Årsplan 2016-17

Bjorhaug barnehage
Årsplan for
BJORHAUG BARNEHAGE 2016-17
Visjon:
”Ei felles oppleving med tryggleik og læring gjennom leik”
Bjorhaug barnehage
Gudmestadvegen 24, 4365 Nærbø
Tlf. 51 43 22 91
Email: [email protected]
Postadresse:
Gudmestadvegen 24
4365 NÆRBØ
Internett:
[email protected]
Telefon:
51 43 22 91
Organisasjonsnr:
994 454 420
Årsplanen for barnehagen er laga med utgangspunkt i Lov om barnehager og
Rammeplanen. Den skal vera eit arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen skal også gi
foreldra/føresette og andre interesserte innsikt og informasjon om mål og innhald i Bjorhaug
barnehage.
Velkommen til Bjorhaug barnehage
Bjorhaug barnehage starta opp 18. mai 2009 i Gudmestadvegen 24. Barnehagen ligg
sentralt til på Nærbø, har gode lyse lokaler og eit variert uteområde. Barnehagen ligg i
gangavstand til m.a. jernbaneskogen, Bø skule, Loen, biblioteket og Jærmuseet. Me ynskjer
å nytte nærmiljøet aktivt, slik at barna kan verta kjent med området me bur i.
Visjon
Bjorhaug barnehage sin visjon er:
“Ei felles oppleving med tryggleik og læring gjennom leik”.
For oss i Bjorhaug betyr dette at barna i løpet av barnehagekvardagen skal få felles
opplevingar, som felles opplevingar i det daglege, felles start og avslutning på dagen, at
barna får delta på ‘På tvers’, samlingar, turar, felles adventssamlingar, kor og sist men ikkje
minst få gode leikeerfaringar gjennom heile dagen. Dette kan lage gode utgangspunkt for
leik mellom barna og for vidare samtale og språkutvikling for barna. Tryggleik betyr for oss at
kvart enkelt barn skal verta sett og høyrt, ha ein primærkontakt, møte omsorg, samt å ha eit
godt samarbeid med de som foreldre. Med eit godt foreldresamarbeid i botn vert og de som
foreldre trygge på barnehagen og kan vidareføre dette til barna. Er barna trygge, har me lagt
eit godt grunnlag for vidare leik og læring. Meir utfyllande om leik og læring kjem seinare i
planen.
Utanom Lov om barnehager, Rammeplanen og Kvalitetsplan for barnehager, er det visjonen
til Bjorhaug som ligg som eit overordna mål for arbeidet vårt.
Åpningstider for Bjorhaug barnehage er: 06.45 - 16.15
Lov om barnehager og Rammeplanen gjev oss forpliktande føringar om barnehagen sitt
verdigrunnlag, innhald og oppgaver.
Vil du lesa meir om Rammeplanen kan du gå inn på: www.barnehage.dep.no
Omsorg og oppdragelse:
Me ynskjer at barna i Bjorhaug barnehage skal oppleva varme, nærvær, meistring, tryggleik
og respekt. Personalet i barnehagen skal arbeida for at kvart barn utviklar eit positivt
sjølvbilete gjennom relasjonar og samspel med barn og vaksne. Alle barn har rett til å møtast
med omsorg. Omsorg skal prega alle kvardagssituasjonar, som stell, påkledning, måltider og
når barna leiker og lærer. Det er dei vaksne sitt ansvar å verta kjent med og forstå det
enkelte barn. Personalet må læra å forstå barnas non-verbale og verbale uttrykk. Dei skal
møte det unike hjå alle barn.
Det er foreldra/føresette som har hovedansvaret for oppdragelsen, men barnehagen vil bidra
med veiledning dersom det trengs. I samarbeid med FAU er det utarbeida eit
forventningsdokument mellom heim og barnehage som viser kva forpliktelser me har som
personal, foreldre/føresette og barn.
Satsningsområde
Det kommunale satsningsområdet for barnehagena i Hå kommune er i barnehageåret
2016/2017 ‘Godt språkmiljø for alle barn’. I tillegg er det lagt vekt på å skape eit trygt
psykososialt barnehagemiljø. Bjorghaug barnehage arbeider kontinuerlig med å oppretthalde
høg kvalitet på barnehage tilbodet, dette gjer me blant anna gjennom å fortsetta å utvikle
vaksenrolla.
Leik:
Barns leik har eigenverdi og er ein del av barnekulturen. Leiken er eit område der barn har
høg kompetanse. Det er ofte barnas hovedaktivitet i barnehagen og den er ein del av
