Aukande etterspurnad motiverer til ugraskamp

Aukande etterspurnad motiverer til ugraskamp
TEKST OG FOTO: Gunnhild Jaastad, Føregangsfylket for økologisk frukt og bær, Fylkesmannen i Hordaland.
Litt meirarbeid med økologisk fruktproduksjon tolest godt når etterspurnaden etter økologisk mat
aukar så mykje som no. Det seier økofruktdyrkaren Lars J. Nå.
- Aukande etterspurnad gjer meg optimistisk og innstilt på å bruke meir tid i drifta, seier Lars Nå.
Han fortel at det er tiltak mot ugras og tynning av frukt som tek mest tid. Dei andre
arbeidsoperasjonar tek omlag like mykje tid uansett driftsform.
Manuell ugraskamp
Lars Nå har tre dekar med økologiske eple og 20 dekar med økologiske plommer. I tillegg har han
konvensjonelle eple og moreller. Garden hans er eit typisk bratt vestlandsbruk.
I dei økologiske plommefelta har han
grasdekke under trea, i eplefeltet vil
han ha svart jord.
- Når me er fire personar så brukar
me ein halv dag på å fjerne graset
under epletrea, seier Nå.
Arbeidslaget skjer og raspar vekk
grastorvene i trerekkja. Lars Nå er
godt nøgd med denne metoden i sitt
felt. Når dei startar tidleg på våren
og tek siste runde på hausten er det
er stort sett grasfritt under trea. Han
meiner at ein halv dag tre til fire
gonger i året er nok.
- Hadde eg hatt mykje større og litt
flatare areal så hadde eg nok brukt
maskinelt utstyr, seier Nå.
Plommene er planta der det er brattast. Det hadde vore ein fordel med open jord for å unngå
konkurranse om næring også i plommene, men her er det mest praktisk å slå graset i trerekkja.
Både epla og plommene vert gjødsla med husdyrgjødsel.
- Eg gjødsla godt og passa på å molde godt ned før eg planta epla. Eg ville gje trea ein ekstra god
start, seier Nå.
Vispen lettar tynninga
- Det er alltid ei bekymring å kome for seint i gang med tynninga i plommene. Kvaliteten og storleiken
vert best når plommene vert tynna tidleg, meiner Nå.
Det er ikkje høve til å tynningssprøyte plommene i økologisk drift. Sjølv om den manuelle tynninga
startar tidleg, så vert dei siste trea tynna for seint i høve til topp kvalitet og storleik når ein har 20
daa. Men, i fjor prøvde han seg med mekanisk tynningsvisp. Vispen er ein stav med trådar som
roterer fort rundt ved hjelp av batteri.
- Eg tok nok litt for lite av blomen i fjor, det såg så brutalt ut å vispe greinene. I år skal eg ta med meg
den erfaringa når eg vispar bort blomen, seier han.
Framtid med moglegheiter
Lars Nå starta opp med økologisk fruktproduksjon då han såg den aukande etterspurnaden og
samstundes den aukande importen av økologisk mat. Sidan 2012 har den totale omsettinga av
økologisk frukt, bær og nøtter vorte meir enn dobla. Omsettinga målt i kroner auka med heile 69 %
frå 2013 til 2014. Mesteparten av det som vert omsett er importert vare.
- Det er for dumt å importere økologisk frukt når me kan produsere det sjølve. Når ein ser på auken i
salet av økologisk mat dei siste åra, meiner eg at det ligg store mogelegheiter i økologisk
fruktproduksjon, fortel Nå.
Fokuset på klima- og miljøendringar, energiforbruk, helse og det å produsere på ein berekraftig måte
gjev også store moglegheiter for økologisk produksjon.
Økonomisk – økologisk – optimist!
No trengs det fleire økologiske fruktdyrkarar som kan vere med å stette den aukande
etterspurnaden. Den viktigaste gulerota er økonomi, særleg for dei som har største delen av inntekta
si frå garden. Lars Nå trekk fram det ekstra investeringstilskotet frå Innovasjon Norge som ei viktig
gulrot.
Han meiner at eit tilskot knytt til volum i staden for areal vil vere med på å gjere økologisk
fruktproduksjon meir økonomisk sikker. Eit slikt tilskot kan til dømes vere knytt til dagens distrikts- og
kvalitetstilskot.
- Me må vere sikre på å tene like
mykje som dei konvensjonelle
dyrkarane, seier han.
Lars Nå poengterer at han er
optimistisk og ser lyst på framtida til
den økologisk fruktdyrkinga.
-Dei fleste økokundane er unge, og
det gjer at eg er endå meir
optimistisk for framtida. Den
generasjonen vil vere kundar i fleire
10-år framover.