RÅD OG UTVAL VED SKULEN - Firda vidaregåande skule

Skuleinformasjon
FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE
Firdavegen 21, 6823 SANDANE
Sentralbord: 57 82 53 20
Firda.vgs.no, [email protected]
INNHALDSLISTE
Helsing frå rektor
Kort presentasjon av skulen m/visjon, profil og mål
Utdanningsprogram
Skuleruta
Viktige tenester og tilbod
Side
5
8
9
Nyttige opplysningar
12
Vurdering for læring, eksamen, vitnemål og klage
20
Instruksar, ordensreglement og handlingsplanar
25
Kven svarer på kva?
Kart over Sandane
Anlegg og rom
Presentasjon av leiinga og dei tilsette
36
37
38
39
Rådgjevingstenesta
Miljøkoordinator
Oppfølgingstenesta
Alternativ opplæring
Hjelpe/støttetiltak
PPT
Skulehelsetenesta
Helsestasjon for ungdom
Legeattest
Skulebiblioteket
Boklister
Kantine
Post
Lånekassa
Elevrådet
Fritidstilbod
pen Skule
Skuleskyss
Elev PC-ordninga
Forsikring
Utvekslingsstudentar
Vurdering for læring
Førstegongsvitnemål
Informasjon om eksamen
Retningslinjer for heildagsprøver
Karakter i orden og åtferd
Utskriving av attestar, fagrapportar o.l.
Klage på karakterar
Ordensreglement for Firda vgs
Fråværsreglement
Krise- og beredsskapsplan
Årsplan
Branninstruks
Handlingsplan mot rus
-2-
August 2014
Kjære elevar skuleåret 2014-15
Velkomen til eit nytt skuleår på Firda, særleg velkomen til deg som er ny ved skulen denne
hausten. Vi gler oss til eit spennande skuleår ilag.
Skuleåret 2013-14 vart avslutta med at ein av elevane song «Sommerfuggel i vinterland» av
Halvdan Sivertsen. Nydeleg song som avsluttar slik: «og må drømmen du bær bli sann,
sommerfuggel i vinterland». Å ha draumar og forventningar er ein god ting. Eg håpar at du som
er elev ved skulen har draumar og ynskje for tida di her på Firda. At du ynskjer å få mest
mogeleg ut av denne tida, både fagleg og sosialt.
Firda er ein skule som har mykje å by på. Her er flotte lokale og vi har mykje flott utstyr som de
som elevar har tilgang til, både på dagtid og delvis på kveldstid. Her er eit godt miljø og god
arbeidskultur. Her er mange flotte ungdommar som er med og bidreg i både organiserte og i
uorganiserte samanhengar og ikkje minst har vi tilsette som ynskjer å bidra med undervisning
og støtte slik at du kan få oppfylt ynskja dine om å skaffe deg kompetanse for vidare utdanning
og jobb.
Våre overordna verdiar er mangfald, dialog, tillit, handlefridom og ansvar. Dette er verdiar som
skal legge grunnlaget for det gode samarbeidet vi ynskjer å ha med dykk som elevar. Vi vil
arbeide for god dialog både med elevar og foreldre.
Vi har laga dette informasjonsheftet for å informere deg om ulike sider ved skulen. Du vil finne
informasjon om skulen, skuleruta, ulike tenester, praktisk informasjon, vitnemål, eksamen, råd
og organ, instruksar, ordensreglement, kart over skule, presentasjon av leiinga og oversikt over
tilsette. På heimesida til skulen vil du finne meir informasjon som du vil ha nytte av både ved
skulestart og seinare. Vi vil utfordre deg til å gjere deg godt kjent
med innhaldet i både informasjonsheftet og å følgje med på
heimesida.
Dersom det er spørsmål som du ikkje finn svar på og som du har
behov for avklaring på er det berre å ta kontakt med skulen.
Kontaktinformasjon finn du på heimesida.
Vel møtt til eit utfordrande, innhaldsrikt og spennande skuleår.
Helsing Hallgeir Hansen
rektor
-3-
KORT PRESENTASJON AV SKULEN M/VISJON, PROFIL og MÅL
Firda vidaregåande skule vart skipa i 1922. Skulen har vore gjennom store endringar
sidan den fyrste tida då Firda var landsgymnas. I dag har skulen eit breitt tilbod med
opplæring innan utdanningsprogramma Studiespesialiserande, Idrettsfag, Musikk, dans
og drama, Medium og kommunikasjon og påbygg.
Heilt sidan starten har det vore nære band mellom skulen og bygda og vi er stolt av
mottoet «meir enn ein skule». Dette syner igjen ved at Gloppen sin kultursal, kinosal og
bibliotek er i same bygg som skulen. Her er det mange flotte konsertar og ulike
arrangement. I tillegg arrangerer skulen og elevane gjennom året mange konsertar og
tilstelningar som er opne for bygda. I 2011 vart Gloppen kåra til landets beste
kulturkommune
De som elevar har gjennomTrivselshagen tilgang til eit fantastisk anlegg med basseng,
treningsstudio, turnhall, idrettshall, friidrettsanlegg og klatrevegg. Saman med
dansesalane, kultursalen, kinosalen og biblioteket utgjer dette fantastisk anlegg.
Skulen har 380 elevplassar. Her er elevar frå heile fylket, mange bur på hybel. Gjennom
open skule, Gloppen scene, open hall og ulike arrangement vert det lagt til rette for
aktivitetar for både hybelbuarar og andre som ynskjer å vere med.
Vi har som mål å drive ein skule med stor trivsel og høg kvalitet. Skulen skal vere ein
utfordrande og god arbeidsplass for både elevar og tilsette. Firda skal og vere ein sentral
aktør i det lokale næringsliv og eit kunnskaps- og kultursenter for lokalsamfunn, region
og fylke.
-4-
UTDANNINGSPROGRAM
Skulen har følgjande utdanningsprogram:
Studieførebuande utdanningsprogram (gjev generell studiekompetanse)
•
•
•
Utdanningsprogram for studiespesialisering (allmenne fag)
Utdanningsprogram for idrettsfag
Utdanningsprogram for musikk, dans, drama
Yrkesfaglege utdanningsprogram
•
•
Utdanningsprogram for medium og kommunikasjon (MK)
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Studiekompetanse
Elevar som går på studieførebuande utdanningsprogram (sjå ovanfor) får generell
studiekompetanse når dei har greidd eksamen etter eit 3-årig løp. Dette betyr at dei kan kome
inn ved universitet og høgskular.
Nokre universitet og høgskular krev i tillegg at ein må ha visse fag for å kome inn. Dette vert
kalla spesiell studiekompetanse. Desse fagkrava er det viktig å gjere seg kjend med tidleg då
dette kan vere avgjerande for kva fag du bør velje i 2. og 3. klasse. Dette gjeld i første rekkje
dei som går på utdanningsprogram for studiespesialisering. Rådgjevaren vil hjelpe deg med
dette.
Utdanningsprogram for studiespesialisering
Fag og timefordeling
Fag
Felles allmenne fag
Norsk
Engelsk
Matematikk
Naturfag
Kroppsøving
Framandspråk
Geografi
Samfunnsfag
Historie
Religion/etikk
Programfag
Sum timar pr. veke
VG1
4
5
5
5
2
4
2
3
30
-5-
Veketimetal
VG2
VG3
4
6
3
2
4
2
2
4
3
15
30
15
30
Programfag på utdanningsprogram for studiespesialisering:
Ved skulen vår vil vi normalt gje tilbod om desse programfaga:
Programområde realfag
Matematikk
Fysikk
Kjemi
Biologi
Programområde språk, samfunnsfag og økonomi
Engelsk
Politikk, individ og samfunn
Psykologi
Marknadsføring og leiing
Medie- og informasjonskunnskap
Programfag frå andre utdanningsprogram
Breiddeidrett
Toppidrett
Friluftsliv
Veketimetal
VG2
5
5
5
5
VG2
5
5
5
5
5
VG2
5
VG3
5
5
5
5
VG3
5
5
5
5
5
VG3
5
5
5
5
5
Krav til val av programfag:
Du må velje eitt av dei tre programområda ovanfor. Innafor dette programområdet må du
velje minst 20 timar over to år. Dei resterande 10 timane kan du velje innafor same eller eit
anna programområde.
Utdanningsprogram for idrettsfag
Ved å ta utdanningsprogram for idrettsfag vil du i løpet av tre år oppnå generell studiekompetanse
på linje med elevar som har gått utdanningsprogram for studiespesialisering. På dette utdanningsprogrammet får du ei fin blanding av felles allmenne fag, idrettsfag og friluftsliv.
Fag- og timefordeling
Fag
Felles allmenne fag
Norsk
Engelsk
Matematikk
Naturfag
Framandspråk
Samfunnsfag
Geografi
Historie
Religion/etikk
Programfag
Sum timar pr. veke
VG1
4
5
5
5
4
12
35
-6-
Veketimetal
VG2
VG3
4
6
3
4
3
2
2
17
35
4
3
22
35
Utdanningsprogram for musikk, dans, drama
Ved å ta utdanningsprogram for musikk, dans, drama vil du i løpet av tre år oppnå generell
studiekompetanse på linje med elevar som har gått utdanningsprogram for
studiespesialisering. På dette utdanningsprogrammet får du ei fin blanding av felles allmenne
fag og fag innan musikk, dans og drama.
Fag- og timefordelinga
Fag
Felles allmenne fag
Norsk
Engelsk
Matematikk
Naturfag
Framandspråk
Samfunnsfag
Geografi
Historie
Religion/etikk
Programfag
Sum timar pr. veke
VG1
4
5
5
5
4
12
35
Veketimetal
VG2
VG3
4
6
3
4
3
2
2
17
35
4
3
22
35
Utdanningsprogram for medium og kommunikasjon
Utdanningsprogram for Medium og kommunikasjon er eit yrkesfagleg utdanningsprogram med
same fag- og timetal i allmennfaga som dei andre yrkesfaglege utdanningsprogramma.
Fag- og timefordeling
Fag
Felles allmenne fag
Norsk
Engelsk
Matematikk
Naturfag
Samfunnsfag
Nyare historie
Kroppsøving
Programfag
Prosjekt til fordjuping
Sum timar pr. veke
VG1
2
3
3
2
Veketimetal
VG2
VG3
2
2
10
5
3
3
2
17
6
35
-7-
2
17
9
35
5
2
10
35(36)
SKULERUTA
Skulestart elevar
Haustferie
Siste skuledag før jul
Fyrste skuledag etter jul
Vinterferie
Siste skuledag før påske
Fyrste skuledag etter påske
Elevfrie dagar
Siste skuledag
Måndag 18. august
6.-10. oktober (veke 41)
Fredag 19. desember
Måndag 5. januar
16. – 20. februar (veke 8)
Fredag 27. mars
Tysdag 7. april
Fredag 15. mai
Fredag 19. juni
SKULEDAGEN
Skuledagen starter kvar dag kl. 8.30. Måndag og onsdag slutter skuledagen kl. 14.55, tysdag og
torsdag kl. 15.40 og fredag kl. 14.00. Etter 4. time vert det ein matpause på 20 minutt og
deretter 30 minutt til møteverksemd og individuelt studiearbeid.
