Elevbrosjyra 2015-16 - Ølen vidaregåande skule

Informasjonshefte skuleåret
2015-2016
Velkommen til Ølen vidaregåande skule
- veksthus for vett og vennskap!
Skuleåret 2015-2016
Me gleder oss til å ta til med eit nytt skuleår, og ynskjer alle elevar og tilsette
velkomne etter ein lang og god sommarferie!
På vårparten vart det gjort ein jobb i høve til å tenkje visjon. Kva står Ølen vgs
for, kor vil me med skulen vår?
Me har hatt mottoet Veksthus for vett og vennskap i mange år, og det står ved
lag! Det fortel litt om korleis skulen vår ser ut og kva som føregår her. Me veit
kva me vil, kva me arbeider for og kva verdiar som er viktige for oss. Kollegiet
har landa på: ALLE KAN NÅ LENGER. I desse orda ligg eit positivt elev- og
menneskesyn. Me har tru på kvarandre, tru på at kvar og ein har potensiale i seg
til å utvikle seg og lære. Me skal vise kvarandre tillit, me skal møte kvarandre
med høge forventningar og me ynskjer at alle skal lukkast.
I fjor haust kom me tilbake til ei oppgradert kantine. På vårparten vart
ventilasjonsanlegga våre bytta ut, så dette skuleåret kan me starte opp med
rikelege mengder luft, inne og ute! Det fysiske arbeidsmiljøet er viktig for alle
som oppheld seg her, og me trur at forbetringar vil vise att både i helse og
faglege resultat.
For elevane på studiespesialisering og påbygg, vil me gjere ei lita endring i
timeplanane dette skuleåret. Desse gruppene får fagdag kvar torsdag før lunsj.
Det betyr at det vert høve til fagleg fordjuping i dei faga som inngår i denne
kabalen. Kva fag dette er, varierer, dvs. er ulikt på VG1, VG2 og VG3.
Timetalet i dei ulike faga er dei same, men blir plassert på timeplanen på ein litt
anna måte.
Lærarkollegiet skal skulere seg vidare i vurdering for læring. Målet med det er
sjølvsagt å gi undervisning som i høgast mogeleg grad legg til rette for god og
effektiv læring. Gode, konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet du gjer,
positive, tydelege forventningar til deg som elev, er
viktige stikkord.
Til slutt vil eg ynskje både elevar og tilsette
eit godt, utviklande og lærerikt arbeidsår!
Lukke til!
Helsing
Ruth J. Sæle
-rektor-1-
VELKOMMEN TIL ØLEN VIDAREGÅANDE SKULE
I skulebrosjyra finn du nyttig og viktig informasjon, og du bør
ta vare på brosjyra til skuleåret er avslutta.
Del 1: Diverse informasjon om - og frå skulen, m.a.:
 Utdanningsprogram
 Organisering av skuledagen
 Skulebøker, PC-ordning
 Kantina
 Lånekassen
 Skuleskyss
 Skulerute
 Tilsette ved skulen
 Romplan
Del 2: Ordensreglement for elevar i vidaregåande skular i Rogaland
 Dette bør du setje deg godt inn i. Her står det om rettane og pliktene dine,
og om ev. reaksjonar ved brot på reglementet.
Del 3: Rettleiing for vurdering i Rogaland fylkeskommune
 Her vert det gitt særskild informasjon om vurdering, eksamen, mm.
7
Kontaktinformasjon:
ØLEN VIDAREGÅANDE SKULE 2015/2016
Adressa til skulen er :
Tlf. nr:
Faks:
E-post:
Heimeside:
Litlehagen 2,
5580 Ølen
53 76 64 00
53 76 64 01
[email protected]
www.olen.vgs.no
-2-
Ølen vidaregåande skule har seks utdanningsprogram:
Studieførebuande utdanningsprogram:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram (forkorta til ST) med programområda:
Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomi
- 2 VG1 grupper
- 2 VG2 gruppe
- 1 VG3 gruppe
-1
gruppe påbygg til generell studiekompetanse
Yrkesfaglege utdanningsprogram:
- Bygg og anleggsteknikk (forkorta til BA)
- 1 VG1 gruppe
- 1 VG2 gruppe: Byggteknikk
- Elektrofag (forkorta til EL)
- 1 VG1 gruppe
- 1 VG2 gruppe: El-energi
- Helse og oppvekstfag (forkorta til HO)
- 1 VG1 gruppe
- 0,5 VG2 gruppe: Helsearbeidarfag
- 0,5 VG2 gruppe: Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Restaurant og matfag (forkorta til RM)
- 0,5 VG2 gruppe
- Teknikk og industriell produksjon (forkorta til TIP)
- 1 VG1 gruppe
- 1 VG2 gruppe: Industriteknologi
Alternativ opplæring :
- 1 gruppe med tilrettelagt opplæring i arbeidstrening (AOI )
ST: VG1, VG2 og VG3 kan velje faget Breiddeidrett frå utdanningsprogrammet Idrettsfag.
