HUNSTAD BARNEHAGE Årsplan 2015-2016 Leik og glede – eit grunnlag for livet FORORD Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert drivne i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gi opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med blant anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for samarbeidet med føresette. Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Langtidsplanen skal sikre progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile barnehageopphaldet, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». Inger Johanne Klausen Barnehagesjef Teikna av Runar 4 år. SATSINGSOMRÅDER Hunstad barnehage er ein Miljøbarnehage og vi er svært opptekne av leiken si betyding for barna. I barnehageåret 2015-2016 vil Hunstad barnehage arbeide spesielt med fagområdet Kunst, kultur og kreativitet. Dokumentasjon og vurderingsarbeid vil dreie seg om utvalde tema innanfor dette fagområdet. PLANAR FOR BARNHAGEÅRET 2015-2016 Langtidsplanen for barnehagane i Helse Bergen 2012-2016 er eit styringsdokument som legg premissane for korleis personalet i Hunstad barnehage arbeider. Årsplanen skildrar kva vi vil ha særskilt fokus på i det året den gjelder. Årshjul og månadsplanar gir ei meir detaljert skildring av aktivitetane gjennom barnehageåret. DANNING Vi har fokus på danning under måltida og i garderoben. Arbeidsmetodane for områda vidareførast frå i fjor. Dette barnehageåret vil vi arbeide med danning på leikeplassen. Måla for danning på leikeplassen: • Personalet er ansvarlege for eit godt sosialt klima • Personalet nyttar uteleiken til kommunikasjon, leik og samvær med barna • Personalet observerar barna og hjelp dei som treng det inn i leik med andre barn • Personalet legg til rette for eit stimulerande leikemiljø som gir rom for læring og meistring OMSORG Vi legg til rette for barna si tryggleik og tilknyting. Den tilliten som etablerast den første tida i barnehagen har betyding for barnet sin trivsel i barnehagen. Når barna er trygge utfordrast dei til å takle nye situasjonar. Grensesetting er også omsorg. Personalet arbeider med å sette trygge og tydelege rammer for barna både i forhold til sikkerheit og i det sosiale miljøet. Barna lærast til å ha empati og omsorg for kvarandre. Vi vil ha anerkjennande vaksne som ser kvart enkelt barn og møter dei der dei er med merksemd, innleving og respekt. Dei vaksne legg til rette for god utvikling og gode relasjonar mellom barna. LEIK Hunstad barnehage har dei siste åra jobba spesielt med leik i barnehagen. Vi har arbeidt med leik og rom, dei vaksne si rolle i leiken, leik og venskap og leik på leikeplassen. Leiken er grunnpilaren i barna sitt liv. Leiken gir glede. Gjennom leiken får barn erfaring, dei lærer og utviklar seg. Dei bearbeider, opplever meistring og etablerar venskap. Vi fortsetter arbeidet med leikegrupper på base Bjørk og med dei eldste barna på base Furu. Leikegrupper betyr i Hunstad barnehage at barna leiker i grupper som dei vaksne setter saman og kor ein vaksen er med i leiken. Målet er å påverke relasjonar mellom barna, introdusere nye idear til leik, hjelpe barn som treng noko ekstra i periodar og observere samhandlinga mellom barna. Arbeidet med leikegrupper er særs hensiktsmessig i tilvenningsfasa på hausten. Leikegruppene settast saman på tvers av alder og kan og settast saman av barn frå både Furu og Bjørk. Når personalet er med som aktørar i leiken er dei bevisst på at det er barna som eig leiken. Dette krev vaksne som er