artikkelen - Njøs Næringsutvikling

12
NORSK FRUKT OG BÆR
4-2010
Prøving av nye pæresortar
i økologisk dyrking
TEKST OG FOTO: DAG RØEN OG STEIN
HARALD HJELTNES, GRAMINOR AS / NJØS
NÆRINGSUTVIKLING AS
Ein del nye og eldre pæresortar er prøvde ut i økologisk dyrking på Njøs. Den
nye sorten ’Kristina’ ser ut til
å vera svært godt eigna for
økologisk dyrking.
Det var mange sortar med i prøvinga,
men her blir berre omtalt 6 sortar/seleksjonar frå Graminor (’Ingrid’,
’Kristina’, ’Ingeborg’, NP 852, NP
2870 og NP 3043), ein sort frå
Johannes Øydvin på Ås (’Anna’),
’Conference’ og kontrollsorten
’Philip’.
Om forsøket
I 1999 vart det planta grønpisk av 15
pæresortar på Brokmal ved Njøs
frukt- og bærsenter i Sogn. Det vart
planta 4 tre per sort (2 gjentak à 2
tre), og planteavstanden var 1,67 x 4
m. Feltet vart stelt etter gjeldande
reglar for økologisk dyrking, og vart
innmeldt i Debio-ordninga. Feltet er
flatt med djup, leirrik jord (lettleire),
og vart gjødsla med tørka hønsegjødsel ved planting (0,5 kg/tre) og i 2002
Figur 2. Totalavling summert for åra 2001-2004, omrekna til kg/daa.
(0,5 kg/tre), noko som gav svært god
tilvekst. Ugraset vart kontrollert med
gjentekne fresingar med spesialfres i
trerada supplert med hakking rundt
trestammane. Trea vart kvart år
sprøyta førebyggande med svovel
mot skurv i mai-juni.
I dei første åra etter planting (20012004) vart det registrert haustetid,
vekt av hausta avling, tal pærer hausta og nedfall. Dessutan vart det registrert kor mykje skadar det var på
fruktene hos dei ulike sortane. Dette
vart gjort ved å notera årsak til fråsor-
tering på kvar einskild pære av 50 x
2 frukter av kvar sort kvart år i 3 år. I
dei tilfelle der det var færre enn 50
frukter av kvar sort pr. gjentak, vart
alle dei hausta fruktene undersøkte.
Forsøket vart finansiert av SND
(1999-2002) og Pilotprosjektet Økologisk frukt- og bærdyrking (20032004), og var del av eit prosjekt hos
Planteforsk Njøs. Feltet står enno,
men det har ikkje vore gjort forsøksregistreringar i dei ulike sortane etter
2004.
Mogningstid
Dei prøvde sortane spenner over
heile haustesesongen for norske
pærer, frå 20. august til 10. oktober. I
figurane er sortane sorterte etter
mogningstid. Figur 1 syner kor
mange dagar før eller etter ’Philip’
sortane vart hausta i gjennomsnitt for
åra 2002-2004.
Figur 1. Haustetid for sortane (2002-2004) i dagar før eller etter ‘Philip’.
Avling og fruktvekt
Figur 2 syner totalavling (hausta
avling + nedfall) omrekna til kg pr.
daa og summert for åra 2001-2004.
’Ingrid’ og NP 2870 har hatt høgast
akkumulert avling desse 4 åra sett
under eitt. I figur 3 er totalavling synt
per år for 5 av sortane. Særleg
’Ingrid’ kom tidleg i bering. ’Kristina’
4-2010
NORSK FRUKT OG BÆR
13
siktsvekkande på ei pære som har så
glatt skal. Også ’Ingeborg’, NP 2870,
NP 3043, ’Conference’ og NP 852
var utan skurv i dette forsøket.
’Ingrid’ har hatt for mykje skurv til å
kunne tilrådast for økologisk dyrking
og ’Anna’ ligg på grensa av det som
er akseptabelt. Vi fekk dessutan litt
skurv på ’Philip’, noko som syner at
skurvpopulasjonen på Njøs har tilpassa seg denne sorten som tidlegare
ikkje fekk skurv. Dette er også kjent
frå andre dyrkingsområde, og kan
vera medverkande til at vi fekk skurv
på ’Anna’ – ein sort som tidlegare er
oppgitt å vera sterk mot skurv
(Øydvin, udat.)
