nye ulstein kyrkje

NORSKE
ARKITEKTKONKURRANSER
Utgjeven av Norske arkitekters landsforbund på oppdrag av Ulstein kyrkjelege fellesråd
NR.
469
2016
«EXCELSIOR» Snøhetta
Avgrensa plan- og designkonkurranse
NYE ULSTEIN KYRKJE
PRIS KR 79,-
2
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
VINNAR
KORT OM KONKURRANSEOPPGÅVA
Det har vore kyrkje i Ulstein i om lag 900 år.
Dagens kyrkje blei bygd i 1849, og flytta til
noverande plassering i 1878. Dette er ei åttekantkyrkje, bygd i tre. Kapasiteten på kyrkja er
til tider sprengt, og bygget er lite fleksibelt. Ein
saknar lokalar som kan romme det daglege
kyrkjelydsarbeidet og kontor til alle dei
tilsette.
Den nye kyrkja skal plasserast saman med den gamle kyrkja. Tomta ligg
sentralt i Ulsteinvik, i nærleiken av barneskule, rådhus, næringsareal
og idrettsanlegget Arena Ulstein, som er under oppføring. Heile tomta
er om lag 5 mål, og skrånar oppover mot nordaust, med ein høgdeskilnad på om lag 10 meter. Tomta inneheld den gamle kyrkja, ein gamal
nedlagt kyrkjegard, samt eit kommunalt bustadhus og uthus som er
føresett rivne. Kyrkjegarden har stor verdi for lokalsamfunnet som ei
grøn lunge i sentrum, og skal takast vare på i størst mogleg grad.
Den nye kyrkja skal, i samspel med den gamle, kunne romme eit
mangfaldet av aktivitetar og legge til rette for at mange ting kan skje
samtidig. I tillegg til å vere seremonirom, gudstenestestad, arbeidsplass, konsert- og øvingslokale og møtelokale for lag og foreiningar,
skal kyrkja òg vere ein stad der folk kan stikke innom. Det er ein
føresetnad at eksisterande kyrkjerom vert bevart slik det er, gjennom
aktiv bruk til kyrkjelege handlingar og konsertar.
I programmet har det vore opna for at enkelte funksjonar kan leggast til
den eksisterande kyrkja. Det var òg ytra eit ynskje om at ein skal kunne
gå tørrskodd frå det eine bygget til det andre.
Kyrkjeanlegget skal innehalde følgjande hovudfunksjonar:
• Kyrkjerom og andre samlingsrom (kyrkjelydssal, kyrkjestove/kafé/
våpenhus, dåpsventerom, sakristi, kapell)
• Barne-/ungdomsavdeling (undervisningsrom, grupperom,
samlingsrom, barnehage/aktivitetsrom, gymrom)
• Administrasjonsdel (kontor, møterom, personalrom, nærarkiv)
• Lager, tekniske rom, vaskerom, verkstad, utebod
Det er eit ynskje om eit stilreint og vakkert bygg, som finn si plassering i
harmonisk samspel med den nedlagde kyrkjegarden og den eksisterande kyrkja, med ein felles og inviterande «kyrkjebakke».
VINNAR
Motto: «Excelsior»
Arkitekt: Snøhetta
Arkitektteam:
Lars Jørstad Nordbye
Frank Nodland
Rune Veslegard
Tine Hegli
Kjetil Trædal Thorsen
Margrethe Lund
Kunstnarteam:
Kjell Torriset
Jorunn Sannes
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
3
JURY
JURY
Dei innleverte utkasta har vore vurdert
av ein jury med fylgjande samansetjing:
Harald Nordal
Leiar i planutvalet for nytt kyrkjebygg og
juryformann.
Annelise Kleven Godø
Leiar i Ulstein kyrkjelege fellesråd.
Christfried Kaul
Kyrkjeverje.
Margit Lovise Holte
Sokneprest.
Carl-Viggo Hølmebakk
Arkitekt MNAL, oppnemnt av NAL.
Ivar Aamlid
Arkitekt MNAL, oppnemnt av NAL.
Geirmund Barsnes frå NAL si fagavdeling
har vore jurysekretær.
Bjørn Losvik frå Ulstein sokn har vore
konkurransefunksjonær.
Utgjeven av Norske arkitekters landsforbund på oppdrag av Ulstein kyrkjelege
fellesråd
GJENNOMFØRING AV
KONKURRANSEN
Konkurransen har blitt gjennomført som ein
avgrensa arkitektkonkurranse i samsvar med
reglane i Forskift om offentlige anskaffelser del
4, kap 23 Plan- og designkonkurranse, med konsekvent overhalding av anonymitetssprisippet og
fagleg kompetent juryering.
Norske arkitekters landsforbund (NAL) har vore
konsulent for oppdragsgjevaren i planlegging og
gjennomføring av konkurransen.
Oppdragsgjevaren fekk 38 søknader om deltaking og fyljande team blei valt
ut til å delta i konkurransen:
• Link arkitektur
• Ratio arkitekter / HBA arkitekter AS
•Snøhetta
• Sivilarkitekt Espen Surnevik / Bjørbekk & Lindheim
Kvart av teama har motteke eit honorar på 125 000 kr eks. mva. Det har blitt
gjennomført tre jurymøter i perioden 21. april til 12. mai 2016.
4
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
VURDERINGSKRITERIER
Gjennom arkitektkonkurransen har ein
ynskja å finne fram til det utkastet som
samla sett ivaretek intensjonane og
krava i konkurransen på ein best mogeleg måte.
