Årsplan for Skavøypoll barnehage

ÅRSPLÅN
Skavøypoll barnehage 2015 - 2017
INNHALD
VELKOMMEN TIL SKAVØYPOLL BARNEHAGE .......................................................................................... 2
MÅL, VISJON OG VERDIAR ....................................................................................................................... 3
MÅL ..................................................................................................................................................... 3
VISJON ................................................................................................................................................. 3
VERDIAR............................................................................................................................................... 3
DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING .................................................................................. 4
DANNING ............................................................................................................................................. 4
OMSORG.............................................................................................................................................. 4
LEIK ...................................................................................................................................................... 4
LÆRING .................................................................................................................................................... 5
FAGOMRÅDA ......................................................................................................................................... 12
TAL, ROM OG FORM .......................................................................................................................... 12
ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI ........................................................................................................... 13
KROPP, RØRSLE OG HELSE ................................................................................................................. 14
KUNST, KULTUR OG KREATIVITET...................................................................................................... 15
NATUR, MILJØ OG TEKNIKK ............................................................................................................... 16
NÆRMILJØ OG SAMFUNN ................................................................................................................. 17
KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST................................................................................................ 18
SISTE ÅRET I BARNEHAGEN ................................................................................................................... 19
ÅRSHJUL FOR AKTIVITETAR ................................................................................................................... 20
VURDERINGSARBEID ............................................................................................................................. 22
FORELDRESAMARBEID .......................................................................................................................... 23
TVERRFAGLEG SAMARBEID ................................................................................................................... 23
1
VELKOMMEN TIL SKAVØYPOLL BARNEHAGE
Skavøypoll barnehage er både ein tradisjonell barnehage med avdelingar i barnehagebygget nede
ved skulen, og ei noko meir utradisjonell organisering med drift i ein stor trelavo i skogen og
Vennebussen som rullar rundt om i kommunen.
Barnehagen si historie er prega av endring, både med tilbygg og utegruppe i perioden frå nybygg
hausten 1988 til full utbygging i 2013. I dag er vi 5 grupper organisert som 2 småbarnsgrupper på
Marihøna (1-3 år), ei fast 3-årsgruppe på Askeladden og ei 4 - og ei 5 -årsgruppe, som rullerer på
tilhaldsstad i Vennebussen og i lavoen anna kvar månad.
2
MÅL, VISJON OG VERDIAR
MÅL
Barnehagelova § 1 Formål
«Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og
fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på
grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet
og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til
uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.
Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv,
hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til
medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal
bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og
vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for
diskriminering.»
VISJON
Visjonen til Vågsøy kommune er « Vekst og trivsel»
Visjonen for oppvekstsektoren er «Glade menneske som meistrar»
Visjonen vår er «Oppleving, leik og glede, med vaksne tilstede».
VERDIAR
For at kvart einskilt barn skal meistre både sosialt og fagleg må dei
kjenne seg trygge, bli møtt med respekt og oppleve vennskap.
3
DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING
DANNING
Danning er ein kontinuerlig prosess som går føre seg heile livet; korleis ein blir forma som menneske i
samhandling med andre. Danning omfattar utvikling av heile mennesket, å forstå kven ein sjølv er.
Danning er det du blir gjennom heile livet. Oppleving, erfaring og menneskelege relasjonar, på godt
og vondt, formar den du er.
OMSORG
”Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og
fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.” (barnehagelova § 1)
Barn har rett til omsorg, og skal møtast med omsorg. Personale har ein yrkesetisk forplikting til å
handle omsorgsfullt overfor alle barn i barnehagen. Omsorgsplikta stiller krav til at personalet er
merksame og årvakne overfor kvar einskild barn, både individuelt og i gruppe. Relasjonen skal vere
prega av lydhørheit, nærheit, innleving, evne og vilje til samspel. Dette krev at personalet er
engasjert og nærverande i den einskilde barnet sin trivsel og utvikling: å gi barna varierte
utfordringar og rom for aktivitetar som gjev meining..
Omsorg skal prege alle situasjonar i kvardagen: det er knytt til oppseding, helse, tryggleik og er ein
viktig føresetnad for utviklinga til barnet. I barnehagen skal barnet vere i eit miljø prega av glede,
humor, kreativitet og omtanke for fellesskapet. Dette styrkjer føresetnadane for at barnet utviklar
sjølvtillit, tillit til andre, byggjer gode relasjonar og gradvis vert sjølvstendig.
LEIK
”Barnehagen skal gi barn mulighet for leik, livsutfoldelse og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar i
trygge og samtidig utfordrende omgivelser.” (Barnehageloven § 2)
Leiken er barnas viktigaste arena for læring i barnehagen. Det må setjast av tid og rom til dette. Ulike
omgjevnader skapar rom for ulike utfordringar og dermed ulik leik.
Barna lærer av kvarandre i leiken. Dei vaksne si rolle blir å oppmuntre, inspirere og støtte barna i
leiken når det er ønske og/eller behov for det. Dette er viktig for at barna skal få gode erfaringar og ei
oppleving av å meistre samspelet med andre barn i leik. Leiken er også barnas viktigaste aktivitet.
Vi meiner det er viktig at barnehagen tilbyr plass til leik, tid til leik, materiale til variert leik og
leikekamerater.
4
LÆRING
Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv,
hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til
medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. (Barnehageloven §1 Formål, 2.ledd)
Barnehagen skal støtte barns nysgjerrighet, kreativitet, vitebegjær og lærelyst og bidra til et godt
grunnlag for livslang læring og danning.
Læring vil være preget av kvaliteten i samspillet mellom barn og personale. Støtte og utfordring
gjennom varierte opplevelser, kunnskaper og materiale kan fremme læring. Tidlige opplevelser og
erfaringer påvirker selvoppfatningen. Derfor blir personalets handlinger og holdninger i møte med
barns læringserfaringer avgjørende. (Rammeplanen kap. 2.3.)
Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte opp under og slik gi
eit godt grunnlag for livslang læring og danning. Læring skjer i det daglege samspelet med andre
menneske og miljøet og heng nært saman med leik, omsorg og danning. Barn lærer gjennom alt dei
opplever og erfarer på alle område. Når barn undrar seg over noko, må dei møtast på ein
utfordrande og utforskande måte, slik at det dannar grunnlaget for eit aktivt og utviklande
læringsmiljø i barnehagen. Interessene og spørsmåla til barna bør danne grunnlaget for
læringsprosessar og tema i barnehagen. Vennskap og tilrettelegging for gode relasjonar i barnehagen
er ein føresetnad for god læring og ei oppleving av glede og meistring.
Læring om seg sjølv, om andre menneske, om samspel og om den fysiske verda omkring er prosessar
som er med på å skape meistring for barna. Barnehages skal styrkje læringa i formelle og uformelle
læringssituasjonar. Personalet planlegg og leier dei formelle situasjonane. Uformelle
læringssituasjonar er nærmare knytte til kvardagsaktivitetar og her-og-no-situasjonar i leik,
oppseding og anna samhandling.
Dei sju fagområda må knytast til både formelle og uformelle læringssituasjonar.
5
MÅL FOR ARBEIDET MED 1-2 ÅRINGEN:
SPRÅK
 Forstår ein del vanlege kvardagsord
LEIK:
KJENSLER
SAMHANDLING
TRIVSEL
KVARDAGSAKTIVITETAR
SANSING/MOTORIKK

