Beredskapsplan - Hordaland fylkeskommune

BEREDSKAP/KRISEHANDTERING
Tiltakskort
2014 – 2016
Dokument type
Godkjend i
Utarbeidd av
Utarbeidd
Reviderast
Sidetal
Tiltakskort
AMU
Rektor / Verneombod
Jan 2014
Juni 2016
16
Innhald, Tiltakskort
Tiltakskort: Elev/ar døyr
s
3-4
Tiltakskort: Handsaming av ulykker
s.
5
Tiltakskort: Elev/ar vert akutt sjuke
s.
6
Tiltakskort: Ein i personalet døyr
s.
7
Tiltakskort: Ulykker, tilsette
s.
8
Tiltakskort: Sjukdom, nøkkelpersonell
s.
9
Tiltakskort: Pandemi
s
10 -11
Tiltakskort: Studiereiser
s.
12
Tiltakskort: Alvorlege valdsepisodar
s.
13
Tiltakskort: Bombetrugslar
s.
14
Tiltakskort: Brannvern
s.
15 - 16
2
Tiltakskort: Dersom elev/ar døyr
Handling vert ALLTID tilpassa ein aktuell situasjon:
Skje dødsfallet på eller utanfor skulen.
Skjer dødsfallet i skuletida eller etter skuletid.
Gjeld dødsfallet elev på skulen eller elev som har gått på skulen.
Tiltak
1:
Ansvar
Den som fyrst får kjennskap til dødsfallet melder frå til rektor.
A:
Dødsfall i skuletida:
 AMK vert varsla, ring 113
 Politi vert varsla, ring 112
 OBS. Politi/Lege har ansvar for å varsle pårørande
B:
Dødsfall utanom skuletida:
 Rektor tek kontakt med skulen sitt Beredskapsteam
 Relevante kontaktlærar og faglærarar vert varsla
Rektor
Rektor
2:
Rektor samlar alle tilsette ved skulen til kort informasjon om hendinga og strategi vidare.
3:
Det kan vere aktuelt å samle alle elevar.
4:
Rektor leier fellesamlinga for informasjon og minnestund.
Rektor
Rektor har samråd med Kriseleiinga om kven som elles bør delta, ev. prest,
helsepersonell, kommunen sitt kriseteam m.m.
5:
Kontakt med andre relevante relasjonspartnarar.
 PPT/OT
 Kommunelege
 Kommuneadm
 Fylkeskommune, opplærings avd.
Rektor
6:
Samling i klassen til den døde elev.
(Samtale, tankar, refleksjonar, kjensler)
Kontaktlærar
Kriseleiing
7:
Samling med andre elevar/ungdomar som kjenner den døde eleven.
Kriseleiing
8:
Dialog med føresette for å klargjere om familien ynskjer klasse/skule
i gravferda.
Kriseleiing
9:
ETV sender blomsterhelsing til heimen.
Merkantil pers
10:
Informasjon om gravferda i klassen.
Merkantil pers
3
11:
Blom/krans frå skulen i gravferda.
Merkantil pers
12.
Representant frå skulen skal vere tilstades i gravferda.
13:
Individuell oppfylging av elevar.
Kriseleiing
Kontaktlærar
Kriseleiing
Kriseteam i kommunen
Kontaktlærar
Faglærarar
Vener av avdøde kan gå i ulike klassar. Det er viktig at kontaktlærarar og faglærarar er
merksame på elevar som kan få problem og ev formidle kontakt til kriseleiinga eller til
kommunen sitt kriseteam, for vidare hjelp.
Faglærarar skal vere fleksible og vise forståing både dagen eleven døyr og dei påfylgjande
dagane – og gi rom for samtale. Ev kan faglærar be om hjelp frå kriseleiinga eller frå
helsesyster/kommunen sitt kriseteam.
Symbol er viktige for bearbeiding av sorg. Skulen må difor vurdere om ein bør markere
dødsfallet med t.d. bilete, kvite lys og blomar på pulten til avdøde.