barnehagens særpreg. Leik kan føre til venskap og gjennom leik lærer barn mykje om seg
sjølv, kva det meistrer og om verda rundt seg. Barn kan uttrykka seg på mange måtar
gjennom leik, samtidig som den har betyding for barns trivsel og er ei læringsform. Barna kan
gjennom leik gå inn i rolleleiken og gjennom å late som, kan ein prøve ut det ukjente og
kanskje litt skumle ting. Barna kan bearbeide følelsar, erfaringar og inntrykk, og dei kan setje
seg inn i andre sin situasjon. Barna regisserer, har kontrollen og velg sjølv kor langt inn i det
ukjente dei vil trø.
Gjennom leik føregår det mykje læring. Barna treng leiken for å læra å forhalde seg til
kvarandre, ta ulike roller, vente på tur, vise empati, utvikle kreativitet og ikkje minst oppleva
meistring. Leiken stiller dermed store krav til tilrettelegging av personalet i barnehagen, slik
at denne type læring skal kunne førekomme. Me arbeider for at me skal sjå leik, legge til
rette for leik og inspirere til leik, både inne og ute. Det er personalet si oppgåve å støtte og
oppmuntre barnet i leiken der ein ser det er behov for det.
Bjorhaug barnehage vil leggja stor vekt på å gje leiken tid og rom, både ute og inne.
Læring:
Læring skjer i det daglege samspel med andre menneske, og heng saman med leik, omsorg
og danning. Barn kan læra gjennom alt dei opplev og erfarer på alle områder, og det gjer dei
kontinuerlig i løpet av en barnehagedag. Personalet må vera tilstade, her og nå, for hjelpa
barn å setja ord på nye opplevingar og erfaringar. Dette er grunnlaget for at barna skal greie
å ta inn ny lærdom.
Personalet skal legga vekt på å møta barna på ein anerkjennande, å støtte dei, sikre
barnas tryggleik og behov for støtte til å utforska. Samtidig som ein må møte barns undring
utforskande. Dette kan danne grunnlaget for eit læringsmiljø i barnehagen.
Bjorhaug barnehage ynskjer å arbeide for at dei uformelle læringsstundene, det som føregår
utan planlegging, er like viktig som dei formelle læringsstundene som f.eks. samlingsstund
og skuleklubb.
Bjorhaug barnehage arbeider i år med tema ‘Kroppen vår’. Informasjon om opplegg
finn de i temaplanen og på månadsplanane til den enkelt avdeling.
Godt språkmiljø for alle barn:
Barn utviklar språk i samspel med andre menneske. I barnehagen er det viktig at barna
møter vaksne som er bevisste på at dei er (språklege)rollemodellar og at det er kvalitet i
samspelet mellom vaksne og barn. For dei minste barna er det viktig at dei møter vaksne
som forstår barna sine forsøk på å kommunisere. Både gjennom kroppsspråk, gestar og
mimikk. Samt at dei møter vaksne som kan gje støtte til og utfordre barnas vidare språklege
utvikling. Ein god barnehage har positive haldningar til språkleg og kulturelt mangfald.
«Språket er identitetsdannande og nært knytt til følelsar»(Kvalitetsplan for barnehagen,
2016-2019).
I barnehagen treng me personale som inviterer barna inn i samtalen og dermed også inn i
språket.’ Språk blir lært kontinuerleg, gjennom opplevingar og positive erfaringar med å
bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og uttrykk for eigne
tankar og følelsar» (Kvalitetsplan for barnehagen, 2016-2019).
Danning:
Danning er ein livslang prosess som startar ved livets begynnelse, den er med på å forme
mennesket. Danning skjer i samhandling med andre, både barn og vaksne. Det skjer i leik,
læring og ved å ta hensyn til kvarandre. Gjennom gode danningsprosesser kan barn utvikle
evna til å forhalde seg prøvande og nysgjerrig til omverda og til å sjå seg sjølv som ein del av
eit større fellesskap. Barn må få støtte til denne utforskinga og i barnehagen ynskjer me å
hjelpe barna til å reflektera over problemstillingar, og ta gode avgjersler ut i frå eigne
forutsetningar. Likeså skal barna læra seg å ta konsekvensar av sine val, og gjer dei i stand
