Notat om massehandtering

Region vest
Ressursavdelinga
Planseksjonen
Januar 2015
Rv. 5 Kjøsnesfjorden
Svein Helge Frækaland
Notat om massehandtering
Innleiing
1.
Innleiing/ bakgrunn ........................................................................................................ 2
2.
Mengder og deponibehov ............................................................................................... 3
Mengder ............................................................................................................................. 3
Brukbarhet av massar ......................................................................................................... 3
Massar til bruk i anlegget ................................................................................................... 3
Masseoverskot .................................................................................................................... 3
Generelt om massetransport .............................................................................................. 4
3.
Deponiområde og masselager ........................................................................................ 4
Samla oversikt .................................................................................................................... 4
4.
Skjema med vurdering av dei ulike områda: ................................................................... 6
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 1
Massehandtering – Rv. 5
Skredsikring langs Kjøsnesfjorden
1. Innleiing/ bakgrunn
Det er under utarbeiding reguleringsplan for skredsikring av Rv. 5 langs
Kjøsnesfjorden.
Tiltaket
vil
vere
bygging
av
tunnel
mellom
eksisterande
Støylsnestunnelen og Kjøsnes. Den nye tunnelen vil bli ei vidareføring av
Støylsnestunnelen, med ei forlenging med om lag 6,5 km ny tunnel. Total
tunnellengde inkl. Støylsnestunnelen vil da bli om lag 8,5 km. Sjå oversiktskart
nedanfor, figur 1.
Figur 1: Oversiktskart over ny tunnel
Prosjektet vil ha eit masseoverskot på om lag 700 000 m3 (anbrakte massar). Desse
massane er ein ressurs som det er eit mål å utnytte på ein økonomisk god måte for
prosjektet og samfunnet.
Mengdene er for store til at det kan vere opp til entreprenørane eller lokale
utbyggjarar/ grunneigarar å ordne deponiområde. Fram mot mogleg anleggsstart
må det utarbeidast reguleringsplanar som sikrar løyve som gir tilstrekkeleg
deponimoglegheiter.
Den nye tunnelen er planlagt med driving frå tverrslag ved Pevika og frå Kjøsnes.
Dette notatet gir ein oversikt over det vi vurderer som aktuelle deponiområde. Kva
for deponiområde som til slutt blir valt, og kor mykje det skal fyllast i dei enkelte
områda, vil bli avgjort seinare. Det som er viktig no, er at vi sikrar ein fleksibilitet
ved planlegginga og utnytting av deponia.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 2
2. Mengder og deponibehov
Mengder
Den nye tunnelen vil få ei lengde på om lag 6,5 km. Tunnel og tverrslag er planlagt
med tunnelprofil T9,5. Inkludert nisjer og tverrslag, vil sprenging av tunnelen gi eit
masseoverskot på om lag 700 000 m3 med tunnelstein. I tillegg vil det vere om lag
21 000 m3 lausmassar frå dagsone på Kjøsnes og ved tverrslaget ved Pevika som må
handterast.
Brukbarhet av massar
Geologien langs tunnelen kan i hovudsak delast inn i to ulike einingar:

Kvartsmonzonitt,
grovkorna
til
storkorna,
nokre
stader
omdanna
til
augegneis. Dette er ein lite omdanna djupbergart.