YFAG: VG1 og VG2- elevane kan velje faget Breiddeidrett frå utdanningsprogrammet
Idrettsfag. Desse elevane får ½ av faget på VG1 og kan velje resten av faget på VG2.
Val av faget skjer første skuleveka både for ST og YFAG-elevar.
-3-
Litt om fellesarrangement, førebyggjande arbeid, m.m.
I tillegg til skulefaga vert det arrangert aktivitetar der vanleg timeplan er broten opp.
Opplegga kan vere for grupper eller for alle elevane ved skulen. Døme på dette er:






VG1: MOT, VIP (psykisk helse)
Dagsverk Korosten –elevane sitt eige engasjement i Ukraina
Aktivitetsdag / Ulike turneringar – td.fotball og volleyball
Ekskursjonar - kan vere knytte til fag eller grupper, vere i inn- eller utland, og kan ha
varierande lengd
Arbeidsutplasseringar
Skuleval – i valår, med tilhøyrande skuledebatt
Organisering av skuledagen
Måndag
Tysdag
Onsdag
Torsdag
08.00-08.45
Fagdag : 1ST, 2ST,.
3STA/3GSK
08.45-09.30
Fagdag : 1ST, 2ST,.
3STA/3GSK
09.30-09.40
09.40-10.25
10.25-11.10
Periodisert
undervisning
VG1og VG2
Yfag (ploging)
Periodisert
undervisning
VG1 og VG2
Yfag (ploging)
Fagdag : 1ST, 2ST,.
3STA/3GSK
Fagdag : 1ST, 2ST,.
3STA/3GSK
11.10-11.40
11.40-12.25

12.25-13.10
13.10-13.15
13.15-14.00
14.00-14.10
14.10-14.55
Skule/fellestidPED.prersonale
14.55-15.30
 Klassens time, med kontaktlærarar i partalsveker (11.40-12.25)
 Elevrådstid/Klasselærarråd/teamarbeid i oddetalsveker (11.40-12.25)
-4-
Fredag
Fråvær
Skulereglementet for elevar i vidaregåande skular i Rogaland finn du som eige vedlegg i
denne brosjyra.
Merk:
 fråvær skal meldast 1.fråværsdag (jamfør pkt. 4.2). Meldinga sender du primært på
It’s-learning til kontaktlæraren din, alternativt melder du frå på telefon til
kontaktlærar/ Informasjonen.
 Udokumentert fråvær vert rekna som ugyldig fråvær og kan medføre nedsett karakter
i orden.
 Stort fråvær kan også føre til manglande grunnlag for å setje fagkarakter.
 Fråværsdokumentasjonen skal vere skriftleg og skal leverast til kontaktlærar .
 Skulen gir ikkje permisjon til feriereiser i skuletida.
Vurdering
Her viser ein til Rettleiing for vurdering i Rogaland fylkeskommune og Forskrifta til
opplæringslova § 3. I følgje forskrifta skal elevar ha undervegsvurdering (§ 3-11) og
sluttvurdering (§ 3-17) i fag. Elevane skal ha halvårs- og sluttvurdering med karakter i faga,
samt i orden og åtferd (§ 3-13, §3-15 og §3-19). Karakteren skal gi uttrykk for oppnådd
kompetanse på det tidspunktet karakteren vert sett.
Undervegsvurdering utan karakter i fag kan både vere munnleg, i form av samtale med
faglærar, og skriftleg. Faglærar skal dokumentere at slik vurdering er gitt.
Stort fråvær, same kva grunnen er, kan føre til at grunnlaget for å gi vurdering med karakter
manglar (§ 3-3).