Peiker når dei skal gjere seg forstått

Prøver å namngje gjenstandar og nokre av ungane og
personale

Begynnande turtakingsleik (gje og ta)

Er utforskande i høve til gjenstandar og leikar

Er aktiv i grovmotorisk leik

Iakttek andre barn i leik

Viser ulike kjensler

Kjenner seg sett, forstått og lytta til i ytringane sine

Kjenner seg verdsette og kompetente slik dei er

Er med på ”titt-tei-leik”

Smiler og viser glede

Søkjer mot andre barn og vaksne

Taklar å seie ”hade” til foreldra, og let seg trøyste av dei
vaksne i barnehagen

Finn tryggleik i nye situasjonar

At barnet opplever stellsituasjonen som god

At barnet opplever måltidet på ein god måte

At barnet finn seg til rette når det skal legge seg

Merksemd mot syns- og høyreselsintrykk

Går stødig
6
MÅL FOR ARBEIDET MED 2-3 ÅRINGEN:
SPRÅK
 2-3 ordsetningar
LEIK
KJENSLER
SAMHANDLING
TRIVSEL
KVARDAGSAKTIVITETAR
SANSING/MOTORIKK

Stiller spørsmål

Omtalar seg sjølv som eg, meg, mitt, mine

Meistrar lydane m, n, og p, b, t, d

At uttala er så god at ukjende forstår barnet

Lyttar til høgtlesing/forteljing i bildebøker/ ser på bildene

Følgjer med på rim, regler og sangleikar (viser interesse)

Kunne peike ut daglegdagse gjenstandar

Barnet prøver ut forskjellige leiketøy.

Begynnande ”late-som-om” -leik

Leiken er variert

Barnet tek initiativ og vise interesse for å leike saman med
andre barn.

