Eksamensrettleiing - English wiki for Mo og Øyrane

Eksamensrettleiing
- om vurdering av eksamenssvar 2016
ENG1002/ENG1003 Engelsk fellesfag
For sentralt gitt skriftleg eksamen
Nynorsk
Eksamensrettleiing for engelsk fellesfag
Eksamensrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2016 i ENG1002 og
ENG1003, for elevar på vg1 studieforberedende utdanningsprogram, vg2
yrkesfaglig utdanningsprogram og privatistar.
Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne
eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever, vaksne deltakarar,
privatistar, lærarar og føresette i god tid før eksamen. Sensorane må bruke rettleiinga som
ei felles referanseramme i arbeidet sitt.
Under vil «elevar» bli brukt om både elevar, vaksne deltakarar og privatistar.
1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen
Førebuingsdel:
Eksamen:
Ja
5 timar
På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne, inkludert bruk av Internett.
Førebuingsdagen er obligatorisk skoledag . I førebuingstida kan elevane samarbeide,
hente informasjon og få rettleiing.
Sentralt gitt skriftleg eksamen varer i 5 timar. Oppgåvene blir trykte og sende til skolen i
tillegg til at dei blir tilgjengelege i PAS på eksamensdagen.
Førebuing
Til eksamen er heile læreplanen til og med Vg1 Studieførebuande utdanningsprogram/Vg2 Yrkesfaglege utdanningsprogram aktuell. Det inneber at elevane til
eksamen kan prøvast i fleire og relevante delar av læreplanen enn det som kan lesast
direkte ut av førebuingsmateriellet. Førebuinga skal bidra til å førebu elevene til
eksamen, men ikkje vere så konkret at ho avslører eksamensoppgåvene. Læraren skal
rettleie, men ikkje undervise i førebuingstida.
Førebuingsmateriellet er knytt opp mot tema på ulike måtar og består av ulike typar
tekstar med ulik lengd og vanskegrad. Førebuingsmateriellet er til inspirasjon og bruk
som kjelder på eksamensdagen. I førebuingstida kan elevane finne fram relevant
materiell som dei har arbeidd med i opplæringa, og finne heilt nytt stoff. Eleven må ta
med seg førebuingsmateriellet til eksamen.
Eksamensoppgåvene
Eksamensoppgåvene er baserte på kompetansemåla i læreplanen for faget. Dei prøver
den samla kompetansen til elevane ut frå hovudområda Språklæring, Skriftlig
kommunikasjon og Kultur, samfunn og litteratur.
Det er to deloppgåver, Task 1 og Task 2, der eleven blir beden om å skrive og utforme ein
kort og ein lengre tekst. Svara skal vere på engelsk. Eleven må disponere tida slik at det
blir svart på begge oppgåvene innanfor ramma på 5 timar.
Eksamensrettleiing ENG1002/ENG1003 2016
Side 2 av 10
I Task 1 (short answer) skal elevane velje éi av to oppgåver, 1a eller 1b. Dei kan vere
knytte til førebuingsdelen, men dei treng ikkje vere det. I begge oppgåvene skal elevane
skrive ein eller fleire kortare tekstar. Nokre gonger kan ei av oppgåvene vere spesielt
knytt opp mot yrkesfag. Begge oppgåvene er uansett utforma slik at dei kan svarast på
uavhengig av utdanningsprogram.
I Task 2 (long answer) skal elevane velje å svare på éi av fire langsvarsoppgåver. Dei er
knytte opp mot tekstane i førebuingsmateriellet og opnar i tillegg for å bruke anna
relevant materiell som elevane har arbeidd med i opplæringa for å gi elevane moglegheit
til å vise kompetanse.
