Fitjar kommune Møteinnkalling Utval: Møtestad: Dato: Tid: Utval for Oppvekst og omsorg Kommunestyresalen, Fitjar rådhus 02.06.2015 13:00 Forfall vert å melda til kundetorget på tlf 53 45 85 00, som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling. Innkalling er sendt til: Namn Thoralf Åge Røen Frode Pletten Bente Karin Isdahl Dagfinn Brekke Grete Marit Veka Maraas Varamedlemar Britt Lise O. Volden Bjørg Karin Tislevoll Solfrid Sandvik Bø Geir Arne Solbakken Konrad Westvik Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Medlem Medlem Representerer AP H H KRF SP Funksjon Varamedlem Varamedlem Varamedlem Varamedlem Varamedlem Representerer AP H KRF SP FRP Thoralf Åge Røen Leiar Kristin Meland Utvalssekretær Side1 Saksnr Innhald Lukket PS 17/15 Godkjenning av protokoll PS 18/15 Meldingar PS 19/15 Saker handsama etter delegering PS 20/15 Leksehjelp i grunnskulen PS 21/15 Revidering av vedtekter for kommunal barnehage i Fitjar kommune PS 22/15 Plan for kompetanseutvikling i grunnskulen 2015 PS 23/15 Kjøp av utleigehusvære for å rekruttera legar til kommunen. PS 24/15 Gjennomgang av ressursbruk på pleie- og omsorg 2015. PS 25/15 Etablering av interkommunale akutte døgnsenger (KAD) godkjenning av hovudprosjekt PS 26/15 Sommarfullmakt 2015 PS 27/15 Ymse Side2 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2015/7 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 26.05.2015 SAKSFRAMLEGG Godkjenning av protokoll Utval sak Utval Møtedato 17/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Vedlegg: Protokoll frå møte 14.04.2015. Framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg godkjenner protokoll frå sist møte. Atle Tornes Rådmann Side3 Side4 Side5 Side6 Side7 Side8 Side9 Side10 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2015/7 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 29.05.2015 SAKSFRAMLEGG Meldingar Utval sak Utval Møtedato 18/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Vedlegg: Kontrollrapport frå Securitas for Spar Kontrollrapport frå Securitas Rema 1000 Kontrollrapport frå Securitas Joker Status Helsesenter pr. mai 2015 Framlegg til vedtak/tilråding: Utval for oppvekst og omsorg tek meldingane til vitande. Atle Tornes Rådmann Side11 Side12 Side13 Side14 Fitjar kommune Notat Vår dato: Vår ref: Arkiv: Sakshandsamar: Dykkar dato: Dykkar ref: 12.05.2015 2014/628 - 3202/2015 G20 Anne Berit Hovstad Johansen Til: Formannskapet Helsesenter status pr. mai 2015 Viser til førre møte i formannskapet der denne saka vart sett på dagsorden igjen. Administrasjonen har teke tak for å få avklart om lokala til tidlegare tannklinikk med tilstøytande areal i FBB, heile fløyen har plass nok til eit legesenter. Me gjekk ut med førespurnad på pristilbod til 3 firma i høve ei vurdering av areal til legesenter; med bl.a. slik tekst: Fitjar kommune vurderer å nytta ein del av eksisterande byggmasse ved Fitjar bu- og behandlingssenter til legesenter for tre legar med 2 støttepersonell. Areala har til no vore nytta mellom anna som tannlegekontor og kontor. I denne samanheng ønskjer Fitjar kommune tilbod på bistand til: 1. 2. Utarbeide teikningar for arealet og gjere ei vurdering av om areala er eigna til føremålet. Det skal leggjast særskilt vekt på: o Universell utforming o Effektiv pasienthandsaming o Arbeidstilsynet sine krav til arbeidsmiljø og arbeidsplassar o Krav til lydtettleik for å trygga helseopplysingar OPSJON Ei vurdering av kostnadar knytt til ombygging av areala til legesenter Det var og nokre tilleggspunkt. Fristen for å koma med tilbod var 11.05.15., med frist til å gjera jobben ferdig innan utgongen av mai. Det er kome inn 1 tilbod innan fristen. Jfr. møteplanen vil me kunna leggja fram resultatet av dette arbeidet til neste møte i formannskapet , og vil då ha eit grunnlag for å utelukka eller gå vidare med dette prosjektet. Me er og i gong med å sjå på eit romprogram for eit helsesenter, viss me skal vidare med andre alternativ for eit utvida helsesenter. Med helsing Anne Berit Hovstad Johansen Helse- og sosialsjef Side15 Side 2 av 2 Side16 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2015/7 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 26.05.2015 SAKSFRAMLEGG Saker handsama etter delegering Utval sak Utval Møtedato 19/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Følgjande saker er handsama etter delegering: DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS 19/15 20/15 21/15 22/15 23/15 24/15 25/15 30/15 31/15 32/15 33/15 Søknad om parkeringstillatelse Vedtak om vederlag for kommunale helse- og omsorgstenester. Vedtak om vederlag for kommunale helse- og omsorgstenester. Skjenkeløyve for einskildhøve - Fitjar kultur- og idrettsbygg AS, org.nr. 980 934 772 - 25.04.15 Går ut Svar på søknad om kommunal bustad Parkeringsløyve for rørslehemma - søknad Vedtak og svar på søknad om loopedtimar Vedtak og svar på søknad om logopedtimar Enkeltvedtak om rett til spesialundervisning for ***** for våren 2015 og for skuleåret 2015-2016 Enkeltvedtak om rett til spesialundervisning for ***** for våren 2015 og for heile skuleåret 2015-2016 Framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg tek delegeringssakene til vitande. Atle Tornes Rådmann Side17 Fitjar kommune Arkivkode: A20 Saksmappe: 2015/475 Sakshandsamar: Kristin Skare Dato: 27.05.2015 SAKSFRAMLEGG Leksehjelp i grunnskulen Utval sak Utval Møtedato 20/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Vedlegg: Notat - Leksehjelp Bakgrunn: Lovfesta rett til leksehjelp i skulen vart innført for 1.- 4.trinn frå august 2010. Frå 01.08.2014 fekk ein ei endring i opplæringslova som gjev skuleeigar rett til å avgjera kva for trinn i grunnskulen som skulle ha leksehjelp. Lovendringa kom i ferien og ein valde då å vidareføra tidlegare ordning med leksehjelp frå 1.4.trinnet i skuleåret 2014/15. Skulekontoret utarbeidde eit notat som har vore ute til høyring i råd og utval ved fleire av skulane (vedlegg). Vurdering: Notat leksehjelp greier ut om evalueringa av leksehjelpa slik den har vore organisert fram til i dag og seier noko om forsking knytt opp til lekser. Ein søkte med dette å løfta debatten om leksehjelpa. Fleire kommunar har gått over til å gje leksehjelpa på høgare trinn. Dette gjeld Bømlo (4.-7.trinn), Etne (5.-8.trinn) og Kvinnherad (4.-7.trinn). Desse syner til god erfaring med dette frå skuleåret som gjekk. Sveio har fristilt sine skular førebels og Stord innfører leksehjelp frå 5.-7.trinn frå hausten 2015. Å gje leksehjelpa på eit høgare trinn vil vera i tråd med det som vert peika på i NOVA-rapporten (sjå vedlegget) der ein har vurdert at leksehjelp har lite utjamnande effekt på dei lågare trinna, men at den kan ha det på høgare trinn. Det vil også vera i tråd med dei innspela ein har fått: I høyringsuttalane frå skulane har det kome følgjande innspel: Øvrebygda: SU: 1. Me ynskjer at leksehjelpa vert lagt til 3.-7.klasse med ulike dagar for småskulen og storskulen. 2. Det må leggjast til rette for nok pedagoghjelp for å ivareta kvaliteten på leksehjelpa. Sælevik: Personalet: Me ynskjer at leksehjelpa vert gjeve på 5.-8.trinnet Elevråd: Me ynskjer at leksehjelpa vert gjeve på 5.-7.trinnet Skulane i Fitjar er svært forskjellige, då ein har ein 1.-10 skule med heilt andre føresetnader en dei to mindre skulane. Ein legg difor opp til at dei tre skulane organiserer leksehjelpa i samsvar med dei lokale behova på skulen. Dei må då organisera leksehjelpa slik at det vert gjeve den hjelpa som er i tråd med lovverket m.o.t antal timar pr veke, innhald i leksehjelpa og i samarbeid med heimen. I vedlegget kjem det også fram at lekser har størst effekt om det er; repetisjon av kjent stoff, av eit moderat omfang og stoff som på førehand er gått gjennom av læraren. Ei flytting av leksehjelpa vil ikkje føra til auke i ressursbruken, før ein ev. vurderer å flytta den til utrinnet. I dei økonomiske føresetnadane ligg det inne at det skal nyttast midlar tilsvarande Side18 fagarbeidarløn til dette arbeidet, og ikkje lærarløn. Vurderer ein å leggje leksehjelpa på u-trinnet vil det vera trong for meir fagleg kompetanse enn ein fagarbeidar har. I inneverande budsjettår fins det ikkje ressursar til det. Leksehjelp utløyser ikkje ressursar til skyss, slik at dei elevane som har trong for det må foreldra ordna skyss for på eiga hand. Framlegg til vedtak: Skulane organiserer leksehjelp etter dei lokale behov frå 1.-7.trinn, slik det går fram av saka. Atle Tornes Rådmann Side19 Leksehjelp Fitjar kommune 06.01.2015 Leksehjelp i grunnskulen Korleis organiserer me dette i Fitjar for framtida? Sommaren 2014 kom Nokre av funna frå denne endring i opplæringslova rapporten: som gjer at kommunen har fått fridom til å leggja leksehjelpa på det trinn ein måtte ønske i motsetning til før der den skulle liggje på 1.-4.trinn. Opplæringslova § 1A-1.Leksehjelp i grunnskolen Skular som ikkje Kommunen skal tilby leksehjelp, jf. hadde leksehjelp frå før opplæringslova § 13-7a, med til saman og innførte ordninga åtte timar kvar veke til elevar i med høg deltaking, grunnskolen. Dei åtte timane fordelast har ei lita betring resultata på nasjonale Føremålet med prøvar. Leksehjelpa leksehjelpsordninga er å gje har ikkje greidd å fritt på årstrinna slik kommunen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i Leksene må vere fagstoff som er gjennomgått på førehand av læraren på skulen. Altså kjent stoff- opplæringa. Leksehjelpa er ikkje ein del av opplæringa Leksene må ikkje ha for høg vanskegrad. Eleven må ha høve til å utføra det på eiga hand- til eleven, men skal sjåast i samanheng med opplæringa. Leksehjelpa skal gi eleven hjelp med skolearbeidet. Det må vera eit moderat omfang. Kommunen er ansvarleg for leksehjelpa elevane støtte i utjamna sosiale og vel korleis leksehjelpa skal læringsarbeidet, skilnader og på organiserast. meistringskjensle, gje einskilde skular har Kommunen pliktar å informere foreldra rammer for sjølvstendig ein også funne at dei om retten til leksehjelp og tilbodet som arbeid, samt bidra til å sosiale skilnadane har gis. utjamna sosiale skilnader. auka. Foreldra er delte i synet på korleis dei Evaluering av ordninga som har vore: NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring) leverte ein rapport der dei evaluerte leksehjelpa etter innføringa. svake elevane får hjelp og på kompetansen til dei som utfører leksehjelpa. Både foreldre og skular (lærarar og Kommunen pliktar å sørgje for at elevane har eit godt psykososialt miljø i leksehjelpa som fremjar helse, trivsel og læring. Dersom ein tilsett har kunnskap eller mistanke om at eleven sin rett ikkje blir oppfylt skal den tilsette undersøkje saka, varsle kommunen og om nødvendig og mogleg sjølv gripe inn. Eleven og foreldre kan be om tiltak Side20 skuleleiarar) var kritiske - til leksehjelp på 1.trinn og meir positive til leksehjelp lenger opp i klassetrinna. Barn av innvandrarforeldre nyttar leksehjelp i høgare grad en etnisk norske. Dei viktigaste funna er nok at ein ikkje har greidd å utjamna sosiale skilnader, samt kritikken mot å gje hjelpa på dei lågaste trinna. (Seeberg, Seland, & Hassan, 2012) - Leksene må ikkje ha for høg vanskegrad. Eleven må ha høve til å utføra det på eiga hand Det må vera eit moderat omfang – det finnast ikkje dokumentasjon på at di meir tid ein nyttar på lekser di betre læring. Vidare har ein god dokumentasjon på at foreldra si støtte, engasjement og hjelp til barna sin skulegong har svært god effekt på eleven si Kva seier forsking om effekten av lekser? Thomas Nordahl (Høgskulen i Telemark) har samla ein del internasjonal forsking og seier at lekser har et tema, eller at de skal ta med noe på skolen.» Gutar og jenter: Saman med ein forskar ved NTNU har ho studert effekten av lekser på skuleresultata til niåringar ved å ta utgangspunkt i data frå seksten OECD-land. Gjennomgangen viser at norske elevar lærer av leksene dei får, men at det er jentene som trekk opp snittet. Gutene derimot, har svært dårlig utbytte av lekser i skulen. læring. Ein treng ikkje forstå matematikken på 10.trinn, seier Nordahl, men ein kan legge til rette, oppmuntre og involvera seg i form av å m.a. sikre at det blir sett av At lekser kan bidra til større skilnader mellom elevane avhengig av heimebakgrunn, har også støtte i forsking. ein positiv læringseffekt: tilstrekkeleg tid, faste «Opptur og nedtur» (Grønmo & Onstad, 2013) «Elever som gjennom 10.års tidspunkt, avgrense mediebruken medan ein gjer grunnskole har fått og gjort lekser, ligger i snitt nesten et år foran i læring i fag lekser. (Artikkel i Hamar arbeiderblad 13.08.2012) Elever med velutdannete foreldre tjener på at det blir gitt lekser - velutdannete foreldre Marte Rønning (SSB- synes å hjelpe elevene mer med som ikke har fått hjemmearbeid» forskar): Viser til forsking leksene - lekser kan derfor bidra Likevel er det nokre som også seier at det må til å forsterke forskjellene være repetisjon av noko dei mellom elevene. (Rønning, alt har lært på skulen, for 2011) sammenlignet med de elevene vesentlege føresetnader som må vera til stades for at lekser skal ha ein positiv effekt på læring, seier Nordahl: - Leksene må vere fagstoff som er gjennomgått på førehand av læraren på skulen. Altså kjent stoff elevane skal få utbyte av leksene. Satsingen på leksehjelp skulle bidra til å utjevne slike «– Alternativt må det være noe forskjeller, men her har som setter de i læringsmodus, forskning pekt på at det ikke er og gjør at de får lyst til å lære de elevene som trenger det mest, om et nytt tema som de skal som bruker denne hjelpen. gjennomgå neste uke. Dette kan gjøres ved at de skal sjekke opp i Side21 Det er eit gjennomgåande trekk at Finland føl opp leksene på ein anna måte enn lærerutdanning og på individuelle i Norge og Sverige. skoleforskning på Universitetet i arbeidsformer (elevene sitter Oslo, til SVD (Grønmo L. ) for seg selv og løser Det finns många teorier kring varför Finland lyckas bättre, Norske og svenske lærere men det vi ser i våra data är retter elevenes lekser og gir framför allt skillnader i dem tilbakemelding mer enn uppföljningen av läxorna. I det lærerne i Finland gjør. Finland används läxorna aktivt (Grønmo L. ) i klassrummet för att öka lärandet, en markant skillnad mot i Sverige och Norge, säger Liv Sissel Grønmo, första amanuens vid Institutt för oppgaver), mens mange andre land legger mer vekt også på mer kollektive arbeidsformer som diskusjon i klassen. (Grønmo & Onstad, 2013) Tidligere norske TIMSSrapporter har pekt på at undervisningen i Norge og Sverige preges av mye vekt Kva må takast omsyn til? Ulike alternativ for leksehjelp i Fitjar. Det er såleis fleire ting som til den einskilde skule og betalinga, for dei som nyttar lyt drøftast når ein no skal sjå nokre har flytta det til denne. på leksehjelpa lokalt. Ein lyt mellomtrinn. kanskje sjå på innhaldet i leksene, omfang, tilpassing og oppfølging? Særleg dersom ein vel å leggja leksehjelpa på høgare trinn. Mykje av forskinga peikar på at ein har lite tru på og liten effekt av, leksehjelp på 1.trinn, medan NOVArapporten konkluderer med mogeleg effekt på høgare Alternativ 2 Ein veit også at nokre skular har leksehjelp på u-trinnet der frivillige stiller opp (pensjonistar), men det er ulik praksis innafor kommunen. Leksehjelp på 4.-7.trinn. Samtidig kan det vera ein kan ha noko fleire born pr vaksen grunna alder og modning, dersom leksene er tilpassa elevane. Me vil i det vidare skissera tre alternativ til løysingar på framtidig leksehjelpsordning i Fitjar. Fleire kommunar har gått over til å gje tilbodet på t.d 4 – 7 trinn (2 t pr veke pr trinn). Nokre har sett inn litt trinn. Alternativ 1 Vidare lyt ein sjå på Dagens tilbod. Elevane ved organiseringa av leksehjelpa 1.-4.trinn får tilbod om 8 lokalt. Oslo og Bergen har timar leksehjelp pr veke, teke avgjerd om å leggja fordelt med t.d 2 t pr trinn tilbodet til mellomtrinnet. Det er ønskeleg med innspel… Skulekontoret vil med dette eller ein auke oppover i notatet løfta leksedebatten, trinna. Tilbodet vert gjeve av samt få innspel til assistentar ved skulane og politikarane når ein skal gjev rett til fråtrekk i SFO- vurdera å gjera endringar på Hjå nabokommunane våre varierer det. Nokon har behalde ordninga som før. lærarressurs og nokre nyttar framleis assistent. leksehjelpa i kommunen. Nokre har latt det vera opp Side22 Lovverket opnar for fleire ulike løysingar, men økonomi kan setja grenser for nokre variantar. 