Figur 3. Totalvling i kg/daa i perioden 2001-2004.
Omtale av sortane
’Ingrid’
Svært tidleg sort frå Graminor som
mognar om lag samtidig som ’Broket
Juli’, og er omtalt i Norsk frukt og
bær tidlegare (Hjeltnes, 2008). Pærene har svært god kvalitet, men held
berre om lag ei veke i romtemperatur, og må omsetjast raskt. Det er
planta nokre felt med ’Ingrid’ dei
siste åra, og røynslene med direkte-
Figur 4. Fruktvekt i gram (2001-2004).
hadde høgast avling i 2003, men bar
då for mykje, slik at den fekk eit kvileår i 2004. Dei presenterte resultata
er for dei første avlingsåra etter planting, og sortar som kjem seint i
bering vil koma dårlegare ut her enn
dei vil gjera når ein ser heile omlaupet under eitt. Figur 3 syner gjennomsnittleg fruktvekt for 2001-2004.
’Ingrid’ har relativt små frukter og NP
2870 svært store frukter. Dei andre
sortane har hatt høveleg fruktstorleik.
Gode tal for avlingsnivå og fruktstorleik vil ein først få når sortane kjem
inn i dyrking i større felt.
Sjukdomar og skadedyr
I tabell 1 er det synt prosent fråsorterte frukter totalt og på grunn av skurv,
steinceller (tegestikk) og gnag av
sommarfugllarver. Sortane er i tabellen sortert etter % fråsortert totalt på
grunn av skade. ’Kristina’ peikar seg
ut med svært låg prosent fråsorterte
frukter totalt. Det vart ikkje observert
skurv på denne, om lag ikkje tegestikk og svært få frukter hadde gnag
frå sommarfugllarver. Dette er opp-
‘Ingrid’
Tabell 1. Prosent frukter fråsortert på grunn av skade totalt og på grunn av
skurv, steinceller eller gnag av sommerfugllarver (åmegnag). Gjennomsnitt for
3 år (2001-2003).
Sort
Kristina
NP 2870
Conference
Ingrid
NP 852
Philip
NP 3043
Anna
Ingeborg
Totalt
%
4,9
24,5
26,2
30,9
35,7
38,5
40,0
47,8
52,8
Fråsortert på grunn av skade
Pæreskurv
Steinceller
%
%
0,0
0,3
0,0
5,7
0,0
4,9
9,2
1,2
0,0
1,0
2,6
15,1
0,0
16,7
5,6
5,7
0,0
11,0
Åmegnag
%
2,3
13,2
21,2
13,7
28,8
13,8
40,0
33,8
40,3
14
sal er gode. Det vert kravd inn ei
avgift på kr. 10,- pr. tre frå planteskulane som produserer sorten.
’Kristina’
Ny sort frå Graminor som er hausteklar om lag som ’Clara Frijs’. Det vart
søkt rettsvern for sorten i 2009, og tre
kan no produserast på lisens av norske planteskular. Pærene har tiltalande form og farge, og har god kvalitet. Etter lagring eit par månader
vert pærene gule under mogning på
same vis som ’Clara Frijs’, men dei
held seg godt i romtemperatur. Me
har observert svarte flekker på
pærene etter lagring til desember,
men har ikkje undersøkt nærare kva
sopp dette skuldast. Ved god lagring
held pærene seg fint til november/desember, men oppnår best
smakspoeng i september og oktober.
Det vil koma ein meir utførleg omtale av sorten i eit seinare nummer av
Norsk frukt og bær.
NORSK FRUKT OG BÆR
lang lagring vil skalet opplevast som
tjukt, sjølv om kvaliteten på fruktkjøtet er god. Det har vore problem å få
gode avlingar i nyplanta felt av
’Ingeborg’, og årsakene til dette er
truleg både manglande pollinering
og klimatiske tilhøve. Åra framover
vil gje svar på sorten sitt potensial
både i produksjon og marknad.
’Philip’
Gamal robust handelssort i Noreg,
som saman med ’Moltke’ har vore
den viktigaste pæresorten hjå oss.
`Philip` er tilrådd i økologisk dyrking, men får ein del skurv der det
har utvikla seg ein skurvrase som er
tilpassa denne sorten. Produktive tre
og store pærer gjer det til ein lønsam
sort å dyrka om prisen er akseptabel.