Fylgjande kriterier i uprioritert rekkefylgje, har blitt lagt vekt
på ved evalueringa av utkasta:
Landskap og situasjon
• Arkitektonisk uttrykk i høve til eksisterande kyrkje,
terreng og nære omgjevnadar
• Heilskapleg hovudgrep i situasjonsplan
Nybygg
• Hensiktsmessig planløysing og funksjonalitet
• Effektiv arealutnytting med sambruksløysingar
• Gode løysingar for universell utforming
• Sakral / liturgisk /seremoniell forståing
• At bygget talar både om tradisjon og fornying
• Materialbruk og konstruksjonar i høve til høg
brukarintensitet og ei nøktern kostnadsramme
”Dialog”
”Korsvei”
Eksisterande bygg
• Tilpassing til og bruk av eksisterande bygningsmasse
Berekraft og miljø
• Eit berekraftig miljøperspektiv i bruk av konstruksjonar, material og overflate
• Miljøvenlege og tekniske løysingar som reduserer bygget
sin ressursbruk og miljøbelastning til eit realistisk nivå
Økonomi
• Realistisk ramme for prosjektøkonomi med omsyn til
investeringar, drift og vedlikehald.
”Excelsior”
”Ny dag”
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
JURYEN SIN GENERELLE KRITIKK
Juryen er godt nøgde med kvaliteten
på alle utkasta.Dei fire forslaga viser
ulike måtar ein kan løyse dei føreskrivne funksjonane, innanfor den
utfordrande tomta i sentrum av
Ulsteinvik.
Landskap og situasjon
Tre sentrale utfordringar knyter seg til den aktuelle
tomta:
• samspelet med den eksisterande kyrkja frå 1849
• bevaring av den gamle nedlagte kyrkjegarden
• ei skrånande tomt med eit terrengfall på rundt 10 meter
Den eksisterande kyrkja har ei form og eit uttrykk som
gjer den til eit sjølvstendig objekt. Det er vanskelig å
bygge til og for nært på eit slikt bygg. Dette har alle
utkasta tatt stilling til. Tre av utkasta legg den nye
bygningsmassen heilt mot nordvest på tomta slik at den
eksisterande kyrkja får tilstrekkeleg med rom rundt seg.
Utkastet ”Dialog” legg seg tettare på den gamle kyrkja,
men i form av ein bygningsmasse som er integrert i
terrenget. Sjølve kyrkjerommet markerer seg som ei
sjølvstendig form i det nordvestre hjørnet på tomta. Til
tross for intensjonen om skjule store bygningsvolum i
terrenget, står den nye bygningsmassen fram med
terrengmurar på rundt 3 meter, tett på den gamle kyrka.
Dette skaper ein noko trong og mørk situasjon.
I situasjonen har ”Dialog” likevel fleire kvalitetar. Ved å
integrere store bygningsvolum i terrenget og løfte
kyrkjerommet fram som ei sjølvstendige form, oppstår eit
godt samspel mellom med den eksisterande kyrkja og
volumet som rommar det nye kyrkjerommet.
”Ny dag” søker å oppnå eit formalt samspel med den
gamle kyrkja, ved å vidaretolke geometriar og uttrykk ein
finn i bygget sin arkitektur. Dette er vellukka, men det er
kanskje like interessant å søke kompletterande kontrastar, slik det er gjort i utkastet ”Excelsior”.
Ved å plassere ny bygningsmasse nordvest på tomta,
sikrar ein at mykje av den gamle gravplassen blir tatt vare
på. ”Excelsior” er det utkastet som i størst mogleg grad
bevarer dei eksisterande kvalitetane ved å legge bort i
mot heile den nye bygningsmassen utanfor dei eksistera
kyrkjemurane. Både ”Ny dag” og ”Korsvei” legg seg delvis
innanfor og delvis utanfor gravplassen. ”Dialog” er det
utkastet som medfører størst inngrep i den gamle
kyrkjegarden. Store bygningsvolum plasserast inn i
terrenget, terrengmurar etablerast og terrengfallet
endrast. Ein tek vare på kyrkjegarden som eit grøntareal,
men mange av dei kvalitetane som ein finn i dagens
gravplass raderast.
”Dialog” klarer samtidig å aktivisere den gamle kyrkjegarden på ein måte som ingen av dei andre utkasta maktar.
Nye gangvegar diagonalt og på tvers over kyrkjegarden
opnar dette noko avstengte området og inviterer inn.
Gangvegane møtast midt på tomta framfor inngangen til
kyrkjerommet. Her er det vist ein ”kyrkjebakke” der ein er
midt i det grøne og med utsikt til fjorden.
I konkurranseprogrammet er det spesifisert at kyrkja skal
ha ein eintydig og sentral hovudinngang og at denne skal
ligge mot sør/sørvest, slik at det nye og gamle bygget har
eit felles uteområde framfor inngangane. Det blir òg
etterspurt fleire inngangar for å legge til rette for
samtidige aktivitetar. Tre av utkasta legg inngangen til
eksisterande kyrkjebakke, tett på inngangen til eksisterande kyrkje. ”Dialog” sentrerer hovudinngangen på
tomta og knyter seg til eksisterande kyrkjebakke med ei
utvendig trapp.
Nybygg
”Excelsior”, ”Korsvei” og ”Ny dag”, som legg inngangspartiet til kyrkjebakken framføre den eksisterande kyrkja,
plasserer kyrkjerommet inn i terrenget på same nivå som
inngangen. På grunn av terrengfallet, blir kyrkjerommet i
desse utkasta liggande delvis under terreng. Lyset
hentast inn gjennom overlys eller høgtsittande vindauge.
Dei lyse areala mellom inngangen og kyrkjerommet
nyttast på ulikt vis til samlingsrom som skal fungere
saman med kyrkjerommet. Barne- og ungdomsavdelinga,
samt administrasjonsdelen plasserast i desse utkasta i
overliggande etasjar.