2015/2016. Udir.pdf Budsjett for inneverande år legg ikkje opp til noko auke i Hassan, S. C. (2012). ressursbruk til leksehjelpa. "Litt vanskelig at alle Det er viktig med alle typar innspel og frå fleire hald. Både foreldre, elevar og tilsette er velkomne til å skal med" Rapport: Siterte verk Grønmo, L. S., & Onstad, T. (. (2013). Opptur og koma med innspel. Me nedtur - Analyser av ønskjer innspel både om TIMSS-data for Norge leksenes innhald, og om når og Sverige. Oslo: den eventuelt vil ha best effekt på elevane si læring. Saka kjem opp i utvalet på Seeberg, M. L., Seland, I., & Evaluering av leksehjelpstilbudet 1.4.trinn. Oslo: Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring. Akademica. Grønmo, L. (u.d.). Udir. Hentet Januar 18, vårparten. 2015 fra http://www.udir.no/ Målsetjing er at eventuelle Upload/Kalender/Fag nye leksehjelpordning skal konferanse/Kap.%206 koma i gong skuleåret %20Lekser%20til%20 Tilbakemelding på e-post til skulekontoret innan: 26.03.2014 Skulekontoret Fitjar kommune [email protected] og [email protected] Sælevik skule Øvrebygda skule Rimbareid skule Utdanningsforbundet FAU og elevråd ved skulane Ungdomsrådet Andre interesserte Side23 Fitjar kommune Arkivkode: A10 Saksmappe: 2008/465 Sakshandsamar: Kristin Skare Dato: 27.05.2015 SAKSFRAMLEGG Revidering av vedtekter for kommunal barnehage i Fitjar kommune Utval sak Utval Møtedato 21/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Kommunestyret 17.06.2015 Vedlegg: Reviderte vedtekter for kommunal barnehage i Fitjar kommune. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2005-12-16-1478?q=forskrift+foreldrebetaling Artikkel: Mislighold av barnehageavgift. Kommunal økonomi, januar 2015 Bakgrunn: Frå 1.mai 2015 er det gjort ei endring i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. For å sikra at kommunen driv i tråd med lovkrav har ein gjort endring i vedtektene. Vurdering: Vedtektene må endrast grunna regelendring i ny forskrift. Endringa omhandlar retten til reduksjon i foreldrebetaling for barnehageplass. Forskrifta seier at ingen hushald skal nytta meir enn 6% av inntekta si til å betala for barnehageplass. Målet med forskriftsendringa er å laga ein sosial profil på foreldrebetalinga i barnehage og legge til rette for at fleire får høve til å nytte barnehageplass gjennom å senke prisen for barnehage for familiar med låg inntekt. Endringa er gjort i punkt 10 i vedtektene, samt i punkt 11 som omhandlar misleghald av foreldrebetalinga. Når det gjeld punkt 11 har ein ikkje hatt tydlege nok rutinar for å handtera misleghald av foreldrebetaling. Slik vedtektene no er utforma gjev kommunen eit tydleg signal til føresette i høve rettar og plikter. Barnets rett til barnehageplass vert ivareteken jf barnehagelova. Framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg rår kommunestyret til å gjera følgjande vedtak: Reviderte vedtekter for kommunal barnehage i Fitjar vert godkjende slik dei ligg føre i saka. Atle Tornes Rådmann Side24 Reviderte vedtekter for kommunal barnehage i Fitjar kommune. 1. Eigartilhøve Fitjar kommune står som eigar av den barnehagen som desse vedtektene omfattar. Utval for oppvekst og omsorg har ansvar for forvaltinga og tilsynet med barnehagen. Det daglege ansvaret for drifta er delegert til styrar for barnehagen. Barnehagen skal drivast i samsvar med Lov om barnehage med forskrifter, lokal barnehageplan, plan for barnehagen og elles kommunale vedtekter og anna relevant lovverk. 2. Føremålet Frå §1 Lov om barnehager: § 1. Formål Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. 3. Innhald Frå §2 Lov om barnehager § 2. Barnehagens innhold Barnehagen skal være en pedagogisk virksomhet. Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter. Barnehagen skal ta hensyn til barnas alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn, herunder samiske barns språk og kultur. Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap. Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet og vitebegjær og gi utfordringer med utgangspunkt i barnets interesser, kunnskaper og ferdigheter. Barnehagen skal ha en helsefremmende og en forebyggende funksjon og bidra til å utjevne sosiale forskjeller. Departementet fastsetter en rammeplan for barnehagen. Rammeplanen skal gi retningslinjer for barnehagens innhold og oppgaver. Barnehagens eier kan tilpasse rammeplanen til lokale forhold. Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalget for hver barnehage fastsette en årsplan for den pedagogiske virksomheten Side25 4. Barn og foreldremedverknad § 3. Barns rett til medvirkning Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. § 4. Foreldreråd og samarbeidsutvalg For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg. Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette. Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene. Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget. I Fitjarstølane barnehage er samarbeidsutvalet sett saman av ein forelder/føresett, ein av dei tilsette og eit medlem frå Utval for oppvekst og omsorg. Styrar er sekretær utan stemmerett, men med uttalerett. 5. Opptaksmynde Rådmannen har mynde til å ta avgjerder innafor barnehagelova vedrørande opptak av barn i barnehage. Opptak i barnehage er delegert til barnehagekonsulent i samarbeid med styrar. Barnehagekonsulent har det praktiske ansvaret for gjennomføring av samordna opptak kommunen. Rådmannen er klageinstans. Klagefrist er 3 veker frå ein mottek melding om vedtak. 6. Opptakskrets Barn frå heile kommunen tilhøyrer opptakskretsen til den kommunale barnehagen. Barn frå andre kommuner kan få plass dersom det er ledige plassar etter opptak. Kommunen er pålagt å tilby alle ettåringar fødde før 01.09 barnehageplass ved hovudopptaket pr 1.august jf: § 12a. Rett til plass i barnehage Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt. Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen. Opptak av barn går føre seg heile året, men plassane for hovudopptak vert lyst ut i februar. Søknadfristen er 1. mars kvart år. Dei som ynskjer å byta Side26 barnehage, må søkja på nytt ved hovudopptak. Dersom ein ynskjer endring av plassen internt i barnehagen fyller ein ut skjema i gjeldande barnehage. Styrar stadfestar plass og opphaldsbetaling. 7. Opptakskriterie § 12a. Rett til plass i barnehage Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt. Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen. § 13. Prioritet ved opptak Barn med nedsatt funksjonsevne har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Det skal foretas en sakkyndig vurdering for å vurdere om barnet har nedsatt funksjonsevne. Barn som det er fattet vedtak om etter lov om barneverntjenester §§ 4-12 og 4-4 annet og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Kommunen har ansvaret for at barn med rett til prioritet får plass i barnehage Utanom hovudopptak tek styrar inn barn etter kvart som det er ledige plassar. Styrar tek hensyn til alder, gruppesamansetning, søsken. 8. Opphaldstid Når eit barn får plass, får det behalda plassen til den vert oppsagt av føresette. Føresette til alle barn som byrjar i barnehage må levera ei erklæring om barnet si helse før barnet tek til i barnehagen, jf Lov om barnehage §23. Ein gjer særskild merksam på: § 23. Helsekontroll av barn og personale Før et barn begynner i barnehage, skal det legges fram erklæring om barnets helse. Dersom barnet har møtt til de ordinære undersøkelser på helsestasjon, kan slik erklæring gis av barnets foresatte. I bruksåret gjeld ei oppseiingstid på 1 månad frå den 1. i påfølgjande månad. Oppseiinga skal gjerast skriftleg til barnehagen. Permisjonar i løpet av bruksåret vert vanlegvis ikkje gjeve, men det kan vurderast i særskilde høve. Permisjonen skal følgja bruksåret/barnehageåret som er frå august til og med juli. Søknad må sendast på skriftlig til styrar/leiar i barnehagen der barnet har plass. Styrar si avgjerd kan påklagast til rådmannen jf. Forvaltningslova. 9. Foreldrebetaling Foreldrebetaling for ein barnehageplass skal ikkje setjast høgare en maksimalgrensene jf Lov om barnehagar og forskrift til foreldrebetaling i barnehagar §1. Maksimalgrensa vert fastsett i Stortinget i samband med årleg budsjettvedtak. Søskenmoderasjonen vert 30 % for barn nr 2 og 50 % for barn nr 3 eller fleire. Betaling for kost kjem i tillegg. Side27 10. Låg betalingsevne Frå 01.05.15 har hushaldningar med låg betalingsevne rett på redusert foreldrebetaling. Hushaldninga skal ikkje betala meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. I 2015 er den samla foreldrebetalinga for ein barnehageplass kr 27.980,-. Regelverket for denne ordninga finn du her: http://www.udir.no/barnehage/regelverk/foreldrebetaling/?WT.ac=makspris&bok s=bhg3 . Søknadsskjema og informasjon ligg på kommunen si heimeside. Døme: Dersom hushaldninga har ei samla skattepliktig kapital og personinntekt på kr 310.000,- skal ikkje foreldrebetalinga utgjera meir enn kr 310.000,- * 6 % = kr 18.600,- . Med 11 betalingsmånadar vert foreldrebetalinga pr. månad kr 1.691,-. Søskenmoderasjonen vert 30 % for barn nr 2 og 50 % for barn nr 3 eller fleire. 11. Misleghald av foreldrebetalinga: Når foreldra skriv under på at dei tek imot barnehageplassen aksepterer dei også at dei skal betala for denne. Dette vert å rekna som eit kontraktsrettsleg grunnlag. Manglande foreldrbetaling vert å rekna som eit kontraktsbrot. I slike saker har Fitjar kommune følgjande prosedyre. a) Ved mangel på foreldrebetaling tilsvarande 2 månadlege innbetalingar vert føresette kalla inn til ein bekymringssamtale. Her prøver ein å finna ei løysing for nedbetaling av gjelda. Ein sjekkar også om manglande betalingsevne skuldast forhold som bør utløysa støtte frå kommunen. b) Dersom misleghaldet held fram og det manglar foreldrebetaling tilsvarande 3 månadlege innbetalingar mistar barnet barnehageplassen. Samstundes set kommunen i verk rettsleg inndriving av uteståande jf. inkassolova §10. Ein gjer merksam på innhaldet i barnehagelova § 12a, 1 ledd som omtalar barn sin rett til barnehageplass. Eit barn som misser plassen sin i løpet av barnehageåret grunna misleghald av foreldrebetalinga har etter lova rett på ny plass ved opptak til nytt barnehageår. Punkt b ovanfor trer i kraft etter 1 månad dersom tidlegare uteståande innbetalingar ikkje er gjort opp. 12. Godkjenning og areal: Barnehagen er godkjend for 45 plassar og driv til ei kvar tid innnfor rettleiande arealnorm som er 4 m2 for born over tre år og om lag 1/3 meir for barn under tre år. Uteområdet er også i tråd med rettleiande norm. 13. Opningstider Opningstida i kommunal barnehage er frå kl.0645 til 1645. Ferielukking: Den kommunale barnehagen har 4 veker ferielukking, hovudsakleg i juli månad. Barnehagen er stengt på Laurdagar, julafta og planleggingsdagar. Side28 Nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagen klokka 1200. Sjå elles barnehageruta for den einskilde barnehage. 14. Vedtekter Endring av desse vedtektene må godkjennast av kommunestyre etter framlegg frå utval for oppvekst og omsorg. Side29 Side30 Side31 Fitjar kommune Arkivkode: A29 Saksmappe: 2015/480 Sakshandsamar: Kristin Skare Dato: 27.05.2015 SAKSFRAMLEGG Plan for kompetanseutvikling i grunnskulen 2015 Utval sak Utval Møtedato 22/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Vedlegg: Plan for kompetanseutvikling i skulen 2015 http://www.udir.no/Upload/skoleutvikling/videreutdanning/F_4269B_Kompetanse_for_k valitet.pdf Bakgrunn: Fitjar kommune sin kompetanseutviklingsplan er ei vidareføring av førre plan, men med nokre nye tiltak. Planen byggjer på strategien «Kompetanse for kvalitet 2012 – 2015» og må forankrast politisk for å få ut dei statlege midlane. Vurdering: "Kompetanse for kvalitet - strategi for vidare og etterutdanning 2012 - 2015" er Kunnskapsdepartementet si vidareføring av Kompetanse for kvalitet. Denne strategien har dei seinare år vorte grunnlaget for eit varig system med vidareutdanning av pedagogisk personale i grunnskulen. Den statlege satsinga har som overordna mål å styrka elevens læring og motivasjon i grunnopplæringa ved å auke lærar og skuleleiars kompetanse. Kompetanseutvikling er i tillegg et lokalt ansvar som skal vera forankra i lokale behov i den einskilde kommune og på den einskilde skule. Kvalifisering av lærarar og assistentar må vera kontinuerleg prosess då krav til fagleg og metodisk undervisningskompetanse stadig aukar. I opplæringslova står det: § 10-8.Kompetanseutvikling Skoleeigaren har ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet. Tidlegare fekk kommunane tildelt kompetansemidlar gjennom tilskot frå Fylkesmannen. Desse midlane er no trekt inn og samla inn under ungdomsskulesatsinga Gnist. Her har Rimbareid skule meldt si interesse for å delta frå hausten 2015. Satsingsområda vert klasseleiing. Gjennom den nasjonale satsinga kompetanse for kvalitet får kommunane tilskot til vidareutdanning for lærarane. I dei fleste tilfella får lærarane løn i 37,5 % av stillinga si for å gå på vidareutdanninga. I faga naturfag og matematikk dekkar tilskotet kr 225.000,- nesten vikarutgiftene. For resten av fagfelta må kommunane sjølv dekka inn vikarutgifter for kvar lærar tilsvarande om lag kr 50.000,- . Den enkelte kommunen må i alle alternativa dekka kostnadar til reise, opphald, faglitteratur m.m. (Om lag kr 10.000,- pr. lærar) Fitjar kommune gjev dette året 3 tilsette tilbod om vidareutdanning på statleg/kommunal avtale. Skulebasert kompetanseutvikling var svært vellukka gjennom prosjektet vurdering for Side32 læring. Denne måten å arbeida på involverer heile personalet ved den enkelte skulen og vil bli modell for for dei vidare utviklingsarbeida m.a. for ungdomsskulesatsinga Gnist i 2015 som Rimbareid skule startar opp med hausten 2015. Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) legg også opp til eit samarbeid om vidareføring av vurdering for læring-satsinga. FOS har ved fleire høve greidd å få hand om midlar til nettverksarbeid og desse vil bli nytta i det arbeidet. Den auka statlege satsinga på vidareutdanning for lærarar er positiv for kommunen. Dette gjev kommunen høve til å vidareutvikla skulen og stimulera tilsette til å søkja vidareutdanning og til å læra i fellesskap. Gjennom FOS har Fitjar kommune saman med kommunane i regionen fått til eit godt samarbeid kring nettverk og kurs. Planen er utarbeidd med grunnlag i faglege vurderingar og i samarbeid med skulane. Den vil bli iverksett innafor dei økonomiske rammer som ligg i budsjett 2015, supplert med fond og ekstra statlege midlar. Sidan planen slik det ligg føre ikkje legg opp til auke i kommunale midlar utover det som er budsjettert for 2015, meiner rådmannen saka kan endeleg vedtakast i fagutvalet utan å gå vidare til kommunestyret. Framlegg til vedtak/tilråding: Utval for oppvekst og omsorg godkjenner «Plan for kompetanseutvikling i skulen 2015» Atle Tornes Rådmann Side33 Plankompetanseutviklingiskulen 2015 Fitjarkommune FITJAR KOMMUNE May 27, 2015 Side34 Innhold Innleiing og bakgrunn.............................................................................................................................. 1 Mål:...................................................................................................................................................... 1 Kompetanseutviklingstiltak i 2015 .......................................................................................................... 2 Strategiar ................................................................................................................................................. 2 Tiltaksplan for kompetanseutvikling 2015 .............................................................................................. 3 Vidareutdanning...................................................................................................................................... 