1.-4.trinn: Gikk Moe på do,tro? Litteratur: Denne

1.-4.trinn: Gikk Moe på do,tro? Litteratur:
Denne produksjonen er ei formidling om Jørgen Moe og eventyra han samla inn. Her får elevane ei
annleis oppleving i klasserommet.
Kristine tek elevane med til Moe gard og vil med munnleg forteljarkunst og musikk blåsa støv av
bøkene og liv i eventyra. Saman fabulerer dei om tida Moe levde i, om garden han budde på, og
korleis eventyra har reist frå munn til øyrer til munn, - kanskje byrja dei på do? Mindre kjent er det at
Jørgen Moe samla gåter, dyrenamn, leiker og ikkje minst folkemusikk. Ingvild Græsvold fortel om
Fanitullen og speler så det rykkjer i dansefoten. Nokre av elevane får prøva seg på å dansa Gangar
medan dei andre held takta. Så får elevane prøve seg på eit skikkeleg Hallingkast
Forestillingen kan knyttes opp til følgende mål i Kunnskapsløftet:
NORSK: *samhandle med andre gjennom lek, dramatisering, samtale og diskusjoner ;
*samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid ; *skrive
fortellinger
MUSIKK: *gjenkjenne og beskrive klang, melodi, rytme, dynamikk, tempo og form ;
*gjenkjenne norsk folkemusikk ; *gjøre rede for egne musikkopplevelser, om ulik bruk av
musikk og ulike funksjoner musikk kan ha
5.-7.trinn Hus må me ha… Arkitektur / kulturarv i samarbeid med Vitengarden Jærmuseet
Kva er eigentleg arkitektur? Korleis byggjer ein eit hus og kvifor har ein valt akkurat desse
materiala til husbygging akkurat her? Kvifor vert hus brukt på ulike måtar? Korleis kan me
sjå på eit hus kva det vert brukt til?
Hus kan vera bygde på mange ulike måtar og med ulikt materiale. Elevane skal ut på tur og
sjå etter ulike typar hus. Dei vert kanskje kjende i lokalmiljøet på ein annan måte enn før, og
får betre kjennskap til lokale byggetradisjonar. Dei skal til og med få lov til å vera med på å
byggja eit helt hus i lag…!
Me byggjer hus
Den kulturelle skulesekken kjem med ein modell av eit lafta hus, slik som på bileta. Elevane
skal bygga huset frå grunnen av og samarbeida om å få alle bitane på rett plass. Det følgjer
med teikningar som syner kor dei enkelte delane høyrer heime. Når huset er bygd, skal dei
riva det ned att og leggja bitane i stablar slik at neste elevgruppe ikkje treng å sortera
bygningsdelane.
8.-10.trinn Tarzano (musikk):
Tazano er eit band med fem tanzanianske og norske musikarar. Med drivande rytmar og fengande
melodiar tek bandet publikum med til ei spennande musikalsk verd. Tanzania er eit land fattig på
pengar, men rikt på kultur, og det vert prova til fulle under denne konserten. Musikarane trefte
kvarandre for fyrste gong i Bagamoyo i Tanzania i 2008. Etter det har dei spelt saman nesten kvart år.
Dei har spelt konsertar både i Tanzania og i Noreg, inkludert den kritikarroste opningskonserten på
MaiJazz i 2010
Anania blei fødd i Tanzania i 1960. Kva har skjedd med landet sidan da? Her kan læraren ta
utgangspunkt i måla slik dei står i Kunnskapsløftet:
8. til 10. klasse
Utforskaren
• bruke statistiske kjelder til å berekne og beskrive tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege
drøftingar og vurdere om statistikken gjev påliteleg informasjon
• skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og
verdiar påverkar tankar og handlingar
Historie
• gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonisering
Geografi
• samanlikne storleik, struktur og vekst i befolkningar og analysere befolkningsutvikling, urbanisering
og flytting i nyare tid
• kartleggje variasjonar i levekår i ulike delar av verda, forklare dei store skilnadene mellom fattige og
rike og drøfte tiltak for jamnare fordeling
Samfunnskunnskap
• gje døme på og diskutere kulturelle variasjonar og drøfte moglegheiter og utfordringar i
fleirkulturelle samfun
1.-7.trinn JADA JADA JA - Alf Prøysen i skolen:
Alf Prøysen skreiv om ulike typer i skolen: Nøtteliten, Bolla Pinnsvin, Burre Bamse, Helene
Harefrøken og Ola Rådyr. Men kva med Jostein Bever? Og er nokon av desse Rampegutt? Og
kor er eigentleg Bakventland, der dei skriv baklengs på skolen?
I Prøysenåret 2014 laga Anne Flugstad og Fred Dalbakk ei konsertframsyning med tekstar av
Alf Prøysen, ramma inn av ei av forteljingane hans. Skolen og elevane er tema, med alle dei
undertema både store og små kjenner att frå kvardagen: motepress, mangfald, mobbing og
kommunikasjon. Anne fortel, syng og rappar i herleg samklang med gitarspelet til Fred, som
både gynger, svev og rockar. "JADA JADA JA - Alf Prøysen og skolen" er ein tidsaktuell,
morosam og litt alvorleg konsertframsyning.
Her er ein oversikt over songane elevane kan være med på:
- HELENE HAREFRØKEN
- BOLLA PINNSVIN
- NØTTELITEN
- I BAKVENTLAND
- Å HUTTETUTTETEI
8.-10 trinn: Sandra Kolstad Mystery tour.
Sandra Kolstad lager ekstravagant, elektronisk popmusikk som er eksplosiv og dansbar. Elektronika er
musikk-Norges største eksportvare akkurat nå, med verdenskjente navn som Kygo, Røyksopp og
Todd Terje i spissen. Selv bor Sandra i Berlin, en av Europas viktigste byer for klubbmusikk, og i siste
del av denne konserten lover vi skikkelig klubbstemning. Gjennom dans, lys og lyd skaper Sandra en
magisk og mystisk musikkopplevelse.
1.-7.trinn Songer med Røter (Musikk):


Soetkin Baptist (Songar og forteljar)
Jan van Outryve (Lutist)
Eg brenn 8.-10 trinn
I Eg brenn møter vi Margaret i det ho vert brent på bålet for landssvik. Ho hevdar å vera
dotter til kong Eirik Magnusson, men vert ikkje trudd. Når sanninga trugar makta, vert
sanninga fort makteslaus.
Min far kongen
sendte meg ut på åpent hav
jeg var 7 år og skulle hjem til Skottland
– uti den dansen lokket han meg
Min far kongen mistet sin arving
jeg mistet fortid og framtid og nåtid
– flammene eter grådig
Historia fortel at den sju år gamle kongsdottera Margaret i året 1290 vart sendt frå Noreg til
Skottland som brud for å styrka dei politiske banda mellom dei to landa. Men den vesla jenta
døydde på overfarten. Ti år seinare dukkar ei kvinne opp i Bergen som hevdar ho er Margaret.
Eg brenn vert fortalt i norsk, svensk, shetlandsk og tonleg språkdrakt frå dei tre landa.
Om utøvere og produsenter
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Produsent:
Gine Heien, gine.heien (att) rogfk.no
Idé/opplegg:
Utøvarane/Leif Stinnebom/DKS Rogaland