Årsmelding for Øystese idrettslag (ØIL) 2014 Styret i ØIL har i 2014 sett slik ut: Leiar Nestleiar Kasserar Skrivar Styremedlem 1. vara Vidar Torsvik Kjerstin Valland Kari Mostad Rune Vik Liv Helen Osa Frank Kjøsnes Toril Honningsvåg Vik Åshild Bekkesletten ( 1 år ) (1 år ) ( 2 år ) ( 2 år ) ( 2 år ) ( 2 år ) ( 1 år ) ( 1 år ) Valnemnd dette året: Janne Bjørkvall Svein Hovland ( 1 år ) ( 1 år ) Revisorar (2 frå eigen medlemsmasse): Magnar Dalatun Terje Mo ( 2 år ) ( 2år ) Gruppeleiarar (ikkje valt av årsmøtet): Boccia/teppecurling Fotball Friidrett/postkassetrim Turn Orientering Lillian Kvamsøy Terje Melstveit Leiv Sandven Åshild Bekkesletten Olav Kreken Hopp, Alpint, Symjing, Vektløfting - ingen gruppeleiarar ØIL-styrerepresentantar i Sjusete skisenter (ØIL eig 1/3 og Kvam LSK 2/3): Magnar Dalatun Karin Vik ( 2 år ) ( 1 år ) Styret sitt arbeid Styremøter Styret har hatt 10 møter, inkl. styremøte i framkant av årsmøte. Spesielle oppgåver Arbeid med idrettsregistrering og ajourføring av medlemslister. Arbeid med å dokumentere politiattestar for trenarar, lagsleiarar, m.fl. Fordeling av ØIL-grasrotandel i samsvar med årsmøtevedtak. Vedtak om støtte til deltaking i Lerum cup og Norway cup. Vedtak om forskottering av omsøkte spelemidlar til kunstgtasbane på Øystese barneskule. Lån frå ØIL til FAU Øystese barneskule – stort kr. 150 000. Hardanger talentutvikling AS: Arbeid med avvikling av føretaket inkl. oppgjer av uteståande. Deltaking på møter i regi av Kvam idrettsråd. Samfunnshuset Holmatun – deltaking på møter og dugnad i kraft av at ØIL er medeigar/medlem av ”Foreininga Holmatun”. Myrabakken: o Planlagd dugnad haust 2014. Ikkje gjennomført grunna mykje regn. Krev oppfølging. Felles innspel datert 21.10.2014 til oppstart ”Detaljreguleringsplan for Busdalen/Meierihola/Grustaket/ Øysteseelva, Kvam herad”, frå ØIL og Rossvill vbk. o Busdalenområdet bør sikrast gjennom t.d. kombiføremålet ”offentleg tenesteyting/ålmennyttig føremål med park og idrett”. o Grunngjeving: Sentralitet i forhold til bygda og til eksisterande skule-/idrettsanleggsstruktur. Slikt kombiføremål vil gje både det offentlege og idretten eit fornuftig handlingsrom ved plassering av framtidig idretts-/skuleinfrastruktur i forhold til eksisterande. Sjusete skisenter – sak om overføring av ØIL eigardel (1/3) til Kvam LSK (2/3), etter førespurnad frå Kvam LSK. Grupper og aktivitet Fotballgruppa er klart størst på aktivitet i idrettslaget og einaste gruppa med eige styre. Dei andre gruppene med ein viss aktivitet har gruppeleiar men ikkje eige styre med økonomiansvar. ---------ØIL-fotball For detaljar vert det vist til årsmelding Øystese fotball 2014. Styret har hatt følgjande samansetning: Terje Melstveit (leiar), Martin Lunestad (kasserar), Ove Sandven (skrivar), og styremedlemene Siri Kaale og Elisabeth Henriksen. Administrasjon: Roger Vassnes (dagleg leiar) Erling Ola Fykse ( sportssjef og dagleg leiar TelenorXtra fotball SFO / idrettsSFO) -Aktive fotballspelarar og lag forankra i laglister/idrettsregistrering: ÅR 2014 6 – 12 år Jenter/kvinner 59 Gutar/menn 102 Samla 161 13 – 19 år 20 – 25 år 53 73 126 4 19 23 26 år og eldre 19 47 66 Samla 135 241 376 I tillegg kjem styrerepresentantar/trenarar/lagleiarar som ikkje allereie er oppført som aktive i tilknyting til lag, 29 personar (5 + 24) i alderskategorien ”26 år +”. Til saman hadde fotballgruppa 26 lag i seriesystemet. I tillegg til å delta i serie har ØIL-lag i barne og ungdomsfotballen delteke i Lerum cup, Norway Cup og Regy Cup, og i lokale cupar som Øystese cup og Norheimsund sommarcup. Barnefotballen (fødd i 2002 og yngre) har bestått av 14 lag der dei fleste har spela i lokal serie, men gut 02, jente 02 og gut 03 har delteke i Bergensserie. Ungdomsfotballen har hatt to gutelag 98/99, eit gutelag 00, to gutelag 01, eit jentelag 99/00, og eit småjentelag 01. I tillegg kjem damer og herrar junior. Herrar senior B lag gjore det svært godt