4 Etterutdanning ........................................................................................................................................ 4 Samarbeidspartnarar............................................................................................................................... 5 Økonomi .................................................................................................................................................. 5 Innleiingogbakgrunn "Kompetanse for kvalitet - strategi for vidare og etterutdanning 2012 - 2015" er Kunnskapsdepartementet si vidareføring av Kompetanse for kvalitet. Denne strategien har dei seinare år vorte grunnlaget for eit varig system med vidareutdanning av pedagogisk personale i grunnskulen. Kompetanseutvikling er i tillegg et lokalt ansvar som skal vera forankra i lokale behov i den einskilde kommune og på den einskilde skule. Kvalifisering av lærarar og assistentar må vera kontinuerleg prosess då krav til fagleg og metodisk undervisningskompetanse stadig aukar. Mål: Formålet med kompetanse for kvalitet er å styrka elevens læring og motivasjon i grunnopplæringa ved å auke lærarar og skuleleiars kompetanse. Lærarars faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse skal vidareutviklast gjennom å gje målretta og landsdekkande tilbod om vidareutdanning. Den nasjonale rektorutdanninga vidareførast som ein del av strategien. Det skal samtidig gjevast tilbod om etterutdanning innan statleg prioriterte fag og kompetanseområde. Strategien skal bidra til å auka lærarar og skuleleiarars status og styrke tilliten til skulens kvalitet. Delmål for perioden 2012–2015 1. Satsingen på videreutdanning har som mål å bedre elevenes resultater i prioriterte fag ved å auke antall lærere som har faglig og fagdidaktisk kompetanse opp til 60 studiepoeng. 2. Satsingen på etterutdanning har som mål å øke lærernes kompetanse gjennom etterutdanning på prioriterte fag og områder 3. Satsingen på rektorutdanningen har som mål å styrke skolelederes kompetanse gjennom det nasjonale rektorprogrammet Som føregåande år er det også i 2015 – 2016 sett av midlar til vidareutdanning i grunnopplæringa. Denne potten er auka og kommunane har fått reduserte utgifter til vikar Kompetanseutviklingsplanfortilsetteiskulen2015 Side35 Side1 Som eit ledd i å få skulane til å bli lærande organisasjonar har styresmaktene sett i verk fleire typar kompetanseheving enn etter- og vidareutdanningar i fag. Denne forma vert kalla Skulebasert kompetanseheving og er omtala i Stortingsmelding 22(2010 – 2011) Motivasjon – mestring – muligheter: Skolebasert kompetanseutvikling innebærer at skolen, med ledelsen og alle ansatte, deltar i en utviklingsprosess på egen arbeidsplass. Hensikten er å utvikle skolens samlede kunnskap, holdninger og ferdigheter når det gjelder læring, undervisning og samarbeid Forsking syner at dei skulane som greier å gjera god praksis til felles praksis i skulen og som aukar kompetansen sin internt ved kollegarefleksjon, utprøving og deling greier betre å løfta elevresultata enn om ein baserer Kompetansehevingsstrategien kun på einskilde kurs, eller at nokre lærarar tek vidareutdanning. Satsinga Vurdering for læring, var ei slik satsing som også har ført til endra praksis i klasseromma. Hausten 2015 kjem Rimbareid barne- og ungdomskule med i Ungdomstrinnsatsinga og får såleis tilgang til ein del ekstra kompetanseheving der. Vurdering for læring er utvida i regionen og det vil bli tilbod om kurs og nettverk for Sælevik og Øvrebygda i samband med det. Kompetanseutviklingstiltaki 2015 Fitjar kommune har over tid, hatt nokså høg deltaking på vidareutdanningar i statleg regi. Ein har dei to siste åra fått lærarar med vidareutdanning, samt at ein i kursregionen (FOS – forum for oppvekst i Sunnhordland) har gjeve tilbod om kurs og nettverk innafor ei rekkje område. Lista under gjev eit oversyn over hovudtiltak: 3 lærarar har i perioden delteke/skal delta på vidareutdanning under felles statleg/kommunal strategi. Nokre lærarar fått kommunal støtte til gjennomføring av vidareutdanning. Gjennom FOS har mange lærarar delteke på diverse dagskurs/samlingar. 5 skuleleiarar har delte på vidareutdanninga sakshandsaming i skule og barnehage. Strategiar Fitjar kommune byggjer på desse strategiane i sitt arbeid med kompetanseutvikling: Fitjar kommune vil arbeida for og støtta opp om at det vert teke initiativ til og gjennomført ulike kompetanseutviklingstiltak for skuleleiarar, lærarar o.a. i regi av Forum for oppvekst. I ein liten kommune som Fitjar er det viktig å søkja samarbeid i regionen for å få til eit godt tilbod. Fitjar kommune gjennomfører kvart fjerde år nødvendig kartlegging av behov for kompetanseutvikling i grunnopplæringa. Strategiar og tiltak for kompetanseutvikling og skuleutvikling vert sett på dagsorden i felles kommunale møter for skuleleiarane Fitjar kommune vil halda god kontakt med utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen Kompetanseutviklingsplanfortilsetteiskulen2015 Side36 Side2 Både kommune- og skulenivå vil delta på ulike nasjonale og regionale kurs og konferansar om skuleutvikling og skulevurdering Vidareutdanning kombinert med arbeid i nettverksgrupper gir god læringseffekt for deltakarane og gjer at skular har gjensidig nytte av den kompetanse og dei røynsler som er på andre skular. Studiereiser og personalsamlinga og deltaking i større prosjekt er gode læringsarenaer for å utvikla skulen som lærande organisasjon. Fitjar kommune vil arbeida for i aukande grad å realisera kompetanseutvikling gjennom vidareutdanning og utviklingsarbeid over tid. Dette gjev betre effekt enn tradisjonelle kortkurs. Kompetanseutviklingstiltaka må gå i djupna, vera forskingsbaserte og vera knytt til praksis. For Fitjar kommune er kompetanseutvikling også viktig i høve til rekruttering av personale til skulen Alle skulane har eige kursbudsjett til rådevelde. Gjennom desse strategiane vil Fitjar kommune leggja grunnlag for vidareutvikling av ein god skule. Skuleverket i Fitjar har mange dyktige og kompetente skuleleiararar og lærarar. Gjennom kompetanseutvikling, utviklingsarbeid på den einskilde skule og regionalt samarbeid vil me sjå at skuleleiararar, lærarar og assistentar får fagleg påfyll, høve til etter- og vidareutdanning og innsikt i utviklingsarbeid. Kommunen sine hovudstrategiar må realiserast gjennom skulane sine utviklingsplaner, god tilrettelegging og oppfylging frå skulekontoret og interkommunalt samarbeid. Tiltaksplanforkompetanseutvikling2015 I høve til kompetanseutvikling skil ein mellom tre hovudtypar: 1. Vidareutdanning – vert avslutta med eksamen og gjev formell kompetanse (studiepoeng) 2. Etterutdanning –kurs, konferansar. Dette fører ikkje til formell kompetanse, men er eit verkemiddel i høve til oppdatering og fagleg påfyll. 3. Skulebasert kompetanseheving - Skulebasert kompetanseutvikling inneber at: skulen, med leiing og alle tilsette deltek i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass over tid. Føremålet er å utvikla skulens samla kunnskap, haldningar og ferdighetar når det gjeld læring, undervisning og samarbeid. Kompetanseutviklingsplanfortilsetteiskulen2015 Side37 Side3 Vidareutdanning (Utdanningsomgirformellkompetanseogstudiepoeng) Kompetanseutviklingsområde Målgruppe Type tiltak – organisering Merknad – utfyllande opplysningar 1 lærar startar opp hausten 2015 Rekning som grunnleggjande ferdigheit Sakshandsaming i skule og barnehage Lærar barnetrinn Høgskulen Stord Haugesund 5 skuleleiarar Høgskulen Stord Haugesund Naturfag Lærar ungdomstrinn Universitetet i Bergen Gjennomført i perioden jan. – mai 2015 1 lærar fullfører våren 2015 Matematikk Lærar ungdomstrinn Høyskolen i Bergen 1 lærar fullfører våren 2015 Sum vidareutdanning Stipulerte kostnadar Kr 125.000,(Statleg støtte kr 112.500,-) Kostnad 22.925,Kr 125.000,(Statleg støtte kr 112.500,-) Kr 125.000,(Statleg støtte kr 112.500,-) Kr 397.925,(Statleg støtte kr 337.500) Etterutdanning (kurs,konferansar,nettverksgrupper,utviklingsarbeid,prosjektetc) Kompetanseutviklings område – fagområde Målgruppe Type tiltakorganisering Ungdomsskulesatsinga Alle tilsette Klasseleiing v/Rimbareid skule Kurs lesing Lærarar alle trinn Skuleleiarkonferanse i Alle Haugesund skuleleiarane Kurs – nettverk – Høyskolen i Bergen m.m. kurs Diverse kurs gjennom FOS for lærarar og assistentar Sum etterutdanning Etterutdanning Assistentar og lærarar Kurs – nettverk Merknad – utfyllande opplysningar Planlegging vår 2015. Oppstart haust 2015 FOS organiserer kurset Samarbeid i FOS på tvers av kommunar Ulike emner og fag Stipulerte kostnadar Kr 30.000,(Statleg støtte kr 20.000) Kr 18.000,Kr. 15.500,Kr 8.000,Kr 71.500,(statleg støtte kr 20.000) Kompetanseutviklingsplanfortilsetteiskulen2015 Side38 Side4 Samarbeidspartnarar I arbeidet med kompetanseutvikling er det viktig at Fitjar kommune opprettar og går inn i samarbeid med andre kommunar og ulike utdanningsinstitusjonar. I denne planen legg ein til grunn at dei eksterne hovudsamarbeidspartnarane skal vera: Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland Høgskulen Stord-Haugesund samt andre høgskular og kompetansesentra som kan tilby relevant etter og vidareutdanning Andre tilbydarar av kompetanseutvikling Økonomi Fitjar kommune får, etter søknad tilført statlege midlar til kompetanseutvikling. Staten tek no større del av kostnadane til vidareutdanning av lærarar, men noko fell likevel på kommunen sjølv. Det er ein føresetnad at kommunen går inn med eiga finansiering og at denne vert synleggjort i søknader, planer og rapporter. Det er også ein føresetnad at kommunen utarbeider og vedtek plan for kompetanseutvikling. Fitjar kommune har søkt om kr 337.500,- i midlar til vidareutdanning I 2015. Våren 2015 deltek 7 på vidareutdanning. (5 på sakshandsaming i skule og barnehage og 2 på frikjøpsordninga kompetanse for kvalitet) Frå hausten har 1 lærarar søkt på vidareutdanning. (kompetanse for kvalitet) Vedkommande har fått plass. Det er ein føresetnad at kommunen overfører ubrukte statlege midlar frå eit budsjettår til neste. Bruken av både statlege og kommunale midlar skal dokumenterast. Dei økonomiske rammene vil og i noko grad kunne supplerast av ubrukte øyremerka staglege midlar frå tidlegare år. Kompetanseutviklingsplanfortilsetteiskulen2015 Side39 Side5 Fitjar kommune Arkivkode: 600 Saksmappe: 2014/823 Sakshandsamar: Anne Berit Hovstad Johansen Dato: 22.05.2015 SAKSFRAMLEGG Kjøp av utleigehusvære for å rekruttera legar til kommunen. Utval sak Utval Møtedato 23/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Bakgrunn: Fitjar kommune har i mange år hatt ei stabil legedekking, men i løpet av året som ligg framfor oss, står me ovafor ei problemstilling med å rekruttera 1-2 nye legar til kommunen. Den andre legen som har hatt driftsavtale med kommunen i fleire år, bur ilag med sonen (skuleelev) i kommunal bustad på Tysnes enno, og har lenge sett seg etter hus i Fitjar. Men fordi det er vanskeleg å finne noko eigna på den private leigemarknaden har han ikkje lukkast. Vedkomande har bustad i Spania, og deler av familien bur enno der, så vedkomande ynskjer difor å leige enno ei tid. Han har teke spørsmålet opp med kommunen og bed om at det vert stilt til disposisjon hus til leige for han. Vurdering: Administrasjonen har lenge sett ei utvikling der det er vanskeleg å få tak i bustad på Fitjar, især på leigemarknaden. Å få tak i tilfredsstillande bustad for å leige har vore eit problem også for andre tilflyttarar. Til dømes kan ein nemne at ein sjukepleiar som vart tilsett her nyleg, ikkje fann hus her i kommunen til familien sin, og busette seg på Bømlo der dei fekk både hus og barnehageplass umiddelbart. Kort tid etter sa vedkomande opp her og sluttar straks. Bustadutfordringane gjeld ikkje lenger berre såkalla særleg «vanskelegstilte», men og andre som vender seg til kommunen og NAV og ber om hjelp. Når me no etter svært mange år skal rekruttera nye legar, må ein vurdera sterkt om kommunal utleigebustad skal vera noko ein skal tilby. Andre distriktskommunar har ofte dette med i eit tilbod. Me veit og at yngre legar kanskje ikkje alltid blir så lenge på ein stad, og då byggjer dei ikkje hus i ein kommune som det første dei gjer. Rådmannen meiner og at det framover, kan vera like viktig utfordring å behalde den andre legen som og har vore her i fleire år no, som å rekruttere nye legar. Det vil vera viktig å leggje til rette for å han med «på laget» vidare, ein lege med både kontinuitet og erfaring og som er almennlegespesialist. Det bør difor kjøpast ein bustad så snart som mogeleg til utleige til den legen som i dag har avtale med kommunen og ynskjer flytta hit. Det er svært stressande å pendle, især med alt vegarbeid som har funne stad både på Stordøya og på Tysnes. Våren 2016 må ein kjøpe ein ny bustad til same føremål; rekruttera ny lege. Side40 Framlegg til vedtak/tilråding: Utvalet for oppvekst og omsorg rår Formannskapet til å gjera følgjande vedtak: Fitjar kommune kjøper ein bustad (som bør ha 3 soverom) så snart som mogeleg. Ramme for kjøp vert sett til kring kr. 2,5 mill kroner. Bustaden skal leigast ut til lege som i dag har avtale med kommunen, og finansierast over helsebudsjettet/leigeinntekter. Atle Tornes Rådmann Side41 Fitjar kommune Arkivkode: Saksmappe: 2015/483 Sakshandsamar: Anne Berit Hovstad Johansen Dato: 28.05.2015 SAKSFRAMLEGG Gjennomgang av ressursbruk på pleie- og omsorg 2015. Utval sak Utval Møtedato 24/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Bakgrunn: Fitjar kommune har gjennom fleire år hatt sterk auke i ressursbruken på pleie- og omsorg. Kostnadene især på FBB syner urovekkjande auke på alle vikarpostar. Forklaringa åleine ligg ikkje på sjukefråvære. Og ein veit ikkje om det er underbudsjettering eller anna forklaring. Erfaringstala kan jo tyda på at budsjetta er for låge når ein brukar for mykje, og må erstatte alt fråvære. Ein har og mindre bemanning på helg. Nytilsette folk som kjem frå andre kantar i landet erfarer at FBB er ein veldig travel arbeidsplass, med mange ulike pasientutfordringar. Og leiinga kan ikkje forsvare lågare drift ut frå pasienttal og driftsmessige utfordringar. Fitjar ligg høgt på plasser med heildøgnsomsorg. Dette er tal som dekker både FBB og Havnahuset. Siste åra har kostnadene pr. plass vorte noko meir utjamna når me samanliknar oss med andre. Me veit at Fitjar kommune har større utfordringar enn mange andre kommunar med mange brukarar med ressurskrevjande behov. Høgt tal på timar pr. brukar i heimetenestene er såleis lett å forklare. Kommunen har hatt diverse gjennomgangar av drifta: Deloitte gjennomførte i 2011 ein forvaltningsrevisjon i heile pleie –og omsorgsavdelinga i Fitjar kommune. Det var ein konklusjon i 12 punkt, som administrasjonen gjekk nøye gjennom, men hovud konklusjonen var, mange heildøgnsplassar, dyre tenester. Høgt timetal pr. brukar i heimetenesta. I 2010 nytta ein RO –senteret dvs ressurssenter for omsorgstenester til ein gjennomgang av KOSTRA tala i kommunen som då indikerte at me låg svært høgt i ressursar pr. brukar. Enno nokre år før dette hadde me eit firma som heitte Medvita inne for å sjå på ressursbruk og organisering. Begge rapportane styrka vår oppfatning om kommunen sine utfordring når det gjeld mange brukarar med ressurskrevjande behov. Vurdering: Korleis ligg me an no? KOSTRA tala for 14 viser framleis at me ligg noko høgt i utgiftsnivå. Side42 Fitjar N. driftsutg. per innbyggjar Heildøgnplassar per innb. 80+ Utg. per opphaldsdøgn institusjon 21 182 Bømlo 17 590 Stord 14 987 40 28 28 4 364 3 017 3 318 Me brukar enno meir utgifter til ressurskrevjande brukarar med auka bemanning. Ute på einingane vert det hevda at ein har for liten grunnbemanning, og for lite ressursar til spesialisert rehabilitering og krevjande brukarar, samt pallistiv behandling. Det vert og vist til manglande støttefunksjonar, merkantil og økonomi. Det er og behov for ein ny leiarfunksjon for PU tenesta. Administrasjonen meiner ein ny gjennomgang med eigne folk kan vera vanskeleg, ein ser problem og ikkje løysingar, for ein kjenner på at den daglege drifta er krevjande. Me har derfor tenkt at me treng hjelp av konsulent eller andre