Markering med lys og blomar og kondolanseprotokoll i det offentlege rommet.
Det kan også vere naturleg at skulen stengjer på dagen for dødsfallet og frå tidspunktet for
gravferda og resten av dagen
4
Tiltakskort: Handsaming av ulykker hjå elev/ar.
Med ulykke i denne samanheng meiner ein hendingar med personskade hjå elev/ar.
Fyrstehjelp er livreddande og ein må starte så raskt råd er. Personale og elevar må vite kor
fyrstehjelpsutstyr er.
Kulturhuset har hjartestartar i vestibylen, må berre brukast dersom ein er sertifisert.
Tiltak
Ansvar
1:
Livreddande fyrstehjelp vert sett i gang straks.
Den som er nær
2:
Melding vert gitt til merkantilt pers. med eingong ulykke har skjedd
om nødvendig må ein tilkalle:
Kriseleiinga
Lege, ambulanse, politi, kriseteam, kontaktlærar.
3:
Syt for hjelp til den lærar som har eleven.
Kriseleiinga
4:
Vurder behov for fylgje frå skulen med eleven.
Kriseleiinga
5:
Ein lærar vert hjå klassen. Kontaktlærar/faglærar bistår ved
behov.
Faglærar
6:
Varsle føresette dersom dette ikkje vert ivareteke av politi.
Rektor
7:
Gi informasjon til personale, elevar, media
(Sakleg, konkret info – Ver merksam på at info vert formidla
fort via sms og internett. Rykte som kan oppstå p.g.a mangelfull
info må ein forhindre.
Rektor
8:
Vanlege skademeldingsrutinar vert fylgde opp.
9:
Ved behov bør einskilde elevar eller grupper verte fylgde opp
med samtale for bearbeiding av kjensler.
Faglærar
Merkantil pers
Kom. kriseteam,
Kontaktlærar
5
Tiltakskort: Elev/ar vert akutt sjuke
Dersom det er elev ved skulen med kjend liding, vil det vere vedlegg til beredskapsplanen der
ein nøye skildra korleis ein skal gå fram dersom eleven vert sjuk eller får anfall. Denne skildringa
vert alltid utarbeidd saman med føresette, lege eller helsesyster.
Kontaktlærar vil ha kopi av denne skildringa.
Tiltak
Ansvar
1:
Skulen skal ha rutinar (startsamtale med kontaktlærar)
for å få fram opplysningar om eleven si helse. For nokre elevar
vil slike opplysningar fylgje av særskild inntak.
Kontaktlærar
2:
Informasjon om sjukdom, vert etter drøfting med elev/føresette formidla
kontaktlærar
til rektor/faglærarar/beredskapsteam
3:
Informasjon vert etter vurdering formidla til:
Lærarar som elles har eleven
Merkantilt personale
Elevar i klassen
Kontaktlærar
4:
Vikar vert informert.
Kontaktlærar
5:
Ved ”kjende” anfall som varer lengre enn vanleg, vert kontorleiar varsla kontaktlærar
Ho kontaktar lege/ambulanse.
Faglærar
6:
Ved transport til hospital vurderer skulen behov for fylgje.
Rektor
Ved andre akutte tilfelle vert AMK 113 alltid varsla
6
Tiltakskort: Ein i personalet døyr.
Tiltak vert ALLTID tilpassa ein aktuell situasjon.
Dødsfallet skjer på eller utanfor skulen.
Dødsfallet skjer i skuletida eller etter skuletid.
Tiltak
Ansvar
1:
Dersom ein i personalet døyr, vert alle tilsette informert så raskt råd er. Rektor
2:
Ein vurderer om det skal vere fellessamling for heile skulen.
Rektor
3:
Dersom avdøydde var lærar, må kontaktlærar, i dei klassane han/ho
underviste, ha ansvar for klasseroms samtale.