Granittisk ortogneis med bånd eller striper, nokre stader migmatittisk, gneis
med diorittisk til granittisk samansetting, andre stader augegneis. Dette er
ein omdanna bergart.
I den austlege delen av planområdet framstår bergarten som augegneis med lyse/
raudlege auge eller meir som ein granittisk gneis/ kvartsmonzonitt. I vestre del av
planområdet framstår bergarten som ein banda gneis med alternerande mørke og
lyse band. Bandinga varierar frå lokalitet til lokalitet. Det opptrer og stadvis innslag
av augegneis. Det skal gjennomførast laboratorietestar for å vurdere kvaliteten til
bergartane for bruk til vegbygging. Det er grunn til å tru at det meste av massane
tilfredsstiller krav til massar brukt til vegoverbygning og vidareforedla til sal.
Massar til bruk i anlegget
Det vil bli brukt massar til bygging av veg i dagen ved Kjøsnes og til overbygning i
tunnelen. Desse massane reknar ein med blir handtert i anleggsområdet enten ved
Pevika eller ved Kjøsnes.
Masseoverskot
Av dei totalt om lag 700 000 m3 med overskotsmassar, blir det føresett at om lag
200 000 m3 av desse kan gå til andre tiltak i nærområdet, enten vegbygging eller
andre lokale tiltak. Det står da att om lag 500 000 m3 overskotsmasse som krev
andre deponiområde. Mengde overskotsmasse er omrekna til anbrakte massar.
For omrekning frå prosjekterte faste massar til anbrakte massar, anvendes ein
faktor på 1,4. Ved berekning av transportkostnader er det prosjekterte faste massar
som er brukt som grunnlag, medan det for plassering i deponi er anbrakte massar
som er nytta.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 3
Generelt om massetransport
Sannsynlegvis vil om lag 2/3 av tunnelen bli drive frå tverrslaget i Pevika, og resterande frå
Kjøsnes. Med eit slikt utgangspunkt, vil om lag 470 000 m3 av overskotsmassane med
tunnelstein bli frakta ut ved Pevika, der om lag 200 000 m3 av desse vil vere massar som vi
reknar med å bruke på andre tiltak i nærleiken, og som må plasserast på mellomlager. Om
lag 230 000 m3 vil bli tatt ut ved Kjøsnes.
Ved driving av tunnelen vil massen bli transportert ut av tunnelen med store dumpere med
aksellast som ikke er tillate på ordinært vegnett. Det betyr at massane må transporterast til
mellomlager i nærleiken av tunnelmunningen, eller gå direkte til fyllplass eller lekter på
eigen anleggsveg. Massar som skal fraktast på ordinært vegnett må lastast om til lastebilar.
Med tanke på støy, støv og trafikksikkerheit, er det ein klar fordel om massane kan
transporterast på eigne anleggsvegar i staden for på hovudvegnettet.
Ein transportavstand på inntil 10 km på hovudvegar kan vurderast som forsvarleg sett frå eit
økonomisk synspunkt.
Transportkostnadane som er berekna i vedlagte skjema for dei ulike områda er grove
overslag. Berekningane er gjort for å kunne sjå kva innverknad avstand til deponiområde kan
utgjere i transportkostnader.
3. Deponiområde og masselager
Det er ikkje ønskjeleg å tippe massar på fleire mindre område sidan det vil krevje både
forarbeid før ein kan ta området i bruk og tilpussing i ettertid for dei fleste områda. Dette vil
gi ei mindre effektiv drift av anlegget. Det er difor litt større deponiområde som er teken
med i vurderinga.
I samband med varsel om oppstart av planarbeidet, kom det inn nokre innspel til lokale tiltak
som har behov for massar, m.a. bygging av rasvollar ved bustadfelt, skogsveg og
naustområde. Prosjektet kan levere massar til lokale tiltak. Det er ønskjeleg at kommunen
avklarar kor mykje massar det vil vere behov for, og kvar massane kan plasserast
mellombels.
Samla oversikt
Det er vurdert ei rekke moglege deponiområde. Ein del er forkasta m.a. pga. problematiske
grunntilhøve, omfattande tilrettelegging, for lang transport eller at dei er vurdert som for
små til å vere interessante. Kartet nedanfor viser oversikt over alle områda som i
utgangspunktet har vore vurdert. Det er alternativ 1 – 8 (markert med raudt) det er valt å gå
vidare med, og som det er lagt med utdjupande informasjon om på vedlagte skjema.
Alternativ 9 – 14 er av ulike årsaker valt å forkaste (markert med svart). Tabell 1 viser ein
oversikt over dei ulike områda som er vist i kartet i figur 2.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 4
Figur 2: Områder vurdert som deponi og masselager
Posisjon
Massedeponi/ masselager
1
Bolset. Etablering av landbruksareal eller masselager
2
Bolset. Tidlegare masseuttak. Masselager.
3
Lunde. Eksisterande deponi etter kraftutbygging. Utvide deponiet.
4
Fossheim. Nordfjord Skifer AS sitt område for masseuttak. Masselager.
5
Kjøsnes. Utfylling til nytt landområde/ øy. Permanent deponering.
6
Kjøsnes aust. Fylling på djupt vatn. Permanent deponering.
7
Pevika. Fylling på djupt vatn. Permanent deponering.
8
Klakegg. Utbetring ved kryss E39x fv. 453.
9
Skeisbukta. Etablering av nytt landområde langs E39.
10
Fuglevatna. Attfylling av vatna.
11
Grungen. Masselager.
12
Grungen. Heving av landbruksareal.
13
Bolsetvatnet sør. Opparbeiding av landbruksareal.
14
Klakegg. Opparbeiding av landbruksareal.
Tabell 1: Oversikt over dei ulike vurderte områda for deponi og masselager
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 5
4. Skjema med vurdering av dei ulike områda:
1. Bolset, permanent deponering
Antatt mengde
70 000 m3. Grunneigar Knut Bolset ønskjer opparbeiding av
overskotsmasse, m3 som kan
landbruksareal/ innmarksbeite. Kan kanskje også brukast som
plasserast (anbrakte m3)
masselager for framtidig bruk/ vegbygging.
Transportavstand frå
Ca. 6 km frå Kjøsnes (mest aktuelt)
Kjøsnes/ Pevika
Ca. 10 km frå Pevika
Transportkostnad frå
Opplasting: 50 000 x 15 kr/m3 = 750 000 kr
Kjøsnes/ Pevika
Transport frå Kjøsnes: 5 kr/m3/km x 50 000 m3 x 6 km =
(kostnad for faste m3)
1 500 000 kr
Totalt 2 250 000,-
Omfang av
grunnundersøkingar
Omfang av opparbeiding/
Vil krevje noko opparbeiding før det kan takast i bruk, og
klargjering
tilstelling for å få det til å bli eit område eigna for landbruk.
Konsekvensar for landskap
Konsekvensar for naturmiljø