dersom det skal vera ein ny gjennomgang av pleie- og omsorg. Korleis skal ei bestilling av konsulent vera? Det må ut på anbod og me må då lage ei god bestilling, og spesifisera kva vil me oppnå. Skal me sjå på tildelingspraksis, ligg me for høgt i forhold til andre? Dersom ein skal tenke omstilling og tilpassing til framtida, må ein gå djupt inn i dette, då ein vil få fleire yngre med store behov og fleire eldre om få år. Ein ny gjennomgang kan til dømes ta utgangspunkt i siste forvaltningsrevisjonsrapport. Framlegg til vedtak/tilråding: Utvalet for oppvekst og omsorg ber Formannskapet om ei løyving på inntil kr. 200 000 til ein gjennomgang av drifta på pleie- og omsorgstenestene. Løyvinga skal gå til kjøp av konsulenttenester, og administrasjonen får fullmakt til å lage kriterier for utlysing av tilbod til konsulent. Løyvinga vert å ta av tilleggsposten. Atle Tornes Rådmann Side43 Fitjar kommune Arkivkode: Saksmappe: 2015/481 Sakshandsamar: Andreas Moe Larsen Dato: 28.05.2015 SAKSFRAMLEGG Etablering av interkommunale akutte døgnsenger (KAD) - godkjenning av hovudprosjekt Utval sak Utval Møtedato 25/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Kommunestyret 17.06.2015 Vedlegg 1 Forprosjekt 2 Rapport frå fagleg arbeidsgruppe 3 Framlegg til selskapsavtale 4 Innspel frå Legeforeininga Tidlegare dokument (utrykte vedlegg) Forprosjektrapport om «Korttidsbehandling, observasjonsplassar og LMS» – mai 2012. Forstudierapport om «Delprosjekt om korttidsbehandling, observasjonsplassar, legevaktsordning og LMS» fase 1 – juni 2011. Tenesteavtale 4 mellom kommunane og Helse Fonna – «Avtale om kommunens sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp». Særskilte vurderingar for Fitjar kommune Oppretting av KAD-senger er ein stor utfordring for ein kommune på Fitjar sin storleik. Det er sterke krav til tenesta, mellom anna om at lege skal kunna tilkallast innan ein time. Den framlagte løysinga vil gje eit svært godt tilbod, samstundes som ein får tenlege lokale for legevakta. Det gjev god nytting av ressursar å byggje ut ein heil avdeling, då det kravst lite ekstra ressursar for å driva ein slik avdeling enn om ein driv berre fire senger. I fordelinga av kostnadane mellom kommunane er det lagt inn eit fastelement for både legevakta og sengeavdelinga. Etter drøftingar med dei andre kommunane meiner rådmannen det var uråd å unngå eit slikt element, og alternative løysingar ville truleg gje seg utslag i eit større fastelement. Samla vil saka medføra ein auke i kostnader på 1,56 mill. kroner. Samstundes er det varsla at regjeringa vil gje særskilt auke i rammetilskotet til Fitjar kommune på kr 688 000 knytt til KAD-senger. Det er god økonomi i å nytta plassane som blir oppretta, og det vil vera avgjerande at desse blir nytta effektivt, noko som kan gje reduserte kostnadar i den ordinære omsorgstenesta i Fitjar kommune. Denne saka gjeld eit omfattande samarbeid om fagleg krevjande tenester. Saka er lagt fram med lik innstilling i dei tre kommunane, og ein er avhengig av likt vedtak i alle tre kommunar for å halda fram med planlegginga. Side44 Bakgrunn og saksutgreiing Kommunane Bømlo, Fitjar og Stord etablerte felles legevakt ved Stord sjukehus frå februar 2014. Tenesta blir drifta gjennom det interkommunale selskapet Sunnhordland interkommunale legevakt IKS. Stortinget vedtok 14.06.11 ei endring i helse- og omsorgstjenesteloven (§ 3-5 tredje ledd), som trer i kraft frå 1. januar 2016: ”Kommunen skal sørge for tilbud om døgnopphold for helse- og omsorgstjenester til pasienter og brukere med behov for øyeblikkelig hjelp. Plikten gjelder kun for de pasienter og brukere som kommunen har mulighet til å utrede, behandle og yte omsorg til.” Intensjonen er at tilbodet skal bidra til å redusera talet på innleggingar i spesialisthelsetenesta. Tilbodet og samhandlinga med helseføretaket skal regulerast i ein tenesteavtale. Helsedirektoratet har estimert at Bømlo har trong for 553 liggjedøgn årleg, medan Fitjar har trong for 145 og Stord 817. Til saman utgjer dette om lag 4,15 døgnplassar. Ein forprosjektrapport konkluderte i 2013 med at ”… kommunane Bømlo, Fitjar og Stord bør oppretta ei felles avdeling for snøgghjelps-/observasjonsplassar med tillegg av plassar for ”intermediærsenger”, til saman 7-9 sengeplassar.” Arbeidsgruppa meinte at desse plassane burde bli lokalisert ved Stord sjukehus. Kommuneadministrasjonane kjem i saka med framlegg om å drifte avdelinga med fleire plassar enn det kommunane har trong for til KAD-senger, for å sikre ei effektiv drift. Grunngjevinga for dette er at den same grunnbemanninga av sjukepleiarar må til for å drifte ein sengeavdeling opp til 9 plassar. Når kommunane byggjer ein ny avdeling med 4,85 plassar utover dei lovfesta 4,15 plassane, vil det vere viktig å få god utnyttingsgrad av desse med konsekvens å spare kostnader som kommunen elles ville hatt. Det er gjort fleire vedtak i utviklinga av desse tenestene. I juni 2013 vedtok kommunestyra ein målsetnad om å etablera legevakt ved Stord sjukehus, som eit interkommunalt selskap. I same vedtak har kommunestyra ein målsetnad om å utvida samarbeidet til å tilby kommunalt akutt døgntilbod (KAD) frå seinast 1. januar 2016. Med denne bakgrunnen blei det sett i verk ein forstudie (vedlegg), og det blei lagt inn investeringsmidlar til bygging av ny legevakt i tilknyting til Stord sjukehus i kommunane sine budsjett for 2015. Føremålet med denne saka er å gjera endeleg vedtak om bygging, og det skal avklarast viktige prinsipp for drift av samlokalisert legevakt og kommunalt akutt-døgntilbod (KADavdeling). Kommunane må no gjera eit langsiktig val av løysing for KAD-plassane. Drifta av legevakta er i seg sjølv ikkje del av denne saka, med unntak av dei områder som grenser mot KAD-avdelinga. Gjennom den interkommunale legevakta har kommunane bygd ei robust legevaktteneste med høge krav til kvalitet. Ved å knyta KAD-avdelinga til legevakta, i nærleiken av Stord sjukehus, tek kommunane eit langt steg vidare i same retning. Det er viktig å sjå saka i lys av at det er trong for vidare utvikling av legevakta med omsyn til dagens lokale for legevakta, innføring av naudnett og at ein skal handtere legevakttelefon samt personalforhold. Ny nasjonal akuttmelding stiller auka krav til innhald i legevakt, med føremål å styrke kvalitet og innhald for innbyggjarane. Det er etablert statlege stimuleringsordningar til bygging og drift av KAD-tilbod, noko som er ein vesentleg faktor for å kunne etablere slikt kommunalt tilbod. Dagens lokale for legevakt er ikkje tilfredstillande og framtidsretta, og Helse Fonna ønskjer å nytta desse lokala til andre føremål. Det vil såleis vere gunstig å sjå etablering av nye, eigna og moderne lokale for legevakt i samanheng med sengeavdlinga, når den no kan byggast med vesentlege økonomiske tilskot. Side45 Med den framlagte driftsform og bemanning vil det interkommunale selskapet vera ein ressurs for samfunnstryggleik og beredskap for eigarkommunane. Selskapsavtalen for Sunnhordland interkommunale legevakt IKS må reviderast for å innehalda korleis kommunane fordelar kostnadane for den nye avdelinga mellom seg. Det blir i framlegget lagt til grunn ein fastdel på 5 prosent av driftskostnadane, og overskytande kostnadar blir fordelt etter folketal. For observasjonsplassane blir det gjort eit etteroppgjer etter faktisk bruk. Ettersom avtalen likevel må endrast, er det gjort andre oppdateringar i tillegg, sjå under. Kvifor samlokalisering? Kommunane kan løysa kravet om KAD-senger på ulike måtar. Nokre kommunar har knytt KAD-sengene til eksisterande sjukeheimar, medan andre har oppretta eigne avdelingar til føremålet. Det vil vera føremoner og ulemper med begge måtane å organisera tenesta på. Kommunane har god kompetanse på dei breie pasientgruppene i dei ordinære omsorgstenestene. Å kopla sengene til eksisterande sjukeheimar vil då vera eit høve til å styrka denne kompetansen vidare, med midlar frå sentrale myndigheiter. Tilbodet vil gjera det meir attraktivt å arbeida i dei kommunale omsorgstenestene, samstundes som det gjev nye utfordringar til eksisterande tilsette. Det er fleire problemstillingar knytt til denne måten å organisere tenestene på. Pasientane ved KAD-sengene kan vera i alle aldersgrupper og vil ha ulike somatiske problemstillingar, sjølv om erfaring frå tilsvarande tilbod synar at fleirtalet av pasientane er eldre. Det vil vera klar skilnad mellom drifta av ein ordinær sjukeheim og drift av desse plassane. Det er ein samanheng mellom volum og kvalitet, som inneber at kommunar med berre 1-2 KAD-senger vil oppnå lite trening og vedlikehald av kompetanse, på dei alvorlegast sjuke kommunale pasientane. Kvinnherad kommune har etablert KAD-tilbod i ei korttidsavdeling, med legedekning på heildøgnsbasis og legetilsyn alle kvardagar på dagtid. Tilsyn på dagtid er lagt til sjukeheimslegane, og legevakta i Kvinnherad dekker beredskap for sengene resten av døgeret. Ei deling av det aktuelle talet KAD senger i kvar kommune på lokal sjukeheim kan vera ei alternativ løysing, slik Kvinnherad kommune har gjort. Det kan verta svært utfordrande å behalde same kvalitet som i eit interkommunalt samarbeid. Ei slik løysing skal på same viset godkjennast av helseføretaket etter visse kvalitetsindikatorar. Tilgjenge og kvalitet på tilbodet og kompetanse til personell må vera slik at personar med ein tilstand der det er akutt trong for døgnopphald i institusjon, som før vart innlagde i sjukehus, no kan få behandling utanfor sjukehus. Det må altså vera ei reell avlasting av sjukehusbruken og eit tiltak som like godt eller betre kan stetta det personen treng. Kvaliteten må vera slik at fastlege eller legevaktlege har tillit til at personen får den behandlinga som trengst på ein minst like god måte som ved ei sjukehusinnlegging. I motsett tilfelle vert tilbodet ikkje nytta. Det er legen som vurderer personen utanfor institusjon, som tilrår og avgjer kva døgntilbod vedkomande bør leggjast inn i. I kommunane Fitjar, Stord og Bømlo vil det vere særleg krevjande å etablere ei lokal vaktordning for lege i døgnberedskap kveld/helg og høgtid for dei aktuelle KAD-senger i eigen kommune. Å tilbakeføre heile legevakta til kvar kommune vil etter rådmennene sitt syn ikkje ivareta noverande eller framtidige krav til kvalitet og fagleg innhald . Den interkommunale legevakta kan vanskeleg ivareta vakt for KAD-senger i dei 3 kommunane på heildøgnsbasis ( kveld, helg og høgtid). Å bygge opp ei eiga vaktberedskap i kommunen for KAD senger på kveld, helg og høgtid vil vere vanskeleg å gjennomføre ved at legane då må delta i to vaktordningar. Å drifte KAD-senger i den einskilde kommune ville vere ei løysing med lågare kostnadar. Side46 Det er grunn til å rekne med at ein ville kunne finansiere ordninga innanfor forventa tilskot på kr. 7,2 mill. kr. Når ein samla sett ikkje rår til etablering av KAD senger i kvar kommune, er dette grunna i følgjande : Kompetanse og kvalitet. Få senger gjev mindre mengdetrening i akuttbehandling. Å samla kompetansen i ei felles legevakt og KAD-avdeling vil gje betre kvalitet. Det er ikkje grunnlag for å avvikle legevakt og tilbakeføre til den einskilde kommune. Det er grunn til å rekne med at ein innan kort tid må etablere den interkommunale legevakta i nye lokale. Kommunane får i nytt bygg oppdaterte, framtidsretta lokale for både legevakt og sengeavdeling, og får ved samlokalisering maksimal nytte av investeringstilskotet til sengeavdelinga. Det vil vere sers krevjande å etablere ei vaktordning med maksimalt ein times responstid for legar heile døgeret for KAD-senger i kvar kommune. Ordninga har potensiale til å selje observasjons- og KAD-plassar til andre kommunar, sjølv om det ikkje er avtaler på dette i dag. Det er vidare potensiale for å leige ut lokala i legevakta til anna helseføremål på dagtid. Erfaring frå eksisterande KAD-tilbod viser at det i oppstartsfasen er utfordrande å få fastlegar og legevaktlegar til å leggja inn pasientar i avdelingane. Ved å samlokalisera legevakta og KAD-avdelinga vil innleggande lege vera trygg på at pasienten ved forverring har kort veg til sjukehus. Mykje tilseier at dette vil føra til større bruk av sengene. Erfaring frå dagens legevakt syner at mange blir henvist til sjukehus for poliklinisk oppfølging eller innlegging. Det er venta strengare kvalitetskrav til legevakter dei neste åra. Sunnhordland interkommunale legevakt er godt rusta til denne utviklinga, og samlokalisering med KAD-avdelinga vil styrka legevakta. Bygging Mot slutten av 2014 blei det lyst ut ein konkurranse om utforming av bygget, der fem arkitektfirma fekk teikna utkast. Fire arkitektar valde å delta i konkurransen. Ein jury leia av ekstern ekspert Michael Ramm Østgaard kåra Link Arkitektur AS til vinnar av konkurransen. Ein viktig målsetnad med prosjektet er at dei to tenestene skal dra vekslar på kvarandre, gjennom felles rom og funksjonar. Vinnarutkastet frå Link Arkitektur skildra trong for eit areal på 857 m², noko som etter påfølgjande kvalitetskontroll har blitt auka til 1 144 m². Naudsynt areal er etter forprosjektet kvalitetssikra og i tråd med krav frå Husbanken. Auken skuldast i stor grad naudsynte tekniske areal og mottakskjøkken. Samstundes er risikoen redusert frå forprosjektet, og det er no lagt til grunn 10 prosent av byggjekostnadar til uføresette kostnadar. Vinnarutkastet er plassert på Helse Fonna sin eigedom. Styret i Helse Fonna vedtok 22. april at det interkommunale selskapet får etablera eit bygg i det verna parkområdet: 1. Styret i Helse Fonna HF godkjenner at Sunnhordaland Interkommunale legevakt IKS får etablere eit nybygg til interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod i det verna parkområdet 2. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør sende fram naudsynt søknad til Riksantikvaren via Helse Vest RHF 3. Styret i Helse Fonna gir administrerande direktør i oppdrag å forhandle frem ein opsjon på etablering av ein eventuell framtidig 3 etasje på nybygget 4. Styret i Helse Fonna HF gir administrerande direktør i oppdrag å forhandle frem ein avtale om tomtefeste Det er viktig både for kommunane og helseføretaket at det er enkelt å overføra pasientar mellom legevakta, døgnplassane og sjukehuset. Dette vil auka tryggleiken for pasientar og tilsette, ved at det er kort veg til ekspertfunksjonane ved sjukehuset om tilstanden til ein pasient skulle endra seg. Plasseringa legg til rette for rask pasienttransport mellom det kommunale bygget og sjukehuset. Norske helseføretak har sterkt aukande pasienttransport, noko som ikkje minst gjer seg gjeldande i form av transport mellom sjukeheimar, KAD-avdelingar, legevakt og sjukehus. Dersom dei tre sistnemnde funksjonane kan overføra pasientar seg imellom Side47 utan bruk av ambulanse, vil det bidra til ei betre nytting av Helse Fonna sine transportressursar. Riksantikvaren ser Stord sjukehus som eit ”helsehistorisk og arkitekturhistorisk viktig anlegg med stor tidsdybde”, og har difor freda heile byggmassen, inkludert bustadane sør og vest for hovudbygget. Det planlagde bygget kjem difor mellom to freda bygg. Helse Fonna har vore i dialog med Riksantikvaren, og arkitekten som har teikna framlegg er bede om å ta omsyn til fredinga. Vinnarutkastet er sendt til Riksantikvaren for avklaring. Helseføretaket ønskjer å få kompensert dei parkeringsplassane som eventuelt forsvinn i samband med bygginga. Vidare detaljar om dette må løysast gjennom forhandlingar i samband med tomtekjøp. Helse Fonna har indikert at det kan bli aktuelt å leige areal i nybygget. Dette vil i så fall bli ein tredje etasje, noko som byggjet er teikna og dimensjonert for. Kommunane får investeringstilskot til sjukeheimsplassar, men ikkje til legevaktsbygg. Ved at ein legg begge funksjonane i same bygg vil det vera mogleg å få tilskot til delar av grunnarbeidet med bygget. Saka er drøfta med Husbanken. Driftsmodell Tenesta sin legitimitet krev at det blir gjort solide, faglege vurderingar om kven som skal leggjast inn og kva fagleg standard tilbodet skal ha. Pasientar skal vera trygge på at tilbodet er betre eller like godt som innlegging i sjukehus. Ei arbeidsgruppe har utabreidd faglege