Kontaktlærar
Kriseleiing
4:
Skulen vert stengd under gravferda.
Rektor
5.
Dei tilsette – og dei av elevane som kjende avdøydde
vert oppmoda til å gå i gravferda.
Rektor
6:
Rektor legg ned krans på vegne av skulen.
Rektor
7.
Skulen tar kontakt med familien til avdøydde og syter for at alt
praktiske i høve skulen vert ivareteke (t.d lønn, forsikring, pensjon,
personlege eigendelar, nøklar m.m.)
Rektor
Ass rektor
7
Tiltakskort: Ulykker/ nesten ulykker, tilsette
Omfang og ansvar
Leiinga ved skulen har ansvar for å gjere melde-prosedyrar kjend og sørgje for at den vert følgd.
Kva skal meldast
Alle skadar eller yrkessjukdomar som gjer det naudsynt med medisinsk behandling eller fører til
fråvær frå arbeid, SKAL meldast. Yrkesskadeforsikringa til fylkeskommunen dekkjer og i nokre
tilfelle skadar som oppstår på direkte veg til og frå arbeidsplassen. Slike hendingar må difor og
meldast.
Nesten-ulukker skal meldast for å sikre at det snarast mogleg vert sett i verk tiltak for å
førebyggje liknande ulukker.
Meldeplikt og ansvar
Arbeidstakar
Arbeidstakar har plikt til, så snart han/ho er i stand til det, å melde frå til nærast leiar om kva
han/ho har vore utsett for. Meldeskjema i kvalitetssystemet skal brukast for å melde om
hendinga – NB utan personopplysningar. Personskade skal i tillegg meldast i personalportalen.
Arbeidstakar bør ha god oversikt over saksgang, særleg når det gjeld skade som skal meldast til
ytre etatar. Både NAV og forsikringsselskap sender mottakskvittering direkte til arbeidstakar når
dei får ei skademelding.
Arbeidsgivar
Arbeidsgivar skal følgje opp den tilsette etter behov og sette i verk tiltak for å hindre gjentaking
av hendinga.
Når tilsette er skadd (sjå punkt 4.1) skal arbeidsgivar melde frå om hendinga til:
- NAV på skjema 13-07.05 Ved usemje er det arbeidstakar som avgjer om melding skal
sendast. Skjema kan lastast ned frå nettsida www.nav.no
-
Forsikringsselskap – fylkeskommunen bruker forsikringsmeklar Aon Grieg for å sikre
gode avtalar til ei kvar tid. Skjema for å melde personskade kan hentast i leiarhandboka
under: Pensjon og forsikringsordningar – yrkesskade.
Ved alvorleg skade/ulukke, eller etter hendingar som kan vere straffbare, skal arbeidsgivar
melde frå til politi og arbeidstilsyn. Det er øvste leiar som melder saker til politiet.
Ved skade som oppstår på grunn av trakassering, truslar eller vald påført av person eller
personar, skal leiar hente inn skriftleg samtykke frå den tilsette/fornærma før saka vert meld til
politiet. Den tilsette kan og velje å melde saka sjølv.
Avdelingsdirektør skal ha informasjon om saker som vert meldt til politiet.
Rapportering
Personskadar og nesten ulukker skal rapporterast til vernetenesta og AMU.
8
Tiltakskort : Sjukdom, nøkkelpersonell
Tiltak
Ansvar
Skulen vil sikre kontinuitet og drift trass i at personar i nøkkelstillingar
vert sjuke eller av anna årsak er fråverande. Oppgåver og rutinar knytte til
einskilde personar må vere kvalitetssikra og skriftlege og kjende for
næraste medarbeidarar. (Jf. organisasjonsplan for ETV – revidert juli 2013)
Rektor
9
Tiltakskort: Pandemi – A-Influensa
Generell Info
Influensa A (H1N1) er ein sjukdom forårsaka av eit nytt influensavirus som ingen er immune
mot. Opphavleg var sjukdommen en dyre sjukdom som smitta mellom svin i nokre delar av
verda. Nå smitter den mellom menneskjer. Når viruset smitter frå menneske til menneske i
store delar av verda, er det pandemisk influensa.