til å handtera livets mange utfordringar. Danning er ein del av barnets utvikling, og heng tett
saman med leik, læring og sosial kompetanse. Me i Bjorhaug barnehage fokusere på at gje
omsorg og nærleik til det enkelte barn. Men arbeidar for at barna blir møtt med lydhørhet,
innleving og vilje til samspel.
På tvers:
Me ønskjer at samarbeidet på tvers av huset skal vera trygt og godt og at barna etterkvart
skal kjenne alle vaksne og barn i barnehagen. Det er òg viktig at barna vert trygge på dei
ulike avdelingane sidan dei fleste vil være innom alle tre avdelingane i løpet av tida i
Bjorhaug. For å legga til rette for dette har me laga «på tvers» -grupper, der personale og
barn er saman i grupper på tvers av avdelingane. Dette er ein god måte å stifte venskap og
samhald på tvers av avdelingane. «På tvers» gruppene blir valgt for eit år, og ønskje om
gruppe får barna vere med å medverke til ut i frå interesse, gjerne i lag med foreldre i
begynnelsen av året.
Gjennom barnehageåret 2016/2017 er «på tvers» gruppene: Forming, musikk og drama, tur
og matlaging.
Barnemedverknad:
Bjorhaug barnehage arbeider for at barna skal ha moglegheit for å påverka sin eigen
kvardag. Dei skal få medverke til, og koma med sitt syn på barnehagekvardagen. Deira
synspunkt skal tilleggas vekt i samsvar med alder og modenhet Barn skal møtast med
respekt og anerkjenning av personalet i barnehagen. Det betyr at personalet må væra
oppmerksomm både på barns kroppslige og språklige uttrykk. Personalet må vera vakne, sjå
og høyre kva det er barnet ønskjer å formidla, og ta barna sine uttrykk på alvor. Me er opptatt
av at me skal ha tid, og me skal ta oss tid til at barna skal få uttrykke sine ønsker og behov.
Sosial- og emosjonell kompetanse:
Barnehagen er ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av venskap. Ved å
være saman med andre barn og vaksne i barnehagedagen vil barn erfara og tilegna seg
sosial- og emosjonell(følelsesmessig) kompetanse. Sosial kompetanse handlar om å kunne
omgås andre menneske på ein god måte og består av 7 ulike deler: empati, leik, glede og
humor, sjølvhevdelse, sjølvkontroll og prososial åtferd. Emosjonell(følelsesmessig)
kompetanse handler om evna til å utvikle og regulere følelsene sine.
I barnehagen vil barna få erfare dette gjennom samspel i kvardagssituasjonar, samtidig som
me nyttar «Steg for steg», som er eit verktøy for å saman øve på sosiale ferdigheter. Det
bygger på det positive barna gjer og krev eit personale som er aktive, gode rollemodeller og
ser det unike i kvart enkelt barn.
Barnehagane i Hå og Jærskulen er med i eit interkommunalt samarbeid om ei felles satsing
på eit trygt psykososialt barnehagemiljø.
Overgangar
Det er ein stor overgang for barnet å begynne i barnehage. Personalet i Bjorhaug barnehage
ønskjer å legge til rette for at denne overgangen skal bli så trygg og god som mulig. For å
arbeide i retning av dette inviterer me til foreldremøte for nye foreldre. Der får de omvising,
helse på pedagogiske leiarar samt nyttig og relevant informasjon. Me arrangerer besøksdag i
juni, der barn og foreldre får kome til barnehagen og møte primærkontakt og verta kjent på
avdeling. Me har tilvenning for barnet der foreldra er med minimum dei tre første dagane.
Elles oppfordrar me nye barn og foreldre til å nytte seg av uteområdet til leik på
ettermiddagar og helger.
Overgang mellom avdelingar
Me samarbeider på tvers av huset for å gjera overgangen mellom avdelingar best mogleg. I
juni arrangerer me besøk på ny avdeling. Då får barnet besøka ny avdeling i lag med
primærgruppe og primærkontakt, om mogleg, og delta i samling og på måltid. Siste veka i
barnehageåret legg me og til rette for at dei som skal bytte avdeling får gå på ny avdeling.