vurderingar for KAD-plassar i Bømlo, Fitjar og Stord, og rapporten frå arbeidsgruppa ligg som vedlegg til saka. Legevaktlegar og fastlegar skal ha høve til å leggja inn pasientar til tilbodet. Intensjonen er at pasientane skal ha plass ved avdelinga i inntil tre døgn, men dette vil bli vurdert individuelt etter pasienten sin situasjon. Eksklusjons- og inklusjonskriteriar Helsedirektoratet skildrar i sin rettleiar kva pasientar som er aktuelle for tilbodet. Hovudgruppa er pasientar med kjente tilstandar, med avklart diagnose og funksjonsnivå, der risikoen for akutt forverring er liten og der kommunane er i stand til å utgreia og handsama pasienten. Det er krav om at pasienten skal vera vurdert av lege før innlegging. I tvilsituasjonar skal pasienten visast vidare til spesialisthelsetenesta. Arbeidsgruppa tek utgangspunkt i Helsedirektoratet sin vegleiar (utfyllande informasjon er å finna i rapport frå arbeidsgruppa). Det er laga fleire rettleiingsverktøy for lege i samband med innlegging til slike avdelingar, og det vil vera høve til å nytta desse når det skal utarbeidast tilsvarande for denne avdelinga. Erfaringar frå tilbod som har vore i drift ei stund viser at innleggingsprosenten har vore låg i byrjinga, men dei fleste tilboda har hatt aukande innlegging med tida. For å sikra at avdelinga blir brukt må innleggande lege vera trygg på at tilbodet er av god fagleg standard. Det må difor vera ein god, kontinuerleg dialog mellom innleggande lege, vaktansvarleg sjukepleiar, legevaktslege og vakthavande lege ved akuttmottaket ved Stord sjukehus. Mottaksplassar Eit viktig premiss for investeringa er at den skal leggja til rette for effektiv økonomisk drift. Å byggja ei avdeling med fire pasientrom vil ikkje vera i tråd med dette, då utnyttinga av personalressursane er mykje betre i ei større avdeling. Utgangspunktet for denne saka er difor å byggja ei avdeling med ni pasientrom, i tråd med forstudierapporten. Side48 Ettersom det er trong for i overkant av 4 KAD-senger, vil det vera fem plassar som må nyttast til andre føremål. Kommunane sine erfaringar frå dei siste åra er at det er stor trong for korttidsplassar for pasientar som kjem frå spesialisthelsetenesta, før dei kan sendast til heim eller ordinær sjukeheim. Samstundes treng ofte pasientar observasjon før sjukehusinnlegging. Arbeidsgruppa legg ikkje opp til at avdelinga skal nyttast for alle pasientgrupper, men at den vil vera godt eigna for nokre slike tilfelle. Avdelinga vil ikkje vera eigna for bruk til dei brukarane som treng langtidsplass (sjukeheimsplass), men vil vera eit godt alternativ for pasientar som for eit kortare tidsrom treng auka observasjon. Dette vil kunne frigjera senger i kommunane og hindra midlertidig oppbygging av ressurskrevjande løysingar i pasienten sin heim. Det vil i tillegg vera høve til å gje korttidsopphald ved avdelinga for brukarar som ordinært bur heime eller har plass ved ein ordinær sjukeheimsavdeling, men som treng auka overvaking for ein kortare periode. Plassane vil såleis kunna nyttast før, i staden for eller etter sjukehusinnlegging. Etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-7, andre ledd, kan det bli gjeve tilbod til pasientar og brukarar i inntil to veker utan vedtak. KAD-plassane vil vere dekkja av dette punktet, og det vil vera naturleg å nytta to veker som ei avgrensing av opphaldslengd òg for dei andre plassane ved avdelinga. Bemanning Samlokalisering av legevakta og KAD-avdelinga gjer det mogleg å sjå bemanning for begge tenestene i samanheng. Den felles ressursnyttinga blir ytterligare styrka av at drifta er samla i eit felles selskap under felles leiing. Den framlagte bemanninga har to sjukepleiarar på vakt heile døgeret. Det vil vera trong for dette med fire plassar, og bemanninga vil ha kapasitet til å ta imot ni pasientar. Trongen for tilsynslege og leiarfunksjonar vil vera noko mindre i ein avdeling med fire plassar, men kostnadane vil elles i stor grad vera like uansett avdelingsstorleik. Legevakta har ikkje drift på dagtid, medan kveld og helg er tidsrom med høg aktivitet. Om natta er det lege på vakt, men det er låg aktivitet. Dette gjer det mogleg å dela på legeressursar på natta. Det vil vera trong for tilsynslege ved KAD-avdelinga på dagtid. Det er difor vurdert at det må tilsetjast legeressursar tilsvarande ein stilling til dette føremålet. Arbeidsgruppa skildrar ulike løysingar for legedekking på kveldstid og i helgar: Felles bakvaktordning for KAD-avdelinga og sjukeheimane i kommunane gjennom avtale med legar utan plikt til å delta i legevakt. Oppbemanning av legevakt med 2 legar på vakt kveld, helg og natt. Den fyrstnemnde ordninga vil ikkje auke vaktbelastninga for fastlegane, og vil styrka vaktordninga for sjukeheimane. Dei fleste sjukeheimane baserar legetilsyn og konferanse på frivillige ordningar med tilsynslegar. Dette er ei skjør og personavhengig ordning. Administrasjonen rår difor til at den fyrste ordninga blir arbeidd vidare med. Per i dag er legevakta bemanna med lege ettermiddag, natt og helg. I helga er det oppretta ei bakvaktordning. Det må gjerast avtalar som sikrar informasjons- og kompetansedeling mellom dei to avdelingane, og som sikrar raskast mogleg legetilsyn ved legevakta, sengeavdelinga og sjukeheimane i kommunane. Det er føresett at bakvaktordninga skal innehalda tre timar aktiv tid laurdag og sundag, for å sikra dagleg legetilsyn ved avdelinga. Med den skildra ordninga vil det seinare vera mogleg å vurdera daglegevakt eller utleige av lokaler til fastlegar (legesenter) på dagtid. Side49 Helse Fonna har ansvar for legevaktsentralen som står for telefonmottak for Sunnhordland interkommunale legevakt i dei tidsromma legevakta ikkje er bemanna med sjukepleiar. Helse Fonna har varsla ein auke i prisen på grunn av auka kostnadar til naudnettet. På Haugalandet har Helse Fonna sagt opp avtalar om telefontenester. Det kan difor bli naudsynt å ta over denne tenesta sjølv i framtida, noko som vil styrka kompetansen ved legevakta. Sjølv om det vil vera høve til å selja denne tenesta til andre legevaktar er det betydelege kostnadar knytt til å overta telefonmottaket, og det er ikkje ein del av denne saka. I tillegg til turnusbemanning kjem dagleg leiar i full stilling, fagansvarleg for sengeavdelinga i full stilling, fagansvarleg legevakt i halv stilling, delt merkantil ressurs i 80 prosent stilling og reinhaldar i 100 prosent stilling. Arbeidsgruppa ønskjer avdelingsleiarar for dei to avdelingane. Administrasjonen tilrår at ein legg til grunn ein modell med ein leiar for det interkommunale føretaket og fagansvarleg sjukepleiar for kvar av dei to avdelingane. Årsverk Sjukepleiar Lege sengeavdeling 10,8 1,54 Kompetanse og opplæring Arbeidsgruppa tilrår at sjukepleiarar ved avdelinga må minimum ha to års praksis frå relevant arbeid, medan legar i tenesta bør vera spesialistar i allmennmedisin og elles i samsvar med nye nasjonale krav. Andre KAD-tilbod har erfart at det er mogleg å rekruttera personell med spesialkompetanse,til dømes spesialsjukepleiarar innan relevante felt. Det kan i tillegg vurderast om avdelingsoverlege ved sengeavdelinga kan ha ein annan spesialitet enn allmennmedisin. FOUSAM (felles forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna, Høgskolen Stord/Haugesund og dei 18 kommunane i Fonna-distriktet) tilbyr tilsette i dei kommunane som startar opp KAD-plassar ein kompetansepakke. Pakken har tidlegare blitt gjennomført for Haugesund, Kvinnherad, Suldal og Karmøy, og inneheld mellom anna hospitering på sjukehus og fagdagar. Helse Fonna har rettleiingsplikt for kommunane, og vil delta i opplæring før tilbodet kjem i drift, og i konferansar om einskildpasientar når tilbodet kjem i drift. Det må lagast ein plan for internopplæring og oppbygging av prosedyrar og anna styrings- og kvalitetsdokumentasjon. Tilsette må få naudsynt opplæring i dei prosedyrar og rutinar som skal gjennomførast ved avdelinga, og læra å nytta det medisinske utstyret. Ein realistisk framdriftsplan for byggeprosjektet tilseier at det ikkje er mogleg å vera i gang frå årsskiftet. Dette gjer at ein kan nytta fyrste halvår til rekruttering og opplæring av tilsette. Grensesnitt mot Helse Fonna Alle kommunane har inngått ein tenesteavtale med Helse Fonna som skildrar samarbeidet om KAD-avdelingar. Før oppstart skal det i tillegg bli inngått ein særavtale om den aktuelle avdelinga. Helse Fonna har delteke i førebuingane til denne saka. Samlokaliseringa tilseier samdrift med Helse Fonna for einskildtenester, noko som reduserer driftskostnadane, i tillegg til at nybygget ikkje treng areal til alle funksjonar. Sunnhordland interkommunale legevakt IKS vil gå i forhandlingar med Helse Fonna om aktuelle funksjonar. Legevakta og sengeavdelinga vil ha utstyr og kompetanse til meir avansert prøvetaking enn eit legesenter eller ein sjukeheim, men det vil vera god ressursutnytting å Side50 samarbeide med Helse Fonna om meir avansert prøvetaking. I særavtalar for tilsvarande tilbod har Helse Fonna gjeve pasientane same prioritet som eigne pasientar for blodprøvetaking ved sjukehuslaboratoriet og radiologiske undersøkingar. Legevaktlege og overlege ved KAD-avdelinga må ha eit tett operativt samarbeid med vakthavande lege ved akuttmottaket. Økonomi Investering Anslag på byggjekostnad: Areal legevakt Areal KADavdeling 554m² 590 m² Pris per m² Risiko Byggjekostnad Kr 35 000 10 prosent 44 mill. kroner Kostnadsfordeling: Byggjekostnad Husbanktilskot 44 mill. kroner 14,2 mill. kroner MVAkompensasjon 8,8 mill. kroner Eigenfinansiering 21 mill. kroner Den kommunale eigenfinansieringa er i oppsettet auka med 8,6 mill. kroner høvesvis forstudierapporten. Det er tidlegare vedteke midlar til investering i bygget i alle dei tre kommunane, men kommuneadministrasjonane har kome fram til at det er ein førsetnad at ein kommune eig bygget og har ansvar for drift og vedlikehald. Dette er òg i samsvar med Husbanken sitt regelverk. Det interkommunale selskapet har ikkje har kompetanse på bygningsdrift, og det vil ikkje vera rasjonelt å byggja opp denne kunnskapen i selskapet, så lenge den allereie finst i dei tre kommunane. Prinsipielt kunne kvar av dei tre kommunane hatt eigaransvaret for bygget. Ettersom bygget ligg i Stord kommune, og det er i kort avstand til det kommunale eigedomsføretaket sin base, er det framlegg om at Stord kommune tek på seg eigaroppgåva. Stord kommune har ein organisasjonsmodell der Stord kommunale eigedom KF har ansvar for drift, forvalting og vedlikehald av alle kommunale føremålsbygg , og det vil vera føretaket som eig bygget. Dette medfører at heile eigenkostnaden i prosjektet blir finansiert av Stord kommune. Stord kommune gjer avtale med det interkommunale selskapet om ei husleige som dekkjer dei kapitalkostnadane kommunen har hatt i samband med bygginga, i tillegg til kostnadsdekking av ulike drifts- og vedlikehaldstenester knytt til bygget. Kostnaden ved bygget vil på denne måten bli fordelt mellom eigarane. Husleiga vil variera med Stord kommune sin kapitalkostnad, ettersom renta endrar seg. Ettersom det er mogleg å trekkja seg frå det interkommunale selskapet med eitt års varsel, må Stord kommune ha ein tilleggsgaranti for det investerte beløpet. Kommunane Bømlo og Fitjar må difor garantera for sin høvesvise del av leigekostnaden for bygget i 40 år. Dersom det blir frigjort areal ved at kommunen trekk seg ut, og arealet kan leigast ut til andre eller nyttast til andre føremål, må det koma til fråtrekk. I ein slik situasjon vil Stord kommune ha ei plikt til å arbeida for tenleg alternativ bruk av areala om dette er mogleg. Legevakt I samband med flytting av legevakta til nytt bygg vil husleigeavtalen med Helse Fonna bli sagt opp , medan det kjem nye leigekostnadar for legevaktdelen av nybygget. Auka leigekostnadar i nytt bygg er rekna til kr 160 000. Ein tek sikte på å seie opp avtale om bistand til legevaktlegefrå helseføretaket sine tilsette på natt, og gje ansvaret for dette til den faste bemanninga ved sengeavdelinga. Dette føreset at dei tilsette ved sengeavdelinga får naudsynt kompetanse for å ivareta oppgåva. Endringa vil medføra ein innsparing på kr 234 000. Legevakta vil difor isolert sett få reduserte kostnadar i samband med flyttinga. Sengeavdeling Det er utarbeidd eit driftsbudsjett for sengeavdelinga basert på premissane i saka. Dette kjem på 13,95 mill. kroner. Side51 Tabellen viser estimerte årskostnadar for avdelinga. Kostnad for mat er basert på at det i gjennomsnitt er sju pasientar ved avdelinga. Kostnadsart Løn og sosiale kostnadar Kontor Medikament Mat Reinhald og drift Kurs Skyss/kost Portør/transport/avfall Husleige Teknisk utstyr Sum Kostnad 11 015 200 297 1 250 125 75 25 118 700 100 13 905 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 000 Oppsettet er basert på full drift av avdelinga. Eit budsjett basert på drift av berre KADsengene vil ikkje redusera sjukepleiarbemanninga, noko som gjer at det vert relativt låg kostnad på dei 5 siste sengene. Kostnader utanom lønn utgjer berre 20 prosent av totalkostnad, og ein del av desse er faste kostnader som i liten grad vert påverka enten sengene vert nytta eller ei. Ein kan sjå for seg ein lågare legebemanning ved berre drift av KAD-sengene, og leggja til grunn 70 prosent legestilling på dagtid og noko reduksjon av utrykningskostnad (omlag 20 prosent reduksjon). I tillegg kan variable kostnader som medikament, mat, og liknande reduserast høvesvis for reduksjon i tal på senger . Utgifter til reinhald kan reduserast med om lag 25 prosent. Utifrå dette kan det vera mogleg å drifte ei redusert avdeling (KAD-plassane) for mellom 1 og 1,5 mill. kr mindre enn oppsettet ovanfor syner. Bakgrunnen for tilrådinga i saka, er at dei resterande sengeplassane vil kvar kosta betydeleg mindre enn ein ordinær sjukeheimsplass. Det er ikkje vurdert å leggja berre KAD-plassane til grunn for utforminga av byggjet, då ein vil mista ein stor del av tilskotet frå Husbanken, noko som utgjer 55 prosent av byggekostnaden. Ein vil i ein slik modell ha svært høge kostnadar for kvar sengeplass, lite rasjonell drift og inga høve til utviding eller sal av tenester. Rådmannen gjer etter ei samla vurdering framlegg om at eininga vert bygd ut og bemanne for ni plassar. Dette vil vera driftsøkonomisk gunstig og gje ein relativt låg meirkostnad på dei 4,85 plassane. Stord kommune har låg dekning av sjukeheimsplassar og betalar relativt store summar til Helse Fonna for utskrivingsklare pasientar. Stord vil disponera om lag 3 av desse plassane, og rådmannen meiner at kommunen vil kunna nytta desse effektivt som korttidsplassar. Inntekter I oppbygginga av KAD-avdelingar i Noreg har Helsedirektoratet og helseføretaka finansiert tilboda gjennom eit øyremerka tilskot. I 2012 utgjorde dette kr 4 330 per døgnplass det er utrekna trong for. Det er forventa at tilskotet vil bli del av rammetilskotet frå 1. januar 2016, når tilbodet blir lovpålagt. Beløpet blir kostnadsjustert årleg, og det er venta at auken i rammeoverføringa blir til saman 7,2 mill. kroner for dei tre kommunane i 2016. Det vil vera rimeleg at styrkinga av rammetilskotet til kommunane utgjer grunnfinansieringa av tilbodet. Resterande kostnader må fordelast mellom kommunane etter ein nøkkel. Venta særskilt auke i rammeoverføringa til kommunane: Bømlo Fitjar Side52 2 634 906 688 706 Stord Totalt 3 890 200 7 213 812 Som nemnt tidlegare vil det vera høve til å selja både KAD- og mottaksplassar til andre kommunar, og det interkommunale selskapet vil arbeida for dette. Det vil i tillegg bli arbeidd for å få inn ein helserelatert leigetakar på dagtid i legevaktslokala. Dersom ein lukkast med å selja tenester, vil det koma til fråtrekk for eigarkommunane sine kostnader. Summerte kostnadar Kostnadane til legevakta er per i dag fordelt på kommunane gjennom ein kostnadsnøkkel basert på innbyggjartal. Det er no lagt opp til eit grunnbeløp for begge tenestene på 5 prosent av kostnadane. Innbyggjartal er lagt til grunn for dei resterande kostnadane for både legevakt og sengeavdeling. Det vil bli gjennomført eit etteroppgjer mellom kommunane basert på faktisk bruk av observasjonssengene. Døgnraten er ved oppstart rekna til