Kort synfaring i delar av området (på toppen av
«fyllinga»). Registrerte mange svartelista artar.

Artskart: Registrert raudlista art (filtkjuke, Inonotus
tomentosus, VU) i nærleiken

Naturbase: Ingen registrerte naturtypar

Fylkesatlas: Vatna/vassdraget frå Skei mot
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 6
Førde/Breimsvatnet er viktige for fugl, særleg ender og
vadefuglar.

Unngå utfylling i elva og kantsona (min. 10 m). Unngå
avrenning av sprengt finstoff til vatn/vassdrag.

Svartelista artar må ikkje spreiast. (Slike massar kan
kanskje leggast i botn av ev. fylling?)
Konsekvensar for
Er det tenkt større enn dagens deponi, vil her koma krav om
kulturminne/ -miljø
arkeologiske registreringar.
Konsekvensar for nærmiljø
Transport gjennom eller nær gardstun.
og friluftsliv
Konsekvensar for
Massane kan brukast til bakkeplanering og opparbeiding av nytt
naturressursar
landbruksareal.
Planbehov
Fordeler
Får brukt massane som ein ressurs for opparbeiding av nytt
landbruksareal.
Bruker eit område som allereie er berørt.
Ulemper
Transport gjennom Skei sentrum i anleggsperioden. Forholdsvis
lang transport.
Merknader
Må ev. inngå avtale med grunneigar.
Må avklare om det skal takast vare på massar for seinare
vegbygging t.d. langs E39.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 7
2. Bolset, mellombels masselager
Antatt mengde
30 000 m3. Bruk som masselager for framtidig utnytting av
overskotsmasse, m3, som
massane til ulike formål.
kan plasserast (anbrakte m3)
Transportavstand frå
Ca. 6 km frå Kjøsnes (mest aktuelt)
Kjøsnes/ Pevika
Ca. 10 km frå Pevika.
Transportkostnad frå
Opplasting: 21 000 x 15 kr/m3 = 315 000 kr
Kjøsnes/ Pevika
Transport frå Kjøsnes: 5 kr/m3/km x 21 000 m3 x 6 km =
(kostnad for faste m3)
630 000 kr
Totalt 945 000,-
Omfang av
Ingen grunnundersøkingar.
grunnundersøkingar
Omfang av opparbeiding/
Grunneigar må ha ansvaret for å klargjere området for mottak av
klargjering
massar.
Konsekvensar for landskap
Massane vil bli liggande godt synleg frå vegen. Området er
allereie brukt til liknande aktivitet.
Konsekvensar for naturmiljø

Kort synfaring i delar av området (på toppen av
«fyllinga»). Registrerte mange svartelista artar.