Målet er å legge til rette for ein mjuk overgang, at barna skal verta kjente og få ein
begynnande trygghet på ny avdeling før oppstart i august.
Overgang barnehage-skule
Me har gode rutinar for overgangen barnehage-skule. Frå februar/mars fram til juni vert
barna inviterte til tilpassa skulestart. Barna får då gå på besøk til ‘sin’ skule. Her er det eit
variert opplegg der barna får verta kjent med skulen, lærarar og kvarandre. Dei barna som
går i barnehagen den dagen, vert fulgt av personalet i barnehagen. De foreldre blir inviterte
til foreldremøte på skulen, samt ein overgangssamtale med barnehagen, heimen og skulen.
Bjorhaugråd, skuleklubb og turar til Jærmuseet:
Bjorhaugrådet er ein del av opplegget rundt dei eldste barna i barnehagen(skulebarna). Før
møte i Bjorhaugråd blir det sendt ut møteinnkalling, og det blir skreve eit kort referat i
etterkant. Gjennom Bjorhaugrådet ynskjer me at barna skal få innsikt i, og erfaring med å
vere deltakande i eit demokratisk samfunn, og erfare at deira val og handlingar påverkar
situasjonen for seg sjølv og for andre. Dei blir valt inn i komitear saman med dei vaksne, og
dei vil dermed ha ein reell påverknad i alle opplegg.
For dei eldste barna startar skuleklubben opp i september. Me har skuleklubb annakvar
veke. Det kjem ut ein månadsplan for kva som skjer på desse samlingane. Frå februar/mars
er det tilpassa skulestart, og de foreldre/føresette får invitasjon frå den skulen barnet skal
starte på. Det vert samling ca. ein gong i månaden saman med dei andre som skal starte i
første klasse på same skule.
Annakvar fredag går skuleklubben til Jærmuseet. Målet med desse turane er å oppdaga, og
styrkje tilknytinga til nærmiljøet, og gje barna felles opplevingar. Felles opplevingar kan vere
med på å styrkje samhaldet mellom barna.
Inkludering og plass til det enkelte barn:
Barnehagen har barn fra ulike nasjonaliteter, og me har mange ulike og unike personligheter.
Me arbeider for at alle barn skal oppleve å verta inkludert i fellesskapet uavhengig av
familiebakgrunn og person. I dette arbeidet har personalet ei viktig og sentral rolle som
førebilder i det daglege arbeidet.
Foreldresamarbeid:
Det er foreldre /føresette som kjenner barna sine best. Me i barnehagen ynskjer å vere eit
positivt og godt supplement til heimen. For å få til dette legg me vekt på ein tett og god
dialog/samarbeid med heimen. Saman med FAU har barnehagen utarbeida eit
forventningsdokument som gjeld for alle partar. Dette er utgangspunktet for samarbeidet
mellom heim og barnehage.
Vurdering:
Bjorhaug barnehage brukar kvalitetskrysset for å evaluere arbeidet og opplegga ein held på
med. Kvalitetskrysset bruka me både på fagmøter, basemøter og i Bjorhaugrådet minimum
ein gong i månaden. Då har me ein vurdering på korleis opplegga og måla for månaden har
fungert. Det skal og vere ein felles evaluering og reflektering av arbeidet i personalgruppa
kvart år.
Korleis me vurderer:
Kven
Barn
Foreldre
Personalet
Styrar
Metode
Bjorhaugråd
Gjennom FAU/SU
Brukerundersøking
Eigne vurderingar av
opplegg
Halvtårsvurderingar
Årsmelding,
målekart,
handlingsplan
Organisering
Annakvar veke
Kontinuerlig
1 gang pr. år
Basemøter og
fagmøter
Komitear
Planleggingsdagar
1 gang pr år
Andre samarbeidspartnarar:
 PPT – pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste for foreldre og barnehage.
 Sosialpedagogisk team: Dette er eit tverretatleg team der barnehagen og foreldra kan
ta opp utfordringar som gjeld enkeltbarn eller barnegrupper. Blir eit barn tatt opp med
navn skal det alltid vere i samarbeid med foreldra, og foreldra skal gje skriftlig løyve til
dette.
Planleggingsdager barnehageåret -16/17 blir:
 15. august
 18. november
 2. januar
 18. april
 26. mai
Årshjul for Bjorhaug barnehage
 Besteforeldrekaffi
Januar
 Karneval
Februar
Mars
April
Mai


