Notat til AD orientering pkt 1

Notat
Går til:
Føretak:
Dato:
Frå:
Sakhandsamar:
Saka gjeld:
Styremedlemmer
Helse Førde HF
19.05.2015
Administrerande direktør
Hans Johan Breidablik
Kreftpakkeforløp og oppfølging
Administrerande direktør si orientering pkt. 1
Styresak 033/2015 O
Styremøte 29.05.2015
Kreftsjukdom er den nest hyppigaste årsaka til død i befolkninga, etter hjarte- karsjukdommar.
Sjukdommen rammar personar i alle aldrar heilt frå barn av, men førekomsten aukar klart utover med
aukande alder. Mykje på grunn av dette vil talet på krefttilfeller auke betydeleg framover.
Kreftsjukdom er ofte forbunde med mykje liding både fysisk og mentalt, og også i høve pasienten sine
pårørande/omgivnader. Ventetider i uvisse omkring mogeleg kreftsjukdom er klart belastande uavhengig
av om det influerer på det endelege behandlingsresultatet.
Behandlinga er ofte samansett der både kirurgi, stråling og ulike former for medikamentell terapi inngår
(cellegifter). Mange pasientar treng behandling på ulike nivå av helsetenesta frå kommunehelseteneste
til universitetsklinikk. Dette fordrar godt planlagde behandlingsforløp, og er ekstra utfordrande for t.d.
Helse Førde der mykje av innleiande behandling i stor utstrekning må føregå ved Haukeland
Universitetssjukehus (HUS).
Kreftsjukdom har stor merksemd, og ulike særordningar for denne sjukdomsgruppa har vorte innført i
løpet av dei seinare åra, og som klart har betydd ei særskild prioritering av desse tilstandane i innan
særleg spesialisthelsetenesta.
I juni 2011 vart opptakten til det som i ettertid har gått under omgrepet «20-dagarsregelen for kreft».
Dette innebar at majoriteten av kreftpasientane skulle ha starta behandling innan 20 dagar. Det var eit
ambisiøst mål, og få helseføretak greidde å nå desse.
I Helse Førde tilsette ein Kreftforløpskoordinator i Fag- og utviklingsavdelinga og gjennom dette hausta
ein også erfaring med å få til planlagde og koordinerte pasientløp både internt i helseføretaket og på
tvers inn mot t.d. HUS. Rapportering/monitorering av måloppnåing var også ei utfordring ved ordninga,
og regional samordning/samhandling vart nødvendige element i handsaminga.
Helse Førde greidde i stor grad å oppfylle måla, særleg der behandlingsforløpet kunne utførast
hovudsakeleg innanfor eige føretak.
Dette går også fram av oversikta over Nasjonale kvalitetsindikatorar for 2014.
Når vi samanliknar med det nasjonale gjennomsnittet og Helse Vest-gjennomsnittet kom som vi ser
Helse Førde godt ut på måloppnåing innan dei tre måleområda tarmkreft, lungekreft og brystkreft.
Imidlertid vart det vedteke å gå inn for ei ny organisering med modell frå Danmark med såkalla
«Kreftpakkeforløp».
Gjennom denne skal kreftpasienter oppleve eit godt organisert, heilhetlig og forutseieleg forløp utan
unødvendig, ikkje-medisinsk grunna, forsinking i utgreiing, diagnostikk, behandling og rehabilitering.
Det skal gjennomførast standard pasientforløp for dei ulike kreftformene, og som beskriv organisering av
utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med pasient og pårørende, samt ansvarsplassering og
konkrete forløpstider som det også skal registrerast og rapporterast på.
Pakkeforløpet startar når eit helseforetak mottek ei tilvising med begrunna mistanke om kreft, der
tilvisar konkluderer med dette ut frå nasjonale retningslinjer for dei ulike kreftformene.
Dei ulike krefttypane får altså sine særskilte pakkeforløp med eigne tilhøyrande tidsfristar, i tillegg til eit
såkalla diagnostisk pakkeforløp der det berre er uspesifikke symptom som kan gje kreftmistanke.
Helsedirektoratet har utarbeidd materiell og praktiske retningslinjer for kvar krefttype i form av generell
informasjon om ordninga, diagnosevegleiarar og pasientinformasjon.
Dei fire første kreftpakkeforløpa var innførte 1. januar 2015:
Dette var fire hyppige kreftformer (brystkreft, prostatakreft, lungekreft og tarmkreft).