kontinuerleg bevisst sitt etiske ansvar. For dei minste barna på Furu er det toddlerleiken som er viktigast. Gjennom kroppslig aktivitet viser barna at de forstår hverandres hensikt og mening i felles lek. I løpet av et barnehageår hopper og løper, roper og ler, toddlerne seg inn i relasjoner, vennskap og fellesskap med hverandre. Sitat: Greta Dalen. LIKESTILLING Kvart barn sin personlegdom har større betyding enn forskjellane mellom kjønna. Vi har som mål å legge til rette for og respektere kvart barn sin eigenart. Personalet tilrettelegger for eit breitt spekter av leik og aktivitetar som appellerar til både gutar og jenter, der alle kan vere med uansett kjønn. «Storesøstera mi» Teikna av Erica Isabella 4 år BARNA SI MEDVERKING Barnehagen sine planar skal ha rom for endringar. Planane er eit utgangspunkt og tilpassast, forbetrast og endrast ut frå barna sine innspel, ønskjer, interesser og behov. Når vi legg til rette for leik og aktivitetar i mindre grupper gir vi større plass til barna si medverking. Bjørk har planar om å få til små prosjekt som tek utgangspunkt i det barna er opptekne av. Personalet på Furu er særskilt oppmerksame på barna sin nonverbale kommunikasjon og uttrykksmåtar. Personalet lyttar til barna og inviterar dei til å komme med sine synspunkt. Barna skal kjenne at dei blir høyrt og tekne på alvor. Dei eldste barna er med på å planlegge, forberede og evaluere festar. Barna deltek i daglege gjeremål og opplever at dei utgjer ein skilnad og er verdifulle for fellesskapet. LÆRING, INKLUDERING OG LIKEVERD Leiken er grunnlaget for læring og allsidig utvikling. Personalet skal legge til rette for ulik leik, stimulere leiken og ta ei aktiv rolle i leik for å støtte og utvikle barna sin kunnskap, ferdigheiter og sosiale kompetanse. Vi nyttar kvardagssituasjonar, samlingsstunder, lesestunder, bordaktivitetar og små prosjektarbeid for å utvikle barna sin kunnskap og ferdigheiter. Vi arbeider for at alle barn skal ha nokon å leike med gjennom leikegruppene og gjennom tilrettelegging på andre måtar i kvardagen. Barna lærer omsorg, empati, toleranse for ulikskap og dei lærer å dele med andre. Når vi arbeider med likeverd og respekt for ulikskap trekker vi fram barna sine ulike styrker. Hunstad barnehage støtter seg til Vygotsky sine teoriar om at all intellektuell utvikling og all tenking har utgangspunkt i sosial aktivitet. Det sosiale kjem først, så det individuelle. Det individuelle er eit resultat av sosialt samspel. Vi legger også vekt på at læring skjer best innanfor barnet si næraste utviklingssone (frå Vygotsky sine teoriar). Det betyr at vi legg til rette for utvikling og læring ut i frå det barnet allereie kan og er oppteken av. «Dette er meg på stranda» Teikna av Erlend 5 år OVERGANG MELLOM BARNEHAGE OG SKULE Helse Bergen sine barnehagar har barn som begynner på skular fordelt over heile kommunen og nabokommunane. Det gjer at vi ikkje har anledning til å ha eit tett samarbeid med alle skulane førskulebarna skal begynne på. Hunstad barnehage har derfor Kronstad skule som sin samarbeidsskule. Skulestartarane får sjå og oppleve skulen gjennom besøk på Kronstad skule våren 2016. Siste foreldresamtale om våren vil dreie seg mykje om overgangen til skule. Gjennom heile siste året i barnehagen førebuast barna til skulestart: • Trening på å vere sjølvstendige f. eks ved påkledning • Barna trenar på å kjenne att og kunne uttrykke sine behov og ønskjer • Konsentrasjonstrening med utgangspunkt i heftet «Trampoline» • Leik