Samenes dag
Tilpassa skuleklubb











Tilpassa skuleklubb
Temafest
Brannøvelse
Foreldresamtalar
Tilpassa skuleklubb
Foreldremøte
Fotografering
17.maifeiring
Bjorhaugkafè
Tilpassa skuleklubb
Foreldremøte nye
foreldre
Overgangssamtalar


Alle i personalet



Eigen komité
Alle i personalet
Personalet/skulen











Personalet/skulen
Alle i personalet
Styrar/personalet
Pedagogisk leiar
Personalet/skulen
Styrar
Alle i personalet
Eigen komité
Eigen komité
Personalet/skulen
Styrar

Pedagogisk leiar
Juni
Juli
August
September
Oktober
November
Desember






FAU
Pedagogisk leiar
Alle i personalet





Sommarfest
Tur for skolebarna
Besøk i bhg. av nye
barn
Tilpassa skuleklubb
Temafest
Ferieavvikling
Sommarplan
Tilvenning





Personalet/skulen
Alle i personalet
Styrar
Ped.leiar
Alle i personalet













Brannøvelse
Potetfestival
Foreldremøte
FN - dagen
Foreldresamtalar
Foreldrekaffe
Foreldresamtalar
Fellessamling
Temafest
Nissefest
Fellessamling med grøt
Adventsamlinger
Luciamarkering













Styrar/personalet
Komité
Styrar
Komité
Pedagogisk leiar
Alle i personalet
Pedagogisk leiar
Alle i personalet
Alle i personalet
FAU
Alle i personalet
Styrar og personal
Alle i personalet
Pedagogisk innhald i temaplanen, og arbeidet i barnehagen;
Rammeplanen inneheld sju fagområder som barnehagen forpliktar seg til å arbeide
med. Her kjem ein kort presentasjon av desse:
Kommunikasjon, språk og tekst: Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av
barnehagens innhald. Å få varierte og rike erfaringar er avgjerande for å forstå begrep. Å
snakke om opplevingar, tankar og følelsar er nødvendig for utvikling av eit rikt språk.
Kropp, bevegelse og helse: Barn er kroppslig aktive og gjennom kroppslig aktivitet lærer
barna seg sjølve og verden å kjenne. Barns kontakt med andre barn starter ofte med
kroppslege signaler og aktivitetar, dette har betydning for sosial kompetanse. Variert fysisk
aktivitet både inne og ute er av stor betydning for utvikling av motoriske ferdigheter og
kroppsbeherskelse. I barnehagen skal me aktivt bruke natur og nærmiljø, dette gjev mange
bevegelsesmuligheter. (R.P)
Kunst, kultur og kreativitet: Barnehagen skal gje barna muligheter til å oppleve kunst og
kultur til sjølve å uttrykke seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og å gjere
eller skape noko felles, bidrar til samhørighet og til at barna skaper sin eigen kultur. (R.P)
Natur, miljø og teknikk: Naturen gjev inspirasjon til aktiviteter, bevegelser og til estetiske
opplevingar og uttrykk. Barnehagen skal bidra til at barn får ein forståelse for planter og dyr,
landskap, årstider og vær, og for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen.
Etikk, religion og filosofi: Religion og livssyn legg grunnlaget for etiske normer. Noreg er
i dag et multireligiøst og fleirkulturelt samfunn. Barnehagen skal reflektera og respektera det
mangfaldet som er representert i barnehagen, samtidig som den skal ta med seg verdiar og
tradisjonar i den kristne kulturarven. Den etiske veiledningen barnehagen gjev barn, må ta
hensyn til barnets forutsetningar, og kvar enkelt heims kulturelle og religiøse eller
verdimessige tilknytning.
Nærmiljø og samfunn: Barns medverknad i det indre liv i barnehagen kan vere fyrste
skritt for å få innsikt i og erfaring med deltaking i eit demokratisk samfunn. Barn skal
medverke til utforsking og til å oppdaga nærmiljøet sitt. Barnehagen skal bidra til at barna
møter verda utanfor familien med tillit og nysgjerrighet.
Antall, rom og form: Barn er tidleg opptekne av tal og telljng. Gjennom leik,
eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barn sin matematiske kompetanse.
Barnehagen skal oppmuntre barns eiga utforsking og legge til rette for tidleg og god
stimulering.