5. time kvar tysdag er "møtetime". Den nyttar elevane til møte (elevrådsmøter, møter i
russestyre, lag og organisasjonar), andre fellesaktivitetar og til studiearbeid. Lærarane nyttar
den til personalmøte, seksjonsmøte og anna møteverksemd. Når ein ikkje har møte, nyttar ein
timen til individuelt studiearbeid.
Der er såleis 35 timar i veka att til undervisning. Dei elevane som har mindre enn 35 timar
undervisning i veka kan t.d. gå på lesesalane på biblioteket og arbeide sjølvstendig i dei
undervisningsfri timane.
Økt
1
2
3
4
Time
1. time
2. time
3. time
4. time
Matpause
Møte/studieøkt
5. time
6. time
7. time
8. time
-8-
Klokkeslett
08.30 - 09.15
09.15 - 10.00
10.10 - 10.55
10.55 – 11.40
11.40 – 12.00
12.00 - 12.30
12.30 - 13.15
13.15 - 14.00
14.10 – 14.55
14.55 - 15.40
VIKTIGE TENESTER OG TILBOD
Rådgjevingstenesta
Firda vidaregåande skule har tre rådgjevarar. Turid Korterud, Jørund
Walseth og Liv Søreide Kleppaker. Alle har kontora sine ved inngangen
til personalrommet i B-bygget. Kontortida deira vil du finne på oppslag i
klasseromma eller på rådgjevarane sine kontordører. Dei deler klassane
i mellom seg og i starten på eit nytt skuleår vil dei kome inn i alle vg1klassane og presentere seg.
Rådgjevarane kan hjelpe deg med:
Informasjon, rettleiing og råd i høve til tilbod i vidaregåande
skule
• Informasjon, rettleiing og råd i høve til høgare utdanning
(høgskule og universitet) og yrke.
• Rettleiing, råd og støtte når det oppstår personlege og/eller
sosial problem.
• Rådgjevarane formidlar kontakt til og samarbeider med
helsepersonell, PPT og andre hjelpeinstansar/spesialistar om det
er ønskjeleg og/eller nødvendig.
Rådgjevarane har teieplikt.
•
•
Miljøkoordinator
Skulen har eigen miljøkoordinator som organiserer Open Skule med ulike
aktivitetar og arrangement. I tillegg følgjer koordinatoren opp elevar
utanom skuletida.
Miljøkoordinator/miljøarbeidar er tilgjengeleg kvar kveld i opningstida
for Open Skule og er der for elevane. Om de treng hjelp eller berre
nokon å prate med. Tilgang til vaskemaskiner og tørketrommel (heile
veka). Sjå oppslag og meir info på www.firda.vgs.no.
Liv Holvik, miljøkoordinator
Oppfølgingstenesta
Oppfølgingstenesta (OT) er ei fylkeskommunal teneste som i Sogn og Fjordane er delt i 10
regionar. I kvar region er det ein OT- koordinator som skal gi råd, rettleiing og støtte til dei
ungdomane mellom 16 og 21 år som ikkje nyttar seg av retten til vidaregåande opplæring, eller
som ikkje er i fast arbeid. OT skal også gi dette tilbodet til dei som avbryt det
opplæringstilbodet dei har fått.
OT sine næraste samarbeidspartnarar er vidaregåande skule, PPT og, ikkje minst, NAV.
OT- koordinator på Firda vidaregåande har kontor på dei eine rådgjevarkontoret, og har ansvar
for Gloppen kommune.
-9-
Alternativ opplæring
I tillegg til ordinære 3-årige skuletilbod på ulike utdanningsprogram kan Firda vgs gje tilbod
om:
• Utvida opplæringstid (inntil fem år)
• Redusert fagkrins
• Kombinasjonar skule- arbeid
• Opplæring etter individuelle læreplanar = spesielle opplegg tilpassa einskild-elevar sine
behov
Slike ordningar som er nemnde ovanfor, kan setjast i verk dersom det ligg føre sakkunnig
tilråding, t.d. frå Pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT). For nærare informasjon:
Kontakt rådgjevar.
Hjelpe/støttetiltak
Elevar som har sjukdomar, lange sjukehusopphald, spesielle vanskar, funksjonshemmingar etc.
har rett på spesiell tilrettelegging etter nærare reglar.
Slike tiltak kan vere:
• Tilrettelegging av prøver og eksamen
(lengre tid, kombinerte skriftlege og munnlege prøveformer, bruk av EDB m.m.)
• Lydbøker og anna hjelpeutstyr
• Eige datautstyr
• Ekstra støttetimar i eitt eller fleire fag
• Tilrettelegging av rom, t.d. ved hørselsvanskar
• Andre tiltak
Ekstra hjelpe-/støtte-tiltak kan setjast i verk etter sakkunnig vurdering/attestasjon.
For nærare informasjon: Kontakt rådgjevar eller spesialpedagog.
PPT
Eit PPT-kontor er ein stad der eleven kan få hjelp i spørsmål som gjeld hans/hennar
personlege, sosiale eller skulemessige utvikling. Det er viktig å ta opp problema før dei vert for
store, og det er aldri gale å kome tidleg med noko som blir opplevd som vanskeleg.
PPT kan hjelpe deg med:
• Fagvanskar - t.d. lese-/skrive-/språk- eller talevanskar
• Vanskar i samband med funksjonshemmingar
• Vanskar ved overgang frå ein skule til ein annan
• Vanskar i samband med seksualitet
• Familieproblem
• Konfliktar - t.d. forhold til lærar/medelevar
• Vanskar med hybellivet
• Misstrivsel/angst/depresjonar/mobbing/søvnvanskar
• Matvanskar/rusproblem osv.
PPT vil ha møtetid på skulen (på helsesøster sitt kontor) kvar onsdag frå kl 10-13.
- 10 -
Fagpersonalet ved kontoret har teieplikt. Det vil seie at det du fortel ikkje blir fortalt vidare,
med mindre du gir løyve til det. PP-tenesta har mange målgrupper og mangfaldige oppgåver.
I tillegg til barn/unge/vaksne med ulike hjelpebehov, omfattar arbeidet også oppgåver i
forhold til:
• Foreldre/føresette
• Skulen som organisasjon
• Den einskilde lærar
• Gruppe/klasse
• Skuleadministrasjon
I mange tilfelle vil oppgåvene også omfatte arbeid i høve til fritidsmiljø og bu miljø og
samarbeid med helse-/sosial-/kultur-etaten.
I vidaregåande skule er rådgjevarane ein viktig samarbeidspart.
PPT held til i Grandavegen 9, tlf. 57 88 38 00. Opningstid 08:00 – 15:00.
Skulehelseteneste
Formålet med skulehelsetenesta er å fremje elevane si totale helse og førebygge sjukdom og
skade. I dette arbeidet vil helsesøster møte elevar både til
einesamtaler og i grupper/klasser.
Helsesøster vil ha opa møtetid på kontoret ved skulen kvar
måndag kl. 08.30 - 12.00 Du er velkomen innom!
I samarbeid med skulen vil helsesøster og undervise om tema
som hybelliv, russefeiring, samliv, prevensjon og korleis ein kan
ta vare på si psykiske helse i ein stressa kvardag og i møte med
store utfordingar og kriser. (Programmet "Ungdom og psykisk
helse")
Margot Gimmestad, helsesøster
Helsestasjon for ungdom
Dette tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta. Her kan ungdom i alderen 13 til 20 år
kome for å få hjelp med spørsmål om helse og trivsel.
Kvar? Gloppen helsestasjon. (2. etasje i det nye helsesenteret på Grandane, Rema 1000.)
Når? Alle måndagar bortsett frå skuleferiar. Kl. 13.00, vi stenger kl. 15.45 (15.00 sommartid.)
Fagpersonar: Lege og helsesøster. Det er ikkje timeavtale og tilbodet er gratis.
Velkomen til helsestasjon for ungdom!
Legeattest
Etter møte mellom skulen og kommunelegen er det semje om at elevane har krav på
legeattest i følgjande tilfelle:
• Ved langtidssjukdom, dvs. sjukdom i 2 veker eller meir. Kronisk sjukdom treng ikkje vere
samanhengande for å kome inn under denne regelen
• Ved sjukdom under eksamen
• Når eleven har sjukdom som krev tilrettelegging av prøver, eksamen og undervisning –
til dømes allergi. Slike attestar må innehalde grunngjeving/dokumentasjon av sjukdom
og kva tiltak som skal krevjast
- 11 -
NYTTIGE OPPLYSNINGAR
Skulebiblioteket
Skulebiblioteket er kombinert med Gloppen folkebibliotek som held til i Trivselshagen.
Torill Berge, Wenche Søreide, Ann Kristin Vik Fløtre og Inger Anne Skeistrand hjelper deg med
å finne fram det du treng av litteratur og informasjon av ulikt slag. På biblioteket finn du også
plater, video, lydbøker, aviser, tidsskrift og PC-ar til internettsøk, arbeidsplassar og grupperom.
Biblioteket har i perioden 01.09 – 15.05. desse opningstidene:
Måndag
10 - 15
Tysdag-torsdag
10 - 18
Fredag
10 - 15
Laurdag
11 - 14
15.05. – 01.09 har biblioteket kortare opningstid.
Meir om biblioteket og biblioteket sin database finn du på Firda sine nettsider. Du kan søkje og
bestille i databasen og ha oversikt over eigne lån via ”Meg & mitt”.
Boklister
Hugs at Firda sine boklister finn du på: http://firda.vgs.no (Elevar/Boklister)
Kantine
Kantina held til i Trivselshagen. Sjå oppslag om opningstider.
Post
Inngåande post til elevar som har oppgjeve skulen som adresse kjem til kontoret på skulen.
Der har kvar klasse si eiga posthylle der posten vert fordelt. Du kan gå innom kontoret for å
undersøkje i posthylla om der er post til deg.
Lånekassa
Som elev på vgs kan du søkje to stader:
* vigo.no – når du takkar ja til skuleplassen på vigo.no, finn du søknaden om stipend og
lån på vigo.no. Du bruker kodane til MinID for å logge inn på vigo.no.
*
lanekassen.no. Alle kan søkje på lanekassen.no. Du bruker kodane til MinID for å logge
inn på søknaden.
Ver merksam på at retten til støtte frå Lånekassa kan falle bort ved høgt, ugrunna fråvær.