§9a Elevane sitt skulemiljø
§ 9a-1 seier at alle elevar har ein lovfesta rett til eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø.
Vidare vert det informert om at elevar og føresette har klagerett på denne lovparagrafen.
For meir info og korleis du går fram for å klage sjå:
http://www.barneombudet.no/temasider/skole_og_b/skole_og_b/fakta_skol/slik_gar_d/
http://www.udir.no/Brosjyrer/Elevane-sitt-skulemiljo/
-5-
PC-ordning, skulenett, digital læringsplattform
Alle elevar i Rogaland fylkeskommune må ha sin eigen personlege PC, som du forpliktar å
nytte dei åra du er elev. Brukaravtale må signerast ved opplæring i-/ gjennomgang av IKTsystema ved skulestart.
Pc-ordninga og programvare
Rogaland fylkeskommune subsidierer datamaskiner til Vg1-elever ved dei vidaregåande
skulane. Du kan velje mellom Windows og Mac. Du må merka deg at på TIP, og elektro linja
nyttar dei program som berre finst for Windows. Vel du Mac på ei av desse linjene må du
kjøpa Windows sjølv og installera det på Mac maskinen i tillegg.
All info om program og pc-ordninga fin du her: http://www.rogfk.no/elevportalen
OBS! Nedlasting av Office bør skje heime.
Skulen har kjøpt inn låsbare skap til oppbevaring av personlege PC-ar, men eleven må sjølv
skaffe seg hengjelås. Skapa er tilpassa maskinar med skjermar i max storleik 15,4” (d.v.s
37cm x 37cm x 11cm). Skulen rår deg til å nytte dette tilbodet.
Som elev ved skulen vil du få tilgang til skulen sitt nettverk ein av dei første skuledagane.
«Gamle» elevar nyttar brukarnamn og passord frå førre skuleår, nye elevar får oppretta
brukarnamn og passord. Som elev vil du også få tilgang til It’s-learning, den digitale
læringsplattforma til Rogaland fylkeskommune.
Informasjon og kommunikasjon i einskildfaga føregår m.a. der. Du nyttar meldingssystemet i
It’s-learning til kommunikasjon med kontaktlærar, faglærarar, medelevar, etc.
På It’s-learning er det oppretta eit informasjonsfag for alle som er tilknytt Ølen vidaregåande
skule : !INFO-ALLE ØLEN VGS. Her vert det lagt ut informasjon av generell karakter. Når
skuleåret har teke til må du sjølv sjekke at du har tilgang til dette faget, og halde deg oppdatert
utover i året. Viktig informasjon, m.a. om eksamen vert gitt her.
Har du ikkje tilgang til faget, kontaktar du IKT-kontoret.
Det er utarbeida utfyllande IKT-reglar for Ølen vgs som du finn her i brosjyra. Desse
supplerer det til ei kvar tid gjeldande reglement i Rogaland fylkeskommune.
Reglar for bruk av data ved Ølen vidaregåande skule
Skulenett, pedagogisk plattform
Berbar elevmaskin skal aldri koplast til nettet ved kabel,
berre via trådlaust nettverk.
-6-
I skuletida skal datamaskinane brukast til
-
tekstbehandling/rekneark for skriving/løysing av oppgåver
innhenting av informasjon via internett
e-post i samband med skulearbeid
spesialprogram som trengs i samband med skulearbeid
Det er faglærar som er ansvarleg for innhaldet i timane, og som avgjer om, til kva og
korleis- dei ulike verktøya (som PC og Mac) skal nyttast til ei kvar tid.
Tryggleik
-
Det er forbode å laste ned program som kan vere skadelege for datautstyret
Vis varsemd ved bruk av eigne USB minnepinnar. Hugs på virusfare.
System-ansvarleg har lagt inn restriksjonar som avgrensar tilgongen til skulen sitt
nettverk og internett.
Bruk av pc på amfi og bibliotek
-
Datarom (amfiet) skal berre brukast av personar med gyldig brukarnamn og under
tilsyn av lærar.
Mat og drikke skal IKKJE nyttast i datarom eller ved skulen sine datamaskinar
Chatting/spel (også web-basert) er ikkje tillate på skulen sine datamaskinar
Vis omsyn ved bruk av datautstyr
Det er strengt forbode å endre på pc-innstillingar/bruke programvare på dei stasjonære
maskinene
Rydd opp etter deg
Lærarar og mediatekansvarleg har høve til å vise bort elevar som ikkje bruker pc-ane
til skulearbeid.