Ein har no fått meir erfaring med ny influensa A (H1N1). Basert på engelske prognoser meiner
ein at det er tilstrekkelig å planlegge med eit anslag for fråvær i arbeidslivet på 25 prosent. Ein
stor del av disse som vert sjuke vil være barn og unge – og sjukdoms forløp vil sannsynligvis vare
fem til sju dagar. Det er sjeldan at influensa krevjar sjukehus innlegging. For mange gir
sjukdommen relativt milde symptom og ikkje større plager enn ein vanlig sesonginfluensa. Ved
komplikasjon, som for eksempel lungebetennelse, kan nokon trenge sjukehus innlegging.
Handlingsplan - ETV
Skulen skal fylgje dei råd som vert gitt av helsetenesta lokalt og nasjonale helsemyndigheiter for
å førebygge smittespreiing av den nye influensa A(H1N1).
Sjuke skal være heime. Personar med ny influensa er smitteførande i omtrent syv dagar etter
symptomdebut, og influensasjuke bør derfor holde seg heime i sju dagar frå fyrste
sjukdomsdag.
Unngå smittespreing /førebygg smitte. Gode hygiene-vaner er det viktigaste tiltaket vi har for å
beskytte oss mot influensasmitte
Slik smitter influensa
Influensa smitter ved kontakt mellom menneskjer. Smitteoverføring skjer ved hosting, nysing og
nær kontakt med sjuke folk.
Influensaviruset finnes i luftveiene. Smittefaren er derfor størst dersom den sjuke hostar eller
nyser rett på en annen person.
Den sjuke kan også få viruset på hendene. Viruset vert då overført frå hendene til gjenstandar
(dørhandtak mm) der det kan leve eit par timer.
Slik beskyttar du deg mot influensasmitte


Hold hendene reine. Vask deg grundig og ofte med såpe og vann, spesielt når du har
vært ute blant folk
Unngå å ta deg til munn, nase og auga med uvaska hender når du er ute blant folk.
10
Slik beskyttar du andre mot smitte, dersom du sjølv er sjuk:





Vær heime frå jobb/skule
Avgrens tall på personar du har kontakt med
Hold (om mulig) avstand på minst éin meter til friske personar
Papirlommetørkle fram for munnen beskyttar andre når du hostar eller nyser. Kast
papirlommetørkleet etter bruk. Vask hender!
Bruk olboge-kroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle
tilgjengelig.
Fråvær ved influensa
Elevar:
Vanleg rutinar ved fråvær gjeld:
Meld ALLTID frå til kontaktlærar dersom du er sjuk.
Meld ALLTID frå til kontaktlærar dersom du er sjuk og går heim frå skule
Er du hybelbuar, er det særs viktig at du ALLTID kontaktar skulen og føresette ved fyrste
fråværsdag.
Personale:
Vanlege rutinar ved fråvær gjeld:
Eigenmelding ved fyrste fråværsdag og opptil 8 dagar. (dersom du går heim grunna sjukdom før
kl 10.00 på ein arbeidsdag skal skulen ha eigenmelding frå deg.)
Drift av skule /undervisning ved stort fråvær



Vikar vert satt inn dersom det er mogleg.
Klassar vert slått saman etter avtale med faglærarar/kontaktlærar.
Elevar har studietid i eiget klasserom med tilsyn og oppfylging.
Anbefaler ikkje umiddelbar skulestenging: Norsk folkehelseinstitutt vil vere rådgjevande
institusjon.
Norske helsemyndigheiter vil ikkje anbefale stenging av skular som et generelt tiltak mot
influensaen. Skular kan bidra til mindre smitte ved opplæring i skjerpet hand- og
hostehygiene og at sjuke blir heime.