Kvar oppgåve har ein tekst med spesifikk oppgåveinstruksjon. Eventuelle kulepunkt i
oppgåvene skal hjelpe eleven til å utforme innhaldet i oppgåvesvaret. Kulepunkta
og/eller alle delane av oppgåveinstruksjonen beskriv samtidig kva sensor skal leggje vekt
på i si vurdering. Det er ikkje slik at kvart kulepunkt eller delinstruksjon tel like mykje, og
det er også rom for å ta med meir enn det kulepunkta ber om.
Oppgåveinstruksjonen er styrande for korleis sensor skal vurdere svaret. Derfor er det
viktig at eleven svarer på alle delane av oppgåveinstruksjonane. Sensor skal vurdere alle
delane, men dei ulike delane skal ikkje vektast. Når karakteren blir sett, skal sensor
vurdere kompetansen som er vist i faget ut frå oppgåvene som er gitt.
Ulike typar tekst og utforming av tekstar
I den reviderte læreplanen i engelsk finn ein ikkje lenger omrepet sjanger. I staden bruker
ein det vidare omgrepet «type tekst». Hovudområdet Skriftlig kommunikasjon dreier seg
om å «skrive engelske tekstar i ulike kommunikasjonssituasjoner […] [Det] dreier seg
også om tilpassing av språket til formål og mottaker, blant anna gjennom å skilje mellom
formelt og uformelt skriftleg språk. Hovudområdet inneber å utvikle ordforråd og
rettskriving, idiomatiske strukturar og grammatiske mønster i skrift. Det omfattar også å
skape struktur og samanheng i tekstar».
Til eksamen er det å velje type tekst ein del av den kompetansen elevane viser. Elevane
skal ved hjelp av kunnskap om språk og tekst sjølve kunne velje kva type tekst, eller
sjanger, som er best eigna, bearbeide han og tilpasse han til formålet med teksten.
Sensor skal derfor vere open for elevens val av type tekst ut frå oppgåveinstruksjonen.
Til eksamen er det å utforme tekstar også ein del av den kompetansen elevane viser i
tråd med kompetansemåla «skrive ulike typer tekster med struktur og sammenheng,
tilpasset formål og situasjon» og «produsere ulike typer tekster tilpasset digitale formkrav
i forskjellige digitale medier».
Digitale formkrav er definerte i læreplanen i teksten om «Digitale ferdigheter». Det
inneber «at effekter, bilder, tabeller, overskrifter og punkter er satt sammen for å
understreke og formidle et budskap.» Å utforme tekstar i i tråd med digitale formkrav er
også ein del av den kompetansen elevane kan vise til eksamen.
2 Hjelpemiddel
På eksamen er alle hjelpemiddel tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan
brukast til kommunikasjon. For engelsk, som for andre språkfag, er heller ikkje
omsetjingsprogram tillatne.
Eksamensrettleiing ENG1002/ENG1003 2016
Side 3 av 10
Ved bruk av nettbaserte hjelpemiddel til eksamen, er det viktig å kontrollere at
kandidatane ikkje kan kommunisere med andre (dvs. samskriving, chat, alle
moglegheiter for å utveksle informasjon med andre) under eksamen.
Gjennom opplæringa i det enkelte faget skal elevane ha blitt rettleidd i å vurdere kva for
hjelpemiddel dei vil ha nytte av i arbeidet med å løyse ulike typar oppgåver. Det er eleven
sjølv, gjerne i samråd med læraren, som finn fram til kva for hjelpemiddel som er
formålstenlege.
3 Bruk av kjelder
Dersom det er aktuelt for elevane å bruke kjelder i svaret, må dei førast opp på ein
påliteleg måte. Det finst ulike måtar å føre opp kjelder på. Det viktige er at kjelder som
blir brukte til eksamen, er førte opp på ein slik måte at lesaren kan finne fram til dei.
Eleven skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på så vel lærebøker som andre teksta,
samt utgjevar og ugjevnad år. Dersom eleven bruker utskrift eller sitat frå nettsider, skal
eleven også føre opp nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato.
