Stilling ledig - Kårstad Transport

Kårstad Transport AS er eitt av dei største selskapa innan godstransport på Vestlandet,
med 50 tilsette. Verksemda har lange tradisjonar i bransjen og er nyleg blitt refinansiert og
omorganisert. No blir det igjen satsa offensivt. Målet er å ha 35 nye einingar innan transport
og ei omsetning på 80 millionar kroner allereie neste år.
Dagleg leiar
Kårstad Transport AS ønskjer å fornye staben. I samband med dette skal det tilsetjast dagleg leiar.
Du vil stå i spissen for leiargruppa, saman med økonomisjef og avdelingsleiarar, og inneha den
sentrale rolla i utviklinga av selskapet. Du møter i Kårstad Transports styre.
Vi søkjer ein handlekraftig, strukturert og resultatorientert person. Av utdanning bør du ha
høgskule. Solid fagleg kompetanse og høge ambisjonar vil bli særleg lagt vekt på. Du skal byggje
opp ein ny og handlekraftig organisasjon.
Vi tilbyr ei spennande stilling med verkeleg gode moglegheiter i ein ekspansiv og hyggeleg
organisasjon.
Vi søkjer også:
Økonomisjef
Her vert kravt høgskuleutdanning og erfaring frå tilsvarande stilling. at ein er sjølvstendig, systematisk og utadvendt. Sentrale oppgåver er overordna ansvar for økonomi og rekneskap, budsjett og
likviditetsstyring.
Sjåførar
I desse stillingane ønskjer vi årvakne og dyktige medarbeidarar, som skaper sjølve grunnlaget for
gode resultat. Du er skandinavisktalande, ryddig og strukturert.
Kårstad Transport AS veit å setje pris på dyktige fagfolk i alle kategoriar. Vi tilbyr
konkurransedyktige vilkår, gunstige pensjons- og forsikringsordningar og eit godt arbeidsmiljø
med store sjansar for personleg og fagleg utvikling.
For meir informasjon, kontakt styreleiar Dag Jøran Hjelmeland, tlf. 917 92 233 –
e-post: [email protected]
Send søknad snarast, og seinast 30. oktober, til:
Kårstad Transport AS, Storehaug, 6977 BYGSTAD
DT
A
T
S
RANSPO
R
TA
www.kaarstad.no
S
KÅR
eller til [email protected]
TLF. 950 18 300 - [email protected]