Frå og med 1. mai 2015 vart ti nye kreftpakkeløp innført i ordninga:
Diagnostisk pakkeforløp for pasienter med uspesifikke symptomer på alvorlig sykdom som kan være kreft
Pakkeforløp for metastaser med ukjent utgangspunkt
Pakkeforløp for kreft i spiserør- og magesekk
Pakkeforløp for testikkelkreft
Pakkeforløp for blærekreft
Pakkeforløp for nyrekreft
Pakkeforløp for livmorhalskreft
Pakkeforløp for livmorkreft
Pakkeforløp for eggstokk-kreft, egglederkreft og bukhinnekreft
Pakkeforløp for hode- halskreft
Eksempel på vegleiar:
Eksempel på flytskjema (diagnostisk pakkeforløp):
Dei resterande pakkeforløpa skal innførast 1. september 2015 (til saman vil det bli 28 slike).
Lenke til dei nasjonale sidene ligg på Intranettet hjå Helse Førde.
Kjerneelement i ordninga er:
a) Forløpskoordinator(-ar) som skal følgje med den einskilde pasienten gjennom
pakkeløpa og sørge for at desse går utan opphald og at koordineringa mellom dei ulike
tiltaka fungerer optimalt.
b) Tverrfaglege/multidisiplinære team (MDT-møter)
Det skal organiserast slike team, som på sine faste møter skal ta avgjerder om diagnose
og val av behandling basert på dei undersøkingar og resultat som er gjort i
utredningsløpet. Relevante legespesialiteter med tilstrekkelig beslutningskompetanse og
myndighet skal vere representerte i MDT, og forløpskoordinator er obligatorisk deltakar
i desse møta. Kommunikasjon mot samarbeidande institusjonar (HUS) er sentrale
element, og i dette inngår også felles presentasjon av tilhøyrande biletmateriale på begge
stader gjennom nye tekniske løysingar.
c) Koding og rapportering
Det er utarbeidd eit eige kodeverk for pakkeforløpa og som skal gjere det mogeleg å
følgje måloppnåinga på ulike milepælspunkt i forløpa.
Organisering i Helse Vest/Helse Førde
-Helse Vest har eit regionalt prosjekt knytt til organisering og gjennomføring av
ordninga med kreftpakkeforløp.
Leiar for dette regionale er dr. August Bakke (tidl. kir. avd. HUS), og lokal representant
for Helse Førde er avdelingssjef ved kirurgisk avdeling Nils Sletteskog.
-Helse Førde. Organiseringa lokalt i Helse Førde er leia av Fagsenteret/Fagdirektør med
ei tilhøyrande gruppe av leiarar innan dei kliniske avdelingane/serviceavdelingane som
er involverte i kreftbehandling. Gruppa har hatt fleire møter for å kome fram til lokalt
tilpassa retningslinjer for ordninga. Dette arbeidet er hovudsakeleg klart fråsett noko
uavklart i høve diagnostisk pakkeforløp/diagnostisk senter.
Det er jevnleg kontakt opp mot regional prosjektleiar.
Særleg for Helse Førde er at ein har valgt å ha ein felles forløpskoordinator for alle
kreftformene, og som er organisert i Fagsenteret (Fag- og utviklingsavdelinga). Ved
fråvær av ordinær koordinator er det sikra vikarperson til eikvar tid.
Bakgrunnen for slik organisering er m. a. dei gode erfaringane ein hadde med fast
Kreftkoordinator i forbindelse med «20-dagarsregelen».
Lokale retningslinjer for Forløpskoordinatorar i Helse Førde:
Desse er organisert innanfor Fag- og utviklingsavdelinga og har tverrgåande funksjonar i
føretaket. Helse Førde tek sikte på å ha ein felles koordinator på heiltid for alle
kreftformene, og der ein også har ein reservefunksjon dei gonger den faste koordinatoren
er fråværande.
Sentrale oppgåver er følgjande:
• Skal få kopi av alle tilvisingar både eksterne og interne der problemstillinga er
kreftsjukdom, og følgje med/kontrollere at pasientane får raskast mogeleg
gjennomføring av forløpet og at det ikkje skjer svikt i dette.