Dersom sensor mistenkjer at eit svar inneheld kopiert materiell utan kjeldetilvising, kan
svaret sendast til plagiatkontroll.
Den reviderte læreplanen i engelsk seier at eleven skal kunne «vurdere forskjellige kilder
og bruke innhold fra kildene på en selvstendig, kritisk og etterprøvbar måte». Sensor skal
derfor både vurdere måten kjeldene er brukte på, og om kjeldene er påliteleg førte opp i
elevsvaret. Svar som heilt viser seg å vere kopi av tidligere publisert materiell, vil bli
vurdert til karakter 1.
4 Vurdering av eksamenssvar i engelsk etter
Vg1 SF/Vg2 YF
Læreplanane og forskrift til opplæringslova er grunndokument for vurderingsarbeidet. Til
eksamen er heile læreplanen for faget aktuell. Forskrift til opplæringslova §§ 3-25 og 418 slår fast følgjande:
Eksamen skal organiserast slik at eleven/deltakaren eller privatisten kan få vist
kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt
grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til eleven/deltakaren eller privatisten slik
den kjem fram på eksamen.
Kompetanse er i denne samanhengen definert som evna til å møte ei kompleks
utfordring eller utføre ein kompleks aktivitet eller oppgåve 1. Eksamensoppgåvene blir
utforma slik at dei prøver denne kompetansen. Grunnlaget for å vurdere den
kompetansen eleven viser i eksamenssvaret, er kompetansemåla i læreplanen for fag 2.
1
2
St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring
Forskrift til opplæringslova §§ 3-3 og 4-3
Eksamensrettleiing ENG1002/ENG1003 2016
Side 4 av 10
Dei grunnleggjande ferdigheitene er integrerte i kompetansemåla i læreplanane for fag.
Grunnleggjande ferdigheiter vil derfor prøvast indirekte til sentralt gitt eksamen.
Sensor skal vurdere kompetansen slik han kjem fram på eksamen, jf. forskrift til
opplæringslova §§ 3-25 og 4-18 Eksamenssvaret blir vurdert av to eksterne sensorar.
Dersom desse to er ueinige, avgjer ein oppmann karakteren, jf. §§ 3-28 og 4.21 i forskrift
til opplæringslova.
4.1 Karakterar
Forskrift til opplæringslova §§ 3-4 og 4-4 har generelle karakterbeskrivingar for
grunnopplæringa:
a) Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget.
b) Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget.
c) Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget.
d) Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget.
e) Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget.
f) Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.
Kjenneteikn på måloppnåing i eksamensrettleiinga beskriv elevens kompetanse på tre
nivå. Beskrivingane skal bidra til ei felles forståing av krava til vurdering og til ei rettferdig
vurdering.
4.2 Fagspesifikke underpunkt
Vurdering av kompetanse
Sensor skal ikkje vekte oppgåvesvara, men vurdere kompetansen slik han kjem fram på
eksamen når karakteren blir sett, jf. forskrift til opplæringslova § 3-25 og §4-18.
Eleven blir bedt om å skrive ein kort og ein lengre tekst til eksamen. Kvar oppgåve prøver
ulike kompetansemål i læreplanen. For å få eit førsteinntrykk av svaret bør sensor først
lese gjennom den samla tekstproduksjonen til eleven, før kvar del blir vurdert i forhold til
innhald, struktur og språk. Til slutt blir det sett ein karakter som viser elevens
kompetanse.
Sensor må vurdere elevens kompetanse med utgangspunkt i læreplanen,
eksamensrettleiinga og vurderingsmatrisa. Vurderinga med karakter skal basere seg på
eit samla inntrykk av elevens kompetanse slik han kjem fram i eksamenssvaret.
Innhald, struktur og språk
Tekstforståing kan komme til uttrykk både som direkte svar på oppgåver knytte til
førebuingsmateriellet, og/eller gjennom at eleven bruker denne forståinga i utforminga
av eigne tekstar.