med språk. Rim og regler, vitsar og lytte til lydane i språket • Barna øver på tekstskaping i grupper • Barna blir kjent med bokstavar, tal og ordbilde gjennom leik, spel og veggbilde • Øver på rett skriveretning • Vi gir 5-åringane tilpassa utfordringar i planar og aktivitetar • Nokre turar spesielt tilpassa førskulebarna • Barna har ei felles avslutning i juni BARNEHAGEN SOM KULTURARENA Personalet brukar bildebøker, eventyr, songar, rim og regler i formidling av barnekultur. Hunstad barnehage har ein egen kultur med festar og tradisjonar gjennom året. (Denne ser du i barnehagen sitt årshjul.) Personalet gir rom for barna sin eigen kultur, den kjem særleg til uttrykk i leik, og vi legg til rette for barna si kulturskaping. Bjørk har satt seg som mål å få til eit kulturarrangement for alle barna utanfor barnehagen kvart semester. Furu har som mål å få til eit kulturarrangement for 2-åringane i vårsemesteret. SPRÅKLEG KOMPETANSE Personalet er bevisst på at dei er språkmodellar og uttrykker seg tydeleg, men tilpassa barnet sitt utviklingsnivå. Personalet er også bevisst på at dei gjentek ord riktig utan å korrigere barnet. Dei utvidar setningane og tilpassar kollektive beskjedar etter barna sin alder og utvikling. Personalet brukar alle kvardagssituasjonar til språk og kommunikasjon. Dei legg vekt på å lytte og vere til stades og tek barna sitt perspektiv. Kvardagssituasjonane utnyttast til samtalar mellom barn og vaksne der personalet tek utgangspunkt i det barna er opptekne av eller stimulerar samtaler ved å bringe inn nye tema for eksempel ved å fortelje små historier. «Dette er meg når eg blir ei prinsesse» Teikna av Emilie 5 år. FAGOMRÅDA 2015-2016 Hunstad barnehage legg vekt på å gi barna kunnskap og opplevingar i forhold til alle dei sju fagområda. Arbeidet føregår i periodar av året. Planen for veka inneheld faste aktivitetar som tur, gym, varmlunsj, formingsaktivitetar, leikegrupper, førskuleaktivitetar og samlingar. Dette kjem i tillegg til omsorg og danning gjennom kvardagsaktivitetar som måltid, på og avkleding, bleieskift og soving for dei minste, og i tillegg til det vi ser på som viktigast, barna sin egen sjølvvalde leik. ETIKK, RELIGION OG FILOSOFI Hunstad barnehage har som ein av sine tradisjonar å besøke Årstad kyrkje før jul og påske. Kyrkja inviterar til kyrkjevandring for borna over 3 år. Vi arbeidar vidare med venskap i barnehagen og brukar tid på å filosofere over venskap, korleis der er å stå utanfor leiken og korleis barna snakkar til kvarandre. KUNST, KULTUR OG KREATIVITET Barnehagen har kvar veke faste aktivitetsdagar som blant anna brukast til formingsaktivitetar. Prosessen og utvikling av barna sine ferdigheiter er det viktigaste ved desse aktivitetane. I tillegg har vi eit mål om at alle barn får med heim nokon ferdige produkt i løpet av året. Vi planlegger songstunder for barna, desse er både felles og gruppedelt. Før jul og påske øver barna på enkle høgtidssalmar. Dette barnhageåret vil vi la barna bli kjent med og inspirert av ein barnebokillustratør. ANTALL, ROM OG FORM Vi brukar songar og forteljingar med tal og teljing. Dei eldste barna spelar spel. Bjørk har morgonsamling med fokus på dagen der dei blant anna tek for seg månad, vekedag og dato. Barna er med på å dekke bordet før lunsjmåltidet. Då øver barna seg på teljing og mengder. Personalet er bevisst på å bruke enkle matematiske omgrep i leik og aktivitetar. Irene (pedagog på Bjørk) har følgt ei kursrekke i «Matematisk kompetanse i barnehagen» og