Elles viser ein til ordensreglement og norsk lov. Kontakt IKT dersom du er usikker på kva du
har lov til. Brot på reglar vil få konsekvensar.
Dagsverk Korosten
Ølen vgs har dei siste 10 åra hatt eit eige Dagsverk (tilsvarande det nasjonale Operasjon
Dagsverk) der elevane gir inntektene frå ein arbeidsdag, kr. 400,- til ulike formål i Korosten.
Vårt lokale Dagsverk har same målsetjing som det nasjonale: "Tanken bak Operasjon
Dagsverk er at ungdomar i Noreg skal gi ein dag av si utdanning og arbeide slik at
ungdommar andre stader i verda skal få muligheter til å få ei utdanning."
Ei undergruppe av Elevrådet besøkte Korosten våren 2013, og la fram forslag til Elevrådet til
kva midlane kan nyttast til. Elevrådet bestemmer prosjekt.
-7-
Elevsamtalar
Elevar har rett til jamleg dialog med kontaktlærar om utviklinga si i lys av opplæringslova
§1-1 (Forskrift til opplæringslova § 3-8). Denne retten vert m.a. dekka gjennom elevsamtalar
min. 2 gonger årleg, og jamleg kommunikasjon med kontaktlærar i avsette kontaktlærartimar.
Det er og tilbod om oppstartsamtalar for VG1elevar med føresette før skulestart.
Bli kjent-tur til Blomstølen for VG1-elevane
For alle Vg1-elevar vert det i løpet av veke 35 arrangert bli kjent-tur til Blomstølen med
overnatting. Elevane går opp på føremiddag dag 1 og er attende til skuleslutt på dag 2. 2-3
klassar dreg oppover samstundes. Kontaktlærarar er med i tillegg til lærarar som er
"stasjonære" på hytta.
Ulike oppgåver av fagleg og sosial art står på programmet. I tillegg blir det felles matlaging,
rydding og andre oppgåver som høyrer med. Tid til friare sosial aktivitet blir det også!
Kartleggingsprøvar
For alle Vg1-elevar vert det i løpet av veke 35- 37 gjennomført sentralgitte kartleggingsprøvar
i rekning, lesing og engelsk.
Skulebøker
Alle elevane får låne skulebøker av skulen.
Alle utlånte bøker må leverast attende til skulen i tilnærma same stand som då du fekk dei,
absolutt siste frist for innlevering er 24. juni 2016.
Etter denne datoen vert det sendt ut faktura for ikkje innleverte bøker/øydelagde bøker.
Ubetalte fakturaer går til inkasso.
Skulefotografering
Det vert skulefotografering 16., 17. og 18. september 2015, klassevis og portrett. Elevane vel
sjølve om dei vil bestille bilete og ev. kva dei vil ha.
-8-
Skulekantina vår er open alle dagar frå 7.45-8.00 og 9.20-13.15
I skulen si kantine kan du kjøpe sunn og god mat - og drikke. Det er og høve til å kjøpe seg
varm mat 3 dagar i veka! Meny vert distribuert på oppslag kvar veke.
God handhygiene er viktig, og skulen har difor hengt opp behaldarar med handdesinfisering
på ulike stader på skulen.
Info om LÅNEKASSEN 2015-2016
Er du elev i vidaregåande skule og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du
får stipendet uansett kor mykje foreldra dine tener. Hugs at du må søkje for å få det. Når du
søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend, som for eksempel
grunnstipend, eller bustipend.
Frå skuleåret 2015-2016 kjem det endringar i reglane for kven som kan få grunnstipend og
lån. Les meir om endringane på lanekassen.no./grunnstipend. Når du har fått opptak, søkjer du
om stipend på lanekassen.no eller vigo.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring.
Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett
til lån og andre stipend.
Les meir om stipend og lån på lanekassen.no, og sjekk Lånekassens side på Facebook for deg
i vidaregåande skule, facebook.com/lanekassen.vgs
Dette fører til reduksjon/tap av stipend:
 Stort fråver
 Status som deltidselev
Skuleskyss
Ulike reglar for Rogaland og Hordaland.