Eksamensrettleiing ENG1002/ENG1003 2016
Side 5 av 10
I eit godt svar kommuniserer tekstane. Det vil seie at tekstane er tilpassa
kommunikasjonssituasjonen dei skal fungere i, i tillegg til å ha eit relevant innhald, klar
struktur og eit funksjonelt språk.
Ordbøker
Skolane kan sjølve velje å la elevane nytte nettbaserte læringsressursar, oppslagsverk
og/eller ordbøker også under eksamen. Dette gjeld berre dersom skolane er i stand til å
isolere dei aktuelle IP-adressene. Dette er nærmare omtalt på Utdanningsdirektoratets
nettsider.
Ei viktig presisering er at det framleis er skolens ansvar å sikre at regelverket for
hjelpemiddelbruk til eksamen blir følgd, og at kandiatene ikkje har tilgang til Internett,
omsetjingsprogram eller kommunikasjon med andre på sjølve eksamen!
Bruk av tidlegare eksamensoppgåver og eksamenssvar med grunngiving for karakteren
Utdanningsdirektoratet har publisert materiell til bruk i førebuing til eksamen og som
grunnlag for diskusjonar om vurdering av eksamensvar. Dette finn du på www.udir.no
under: Vurdering – Eksamen vidaregåande skole – Før eksamen. Her finn du
eksamensoppgåver frå tre år tilbake. På same stad finn du autentiske elevsvar med
grunngiving for karakterar frå eksamen 2014: Eksamenssvar med grunngiving for
karakteren.
5 Kjenneteikn på måloppnåing
Kjenneteikn på måloppnåing kan utformast som ei meir utfyllande beskriving eller
samlast i ei kortfatta matrise. Vurderingsmatrisa på side 7 har beskrivingar av
kjenneteikn på måloppnåing til sentralt gitt skriftleg eksamen i engelsk etter Vg1 SF/Vg2
YF.
Vurderingsmatrisa beskriv kjenneteikn på måloppnåing innafor tre nivå i forhold til
kompetansemåla. Kjenneteikna beskriv nærmare kva for eksempel «nokså god til god
kompetanse» i faget vil seie for eit eksamenssvar på dette nivået. Oversikta over
kjenneteikn i vurderingsmatrisa må ikkje oppfattast som uttømmande, og sensor må
bruke rettleiingsmateriellet, kompetansemåla i læreplanen og profesjonelt skjønn for å
vurdere elevens kompetanse slik han kjem fram i kvart enkelt svar.
Beskrivingane skal bidra til ei felles forståing av krava til eksamen og til ei meir rettferdig
vurdering. Alt eleven leverer, skal vurderast som ein del av elevens kompetanse.
Kjenneteikna er til hjelp for sensor i å definere kvaliteten på elevsvaret. Ved å bruke
kjenneteikn på måloppnåing kan sensor danne seg eit bilete av kompetansen til eleven,
slik han kjem fram i eksamenssvaret.
Karakteren 1 skal brukast i dei tilfella der oppgåvesvaret som heilskap viser svært låg
kompetanse i faget. Svar som heilt viser seg å vere kopi av tidlegare publisert materiell,
vil også bli vurdert til karakter 1.