kr 3 000. Dette gjeld i dei høve ein av kommunane nyttar meir enn sin del av plassane. Estimerte nye driftskostnadar er kr 13 905 000 for sengeavdeling, medan det blir ein mindre kostnadsreduksjon for legevakta. Totale årskostnadar for tenestene (inkludert eksisterande kostnadar for legevakt) er samanstilt i følgjande tabell: Legevakt Legevakt Sengeavdeling Sengeavdeling Totalt fast (5 %) variabel fast (5 %) variabel Bømlo 167 000 3 334 000 232 000 4 632 000 8 365 Fitjar 167 000 877 000 232 000 1 218 000 2 494 Stord 167 000 5 297 000 232 000 7 359 000 13 055 Totalt 501 000 9 508 000 696 000 13 209 000 23 914 000 000 000 000 Endring i selskapsavtalen Selskapsavtalen må omtala kostnadsfordelinga av den nye avdelinga, og avtalen må difor vedtakast på nytt i alle eigarkommunane. Det er gjort framlegg om endringar i følgjande paragrafar: §3 Drift av KAD-avdeling er lagt til som oppgåve. §3 Det er lagt til at selskapet kan ta på seg oppgåver for andre kommunar. §4 Innbyggjartal er oppdatert til 1. januar 2015 §6 Det er lagt til eit avsnitt om fordeling av kostnader for KAD-avdeling. § 8, 3 Det er lagt til krav om fagansvarleg lege for KAD-avdeling b §9 Merknad om dato for tidlegaste reforhandling (1. mai 2014) er teke vekk § 10 Garantien frå Bømlo og Fitjar for leigekostnader er lagt til § 11 Avtalen gjeld tidlegast frå 1. mai 2016 Vurdering Rådmannen følgjer med dette opp kommunestyret sitt intensjonsvedtak frå juni 2013 om samlokalisering av den nye KAD-avdelinga med legevakta i eit nytt bygg knytt til Stord sjukehus. Forstudierapporten viser at samlinga av fagmiljø og legeressursar ved nybygget vil gje ei styrking av både legevakttenesta og KAD-avdelinga. Samlinga vil i tillegg gje effektiv nytting av knappe legeressursar. Det er lagt vekt på at innbyggjarane i dei tre kommunane skal ha eit framtidsretta tilbod om legevakt og kommunale akutte døgnsenger som skal ha god fagleg kvalitet og kompetanse og representere ei robust teneste. Modellen legg til rette for vidare utvikling og sal av tenester. Beredskap Samling av akutt-tenestene i eitt bygg vil sikre robuste tenester til innbyggjarane i kommunane. Det må vidare påreknast at legevakta skal kunna ta ei utvida rolle i krisesituasjonar i kommunane, som skildra i saka. Side53 Med mykje trening i akuttsituasjonar vil det interkommunale selskapet vera ein beredskapsressurs for eigarkommunane i akutte situasjonar. Legevakta kan nyttast som mottakssenter eller pårørandesenter i krisesituasjonar, og sengeavdelinga kan nyttast fleksibelt dersom det er trong for ekstra sengeplassar ved sjukehuset eller i kommunane, til dømes i smittesituasjonar eller ved brann i sjukeheimar eller omsorgsbustadar. Økonomiske konsekvensar Opning av avdelinga gjev økonomiske konsekvensar som skildra i saka. Ettersom ordninga med kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta er avslutta, vil dei nye KAD-plassane ikkje innebera reduksjon i kommunen sine kostnadar. Rådmannen legg likevel til grunn at avdelinga vil avlaste dei ordinære omsorgstenestene, samstundes som talet på ferdigbehandla pasientar i sjukehussenger bør bli reduserast. Det er vesentlege tilskot til både bygg og drift som sikrar kommunane eit heilskapleg tilbod gjennom nye tidsmessige lokale, auka kompetanse, vaktordning o.s.b. Det nye tilbodet, saman med endring i kostnadsfordeling for legevakta, vil føra til følgjande endringar i kostnadar for kommunane: Legevakt Sengeavdeling Konsekvens Bømlo - 35 000 4 865 000 4 830 Fitjar 114 000 1 449 000 1 563 Stord - 153 000 7 591 000 7 438 Totalt - 74 000 13 905 000 13 831 000 000 000 000 Miljømessig konsekvens Bygget er utforma for å stetta miljø- og energikrav i byggteknisk forskrift. Ei samling av tenestene vil medføra redusert transport mellom dei ulike avdelingane. Folkehelse Tilbodet er utforma i tråd med intensjonane i Samhandlingsreforma, og skal sikra at kommunane sjølv tek hand om pasientar som tidlegare har blitt overført til spesialisthelsetenesta. Samlokalisering av legevakt og KAD-avdeling med sjukehuset vil medføra mindre transport av pasientar, og betre samhandlinga rundt pasienten. Universell utforming Bygget og uteområdet er utforma etter prinsipp om universell utforming. Framlegg til vedtak/tilråding: 1. Fitjar kommunestyre vedtek at interkommunal legevakt og ny avdeling for kommunale akutt-døgnsenger skal samlast i eit nytt bygg knytt til Stord sjukehus. 2. Stord kommune skal føra opp og eiga bygget. 3. Det skal gjerast avtale om leige av bygget mellom Stord kommune og Sunnhordland interkommunale legevakt IKS. 4. Bømlo og Fitjar garanterer for sin eigardel av Sunnhordland interkommunale legevakt IKS sine leigekostnadar for bygget til Stord kommune i 40 år dersom kommunen trekk seg ut av det interkommunale selskapet. Eventuell leigeinntekt kjem til fråtrekk. Stord vil arbeida for nye leigetakarar eller alternativ bruk av lokala. Side54 5. Sunnhordland interkommunale legevakt IKS får i oppdrag å setje i drift KADavdeling når nybygg er ferdigstilt, med mål om driftsstart innan 1. september 2016. 6. Deling av driftskostnadar: a. Legevakt: Det blir sett eit grunnbeløp på 5 prosent av driftskostnadar. Kostnadar utover dette blir delt mellom kommunane etter folketal. b. Sengeavdeling: Det blir sett eit grunnbeløp på 5 prosent av driftskostnadar. Utover dette betalar kommunane a-konto driftskostnadar etter folketal. Det blir i tillegg gjort eit etteroppgjer etter faktisk bruk av plassane. Dette gjeld i dei høve ein av kommunane nyttar meir enn sin del av plassane. Atle Tornes Rådmann Side55 Foto: Emma Ö. Aadland FORSTUDIERAPPORT INTERKOMMUNAL LEGEVAKT OG SNØGGHJELPS DØGNTILBOD FOR KOMMUNANE BØMLO, FITJAR OG STORD Foto: tvh.no Oktober 2013 Side56 Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod FØREORD .................................................................................................. 3 1. INNLEIING ........................................................................................ 4 2. ORGANISERING , BAKGRUNNSMATERIELL, MANDAT OG FRAMDRIFT........ 5 2.1. ORGANISERING ........................................................................... 5 2.2. BAKGRUNNSMATERIALE ................................................................ 5 2.3. MANDAT...................................................................................... 5 2.4. FRAMDRIFT FORSTUDIERAPPORT ................................................... 6 3. ROMPROGRAM................................................................................... 7 3.1. ROMPROGRAM LEGEVAKT.............................................................. 7 3.2.ROMPROGRAM SENGEPOST/SNØGGHJELP OG OBSERVASJONSSENGER .... 7 3.2.1.ROMPROGRAM FOR LEGEVAKT OG SENGEPOST/SNØGGHJELP DØGNTILBOD.......................................................................................... 7 4. LOKALISERING .................................................................................. 8 5. ØKONOMI ....................................................................................... 10 5.1. KOSTNADSESTIMAT.................................................................... 10 5.2. FINANSIERING........................................................................... 10 5.2.1.BRUTTOFINANSIERING FORDELT PÅ KOMMUNANE (28,0 MILL KR) .. 11 5.2.2.FORDELING MOMSKOMPENSASJON OG STATSTILSKOT (15,6 MILL ) 11 5.2.3. 5.3. 6. FORDELING EIGENFINANSIERING KOMMUNANE ....................... 11 DRIFTSUTGIFTER SNØGGHJELPSTILBOD – 9 SENGER ..................... 12 ORGANISERING OG MANDAT FORPROSJEKT ....................................... 13 6.1. ORGANISERING ......................................................................... 13 6.2. MÅL/MANDAT FOR FORPROSJEKTET ............................................. 13 7. FRAMDRIFT ..................................................................................... 14 8. TILRÅING........................................................................................ 14 2 Side57 Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod FØREORD Kommunane Stord og Fitjar har i mange år hatt felles legevaktordning lokalisert til Stord sjukehus. Frå 1.1.2014 vil også Bømlo kommune ta del i legevaktordninga. Det er skipa eit interkommunalt selskap som skal ha ansvar for legevakta, og det er tilsett dagleg leiar for selskapet. Ei prosjektgruppe har lagt fram ein forprosjektrapport om ”Korttidsbehandling, observasjonsplassar og LMS (Lærings og meistrings strategi)”. Forprosjektrapporten konkluderar med at kommunane Bømlo, Fitjar og Stord, bør oppretta ei felles avdeling for snøgghjelps-/observasjonsplassar med tillegg av plassar for ”intermediærsenger”, til saman 7-9 sengeplassar. Rapporten konkluderer også med at avdelinga bør etablerast i samarbeid med Helse Fonna i lokale på Stord sjukehus. Tilgjenge til døgnkontinuerlege legetenester er avhengig av at ein får til ei felles interkommunal legevaktsordning der legen har tilstadesvakt. Dette forstudiet omhandlar ei eventuell etablering av ei interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord. Det har vore eit konstruktivt og godt samarbeid med administrasjonen i Helse-Fonna. Prosjektgruppa: ……………………………….. Knut J Gram Kommunalsjef Stord …………………………………… Andreas Larsen Ass. rådmann Fitjar ……………………………… Kjell Nesbø Prosjektleiar Stord, den 17.10.2013 3 Side58 ……………………………………. Kjell Magnar Mellesdal Kommunalsjef Bømlo Forstudierapport 1. Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod INNLEIING Kommunane har i dag ei plikt til å ha eit tilbod om snøgghjelp (øyeblikkeleg hjelp) til pasientar heile døgeret. Frå 01.01.16 skal kommunane også ha plikt til å gje døgnopphald for personar som har trong for omgåande helsetenester. Dette tilbodet skal vera eit alternativ til innlegging i sjukehus, og den grunnleggjande føresetnaden for dette er at kommunen må ha eit døgnope inntak av pasientar. Snøgghjelpsplikta er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 3-5: ” Kommunen skal sørge for tilbud om døgnopphold for helse- og omsorgstjenester til pasienter og brukere med behov for øyeblikkelig hjelp. Plikten gjelder kun for de pasienter og brukere som kommunen har mulighet til å utrede, behandle eller yte omsorg til.” Ei prosjektgruppa med representantar frå kommunane Stord, Bømlo og Fitjar, HelseFonna, HSH, tillitsvalt og brukarrepresentant har utarbeidd forprosjektrapport ”Korttidsbehandling, observasjons-plassar og LMS (Lærings og meistrings strategi)”. Den nemnte gruppa si tilråing har slik ordlyd: På bakgrunn av prosjektgruppa sine drøftingar, gjennomgått litteratur og sentrale rettleiingar, gjev prosjektgruppa følgjande tilrådingar: 1. Bømlo, Fitjar og Stord kommunar bør i samarbeid med Helse Fonna, etablera ei felles avdeling for snøgghjelps-/observasjons-/korttidspasientar og for ”intermediærsenger” 2. Storleiken på avdelinga bør vera 7-9 sengeplassar 3. Avdelinga bør etablerast i samarbeid med Helse Fonna i Stord sjukehus 4. Bemanninga bør vera 3 sjukepleiarar på dag, 2 sjukepleiarar på ettermiddag/kveld/natt og 2 sjukepleiarar i helgar/heilagdagar 5. Det må vera døgnkontinuerleg tilgjenge på legetenester. På dagtid bør dette dekkjast gjennom offentleg legearbeid heimla i fastlegeforskrifta i eit samarbeid mellom kommunane. Legetilgjenge på ettermiddag, kveld og natt, i helgar og ved høgtider, er avhengig av ei interkommunal legevaktsordning med tilstadesvakt i nær tilknyting til avdelinga 6. Det må etablerast avtalar med Helse Fonna om kompetanseoppbygging/overføring gjennom undervising, hospitering og rådgjeving både generelt og knytt til einskildpasientar Kommunane Bømlo, Fitjar og Stord har gjort vedtak om å etablera ei felles legevakt frå 1.1.2014 lokalisert til Stord sjukehus. Denne orstudierapporten er ei oppfølging av det overfor nemnte forprosjekt. 4 Side59 Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod 2. ORGANISERING,BAKGRUNNSMATERIELL, MANDAT OG FRAMDRIFT 2.1. ORGANISERING STYRINGSGRUPPE rådmann Magnus Mjør (Stord), rådmann Atle Tornes (Fitjar), rådmann Sverre Olav Svarstad (Bømlo) PROSJEKTGRUPPE Knut J Gram (Stord), Andreas Larsen (Fitjar), Kjell Magnar Mellesdal (Bømlo), Kjell Nesbø (prosjektleiar) Deltakarane i prosjektgruppa (PG) og prosjektleiar (PL) er peika ut av styringsgruppa (SG). 2.2. 2.3. BAKGRUNNSMATERIALE Forprosjektrapport om Kortidsbehandling, observasjonsplassar og LMS (Lærings- og meistringsstrategi). Mai - 12. Forstudierapport om interkommunal legevakt for Bømlo, Fitjar og Stord. Tilstadesvakt for lege på natt. Juni – 12. Politisk vedtak i saka: o 1. Realisering av interkommunal legevakt for Bømlo, Fitjar og Stord innan 1.1.2014. o 2. Realisering av korttidsbehandling og observasjonsplassar som kommunalt snøgghjelps døgntilbod for Bømlo, Fitjar og Stord innan 1.1.2016 MANDAT Forstudien har som målsetting å gje dei tre kommunane eit sams utgangspunkt for arbeidet med 2014-budsjettet: - - Status for prosjektet felles legevakt Framlegg til organisering av og mandat for forprosjekt for etablering av øyeblikkeleg hjelptilbod Behov for løyvingar Det vil vert fremja eiga sak om etablering av interkommunal legevakt i noverande lokale ved Stord sjukehus fram til nytt opplegg er på plass. 5 Side60 Forstudierapport 2.4. Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod FRAMDRIFTFORSTUDIERAPPORT Oppstart prosjekt: Førebels rapport: 25.09.13 (oppstartsmøte i PG) 17.10.13 (skal godkjennast av styringsgruppa) 6 Side61 Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod 3. ROMPROGRAM 3.1. ROMPROGRAM LEGEVAKT Rom Netto areal m² Diverse lokalitetar, skyllerom, toalett, lager, tekjøkken, opphaldsrom pasientar Netto/brutto faktor Brutto areal m² 70 1,3 90 175 1,3 230 Felles 30 1,3 40 Totalt 275 1,3 360 Legevakt Romprogrammet for interkommunal legevakt er utarbeidd av ei gruppe som ser på interkommunal legevakt knytt til Stord sjukehus. For å få oversyn over bruttoareal er det lagt inn ein netto/bruttofaktor på 1,3. 3.2. ROMPROGRAM SENGEPOST/SNØGGHJELP OGOBSERVASJONSSENGER Rom 9 sengerom Areal pr rom Sum nettoareal m² Brutto/nettofaktor Brutto areal m² 28 252 1,3 340 Vaktrom 1 12 1,3 15 Personaltoalett 1 5 5 Totalt 360 I tråd med konklusjonane i forprosjektrapport ”Korttidsbehandling, observasjonsplassar og LMS (Lærings og meistrings strategi)” vert det lagt opp til 9 sengerom med eit areal på 28 m² (netto), som er Husbanken sitt minstekrav til sjukeheimsrom (enkeltrom) inkludert bad. Det er nytta ein netto/bruttofaktor på 1,3. Det er i romprogrammet teke med vaktrom og personaltoalett mv knytt til sengeposten. Husbanken gir ikkje stønad til dobbeltrom (2-sengsrom). 3.2.1. ROMPROGRAMFORLEGEVAKTOGSENGEPOST/SNØGGHJELPDØGNTILBOD Aktivitet Nettoareal m² Bruttoareal m² Legevakt 275 360 Sengepost 269 360 Sum areal 544 720 Om bygget skal førast opp i ein eller 2 etasjar må utgreiast i forprosjektet. 7 Side62 Forstudierapport 4. Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod LOKALISERING Ny interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod er planlagt lokalisert på parkeringsplass på austsida av hovudblokka ved Stord sjukehus slik som vist på kartskisse. 8 Side63 Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod Det har vore drøftingar mellom kommunane og Helse-Fonna om lokalisering av ny interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod. 2 alternativ har vore vurdert: 1. ”Gamle føden” 2. Parkeringsplass på austsida av hovudbygning Kommunane ynskte primært alt 1, medan Helse-Fonna gjekk inn for alt 2. Etter møte med representantar frå Helse-Fonna vart det konkludert med å gå vidare med alternativ 2. Ved etablering av bygg på parkeringsplass krev Helse-Fonna erstatningsplassar til parkering. Grunnflata på eit bygg i 2 etasjar vil verta litt i underkant av 400 m². Ein parkeringsplass har eit areal på 20 m². ”Huset på prærien” må rivast for å få nok parkeringsplassar for Stord sjukehus. Verdien på dette bygget er i rekneskapet til Helse-Fonna sett til 683000. Helse-Fonna har henta inn kostnadsestimat for utviding/utbetring av parkeringsplass og riving av eksisterande hus. Kostnadane er fordelt slik: Grunnarbeid parkeringsplass Riving huset på prærien Uføresett mv Sum utgifter eks mva Kr 1471600,- (2000 m²) ” 520000,” 360000,Kr 2351600,- Korleis desse utgiftene skal fordelast mellom kommunane og Helse-Fonna vil verta avklart i forprosjektfasen gjennom ein avtale mellom partane. Helse-Fonna ynskjer at minst mogeleg av parkeringsarealet vert berørt av eit nytt bygg. Det vil difor verta vurdert eit bygg i 2 etasjar med legevakt i første etasje og sengeavdeling i 2. etasje. Dette vil verta nærare utgreidd i eit ev forprosjekt. Det er førebels konkludert med at det vert inngått ein festeavtale mellom det interkommunale selskapet og Helse-Fonna om grunnarealet. Avtalen må ha ein varigheit tilsvarande Husbanken sine reglar for lån og tilskot – minst 30 år. Helse-Fonna skal sjekka ut at det ikkje er vernekrav eller spesielle krav til estetikk ved ei ev bygging på dette arealet. 