• Lege med ansvar for vurdering/prioritering av tilvisingar skal også fortsette å ha ansvar
for oppsett av utgreingsplan (journalførast i pasientjournalen) og for bestilling av dei
ulike prøvar/undersøkingar. Koordinator skal ettersjå at dette skjer innan kort tid, og hvis
ikkje skal dette takast oppå med dei aktuelle leiarar.
• Bidra til at kreftpasientane får samanhengande behandling/tiltak gjennom heile forløpet;
utgreing, behandling og oppfølgjing, herunder bidra til at ein unngår unødige
ventetider/flaskehalsar slik at ein får utnytta kapasiteten i systemet på tvers av avdelingar
mest mogleg effektivt
• Vere pådrivar i å implementere nasjonale retningsliner i føretaket
• Samarbeide tett med alle einingar som er involverte i kreftbehandling innan Helse Førde,
og bidra aktivt i tverrfaglege/multidisiplinære team (MDT) og med samarbeidande
føretak, særleg Haukeland universitetssjukehus der mykje av behandlinga vil foregå.
• Ha nær kjennskap til og kunne utføre forløpskoding for monitorering av pakkeforløpet
for den einskilde pasienten.
• Gje informasjon til/kommunisere med pasient, pårørande og tilvisarar.
• Svikt i gjennomføring av pakkeforløpa skal meldast som avvik (Synergi).
Nytilsett koordinator i Helse Førde er enno i noko grad under opplæring, og det har vore ein
periode med overlapping med den fungerande koordinatoren (utlånt frå Kirurgisk avdeling).
Ansvarsmatrise for dei ulike pakkeforløpa i Helse Førde
Helse Førde
Klinikk
Brystkreft
Kirurgisk
Lungekreft
Medisinsk
Prostatakreft
Kirurgisk
Tykk- og endetarmskreft
Kirurgisk
Fra 1.5.15:
Diagnostisk pakkeforløp for pasienter med uspesifikke
symptomer på alvorlig sykdom som kan være kreft*
Tlf.:
Navn:
Den / de overordnede ansvarlige i HF-et:
Pakkeforløp
Medisinsk
Kreft i spiserør- og magesekk
Medisinsk /
Kirusrgisk
Testikkelkreft
Kirurgisk
Blærekreft
Kirurgisk
Nyrekreft
Kirurgisk
Livmorhalskreft
Kirurgisk
Livmorkreft
Kirurgisk
Eggstokk-kreft, egglederkreft og bukhinnekreft
Ansvarlig leder/ HF Kontaktes på
Tone Rusken/ Nils
Sletteskog
Ole Lervik/ Trine Lervik: 39314,
Vingsnes
40284280
Geir Øverland/ Nils
Sletteskog
Jan Behme/
Nils
Sletteskog
Trine Vingsnes
MDT
Mamma
95987274
Lunge FSS + Thorax i
HBE
95987274
Urologi
95987274
Gastro
95987274
39320, 90010462
Trine Vingsnes/
Finjord: 39311,
Torgeir Finjord/ Nils
97584152
Sletteskog
Geir Øverland/ Nils
Sletteskog
Geir Øverland/ Nils
Sletteskog
Geir Øverland/ Nils
Sletteskog
Guldhav
Tom Guldhav, Jostein 9646,41515626
Tjugum
Tjugum
39242,41569638
E-mail:
Kontaktes på
95987274
Forløpskoordinator
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Gastro
95987274
Urologi
95987274
Urologi
95987274
Urologi
95987274
Gyn
95987274
Tom Guldhav, Jostein
Tjugum
Gyn
95987274
Kirurgisk
Tom Guldhav, Jostein
Tjugum
Gyn
95987274
Hode- halskreft
Kirurgisk
Helge Hagen
57839440
?
Hanne Elin Skår
95987274 Hanne Elin Skår
Lymfom
Medisinsk
Trine Vingsnes
39320, 90010462
?
95987274
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Hanne Elin Skår
Fra 1.9.15:
Sarcom
Metastaser med ukjent utgangspunkt
Kreft hos barn
Hjernekreft
Føflekkreft
Nevroendokrine svulster
Bukspyttkjertelkreft
Myelomatose
Akutt leukemi og høyrisiko myelodysplasi
Kronisk lymfatisk leukemi
Skjoldbruskkjertelkreft
Primær leverkreft
Galleveiskreft
Peniskreft
Kontaktes på
Her ligg navn og kontaktadresser/-nummer til dei sentrale ansvarlege fagpersonar i ordninga, og
denne vil bli supplert etterkvart som nye pakkeforløp blir innført.