5
6
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
”Dialog” skil seg ut ved å legge barne- og ungdomsavdelinga samt administrasjonsdelen som ein base innarbeida
i terrenget, med fasadar i form av terrengmurar. Det nye
kyrkerommet reiser seg mot nord som eit sjølvstendig
volum. Dette kyrkjerommet blir i mindre grad enn dei tre
andre liggande under terreng. Likevel får ein ei vel så stor
kjensle av at dette rommet ligg nedgrave i landskapet, då
overgangen mellom over og under terreng teiknast så
tydeleg i rommet. I tillegg medfører grepet at areala i
barne- og ungdomsavdelinga samt administrasjonsdelen
får lite dagslys og utsyn.
er lagt sentralt på tomta i toppen av ei trapp, utan god
tilgang for rullestolbrukarar. Ein kan argumentere med at
rullestolbrukarar kan nytte seg av gangvegen som kryssar
tomta. Ei slik løysing føreset at det er parkeringsplassar
for rullestolbrukarar i nivå med desse gangstiane, noko
utkastet ikkje viser. Dette er likevel ikkje ei god løysing då
desse parkeringsplassane blir liggande i relativt bratt
terreng. Ein eigen inngang for rullestolbrukarar på nedre
nivå tilfredsstiller ikkje kravet om universell utforming. Dei
andre utkasta har tilfredstillande løysingar for universell
utforming.
Rørsla inn og ut av kyrkjerommet er ein viktig del av
opplevinga for dei som vitjar kyrkja. Det varierer kor
høgtideleg denne prosesjonelle vandringa er, avhengig av
om det er ei ordinær gudsteneste, bryllaup eller ei
gravferd som føregår i kyrkjerommet. Alle utkasta har
svakheiter på dette punktet. Dette skuldast truleg
utfordringane med å få tilstrekkeleg lyse areal på inngangsnivået. På grunn av at ein ynskjer å ta vare på mest
mogleg av den gamle kyrkjegarden, er det grenser for kor
breie kyrkjebygga kan vere. Kyrkjerommet leggast lengst
inn i terrenget, då dette er eit rom som gjerne kan ha stor
takhøgd og høve til å hente inn dagslys frå overlys eller
høgtsittande vindauge. Dei lyse areala blir då liggande
mellom kyrkjerommet og plassen framføre kyrkja. Det blir
kamp om kva desse verdifulle areala skal nyttast til og det
mest naturlege er at kyrkjelydssalen plasserast i dette
området. Samtidig blir den liggande å ”sperre” for
inngangen til kyrkjerommet.
”Korsvei” er det utkastet som har den mest uavklarte
tilkomstsituasjonen. Ein kjem inn i bygget via kyrkjetorget,
som ligg mellom kyrkjerommet og gravplassen, og binder
alle dei ulike delane av bygget saman. Dette rommet ligg
parallelt med kyrkjerommet og ein går inn i kyrkjerommet
frå sida, vinkelrett på prosesjonsretninga. Dette skaper eit
lite naturleg rørslemønster. Slik kyrkjebygget er utforma,
verkar det mest naturleg å gå inn kyrkjebygget gjennom
det som er kyrkjelydssalen og vidare inn i kyrkjerommet.
Kyrkjelyden ynskjer eit fleksibelt bygg, der mange
aktivitetar kan gå føre seg samtidig. Fleire av utkasta har
løysingar som tar hand om dette ynskje, men ”Excelsior”
utmerkar seg som det beste utkastet på dette området.
Universell utforming er i prinsippet at ei løysing skal
kunne nyttast av alle, uavhengig av funksjonsevne. Dette
er både eit samfunnskrav og ein føresetnad i konkurranseprogrammet. Samtidig er det etterspurt ein eintydig og
sentral hovudinngang. Etter juryen si vurdering, svarer
ikkje ”Dialog” på desse føresetnadane. Hovudinngangen
Utforming og plassering av kontorlokala er viktig i eit
moderne kyrkjebygg. Kontora skal vere ein attraktiv
arbeidsplass for staben, men òg ein stad der det er godt å
stikke innom. Det skal vere rom for skjerma og fortrulege
samtalar, men samtidig eit ope og inkluderande arbeidsmiljø. ”Excelsior” har både den beste plasseringa og
løysinga for kontorlokala.
Utkasta viser fire ulike typar kyrkjerom. Ein finn både
vifteforma, det sirkulære, det åttekanta og det rektangulære. ”Excelsior” og ”Dialog” har dei mest intime romma,
mens ”Korsvei” og ”Ny dag” har volumøse rom. ”Ny dag”
har eit noko breiare kyrkjerom enn ”Korsvei” og dette
aukar opplevinga av eit fellesskap. I fylgje kyrkjetradisjonen skal kyrkjerommet vende mot aust. Dette var ikkje eit
krav i konkurranseprogrammet, men det blei kommunisert som eit ynskje. ”Excelsior” er det einaste utkastet
som har orientert kyrkjerommet mot aust. Dei andre
kyrkjeromma er vendt mot nord og nordaust.
Eksisterande bygg
I konkurranseprogrammet var det ytra eit ynskje om å
kunne gå tørrskodd frå det eine bygget til det andre. Dette
er fyrst og fremst relevant dersom det leggast mange
funksjonar til den eksisterande kyrkja. ”Dialog” og
”Korsvei” legg til rette for å kunne gå tørrskodd mellom
bygga og desse to utkasta er òg dei einaste som legg
funksjonar til den eksisterande kyrkja. Begge utkasta
foreslår å legge bårerommet til dagens sakristi. Dette vil
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
ikkje vere ei gunstig løysing, då det gir liten meirverdi for
den gamle kyrkja og samtidig vil vere ei kostbar ombygging. ”Dialog” foreslår òg å legge kapellfunksjonen til det
gamle kyrkjerommet. Dette vil heller ikkje vere hensiktsmessig, då kapellet er tiltenkt som eit meir intimt rom i
samband med bårerommet.
