Nyhetsbrev nr.2 2015

Nyhetsbrev
Nr 2 – juni 2015
2014
Velkommen
til Nasjonalt
kompetansesenter for legevaktmedisin
(Nklm)
I mai kom stortingsmeldinga «Fremtidens
primærhelsetjeneste – nærhet og helhet», der det
også er eit kapittel på 6 sider om akuttmedisin.
Regjeringa oppsummerer stort sett kjent stoff og
det er få signal om korleis utviklinga skal vere
vidare. Vidare utvikling av legevakt skal
baserast på erfaringar med ny akuttmedisinforskrift og på dei innspela som kjem frå
Akuttutvalget. Dette utvalet leverte jo sin
delrapport om legevakt og den akuttmedisinske
kjeda allereie i oktober 2014, og det er derfor litt
skuffande at Regjeringa ikkje tok stilling til nokre
av dei forslaga som vart lagt fram der.
Samarbeidsavtalane mellom kommune og
helseføretak blir oppgitt som viktige tiltak for å
sikre samordning av tenestene, for eksempel
legevakt og ambulanseteneste. Det er mange
eksempel på omorganisering hos den eine parten
som har konsekvensar for den andre, utan at det
vert samordna. Nklm føreslo at akuttmedisinforskrifta spesifikt skulle slå fast plikta til
gjensidig informasjon ved viktige endringar i
tilbodet. Det fekk vi ikkje gjennomslag for.
Det synes også som meldinga
underkommuniserer kommunen si plikt til å
ta seg av dei mest akuttmedisinske tilstandane,
slik det er understreka i den nye forskrifta.
Akuttmedisin i den forstand at det trengs akutt,
spesialisert og høgkompetent medisinsk innsats,
blir omtalt i berre generelle vendingar. I staden er
det mykje omtale av fastlegane si plikt til å ta
akutte pasientar, at pleie- og omsorgstenestene
kan medverke til å unngå innleggingar i sjukehus
og vekt på kommunalt ØH-døgntilbod.
Steinar Hunskår
forskingsleiar
Uni Research Helse
Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin
Adresse: Kalfarveien 31, 5018 Bergen
Telefon +47 55 58 65 00
Web www.legevaktmedisin.no epost [email protected]
Organisasjonsnummer 985 827 117 mva
Nye publikasjonar ved Nklm
Hunskår S. Nasjonale krav til legevakt. Utposten
2015; 44 (1): 8-12
Artikkelen oppsummerer hovudpunkta i rapporten
«Nasjonale krav til legevakt og fremtidens øyeblikkelig
hjelp-tilbud til kommunene» som er Nklm si vidareføring
av «Handlingsplanen» frå 2009. Vidare ser ein nærare på
utviklinga som har skjedd frå 2009 til i dag innan
legevakttenesta, og konkrete anbefalingar til framtidas
legevakter blir trekt fram.
http://www.utpostenstiftelsen.no/Portals/14/2015_Utposten/UP1_15/08_12_Allmennm
edisinske%20betraktninger_Utposten_1_2015w.pdf
Brennvall HM, Hauken H, Hunskaar S, Wisborg
T, Zakariassen E. Legevaktlegers avgjørelse om
utrykning i akuttsituasjoner. Tidsskr Nor
Legeforen 2015; 135:654-7. doi:
10.4045/tidsskr.14.0394
Legar i kommunal legevakt deltek i varierande grad i
utrykking. Studia tek for seg kva vurderingar legane sjølv
meiner ligg bak avgjerdene om å delta eller ikkje.
http://tidsskriftet.no/article/3318430/
Moen BE, Baste V, Morken T, Alsaker K,
Pallesen S, Bjorvatn B. Menstrual characteristics
and night work among nurses. Industrial Health
2014
I studia blei det undersøkt om nattarbeid er assosiert med
menstruasjonsforstyrringar og om det er assosiasjon
mellom søvnforstyrringar knytt til skiftarbeid og
menstruasjonsforstyrringar.
Det var ingen samanheng mellom uregelmessig
menstruasjon og nattarbeid.
Det var ingen samanheng mellom uregelmessig
menstruasjon og søvnforstyrringar knytt til skiftarbeid
https://www.jstage.jst.go.jp/article/indhealth/advpub/0/advpub_20
14-0214/_article
Leser du våre nettnyheiter?
www.legevaktmedisin.no
Ansvarleg redaktør for Nyheitsbrevet:
Vivian Midtbø
Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm) er organisert i Uni Research, avdeling Helse, som utfører og formidler
forskning innen fagområder som har betydning for helse, livsstil og arbeid.