MDT-møter i Helse Førde
Frå tidlegare har det vore organisert tre ulike MDT-liknande ordningar i Helse Førde.
Ein har bygd vidare på desse i forhold til pakkeforløpsordningane.
Imidlertid er det for mange kreftformer svært få tilfeller som vil kome til Helse Førde årleg. I
motsetning til på store universitetssjukehus vil det difor i Helse Førde vere uhensiktsmessig å
organisere særskilte team med faste møter for kvar einskild krefttype. Ein planlegg å løyse dette
ved å bruke MDT-organiseringa meir fleksibelt for fleire kreftformer, og der fagpersonar kan
veksle i noko grad. I tilfelle med svært skjeldne tilstandar kanskje kan det også være aktuelt å
organisere pakkeløpet utan gjennomføring av formelle MDT-møter.
Det er semje om at MDT-møter skal foregå på eit særskilt avsett rom ved Radiologisk avdeling
FSS. På dette rommet vil det bli installert avansert biletoverføringssystem mot samarbeidande
institusjonar (i første rekke HUS). Denne delen av prosjektet vert drive fram regionalt.
Samarbeide mot kommunehelsetenesta/fastlegar
Eit velfungerande samarbeide mot fastlegane som i stor grad møter pasienten primært og vil
være sentrale tilvisararar blir avgjerande for om ordninga vil fungere så optimalt som
intensjonen er.
Helse Førde har difor hatt med Praksiskonsulentar under heile prosessen med å utforme
ordninga lokalt. Ein er samde om retningslinjer for merking av tilvisingar, og etterkvart vil
dataleverandørar til fastlegar inkorporere eiga merking av kreftmistanke på tilvisingar.
Sjå her også eiga nyheitsside på nettet administrert av Praksiskonsulentane i Helse Førde:
Pakkeforløp for kreft
Frå 01.01.15 er «pakkeforløp for kreft» for dei fire vanlegaste kreftformene – lunge-, bryst-, prostata- og
tjukk- og endetarmskreft – innført. I løpet av 2015 vil totalt 28 pakkeforløp bli innført.
Pakkeforløp for kreft er nasjonale, standardiserte pasientforløp som skal redusere unødvendig ventetid
og syte for at pasienter med mistanke om kreft veit meir om kva som skal skje. Pakkeforløpa omtaler
kor lang tid kvart ledd i utgreiing og behandling skal ta. Forløpstidene er normgjevande.
Alle sjukehus som utgreier og behandler kreft skal ha ein forløpskoordinator som skal sikre samanhengende aktivitetar i heile forløpet. Pasienten vil få oppgitt eit telefonnummer der dei kan vende seg
for informasjon og spørsmål om sitt forløp. Forløpskoordinator skal vere representert på møte i
tverrfaglege/multidisiplinære team (MDT) som også vil vere ein sentral del i dette.
Dette vedkjem også fastlegane og samhandlinga mellom nivåa. Helsedirektoratet har m.a. utarbeidd
eigne diagnoserettleiarar for fastlegane. Helse Førde vil gjennom praksiskonsulentane følgje opp med
avklaringar og tiltak som må til for at dette skal fungere best mogleg. Meir informasjon finst på
Helsedirektoratet sine nettsider.
Retningslinjer mot kliniske avdelingar/serviceavdelingar internt i Helse Førde
Prinsippa som gjeld i høve desse er at i alle tilfeller der det oppstår mistanke om kreft utan at
dette har vore grunnlaget for tilvisinga, så skal det gå særskild beskjed til Koordinatoren same
dag slik at denne kan gripe tak i problematikken så tidleg som mogeleg.
Måloppnåing for dei første 4 månadane i 2015 Helse Førde
Både kodesystemet, og i særleg grad innkoding i det elektroniske journalsystemet (DIPS) har så
langt vore utfordrande og tidkrevande på DIPS ikkje var førebudd på eit slikt nytt system. Det
vert arbeidd med utvikling av systemet for å gjere dette enklare.
Tilbakemeldingar frå Norsk Pasientregister (NPR) har også vore vanskeleg å tolke og det blir
arbeidd mot å få lettare forståeleg statistikk for måloppnåing.
Rapportering av resultat så langt i ordninga, og evt. samanlikningstal med nivået andre stader
vert gjennomgått på styremøtet.