Artskart: Registrert raudlista art (filtkjuke, Inonotus
tomentosus, VU) i nærleiken

Naturbase: Ingen registrerte naturtypar

Fylkesatlas: Vatna/vassdraget frå Skei mot Førde/
Breimsvatnet er viktige for fugl, særleg ender og
vadefuglar.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 8

Merknad: Unngå utfylling i elva og kantsona (min. 10 m).
Unngå avrenning av sprengt finstoff til vatn/vassdrag.

Svartelista artar må ikkje spreiast. (Slike massar kan
kanskje leggast i botn av ev. fylling?)
Konsekvensar for
Er det tenkt større enn dagens deponi, vil her koma krav om
kulturminne/ -miljø
arkeologiske registreringar.
Konsekvensar for nærmiljø
Transport nær gardstun. Støy og støv pga. aktivitet på området
og friluftsliv
gjennom lengre tid.
Konsekvensar for
Får gjenbruk av massane frå tunnelen.
naturressursar
Planbehov
Fordeler
Får brukt massane som ein ressurs.
Bruker eit område som allereie er berørt.
Ulemper
Transport gjennom Skei sentrum i anleggsperioden. Støy og støv
for nærmiljøet.
Merknader
Vurdere utlysing der alle interesserte kan melde sin interesse.
Vurdere vilkår for tilkøyring av massar.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 9
3. Lunde, permanent deponi
Antatt mengde
overskotsmasse,
Antar 200 000 m3
m3
som kan
plasserast (anbrakte m3)
Transportavstand frå
Transportavstand frå Pevika: 6,1 km
Kjøsnes/ Pevika
Transportkostnad frå
Opplasting: 140 000 x 15 kr/m3 = 2 100 000 kr
Kjøsnes/ Pevika (faste m3)
Transport: 5 kr/m3/km x 140 000 m3 x 6,1 km = 4 270 000 kr
Totalt 6 370 000,-
Omfang av
grunnundersøkingar
Omfang av opparbeiding/
Etablere anleggsveg til tippområdet.
klargjering
Konsekvensar for landskap
Eksisterande deponi er utforma etter krav i konsesjon frå
kraftutbygginga. Ytterlegare fylling vil gjere det vanskeleg å få
til god landskapstilpassing.
Konsekvensar for naturmiljø

Truleg utgreidd i samband med Kjøsnesfjorden kraftverk.

Artskart: Raudlista sopp tilknytt beitemarka registrert,
men vest for dagens deponi?

Naturbase: Regionalt viktig område med naturbeitemark.
Konsekvensar for
Så lenge det er same deponiet er det truleg ikkje problematisk i
kulturminne/ -miljø
forhold til kulturminneinteresser.
Konsekvensar for nærmiljø
Transport forbi busetnaden ved Lunde.
og friluftsliv
Konsekvensar for
Truleg ingen gjenbruk av massane.
naturressursar
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 10
Planbehov
Reguleringsplan?
Fordeler
Området er brukt som deponi tidlegare.
Ulemper
Rasfare. Kan ikkje nyttast i periodar med fare for ras.
Vanskeleg med god landskapstilpassing.
Merknader
Geolog skal vurdere rasfaren før vi tar stilling til om dette
området er aktuelt å bruke som deponi.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 11
4. Skei sentrum, eksisterande steinbrot med konsesjon for utviding av område
Antatt mengde
overskotsmasse,
Avklarast med Nordfjord Skifer v/ Sverre Anton Sunde.
m3,
som
Antar 100 000 m3.
kan plasserast (anbrakte m3)
Transportavstand frå
Frå Kjøsnes: Ca. 4,2 km.
Kjøsnes/ Pevika
Frå Pevika: Ca. 8,2 km.
Transportkostnad frå
Opplasting: 70 000 m3 x 15 kr/m3 = 1 050 000 kr
Kjøsnes/ Pevika
Transport: 5 kr/m3/km x 70 000 m3 x 4,2 km = 1 470 000 kr
(faste m3)
Totalt 2 520 000,-
Omfang av
grunnundersøkingar
Omfang av opparbeiding/
Nordfjord skifer har opparbeidd område for masseuttak, og kan
klargjering
utvide området.
Konsekvensar for landskap
Området inngår i kommuneplan er vurdert i KU for
kommuneplan.
Konsekvensar for naturmiljø

Fylkesatlas: Vatna/vassdraget frå Skei mot Førde/
Breimsvatnet er viktige for fugl, særleg ender og
vadefuglar.