- 12 -
ELEVRÅDET
Elevrådet skal ivareta elevane sine interesser i skulesamanheng. Så tidleg råd er etter
skulestart om hausten vel kvar klasse tillitselev med vararepresentant. Elevrådet er samansett
av tillitselevane frå alle klassane. Elevrådstyret er sett saman av elevrådsleiar, nestleiar,
sekretær og eitt styremedlem. Charlotte Østebø Nilsen er kontaktperson for elevrådet.
Styret førebur sakene som skal opp i elevrådet, skriv sakliste og utarbeider referat frå møta.
Dersom elevrådet eller ein femdel av elevane ønskjer det, skal det haldast allmøte for elevane
på skulen, der alle elevane har tale-, forslags- og røysterett. All møteverksemd skal, så langt råd
er, leggast til midttimane.
Elevrådet er representert i ulike råd og utval som t.d. skuleutvalet, skulemiljøutvalet,
kantineutvalet, bibliotekutvalet, ungdomsrådet og LAMU.
Elevrådsleiar og nestleiar møter fast på møte saman med leiinga og rådgjevarane ved skulen.
Elevrådet 2013-2014
- 13 -
FRITIDSTILBOD
Gloppen kommune er rik på friluftsområde, frå strandområde ved sjøen med høve til bad,
fisking og båtturar til fjellområde for turgåing, fiske og jakt. Kommunen har eit rikt
organisasjonsliv med stor breidde i aktivitetstilboda. Særleg er det stor aktivitet innafor idrett,
musikk og kristelege organisasjonar.
Open Skule
På Firda har vi Open Skule 3 kveldar for veka: tysdag, onsdag og torsdag. Her treff du
elevar frå skulen, og miljøkoordinator Liv er alltid til stades. Tilbodet omfattar opa
kantine kor du kan kjøpe deg mat og billig middag, og du kan slappe av og sjå på TV,
film, spele spel, gjere lekser, ha det sosialt. Open skule arrangerer også ulike
temakveldar gjennom året. Open skule er eit tilbod til alle våre elevar, og du finn oss i
kjellaren i Gamlebygget.
Styringsgruppa for Open skule 2013-2014
Open hall
Eit tilbod til elevar ved Firda vgs og ungdomsskulane, arrangert av idrettsklassane. Ulike
idrettstevlingar der også lærarane er oppfordra til å delta. Kafé med godt utval, lotteri m.m.
Gloppen Scene
Konserttilbod på Gloppen Hotell ein gong i månaden. Hovudsakleg pop/rock, men også
andre musikkformer. Lokale og nasjonale band!
- 14 -
Gloppen kommunale kino
Kinoen held til i Trivselshagen. Kinodagane er vanlegvis tysdag, torsdag og søndag.
Lag og organisasjonar i bygda
Som nemnt ovanfor representerer lag og organisasjonar i bygda eit breitt fritidstilbod. Det er
ikkje råd å nemne alle, men nokre av dei mest aktuelle fritidstilboda finn du i:
IDRETTSLAG:
Sandane Turn & IL
Fjellhug/Vereide IL
Breimsbygda IL
Gloppen Handballklubb
Gloppen Friidrettslag
MUSIKK/KULTUR:
KRISPO / Sandane Ten Sing
Gloppen Janitsjar
Gloppen kulturskule
ANDRE:
Gloppen kommunale kino
Fritidsklubben Blakken
Breimsbygda Skisenter
Hjelpekorpset
Gloppen padleklubb
Gloppen klatreklubb
Turløyper
I Sandane-området finn du mange fine skogsbilvegar og merka turløyper. Her er det gode
forhold både for turgåing og trening.
SKULESKYSS
Elektronisk skuleskysskort
Frå hausten 2014 har Sogn og Fjordane fylkeskommune innført elektroniske skuleskysskort
for alle elevar som har rett på fri skuleskyss. Skuleskysskortet skal brukast alle åra eleven
går i vidaregåande skule. Det er difor viktig at eleven tek godt vare på kortet og nyttar
plastlomma som kortet ligg i ved utdeling.
Elevane som har rett på skuleskyss må fylle ut søknadsskjema for skuleskyss og levere dette
på kontoret på skulen så fort som mogleg. Eleven får så utlevert kortet, i lag med eit
vedtaksskriv om at eleven har rett på skuleskyss og ei brosjyre med reglar og rutinar for
bruk av kortet. For meir informasjon om elektronisk skuleskysskort, sjå skulen sine
nettsider.
Generelt om kortet
•
•
•
•
•
Gjeld berre for reiser mellom heim og skule
Gjeld 2 reiser kvar dag inkludert overgang, ei til og ei frå skulen
Skal ikkje nyttast til reiser/turar i skuletida
Gjeld berre på dagar med undervisning på skulen, gjeld ikkje på fridagar eller i feriar
Kortet er personleg men namn og kortnummer. Det er ikkje lov å låne det ut til
andre.
Naudkort
Dersom ein elev mistar eller øydelegg kortet sitt, skal eleven likevel få skyss til skulen. I
løpet av skuledagen må eleven ta kontakt med administrasjonen på skulen for å få låne eit
naudkort.
- 15 -
RETT TIL SKULESKYSS
Heimebuande
elevar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane får skuleskyss eller skyssgodtgjersle
dersom dei er heimehøyrande i fylket og kortaste avstand mellom heim og skule er 6 km
eller meir. Gangavstand mellom heim og skulebuss er no redusert til 4 km.
Hybelbuarar
får ikkje dekt utgifter i samband med reiser til foreldra sin heim i helgar, ferier eller på
fridagar.
Delkurselevar
Kjem inn under reglementet på lik linje med heilkurselevar.
Funksjonshemma
elevar, som etter sakkunnig vurdering (lege/psykolog) treng spesiell skyss, får dagleg skyss
utan omsyn til minsteavstand.
Skade/sjukdom
Elevar som på grunn av skade eller sjukdom ikkje kan kome til skulen på vanleg måte, men
som elles kan følgje undervisninga, kan i ekstraordinære høve få dekka utgiftene til
skuleskyss. Legeattest må ligge føre, og det kan berre gjevast skyss for det tidsrommet
legen meiner er naudsynt. Kontakt kontoret på skulen for nærare informasjon.
Det må ikkje rekvirerast skuleskyss av dette slaget utan etter avtale med skulen.
Privat skyss
Elevar som bur slik til at dei ikkje kan gjere bruk av skulerute eller rutegåande
transportmiddel, men som har rett på skuleskyss etter hovudregelen, kan få skyssgodtgjersle for bruk av privat skyssmiddel. Elevane må søkje om å få slik godtgjersle.
Kontakt kontoret på skulen for nærare informasjon.
Utplassering
Elevar heimehøyrande i Sogn og Fjordane som går på skule i heimefylket, får etter søknad
dekka reise-/bu utgifter ved utplassering i institusjon, dersom utplasseringa ifølgje
fagplanen er obligatorisk. Kontakt kontoret på skulen for nærare informasjon.
Søknadsfrist
Dersom eleven ikkje har meldt skysstrong eller sendt søknad om dekking av utgifter til
privat skyss innan 1. september, taper vedkomande elev eventuell rett til skuleskyss/skyssgodtgjersle. Søknaden skal skrivast på eige skjema og sendast gjennom skulen.
- 16 -
PARKERING
Det er parkeringsforbod på heile skuleområdet i skuletida. Unnateke er nokre merka
parkeringsplassar, desse har ei tidsavgrensing på 2 timar og er reservert for besøkjande til
skule /bibliotek og ved tenestekøyring (av/på-lessing). Skulen har ikkje høve til å gje løyve til
unntak frå desse reglane.
Parkering for elevar
Det er lov å parkere ved STIL-stova og Firdahallen. Parker ikkje utanfor det som er avsett til
parkeringsareal.
Køyring på skuleområdet
I skuletida er all køyring på skuleplassen, på vegen bak gamlebygget og på gangvegen
mellom skulen og Firdahallen forbode.
Brot på reglane om køyring/parkering på skuleområdet kan føre til nedsett karakter i orden
og åtferd, disiplinærtiltak og/eller bøtelegging etter vegtrafikklova.
BRUK AV OPPSLAGSTAVLER
Det må ikkje setjast opp oppslag eller plakatar utanom oppslagstavlene. Unntak er
nødvendige oppslag på dører om eksamen, heildagsprøve, byte av rom etc. Skulen og
elevane kan setje opp oppslag på tilvist plass utan nærare løyve. Bedrifter, organisasjonar
og personar utanfrå må få oppslaga godkjent og stempla på kontoret. Det skal ikkje setjast
opp oppslag på dører/vindauge i Trivselshagen utan etter løyve frå dagleg leiar, elevar tek
dette via skulen sin administrasjon.
Oppslagstavle utanfor C-104
Skal berre brukast av skulen for informasjon og meldingar til elevane.
Oppslagstavle på Aulaveggen
Kan brukast av alle til generell informasjon. Tavla med glasdør er for skulen sin bruk.
Oppslagstavle ved Open Skule
Den store oppslagstavla her er reservert for elevinformasjon frå rådgjevar.
- 17 -
ELEV PC-ORDNINGA
Sogn og Fjordane Fylkeskommune har ei eiga skule-pc-ordning som alle elevar som starter
på vg1 får tilbod om. Informasjon om ordninga finn du her: www.sfj.no/elevpc
Instruks for bruk av datamaskin
Datamaskina er i skulesamanheng ein pedagogisk reiskap, som berre skal nyttast i samband
med faglege opplegg.
1.
2.
3.
4.
5.
Elevane pliktar å ha med datamaskin til alle timar, viss anna ikkje er avtalt med faglærar
Den enkelte faglærar bestemmer når og korleis datamaskina skal nyttast i timane
Innleveringar skal skrivast i avtalt filformat, med teiknstorleik 12, linjeavstand 1,5
All innlevering skal skje i FRONTER, viss anna ikkje er avtalt
Bruk av datamaskin til andre føremål enn dei som har med undervisning å gjere,
medfører merknad og konsekvens for ordenskarakteren
6. Alle elevar får eige brukarnamn/ passord. Desse er personlege og skal ikkje “lånast
ut” til andre. For å sjå på opplysningane om kontoen din ev. endre passord kan du
logge på denne adressa: reg.sfvgs.no
Utskrift og kopiering
Alle elevar får tilgang til skulen sitt system for utskrift og kopiering. Dette systemet vert kalla
PullPrint Safecom og EveryonePrint. For kunne bruke dette systemet må du ha ID-kortet som
du får av skulen etter skulestart. I tillegg må du aktivere kontoen din i utskriftssystemet. Når du
har aktivert kontoen din, vil du kunne nytte skulen sine multifunksjonsmaskiner og nokre av
skrivarane. Du vil kunne skrive ut frå alle typar datamaskiner (Windows, Mac, Linux) og andre
einingar som telefonar og nettbrett. I tillegg vil du kunne kopiere og scanne til e-post på
multifunksjonsmaskinene.