ROGALAND
På www.olen.vgs.no finn du link til eit temakart, der Rogaland fylke har teikna inn ein
”ungdomspass-sone”. Elevar som bur innafor denne sona, må nytta ungdomspass. (Kostar kr
350,- pr mnd).
Dette "produktet" (ungdomspass) blir lagt inn i eit Kolumbuskort. Har du Kolumbuskort frå
grunnskulen eller vidareg., skal dette brukast vidare.
-9-
Dersom du ikkje har kort frå før, må du skaffa deg eit. Du har fylgjande moglegheiter til å
kjøpe ungdomspass:



I mobilappen «Kolumbus Billett»
På nettsida Kolumbus.no
På Turistinformasjonen i Haugesund-helst før skulestart. (Hugs å ta med legitimasjon)
Dersom du har Kolumbuskort frå før, eller har bestilt nytt kort via kolumbus.no, kan du ta
med kortet og 350,- kr på bussen. Sjåføren legg ungdomspass-produktet på Kolumbuskortet
ditt. (Må fornyast kvar mnd)
Bur du utanfor ”ungdomspass-sona”, og har meir enn 6 km til skulen, har du rett på fri
skuleskyss. Sjå oversiktskartet på nettsida vår, eller på oppslagstavla på Ølen vgs. Dette gjeld
og for elevar over 21 år.
For elevar som nå skal gå i Vg2 og Vg3, og som hadde fri skuleskyss forrige skuleår, vil
Kolumbuskortet automatisk bli oppdatert.
Dei treng ikkje søkje på nytt.
Elevar i Vg1 og nye elevar i Vg2 og Vg3 som bur utanfor «ungdomspass-sona», må fylle ut
eit søknadsskjema, og levere dette i Informasjonen. Før du mottek busskortet frå Kolumbus,
får du utlevert eit midlertidig reisebevis.
Kontant skyssrefusjon: Har du meir enn 3 km mellom heimen og næraste busstopp, kan du
få refundert utgifter til privat skyss for denne strekninga. Refusjonen gjeld ikkje dersom fylket
ordnar med anna skyss.
Gå til Informasjonen og be om skjema. Frist for innlevering: 15. sept.
HORDALAND
Elevar som bur i Etne kommune har fri skuleskyss. Fyll ut søknadskjemaet du får på skulen,
og lever dette i Informasjonen. Du får då utlevert eit midlertidig busskort frå Skyss. Når
skulen har motteke dei permanente korta, får elevane beskjed.
Kontant skyssrefusjon: Har du meir enn 3 km mellom heimen og næraste busstopp, kan du
få refundert utgifter til privat skyss for denne strekninga. Refusjonen gjeld ikkje dersom fylket
ordnar med anna skyss.
Hordaland har ikkje lenger noko søknadsskjema. Skulen sender
e-post til Skyss og melder frå dersom eleven har meir enn 3 km til busstopp.
Adr. er: [email protected]
Kostpengar
Elevar som har kjøkken som del av undervisninga, vert fakturert for matkostnader.
- 10 -
SKULERUTE FOR SKULEÅRET 2015/2016, ØLEN VGS
Fylkeskommunen gir forskrift om skule- og feriedagar, sjå opplæringslova § 3-2.
I skuleruta for 2015/2016 gjeld følgjande som forskrift og kan ikkje endrast:
Første skoledag for elevane og tidspunkt for haust- og vinterferie.
For 2015/2016 er det sett av to felles planleggingsdagar for skulane, ein i
hausthalvåret og ein om våren. Elevane skal ha 190 skoledagar.
August
Skulestart for elevane mån 17.
11
September
22
Oktober
Haustferie veke 41 (5. - 9.)
17
November
Felles kursdag for lærarane fre 13.
Dagsverk Korosten
21
Desember
Siste skuledag for elevane før jul fr. 18.
14
Januar
Første skuledag for elevane mån 4.
20
Februar
Vinterferie veke 7 (15. - 19.)
16
Mars
Felles planleggingsdag ons 9.
Påskeferie 21.-28.
Pl.dag lærarar 29, fridag elevar
15
April
21
Mai
Off. høgtidsdagar tor 5., mån 16. og tir 17.
Fridag for elevane fre 6.
18
Juni
Forslag til siste skuledag for elevane tir 21.