Barnet ønskjer å hjelpe til med ulike gjeremål.

Viser kjensler (sinne, glede, lei seg)

Leikar saman med andre barn og kan imitere andre.

Forstår forskjellen på mine og dine leikar

Kan gje frå seg leikar til andre barn.

Kjenner seg trygg i nye situasjonar

Kjenner seg trygg saman med andre barn og vaksne.

Deltek i kvardagslege aktivitetar (bleieskift, soving, måltid,
påkledning )

Byrjar vise interesse for å gå på do (eller potte)

Blir meir ” selvstendige” under målidet ( et og drikk litt sjølv)

Kan putte former på rett plass i innpassingsbrett.

Meistrar aktivitetar som t.d. hopping, klatring og springing.

Viser interesse for å lære å sykle på trehjulssykkel.
7
MÅL FOR ARBEIDET MED 3-4 ÅRINGEN:
SPRÅK
LEIK
KJENSLER
SAMHANDLING
TRIVSEL
KVARDAGSAKTIVITETER:
SANSING/MOTORIKK

Uttrykkjer seg forståeleg.

Kan uttale -k og -g. Lydane -s , -f og -v er riktig i byrjinga av
ord.

Uttalar alle stavingar i ord.

Meistrar 3-4 av dei vanlege fargane.

Kan delar av rim , reglar og songar.

Leikar med andre barn.

Kan leike over tid med/i den same leiken.

Kan følgje reglar i enkle gym-/sangleikar.

Tek kontakt med andre.

Kan vente på tur.

Viser empati; -.kan t.d. trøyste andre .

Er allsidig i leik, og leikar på ulike stadar.

Vert kontakta av andre.

Uttrykkjer meistringsglede.

Kan ete og drikke sjølv.

Er tørr .Gjev beskjed om dogåing .

Deltek i samling og andre aktivitetar .

Brukar grunnbevegelsane som t.d.rulle og åle.

Kan pusle enkle puslespel.

Meistrar korte (fjell) turar.

Øver seg i klipping. Byrjar teikne konkret.
8
KVA MÅL HAR VI FOR ARBEIDET MED 4-5 ÅRINGEN:
SPRÅK
 Forstår setningar som innheld preposisjonar.
LEIK:
KJENSLER
SAMHANDLING
TRIVSEL

Kan dei fleste fargane.

Sortere ting/leikar i kategoriar/overbegrep.

Fortel kva ein ting er/brukast til.

Byrjar interessere seg for å skrive bokstavar og namnet sitt.

Tydleg uttale.

Bruke lydane -s,-f,-v,- r riktig i ord.

Fortel om ting som har skjedd, eller ei oppleving.

Er aktiv i rolleleik.

Deltek i regelleik.

Interesserer seg for konstruksjonsleik

Følgjer instruksjonar gjeve av andre barn eller vaksne.

Held på leiken over tid.

Viser interesse for spel og bord aktivitetar.

Viser kjensler (sinne, glede, lei seg).

Forstår andre sine følelsar (empati).

Venter på tur.

Held merksemd mot ei spesifikk oppgåve.

Konsentrerer seg om det som er fokus.

Får andre med på ”leiken” sin eller får andre interessert i
noko ein sjølv er opptatt av.

Hjelper dei som er mindre enn seg sjølv, eller nokon som
treng hjelp.

Delre likt med andre.

Opplevr å ha vener.

Prøver ut nye ting og tek ei utfordring.

Følgjer rutinar (måltid, dogåing, inn/ut.)
9
KVARDAGSAKTIVITETER:
SANSING/MOTORIKK

Sjølvstendig i leik utan vaksne.

Meistringsglede.

Hevder eigne meiningar, gjev uttrykk for synspunkt.

Deltek i samlingstunder.

Et og drikk åleine ved måltid (smørje sjølv, slå i glas)

Er tørr (sjølvstendig på do).

Er sjølvstendig i på –og avkledningssituasjonar.

Kan hjelpe til med bord-dekking, hente frukt o.l

Finn på ting/aktivitetar utan hjelp frå vaksne.

Rydder etter seg.

Er klar over grenser/reglar inne og ute.

Kastar og tek imot td.ball.

Meistrar alle grunnbevegelser td. rulle, krabbe, åle.

Herme kroppsbevegelser.

Har eit ”vaksent” blyantgrep og fargelegge innanfor .

Klipper etter strek.

Utfordrar seg sjølv grovmotorisk (td. stupe kråke)

Lytter, tek imot og utfører beskjedar.