Det er krevjande å lage ei god løysing der ein kan gå
tørrskodd mellom bygga. ”Dialog” koplar seg på dagens
inngang for rullestolbrukarar midt på nordfasaden. Dette
er ein klimatisert gang med trapp og løftebord.
Bygningselementet har fått ei diskret plassering, men blir
liggande som ein propp i det smale uterommet mellom
eksisterande og ny kyrkje. ”Korsvei” koplar seg saman
med våpenhuset i eksisterande kyrkje ved hjelp av ein
utvendig overdekka passasje. For å kunne gå tørrskodd
mellom bygga, må det òg etablerast leveggar. Dette vil
delvis sperre inngangen til kyrkjegarden. Ingen av desse
utkasta meistrar å etablere ei vellukka kopling mellom dei
to bygga. ”Excelsior” og ”Ny dag” har valt å ikkje
imøtekome ynskje om ein tørrskodd passasje.
Berekraft og miljø
”Ny dag”, ”Korsvei” og ”Dialog” legg til grunn at dei skal
realiserast som ein passivhuskonstruksjon. ”Excelsior”,
”Korsvei” og ”Dialog” har gode konsept for korleis ein kan
skape eit bærekraftig nybygg for kyrkjelyden i Ulstein. Dei
to sistnemnde utkasta tar sikte på å oppnå eit nær
nullenergibygg ved å ta i bruk solceller. ”Ny dag” har ei
meir holistisk tilnærming til bærekraftomgrepet. I tillegg
til tekniske tiltak, vektleggast det å skape ei kyrkje som
lokalbefolkninga blir glad i og ynskjer å ta godt vare på.
Samtidig stussar ein litt over materialbruken som ”Ny
dag” føreslår. Utstrakt bruk av betong og bruken av
samansveisa stålplater som utvendig lufta kledning er lite
samsvarande med ambisjonen om å skape eit bærekraftig
bygg.
Økonomi
Det er eit nøkternt budsjett som ligg til grunn for prosjektet. I konkurranseprogrammet var det lista opp areal
knyta til dei dei etterspurte funksjonane. Det totale
arealet for kyrkjebygget skulle vere mykje lågare enn
summen av desse arealtala. Det var ein del av oppgåva å
føreslå sambruk av funksjonar og slik redusere areal og
byggekostnader. Juryen sit med intrykk av at alle arkitek-
tane har vore opptekne av å skape arealeffektive bygg og
at forskjellane mellom areala er små.
Det er ikkje utført kostnadsanalyser av utkasta, men slik
dei er presentert, er det truleg ingen av utkasta som kan
realiserast innanfor den økonomiske ramma. Dei fire
utkasta varierer nok ein del i potensielle byggekostnader,
men etter ei vidareutvikling av prosjekta kan nok desse
skilnadane jamnast ut.
7
8
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
JURYEN SI AVGJERSLE OG RÅD TIL
VIDARE ARBEID
JURYEN SI AVGJERSLE
JURYEN SIT RÅD TIL VIDARE ARBEID
Dei fire utkasta blei grundig vurdert på bakgrunn av
kriteria for bedømming og generelt på bakgrunn av
konkurranseprogrammet. Juryen rådspurte seg med dei
framtidige brukarane av kyrkja og fekk mange gode
innspel til diskusjonane.
Det er fleire element i vinnarutkastet som må vidareutviklast i den vidare prosessen. Den største utfordringa vil
vere å bringe prosjektet innanfor den økonomiske ramma.
Dette vil bli ein krevjande prosess som stiller store krav
både til arkitekt og byggherre, for å sikre at dei arkitektoniske kvalitetane i utkastet blir tatt vare på.
Ein samla jury konkluderte med at ”Excelsior” totalt sett
peikte seg ut som vinnaren av konkurransen. Juryen
ynskjer å trekke fram fylgjande faktorar som var spesielt
avgjerande for at dette utkastet blei valt:
• Plasseringa på tomta gjer at inngrepet i den
eksisterande kyrkjegarden blir minimalt.
• Bygget har ei form som famnar om kyrkjegarden og
samspelar med den eksisterande kyrkja på ein
ukonvensjonell måte.
• Den nye kyrkja vil bli eit unikt bygg.
• Kyrkjerommet kompletterer det eksisterande
kyrkerommet og opnar opp for mange måtar å bruke
rommet på.
• Plassering og utforming gjer kapellet til ein unik stad.
• Kontora gir rom for eit ope og inkluderande
arbeidsmiljø, men legg samtidig til rette for skjerma og fortrulege samtalar.
Juryen ynskjer å påpeike nokre element som kan
vidareutviklast i den vidare prosessen:
• Fasadane bør vidareutviklast og det kan gjerne etablerast fleire store vindaugsopningar tilsvarande den som er vist i kapellet. Spesielt i forbindelse med
kontorlokala kunne det ha vore naturleg å opne opp
mot omgjevnadane. Juryen er spørjande til effekten og
realismen til alle dei små opningane i fasaden. Det vil
òg vere ei utfordring å sikre gode dagslysforhold i
borne- og ungdomsavdelinga.
• Det er generelt behov for eit større areal på plan 1 som
kan romme mellom anna eit stollager.
• Det overdekka arealet framføre hovudinngangen kunne
gjerne ha vore større, då det er mykje nedbør i
Ulsteinvik og til tider mange som skal inn og ut av
kyrkja.