i 6. divisjon. Herrar senior A lag enda til slutt på ein 7. plass i 3. divisjon menn. -Resultat Kjempeaktivitet heile sesongen. Breiddefotballen blomstrar, samtidig som ungdomar har gjort store prestasjonsmessige hopp. Roger Vassnes, Erling Ola Fykse, trenarar, oppmenn, dommarar og frivillige har gjort ein kjempeinnsats for å få til kjekk og stor aktivitet. Styret med Terje Melstveit som leiarar, har gjort ein imponerande innsats i styring av og systemarbeid knytt til Øystese fotball. TelenorXtra fotball SFO / idrettsSFO -tilbodet i Holmatun har fått ekstra tett oppfølging av styret. I underkant av 50 born i alderen deltek på dei to SFOtilboda. Tusen takk for god innsats! -Økonomi Grupperekneskapet viser underskot. Viser her til ”Årsmelding Øystese Fotball 2014” og ØILrekneskap lagt fram på årsmøte. ---------Friidrettsgruppa - aktivitet Gruppeleiar: Leiv Sandven Allidrett for born 6 – 10 år (barnetrinnet) kvar torsdag kl. 17-18 vår og haust – 12 til 15 deltakarar kvar gong. Om lag 20 ulike deltakarar har vore innom og delteke ein del kveldar. Målet med tilbodet er å gje allsidig aktivitet, utfordring, kroppskontroll, leik og moro. Utanom barnetrinnet har ØIL nokre medlemer som har delteke på ulike arrangement inkl. motbakkeløp. Idrettsmerkeprøve vart gjennomført tysdagane 19. august og 2. september 2014. Trimgruppa - Postkassetrimmen Ansvarleg: Leiv Sandven Postkassetrimmen er eit lågterskeltilbod som fremjar aktivitet og folkehelse blant både unge og gamle, små og store, ja som passar dei fleste som er glade i frisk luft og natur. Trimmen er sett saman av 10 postkassepunkt (Laupsadalen, Teldalen, Børvehagen, Nystøl; Krok, Botnane, Hyrting, Ruedal; Manfjell, Torefjell). 8 personar er engasjert i arbeidet med postkassetrimmen. Postkassetrimmen til Øystese idrettslag (ØIL) har hatt eit om lag vanleg år i 2014. Kassane er vitja av om lag 600 personar som skriv sine namn i bøkene. Av dette er om lag 400 ulike namn registrerte. Her er det mange ulike motiv og grunnar til turar vil ein tru. Aage Børven, Håvard Gjøseter og Curt Mo Vik har alle vore innom dei 10 plassene ØIL har kassar. Det er andre som samlar poeng. Dei 3 med flest poeng er: Elisabeth Fremgaard 1024 poeng, Jørund Vik 356 poeng og Synnøve Mo 288 poeng. På dei ulike stadene er det andre som har vore flest gonger, men dei med flest poeng møter vi att. Børvehagen -Grethe K.Nyland 280 poeng. Torefjell -Elisabeth Fremgaard 591 p Krok -Elisabeth Fremgaard 360 ” Teldalen -Ragna Skogesaal 102 p Nystøl -Arnstein Lofthus 105 ” Ruedal -Jørund Vik 108 p Botnane -Jørund Vik 138 ” Laupsadalen -Torill Syvertsen 100 p Hyrting -Nils Klyve Berg 124 ” Manfjell -Synnøve Mo 143 p Som ein ser av listene her treng ein ikkje Friluftslivets år for å få mange ut i naturen. Like fullt er 2015 Friluftslivets år og kanskje enno fleir tek seg ein tur ut. ØIL ynskjer alle velkomne til å skriva seg i postkassebøkene. God tur helsar Trimgruppa – ØIL !! -----------Turngruppa – aktivitet Gruppeleiar: Åshild Bekkesletten Leikeparti for born 4 – 5 år (u. skulealder) kvar torsdag kl. 17-18 vår og haust – ca 18-25 born fast. Stemneparti damer hadde 9 deltakarar. Delteke på kretsturnstemne på Sandsli 14.-15. juni. Vigdis Fosso har vore instruktør. I november møtte Vigdis Fosso for gjennomgang i Haukelandshallen av programmet til Gymnaestrada 2015 i Helsinki. --------Boccia-/teppecurlinggruppa Gruppeleiar: Lillian Kvamsøy Boccia: ØIL har hatt 2 lag med i Boccia-serien i Hordaland 2013/14 . Serieavslutninga var i Knarvik i Nordhordalandhallen 14. juni 2014. ØIL 1 vann serien og ØIL 2 kom på 12. plass. Totalt var det 15 lag med i Hordalandsserien. I tillegg vann ØIL 1 cupen. Frå hausten 2014 har ØIL 2 lag med i serien 2014/2015. Det er med 22 spelarar fordelt på dei to laga. Det skal gjennomførast fire samlingar med kampar, første på Askøy 15. februar, deretter til Osterøy, og Øystesehallen 25. april. Serieavslutninga til våren skjer i