Artskart: Fleire vasstilknytte raudlista fugleartar (NT)
registrert dei siste åra. Raudlista (beitemarkstilknytt?)
sommarfugl (EN) registrert i Skei-området i 1942.

Naturbase: Fuglevatna, Skredvatnet og Fossheimvatnet er
registrert som rike kulturlandskapssjøar.

Merknad: Unngå utfylling i elv/vatn og kantsona (min. 10
m). Unngå avrenning av sprengt finstoff til
vatn/vassdrag.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 12
Konsekvensar for
Viser til konsekvensutgreiing for kommuneplan.
kulturminne/ -miljø
Konsekvensar for nærmiljø
Transport gjennom sentrum og knusing av massar i steinbrotet
og friluftsliv
vil føre til støy og støv for nærmiljøet.
Konsekvensar for
Får gjenbruk av overskotsmassar.
naturressursar
Planbehov
Område for industri. Nordfjord Skifer AS har konsesjon på
området. Utviding av området er med i godkjent kommuneplan.
Fordeler
Eksisterande steinbrot med godkjent plan for utviding.
Forholdsvis kort transport.
Gjenbruk av overskotsmassane.
Ulemper
Transport gjennom Skei sentrum.
Merknader
Nordfjord Skifer v/Sverre Anton Sunde har teke kontakt. Dei vil
ha kapasitet til å ta mot overskotsmassar frå tunnelen, og kan
også ha plass til knusing av massar.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 13
5. Fylling i Kjøsnesfjorden – ved brua (Skissa viser forslag til løysing - fleire alternativ til
utforming kan vurderast)
Antatt mengde
500 000 m3
overskotsmasse, m3, som
kan plasserast (anbrakte
m3)
Aktuelt å fylle all overskotsmasse.
Antar 270 000 m3 frå Pevika og 230 000 m3 frå Kjøsnes.
Transportavstand frå
Frå Kjøsnes: Ca. 1,3 km
Kjøsnes/ Pevika
Frå Pevika: Ca. 5 km
Transportkostnad frå
Opplasting: 350 000 m3 x 15 kr/m3 = 5 250 000 kr
Kjøsnes/ Pevika
Transport
(faste m3)

frå Pevika: 5 kr/m3/km x 190 000 m3 x 5 km =
4 750 000 kr

frå Kjøsnes: 5 kr/m3/km x 160 000 m3 x 1,3 km =
1 040 000 kr
Totalt 11 040 000,Omfang av
Må grunnundersøkast.
grunnundersøkingar
Omfang av opparbeiding/
Det opparbeidde nye landområdet kan utformast slik at det kan
klargjering
vere til nytte i turistsamanheng og som rasteplass.
Konsekvensar for landskap
Det utfylte området blir eit framandelement som vil endre
landskapsbiletet.
Konsekvensar for naturmiljø

Jølstravatnet har ein av totalt 5 storaurestammar i Sogn
og Fjordane

Fleire raudlista fugleartar (NT)registrert dei siste åra

Naturbase: Ingen registrerte naturtypar

Merknad: Kan vere høg konfliktgrad i høve til
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 14
storaurestamma i Jølstravatnet. Dei grunne områda er
viktige for ungfiskane. Må unngå at finstoffet frå
sprengde massar spreier seg i vatnet, dvs. siltgardin ned
til botn. Krav om fiskeundersøkingar før og etter. Må
også vurderast etter vassforskrifta (og vassressurslova).