Pærene held ut november ved god
lagring. Dei er haldbare, men ikkje
av sortane med høgast smakskvalitet.
Dei gulnar fort ved mogning, og
dette vert oppfatta som overmogning
av forbrukarane, sjølv om pærene
har fullgod smakskvalitet når dei er
gule.
‘Kristina’
’Ingeborg’
Sort frå Balsgård som fekk namn etter
prøving i Noreg, og er mykje planta i
Hardanger. Dette er ein ’Conference’-type som har mange av
’Conference’ sine eigenskapar. Pærene held seg til desember, men etter
‘Ingeborg’
4-2010
‘NP3043’
nyttår. Det er den einaste av sortane
som er prøvde på Njøs som nærmar
seg belgisk ’Conference’ i kvalitet i
desember og januar. Pærene held
seg godt ved romtemperatur sjølv
etter lang lagring, men røynslene så
langt er at trea er for lite produktive.
Den avlange forma på pærene gjer at
dei heller ikkje sorterer seg så godt.
’Anna’
Kryssing mellom ’Clara Frijs’ og
’Sierra’ som vart namnsett og send til
prøvedyrking av Johannes Øydvin i
1988. Sorten var ein periode tilrådd
som prøvesort i Danmark, og er tilrådd til småhagedyrking på grunn av
herdige og robuste tre. Blomane har
godt pollen, og den er difor planta
inn som pollentre i ’Ingeborg’-felt i
Hardanger. Pærene mognar helst
seint og har grovt fruktkjøt. I smaksprøvingane på Njøs er dei vurderte
til å ha litt svakare kvalitet enn dei
beste sortane.
‘NP 2870’
NP 2870
Utval frå Graminor med svært store
frukter som held god fruktkvalitet til
over nyttår. Pærene har litt grovt fruktkjøt, men smaken er fullt akseptabel.
Fruktene minner litt om ’Philip’, men
er for store til å vera aktuelle for konsumproduksjon. Dei vil bli testa
nærare for juskvalitet med det første,
for det er ein sort som produserer
godt, og som er rask å hausta.
NP 3043
Utval frå Graminor som har god
smakskvalitet frå hausting og til over
‘Anna’
’Conference’
Dette er den sorten vi et mest av i
Noreg, men då som importerte
pærer mest frå Belgia. Pærene mog-
4-2010
nar seint, men når god utvikling i dei
beste fruktstròka i landet. Trea er friske og produktive, og må tynnast for å
oppnå tilfredsstillande fruktstorleik.
Pærene held seg svært lenge, og kvaliteten er god, men klart svakare enn
dei vi importerer av same sorten.
Såleis er dette ein sort som er vanskeleg å omsetja om det ikkje er tilleggsverdiar i pærene, slik t.d. økologisk
dyrking gir. Blomane har svært godt
pollen, og trea blømer lenge, slik at
det er ein svært aktuell pollensort.
Pollineringsforsøk i ’Ingeborg’ har
gitt svært dårlege resultat med
’Conference’, men det ikkje er gjort
tilsvarande forsøk i dei andre nye
sortane.
NORSK FRUKT OG BÆR
NP 852
Frøplante som kom til Njøs frå
Johannes Øydvin i 1982, som er
oppalen og selektert ved Njøs.
Sorten er ei kryssing mellom ’Herzogin Elsa’ og ’Conference’, som
også er prøvd ved fleire utanlandske
forsøksinstitusjonar. Pærene er
avlange som ’Abate Fetel’, og er seint
haustemogne. Forma på pærene gjer
at dei sorterer seg svært dårleg, og
sjølv om kvaliteten er god er heller
ikkje resultata frå utlandet slik at
dette utvalet vil få namn.
15
Oppsummering
Økologisk dyrking av pærer kan vera
ein veg å gå for å revitalisera norsk
pæredyrking. Ut frå dei forsøka som
er utførde på Njøs, synest det som
om den nye sorten ’Kristina’ har eit
betydeleg potensial i økologisk produksjon. ’Conference’ har også
kome godt ut i våre forsøk, medan
skurv og åmegnag har gitt for stort
utkast i dei andre sortane som synest
aktuelle for konsumproduksjon.
Litteratur
• Hjeltnes, S.H. 2008. ’Ingrid’ – ny
pæresort frå Graminor. Norsk frukt
og bær 11(3): 18-19.
• Øydvin, J. Udat. ’Anna’. Notat om
sorten, 1s.