• Vidare bør det vurderast om ein skal justere
landskapet rundt kyrkjestova for å sikre meir dagslys inn i dette rommet.
• Inngangssituasjonen til kyrkjerommet kan forbetrast
på fleire måtar. Rom for tolketenesta og lagring av
veggelement kan gjerne omplasserast.
Bygningselementa skaper eit lite heldig stengsel på
veg inn og ut av kyrkjerommet. Utvidinga av
kyrkjerommet vil òg fungere betre med desse ute av
vegen. Av funksjonelle grunnar kan det vere ynskjeleg
å sperre av arealet til kyrkjestova med flyttbare veggar,
men i praksis fungerer dette dårleg. Ein taper
kontakten med kjøkenet og samtidig oppstår det ein
lang korridor som ein må gjennom på veg inn i
kyrkjerommet.
• Av praktiske grunnar bør det vere ein arbeidsplass på
plan 1, slik at det er nokon til stades og tek i mot dei
besøkande. Dette kan vere ein av
kontorarbeidsplassane som flyttast ned.
• Det bør vere mogleg å gå mellom prestesakristiet og
kapellet på ein enkel måte.
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
Juni, 2016
Harald Nordal
Leiar i planutvalet for nytt kyrkjebygg
og juryformann.
Annelise Kleven Godø
Leiar i Ulstein kyrkjelege fellesråd.
Christfried Kaul
Kyrkjeverje
Margit Lovise Holte
Sokneprest
Carl-Viggo Hølmebakk
Arkitekt MNAL, oppnemnt av NAL.
Ivar Aamlid
Arkitekt MNAL, oppnemnt av NAL
Geirmund Barsnes
Arkitekt MNAL, jurysekretær.
9
10
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
1
«EXCELSIOR»
VINNAR
SNØHETTA
MOTTO: «EXCELSIOR»
FORFATTARAR - ARKITEKTAR:
Lars Jørstad Nordbye
Frank Nodland
Rune Veslegard
Tine Hegli
Kjetil Trædal Thorsen
Margrethe Lund
FORFATTARAR - KUNSTNARAR:
Kjell Torriset
Jorunn Sannes
Utkastet legg seg utanfor den eksisterande kyrkjegarden.
Bygget hentar grunnrisset sitt frå forma på arealet mellom
Gjerdegata, Gjerdegata vest, den eksisterande steinmuren
mot kyrkjegarden og trekrona til eit høgreist tre øverst på
tomta. Det eksisterande terrengfallet fjernast ved at ein
skjærer ei presis byggegrop ut av grunnfjellet. Ein trekonstruksjon fyller gropa i landskapet. Hovudtilkomsten til kyrkja
er frå ein lett stigande forplass som den deler med eksisterande kyrkje.
Trekonstruksjonen består av ei indre og ei ytre form. Den
indre forma dannar taket over plan 1 og reiser seg som ei
trakt opp gjennom volumet som definerast av den indre og
ytre forma. Under traktforma ligg kyrkjerommet, med alteret
vendt mot aust. På same plan ligg støttefunksjonar til
kyrkjerommet og kyrkjestove/kyrkjetorg med tilhøyrande
kjøkken. Kyrkjerommet kan utvidast ut til kyrkjestova ved
hjelp av flyttbare veggar.
På plan 2 ligg barne- og ungdomsavdelinga og kontordelen,
med eigen inngang frå Gjerdegata vest. I samlingsrommet
fungerer oversida til den stigande traktforma som amfi der
born og unge kan samlast.
Plan tre inneheld mellom anna kapell og bårerom, med eigen
inngang frå Gjerdegata. Inngangen er knytt opp mot eit
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
2
3
4
høgresist tre på tomta. Ein båreheis knyter bårerommet og
kyrkjerommet saman.
Konstruksjonen består av massivtreelement som stablast
liggande oppå kvarandre og den forsterkast av eit fagverk i
tre. I innvendige rom eksponerast overflatene i trekonstruksjonen. Utvendig, på tak og veggar, er kyrkja kledd i ubehandla tre.
Utkastet koplar seg ikkje saman med den gamle kyrkja og
seier lite om bruken av det eksisterande bygget.
Strategien for å oppnå eit bærekraftig bygg baserer seg på tre
hovudtiltak:
• Utnytting av fornybar energi, utnytting og kontrollering av
solenergi og dagslys, samt løysingar for naturleg
ventilasjon.
• CO2-fotavtrykket reduserast gjennom medvitne
materialval, spesielt ved utstrakt bruk av tre.
• Gjenbruk av massar etter utgraving av tomta.
Utkastet har det minste fotavtrykket og inngrepet i den
eksisterande kyrkjegarden blir minimalt. Arkitektane bak
utkastet har klart å skape eit unikt bygg og kyrkjerom.
Bygningsforma famnar om omgjevnadane og spelar godt
saman med den eksisterande kyrkja. Kyrkjerommet ligg lett
5
tilgjengeleg i bygget, men det kunne vore ein meir ope
situasjon mellom kyrkjestova og kyrkjerommet. Kapellet har
fått ei god plassering og utforming. ”Excelsior” er det einaste
utkastet som har lukkast med å skape gode kontorlokale som
gir rom for eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, men som
samtidig legg til rette for skjerma og fortrulege samtalar.
Fasadane kunne med fordel ha hatt fleire store vindaugsopningar tilsvarande den som er vist i kapellet. Spesielt i
forbindelse med kontorlokala kunne det ha vore naturleg å
opne opp mot omgjevnadane. Juryen er spørjande til effekten
og realismen til alle dei små opningane i fasaden. Det er òg
noko uavklart korleis ein sikrar tilstrekkeleg dagslys i
borne- og ungdomsavdelinga.