Kan vere positivt å få meir gjennomstrøyming/ utskifting
av vatn mellom Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet ved å
opne fyllinga meir.
Konsekvensar for
Uheldig for kulturmiljøet på Kjøsnes. Det utfylte området/ øya
kulturminne/ -miljø
blir eit framandelement i eit elles godt bevart kulturmiljø. Kan
komme krav om utvida arkeologisk registrering frå
fylkeskommunen. Kanskje også krav om arkeologisk registrering
frå sjøfartsmuseet.
Konsekvensar for nærmiljø
Kan etablere fiskeplass ved nytt landområde/ øy. Kan bli eit
og friluftsliv
positivt bidrag som kan nyttast av nærmiljøet og til friluftsliv/
fiske.
Konsekvensar for
Usikkert om utfyllinga kan påverke næringsfiske i Jølstravatnet.
naturressursar
Overskotsmassane blir gjenbrukt ved å skape nytt landområde.
Planbehov
Reguleringsplan og ev. konsekvensutgreiing.
Fordeler
Kort transport. Plass til stor del av/ all overskotsmassane.
Opparbeide nytt landareal som kan nyttast i turistsamanheng.
Kan vere med å tilføre området nye kvalitetar.
Ulemper
Moglege konfliktar med fiskeinteresser og kulturmiljø.
Etablerer ei kunstig øy som blir eit framandelement i
landskapsbiletet.
Merknader
Viktig landskapsrom og kulturmiljø. Nasjonale naturverdiar.
Eksisterande bru har behov for vedlikehald, ev. ny bru. Det bør
ikkje vere massetransport over eksisterande bru.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 15
6. Fylling i Kjøsnesfjorden – øst for Kjøsnes
Antatt mengde
Kan fylle all overskotsmasse, dvs. 270 000 m3 frå Pevika og
overskotsmasse, m3 som kan
230 000 m3 frå Kjøsnes.
plasserast (anbrakte m3)
Transportavstand frå
Avstand frå Kjøsnes: 0,5 km
Kjøsnes/ Pevika
Avstand frå Pevika: 3,2 km
Transportkostnad frå
Kostnad for opplasting: 500 000 m3 x 15 kr/m3 = 7 500 000 kr
Kjøsnes/ Pevika
Transport til lekter:
(faste
m3)

Frå Kjøsnes: 10 kr/m3/km x 230 000 m3 x 0,5 km =
1 150 000 kr

Frå Pevika: 10 kr/m3/km x 270 000 m3 x 3,2 km =
8 640 000 kr
Totalt for tipping av all overskotsmasse: kr 17 290 000,Merknad: I tillegg kjem kostnader med lekter.
Omfang av
Botn nærast Kjøsnes er scanna. Geoteknikar må vurdere behov
grunnundersøkingar
for vidare undersøkingar. Vanskeleg å få undersøkt botntilhøva
djupare enn ca. 30 m.
Omfang av opparbeiding/
Anleggsveg for bruk av lekter.
klargjering
Tipping av massar på djupt vatn slik at det ikkje vil bli synleg i
dagen. Ikkje etterarbeid med massane etter tipping.
Konsekvensar for landskap
Konsekvensar for naturmiljø
Endrar ikkje landskapsbilete.

Jølstravatnet har ein av totalt 5 storaurestammar i Sogn
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 16
og Fjordane