vil dele idear med resten av personalet på planleggingsdagar og i pedagogmøte. KOMMUNIKASJON, SPRÅK OG TEKST Barnehagen har i fleire år hatt fokus på å skaffe og bruke gode bildebøker. Vi fortsetter dette arbeidet og tek oss tid til lesestunder i kvardagen. Morgonsamlingane på Bjørk brukast til førebuing for dagen og barna har oftast ei lengre samling før lunsj. Furu har samlingsstund med barna før lunsj. Samlingsstundene er ein fin arena for kommunikasjon, bruk av rim og regler, presentasjon av bøker eller filosofering saman med barna. Barna har også lesestunder tilpassa sin alder og i små grupper. Dei eldste får erfaring med tekstskaping. NATUR, MILJØ OG TEKNIKK Miljøarbeidet: MÅL 2015 / 2016 TILTAK Ha miljøbevisste medarbeidarar • Lære opp nye tilsette i pedagogisk opplegg for bærekraftig utvikling og kjeldesortering • Alle tilsette gjennomfører elektronisk kurs i Ytre miljø Miljøpedagogisk arbeid med barna. (arbeidet blir tilpassa barna sin alder) • Fokus på gjenbruk og resirkulering (Eksempel: formingsaktivitetar) • Dyrke grønnsaker • Barna kjeldesorterar papir, plast, og matavfall og får opplæring i dette i august/september • Barna får kjennskap til trær og blomster på turar • Barna følgjer årstidenes gang på et bestemt område i naturen • Hauststfest • Besøk i miljøhallen • Barna er miljøvakter på Bjørk • Bruke miljødukka Milla i samlingar om miljøarbeid. «Pedagogikk for bærekraftig utvikling.» Redusere ressursforbruk • Fokus på å redusere vassforbruk. • Sløkke lyset i kjellaren før vi lukker barnehagen. • Redusere matavfall. 5 åringane er med på eit program om kjemi og astronomi på Vilvite-senteret i løpet av barnehageåret 2015-2016. Dei eldste barna får fotografere i naturen og lage utstilling med eigne bilde. Dei yngste barna har fokus på den nære naturen og årstidene sin gang. Barna utforskar vatn, is og snø. KROPP, BEVEGELSE OG HELSE Barnehagen har eit brødmåltid ”smørelunsj” til lunsj. Barna får varm mat til lunsj ein gong i veka. Vi tilbyr grønsaker til alle lunsjmåltida. Barnehagen er ikkje ein sukkerfri barnehage, men vi er bevisst på kor mykje sukker vi tilbyr barna. Vi brukar vatn som tørstedrikk og barna feirar bursdagar gruppedelt med dei som er født same år. Barna på Bjørk får vere med på gym eller tur ein gong i veka. 2 åringane er med på gym i vårhalvåret og går turar i nærområdet. Vi har som mål at alle barna skal ut på leikeplassen minst ein gong om dagen. NÆRMILJØ OG SAMFUNN Sjukehusområdet er barnehagen sitt næraste nærområde. Dette området brukar vi i aktivitetar som turar med dei yngste barna, arrangement i forbindelse med barnehagedagen, St Hans feiring og leik i gymnastikksalen i Sentralblokka. Barnehagen tek og turar til ulike leikeplassar i nærmiljøet. Vilvite-senteret, biblioteka og skogen ved Montana er del av eit meir utvida nærmiljø som vi nyttar. Barna lærer trafikkreglane på turar ut av barnehagen. SAMARBEID MED BARNA SINE HEIMAR Det blir foreldremøte i september 2015. Foreldresamtalane blir tilbydd alle foreldre både på hausten og på våren. Nye barn får samtale når dei begynner i barnehagen. Dei som skal begynne på skulen får overgangssamtale på våren. Våren 2016 deltek foreldra i ei evaluering av årsplan og planlegging av ny årsplan gjennom ei lita lokal spørjeundersøking, og gjennom foreldresamtale på våren. DOKUMENTASJON OG VURDERING Hunstad barnehage dokumenterar aktivitetar og prosjekta i barnehagen gjennom bilde, tekst og praksisforteljingar. Vi syner barna sine opplevingar, erfaringar