Sjå ev oppslag i klasserom og på it`s learning
11
Tiltakskort: Studiereiser/ekskursjon/utplassering
Ved studiereiser/ekskursjon el. utplassering gjeld skulen sine regler og skulen sin
Beredskapsplan.
Ved studiereise/ekskursjon skal leiar for turen ha med seg fyrstehjelpsutsyr og mobiltelefon.
Leiar for turen må alltid legge igjen ajourført reiserute og deltakarliste hjå elevinspektør og hjå
ass rektor.
Dersom elev, lærar el. andre involverte på reisen verte sjuke eller døyr, må leiar for turen straks
ta kontakt med rektor/skulen sitt kriseteam for å avtale nærare strategi.
Ved studiereise til utlandet kan leiar for turen ved andre ”kriser” til i kvart høve ta kontakt med
rektor.
Ved studiereise/ekskursjon må leiar for turen ha med kopi av Beredskapsplanen og ev.
relevante vedlegg.
12
Tiltakskort for handsaming av alvorlege valdsepisodar.
Med alvorlege valdsepisodar meiner ein hendingar med personskade hjå elev/ar/tilsette.
 Fyrstehjelp er livreddande og ein må starte så raskt råd er.
 Kulturhuset har hjartestartar i vestibylen, må berre brukast dersom ein er sertifisert.
 Etter vurdering vert Helse kontakta på 113.
 Vern personar rundt valdsutøvar (ingen fysisk involvering).
 Politiet skal alltid kontaktast jf. Straffelova (på 112).
 Informasjon til relevant fagleg og pedagogisk personale.
 Føresette til offer og utøver skal kontaktast raskast mogeleg.
 Einskildvedtak jf. Opplæringslova vert utforma for båe partar.
Tiltak
Ansvar
1:
Livreddande fyrstehjelp vert sett i gang straks.
Den som er nær
2:
Melding vert gitt til merkantilt pers. med eingong ulykke har skjedd Merkantil/
om nødvendig må ein tilkalle:
elevinspektør
Lege, ambulanse, politi, kriseteam, kontaktlærar.
Krisestab
3:
Syt for hjelp til lærarar og elevar, som er rundt offer og utøver.
Krisestab
4:
Vurder behov for fylgje frå skulen med offer og utøver.
Krisestab
5:
Ein lærar vert hjå klassen. Kontaktlærar/faglærar bistår ved
behov.
Faglærar
6:
7:
Varsle føresette dersom dette ikkje vert ivareteke av politi.
Gi informasjon til personale, elevar, media
(Sakleg, konkret info – Ver merksam på at info vert formidla
fort via sms og internett. Rykte som kan oppstå p.g.a mangelfull
info må ein forhindre.
Rektor
Rektor
8:
Einskildvedtak for offer og utøver vert utforma.
Rektor
9:
Ved behov bør einskilde elevar eller grupper verte fylgde opp
med samtale for bearbeiding av kjensler.
Kom. kriseteam,
Kontaktlærar
10:
Vanlege skademeldingsrutinar vert fylgde opp.
Einskildvedtak ver utforma.
Faglærar
Elevinsp./rektor
13
Tiltakskort for handsaming av bombetrugsel.
Med bombetrugsel meiner ein hendingar der Etne vidaregåande skule offisielt eller uoffisielt vert
truga.
 Politiet skal alltid kontaktast jf. Straffelova (på 112).
 Kommunal kriseberedskap vert varsla på 53758020 / 90208849.
 HFK beredskapstelefon vert kontakta på 55239590.
 Etter vurdering vert Helse kontakta på 113.
 Evakuera bygning i samråd med politi.
 Føresette til elevar vert varsla av politi om ikkje anna avtala.
 Einskildvedtak jf. Opplæringslova kan væra aktuell.
Tiltak
Ansvar
1:
Politi vert varsla.