Alle elevar får ein utskriftskvote på kr 200,A4 S/K
kr 0,40 pr. side
A4 Farge
kr 2,00 pr. side
A3 Svart-kvit kr 0,80 pr. side
A3 Farge
kr 4,00 pr. side
Når du har brukt opp kvoten kan du kjøpe fleire utskrifter ved å nytte betalingsløysinga som
ligg inne i systemet.
Websida for betaling og administrasjon av Safecom/kort er http://sfj.no/utskrift
Websida for Everyoneprint er http://sfj.no/ep
Lenkene finn du også under «IKT-hjelp» på nettsida til skulen.
- 18 -
FORSIKRING
Sogn og Fjordane fylkeskommune har teikna kollektiv ulukkesforsikring for elevane i den
vidaregåande skulen i fylket i AIG Europe. Trygdesummane for kvar elev er:
Ved medisinsk invaliditet 5G
Behandlingsutgifter
0,25G
Ved dødsfall
1G
1G = kr. 85.245,- pr. mai 2013
Kvar og når gjeld forsikringa?
•
•
•
•
•
•
•
På direkte veg frå heim/bustad til skule/undervisningsstad og frå skule/undervisningsstad
til heim/bustad
Innafor skulen sitt område (dvs. skulen sine lokale + uteområde) i ordinær skuletid
I friminutt (også når elevane med løyve frå skulen oppheld seg utanfor skulen sitt område i
friminutta)
Under leik, utøving av idrett, utflukter, reiser, utanlandsopphald, skuleturar,
bedriftsvitjingar o.l. som skjer utanfor skulen sitt område, men som er i skulen sin regi
Ved utplassering i arbeidslivet når det inngår som ledd i undervisninga. Trygdinga gjeld
også på direkte veg mellom bustad og arbeidsstad
På direkte veg mellom to undervisningsstader
Kursdeltakarar som får undervisning ved skulen er å sjå på som elevar
I tillegg er elevar yrkesskadetrygda i den tida dei er utplasserte i arbeidsveke eller
praksisperiodar i næringslivet. Dette gjennom arbeidsgjevar.
Registrering av skade
Når ein elev har fått ein skade som kjem inn under reglane ovanfor, må det fyllast ut ei
skademelding om ulykkes skade. Ein får utlevert skjemaet ved å vende seg til kontoret og
leverer det ferdig utfylt tilbake. Kontoret sender det inn til fylkeskommunen.
Dekning av kostnader
Eleven betaler sjølv utgifter til lege, fysioterapeut og eventuell anna behandling og innhentar
refusjon frå folketrygda på vanleg måte. Ta vare på kvitteringar (eventuelle kopiar) for
behandling og utbetalt refusjon frå folketrygda. Dette skal leverast på kontoret på skulen.
Skulen sender så desse inn til fylkeskommunen for refusjon. Eleven bør såleis opp gje
bankkonto som pengane kan overførast til.
Erstatning for tapt arbeidsforteneste
Dersom eleven har tapt arbeidsinntekt (sommarjobb) som følgje av skaden, kan han/ho sende
søknad til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Bygge- og eigedomsavdelinga, 5840
Hermansverk, om å få erstatning for dette. Det må då dokumenterast så godt som råd er kor
mykje inntekt ein gjekk glipp av, grunngjevast kvifor ein miste arbeidsinntekt og leggast ved
dokumentasjon som t.d. legeerklæringar.
Erstatning for eventuelle varige skadar
Dersom skaden vert varig må ein søkje same stad om erstatning. Dette vil krevje god
dokumentasjon frå lege/sjukehus. Dersom skaden er forårsaka av andre kan det også vere
aktuelt med sivilt søksmål mot desse. Det vert også å ta opp med fylkeskommunen/forsikringsselskapet.
- 19 -
UTVEKSLINGSSTUDENTAR
Elevar som tenkjer på å ta eit skuleår som utvekslingsstudent i eit anna land, må i god tid
vende seg til rådgjevar for nærare informasjon om dette. Nokre av dei viktigaste punkta ein
må vere merksam på er nemnde nedanfor.
Elevplass når ein kjem tilbake
Du må søkje inntak til neste skuleår på vanleg måte. Hugs søknadsfrist!
Godkjenning av skuleår i utlandet
Som hovudregel skal eit skuleår ved ein utanlandsk vidaregåande skule med hovudvekt på
allmenn-teoretiske fag kunne godkjennast som likeverdig med eit skuleår ved ein norsk
vidaregåande skule i studieretning for allmenne fag. Kontakt rådgjevar eller pedagogisk leiar
om dette.
Konsekvensar for lån/stipend
Til vanleg får ein ikkje lån/stipend det året ein er utvekslingsstudent. Ver merksam på at viss
du tek eit år i utlandet som ikkje er godkjent, vil du få redusert stipend etter fylte 19 år.
Undersøk i god tid med Statens Lånekasse for Utdanning kva reglar som gjeld for
utanlandsopphald og kva konsekvensar dette kan få for lån/stipend seinare.
Utvekslingsstudentar
frå Italia i 2013-2014
- 20 -
VURDERING FOR LÆRING, EKSAMEN, VITNEMÅL OG KLAGE
Vurdering som fremjar læring
Vurdering for læring (VFL) er eit satsingsområde for elevar og lærarar på Firda. Dette betyr at vi
skal bli betre i arbeidet med prøver, innleveringar og framføringar - ikkje minst gjeld dette
arbeidet etter slike arbeid er gjort. Etter drøftingar i elevråd, fagseksjonar, personalmøte og
leiing bestemte vi i fjor at hovudvekta i dette arbeidet skulle vere:
•
•
Elevane skal ha tilbakemelding om arbeidet sitt som fortel om kvaliteten på det dei har
gjort
Elevane skal få rettleiing om korleis dei kan forbetre seg
Førstegongsvitnemål
Hovudkravet for å få førstegongsvitnemål er at ein har fullført og bestått vidaregåande skule i
løpet av tre år. Ein kan fritt ta eksamenar for å forbetre karakterar i løpet av dei tre åra.
Unntaksvis kan ein bruke fire år. Dette gjeld: Ved sjukdom, omval (ein gong), eitt år i utlandet.
Uansett må ein ha gjort ferdig vidaregåande skule seinast det året ein fyller 21 år.
Informasjon om eksamen
Oppdatert informasjon om eksamen på http://www.sfj.no under Opplæring – Eksamen
Oppmelding til eksamen/offentleggjering av eksamenstrekket
Elevar vert oppmelde til ordinær eksamen av skulen, men eleven sjølv plikter å gjere seg kjent
med trekket når det blir offentleggjort. Eleven har sjølve ansvaret for å melde seg opp til
utsett, særskild og ny eksamen. Skjema for dette får ein på kontoret.
Privatistar har sjølve det heile og fulle ansvar for å melde seg opp til eksamen innan fristen.
Det same gjeld for elevar som skal ta eksamen som privatistar i einskildfag. Ein kan ikkje melde
seg opp som privatist til eksamen i fag der ein har elevstatus. NB! Privatistar må melde seg opp
til eksamen på internett på fylkeskommunen sine nettsider (http://www.sf-f.kommune.no)
under Opplæring. Der finn du også fristar for oppmelding, prøveavgifter og annan informasjon.
Alle, både elevar og privatistar, kan meldast opp til hausteksamen. Dette betyr at elevar som
har rett til særskild eller ny eksamen, kan velje om dei vil gå opp som elev eller privatist.
Dersom ein går opp til særskild/ny eksamen som elev, er dette gratis og ein beheld
standpunktkarakteren i faget. Melder ein seg opp som privatist må ein betale prøveavgift og
ein misser standpunktkarakteren i faget. Dette kan t.d. vere aktuelt viss ein har ein dårleg
standpunktkarakter.
Særskilde tiltak ved prøver/eksamen
Etter søknad til rektor kan framandspråklege elevar og elevar med ulike vanskar/funksjonshemmingar få særskild tilrettelegging av prøver og eksamen. Ta kontakt med rådgjevar snarast
råd for meir informasjon om dette. Søknad til rektor må innleverast så tidleg som råd er i
skuleåret.
Lesedagar ved skriftleg eksamen
- 21 -
Elevar/privatistar får fri eksamensdagen + ein lesedag før skriftleg eksamen. Laurdag og søndag
vert ikkje rekna inn i lesedagane.
Lesedagar ved munnleg/praktisk-munnleg eksamen / kombinert prøve
Elevar som vert trekt ut til munnleg eksamen får til vanleg 2 dagar (48 timar) til å bu seg til
prøva. Laurdagar og søndagar vert ikkje rekna med i førebuingstida, og munnleg eksamen kan
ikkje gjennomførast på måndagar eller første dag etter heilagdag/høgtidsdag.
Elevar som går opp til munnleg eksamen som privatistar får ein lesedag før eksamensdagen.
Det er eleven som har ansvaret for at skulen får melding om årsaka til fråvær i samband med
eksamen.
Sjukdom ved eksamen
Dersom ein er sjuk ved eksamen i 3. klasse misser ein grunnlaget for opptak til høgare studium
same hausten. Ein får først utskrive vitnemål etter utsett eksamen i desember. (Gjeld ikkje ved
sjukdom på eksamen i norsk hovudmål). Forskriftene gjev likevel høve til å søkje dispensasjon,
slik at ein likevel kan verte oppteken ved høgare studium same hausten. Kontakt kontoret ved
skulen om dette.
Hugs: Skaff deg alltid sjukemelding frå lækjar om du vert sjuk på ein eksamensdag!
Det må gå fram av sjukmeldinga at den omfattar den dagen eksamen er!
Utsett, særskild og ny eksamen
a) UTSETT EKSAMEN (i november - desember)
Elev/privatist som i eitt eller fleire fag har gyldig forfall ved ordinær eksamen, har rett
til å gå opp til utsett eksamen i faget/faga.
Viss ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekking av fag skje på nytt
b) SÆRSKILD EKSAMEN (alle fag i november - desember)
Elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i fag som ikkje vart trekt ut til eksamen
eller fag der eksamen ordinært ikkje vert halde, har rett til særskild eksamen i
faget/faga
c) NY EKSAMEN (alle fag i november - desember)
Elev som får karakteren 1 ved eksamen, har rett til ny eksamen i faget/faga
Fusk og bortvising
Eksamensprøve kan annullerast dersom ein elev/privatist har fuska eller forsøkt å fuske under
eksamen. Dette vert handsama av rektor. Ved annullert eksamen kan kandidaten tidlegast gå
opp til ny eksamen i faget eitt år seinare.
Ved uakseptabel åtferd under eksamen kan kandidaten, etter åtvaring, visast bort. Dette skal
avgjerast av rektor. (Sjå elles under pkt. 4 i ”Forskrift til opplæringslova”.)
- 22 -
Retningslinjer for heildagsprøver
Før prøva tek til, skal tilsynet sjå til at elevane er plasserte slik i rommet at dei ikkje kan sjå kva
dei andre skriv.
