Helse som motivasjon_GJA

Difor valde ho økologisk:
- BEST FOR HELSA
Monica Skogvoll er overtydd om at økologisk mat er sunnare for både menneske, dyr og jorda.
Skogvoll var ikkje i tvil om at ho ville drive økologisk då ho overtok garden etter onkelen for nokre år
sidan. No har ho nyplanta frukttre av både plommer og eple i bakkane sine.
Frukt utan reststoff
Det var ynskje om å produsere mat utan gift og tilsettingsstoff som gjorde at Skogvoll starta med
økologisk fruktdyrking.
- Eg syns det er skremmande at det er så mykje e-stoff i matvarene me kjøper. Eg vil dyrke eple som
ikkje har reststoff, seier Skogvoll.
Dermed vart det økologisk frukt utan kunstgjødsel og syntetiske plantevernmiddel.
Kundar etterspør sunn frukt
Garden til Skogvoll ligg like ved fylkesveg 49 i Strandebarm. Ho opplever ofte at folk stoppar og spør
etter frukt. Ho har stor tru på at marknaden er der.
- Mange av dei som stoppar for å handle frukt spør etter økologisk frukt. Eg trur at dei vil ha sunn
frukt frå ein frukthage som dei kan sjå, seier ho.
Skogvoll planlegg å byggje ei salsbu ved vegen der ho kan selje plommene og epla sine.
- Det gjev meg motivasjon til å drive økologisk når folk ynskjer å handle sunn økologisk frukt, seier ho.
Skepsis frå yrkesbrør
Skogvoll seier at ho har lært mykje av dei konvensjonelle dyrkarane, men meiner også at det er
skepsis til økologisk drift hjå mange av dei.
- Av og til opplever eg at andre dyrkarar er skeptiske til produksjonen min. Dei har ikkje tru på at eg
kan få til å dyrke økologisk frukt, seier Skogvoll.
Monica Skogvoll meiner likevel at det skal vere mogeleg å få fleire konvensjonelle dyrkarar til å dyrke
økologisk framover.
- Dersom det er meir fokus på helsa til menneske, dyr og jord så vil fleire starte med økologisk
fruktproduksjon, seier ho.
TEKST: Gunnhild Jaastad, Føregangsfylket for økologisk frukt og bær, Fylkesmannen i Hordaland. April 2015.