Fleire raudlista fugleartar (NT)registrert dei siste åra

Naturbase: Ingen registrerte naturtypar

Merknad: Kan vere høg konfliktgrad i høve til
storaurestamma i Jølstravatnet. Dei grunne områda er
viktige for ungfiskane. Må unngå at finstoffet frå
sprengde massar spreier seg i vatnet, dvs. siltgardin ned
til botn. Krav om fiskeundersøkingar før og etter. Må
også vurderast etter vassforskrifta (og vassressurslova).
Konsekvensar for
I forhold til kulturminneinteresser bør anleggsvegen leggast
kulturminne/ -miljø
aust for dyrka mark. Dess lenger aust, dess betre. Store
kulturminneinteresser i vestleg del av området. Det kan komme
krav om utvida arkeologisk registrering frå fylkeskommunen.
Kanskje også krav om arkeologisk registrering frå
sjøfartsmuseet.
Konsekvensar for nærmiljø
Støy for busetnaden på Kjøsnes under anleggstida.
og friluftsliv
Mogleg konflikt med fiskeinteresser.
Konsekvensar for
Vatnet er vassforsyning for gardsbruk på Kjøsnes. Pumpehus
naturressursar
ligg i nærleiken av det aktuelle området.
Ingen gjenbruk av overskotsmassane.
Usikkert om utfyllinga kan påverke næringsfiske i Jølstravatnet.
Planbehov
Fordeler
Kort transport frå Kjøsnes. Ved fylling på djupt vatn, vil
utfyllinga ikkje føre til endring av landskapsbiletet. Ikkje
etterarbeid av massane etter fylling i vatnet.
Ulemper
Må etablere anleggsveg i strandlinja for å komme til med lekter
og tipping av masse langs ei lengre strekning (om lag 200m).
Ingen gjenbruk av massane.
Usikre grunnforhold. Får ikkje grunnundersøkt djupare enn om
lag 30 m.
Mogleg konflikt med fiskeinteresser.
Det er mogleg at fylling frå lekter må avgrensast i tid pga. is på
vatnet.
Merknader
Usikkert kor langt ut ein kjem med lekteren, og om ein når ut på
det djupaste området.
Det må nyttast silt-gardin, kanskje dobbel, for å unngå spreiing
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 17
av fine partiklar i vatnet.
Pga. ganske store kostnader med å få lekter på plass, er
løysinga med fylling i vatnet berre aktuell viss det kan bli snakk
om å fylle større mengder her. Løysinga vil ikkje vere aktuell for
å fylle berre ein rest av overskotsmassar.
Dårlege botnforhold nær Kleivatunnelen gjer at ein ønskjer å
vurdere utfylling nærare Kjøsnes enn det som er med i
planprogrammet for reguleringsplanen.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 18
7. Fylling i Kjøsnesfjorden – Pevika
Antatt mengde
Reknar med å kunne fylle all overskotsmasse her:
overskotsmasse, m3 som kan

270 000 m3 frå Pevika
plasserast (anbrakte m3)

230 000 m3 frå Kjøsnes.
Transportavstand frå
Frå Kjøsnes: 4 km
Kjøsnes/ Pevika
Frå Pevika: 0,3 km (mest aktuelt)
Transportkostnad frå
Transport frå Kjøsnes krev omlasting,
Kjøsnes/ Pevika
Opplasting Kjøsnes: 160 000 m3 x 15 kr/m3 = 2 400 000 kr
(faste m3)
Transport til lekter:

frå Pevika: 10 kr/m3/km x 190 000 m3 x 0,3 km =
570 000 kr

frå Kjøsnes: 10 kr/m3/km x 160 000 m3 x 4 km =
6 400 000 kr
Ved tipping av all overskotsmasse: Totalt 9 370 000,-.
Merknad: I tillegg kjem kostnader med lekter.
Omfang av
Må vurderast av geoteknikar.
grunnundersøkingar
Omfang av opparbeiding/
Tilkomst for bruk av lekter.
klargjering
Tipping av massar på djupt vatn slik at det ikkje vil bli synleg i
dagen.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 19
Konsekvensar for landskap
Konsekvensar for naturmiljø
Endrar ikkje landskapsbilete.