Hjelpemiddel:
For dei fleste fag: Alle hjelpemiddel er lov å bruke unntatt mobiltelefon, internett eller andre
kommunikasjonsverkty.
For realfaga og treningslære 1:
• 2 timar utan anna hjelpemiddel enn skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar (for
treningslære 1: også lommekalkulator).
• Etter 2 timar: innlevering av del ein. Ved del to: Same som for dei fleste andre fag (sjå
over). Elevane kan starte med del to før innlevering av del ein, men då utan
hjelpemiddel.
Oppgåver vert delte ut når tilsynet har forsikra seg om at reglane i pkt 2 er følgde opp.
Tilsynet må plassere seg slik i rommet at dei kan følgje med i det som skjer.
Ved digital prøve skal tilsynet sitje bak i rommet.
Tilsynet må ikkje drive med andre syslar medan dei sit vakt, og skal heile tida følgje med i det
som skjer i rommet.
Ved utfylging skal det vere maksimum 5 elevar i kvar pulje, og gruppa skal haldast samla
medan dei er ute. Det er ikkje høve til å gå i kantina.
Elevane skal dekkje til notatane sine medan dei er ute. Tilsynet skal sjå til at dette vert gjort.
Fusk eller forsøk på fusk fører til at det ikkje vert sett karakter. Det kan i sin tid få
konsekvensar for standpunktkarakteren i faget.
Fusk eller forsøk på fusk er t.d.:
• gje eller prøve gje eller formidle hjelp til andre
• ta imot slik hjelp
• ha eller bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatne etter at prøva er delt ut
Desse reglane må, med nødvendig tilpassing, også praktiserast ved kortare prøver.
Karakter i orden og åtferd
Ved fastsetjinga av karakter i orden tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god
arbeidsinnsats, og til korleis eleven følgjer ordensreglane som er fastsett for kvar skule.
Ugyldig fråvær kan føre til nedsett karakter i orden.
Ved fastsetjinga av karakter i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skuleområdet
og elles når skulen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggje vekt på
korleis eleven ter seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til
korleis elevane ter seg mot kvarandre på skulevegen og til korleis eleven følgjer
ordensreglane som er fastsette for kvar skule.
For at du skal vite meir om grunnlaget for karaktersetjinga tek vi her med dei punkta som
vert vurdert under karakteren i orden og åtferd:
- 23 -
Orden
*
*
*
*
*
*
*
*
Upresis til timar og avtaler
Ikkje gjort lekser/arbeid etter arbeidsplan
Manglande oppfølging av instruksar og meldingar
For sein eller manglande innlevering av skriftlege arbeid
Gløyming av bøker, notatar eller anna undervisningsmateriell
Manglande undervisningsmateriell (kjøper ikkje)
Uorden i samband med søknad om fri/studiedag, rapportering av fråvær etc.
Andre kritikkverdige forhold
Åtferd
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
Rydde opp etter seg (ta omsyn til andre elevar, reinhaldarar etc.)
Uro eller bråk i timane
Ikkje le av/latterleggjere andre sine feil
Respektere at bannord og upassande språkbruk ikkje kan godtakast
Respektere andre sine meiningar
Ikkje saboter undervisninga gjennom negativt kroppsspråk
Følgje dei spelereglane ein er blitt samde om
Respektere ei avgjerd når den er teken
Ikkje mat eller drikke i timane
Ikkje gå ut/inn i timane utan først å be om løyve
Karakteren i orden og åtferd vert bestemt ut frå faglærarane si vurdering av eleven i høve til
punkta ovanfor. Det er såleis ikkje berre merknader som er innført i fråværsdagboka som
vert lagt til grunn.
Karakteren vert vurdert individuelt og om der er spesielle formildande årsaker vert det teke
omsyn til dette.
Utskriving av attestar, fagrapportar m.m.
Utskriving av vitnemål, årskursbevis, attestar som har med skulen å gjere, stadfesting av
elevstatus, stadfesting av at eleven er/har vore medlem/leiar av lag/råd/utval o.l. er
sjølvsagt utan kostnad for eleven. Likeeins syter faglærar for fagrapportar i alle fag der du
har elevstatus.
Når det gjeld andre attestar der ein lærar skal gje ei vurdering av eleven sin faglege og/eller
personlege eigenskapar t.d. ved søknad til andre opplæringsinstitusjonar, søknad om plass
som utvekslingselev o.l. må eleven betale godtgjersle for dette. Likeeins må privatistar som
treng hjelp til å setje opp fagrapportar betale godtgjersle til faglærar for dette. Kopiering av
gamle fagrapportar kan ein få utført mot å betale kopieringskostnadene.
Slik går du fram når du skal ha attest o.l.
Du vender deg til kontoret på skulen. Dei vil ordne med alle attestar som har direkte med
skulen å gjere. For andre typar attestar o.l. skriv dei ønsket ditt på eit skjema som dei
leverer til den aktuelle kontaktlærar/faglærar, eller du vert vist til rette vedkomande.
Læraren leverer det ferdige produktet tilbake til kontoret, og eleven kan hente det der mot
å betale fastsett godtgjersle.
- 24 -
Kva kostar slike attestar o.l.
For arbeid med attestar, omsetjing av vitnemål, hjelp med pensumlister for privatistar o.l.
skal faglærar ha ei godtgjersle på kr. 150,- pr. time. Minstesatsen for slikt arbeid er kr. 100,-.
Klage på karakterar
(Sjå kap. 5 under FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA.)
Forskrift til opplæringslova
I forskrifta til opplæringslova finn du m.a. informasjon som gjeld vurdering og klage på
vurdering av elevar i vidaregåande opplæring (kap.3 og 5 i forskrifta).
Du finn lenker til den fullstendige forskrifta og til Opplæringslova på firda.vgs.no
- 25 -
INSTRUKSAR, ORDENSREGLEMENT OG HANDLINGSPLANAR
Ordensreglement for Firda vgs
Fastsett med heimel i ”Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa” av 17. juli 1998
nr. 61 §3-7 og §9a, forskrift til opplæringslova av 23. juni 2006 og forskrift til ordensreglement
for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane vedteke i hovudutval for opplæring 29. mars
2007, revidert i sak 02/09 og i sak 04/14. Ordensreglementet vart vedteke i skuleutvalet 7. juni
2007. Det vart revidert i skuleutvalet 23.mai 2014. Det reviderte ordensreglementet tek til å
gjelde frå 01.07.14.
§ 1 FØREMÅL
Føremålet med reglementet er å bidra til godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar.
Reglementet skal fremje god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring.
Reglementet gir reglar for
- Elevane sine rettar og plikter
- Oppmøte og fråvær
- Orden og åtferd
- Tiltak overfor elevar som bryt reglane og om framgangsmåten ved behandling av slike saker.
§ 2 VERKEOMRÅDE
Reglementet gjeld for alle som er under opplæring ved skulen. Dette gjeld alle elevar i vanleg
utdanningsløp, lærlingar, elevar i vaksenopplæringa, hospitantar og andre når opplæringa går
føre seg i skulen sin regi. Når vi i resten av reglementet omtalar ”elevar” så omfattar dette alle
dei nemnde gruppene.
Reglementet gjeld óg ved opplæringsformer og aktivitetar som blir gjevne under skulen sitt
ansvar og regi utanfor skulen sitt område (t.d. ekskursjonar), så langt reglementet ikkje er i
strid med lokalt gjevne påbod eller forbod.
§ 3 RETTAR FOR ELEVANE
a. Elevane har rett til vidaregåande opplæring, hjelp og rettleiing i samsvar med
opplæringslova, fylkeskommunale vedtak og gjeldande forskrifter og læreplanar.
b. Elevane har rett til tilpassa opplæring og når vilkåra er oppfylt, også til spesialopplæring.
Elevar kan også ha rett til hjelp og støttetiltak ved sjukdom eller omsorgsansvar. Skulen gjev
nærare informasjon om vilkåra for dette.
c. I samarbeid med klassen/gruppa og lærarane har elevane rett til å delta i planlegging,
gjennomføring og evaluering av opplæringa.
d. Elevane har rett til rettleiing og tilbakemelding undervegs i høve til dei måla han/ho arbeider
- 26 -
etter. Det skal gjennomførast førebudde elevsamtalar mellom elev og faglærar/kontaktlærar
etter gjevne retningslinjer.
e. Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har eleven
rett til rådgjeving, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette, jfr. forskrift til opplæringslova, §
22-1. Eleven har vidare rett på tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste.
f. Eleven har rett til rådgjeving om utdannings- og yrkesval, jfr. forskrift til opplæringslova, §
22-2.
g. Elevane har rett og plikt til å opprette elevråd, jfr. opplæringslova, § 11-6.
§ 4 PLIKTER FOR ELEVANE
a. Elevane har plikt til å gjere seg kjende med og rette seg etter dei reglar i lov, forskrifter og
reglement som til eikvar tid gjeld.
b. Eleven pliktar i samarbeid med dei andre medlemene i skulesamfunnet å skape eit godt
arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer slik at alle trivst og vert respekterte.
c. Elevane pliktar å møte presis til undervisninga, halde dei tidsfristane som skulen set og delta
aktivt i undervisninga i den form ho vert gjeven eller avtalt.
d. Elevane pliktar å delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga.
e. Elevane har plikt til å rette seg etter dei reglar som gjeld for bruk av spesialrom og
verneutstyr.
f. Elevane skal skaffe seg og ha med seg læremiddel, materiell og utstyr som ein treng i
opplæringa.
g. Elevane har plikt til å rette seg etter reglar for ekskursjonar og andre arrangement utanfor
skulen, når dette skjer i skulen sin regi.
h. Skulen sin eigedom og utstyr skal behandlast med varsemd og omtanke. Hærverk og
skadeverk kan medføre erstatningsansvar (jfr. skadeerstatningslova).
i. Elevar som gjennom arbeidet sitt, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjende med opplysningar som er underlagt teieplikt, har teieplikt etter reglane i § 13
i forvaltningslova.
§ 5 ORDEN OG ÅTFERD
Det skal leggjast vekt på å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø prega av engasjement, aktiv
deltaking og gode samarbeidsformer. Det er viktig å vise respekt, leggje til rette for medansvar
- 27 -
og unngå eller hindre åtferd som har negativ innverknad på miljøet.
a. Både i opplæringssituasjonen og i fritida på skulen skal elevane syne god folkeskikk og
orden. Ein viser her til kriteria for karakteren i orden og åtferd som er nedfelt i § 4-9 i forskrift
til opplæringslova og skulen sine eigne retningsliner som er utleia av desse.
b. Alle må ta omsyn til og opptre realt og høfleg overfor kvarandre. Plaging, mobbing, vald
eller anna krenkjande åtferd vert ikkje akseptert, og alle pliktar å hindre at dette skjer.
c. Det er viktig for trivselen at det blir halde god orden over heile skulen, både ute og inne.