Austrheim . Alle samlingane er på laurdagar der det vert spela fleire kampar. Trening for boccia går av stabelen kvar tysdag kl. 18-19 i idrettshallen i Øystese. Teppecurling: Ikkje lag eller organisert trening i 2014. Teppecurling er eit artig lågterskeltilbod som bør kunne marknadsførast ovanfor grupper som elles har vanskeleg for å delta i organisert aktivitet. Kanskje pensjonistlaget og/eller Grannehjelpa kunne vere kontaktpunkt ? Aktivitetar elles i ØIL-regi Torefjellstrimmen – Kom deg ut-dagen, søndag 07.09.2014: o Fellesannonse med Kvam turlag / Øystese jeger og fisk som hadde eit samtidig/felles arrangement i Fitjadalen. o 29 personar var på toppen trass litt dårleg vær. o Framtidige arrangement kan utviklast med fleire partnerar/lag, med tilrettelegging for å nå flest mogeleg i alle aldrar med ulik funksjonsemne. Øystese-trimmen og open hall søndag 28.09.2014: o 8 i konkurranseklassen + ca 78 i trimmen. o Om lag halvparten var born. o Overraskande godt frammøte til open hall-arrangementet – 150 på meste. Open hall – arrangement søndag 15. februar 2015: o Litt låg deltaking truleg grunna strålande vintervêr. Orientering – 1 aktiv utøvar. Medlemstal – med grunnlag i idrettsregistreringa Medlemstal 2014 i fleiridrettslaget 0 - 5 år Jenter/kvinner 17 Gutar/menn 22 Samla 39 6 – 12 år 13 – 19 år 20 – 25 år 53 93 146 63 57 120 5 14 19 26 år og eldre 147 175 322 Samla 285 361 646 Medlemsutvikling Jenter/kvinner Gutar/menn Samla 2010 275 371 646 2011 289 380 669 2012 283 336 619 2013 303 371 674 2014 285 361 646 Kommentar til medlemstal: Styret i ØIL har ved gjennomgang av medlemslister funne at det er ein del personar som har delteke i ØIL-aktivitetar i 2014 som ikkje hadde betalt medlemskontingent til hovudlaget. Desse personane er dermed ikkje teke med i medlemsregistreringa for ØIL i 2014. Styret må i 2015 prioritere kontroll av dei som deltek i fotballaktivitet i forhold til medlemskap i Øystese idrettslag, inkl. løysingar for dei med manglande betalingsevne. Økonomi (resultatregnskap med balanse) Årsresultat 2014 for Øystese idrettslag (hovudlaget) viser eit underskot på kr 39 102. Underskotet kan tilskrivast avvikling av Hardanger talentutvikling inkl. oppgjer for uteståande – kr 54 993. Årsresultat 2014 for fotballgruppa inkl. fotballFO/idrettskule viser også underskot. Underskotet tilsvarar overskotet i 2013. Underskotet kan delvis forklarast med satsinga på ein 100% stilling som sportssjef som var nyoppretta i 2014. Øystese fotball har inga gjeld eller uteståande fordringar. Generelt er hovudlaget sin økonomi god. Laget flyt på tidlegare opptente / oppsparte dugnadsmidlar, kombinert med at ØIL-fotball hovudsakleg sørgjer for naudsynt inntekt til fotballgruppa sitt aktivitetsområde. ØIL-grasrotandelen erstattar omtrent tidlegare automatinntekter, men er redusert frå 147 000 i 2012 til 116 000 i 2014. Forslag til tiltak: Årsmøte i ØIL – fotball 12.03.2015 har godkjent fotballbudsjett for 2015 i balanse. Mellom anna er sponsorinntektene heva, inntekter frå Øystese cup er auka noko og inntekt frå dansearrangement knytt til Siderfestivalen er lagt inn som eit positivt bidrag. Hovudlaget må gjennomføre ei betre oppfylging av medlemskontigentdelen, slik at dei som deltek i aktivitet i ØIL-regi også er medlemer i idrettslaget. Rekneskapet for både hovudlaget og fotballgruppa vert ført av Vekstra Hardanger og Voss AS. Viser elles til revidert rekneskap lagt fram på årsmøte. Hardanger talentutvikling AS (HT) – selskap eigd av ØIL under avvikling Eigarskap: Hardanger talentutvikling AS er eigd av Øystese idrettslag. Avviklingsstyre: Vidar Torsvik (leiar), Rune Vik Status: Sluttavskrivingar er synleggjort i ØIL-rekneskap og fotballgruppe-rekneskap for 2014. Avvikling av selskapet er sluttført i 2014. Øystese 18. mars -2015 Vidar Torsvik Kjerstin Valland Kari Mostad Rune Vik Frank Kjøsnes Liv Helen Osa Toril Honningsvåg Vik Åshild Bekkesletten
© Copyright 2024