Utkastet har fleire ukonvensjonelle løysingar som medfører
ein økonomisk usikkerhet. Slik det er presentert sprengast
den stipulerte økonomiske ramma for prosjektet. Utkastet
kan nok tole ei vidareutvikling som bringer det innanfor eit
realistisk økonomisk nivå utan at dei bærande arkitektoniske
prinsippa går tapt.
1: Perspektiv frå Kyrkjegata
2: Perspektiv frå kyrkjerommet
3: Diagram, grop i terrenget.
4: Diagram, indre form.
5: Diagram, ytre form.
11
12
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
6: Plan 01
7: Plan 02
8: Plan 03
9:Situasjonsplan
10:Tverrsnitt
6
7
8
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
9
10
13
14
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
1
«NY DAG»
SIVILARKITEKT
ESPEN SURNEVIK AS
BJØRBEKK & LINDHEIM
LANDSKAPSARKITEKTER
MOTTO: «NY DAG»
FORFATTARAR SIVILARKITEKT ESPEN SURNEVIK AS:
Espen Surnevik, sivilarkitekt MNAL
Sigurd Manfredi, stud.arch (medarbeider)
Ola Mo, stud.arch (medarbeider)
FORFATTARAR BJØRBEKK & LINDHEIM
LANDSKAPSARKITEKTER:
Jostein Bjørbekk, landskapsarkitekt MNLA
Rune Vik, landskapsarkitekt MNLA
Den nye kyrkja utnyttar terrengfallet vest på tomta og grev
seg inn i landskapet mellom Kyrkjegata, Gjerdegata vest og
Gjerdegata. Kyrkja hentar formreferansar frå den eksisterande kyrkja og lokale båtbyggartradisjonar. Den er sett saman
av ein serie av former med skråflater i vertikalplanet.
Hovudtilkomst er via ein forplass som den deler med
eksisterande kyrkje. Takforma over kyrkjerommet ruvar høgst
i det nye kyrkjebygget.
Kyrkja sine funksjonar fordelar seg over tre etasjar. På plan 1
ligg kyrkjerommet og andre samlingsrom. Kyrkjerommet er
høgreist og hentar inn lyset frå eit stort høgtsittande overlys.
Det har eit åttekanta form, på same måte som det eksisterande kyrkjerommet. På plan 2 ligg barne- og ungdomsavdelinga og kontordelen. Plan 3 rommar eit fåtal funksjonar. Alle
dei tre etasjane har eigne inngangar frå terreng.
Kyrkja er tenkt bygd i betong og stålkonstruksjonar, med
innvendige overflater i betong og finér. Utvendige overflater
er planlagt utført i betong der bygget møter terrenget og
deretter med kvitmalte samansveisa stålplater, som i eit
moderne båtskrog.
Utkastet knyter seg ikkje saman med den gamle kyrkja og
legg ingen nye funksjonar til det eksisterande bygget.
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
2
3
”Ny dag” har ei holistisk tilnærming til bærekraftomgrepet.
I tillegg til tekniske tiltak, vektleggast det å skape ei kyrkje
som lokalbefolkninga blir glad i og ynskjer å ta godt vare på.
Samtidig stussar ein litt over materialbruken som ”Ny dag”
føreslår. Utstrakt bruk av betong og bruken av samansveisa
stålplater som utvendig lufta kledning er lite samsvarande
med ambisjonen om å skape eit bærekraftig bygg.
Slik utkastet er presentert, ligg det utanfor den økonomiske
ramma for prosjektet. Utkastet kan nok vidareutviklast med
mål om å redusere byggekostnader. Samtidig legg utkastet
opp til eit arkitektonisk uttrykk som er avhengig av høg
presisjon. Dette vil kunne vere kostnadsdrivande.
Det har vore krevjande for juryen å sette seg inn i dette
prosjektet, på grunn av måten det er presentert på. Men etter
grundige studiar, oppdagar ein at dette er eit utkast med
mange kvalitetar. Det geometriske samspelet med den
eksisterande kyrkja har resultert i eit unikt kyrkjebygg som
kommuniserer godt med dei nære omgjevnadane. Samtidig
blir geometrien styrande for alle romma i bygget, noko som
reduserer fleksibiliteten. Materialbruken har ein god samanheng med formspråket, men verkar likevel noko framand og
naken.
4
Kyrkjerommet har ei fin breidde som gjer at rommet ikkje blir
for langstrakt. Rommet er lyst og ope sjølv om det ligg under
terreng. Forma og materialbruken kan nok føre til at rommet
vil kunne opplevast som kaldt og nakent.
Kyrkjelydssalen er plassert i bakre del av kyrkjerommet og
den prosesjonelle aksen går tvers gjennom dette rommet. Til
tross for at det er mogleg å kome inn i kyrkjerommet utan å
gå gjennom kyrkjelydssalen, fører denne organiseringa til
redusert høve for samtidig bruk.
Eit lite amfi binder saman kyrkjetorget med overliggande
etasje som rommar administrasjonsdelen samt barne- og
ungdomsavdelinga. Dette er eit godt grep som samlar dei
ulike avdelingane i kyrkja. Administrasjonsdelen og barne- og
ungdomsavdelinga ligg samlokalisert og grip delvis inn i
kvarandre. Dette reduserer høvet for samtidig bruk av lokala.
Den vil for eksempel fungere dårleg at den opne barnehagen
brukar barne- og ungdomsavdelinga i kontortida.
1: Perspektiv frå Kyrkjebakken.
2: Situasjonsplan.
3: Perspektiv frå Kyrkjegata.
4: Perspektiv frå kyrkjerommet.