Eksamensrettleiing ENG1002/ENG1003 2016
Side 6 av 10
Kjenneteikn på måloppnåing for ENG1002 og ENG1003 ved sentralt gitt skriftleg eksamen
Karakter
Hovedområde
2
Svaret
Språklæring;
Skriftleg
kommuni
kasjon;
Kultur,
samfunn
og
litteratur
inneheld stort sett relevante oppgåvesvar som viser ei viss
forståing for tema, krav til omfang og kjelder som er brukte i
oppgåva
inneheld relevante oppgåvesvar som viser forståing for tema,
krav til omfang og kjelder som er brukte i oppgåva
inneheld relevante og presise oppgåvesvar som viser god
forståing for tema, krav til omfang og kjelder som er brukte i
oppgåva
gjer greie for emne med noko overflatisk drøfting og noko
sjølvstende, innhaldet er delvis underbygd av relevante
eksempel
gjer greie for og til ein viss grad utdjupar og drøftar emne på en
sjølvstendig måte, innhaldet er underbygg med relevante
eksempel
gjer greie for, utdjupar og drøftar emne på ein sjølvstendig
og grundig måte, innhaldet er godt underbygd med velvalde
eksempel
viser at eleven i nokon grad bruker relevant innhald frå ulike
kjelder
viser at eleven bruker og i nokon grad integrerer relevant
innhald frå ulike kjelder og fører dei opp
viser at eleven bruker og integrerer relevant innhald frå ulike
kjelder på en sjølvstendig, kritisk og etterprøvbar måte
inneheld tekstar med ei viss tilpassing til teksttype, formål og
situasjon
viser noko tilpassing til digitale formkrav
inneheld tekstar som stort sett er tilpassa teksttype formål og
situasjon
viser tilpassing til digitale formkrav
inneheld tekstar som er tilpassa teksttype, formål og
situasjon
viser formålstenleg tilpassing til digitale formkrav
har tekstar med ein viss logisk struktur og noko flyt
har tekstar med stort sett logisk struktur og flyt
har tekstar med klar og logisk struktur og god flyt
inneheld tekstar med ein viss samanheng og noko
tekstbinding
inneheld stort sett samanhengande tekstar og formålstenleg
bruk av enkel tekstbinding
inneheld tekstar med god samanheng og variert og
formålstenleg bruk av tekstbinding
viser eit enkelt ordforråd
viser eit generelt ordforråd
viser eit breitt generelt ordforråd
viser noko bruk av relevante faglege ord og uttrykk knytta til
eige utdanningsprogram
viser bruk av relevante faglege ord og uttrykk knytta til eige
utdanningsprogram
viser formålstenleg bruk av relevante faglege ord og uttrykk
knytta til eige utdanningsprogram
viser at språket er noko tilpassa teksttype, formål og situasjon
viser at språket er tilpassa tekststype, formål og situasjon
har tekstar med noko variert og stort sett korrekte og formålstenlege sentralidiomatiske uttrykk, setningstypar og setningsstrukturar
viser stort sett korrekt ordbøying, rettskriving og tegnsetjing
har tekstar med korrekte, varierte og formålstenlege
idiomatiske uttrykk, setningstypar og setningsstrukturar
Tekststruktur
Språk
har tekstar med riktig bruk av nokre idiomatiske uttrykk,
setningstypar og setningsstrukturar
viser korrekt bruk av nokre sentrale ordbøyingsmønster,
rettskriving og tegnsetjing
3-4
Svaret
5-6
Svaret
viser tilnærma korrekt ordbøying, rettskriving og tegnsetjing
Karakteren 1 uttrykkjer at svaret viser lågare måloppnåing enn det som det er gjort greie for ovanfor
Eksamensrettleiing Engelsk fellesfag 2016
Side 7 av 10
Vurderingsskjema, ENG1002 og ENG1003
Kandidatnr.: _______ Karakter:_______
2
3-4 5-6 Grunngiving
Tekststruktur
Innhald
1
Språk
Skriftleg kommunikasjon
Språklæring
Skriftleg kommunikasjon
Kultur, samfunn og litteratur
Kompetanse
Kompetanse
og ytterlegare
kommentarar
Eksamensrettleiing ENG1002/ENG1003 2016
Side 8 av 10
Blank side
Eksamensrettleiing ENG1002/ENG1003 2016
Side 9 av 10
Schweigaards gate 15
Postboks 9359 Grønland
0135 OSLO
Telefon 23 30 12 00
www.utdanningsdirektoratet.no