Jølstravatnet har ein av totalt 5 storaurestammar i Sogn
og Fjordane

Fleire raudlista fugleartar (NT)registrert dei siste åra

Naturbase: Ingen registrerte naturtypar

Merknad: Kan vere høg konfliktgrad i høve til
storaurestamma i Jølstravatnet. Dei grunne områda er
viktige for ungfiskane. Må unngå at finstoffet frå
sprengde massar spreier seg i vatnet, dvs. siltgardin ned
til botn. Krav om fiskeundersøkingar før og etter
utfylling. Må også vurderast etter vassforskrifta (og
vassressurslova).
Konsekvensar for
Truleg ingen konsekvensar for kulturminne/ - miljø.
kulturminne/ -miljø
Konsekvensar for nærmiljø
Unngår å belaste nærmiljøet ved Kjøsnes med mykje
og friluftsliv
anleggstrafikk.
Fylling på djupt vatn vert rekna å ha mindre negative
konsekvensar for fisken i Kjøsnesfjorden, enn ved fylling langs
land der det er grunner og oppvekstområde for fisken.
Konsekvensar for
Ingen gjenbruk av overskotsmassane.
naturressursar
Planbehov
Reguleringsplan.
Fordeler
Overskotsmassane frå Pevika kan køyrast direkte ut på lekteren
utan omlasting.
Ingen kostnader med tilstelling av område i ettertid.
Ingen endring i landskapsbiletet.
Unngår støy og støv frå anleggstrafikk ved busetnad.
Unngår anleggstrafikk langs rv. 5 mot Skei og ev. langs E39.
Ulemper
Må etablere anleggsveg i strandlinja for å komme til med lekter
og tipping av masse langs ei lengre strekning (om lag 200m).
Ingen gjenbruk av massane.
Usikre grunnforhold. Får ikkje grunnundersøkt djupare enn om
lag 30 m.
Det er mogleg at fylling frå lekter må avgrensast i tid pga.
rasfare og / eller is på vatnet.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 20
Merknader
Området ved Pevika er fylt ut ved tidlegare vegutbetring. Fyllinga
er vurdert til å vere stabil i geoteknisk rapport frå 2004.
Det må nyttast silt-gardin, kanskje dobbel, for å unngå spreiing
av fine partiklar i vatnet.
Pga. ganske store kostnader med å få lekter på plass, er
løysinga med fylling i vatnet berre aktuell viss det kan bli snakk
om å fylle større mengder her. Løysinga vil ikkje vere aktuell for
å fylle berre ein rest av overskotsmassar.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 21
8. Utbetring av kryss mellom E39 og fv. 453
Antatt mengde
Antar at det kan fyllast om lag 100 000 m3 i området.
overskotsmasse, m3 som kan
plasserast (anbrakte
m3)
(Viss ein vel å berre fylle for omlegging av fv. 453 ved krysset
med E39, vil det gå med om lag 40 000 – 50 000 m3.)
Transportavstand frå
Avstand frå Kjøsnes: 7,3 km (mest aktuelt)
Kjøsnes/ Pevika
(Avstand frå Pevika: 11,3 km)
Transportkostnad frå
Opplasting: 70 000 m3 x 15 kr/m3 = 1 050 000 kr
Kjøsnes
Transport: 5 kr/m3/km x 70 000 m3 x 7,3 km = 2 555 000 kr
(faste m3)
Totalt 3 605 000,-
Omfang av
Vurderast av geoteknikar.
grunnundersøkingar
Omfang av opparbeiding/
Må fjerne myrmassar. Usikkerheit rundt ureina grunn.
klargjering
Konsekvensar for landskap
Konsekvensar for naturmiljø

Artskart: Oter i/ved Stardalselva

Naturbase: Ingen registrerte naturtypar

Delvis myrlendt, usikkert kor mykje som er påverka av
tidlegare inngrep.

Forureina grunn: Kan bli pålagt å gjere tiltak pga. gamal
avfallsfylling, men kan også vere mogleg å fylle oppå
dersom FM/kommunen meiner det ikkje er fare for
avrenning/ vidare forureining.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 22
Konsekvensar for
kulturminne/ -miljø
Meldepliktig sefrakregistrert bygning på vestsida av E39, rett før
krysset. Truleg krav om arkeologisk registrering.
Konsekvensar for nærmiljø
Transport gjennom Skei sentrum. Støy og støv frå
og friluftsliv
anleggstrafikk.
Konsekvensar for
Får brukt noko av overskotsmassen til vegutbetring.
naturressursar
Planbehov
Fordeler
Får utbetra kryssområde.
Gjenbruk av overskotsmassar.
Ulemper
Lang transport. Transport gjennom Skei sentrum.
Fjerning og deponering av myrmassar. Usikkerheit rundt ureina
grunn.
Merknader
Må avklarast nærare med vegavdelinga.
Avklare planbehov.
Myrmassar som blir fjerna, kan leggast på toppen av steinfylling.
Rv. 5 Skredsikring langs Kjøsnesfjorden – notat om massehandtering
Side 23
Statens vegvesen
Region vest
Ressursavdelinga
Askedalen 4 6863 LEIKANGER
Tlf: (+47 915) 02030
[email protected]
vegvesen.no
Trygt fram sammen