Brev til fysioterapeut med driftstilskudd, nynorsk

Enklare kvardag med elektronisk rekvirering av pasientreiser
Elektronisk rekvirering er raskare, enklare og meir effektivt enn å ringje eller fakse inn bestilling av
pasientreiser.
Dersom ein pasient av medisinske årsaker ikkje kan nytte rutegåande transport til behandling, kan
fysioterapeutar med driftstilskot rekvirere tilrettelagd transport. Reisa til og frå fysioterapeut blir dekt
innanfor heimkommunen til pasienten. Dersom det ikkje finst fysioterapeut i kommunen eller pasienten har
behov for ein spesiell behandlingsteknikk, blir reisa til den nærmaste staden der dette finst, dekt.
I dag bestiller dei fleste fysioterapeutar pasientreiser per faks eller telefon. For å bestille pasientreiser
elektronisk må du vere kopla på helsenettet til Norsk Helsenett www.nhn.no. Med ei slik oppkopling kan du
bestille reiser direkte i datasystemet til Pasientreiser. Du vil få stadfesta at turen er bestilt, med ein gong,
utan ventetid.
Ny takst gir rimelegare oppkopling
1. juli 2014 blei taksten for oppkopling til helsenettet endra for fysioterapeutar. Du kan få igjen
10 000 kroner ved oppkopling til helsenettet og ytterlegare 10 000 kroner når du sender det første
oppgjeret til HELFO. Dette blir tilbakebetalt av HELFO og vil for dei aller fleste fysioterapeutar dekkje
oppkoplingskostnadene til helsenettet.
Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med driftstilskot, er prisane følgjande:
Nemning
Bandbreidd
Eingongsavgift
(utan/med mva)
Bruksavgift per md.
(utan/med mva)
Helsenett-tilknytning 2
2Mb
15.312,-/19.140,-
1.550,-/1.937,50
Helsenett-tilknytning 4
4Mb
15.312,-/19.140,-
2.050,-/2.562,50
Helsenett-tilknytning 8
8Mb
15.312,-/19.140,-
2.550,-/3.187,50
Prisane gjeld frå 01.01.2015. Av den månadlege bruksavgifta utgjer medlemsavgifta kr 950,- ekskl. mva. Kjelde: www.nhn.no
Fordelar med helsenettet
Når du er oppkopla til helsenettet, kan du ikkje berre rekvirere pasientreiser elektronisk, du får òg tilgang
til ei rekkje offentlege tenester. Helsenettet er ein sikker digital arena for alle aktørar i helsesektoren.
Her kan du utveksle personopplysningar og pasientinformasjon på ein trygg måte. Det vil seie at du som
fysioterapeut kan få tilgang til oppgjer, frikort, røntgensvar, tilvisingar og epikrisar. Du kan sende oppgjera til
HELFO gjennom helsenettet. Rett rapportering av oppgjer vil bli utbetalt same eller neste dag.
Ønskjer du meir informasjonsmateriell om pasientreiser?
Pasientreiser har ei eiga nettside for helsepersonell og fysioterapeutar. Her kan du enkelt bestille gratis
informasjonsmateriell i posten. Du finn òg informasjon om regelverket og korleis du som fysioterapeut kan
rekvirere pasientreiser. Frå sommaren 2015 tilbyr vi gratis e-læringskurs.
Du finn meir informasjon på nettsidene våre:
www.pasientreiser.no/helsepersonell/fysioterapeuter
I denne pakken sender vi med følgjande informasjonsmateriell:
1.Dette må du vite om pasientreiser (BROSJYRE TIL FYSIOTERAPEUT/BEHANDLAR)
2.Informasjon om pasientreiser (PLAKAT TIL KONTORET/VENTEROMMET)
Ta kontakt med det lokale pasientreisekontoret på 05515 dersom du har spørsmål om bruk av elektronisk
rekvisisjon. Pasientreisekontoret kan hjelpe deg med nødvendig informasjon om brukar-ID og oppsett.
Vennleg helsing
Pasientreiser