Nklm er faglig knyttet til Forskningsgruppe for allmennmedisin (IGS) ved Universitetet i Bergen og til
Nasjonalt kompetansesenter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap (KoKom)
Uni Research driver forskning og utvikling innen helse, miljø, klima, energi og samfunn.
Blinkenberg J. Kompis til besvær
(Hodekasuistikk). Utposten 2015; 44 (2): 55
Ved hovudskade kan det vere vanskeleg å få tatt opp
skikkeleg anamnese.
Det er viktig å prøve å få opplysningar direkte frå pasient.
Handtering av hovudskade er avhengig av god anamnese
og undersøking.
http://www.utposten-stiftelsen.no/
Morken T, Johansen IH, Alsaker K. Dealing with
workplace violence in emergency primary health
care: a focus group study. BMC Fam Pract. 2015
May 1;16(1):51.
I ei fokusgruppestudie blei det undersøkt korleis
legevaktpersonell handterte truslar og vald frå pasientar,
med fokus på organisatoriske faktorar.
Ein fann fire hovudtema som belyste handtering i eit
organisatorisk perspektiv:
 Redusere risikoen med å jobbe aleine
 Vere forberedt
 Løyse misforhaldet mellom pasientforventningar
og tilbodet frå legevakta
 Støtte frå leiinga etter hendinga.
http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/25929751
Sandvik H, Hunskår S. Årsstatistikk fra legevakt
2014. Rapport nr. 2-2015. Bergen: Nasjonalt
kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni
Research helse, 2015.
Rapporten er basert på elektroniske refusjonskrav frå
legevaktlegar i åra 2006 til 2014.
Det var ca. 1,96 millionar legevaktkontaktar i 2014.
Andelen sjukebesøk minkar og utgjorde berre 3,3 % i 2014.
I 2014 blei 20,2 % av alle legevaktkonsultasjonane utført
av spesialistar i allmennmedisin.
Det var i overkant av 230 000 legevaktkontaktar på grunn
av skader. Menn dominerer alle skadekategoriar unntatt
forgiftingar. Aldersgruppa 10-15 år er særleg utsett.
https://bora.uib.no/handle/1956/9914
Brudvik C, Tariq H, Bernardshaw SV, Steen K.
Infections in traumatic wounds sutured at a
Norwegian Accident and Emergency Department.
Tidsskr Nor Legeforen 2015; 135 (8): 759-62.
I eit materiale med 102 pasientar med sårskadar suturert
ved Bergen legevakt i 2011, utvikla 15 % lettare kliniske
sårinfeksjonar. Det er ynskjeleg med fleire og større studiar
som grunnlag for målretta forbetringar av
sårskadebehandling i primærhelsetenesta.
http://tidsskriftet.no/article/3322888
Hunskår S. Slik blir legevakta betre. Kronikk i
Bergens Tidende 2. juni 2015
http://www.bt.no/meninger/kronikk/Slik-blir-legevakta-betre3372076.html
Årsmeldinga for 2014 er klar
Årsmeldinga kan lesast på nettsida vår under
«Om forskningsgruppen».
https://uni.no/media/manual_upload/Nklm-_Årsmelding_2014.pdf
Høyringsuttale
Nklm har avgitt høyringsuttale vedrørande
revidert nasjonal traumeplan- Traumesystem i
Norge 2015.
http://uni.no/nb/news/2015/06/01/hoyringsuttale-traumesystem-inorge-2015/0
Merknader til akuttmedisinforskrifta
Rundskriv I -5/15 gir merknader til
enkeltbestemmingar i akuttmedisinforskrifta som
trådde i kraft 1. mai i år.
https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/akuttmedisinforskrifte
n/id2409330/
Disputas
Fredag 12. juni disputerte Robert Anders Burman
ved Nklm og Universitetet i Bergen for ph.dgraden med avhandlinga: "Chest pain out-ofhours. Prospective studies on diagnostics and
management in out-ofhours emergency
primary health care".
Avhandlinga utgår frå
prosjektet
“Brystsmerter på
legevakt”, Steinar
Hunskår var
hovudrettleiar og Erik
Zakariassen var bi
rettleiar (begge
NKlm).
Gratulerer så mykje til Robert!!
http://uni.no/nb/uni-helse/nasjonalt-kompetansesenter-forlegevaktmedisin/brystsmerter-pa-legevakt/
Nklm ynskjer alle sine lesarar ein
riktig god sommar!!