og arbeid på tavlene i garderobane og inne på avdelingane. VURDERINGSOMRÅDER 2015/2016 I år som i fjor vil vi vurdere personalet sitt arbeid på eit område innanfor Kunst, kultur og kreativitet. Personalet ønskjer å bli kjent med fleire formingsmetodar for å stimulere barna sin kreativitet og uttrykksmåtar. Dei er først og fremst opptekne av barna sin skapande prosess, men det er også viktig at resultatet blir anerkjent og tatt på alvor. MÅL ARBEIDSMETODAR HVORDAN VURDERE KVEN HAR ANSVAR FOR VURDERINGA NÅR Barna får erfaring med å utrykke seg kreativt gjennom forskjellege typar materiale. Teikne/ Male/ Kullstift Pedagogane delegerer. Gjennom året Klippe og lime Utstillingar. Barna sine arbeid presenterast på ein estetisk måte Leire Utstillingar. Forme med naturmateriale og gjenbruksmateriale. Evaluere på personalmøte Prosjektarbeid: Bli kjent med «Kubbe» frå barnebøkene til Åshild Kanstad Johnsen Utstillingar. Pedagogane Praksisforteljingar. Alle Barna blir inspirert av arbeidet til ein barnebokillustratør Kursing og erfaringsPersonalet blir kjent deling. med forskjellige formingsmetodar som passar for barn 1-5 år. Gjennom året April 2016 Personalet reflekterer og evaluerer på personalmøte Felles oppsummering på personalmøte. Ingunn Mai 2016 KOMTEPANSEUTVIKLING Barnehagane i Helse Bergen har fokus på kompetanseutvikling. Kvaliteten i barnehagane avhenger av personalet sin kunnskap og erfaring. Vi legg vekt på fagleg utvikling gjennom intern opplæring og rettleiing, deltaking på eksterne kurs, fagutviklingsdagar og foredrag. I 2010-2016 er det særs fokus på leiing, leik og danning med mål om å utvikle personalet sin kunnskap og kompetanse. Dei fem planleggingsdagane brukast primært til planlegging og kompetanseutvikling for heile personalgruppa. ÅSHJUL FOR BARNA SINE AKTIVITETAR I BARNEHAGEÅRET 2015-2016 OKTOBER, NOVEMBER OG DESEMBER • Tema haust m. haustfest • 5-åringane besøker VILVITE • Leikegrupper • Temaarbeid. Forming og bokillustrasjonar • Juleforebuingar • Luciafeiring m. foreldre AUGUST OG SEPTEMBER • Tilvenning • Organisering, rutiner og dagsrytmen • Prosjekt «Reine hender» • Miljøarbeid og kjeldesortering • Hauste frukt og grønnsaker • Leikegrupper DET SKJER! KUNST, KULTUR OG KREATIVITET KUNST, KULTUR OG KREATIVITET INNHAUSTING MILJØARBEID BLI KJENT KUNST, KULTUR OG KREATIVITET DYRKE GRØNNSAKER «Familia mi» Teikna av Solveig 5 år. JANUAR, FEBRUAR OG MARS • Tema vinter • Temaarbeid. Forming og bokillustrasjonar • Samefolket sin dag • Karneval • Fastelaven • Barna fotograferer i naturen • Påskeforebuingar APRIL, MAI OG JUNI • Tema vår • Fotografi i barnehagen • Plante grønnsaker • 17-Mai • Sommarfest • St. Hans bryllup • Avsluttning skolestartarar • Besøksdagar for nye barn PLANLEGGINGSDAGAR 2015/2016 Måndag 14. sept Fredag 6. november Fredag 8. januar Fredag 5. februar Fredag 6. mai Barnehagane er stengt på planleggingsdagane KONTAKTINFORMASJON Telefon til barnehagen: Kontoret/styrar / 55 97 49 42 Personaltelefonane: Furu / 55 97 49 39 Furu mobil / 95 08 83 11 Bjørk / 55 07 49 40 Bjørk mobil / 95 08 72 82 E-post / [email protected] Teikninga over er Henrik og mamma på ei strand, Henrik har Skylander t-skjorte på seg.Teikna av Henik 6 år. Omslaget er teikna av Frida 5 år og syner heile familia hennar som kosar seg på stranden. Formgitt av Torun Hunnes // Fyrstesida er teikna av Katja 4 år // Teksten er skreven av styrar og pedagogane ved barnehagen // Teksten er oversatt til nynorsk av Torun Hunnes
© Copyright 2024