Den som får
kunnskap om
trugsel
2:
Melding vert gitt til rektor og merkantil personale.
om nødvendig må ein tilkalle:
Lege, ambulanse, politi, kriseteam, kontaktlærar.
Beredskapsteam
3:
Syt for hjelp til lærarar og elevar.
Beredskapsteam
4:
Varsle føresette dersom dette ikkje vert ivareteke av politi.
Rektor
5:
Gi informasjon til personale, elevar, media
(Sakleg, konkret info – Ver merksam på at info vert formidla
fort via sms og internett. Rykte som kan oppstå p.g.a mangelfull
info må ein forhindre.
Rektor
6:
Einskildvedtak vert utforma ved behov.
Rektor
7:
Ved behov bør einskilde elevar eller grupper verte fylgde opp
med samtale for bearbeiding av kjensler.
Kom. kriseteam,
Kontaktlærar
14
Tiltakskort: Brannvern
Skakke - Tesdal
Tiltak
Ansvar
SKAKKE:
Merking
Det er nødlys i heile bygget,
Nødutgangar er merka med opplyste skilt 17X27 cm
med symbol for rømingsveg og rømingsretning.
Sløkkjeutstyr er merka med fluoriserande skilt.
Brannvern leiar
Varsling
Ring Brann, 110
Alle som oppheld seg i bygget skal varslast.
Bruk manuelle meldarar der dei finst:
Ved hovuddør administrasjon,
rømingsveg v/ design, rømingsveg gang 2. etasje og
ved media og kommunikasjon samt ved på lærarrom
Den som er nær
Redde
Hjelp personar som treng hjelp til nærmaste sikre stad
Den som er nær
Evakuere
Gå raskaste veg ut av bygningen. Bruk ikkje heis.
Hjelp andre som evakuerer same veg.
Møt opp på avtalt oppmøtestad.
Den som er nær
Faglærar
Samlingsplass
Samling klassevis på uteområdet vest, mot grasbane
Faglærar / Rektor
Informere
Informere om hendinga til plassansvarlig, brannvernleiar
eller brannvesenet.
Faglærar / Rektor
Sløkkje
Bruk nærmaste sløkkjeutstyr,
Brannstaden må kontrollerast
av ansvarlig / brannvesenet då brannen kan starta opp att.
Den som er nær
Brannvesen
Avgrense
Når du forlet bygningen/ brannrommet,
lukk men ikkje lås dører og vindauge.
Faglærarar
15
Tiltak
TESDAL
Merking
Det er nødlys i heile bygget,
Nødutgangar er merka med opplyste skilt
med symbol for rømingsveg over dører
Sløkkjeutstyr er merka med fluoriserande skilt.
Ansvar
Brannvern leiar
Varsling
Ring Brann, 110
Alle som oppheld seg i bygget skal varslast,
Bruk manuelle meldarar, der dei finst:
Ved hovuddør foajé,
Rømingsveg frå korridor og ved brannsentral.
Redde
Hjelp personar som treng hjelp til nærmaste sikre stad
Evakuere
Gå raskaste veg ut av bygningen. Hjelp andre som evakuerer same veg.
Møt opp på avtalt oppmøtestad.
Den som er nær
Den som er nær
Den som er nær
Samlingsplass
Samling klassevis på uteområdet, oppstillingsplass for maskinar og utstyr.
Faglærar / Rektor
Informere
Informere om hendinga til plassansvarlig, brannvernleiar eller brannvesenet.
Fagleiar / Rektor
Sløkkje
Bruk nærmaste sløkjeutstyr, Brannstaden
må kontrollerast av ansvarlig / brannvesenet då
brannen kan starta opp att.
Den som er nær
Avgrense
Når du forlet bygningen/ brannrommet, lukk men ikkje lås dører og vindauge.
Faglærar
Oppslag i alle klasserom, rømmingsvegar
Brannvern leiar
16