Alle skal opptre slik at krav til hygiene og helse blir ivareteke.
d. Ingen har lov til å røyke, bruke snus eller andre tobakksformer på skulen sitt område eller i
lokale som skulen leiger. Det vert presisert at forbodet gjeld heile døgnet og at friminutta vert
rekna som skuletid.
e. Å bruke, oppbevare eller vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel er forbode på
skulen sitt område.
f. Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område.
g. Elevane har ikkje lov til å ha mobiltelefonar påslegne i undervisningstimane og under
prøver.
h. Det er ikkje tillate å ete eller drikke i undervisningstimane.
§ 6 OPPMØTE OG FRÅVÆR
Det vert her vist til felles fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane,
vedteke i hovudutval for opplæring i sak 16/09, 20.5.2009, med heimel i forskrift til
opplæringslova, § 4-35.
§ 7 FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK
Avskrift av andre sitt arbeid eller nedlasting av informasjon frå internett som vert innlevert
som eige produkt utan kjeldetilvising, vert sett på som fusk eller forsøk på fusk. Det same gjeld
bruk av ikkje tilletne hjelpemiddel som t.d. andre sine datafiler, anna elektronisk utstyr og
kommunikasjon under prøver. Å gje hjelp vert vurdert på same måte som å motta hjelp.
Fusk eller forsøk på fusk kan få konsekvensar for karakteren i orden og åtferd. Den vil også
kunne svekke vurderingsgrunnlaget i faget.
Dersom ein elev blir teken i fusk eller forsøk på i samband med eksamen, skal dette straks
- 28 -
meldast til rektor og behandlast etter reglane i § 3-22 i forskrift til opplæringslova.
§ 8 EKSKURSJONAR/STUDIETURAR
Det er frivillig for den enkelte elev å delta på ekskursjonar/studieturar, og det skal lagast
alternative opplegg for elevar som ikkje ynskjer å delta. Elevar som ikkje er myndige, må ha
løyve frå føresette for å kunne delta på ekskursjonar eller studieturar til utlandet.
På ekskursjonar skal det setjast opp eigne reglar og avtaler som byggjer på ordensreglementet.
Ved brot på desse reglane kan eleven verte send heim på eiga rekning.
§ 9 BRUK AV DATA OG INTERNETT
Elevane skal kjenne til skulen sine særskilde reglar for bruk av datarom og datautstyr. Desse
reglane finn ein i skulen sitt informasjonshefte og på skulen si nettside.
Dette er ikkje tillate:
- å laste ned upassande sider med valdeleg, pornografisk eller rasistisk innhald frå nettet
- å delta på chattekanalar på internett i undervisningstida
- å installere program på skulen sine maskiner utan løyve frå faglærar
- å gje andre informasjon om eige brukarnamn og passord til skulerelaterte program og
nettstadar
§ 10 ORGANISASJONSARBEID OG POLITISK AKTIVITET I SKULETIDA/PÅ SKULANE
Etter avtale med rektor kan elev- og ungdomsorganisasjonane, inkludert politiske parti, drive
organisasjonsarbeid og politisk aktivitet på skulen, i og utanom skuletida. Aktivitetane skal
gjennomførast på tilvist plass, og dei skal ikkje gå ut over undervisninga
§ 11 BROT PÅ REGLEMENTET
Brot på reglementet fører til reaksjonar mot eleven i form av åtvaring/tilsnakk, refsingstiltak
eller særskilde tiltak. Refsingstiltak vil vere:
- Bortvising frå klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd av faglærar
- Påtale frå overordna (rektor/skuleleiinga)
- Bortvising for resten av skuledagen etter avgjerd av rektor
Ved alvorleg brot på skulereglementet eller dersom negative tilhøve ikkje blir betre, kan
særskilde tiltak setjast i verk. Særskilde tiltak er:
- Bortvising av eleven inntil 5 dagar etter avgjerd av rektor
- Bortvising for resten av skuleåret, jfr. § 3-8 i opplæringslova. Vedtak blir gjort av
fylkesdirektør for opplæring, jfr delegeringsreglementet for fylkeskommunen.
- 29 -
Hovudutval for opplæring kan i tillegg gjere vedtak om tap av rett til vidaregåande opplæring.
§ 12 SAKSHANDSAMING
Eleven skal kunne forklare seg før refsingstiltak blir sett i verk.
Ved særskilde tiltak skal rektor først rådføre seg med eleven sine lærarar. Særskilde tiltak blir
rekna som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eleven har såleis rett til dokumentinnsyn,
partsuttale og rett til å klage på vedtak om bortvising, jfr. kap.IV-VI i forvaltningslova. Eleven
har krav på rettleiing om partsrettar og framgangsmåte ved klage.
Klageinstans for vedtak om tap av rett til vidaregåande opplæring er Statens utdanningskontor.
For dei andre vedtaka er fylkeskommunen klageinstans.
§ 13 SÆRSKILDE TILLEGGSREGLAR
I tillegg til ordensreglementet og i medhald av lov og forskrift har skulen eigne
reglar/retningsliner for følgjande:
- Retningslinjer for ekskursjonar
- Reglar for orden og åtferd
- Parkering/køyring på skuleområdet
- Reglar for bruk av datarom/datautstyr og internett
- Bruk av oppslagstavler
- Heildagsprøver
§ 14 SAMARBEID SKULE – HEIM
Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsforhold mellom skule og heim.
Foreldre/føresette for umyndige elevar har krav på god informasjon om forhold som har noko
å seie for i kva grad det er mogeleg for eleven å nå målet med opplæringa.
Foreldremøte og konferanse/samtale mellom foreldre/føresette og lærarar/anna personale er
viktige forum for informasjon, samarbeid og kontakt.
Elevar og foreldre/føresette til umyndige elevar har rett til følgjande:
- Melding om termin-og standpunktkarakterar
- Varsel ved fare for ikkje vurdering og nedsett karakter i orden og åtferd
- Melding om gjentekne refsingstiltak
- Informasjon om høgt fråvær
- Informasjon om ekskursjonar/friluftsturar og liknande og dei reglar som gjeld
- Partsrettar i samband med saksførebuing, melding og klage ved særskilde tiltak
- Informasjon om særlege problem i forhold til opplæring/skulegang og behov for spesialundervisning
- Informasjon om ordensreglementet for skulen
- 30 -
Fråværsreglement
for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane
Revidert fråværsreglement mai 2012
1 Eleven skal møte presis til opplæringa
2 Eleven skal melde frå til kontaktlærar/faglærar dersom han/ho må forlate opplæringa
i løpet av skuledagen
3 Eleven skal melde frå om fråvær frå første fråværsdag.
Ved gjenteke fråvær og forseintkomming skal skulen følgje opp eleven det gjeld. Ved
fråvær meir enn ein dag utan å gje melding skal kontaktlærar kontakte eleven. Ved
fråvær meir enn to dagar utan melding skal foreldre/føresette kontaktast dersom
eleven er umyndig. Hybelbuarar skal følgjast opp særskilt.
4 Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar
og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar
eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på
kompetansebeviset.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller
kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til
fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå
opplæringa på førehand.
For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår kan ein elev krevje at følgjande
fråvær ikkje blir ført på vitnemålet/kompetansebeviset dersom det kan
dokumenterast at fråværet skuldast:
a) helse- og velferdsgrunnar
b) arbeid som tillitsvald
c) politisk arbeid
d) hjelpearbeid
e) lovpålagt oppmøte
f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå
For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet
eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som
dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar,
og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert
risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom,
kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren
eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.
- 31 -
Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre
trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp
mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset
Det skal nyttast eit felles skjema som grunnlag for krav om at fråvær ikkje skal førast
på vitnemål/kompetansebevis. Skjema og dokumentasjon skal leverast til
kontaktlærar fortløpande, det vil seie etter kvar gong eleven krev at fråvær ikkje skal
førast etter reglane i forskrift til opplæringslova. Det er berre rektor som har mynde
til å godkjenne om kravet skal takast til følgje.
5 Eleven kan krevje at årsakene til anna fråvær enn det som går fram av punkt 4 vert
ført på vitnemål eller kompetansebevis. Eleven har sjølv plikt til å dokumentere
årsakene til fråværet.
6 Avtalar med rådgjevar, helsesøster og pedagogisk-psykologisk teneste skal ikkje førast
som fråvær. Eleven har plikt til å dokumentere også dette fråværet.
7 Ein privatist som er elev ved skulen skal ha fri eksamensdagen/eksamenstida utan at
det vert ført fråvær. Dette gjeld både skriftleg og munnleg eksamen. Dersom
førebuingstida er del av eksamen skal det ikkje førast fråvær for denne.
Det vert ikkje gitt fri til ordinær lesedag før privatisteksamen. Dersom eleven likevel
vel å ta ein lesedag skal det førast fråvær for denne.
8 Høgt fråvær, uavhengig av om reglane i punkt 4 er følgde eller om fråværet er
dokumentert eller ikkje, kan føre til at det ikkje er mogeleg å gje standpunktkarakter.
Avgjerdsmyndet her ligg til faglærar.
Reglane om varsling i §3-7 i forskrift til opplæringslova gjeld.
9 Fråværsreglementet for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane gjeld frå
1.8.2012.
Fråværsreglementet er vedteke i hovudutval for opplæring i sak 14/12, 13.juni 2012, med
heimel i forskrift til opplæringslova, § 3-47.
Krise- og beredskapsplan
Firda vidaregåande skule har utarbeids krise- og beredskapsplan for alvorlege hendingar.
Denne er tilgjengeleg for bruk på skulen.
Årsplan
På skulen sine nettsider finn du årsplanen vår. Her finn du viktige datoar som gjeld for
skuleåret.
- 32 -
Branninstruks
Ved Firda vidaregåande skule har vi eit nytt, moderne brannvarslar anlegg. Kontrolltavle og
planskisser for anlegget er plassert innafor hovudinngangsdøra frå skuleplassen til
biblioteket. Ved alle inngangsdørene er det plassert brannmeldarar og i nokre gangar er det
montert branndører som vert attlatne automatisk ved brann.
Desse branndørene må det ikkje "tuklast" med! Det må ikkje plasserast ranslar etc. slik at
dei hindrar branndørene å slå igjen i tilfelle brann!
Lærarane, elevane og andre tilsette må orientere seg om kvar brannmeldarar og sløkkjereiskap er plasserte. Dei skal og gjere seg kjende med bruken av desse.
Brann
Den som først oppdagar brannen, skal snarast sjølv freiste sløkkje den. Dersom dette ikkje
lukkast, skal han/ho slå alarm lokalt på skulen og syte for at brannvesenet vert varsla.
Telefon nr. 110. Alarmsentralen vert varsla automatisk så det gjeld å bekrefte at det er
brann. Gje oppe namn og eventuelt klasse.
