokre tilfelle har politiet unnlate å varsle sluttbrukaren –
typisk mistenkte – som då heller ikkje blir gjort merksam på tilgangen til å krevje rettsleg
prøving. Slik praksis er i strid med retningslinjene frå Riksadvokaten i brev av 2. mars 2010
til statsadvokatane og politimeistrane, og som det her blir minna om.
Klage frå NRK over avslag på krav om innsyn i overvakingsvideo som var beslaglagd i
ei straffesak
Avgjerd 13. august 2014
I avgjerda blir forholdet til EMK art 10 og 8 og innsynsretten drøfta etter
politiregisterforskrifta § 27-2 andre ledd.
Ajourføring av vedlegg til rundskriv nr. 2/2009 om standardiserte bøtesatsar ved
vegtrafikksaker
Brev 9. september 2014 – 2014/01491 541.0
16
Nytt er satsar for fartsbrot i 110 km/t-sone og standardsats for køyring under påverknad av
andre rusmiddel enn alkohol (opp til straffeutmålingsgrensa tilsvarande 0,5 promille alkohol).
Storkammeravgjerd frå EMD om opplesing av forklaringar frå avgjerande vitne som
ikkje møter i retten
Brev 29. oktober 2014 – 2014/01751 790
EMD har teke ei praktisk og prinsipielt viktig avgjerd om opplesing av forklaringar frå
avgjerande vitne som ikkje møter i retten. Her blir det opna for opplesing i noko større grad
enn det som til no har vore tilfelle i norsk rettspraksis. Storkammeravgjerda er frå desember
2011 og er omtala i norsk litteratur og rettsavgjerder, men Riksadvokaten har inntrykk av at
ho likevel ikkje er kjend nok for alle i påtalemakta.
Undersøking av rettskraftige dommar om brot på straffelova § 239 i trafikken
Brev 28. november 2014 – 2013/02338 541.1
Riksadvokaten ber politimeistrane innan 1. mars 2015 om å gå gjennom alle saker i eige
distrikt som i tidsrommet 2005–2014 har enda med domfelling for aktlaust drap i samband
med trafikkulukker med føremål om å vurdere om det er grunnlag for påtalemakta å krevje
gjenopning av eige tiltak til gunst for den domfelte. Pålegget gjeld ikkje saker der det ikkje er
utarbeidd UAG-rapportar i samband med trafikkulukker. Jf. brev 30. juni 2014, referert til
ovanfor.
Retningslinjer for å leggje vekk saker om mistenkjelege dødsfall
Brev 4. desember 2014 – 2014/01754
Riksadvokaten har avgjort at saker om mistenkjelege dødsfall som er etterforska av politiet,
og der politiet går inn for å leggje vekk saka, skal sendast til statsadvokaten for avgjerd med
ei grunngitt tilråding. I brevet er det også gitt ei nærare avgrensing av omfanget av denne
plikta.
Straffritak i utlendingssaker – utsetjing av soning mv.
Brev 17. og 22. desember 2014 – 2014/00167 274
Riksadvokaten ber Kriminalomsorgsdirektoratet om å identifisere saker og la soninga vente i
saker der flyktningar som er straffa i strid med dagens forståing av flyktningkonvensjonen art.
31 nr. 1, har kravd gjenopning. Det går fram av brevet at påtalemakta på eige initiativ vil
vurdere om det i dei enkelte sakene er grunnlag for å krevje gjenopning til gunst for den
domfelte. I eige brev til politimeistrane og statsadvokatane blir det m.a. teke opp at dersom
politiet meiner at vilkåra for gjenopning er oppfylte, skal ein sende tilråding til
statsadvokaten, som gjer ei sjølvstendig vurdering av om ein bør krevje gjenopning til gunst
for den domfelte. Jf. brev 4. juli 2014, referert til ovanfor.
Ungdomsstraff, ungdomsoppfølging, oppfølging i konfliktråd – førebelse retningslinjer
Brev 16. januar 2015 – 2012/00090 341.3
Fram til eit eige rundskriv frå Riksadvokaten om dei nye strafferettslege reaksjonane mot
unge lovbrytarar er klart, blir det her gitt enkelte mellombelse retningslinjer som påtalemakta
skal følgje.
17