samarbeidsavtale mellom treningskontakt og prosjektdeltakar

SAMARBEIDSAVTALE
MELLOM
TRENINGSKONTAKT OG PROSJEKTDELTAKAR
Pilotprosjekt om fysisk aktivitet for personar med både rusproblem og
psykiske lidingar.
Bakgrunn for denne avtalen:
Som ein del av eit prosjekt ved Førde Sentralsjukehus – Psykiatrisk Klinikk har du fått tilbod
om å delta i eit pilotprosjekt om fysisk aktivitet for personar med både rusproblem og
psykiske lidingar som ein del av eit poliklinisk tilbod og eit tiltak innan ettervernet.
Samarbeidsavtalen har til hensikt å sikre best mogleg oppfølging av deltakarane i prosjektet.
Treningskontakten forplikter seg til å:
1. Lage treningprogram som er tilpassa dine ynskje og behov utifrå samtale og
kartleggingsskjema for fysisk aktivitet.
2. Gje beskjed til deltakar i god tid dersom ein ikkje kan møte til avtalt treningstid eller
oppmøtestad.
Deltakar forplikter seg til å:
1. Møte til avtalte tider for trening.
2. Gje beskjed til treningskontakt i god tid dersom ein er forhindra frå å kunne møte til avtalt
tidspunkt eller oppmøtestad.
3. Akseptere at treningskontakt kan ringe ved uteblivelse frå trening.
4. Ikkje møte til trening i synleg ruspåverka tilstand eller med rusmiddel i kroppen eller i
sterk abstinens. Dette av hensyn til fare for deg som deltakar.
Dessutan; rusmiddel og fysisk aktivitet ikkje høyrer saman.
Dersom vesentlege punkt i avtalen ikkje vert følgt opp kan dette medføre at avtalen vert
endra eller sagt opp i sin heilheit.
Stad:________
Dato:_____________
_______________________________
Prosjektdeltakar
______________________________
Treningskontakt