10
MÅL FOR ARBEIDET MED FØRSKULEBARNA:
SPRÅK
LEIK
KJENSLER
SAMHANDLING
TRIVSEL
KVARDAGSAKTIVITETAR
SANSING/MOTORIKK

Meistrar kvardagsspråk; - rett setningsstruktur, småord, og
bøyingar.

Forstår kollektive beskjeder.

Kan tøyse med språket, bruke rimord, fortelje vitsar og gåter.

Er aktiv i rolleleik, viser glede, kan tøyse og ha det kjekt i lag
med andre.

Meistrar konstruksjonsleik med innslag frå kvardagen.

Meistre enkle spel og leikar (regel- leik) med mindre
vaksenstøtte enn før.

Syner akseptable kjensle-uttrykk som t.d.sinne, engstelse og
frustrasjon.

Sosialt aktiv og initiativrik utan å ”trykke andre ned”.

Tar kontakt med andre barn på ein positiv måte, og følgjer
sosiale spelereglar.

Viser trygghet i dei daglege utfordringane.

Hevder eigne synspunkt; protestere og argumentere.

Tek initiativ til aktivitet og samspel i barnegruppa

Tek enkle ansvarsoppgåver som t.d. å hjelpe dei som er yngre
med noko.

Rettar seg etter reglane i barnehagen.

Klarer å kjede seg ei stund, utan å bli aktivisert av ein vaksen.

Teiknar og fargelegg med blyantgrep.

Balansere, hinke

Klippe etter ein strek.
11
FAGOMRÅDA
TAL, ROM OG FORM
Hovudmål: Barna skal få oppleve matematikk gjennom leik, samtale og kvardagsaktiviteter.
Matematikk forheld vi oss til heile livet. I leiken er matematikk ein naturleg og nødvendig del. I
kvardagen tel vi kvarandre, vi sorterer leikar, vi ser forskjell på liten og stor, legg dukka opp i senga og
bilen set vi under taket på garasja. Barna møter fleire matematiske utfordringar i løpet av ein dag og
vi må vere til stade for å kunne setje ord på og gje meining til dette. Vi har ulike songar som ”5 små
apekatter”, ”10 små indianere”, og eventyr som ”De tre små bukkene bruse”. Her får vi talforståing
gjennom morosame songar og eventyr. Vi teller biler, tar frem geometriske figurar, ser på vekt og
farge.
For Marihøna betyr dette:








Jobbe med geometriske former (trekant, sirkel og firkant)
Se forskjell på liten og stor, lang og kort og lignende
Vi jobbar med telling til 10 (telle barna, tellesong..)
Vi jobbar med fargar ( i formingsaktivitetar, på kleda m.m.)
Vi er der og sette ord på det dei ser og leikar med.
I samling bruker vi konkreter så dei ser og kan ta på det vi lærer dei.
Bruker bøker og sangleiker.
Dei får være med når vi førebur måltid.
For Askeladden betyr dette:




Bevissthet kring matematikk i kvardagen, og flette det inn i leik, aktivitet og
kvardagsituasjonar; telje ting vi ser. Bruke riktige matematiske omgrep.Bruke
omgrepa ved rydding. Bruke mål og målereiskap ved matlaging saman med barna.
Bruke omgrepa i songar, eventyr, rim og regler.
Sortere og samanlikne storleik og former.
Terningspel, puslespel
12
ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI
Hovudmål: Barna skal tileigne seg grunnleggande normer og verdiar i samfunnet samt få kjennskap
til kristne høgtider og tradisjonar.
I kvardagen vil vi skape rom for undring, opplevingar, ettertanke og gode samtaler. Vi må vere
profesjonelle i yrket vårt gjennom rollemodeller for både små og store. Her må vi vere tydelege på
kva som er rett og gale og hjelpe barna til å setje ord på kjenslene. Vi ønskjer å ha fokus på korleis vi
skal vere med kvarandre, legge til rette for vennskap og gode relasjonar i kvardagen. Då må vi løfte
fram dei gode øyeblikka der vi tek opp tema med barna om korleis vi kan vere gode med kvarandre,
sjå dei gode sidene til kvarandre og korleis dei kan ta perspektivet til andre. Her må vi ta oss tid, vere
lydhøyre og tålmodige. Gjennom heile barnehageåret har vi ulike tradisjonar, òg knytt til kristne
høgtider som jul og påske, tilpass alder og utvikling.
For Marihøna betyr dette:






Ha fokus på vennskap og korleis vi er med kvarandre gjennom m.a. Tarkus.
Få kjennskap til og å markere høgtider og tradisjonar på eit enkelt nivå.
Oppleve å bli tatt på alvor og å sette ord på kjen slene.
Vere gode rollemodellar og prøve å vere i forkant for uheldige situasjonar.
Være positive og rose masse når dei gjere gode ting mot andre.
Lage ting som dei meistrar.
For Askeladden betyr dette:






Vennskap som tema.
Markere dei kristne høgtidene som jul og påske.
Bli kjent med kyrkja gjennom kyrkje- og barnehagesamarbeidet.
Tileigne seg dei grunnleggande normene og reglane i samfunnet.
Møte barnas tru, undring og spørsmål med respekt. For personalet betyr det at vi
må vere observante og lytte til barna.
Mykje er likt, men noko er ulikt. Vi er forskjellige.
13
KROPP, RØRSLE OG HELSE
Hovudmål: Barnet skal få ei positiv selvoppfatting gjennom kroppsleg meistring, samt gode
erfaringar med uteliv til ulike årstider.
Den motoriske og kroppslege utviklinga dei første åra er enorm og læreviljen stor. I denne utviklinga
er det vår oppgåve å støtte, oppmuntre, legge til rette for varierte aktiviteter i ulikt miljø inne og ute.
Vi er opptekne av at barna skal få erfaring i ulendt terreng og oppleve gleda ved friluftsliv. I
kvardagen har vi ulike aktiviteter med ulikt fokus. Vi bruker bl. a. songleikar med rørsle, turar i
nærmiljøet, leik i gymsal i ballbingen og lager mat på bål. Vi må støtter barna, samstundes som vi
gjev dei passande utfordringar.
For Marihøna betyr dette:




Bruke grunnleggende motoriske ferdigheter i planlagde og spontane aktivitetar ute
og inne: turar i ulendt terreng, til ballbingen, gymsalen, sykle på uteområdet vårt,
disse, hinderløype m.m.
Oppleve glede ved fysisk aktivitet; vi går på turer i nærmiljøet og tar i bruk
gymsalen.
Oppmuntre og legge til rette for at dei mestrer ting. Rose når dei meistrar.
Sanger med bevegelse.
For Askeladden betyr dette:





Vi brukar nærmiljøet til fysisk aktivitet. Gymsalen òg.
På bussdagane kan vi få opplevingar i heilt nye omgjevnader.
Vi oppfordrar alle til å prøve for å utvide grensense sine, og legg til rette for
meistring på det nivået kvar einskild er. Meisting i fellesskap gjev ekstra gode
kjensler.
Personalet er gode rollemodellar som er aktiv saman med barna.
Vi tilrettelegg for at dette skjer i trygge omgjevnader, og vi meistrar førstehjelp om
behov.
14
KUNST, KULTUR OG KREATIVITET
Hovudmål: Barna skal få høve til å bli kjent med kunst og kultur gjennom eigen
kulturelle identitet og få uttrykke seg estetisk.
Dette er eit fagområde som gjev rom for nye idèar og tankar. Barnehagen vil gje barna høve til å bli
kjent med ulike formingsaktiviteter tilpassa utvikling og alder. Dette er ein fin måte å uttrykke seg på.
Vi har eit godt utval av litteratur, bruker biblioteket, tek barna med i eventyrverda, dramaleik og
musikk. Kulturarven i Norge omfattar mykje. Gjennom ei rekkje tradisjonar i barnehagen, samt å
trekke fram t.d. eventyr, song, billedkunst og mattradisjonar, bidreg vi til å gje barna eit godt innblikk
i eigen kultur.
For Marihøna betyr dette:






Få erfaring med ulike eventyr hvor barna ofte er med å fortelle og å dramatisere.
Få kjennskap til fargene gjennom arbeid med ulike aktivitetar, songar, bøker m.m.
Få prøve seg på enkle formingsaktiviteter: male, teikne, klippe, lime, kit m.m.
Prøve forskjellige enkle ting som male, tegne, kitte og lego..
Bruke instrument i samlingen.
Synge mykje i samlinga, sanger etter årstidene.
.
For Askeladden betyr dette:







Ulike tema som t.d. «gamle dagar»: Lære om kva mat vi år før, lage husmannskost.
Gje tid for varierte formingsaktivtetar ute og inne, med ulike typar materiale.
Ta del i dei kulturelle innslaga i bygda/kommunen.
Bruke Landart.
Skape «magi» i samlingsstunda
Lokale kunstarar inn i barnehagen? Maling, musikk…
Eventyrformidling, rim og regler (kjente og kjære).
15
NATUR, MILJØ OG TEKNIKK
Hovudmål: Barna skal få oppleve gleda av å ferdast i naturen, få grunnleggande innsikt i natur og
oppleve et tilbod av friluftsaktivietar og uteleik tilpassa alder og utvikling.
Naturen har utfordringar for alle og serverer eit mangfald av moglegheiter. Rammeplanen peikar på
at fagområdet skal bidra til at barn blir kjent med og får forståing for planter og dyr landskap, årstider
og vèr. Vi er opptekne av å bruke uteområdet og nærmiljøet på ein slik måte som fordrar til variert
aktivitet. Naturen er konkret og barna kan ta og føle på det meste. Når blomstrene spretter opp både
her og der, tek det ikkje lang tid før barna plukkar dei finaste bukettane. Det må luktast og smakast
på og dele med andre. Vi utforskar, er nysgjerrige og våkne – samen med barna!
For Marihøna betyr dette:







Få kunnskap om de ulike årstidene ved å ha fokus på endringane, og nytte dei aktivitet i
aktivitetane både inne og ute. Være positiv til å være ute i all slags vær.
Være nysgjerrig med barna.
Kjenne igjen bilder og lydene til de mest vanlige husdyrene.
Oppleve gleden ved å ferdes i naturen til alle årstider ved å gå turar i nærmiljøet. Ha fokus
på meistring, for det gjev stoltheit og glede.
Bruke enkle ord, ta oss god tid å sjå og ta på.
Lage mat ute og spise ute.
Øve grovmotorikken i ulike miljø som gjev både utfordring og kjensle av meistring.
.
For Askeladden betyr dette:






Gje barna opplevingar i variert natur (fjell, fjøre, skog, mark og vatn): Delta i barnas turlag.
Turmåla er tilpassa det einskilde barnet, slik at dei opplever glede og meistring.
Nærme seg naturen med nysjerrighet, utforsking og undring. Fokus på årstidene.
Lære om dyr, insekt, fuglar, plantar og tresortar vi omgås. Kva kan bli til mat?
At personalet skaffar seg kunnskap som er nyttig i denne samanhengen, både i forkant av
ulike tema og undervegs.
Fokuset må vere på kva barna er interessert i, for her er motivasjonen for læring størst. Så
kan vi vidareutvikle dette.
Teknikk i kvardagen: prøve sjå samanhengar
16
NÆRMILJØ OG SAMFUNN
Hovudmål: Barna skal bli kjent med og delta i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i
nærmiljøet.
Samfunnet og barnehagen vår er blitt eit fleirkulturelt samfunn. Her møtast barn og vaksne med ulik
kulturell bakgrunn. Familiekonstelasjonane har òg endra seg, noko barnehagen må ta omsyn til og
møte på ein god måte. Vi vil lære barna at sjølv om vi er ulike, er vi like mykje verd i eit fellesskap,
jenter som gutar. Barnehagen vår er eit lite samfunn med ulike avdelingar. Å la barna få medverke i
eigen kvardag, er viktig for oss. Vi besøker t.d.ulike arbeidsplassar eller får besøk av nokon i
nærmiljøet. Dette inspirerer òg til ny leik blant barna.
For Marihøna betyr dette:








Turar til Okshola, oppi Hukken og til lavvoen i skogen. Setje ord på det vi ser. Undre
oss ilag.
Alle barna får eige hus med bilder av sine familier som vi tek i bruk i kvardagen.
Barna medverkar i samlingsstunden.
Vi utforskar nærmiljøet, går turer.
Har foreldrekaffi og basar, slik at foreldre og søsken kan komme på besøk til oss. Vi
ønskjer god kontakt med forledra.
Fokus på vnnskap.
Få kjennskap til andre kulturar om det er naturleg i barnegruppa.
Lærer at vi alle er ulike og unike.
For Askeladden betyr dette:




Aktivt bruk av nærmiljøet. Kvar bur barna og personalet? Kor er biblioteket, kinoen,
«Lisje Måløyna», Kapellneset, Søholmen, vindmøllene, fiskeoppdrettsanlegga? Kva
er inni rådhuset, Maritime Park, Måløy verft, ….?
Kor er dei andre barnehagane? Kva kan vi gjere på Refviksanden om vinteren?
Arbeide med likestilling: Politimenn/-damer, brannpersonell (brannmenn/-damer?)
Frisør (menn som frisør?) Hos oss gjere vi typiske vaktmesterarbeid; sage, spikre,
skru..)
Kjennskap til kva land barna kjem ifrå; ulik kultur innanfor mat, song, eventyr, flagg,
kle m.m..
Jobbe for eit inkluderande miljø som motverkar mobbing og rasisme, med fokus på
vennskap
Næringslivet: Er det arbeidsplassar vi kan besøkje?
17
KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST
Hovudmål: Barnet skal få utvikle forståing av omgrep, få eit positivt forhold til tekst og bilde samt
kunne uttrykke kjensler, ønskjer og erfaringar.
Evna til å kunne bruke språket er avgjerande for korleis barn kan kommunisere med andre, korleis
dei kan setje ord på erfaringar, fortelje noko som er viktig for dei, diskutere og reflektere saman med
andre. Samver, samtale og deling av rike opplevingar er den viktigaste ressursen når det gjeld
språkmiljø og språkstimulering. Dette gjev grunnlag for medverknad, samhandling, vennskap, leseog skrivekompetanse og læring.
For Marihøna betyr dette:







Vise interesse for bildebøker og få kjennskap til litteratur gjennom lesestund, samlingsstund,
samt tilgang til bøker på avdelingen.
2-3-ords ytringar, gjerne saman med kroppsspråk.
Få interesse for sang, rim og regler.
Godt planlagde og organiserte samlingsstund.
Snakke tydelig, sette ord på det en ser.
Vente på tur.
Lære om vennskap.
For Askeladden betyr dette:






Vi skapar eit språkstimulerande miljø ved å lese, synge, bruke rim og regler og snakke om
det vi ser, høyrer og opplever. Dei vaksne lyttar, stiller spørsmål for å utdjupe/klare oppi og
vise at dette er viktig for oss òg. Dette førset vaksne som er i nærleiken/deltakande.
Legge tilrette for å inspirere til å utvide/utvikle leiken (ta inn andre/nye leikar,materiell
bøker, m.m.)
Vi har fokus på konfliktløysing gjennom språket..
Legge tilrette for førebuande lese- og skriveaktivitetar. Støtte leikeskriving, medvitne om
skriveretning og lydering. Jobbe med rytmen i orda t.d. ved å klappe namna.
Tekstskaping; forståing mellom det talte og det skrivne ordet.
Legge vekt på samtale kring måltida, i samlingsstundene, ved påkledning og ved høgtlesing.
Den vaksne må vere seg besvisst si rolle som språkmodell; val av ord, setningslengde og
hurtighet. Tydeleg tale og gjerne bruk av konkreta.
18
SISTE ÅRET I BARNEHAGEN
Målet er å gje førskulebarna utfordringar som aukar sjølvstende deira.

























Kle på og av seg
Legge kleda på plass
Ha oversikt over tinga sine
Gå på do åleine
Ferdast i trafikken (gå på fortau, nytte forgjengarfelt, sjå seg føre..)
Korleis kan eg vere ein god venn
Vente på tur
Konsentrasjon om ei oppgåve
Fullføre arbeidet/aktiviteten
Lytte ut bokstavlydar
Rim og regle
Korte og lange ord (klappe stavlesar)
Tal, telje og mengde
Geometriske former
Sortere
Samanlikne
Lengde
Preposisjonar
Klippe
Blyantgrep
Fargane
Omgrep (over—og underomgrep)
Formuleringsevne, fortelje
Kjenne igjen namnet sitt/skrive første bokstav/ skrive deler/heile namnet sitt
Ta i mot beskjed
19
ÅRSHJUL FOR AKTIVITETAR
I barnehagen vår har vi ein del tradisjonar som er godt innarbeida, og desse ynskjer vi å halde fast
ved. Nokre av tradisjonane er fyrst og fremst knytta til høgtider, medan andre har blitt ein del av
kulturen vår. Vi opplever desse som både positive og kjekke aktivitetar , både for små og store.


Eventyr er fellestema for alle gruppene
Foreldresamtalar for 4-åringar






Fastelavn
Karneval
Ski og akedag
Pysjparty for 4- og 5 åringane.
Eventyr
Kyrkjesamarbeid m/ 4-åringane



Barnehagedagen
Påskepynt
Brannøving (ikkje meldt)




Nytt liv; rumpetroll, så frø
Påskevandring (førskule)
Dugnad; barn, foreldre og personale
Påskefrukost (påska avgjør når)







17 mai-markering
Sjørøvarveke
Fotografering
Førskuleavslutning (evt. juni)
Rydde boss før 17.mai
Førskuledag
Foreldremøte nye barn på Marihøna
JUNI



SFO basar/kafè
Besøksdag for nye barn (gjeld dei som er nye på Askeladden)
Jonsokfest
JULI

Ferie v. 30-31-32
AUGUST


Planleggingsdag måndag i v. 33
Nytt barnehageår tek til i v. 33
SEPTEMBER



Vennskap
Haustfest (samarbeid med kyrkja)
Foreldremøte v. 39-40
OKTOBER



Kafe/basar – til inntekt for fadderbarnet vårt
Krabbeveke
Foreldresamtaler
JANUAR
FEBRUAR
MARS
APRIL
MAI
20
NOVEMBER
DESEMBER