Brann i friminutta
Alle syter for å kome seg ut av bygningane snarast råd og vaktmeister/skuleleiing
kontrollerer at alle er ute. Elevane samlar seg på idrettsbana og melder seg for siste
faglærar dei har hatt (sjå punkt 4 og 5 nedanfor). Brannvernleiar er rektor eller den som til
ei kvar tid er på skulen i hans rolle.
Brann i timane
1. Læraren stiller seg ved døra ut av klasserommet og syter for at alle elevane raskt forlet
klasse-rommet utan å springe. Ved mykje røyk: hald kvarandre i hendene. La alle
skulesaker ligge igjen
2. Læraren ser til at alle vindauga og dører er attlatne og følgjer etter elevane
3. Dersom det er mogleg nyttar ein vanlege utgangar frå klasserommet. Viss vanlege
utgangar er sperra av eld og/eller røyk så nyttar ein naudutgangar. Lærar kontrollerer at
ikkje utvendige brannstigar o.l. vert overbelasta
4. Alle går snarast råd til idrettsbana nedanfor gamlebygget og samlar seg rundt faglæraren
ein hadde denne timen. Dette for å vere ute av vegen for brannvesenet. Alle blir verande
der til nærare melding vert gitt
5. Faglærarane skaffar seg oversikt over om nokon manglar og rapporterer til brannvernleiar. Brannvernleiar skal ha melding om romnummer, klasse/gruppe og om nokon
manglar i høve til dei som var i klasserommet. (NB! Alle rapporterer til brannvernleiar,
også om alle er til stades)
Nødutgangar
Alle rom i sokkel-/1. etasje:
Gamlebygget 2. etasje:
Realskulebygget 2. etasje:
Aula:
Trivselshagen:
Ut gjennom vindauga
Brannstige frå rom nr A201 og A205
Alternative trappenedgangar
Skyvedør mot skuleplassen og til veranda mot Jølet
Etter oppsett plan
- 33 -
Handlingsplan mot rus
Planen er vedteken av elevråd/leiing etter å ha vore lagt ut til høyring i desember 2002.
Hovudmål
1. Arbeide for ein rusfri skule
2. Drive rusførebyggande arbeid med klare tiltaksplanar mot rusmisbruk
3. Syte for at skulen sine tilsette med jamne mellomrom vert oppdaterte om
rusproblematikken og rutinar ved otte og mistanke om rusbruk
Delmål
1.
2.
3.
4.
5.
Motivere elevar og lærarar til å engasjere seg i arbeidet mot rus
Auke elevane og dei tilsette sine kunnskapar om rusbruk og skadeverknader
Informere elevar og lærarar om kva hjelpetiltak som finst på skulen og i nærmiljøet
Halde dei tilsette oppdaterte på ulike typar rusmiddel og symptom på desse
Halde dei tilsette oppdatert på rutinar for handsaming av ”ottesituasjonar” og mistanke
om bruk av rusmiddel
Viktige prinsipp for handlingsplanen
1. For elevar under 18 år er heimane, og dei føresette, dei viktigaste samarbeidspartane
2. Narkotika er eit samfunnsproblem som må arbeidast med på tvers av etatane sine
rammer. For heimen og skulen er det naturleg å samarbeide med PPT,
skulehelsetenesta, politiet, sosial- og barnevernstenesta og faginstansar med særleg
kompetanse på rus
3. Kvart enkelt tilfelle skal gjennomgåast og vurderast individuelt i høve til rutinar i
handlingsplanen
Tiltak
1. Skulen skal tydeleggjere ein rusfri profil
2. Skulen skal delta på tvers av etatar om samarbeid med skulehelsetenesta, PPT, sosialog barnevernstenesta og politiet
3. Rusførebyggjande tiltak for elevane skal vere tema i elevråd, kontaktlærarforum, på
klasselærarmøte og planleggingsdagar
4. Alle grunnkursklassene skal ha eit undervisningsopplegg der ein legg vekt på kunnskap,
haldningar og konsekvensar
5. Alle VKI klassane skal ha eit opplegg der ein i tillegg til kunnskap og haldningar
fokuserer på konsekvensar, for den einskilde og for samfunnet. Politiet skal vere med i
alle klassar
6. For avgangsklassane skal det gjennomførast eit særskilt opplegg med ansvarleg gjering
før russetida. Politiet skal delta på dette
- 34 -
7. Dei tilsette skal få opplæring om ulike rusmiddel og kva symptom ein skal sjå etter ved
bruk av desse
8. Dei tilsette skal haldast oppdatert på rutinar for handtering av tilfelle av ”bekymring”
og ved mistanke om rusbruk
Rutinar
Skulen har følgjande rutinar retta mot enkeltelevar når det ligg føre melding eller mistanke om
bruk av rusmiddel.
Rutine ved otte for elev
• Når ein elev har for mykje fråvær, er trøytt/søv i timane, viser uakseptabel åtferd, trekkjer
seg tilbake, endrar åtferd, har konsentrasjonsvanskar osv. melder faglærar frå til
kontaktlærar
• Kontaktlærar kallar inn til klasselærarmøte så snart råd er. Rådgjevar er med
• Kontaktlærar samtalar med eleven og kontaktar rådgjevar om det er naudsynt
• Dersom situasjonen ikkje endrar seg i positiv lei, tek kontaktlærar kontakt med føresette
• Elev som er bekymra for med elev vender seg til rådgjevar
Rutine ved uvanleg framferd som tyder på rus, synleg rus, oppdaging av stoff eller
brukarutstyr eller sal/formidling av stoff:
• Administrativ leiar skal varslast med ein gong. Dersom han ikkje er til stades, rektor.
Dersom det er involvert person(ar) som ikkje er elev(ar) ved skulen, melder administrativ
leiar desse direkte til politiet
• Administrativ leiar kallar straks inn eleven i lag med rådgjevar
• Føresette blir varsla same dagen om eleven er under 18 år
• Etter vurdering av alvoret i saka blir det kalla inn til møte med partane på tvers av etatar
om samarbeid der ein utarbeider tiltak
• Etter vurdering av saka kan administrativ leiar gje melding til politiet med namns nemning
• Bruk av rusmiddel på skulen vil føre til disiplinære tiltak for eleven, jamfør skulen sitt
reglement
Musikalen «Across the Univers» (2013-2014)
- 35 -
KVEN SVARER PÅ KVA?
Som elev kan ein av og til vere usikre på kven ein skal vende seg til med ulike spørsmål. Vi
har difor laga ei lita oversikt over kven ulike typar spørsmål bør rettast til.
Kontaktlæraren er eleven sin næraste kontaktperson på skulen. Det er difor naturleg at
ein i første omgang vender seg til han/ho med spørsmål og problem.
Faglæraren er det naturleg å spørje om faglege spørsmål, fråvær i einskildfag,
eksamensordningar og elles anna som knyter seg til det einskilde fag.
Elles kan ein seie følgjande:
1. Personlege spørsmål og problem
Slike spørsmål er det naturleg å ta opp med kontaktlærar og/eller rådgjevar
2. Økonomiske spørsmål
Opplysningar om stipend og lån får eleven hjå kontorpersonalet eller hjå rådgjevar. Alle
søknader om lån/stipend skal sendast på nett
3. Vidare skulegang - utdanning - yrke
Desse spørsmåla høyrer inn under oppgåvene til rådgjevaren
4. Val av språk, matematikkurs og programfag
Dette er det studieleiar som har ansvaret for. Rådgjevarane hjelper med rettleiing
5. Fråvær frå skulen
Dersom ein vert borte frå skulen ein eller fleire dagar bør ein orientere kontaktlærar
om dette. Ein treng ikkje "spørje seg fri", då ein sjølv har ansvaret for fråværet og
konsekvensane av dette. Skal du ha fråvær godkjent som ikkje-fråvær eller permisjon
med gyldig grunn, må du vende deg til rektor. Dette må gjerast på førehand!
6. Hittegods
Dersom ein har mist eller funne noko på skuleområde, vender ein seg til vaktmeister
eller kontorpersonalet
7. Kommunikasjonar
Spørsmål om buss-, båt- og flyruter bør ein rette til Fjordane Reisebyrå. Når det gjeld
skuleskyss vender du deg til kontoret
8. Telefon/post
Spørsmål om telefon og post rettar ein til kontorpersonalet
9. Særskild tilrettelegging av prøver/eksamen
Etter søknad til rektor kan framandspråklege elevar og elevar med ulike vanskar/
funksjonshemmingar få særskild tilrettelegging av prøver og eksamen. Ta kontakt med
rådgjevar snarast råd for meir informasjon om dette. Søknad til rektor må vere sendt så
snart som råd er i skuleåret
- 36 -
KART OVER SANDANE
Firdastafetten 2012
- 37 -
ANLEGG OG ROM
C
D
E
B
F
A
Rom nummera på timeplanen din viser kva bygg og etasje rommet ligg i.
(Døme: Rom nummer A207 vil ligge i A–bygget i 2.etasje og rom nr.07)
Bygg
A
Namn
Gymnasbygget
B
Personalbygg
C
Realskulebygg
D
Aulabygg
E
Trivselshagen/
kultur
F
Trivselshagen/
idrett
Funksjonar i bygget
Klasserom IKT, ST og ID
Datarom
Språklabb
Miljøkoordinator/ Open Skule
Personalrom
Arbeidsrom lærarar
Rådgjevarar
Klasserom Vaksenopplæring Helse og Omsorg (VHO)
IKT-avdelinga
Kontor helsesøster og PPT
Klasserom MDD
Musikkrom
Vaktmeister
Aula
Musikkrom
Naturfagrom/Newton rom
Firda sin administrasjon
Dagleg leiar Trivselshagen
Kultursal
Bibliotek
Auditorium/kino
Kantine
Dans- og dramasalar
Arbeidsrom for lærarane på MK, dans og drama
Klasserom MK
Gloppen Kulturskule
Videokonferanserom
Symjehall, treningssenter, gym salar, turnhall, friidrettshall,
klatrevegg og idrettshall
- 38 -
PRESENTASJON AV LEIINGA OG DEI TILSETTE
PEDAGOGISK LEIAR: Ove Eide
Ove Eide har ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen,
oppfølging av Kunnskapsløftet, arbeids- og undervisningsmåtar,
vurdering, tverrfagleg samarbeid, Open Skule, spesialpedagogikk,
rådgjevingstenesta og samarbeid med eksterne institusjonar.
ADMINISTRATIV LEIAR: Vigdis Henden
Vigdis Henden har ansvar for den daglege drifta ved skulen som t.d.
bygningar/anlegg, årsplan/timeplan, vikaropplegg, heildagsprøver,
internasjonalisering, elevfråvær, overordna IT-leiing.
Ho er rektors næraste medarbeidar i spørsmål som gjeld
administrasjon og dagleg drift.