15
16
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
1
«KORSVEI»
RATIO ARKITEKTER AS
HBA ARKITEKTER AS
MOTTO: «KORSVEI»
FORFATTARAR RATIO ARKITEKTER AS:
Per Christian Brynildsen, sivilarkitekt MNAL
Karin hagen, sivilarkitekt MNAL
Evdokia Karamitzia, sivilarkitekt
Michael Geyer, sivilarkitekt MNAL
FORFATTARAR HBA ARKITEKTER AS:
Anders Midstuen, master i arkitektur MNAL
Ellen Soma, sivilarkitekt MNAL
Jostein Bjørndal, sivilarkitekt MNAL
Erik Andreassen, sivilarkitekt MNAL
Camilla Erikstad, master i arkitektur MNAL
Den nye kyrkja legg seg inn i terrenget vest på tomta og rettar
seg mot Kyrkjegata, Gjerdegata vest og Gjerdegata. Hovudtilkomst er via ein forplass som den deler med eksisterande
kyrkje. Dei to bygga knytast saman av eit takoverbygg med ei
underliggande trappe- og rampeløysing.
Romprogrammet fordelast over tre etasjar. Desse knytast
saman av eit vertikalt kyrkjetorg som opnar seg ut mot den
eksisterande gravplassen. Plan 1 inneheld kyrkjerommet og
kyrkjelydssalen med tilhøyrande funksjonar. Kyrkjelydssalen
kan fungere som ei utviding av kyrkjerommet. Sjølve kyrkjerommet strekker seg over alle tre etasjane og hentar inn
lys frå store vindauge på plan 3, samt eit overlys over
korpartiet. På plan 2 ligg er det eit galleri som kan stengast
av frå kyrkjerommet og for eksempel nyttast til undervisning.
På andre sida av kyrkjerommet, med eigen inngang frå
kyrkjegarden, ligg barne- og ungdomsavdelinga. Sentrert i
denne delen ligg eit aktivitets- og undervisningsrom som
strekker seg over to etasjar. I tredje etasje ligg kontordelen,
orientert rundt det dobbelthøge aktivitets- og undervisningsrommet. Kontordelen har eigen inngang frå Gjerdegata.
Kyrkja er tenkt utført i naturmaterialar og med sjølvberande
teglveggar, med enten eksponert tegl eller slemma overflate
som det primære materialet.
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
2
3
Den eksisterande kyrkja vil framleis fungere som eit kyrkjerom. Bårerommet leggast til dagens sakristi. Dette er ikkje
ei god løysing, då det gir liten meirverdi for den gamle kyrkja
og samtidig vil representere ei kostbar ombygging.
Det blir foreslått å bruke BREEAM NOR som eit verktøy i utvikling av prosjektet. Ved å nytte seg av ”passivt energidesign”
og lokal energiproduksjon, kan det vere mogleg å nærme seg
nullenerginivå. Ei medvite plassering av funksjonar sikrar at
ein kan differensiere inneklimabehova.
Utkastet har eit stort volum, noko som vil bidra til ein høg
kvadrateterpris. Til tross for at utkastet er vist med eksponerte tegloverflater, føreslår arkitektane alternativt å nytte
rimelegare mineralske overflater. Byggemetodane som blir
foreslått er velkjente og dette vil kunne bidra til føreseielege
byggekostnader.
Kyrkja har mange arkitektoniske kvalitetar, men har samtidig
eit velkjent og lite stadsspesifikt formspråk.
Kyrkjerommet opnar opp for ein fleksibel bruk, og kompletterer slik det gamle kyrkjerommet på ein god måte. Gjennom
dei høgstsittande vindauga får ein ikkje berre rikeleg med
dagslys, men òg kontakt med omgjevnadane utanfor. Effekten
av lysinnsleppet over alteret blir kanskje ikkje så stor på
grunn av alle dei andre lysinnsleppa.
4
Utkastet har ein uavklart inngangssituasjon. Den intuitive
rørsla frå forplassen og inn i bygget er gjennom kyrkjelydssalen, mens hovudinngangen ligg skjult bak eit trapperom mot
kyrkjegarden. Frå hovudinngangen ledast ein inn i kyrkjetorget. Dette rommet fungerer som ei ryggrad. Det strekker seg
over tre etasjar og fordelar kommunikasjonen til alle
hovudfunksjonane. Den vidare rørsla frå dette rommet og inn
i kyrkjerommet, som ligg parallelt med kyrkjetorget, blir
vinkelrett på prosesjonsaksen. Ein kunna ha vurdert å snu
retninga på kyrkjerommet 90 grader og nytta kyrkjetorget
som mogleg utviding av kyrkjerommet, i staden for å bruke
kyrkjelydssalen.
Kontorlokala har fått ei noko statisk organisering. Dette
skuldast at avdelinga er organisert rundt det dobbelthøge
aktivitetsrommet i barne- og ungdomsavdelinga, som låser
heile planen. Den underliggande barne- og ungdomsavdelinga får eit svært avgrensa lysinnslepp og i tillegg ei låg
romhøgde.
På plansjane er det ikkje oppgjeve korrekte kotehøgder for
plan 3. Det er heller ikkje opplyst riktig kotehøgde for
vindfang ved inngangen til plan 2.
1: Perspektiv frå Kyrkjegata.
2: Situasjonsplan.
3: Perspektiv frå kyrkjerommet.
4: Perspektiv frå kyrkjetorget.
17
18
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
1
«DIALOG»
LINK ARKITEKTUR
MOTTO: «DIALOG»
FORFATTAR: LINK ARKITEKTUR
I dette utkastet integrerast mange av funksjonane i terrenget
og det oppstår horisontale uterom på taket over desse
funksjonane. Kyrkjerommet med tilhøyrande funksjonar
markerer seg ved at dei får eit eige volum som legg seg på
terreng. Hovudinngangen til den nye kyrkja ligg på plan 2, i
nivå med det nye kyrkjerommet. Dette medfører at den
eksisterande og den nye kyrkja får åtskilde tilkomstar, knyte
saman med ei utvendig trapp.
