Undervisningsopplegg – Nye Kontekst Magiske setningar – revideringskompetanse Tema: Skrivetrening – å revidere eigne tekstar Mål: Reflektere over kva som er ei god setning. Kjenne igjen godt språk i eigne tekstar og i tekstar av andre. Om opplegget: Målet med opplegget er å trene evna til elevane til å kjenne igjen godt språk i eigne tekstar og i tekstar av andre, som eit utgangspunkt for å forbetre og utvikle eige språk. Opplegget er særleg tenkt til 9. trinn, men kan nyttast også på 8. trinn og 10. trinn. Lærestoff: Nye Kontekst Basisbok 8–10, kurs 3.3, Nye Kontekst Tekstar 4 Elevoppdraget Deloppdrag 1: Læraren presenter følgande setningar henta frå to forteljande tekstar og ein sakprosatekst. 1 Setningar henta frå Nesten i mål av Ivar Espenes, Nye Kontekst Tekstar 4, s. 146. – Smerten fra bakhodet brenner seg lynraskt nedover ryggen. – Øynene lukker seg, og han strekker armene rett ut idet han beveger seg ut i livets siste hopp. 2 Setning henta frå Twitternoveller av Frode Grytten, Nye Kontekst Tekstar 4, s. 150. – Rusa på kyss og kvarandre oppdagar dei ikkje at snøen sakte dekker bilen dei sit i. 3 Setningar henta frå Språket som forandret Musikk-Norge av Miriam Rosvold Olsen. – Bergensgruppa A-laget er en av flere aktører som har gjort suksess med å bruke norsk dialekt. – Han ser et hamskifte i dag og tror inntoget av dialekter i musikken har vært positivt for den norske musikkbransjen. Gi elevane fem minutt til å diskutere og reflektere over følgande: a Er dette ei god setning? b Kvifor er dette ei god setning? Tips: ordval, rekkefølga på orda, presisjon, pausar, osv. Deloppdrag 2: Be elevane om å velje ei av setningane du har presentert. Dei skal skrive avsnittet som setninga «høyrer til». Når dei skriv, skal dei tenke på nettopp det som gjorde den eine setninga god. Gyldendal Undervisning 2016 1 Undervisningsopplegg – Nye Kontekst Deloppdrag 3: (Oppgåva passar i arbeidet med tekstar som elevane alt har skrive.) Set elevane saman i læringspar. Dei skal lese tekstane til kvarandre og finne fram til tre magiske setningar. Skriv dei ned på papirremser, og heng dei opp i klasserommet. Utvalde elevar kan presentere setningane dei har valt, og grunngi kvifor dei meiner at dette er gode setningar. Gyldendal Undervisning 2016 2
© Copyright 2024