9 Side64 Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod 5. ØKONOMI 5.1. KOSTNADSESTIMAT Areal legevakt m² Areal sengepost m² 360 Sum areal m² 360 Pris pr m² 720 Kostnad 35.000 Margin Sum kostnad 25,2 mill kr 2,8 mill kr 28,0 mill kr Kostnadsestimatet er basert på erfaringstal frå liknande bygg med ein m²-pris på 35000 kr. I tillegg er det lagt inn ein margin på 2,8 mill kr (ca 10 %). Dette gir ein totalkostnad inkludert prosjektering mv på 28,0 mill kr. I forprosjektfasen må det kvalitetssikrast om 10 % margin er nok. Alle kostnader er inkluder 25 % mva. Prosjekteringskostnadane inkludert forprosjekt er estimert til ca 15 % av totalkostnadane - 4,0 mill kr. 5.2. FINANSIERING Bygget er tenkt finansiert med statstilskot, momskompensasjon og eigenfinansiering av kommunane. Momskompensasjonen av 28,0 mill kr utgjer 5,6 mill kr. Korleis momskompensasjonen skal utbetalast/ordnast må avklarast i forprosjektet. Ein kommune må stå som søkjar til Husbanken om tilskot på 9x1.12=10,0 mill kr. Det er førebels lagt opp til at investeringane skal fordelast etter innbyggjartal. Følgjande tal er nytta: Stord kommune: Bømlo kommune: Fitjar kommune: Sum 18.000 12.000 3.000 33.000 Totalkostnad Statstilskot 28,0 mill kr Momskompensasjon 10,0 mill kr 5,6 mill kr 10 Side65 Eigenfinansiering 12,4 mill kr Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod 5.2.1. BRUTTOFINANSIERING FORDELTPÅKOMMUNANE (28,0MILLKR) Kommune Folketal År 2014 År 2015 Sum Stord 18000 2,1 mill kr 13,1 mill kr 15,2 mill kr Bømlo 12000 1,5 mill kr 8,7 mill kr 10,2 mill kr 3000 0,4 mill kr 2,2 mill kr 2,6 mill kr 33000 4,0 mill kr 24,0 mill kr 28,0 mill kr Fitjar Sum Tabellen syner korleis dei totale investeringane kan fordelast mellom kommunane. I 2014 er ført opp prosjekteringskostnadane, medan tala i 2015 er gjeld sjølve utbygginga. 5.2.2. FORDELINGMOMSKOMPENSASJONOGSTATSTILSKOT(15,6MILLKR) Kommune Folketal Sum Stord 18000 8,5 mill kr Bømlo 12000 5,7 mill kr 3000 1,4 mill kr 33000 15,6 mill kr Fitjar Sum Tabellen syner fordeling av momskompensasjon og statstilskot mellom kommunane. Elles vert det vist til kap 5.2. 5.2.3. FORDELINGEIGENFINANSIERING KOMMUNANE Kommune Folketal År 2014 År 2015 Sum Stord 18000 2,1 mill kr 4,7 mill kr 6,8 mill kr Bømlo 12000 1,5 mill kr 3,0 mill kr 4,5 mill kr 3000 0,4 mill kr 0,7 mill kr 1,1 mill kr 33000 4,0 mill kr 8,4 mill kr 12,4 mill kr Fitjar Sum I tillegg til momskompensasjon og statstilskot må kommunane inn med ein eigenandel som vist i tabell overfor. Kommunane må i sine budsjett og økonomiplan leggja inn nemnte summar. Statstilskot vert utbetalt etter at bygget er ferdig. Momskompensasjonen kjem løpande annan kvar månad. Dette inneber at investeringa for år 1 vert redusert, og tilsvarande i år 2, som vert auka med refusjonen frå år 1. Om netto tal skal nyttast ved oppsett av finansieringsplan, vert vurdert nærare i forprosjektet. 11 Side66 Forstudierapport 5.3. Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod DRIFTSUTGIFTERSNØGGHJELPSTILBOD– 9SENGER Kostnadsfordeling drift 9 sengers avdeling 9.300.000 Personalutgifter 14 sjukepleiarårsverk Personalutgifter 11 sjukepleiarårsverk Legetenester 1.200.000 Husleigekostnader 1.600.000 Straum 200.000 Renovasjon 100.000 Medisinsk forbruksmateriell 200.000 Medikament 250.000 Mat 250.000 Tøy 150.000 Andre driftsutgifter 190.000 Sum driftsutgifter 13.440.000 Sengene for snøgghjelps-/observasjons-/korttidspasientar skal vera fullfinansiert gjennom statlege midlar. Ved oppstart etter søknad om prosjektmidlar, seinare som faste overføringar til kommunane. Dette gjeld for 5 senger for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord. Dette inneber slik finansiering: Finansiering 9 sengers avdeling Fullfinansiert gjennom statlege løyvingar snøgghjelpsplassar 6.720.000 Kommunal finansiering av øvrige senger 6.720.000 Dette er usikre tal, men det teoretiske grunnlaget for vurderinga og prinsippa gjeld. Kommunane og føretaka vil etter kvart få erfaringstal å byggja på for å setja opp ei meir grundig økonomisk vurdering. Tala er henta frå forprosjektrapport ”Korttidsbehandling, observasjonsplassar og LMS (Lærings og meistrings strategi)”. Korleis den kommunale finansieringa skal ordnast må greiast nærare ut i forstudiefasen. 12 Side67 Forstudierapport Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod 6. ORGANISERINGOGMANDATFORPROSJEKT 6.1. ORGANISERING STYRINGSGRUPPE rådmann Magnus Mjør (Stord), rådmann Atle Tornes (Fitjar), rådmann Sverre Olav Svarstad (Bømlo) PROSJEKTGRUPPE Kommunalsjef Knut J Gram (Stord), Assisterande rådmann Andreas Larsen (Fitjar), Kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal (Bømlo), Seniorrådgjevar Kjell Nesbø (prosjektleiar) Representant frå Helse-Fonna Dagleg leiar interkommunal legevakt Tillitsvalt frå legeforeningen Tillitsvalt frå sjukepleiarforbundet Det vert føreslege at prosjektgruppa for forstudien held fram arbeidet, men med supplering av medisinfagleg kompetanse (dagleg leiar legevakt), representant frå HF og tillitsvalt (lege og sjukepleiar). Forprosjektgruppa får fullmakt til å nytta ekstern rådgjevar. 6.2. MÅL/MANDATFORFORPROSJEKTET Omfang/storleik av utbygginga/romprogram Bearbeidde kostnadstal Framdrift/ferdigstilling Organisering av hovudprosjekt Kritiske suksessfaktorar Avtalar med HF Ressursbruk Finansiering og kostnadsfordeling mellom kommunane Driftskonsekvensar for kommunane Avklaring/møte med Husbanken om finansiering av prosjektet 13 Side68 Forstudierapport 7. Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod FRAMDRIFT Aktivitet Oppstart forstudie Godkjenning forstudierapport Oppstart forprosjekt 2013 2014 2015 2016 - 25.9 17.10 02.01 Ferdig forprosjekt Utbyggingsvedtak (politisk) 30.05 20.06 Prosjektering 01.07-31.12 02.01 25.10 Bygging Oppstart drift ny legevakt og snøgghjelps døgntilbod 8. 01.01 - TILRÅING Prosjektgruppa rår til at forstudierapporten vertgodkjent slik den ligg føre, og at prosjektet vert vidareført med eit forprosjekt med ei framdrift slik som skissert i framdriftsplanen under kapittel 7. 14 Side69 Stord Bømlo Fitjar Rapport frå arbeidsgruppe om: ”Kommunale akuttmedisinske døgnplassar (KAD-senger)” 1 Side70 Innhald 1. Samandrag 2. Innleiing 3. Ekslusjons- og inklusjonskriteriar 4. Bemanning 4.1. Legebemanning 4.2. Sjukepleiarbemanning 4.3. Styrar/leiar 4.4. Merkantil 5. Kompetansekrav 5.1. Legar 5.2. Sjukepleiarar 5.3. Opplæringsbehov/organisering av opplæring 6. Grensesnitt mot Helse Fonna 6.1. Matforsyning og avfallshandtering 6.2. Røntgen, CT og laboratorietenester 6.3. Reinhaldar 6.4. Portørteneste 6.5. IKT 6.6. Teknisk støttefunksjon 6.7. Fysioterapi-/ergoterapitenester 6.8. Generelt 7. IT system/journalsystem 8. Utstyrsbehov 9. Tilrådingar frå arbeidsgruppa 2 Side71 1. Samandrag Arbeidsgruppa har hatt 5 møte. Ein har sett på tilfang frå andre tilsvarande prosjekt (Nordhordland og Jæren), sett på dei 3 tidlegare rapportane, henta inn naudsynte opplysingar (frå helsedirektoratet, fylkeslegen i Hordaland, kommuneoverlege i Bergen, Haukeland Universitetssjukehus, Den Norske Legeforening m fl.) og drøfta aktuelle problemstillingar. I tillegg har gruppa besøkt Jæren der det er etablert avdeling med KAD-senger. Tilrådingane frå arbeidsgruppa er samrøystes . Arbeidsgruppa konkluderar med: Det er fastlegar og legevaktslegar som legg inn pasientar på KAD avdelinga. For at tilbodet skal bli vellukka og bli aktivt brukt, er det heilt vesentleg at fastlegane og sjukehuslegane blir orientert om, får koma med innspel til, og blir høyrd i planleggingsprosessen Det mest kostnadseffektive og faglege beste, er å etablera ei avdeling med 7-9 senger Det er trong for merkantilt personell Sjukepleiarbemanning o 3 på dag, 2 på kveld, 2 på natt. o I tillegg må ein ha ein leiar i 100 % stilling Legebemanning o Minst 5 timar pr seng/veke. 9 senger utgjer minst 45 timar/veke og vil krevja minimum 120 % legestilling på dagtid o Det må takast høgd for 24 timars legeberedskap 365 dagar i året, responstid bør vera 1 time Tilsetjingsprosessen må koma tidleg i gang, leiar må vera tilsett seinast 6 månader før opning, lege seinast 3 månader før opning: o Tilsetjingsprosessar tek tid og leiar/lege skal leia tilsettingsprosessen av fagpersonell elles o Rutinar/prosedyrar skal utviklast og utarbeidast i lag med helseforetaket o Tiltaket skal marknadsførast/gjerast kjent for samarbeidspartnarar og innbyggjarane o Erfaring frå tilsvarande tiltak elles i landet, er at det er viktig å bruka rid på implementeringa Det må gjerast forpliktande avtalar med Helse Fonna der samarbeid er aktuelt. Dette gjeld mellom anna avtalar om: o Biletdiagnostikk og laboratorietenester o Matforsyning og avfallshandtering o Reinhald o Portørtenester o IKT o Teknisk support o Beredskapsplanar o Opplæring (FOUSAM) 3 Side72 2. Innleiing Det eksisterar 3 tidlegare rapportarpm etablering av KAD senger i kommunane Bømlo, Fitjar og Stord: Forstudierapport om «Delprosjekt om korttidsbehandling, observasjonsplassar, legevaktordning og LMS» fase 1, 23.06.2011 Forprosjektrapport om «Korttidsbehandling, observasjonsplassar og LMS», 31.05.2012 Forstudierapport om «Interkommunal legevakt og snøgghjelps døgntilbod for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord», oktober 2013 I siste forstudierapport er det gjort framlegg om at prosjektgruppa frå forstudien held fram arbeidet med eit forprosjekt der prosjektgruppa vert supplert med medisinfagleg kompetanse (dagleg leiar legevakt, representant frå Helse Fonna og tillitsvald (lege og sjukepleiar)). Det er skildra mandat for forprosjektet: Omfang/storleik av utbygginga/romprogram Leggja fram bearbeidde kostnadstal Framdrift/ferdigstilling Organisering av hovudprosjekt Kritiske suksessfaktorar Avtalar med HF Ressursbruk Finansiering og kostnadsfordeling mellom kommunane Driftskonsekvensar for kommunane Avklaring/møte med Husbanken om finansiering av prosjektet Forprosjektgruppa har oppretta ei arbeidsgruppe «som skal sjå på det faglege innhaldet i tilbodet». «Aktuelle deltakarar i arbeidsgruppa er dagleg leiar interkommunal legevakt, tillitsvald sjukepleiarforbundet, fastlege og evt representant frå Helse Fonna pluss ein person frå institusjon» (referat frå møte i forprosjektgruppa 27.03.2014). Denne arbeidsgruppa er oppnemnd av prosjektgruppa, skal drøfta det faglege innhaldet i tiltaket og koma med tilrådingar til prosjektgruppa. Dette er ei omfattande oppgåve, men særs viktig for at kvaliteten på tilbodet skal bli godt. Arbeidsgruppa si samansetjing har vore: Aasmund Storebø, fastlege/kommunelege II – Stord kommune Kristian Myklevoll, medisinsk fagleg rådgjevar - Sunnhordland Legevakt Kjersti Follesø, kommuneoverlege – Bømlo kommune Britt Nelly H. Barane, tillitsvald NSF – Stord kommune Herborg Tegle, seksjonsleiar – Helse Fonna Ingvill Antonsen, tillitsvald DNLF – Stord kommune Janett S Svendsen, leiar – Sunnhordland legevakt 4 Side73 3. Eksklusjons- og inklusjonskriteriar I sentral rettleiar frå Helsedirektoratet er det sagt at pasientar aktuelle for døgnbasert kommunalt snøgghjelpstilbod, er pasientar med forverring av kjente tilstandar, med avklara diagnose og funksjonsnivå, der risikoen for akutt forverring er liten og der kommunane er i stand til å utgreia/handsama pasienten. Før innlegging skal pasienten vera tilsett av lege. Dersom det er tvil, bør innleggande lege drøfta pasienten med lege i snøgghjelpstilbodet og/eller lege i spesialisthelsetenesta. Vanlegvis er det fastlegen, sjukeheimslegen eller legevaktslegen som gjer den medisinsk faglege vurderinga. Om det vert vurdert slik at det er tvil om at pasienten vil få forsvarleg handsaming i kommunen, skal pasienten visast vidare til spesialisthelsetenesta. I det sentrale rettleiingsmateriellet frå Helsedirektoratet (2012), er det berekna at Bømlo kommune vil ha trong for 1,6 døgnplassar, Fitjar kommune 0,4 døgnplassar og Stord kommune 2,2 døgnplassar til rådvelde for snøgghjelps døgnopphald for stetta krava i helse- og omsorgslova. Dette inneber at ein må rekna med at 4 senger blir sett av til KAD (kommunale akutte døgnplasser). Dersom ein tenkjer etablering av ei lita avdeling for 4 snøgghjelpspasientar, vil det verta ei avdeling som vil vera lite effektiv og truleg dyr i drift då ein er avhengig av kontinuerleg minst 2 sjukepleiarar på vakt heile døgeret for å gje eit fagleg forsvarleg tilbod. Erfaringar viser at ei avdeling med 7-9 senger vil vera ein meir kostnadseffektiv storleik. Det betyr at eit kommunalt tilbod bør kombinerast med tilbod til andre grupper (som t.d pas som treng medikamentjustering, lindrande behandling etc) og/eller kommunar (t.d Kvinnherad, Tysnes). Prosjektgruppa bør undersøkja om det er interesse for dette i dei nemnde kommunane.. Arbeidsgruppa meiner det er fornuftig å ta utgangspunkt i det sentrale rettleiingsmatriellet frå Helsedirektoratet. Dei aktuelle pasientkategoriane lista opp der er: Akutt forverring av kjent tilstand (t.d KOLS, astma), der ein kjenner utløysande årsak p.g.a: o Infeksjon o Dehydrering o Ernæringssvikt Fall utan brot Feber Eliminasjonsproblem o Vasslatingsvanskar o Obstipasjon o Diare Medikamentjustering hjå pasientar med kjent, kronisk smerteproblematikk o Denne pasientgruppa krev ofte noko meir tid og er ikkje det som kan kallast akutte pasientar, men som ein bør ha plass til i tilbodet. Justering av behandling i samband med lindrande behandling og terminal omsorg o Denne pasientgruppa krev ofte noko meir tid og er ikkje det som kan kallast akutte pasientar, men som ein bør ha plass til i tilbodet. 5 Side74 Brystsmerter/magesmerter eller andre tilstander der ein etter konferering med lege eller relevant bakvakt på sjukehus ikkje finn det naudsynt med innlegging i sjukehus I hovudsak vil pasientar som er definert som utskrivingsklare, bli utskriven til heimen med eit funksjonsnivå som før innlegginga, med varig eller midlertidig trong for auka heimebaserte omsorgstenester, med trong for varig eller midlertidig institusjonsplass eller trong for rehabiliteringstenester. For desse pasientane vil etablering av nytt tilbod om døgnbasert snøgghjelps-/observasjonstilbod ikkje gje eit endra tilbod. For nokre pasientgrupper vil ei etablering av eit døgnkontinuerleg snøgghjelps/observasjonstibod kunna definerast som eit tilbod ein kan kalla intermediæravdeling mellom sjukehus og heim (eventuelt i kombinasjon med kommunale heimebaserte eller institusjonsplass). Denne pasientgruppa til skilnad frå «vanlege» utskrivingsklare pasientar. Døme på dette kan vera eldre pasient med pneumoni (lungebetennelse). Røntgen og naudsynte laboratorieprøver er gjort, intravenøs antibiotikabehandling er starta, pasienten er vorte betre og infeksjonsparametra (blodprøver) er falle etter 2-3 dagar. Pasienten kan likevel ikkje reisa heim, men kan få nokre få dagars opphald i observasjons-/snøgghjelpsavdeling med framleis intravenøs antibiotikahandsaming og legetilsyn. Anna døme kan vera innlegging for inhalasjonsbehandling av pasientar med lette/moderate astmaanfall som er forverra av angst. Andre aktuelle kan vera pasienter med ufarlege samanstukingsbrot i ryggsøyla eller fallskader utan brot. Dette er pasientar som raskt (frå dag1 etter diagnostisk avklaring) bør hjelpast til rørsle for å hindra funksjonsfall og dermed permanent auka trong for kommunale hjelpetenester. Avdelinga må kunna nyttast til enkel mobilisering i trygge omgjevnader i 2-3 dagar. Ved eit tilbod om døgnbasert snøgghjelps- og observasjonstilbod i kommunane må det påreknast at kompetansen i kommunen skal aukast. Dette betyr at pasientar kan overflyttast til kommunal handsaming/observasjon når tre kriteriar er oppfyllt: Naudsynt diagnostikk er utført Handsaming er avklara og starta opp av spesialisthelsetenesta/sjukehuset Forventa forlaup tilseier at handsaming trygt kan skje i kommunal institusjon og kommunane har den naudsynte kompetansen i tillegg til kulepunkta i tenesteavtale 5 pkt 5 mellom Stord kommune og Helse Fonna: At problemstillinga(ne) ved innlegginga, slik desse var formulerte av innleggjande lege, skal vere avklarte. Andre problemstillingar som er avdekte, skal vere avklarte. Dersom einskilde spørsmål ikkje blir avklarte, skal ein gjere greie for dette. Det skal liggje føre eit klart standpunkt til diagnose(ar), samt vidare plan for oppfølging av pasienten. Pasienten sitt samla funksjonsnivå, endring frå før innlegginga og forventa framtidig utvikling skal vere vurdert. 