UTVIKLINGSLEIAR og ARBEIDSLIVSKONTAKT: Magne Larsen
Magne Larsen har ansvar for opplæringstilbodet ved skulen,
klassar/grupper, læringsarbeid, fagorientering og val, læreplanar og
planarbeid, vurdering og kontakt med fagkoordinatorane og
kontaktlærarane. I tillegg er Magne arbeidslivskontakt med ansvar for
entreprenørskap, ungdomsbedrifter og kontakt med lokalt næringsliv.
PERSONALLEIAR: Charlotte Østebø Nilsen
Charlotte Østebø Nilsen har ansvar for personalhandboka og oppfølging
av lovverk knytt til dei tilsette og deira arbeidskvardag, oppfølging av
elevrådet, informasjonsarbeid og administrasjon av eksamen.
REKTOR: Hallgeir Hansen
Rektor har det overordna ansvaret for den administrative, faglege og
pedagogiske drifta ved skulen og skal syte for at lover, forskrifter,
avtalar og vedtak i overordna politiske og administrative organ blir
følgde opp. Rektor har det overordna ansvaret for økonomiforvaltning
og for personalet og er arbeidsgjevar sin representant på skulen.
- 39 -
Kontaktinformasjon Firda vidaregåande skule
Skulen
Bibliotek
Trivselshagen
Firdavegen 21
6823 Sandane
Tlf. 57 82 53 20
Fax. 57 82 53 21
[email protected]
Firdavegen 21
6823 Sandane
Tlf. 57 88 39 90
[email protected]
Firdavegen 21
6823 Sandane
Tlf. 57 88 39 99 / 913 36 862
Dagleg leiar: Ola Tarjei Kroken
[email protected]
Skuleleiing
Funksjon
Namn
Epostadresse
Tlf. direkte
Mobil
Mobil-VIP
Rektor
Hallgeir Hansen
[email protected]
(578) 25323
41 53 08 85
62723
Utviklingsleiar
Magne Larsen
[email protected]
(578) 25326
41 53 08 87
62726
Pedagogisk leiar
Ove Eide
[email protected]
(578) 25336
41 53 06 33
62736
Administrativ leiar
Vigdis Henden
[email protected]
(578) 25324
41 53 08 84
62724
Personalleiar
Charlotte Ø. Nilsen
[email protected]
(578) 25325
41 53 08 86
62725
Funksjon
Namn
Epostadresse
Tlf. direkte
Mobil
Mobil-VIP
Eksamensansvarleg
Charlotte Ø. Nilsen
[email protected]
(578) 25325
41 53 08 86
62725
Rådgjevar
Jørund Walseth
[email protected]
(578) 25329
41 53 08 89
62729
Rådgjevar/OT
Turid Korterud
[email protected]
(578) 25352
41 53 08 82
62752
IKT-ansvarleg
Ole Henrik Mølmann
[email protected]
(578) 25351
41 53 08 81
62750
Arbeidslivskontakt
Magne Larsen
[email protected]
(578) 25344
41 53 08 87
62726
Førstekonsulent
Lisbeth Fløtre
[email protected]
(578) 25327
41 53 06 32
62727
Konsulent
Ellinor Rise
[email protected]
(578) 25328
95 84 10 60
62728
Miljøkoordinator
Holvik, Liv Ingunn
[email protected]
(578) 25356
41 53 06 31
62748
Vaktmeister
Johnny Nygjerd
[email protected]
41 53 08 80
62730
Vaktmeister
Aage Elvebakk
[email protected]
41 53 08 80
62730
Leiande reinhaldar
Ingvill Nedreberg
[email protected]
41 53 06 34
62747
Fagområde
Namn
Epostadresse
Tlf. skulen
Mobil
Mobil-VIP
Norsk / Samfunnsfag
Rindal, Karin W
[email protected]
(578) 25320
90 69 81 24
Språkfag
Svenfelt, Maria
[email protected]
(578) 25354
41 50 67 85
Realfag
Bolstad, Else Helle
[email protected]
(578) 25320
90 60 60 39
Musikk
Hovde, Tore
[email protected]
(578) 25332
90 94 59 37
Dans
Judith Karin Bakketun
[email protected]
(578) 25343
97 71 66 21
Drama
Moen, Gunn Tone
[email protected]
(578) 25343
99 25 04 06
Idrettsfag
Mardal, Ole Morten
[email protected]
(578) 25320
90 05 31 43
Medium og kommunikasjon
Skagen, Geir
[email protected]
(578) 25341
97 08 42 72
Særskilt inntak
Korterud, Turid
[email protected]
(578) 25352
41 53 08 82
Stabsfunksjonar
Fagkoordinatorar
62752
Tilsette ved Firda vidaregåande skule
Namn
Epostadresse
Tlf. skulen
Mobil
Altermark, Andreas
[email protected]
(578) 25343
90 57 28 77
Bakketun, Judith Karin
[email protected]
(578) 25343
97 71 66 21
Bergheim, Ola
[email protected]
(578) 25320
99 03 47 82
- 40 -
Mobil-VIP
Birkelund, Eli-Anne
[email protected]
(578) 25320
40 32 63 39
Bjørkum, Solfrid
[email protected]
(578) 25320
95 97 21 69
Bolstad, Else Helle
[email protected]
(578) 25320
90 60 60 39
Bolstad, Ingvild Helle
[email protected]
(578) 25320
99 50 61 55
Christoffersen, Agnete
[email protected]
(578) 25320
91 78 31 26
Dalen, Elisabeth
[email protected]
(578) 25320
99 50 53 71
Eide, Ove
[email protected]
(578) 25336
41 53 06 33
Eide, Øystein
[email protected]
(578) 25320
91 62 44 64
Elvebakk, Aage
[email protected]
Exner, Sabine
[email protected]
(578) 25354
48 05 30 40
Fitje, Anders
[email protected]
(578) 25320
93 40 15 29
Fløtre, Lisbeth
[email protected]
(578) 25327
41 53 06 32
Førde, Kjell Olav
[email protected]
(578) 25320
91 18 56 98
Førde, Knut
[email protected]
(578) 25320
90 06 12 30
Gade, Sine Charlotte
[email protected]
578) 25320
Gutierrez Acevedo, Ana
[email protected]
(578) 25320
90 68 16 89
Hansen, Hallgeir
[email protected]
(578) 25323
41 53 08 85
Hansen, Jon Husabø
[email protected]
(578) 25320
91 39 27 85
Hauge, Berit Aasebø
[email protected]
(578) 25320
93 49 92 89
Hayles, Angela
[email protected]
(578) 25320
47 48 59 66
Heen, Hanne Grete
[email protected]
(578) 25320
90 92 43 02
Heggli, Helena
[email protected]
(578) 25343
97 58 90 04
Henden, Vigdis
[email protected]
(578) 25324
41 53 08 84
Henriksen, Rigmor
[email protected]
(578) 25320
97 95 24 74
Higraff, Svein
[email protected]
(578) 25343
40 89 62 43
Holen, Frode
[email protected]
(578) 25320
97 01 44 65
Holvik, Liv Ingunn
[email protected]
(578) 25356
41 53 06 31
Hovde, Tore
[email protected]
(578) 25332
90 94 59 37
Håheim, Ingrid Brevik
[email protected]
(578) 25320
93 28 99 05
Iestra, Bjarne
[email protected]
(578) 25320
90 53 51 70
Imerslund, Ingvild
[email protected]
(578) 25320
98 07 27 95
Indrebø, Øyvind
[email protected]
(578) 25320
47 75 55 07
Klakegg, Sigurd
[email protected]
(578) 25354
99 02 80 75
Klepaker, Liv Søreide
[email protected]
(578) 25320
97 50 85 70
Koren, Martin Eikeset
[email protected]
(578) 25320
91 63 50 84
Korterud, Turid
[email protected]
(578) 25352
41 53 08 82
Kristiansen, Heidi
[email protected]
(578) 25343
41 36 26 03
Kvamme, Anne-Irene
[email protected]
(578) 25320
99 50 45 90
Kvamme, Else Torunn
[email protected]
(578) 25320
90 86 17 17
Larsen, Magne
[email protected]
(578) 25326
41 53 08 87
Lerpold, Åshild
[email protected]
(578) 25343
90 93 27 99
Mardal, Ole Morten
[email protected]
(578) 25320
90 05 31 43
Moen, Gunn Tone
[email protected]
(578) 25343
99 25 04 06
Myrhol, Per
[email protected]
(578) 25320
47 02 22 47
Mølmann, Ole Henrik
[email protected]
(578) 25351
41 53 08 81
62750
Nedreberg, Ingvill
[email protected]
(578) 25330
41 53 06 34
62747
Nilsen, Charlotte Østebø
[email protected]
(578) 25341
95 70 94 58
Norheim, Marit
[email protected]
(578) 25320
95 25 64 19
Nygjerd, Johnny
[email protected]
(578) 25330
41 53 08 80
Opsal, Arild Lillebø
[email protected]
(578) 25343
95 25 74 07
- 41 -
62736
41 53 08 80
62727
62723
62724
62748
62752
62726
62730
Paulen, Birgitte Myklebust
[email protected]
(578) 25320
47 03 73 35
Pavelich, Michael
[email protected]
(578) 25320
41 62 06 83
Rindal, Karin
[email protected]
(578) 25320
90 69 81 24
Rise, Ellinor
[email protected]
(578) 25328
95 84 10 60
Rygg, Bjarte
[email protected]
(578) 25320
46 89 29 91
Rygg, Marit
[email protected]
(578) 25320
99 43 95 70
Sande, Margot
[email protected]
(578) 25320
97 07 66 39
Silfverhielm, Ann-Margrit
[email protected]
(578) 25320
93 44 94 61
Skagen, Geir
[email protected]
(578) 25341
97 08 42 72
Skamo, Terje
[email protected]
(578) 25320
99 53 16 77
Svenfelt, Maria
[email protected]
(578) 25354
41 50 67 85
Søndenå, Kristin Lyslo
[email protected]
(578) 25341
90 74 50 22
Vederhus, Ragnhild Bakketun
[email protected]
(578) 25320
91 33 79 93
Vengen, Kari Eikenæs
[email protected]
(578) 25320
41 20 06 41
Walseth, Jørund
[email protected]
(578) 25329
41 53 08 89
Wardal, Linda Sofia
[email protected]
(578) 25320
41 27 82 57
Willumsen, Magnus
[email protected]
(578) 25320
99 71 52 22
Aasebø, Kari Elisabeth
[email protected]
(578) 25355
99 70 16 62
Årdal, Jørund
[email protected]
41 63 12 80
Ungdomsbedrift på MK: Kvik UB (2013-14)
- 42 -
62728
62729
65331
Hospitering for 9. klassingar på Medium og kommunikasjon (2013-14)
Adventskonsert i Vereide kyrkje (2013-14)
- 43 -
FIRDA –
meir enn ein skule
- 44 -