Ein diagonal- og tverrforbindelse over kyrkjegarden, knyter
området saman med eksisterande ferdselslinjer.
Plan 2 inneheld kyrkjerommet og andre samlingsrom. Plan 1
inneheld alle dei andre funksjonane.
Kyrkjerommet er tenkt utført som ein trekonstruksjon.
Mellom terrenget og takkonstruksjonen er det ein glasfasade.
Innanfor glasfasaden er det eit arrangement av treelement
som kontrollerer lysinnslepp og innsyn til kyrkjerommet.
Dei to kyrkjebygga knytast saman via dagens HC-tilkomst i
den eksisterande kyrkja. Bårerommet leggast til dagens
sakristi i den eksisterande kyrkja.
Forslagsstillarane greier på ein god måte ut om moglege
tiltak for nå miljøambisjonane som er formulert i program-
Ulstein kyrkjelege fellesråd
NYE ULSTEIN KYRKJE
2
4
1: Perspektiv frå Kyrkjegata
2: Perspektiv frå kyrkjerommet
3: Snitt
4:Situasjonsplan
3
met. Det sannsynleggjerast at det kan vere mogleg å nå eit
nær nullenerginivå for det nye kyrkjebygget.
Slik utkastet er presentert, er det truleg utanfor den økonomiske ramma for prosjektet. Dette skuldast mellom anna eit
stort fotavtrykk og ein komplisert og lite rasjonell takkonstruksjon over kyrkjerommet.
”Dialog” klarer å aktivisere den gamle kyrkjegarden på ein
måte som ingen av dei andre utkasta maktar. Nye gangvegar
diagonalt og på tvers over kyrkjegarden opnar dette noko
avstengte området og inviterer inn. Gangvegane møtast midt
på tomta framfor inngangen til kyrkjerommet. Her er det vist
ein ”kyrkjebakke” der ein er midt i det grøne og med utsikt til
fjorden.
Ved å integrere store bygningsvolum i terrenget og ved å løfte
kyrkjerommet fram som ei sjølvstendige form, oppstår eit
godt samspel mellom med den eksisterande kyrkja og
volumet som rommar det nye kyrkjerommet. Høgda og
plasseringa av kyrkjerommet kan samtidig bli noko dominerande i forhold til bustaden på nabotomta.
”Dialog” er det utkastet som medfører størst inngrep i den
gamle kyrkjegarden. Store bygningsvolum plasserast inn i
terrenget, terrengmurar etablerast og terrengfallet endrast.
Ein tek vare på kyrkjegarden som eit grøntareal, men mange
av dei kvalitetane som ein finn i dagens gravplass raderast.
Til tross for intensjonen om skjule store bygningsvolum i
terrenget, står den nye bygningsmassen fram med terrengmurar på rundt 3 meter, tett på den gamle kyrka. Dette
skaper ein noko trong og mørk situasjon.
Koplinga mellom ny og eksisterande kyrkje har fått ei diskret
plassering, men blir liggande som ein propp i det smale
uterommet mellom eksisterande og ny kyrkje.
Utkastet svarer ikkje på føresetnadane i konkurranseprogrammet om at kyrkja skal ha ein eintydig og sentral
hovudinngang som er universelt utforma. Det er heller ikkje
enkelt å sjå føre seg at utkastet kan endrast slik at ein møter
dette kravet.
Kyrkjerommet si vifteform og avtrappa amfi skaper ei god
samling rundt altaret. Til tross for at kyrkjerommet i mindre
grad enn dei tre andre ligg under terreng, får ein ei vel så stor
kjensle av at dette rommet ligg nedgrave i landskapet, då
overgangen mellom over og under terreng teiknast så tydeleg
i rommet. Utvidinga av kyrkjerommet mot kyrkjetorget, vil
etter juryen si meining ha enkelte utfordringar. Dei som sit på
kyrkjetorget vil bli sittande bak ei dobbel søylerekke som
skaper stor avstand.
Areala som ligg under terreng på det nedste nivået er noko
skjematisk utteikna og har dårlege dagslyskvalitetar.
Vindauga til kontora ligg delvis under terrengnivå og ein vil
kunne oppleve generande innsyn frå forbipasserande langs
Gjerdegata vest.
19
NR.
469
2016
«Excelsior» Snøhetta
Norske arkitekters landsforbund (NAL)
Norske Arkitektkonkurranser (NAK)
Norske arkitekters landsforbund (NAL) er en fagideell medlems­
organisasjon for over 4300 arkitekter i Norge. Vi arbeider for
å fremme god arkitektur og stedsutvikling, og utvikler forbildeprosjekter innen miljø og bærekraft med våre samarbeidspartnere.
Vårt mål er å øke miljøkompetansen og tverrfagligheten blant
arkitekter, planleggere og øvrige aktører i byggesektoren.
Norske Arkitektkonkurranser (NAK) er den eneste publikasjon
i sitt slag, der arkitektkonkurransene dokumenteres på en systematisk og profesjonell måte. Her presenteres både vinnerprosjektet
og de øvrige premierte, innkjøpte og hedrede utkastene, samt de
sentrale deler av juryens kritikk. NAK oppleves av oppdragsgiver
som et nyttig redskap i det videre arbeide med gjennomføring av
byggesaken, samt at det gir god «markeds­føring» for oppdrags­
giveren og for prosjektet som skal realiseres.
arkitektur.no
Tlf: 23 33 25 00
[email protected]
arkitektur.no