Brannøving (meldt)


Lage julegåver
Foreldresamtaler




Julegudsteneste (4- og 5-åringane)
Grautfest i Okshola (Askeladden)
Nisseveke
Lucia (Marihøna og 3-åringane får besøk av 1.klasse, og 4-og 5åringane fer på Kulatoppen)
Julefrokost
Julebord (Askeladden)
Adventsamling



21
VURDERINGSARBEID
At det er eit kvalitativt godt samspel mellom alle involverte i barnehagen er den viktigaste
føresetnaden for utvikling og trivsel hos barna.. For å sikre dette må vi saman setje ord på tankar og
handling og reflektere over dette for å finne den beste vegen vidare.
KVIFOR VURDERE:
Vurdering skal sikre at utviklinga av barnehagen skjer på ein bevisst måte. Vi skal observere barna og
vaksne i leik og sosialt samspel, og reflektere om måla er nådde eller om vi er på rett veg eller om
kursen må justerast. Å vurdere er å samanlikne det vi ønskjer skal skje, og det som faktisk skjedde.
Utifrå observasjonar og vurderingar som er gjort, lagar vi kortsiktige og langsiktige mål.
KVA SKAL VURDERAST, KORLEIS OG AV KVEN:
TRIVSEL OG UTVIKLING HOS BARNET:
 Foreldresamtaler haust og vår. Ansvarleg: Pedagogisk leiar og kontaktpersonane.
 Kontaktpersonane observerer og noterer gjennom året: Loggbok.
Ansvarleg: Alle
 Observasjonsperiodar (haust og vår). Ansvarleg: Alle
SAMSPEL MELLOM BARN OG VAKSNE:
 Barneintervju (Askeladden) og observasjon. Ansvarleg: Pedagogisk leiar.
 Notere på teikningane når ungane fortel. Ansvarleg: Alle
 Foreldresamtaler. Ansvarlege: Pedagogisk leiar og primærkontakta..
PERSONALSAMARBEID:
 Medarbeidarsamtale i mars. Alle. Ansvarleg: styrar.
 Tilbod om samtale med verneombod i samband med vernerunda. April. Ansvarleg:
Verneombod og styrar.
FORELDRESAMARBEID:
 Brukarundersøking kvar vår. Alle foreldra involverte. Ansvarleg: Styrar
 Foreldresamtaler haust og vår. Alle er involverte. Ansvarlege: Kontaktpersonane.
 Foreldremøte haust. Alle er involverte. Ansvarlege: Styrar og pedagogisk leiarar.
 Samarbeidsutvalet 2 pr år. Alle foreldrerepresentantane vert inviterte.
BARNEHAGEN SOM ORGANISASJON:
 Verksemdplan. Ansvarleg: Styrar.
 Årsmelding: Ansvarleg: styrar
 Årsplan. Ansvarleg: Styrar.
 Planleggings- og kursdagar. Ansvarlege: Styrar og pedagogiske leiarar.
 Vurderingsarbeidet; fortløpande og kontinuerleg. Alle deltek. Ansvarleg: Styrar
FASTE OG SPONTANE AKTIVITETAR:
 Drøfting/vurdering på pedagog-,avdelings- og personalmøte. Ansvarleg: Styrar og
pedagogisk leiar
22
FORELDRESAMARBEID
Plan for foreldresamarbeid finn du på heimesida til barnehagen
TVERRFAGLEG SAMARBEID
Det er utarbeida fleire planer som omfattar samarbeid på ulike nivå:
Samarbeid innad i kommunen:








PPT Eid og Vågsøy
Helsestasjonen
Barnevernet
Andre barnehagar
Skular
Fysioterapeut
Ergoterapeut
Folkehelsekoordinator
Lokale planer:







Kommundelplan Oppvekst (2013)
Frå eldst til yngst ( samarbeid mellom barnehage og skule om overgangen)
Tverrfaglege rutinar for barn vi bekymrer oss for (samarbeid mellom barnehage, barnevern,
helsestasjon, psykisk helseteam og PPT)
Spesialpedagogisk plan (2014)
Entreprenørskapsplan for barnehagane i Vågsøy
Felles årsplan for barnehagane i Vågsøy
Plan mot mobbing (for alle barnehagane i Vågsøy)
Eksterne samarbeidspartar:




Barne- og ungdomspsykiatrien Nordfjordeid (BUP)
Barnehabiliteringa i Førde
StatpedVest
PPT Eid og Vågsøy
23