6 Side75 Det er mogleg å tenkja seg samhandling med Helse Fonna om andre pasientgrupper etter nærare avtale mellom kommunane og Helse Fonna. (jmfr psientgrupper omtala i tenestavtale 1 pkt 5.3): Det er ein føresetnad for alle pasientar at tilbodet ikkje skal gje pasienten dårlegare behandling eller påføra pasienten meir eller lengre liding enn eit tilbod i sjukehus. Erfaring frå andre (Jæren) tilseier at risiko/fallhøgde knytt til den einskilde pasient, ofte er viktigare enn diagnose. Med det er meint at å behandla pneumoni (lungebetennelse) hjå ung elles frisk person gjev større risiko/fallhøgd å behandla i kommunalt tilbod enn å behandla ein eldre, dement person. Dette er vurderingar som også lyt gjerast ved om pasienten skal leggjast inn i KAD avdeling eller spesialisthelsetenesta. 4. Bemanning 4.1 LEGEBEMANNING Legedekning på kvardagar/dagtid: Minst 5 timar pr seng/veke. 9 senger utgjer minst 45 timar/veke og vil krevja minimum 120 % legestilling på dagtid.. o Me rår til medisinsk fagleg ansvarleg i 80 - 100 % stilling: 20 - 30 % til administrasjon, fagutvikling, samarbeid med sjukehuset, fastlegane etc 60 -70 % til pasientretta arbeid. o I tillegg 20-40 % stilling (offentleg medisinsk arbeid som fastlege?) pasientretta arbeid vikar for medisinsk fagleg ansvarleg (ferie, kurs, sjukdom etc) Legedekning på kveld/helg/høgtid kjem i tillegg: Det må takast høgd for 24 timars legeberedskap 365 dagar i året, responstid bør vera 1 time: o Ettermiddag kl 15 – 22: bakvakt med beredskap 1:4 o Helg/høgtid 08 – 22: bakvaktsordning med 3 timar aktivt arbeid og beredskap 1:4 Lege må vera tilgjengeleg og må vera tilstades 3 timar pr dag helge- og høgtidsdagar. På kveld er det sannsynleg med fleire telefonar pr vakt, det vil vera ein fordel om ein kjenner pasientane godt. I vekene kan det vera ei beredskapsordning med vakt ei veke om gongen I helgene må ein vera til stades minimum tre timar laurdag og søndag. Legedekning på natt: Natt 22 – 08: Kan i alle høve tenkja 2 alternativ: o Bakvaktsordning dekkjer både bakvakt for tilstadesvakt på legevakt og KAD senger. o Interkommunal bakvaktsordning for sjukeheimar dekkjer også KAD senger Lege må vera tilgjengeleg både på telefon og med mulegheitar for oppmøte. Ein ser for seg at det er lite behov for legeressursar på natt, det meste skal avklarast på dagtid (erfaringar frå Jæren tilseier ingen/liten trong) 7 Side76 Då ein forventar låg belastning er det sannsynleg at legevaktslege, evt. bakvakt kan kontaktast på dette tidspunktet. Legane i bakvaktsordninga, moglege alternativ: 1. Det vert etablert ei felles bakvaktsordning for KAD senger og sjukeheimane i Bømlo, Fitjar og Stord (Erfaring frå Jæren) Friviljug ordning (ingen kan påleggjast dette) som kan vera vekes vaktturnus samt nokre timars aktivt arbeid Fordel med dette er at ein ikkje tek legar ut av legevaktordninga som er sårbar nok frå før 2. Oppbemanning av legevakt med 2 legar på vakt heile vaktdøgeret der den eine har hovudansvar for legevakt og raud respons, medan den andre har hovudansvar for sjukebesøk, KADsenger og hjelper til på legevakt (Erfaring frå Nordhordland) Lege som er bakvakt for KAD senger bør vera spesialist i allmenmedisin Bakvakt for KAD-senger er friviljug og bør føra til auka kompensasjon 3. Andre vurderingar Faste stillingar på dagtid kan evt kombinerast med daglegevakt, evt knyttast til eit 2-3-legesenter som leiger lokale av legevakta. 4.2 SJUKEPLEIARBEMANNING 3 på dag, 2 på kveld, 2 på natt. I tillegg må ein ha ein leiar i 100 % stilling. På dagtid har ein pleieoppgåver, medikamentoppfølging, rutinar og prosedyrar i forhold til tiltak som skal settast i verk, kontakt med sjukehus og kommunehelsetenesta, legevisitt, dokumentasjon, ernæringsoppfølging, oppfølging ved smitte/isolasjon, Åleinearbeid (på natt) er ikkje anbefalt – jfr. Arbeidsmiljølova. Full risikovurdering vert kravd i så fall, men dette er ikkje teneleg om ein skal ha pasientar som treng hjelp til stell, ved smitte m.m 4.3 STYRAR/LEIAR Det bør vera ein styrar som har det overordna ansvaret for både KADavdelinga og legevakta. På legevakta og døgnavdelinga må det vera ein avdelingssjukepleiar på kvar eining. 4.4 MERKANTIL Det er ynskjeleg med 80 % stilling for merkantilt personell der 30 % er knytt til merkantilt arbeid for legevakta. 5. Kompetansekrav 5.1 LEGAR: bør vera spesialist i allmennmedisin 5.2 SJUKEPLEIAR må minimum ha 2 års praksis, gjerne ha spesialutdanning innan geriatri, lunge, diabetes, infeksjonshygiene, kreft og gastro. Andre spesialitetar kan og vera aktuelle. 8 Side77 5.3 OPPLÆRINGSBEHOV/ORGANISERING AV OPPLÆRING Sjukepleiar kan hospitera ved medisinsk avdeling, laboratoriet og OBSposten i akuttmottaket så framt ein får avtale med Helse Fonna angåande dette. Internopplæring og prosedyrar må vera klart før oppstart/opning av avdelinga. Dvs tilsetting må vera klart i god tid – stillingar må vera lyst ut om lag 6 mnd før. Kjennskap til avdelinga og prosedyrar, medisinsk teknisk utstyr må vera på plass. Avdelingssjukepleiar må vera på plass i forkant av dette, slik at han/ho kan organisera intervju og tilsettingar, kompetanseplanar, turnus og opplæring av tilsette. Det er trong for rettleiing i høve til medikamentutval og medikamentlager. Det bør utarbeidast ein samarbeidsavtale som gjer det mogleg å utveksla medikament, anten ved behov for noko som KAD ikkje har, eller for å kunna levera/byta medikament som er lite i bruk ved sjukehuset før utlaupsdato. Når det gjeld pasientforlaup, manglar det ein nasjonal standard for undersøking ved innlegging i KAD. Klåre prosedyrar for overvaking av definerte tilstandar er naudsynt, symptomretta (t.d forlaup ved tung pust) Sjukehuset bør kunna bistå med å definera kva pasientar det skal gjelda og med utarbeiding og godkjenning av prosedyrene. o Her bør det vera mogleg å kopiera frå KAD-avdelinger med erfaring (Nordhordland, Jæren) FOUSAM (Felles forskings- og utviklingseining for samhandling mellom Helse Fonna, Høgskulen Stord/Haugesund og dei 18 kommunane i Helse Fonna sitt område) tilbyr ein kompetansepakke for opplæring og hospitering til dei kommunar som startar opp med snøgghjelpstilbod. Dei har køyrt tilbodet for Haugesund kommune med deltakarar også frå Kvinnherad og Suldal i 2013. Hausten 2014 skal dei ha same tilbodet for Karmøy kommune. Kompetansepakken består av følgjande: o Hospitering for opptil 6-10 personar 2 dagar kvar på sjukehuset. o Fagdagar, 2 stk med undervisning frå kommunelegar og overlegar/spesialsjukepleiar frå Helse Fonna. o Helseforetaket har ei rettleiingsplikt og forpliktelsar i følgje samarbeidsavtalane og tar difor ikkje betalt for dette, medan FOUSAM si rolle vert dekka i drift (det er eit spleiselag mellom kommunar, føretak og høgskule). o Når ein kjem så langt som til «bestilling av pakken» vil ei arbeidsgruppe med representantar frå FOUSAM og kommunen som skal ha tilbodet, saman tilpasse pakken lokalt. 6. Grensesnitt mot Helse Fonna 6.1 MATFORSYNING OG AVFALLSHANDTERING Dette er tema som viser seg å bli behandla i hovudprosjektet med Kjell Nesbø og Leif Terje Alvestad som kontaktpersonar. 9 Side78 6.2 RØNTGEN, CT OG LABORATORIETENESTER Helse Fonna har så langt liten erfaring med omfang av lab-prøvar og røntgenundersøkingar knytt til pasientar i ØH- og KAD-senger, men ønskjer å tilby slike tenester til Sunnhordland interkommunale legevakt. Pasientane som vil bli innlagd i KAD-sengar, vil i stor grad vera dei same pasientane som Stord sjukehus har innlagd i observasjonssenger I dei avtalane føretaket har inngått om tenester til ØH-senger er samarbeidet omhandla som del av særavtale om kommunale ØH døgnsenger. I forhold til lab-tenester blir det lagt til grunn at kommunane kan gjennomføra enkle analysar på pasientnær apparatur sjølv, og vidare at prøvar og us som vert rekvirerte frå KAD-avdelinga skal prioriterast på lik linje med føretaket sine eigne pasientar. 6.3 6.4 Sett frå Helse Fonna si side er det behov for meir informasjon om omfang av ønska tenester før ein kan komma vidare i drøftingane REINHALDAR Ut frå storleiken på bygget må det reknast ut behov for stilling til reinhaldar. Evt kan desse tenestene kjøpast hos Helse Fonna om slike avtalar blir inngått. PORTØRTENESTE All transport av pasientar mellom sjukehus og KAD-avdeling, må skje under tak Avtale må forhandlast fram med Helse Fonna. Transport av pasient til røntgen/lab./innlegging i sjukehus krev gjerne eige personell. Evt auka stilling til merkantil/sjukepleiar. 6.5 IKT Kjøpe tenester hos? I ? % stilling. 6.6 TEKNISK STØTTEFUNKSJON Avtale med Teknisk avdeling hos Helse Fonna? Tenester innafor: medisinske gassar, ventilasjon, vatn og avlaup, straum m.m. 6.7 FYSIOTERAPI-/ERGOTERAPITENESTER Det vil vera trong for å konsultera fysioteapi/ergoterapi for kartlegging gjennom kommunale tenester mad tanke på at pasientane skal heim/heimerehabilitering/rehab institusjon eller sjukeheim Ved behov for rehabilteringstenester må det skje i det kommunale rehabiliteringstilbodet elles, eller om trong for spesialisert rehabilitering, i spesialisthelsetenesta. 6.8 GENERELT Det vert lagt til grunn at Helse Fonna sine tenester vert organiserte som i dag, slik at grensesnittet mellom interkommunale KAD-senger går ved pre- 10 Side79 hospitale tenester eller akuttmottak ved mottak av pasientar og ved sengepost/obs-post for utskrivingsklare pasientar. Helse Fonna er ansvarleg for pasientar som treng akutt sjukehusutredning og/eller behandling på spesialistnivå. Behov for koordinering av beredskapsplanar er notert. Det er trong for å utarbeida tydelege avtalar når det gjeld samhandling mellom Helse Fonna og det kommunale tilbodet Det er spesialisthelsetenesta/helseforetaket sitt ansvar å godkjenna det faglege innhaldet i tilbodet (ref lov og tenesteavtaler) 7. IT system/journalsystem Så langt me kjenner til, finst det ikkje optimale system enno. Inntrykket vårt er at dei fleste KAD-tiboda har vald legejournalsystem. Dei fleste her i distriktet, har Infodoc journalsystem, dette er også systemet på Sunnhordland legevakt. Vurderingar: I første omgang er det naturleg å tenkja at Infodoc bør veljast Det blir då ikkje mogleg å føra kurvar elektronisk, men får ei delvis papirbasert ordning i tillegg Elektronisk overføring fungerar godt i infodoc KAD-avdelinga har epikriseplikt og epikrise bør sendast utskrivingsdag til fastlege og evt heimeteneste/sjukeheim. Erfaring med elektroniske epikrisar ved Sunnhordland legevakt er gode. Helsedirektoratet arbeider med utvikling av journalsystem for institusjonar, og det vil truleg vera fornuftig å sjekka status for ulike system før ein vel kva system KAD-avdelinga skal bruka. 8 Utstyrsbehov Lista byggjer på tilrådingar frå ållmenlegeforeninga og andre sine røynsler: Absolutt naudsynt utstyr: «Alt i eitt» scoop som inneheld: o Pulsoksymeter o EKG o blodtrykksmontorering Hjartestartar med scoop Blodtrykksapparat Oksygen Laboratorieanalysar: o Hb, CRP, glukose, INR, leukocytteljar, u-stix Tilgang til sendeprøver Medikamentlager Utstyr til kateterisering Benk med avsug Blærescannar Sug Dråpeteljarar Medikamentpumpe Digital BT-målar 11 Side80 Børutstyr: CPAP/BIPAP Kanskje utstyr: Mikroskop Bruka sjukehuset til: • Andre blodprøver • Biletdiagnostikk Blodgassanalysar har vore drøfta i høve til KAD-senger. Truleg bør pasientar der blodgassanalysar er påkrevd å overvaka, vera innlagd i sjukehus. Det same gjeld pasientar med behov for kontinuerleg telemetri-overvaking, men samtidig kan det vera nyttig med telemetri for overvaking av klinisk upåvirka pasientar som vert lagd inn med hjartebank. 9. Tilrådingar frå arbeidsgruppa Det er fastlegar og legevaktslegar som legg inn pasientar på KAD avdelinga. For at tilbodet skal bli vellukka og bli aktivt brukt, er det heilt vesentleg at fastlegane, legevaktslegar og sjukehuslegane blir orientert om, får koma med innspel til, og blir høyrd i planleggingsprosessen Det mest kostnadseffektive og faglege beste, er å etablera ei avdeling med 7-9 senger Det er trong for merkantil personell Sjukepleiarbemanning o 3 på dag, 2 på kveld, 2 på natt. o I tillegg må ein ha ein leiar i 100 % stilling Legebemanning o Minst 5 timar pr seng/veke. 9 senger utgjer minst 45 timar/veke og vil krevja minimum 120 % legestilling på dagtid o Det må takast høgd for 24 timars legeberedskap 365 dagar i året, responstid bør vera 1 time Tilsetjingsprosessen må koma tidleg i gang, leiar må vera tilsett seinast 6 månader før opning, lege seinast 3 månader før opning Det må gjerast forpliktande avtalar med Helse Fonna der samarbeid mellom det kommunale tilbodet og Helse Fonna er aktuelt. Dette gjeld mellom anna avtalar om: o Biletdiagnostikk og laboratorietenester o Matforsyning og avfallshandtering o Reinhald o Portørtenester o IKT o Teknisk support o Beredskapsplanar o Opplæring (FOUSAM) o etc 12 Side81 Side 1 av 1 Fra: Andreas Moe Larsen[[email protected]] Dato: 28.05.2015 11:05:17 Til: Andreas Moe Larsen Tittel: VS: VS: Referat informasjons- og drøftingsmøte Fra: Ingvill Ekeberg Antonsen [mailto:[email protected]] Sendt: 17. februar 2015 10:28 Til: Knut Johannes Gram; Britt Nelly Hystad Barane Kopi: Aasmund Storebø; [email protected]; [email protected]; [email protected]; Elisabeth Størkson Berg Emne: RE: VS: Referat informasjons- og drøftingsmøte Hei! Som tillitsvalgt så ynskjer eg at det skal komme tydeleg fram i referatet at me ynskjer at ein skal følge anbefalingane frå arbeidsgruppa når det gjeld legestilling. Her har kommunen gått ned i legestilling og ikkje fulgt tilrådingane som arbeidsgruppa har komt fram til. Desse tilrådingane er der jobba grundig med i arbeidsgruppa for å komme fram til den stillingsprosenten. Det er synd at kommunen ikkje vil ta hensyn til dette, men bruke eigne berekningar. Arbeidsgruppa har lagt ned mykje tid og arbeid i å undersøke kva andre kommunar som er i gang med KAD sengene har av legestillingar. Eg har snakka med tillitsvalgte i Bømlo som er samnde i dette. Eg har og vore i kontakt med representantar frå arbeidsgruppa som støttar dette. Helsing Ingvill Ekeberg Antonsen Side82 file://172.29.12.24/EphortePdfConvert/EPHORTEFK/77356_FIX.HTML 29.05.2015 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2015/7 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 01.06.2015 SAKSFRAMLEGG Sommarfullmakt 2015 Utval sak Utval Møtedato 26/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Bakgrunn: I sommarferien kan det koma opp saker som bør/må avgjerast utan å kalla inn Utval for oppvekst og omsorg. Det er vanleg å gje utvalsleiar sommarfullmakt til å avgjera slike saker, etter Kommunelova § 10, 4. lekk. Framlegg til vedtak: Utval for oppvekst og omsorg vedtek å gje utvalsleiar, i samråd med rådmannen, fullmakt til å treffa vedtak på utvalet sine vegne sommarferien 2015. Evt. vedtak vert lagde fram for Utval for oppvekst og omsorg på første møte etter ferien. Atle Tornes Rådmann Side83 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2015/7 Sakshandsamar: Bente Fitjar Dato: 27.05.2015 SAKSFRAMLEGG Ymse Utval sak Utval Møtedato 27/15 Utval for Oppvekst og omsorg 02.06.2015 Bakgrunn: Framlegg til vedtak: Atle Tornes Rådmann Side84
© Copyright 2024