15
Sum elevdagar
Pl.dagar lærarane: 12 august 2015
13. august 2015
14. august 2015
(13. november 2015= arbeidsdag, kursdag)
9.mars 2016
29.mars 2016
6.mai 2016 (ev. 2 kveldar)
Antall vekedagar som er elevdagar
mån
tys
ons
tor
fre
38
38
38
38
38
- 11 -
190
Oversikt over tilsette ved Ølen vidaregåande skule
LEIING:
Sæle
Pettersen
Kalstad
Klungland
Stople
RÅDGJEVARAR:
Klungland
Martinsen
Ruth
Kristin Eksaa
Tor Inge
Anne Brit
Leikny
rektor
avd.l. ST utd. program
avd.l. Y-fag
avd.l. Sos.ped./spes.ped.
kontorleiar
Anne Brit
Jens Martin
Sosial.ped.rådgjeving
Yrkes- og utdanningsrådgjeving
TIP
ST
ST
EL
TIP
BA
ST
HO
ST
EL
HO
ST
ST
ST/EL
HO
ST
Tilr.
ST
ST
ST
Jarmer
Johannessen
Klæhaug
Langhelle
Langhelle
Lærdal
Matre
Molvik
Myrset
Ohm
Risøy
Rogne
Rødseth
Røgelstad
Stakland
Ståland
Sævereid
Tesdal
Tveit
Veum
LÆRARSTAB:
Aasbø
Alvseike
Andreassen
Berge
Bjørge
Brårmo
De Wilde
Eike
Eikeland
Espe
Espeland
Forus
Gjerde
Gloppen
Grønnestad
Haga
Hauso
Helland
Husby
Håland
Lyder Mindor
Trond Ove
Kristina
Oddlaug S.
Leiv Espen
Åsmund
Claudia
Iren
Hans Erik
Olav Hogne
Laila
Nina
Asbjørn
Kirsten
Kristine
Carla Lothe
Marit
Gjertrud M.
Bjørn Gunnar
Liv
KONTORPERSONALE:
Lunde
Camilla F.
Staurland Annfrid
Eva
Duddek (lærl.)
Gunn Rakel T.
Gro
Susan
Gunnar
Johannes
Svein Helge
Svalaug
Karin
Jorid
Cecilie
Hanne Jorun
Bente
Thomas Johan
Bjørn
Øystein
Tore Kjeld
Svein
Jon Olav
Anne Berit S.
Marit
HO
ST
BA
RM
RM
TIP
ST
ST/AOM
ST
ST
ST
Tilr./ST
ST
ST
ST
BA
ST
ST
ST
ST
MILJØARBEIDARAR/ELEVASSISTENTAR:
Haugland
Haldis L.
Indreland
Ingunn
Mattingsdal
Kjell Ove
IKT-PEDAGOG:
Langhelle Johannes
IKT-TEKNIKAR:
Fosse
Sten
Eikesdal
Steffen (lærl.)
KOORDINATOR, Opplæring Sandeid fengsel:
Lilleland
Mai Venke
OT:
Gro
KANTINEMEDARBEIDAR:
Spartveit
Tove
Eikeland
Synnøve H.
DRIFTSLEIAR:
Lothe
Peder
REINHALDSPERSONALE:
Andersen Irene
Olofsson
Torill
Haugland
Hundseid
Haldis L.
Cissel S.
- 12 -
Johannessen
BIBLIOTEKAR:
De Wilde
Claudia
Staurland
Annfrid
BRANNVARSLING TIL ELEVAR/TILSETTE
1
DEN SOM OPPDAGAR BRANN,
VARSLAR BRANN. BRUK BRANNVARSLAR.
GI MELDING TIL PERSONALROM/ INFORMASJONEN.
2
BRANNVARSLING VERT VARSLA MED
KORTE STØYT I RINGEKLOKKA.
3
GÅ ROLEG OG SAMLA UT.
BRUK IKKJE HEISEN.
4
TA IKKJE MED DYKK SKULESAKER
ELLER KLEDE.
5
ALLE SKAL MØTE PÅ SAMLINGSPLASS,
SOM ER KUNSTGRASBANEN, AUST FOR SKULEN,
(MELLOM SKULEN OG IDRETTSHALLEN) .
INGEN GÅR FRÅ SAMLINGSPLASS UTAN LØYVE.
REKTOR
- 13 -