Generalsekretær – Ledig stilling

Kreativ Aktiv Norsk DataUngdom, KANDU, er arrangør av datatreffet The Gathering og ein aktiv pådrivar for betring av aktivitetstilbodet for datainteressert ungdom. Organisasjonen har 7.000 medlemmar og aktivitetslokale i Frivillighetshuset på Tøyen (Oslo).
Generalsekretær – Ledig stilling
Vi søkjer ein leiar som:
•
Er trygg og løysningsorientert strateg med leiarerfaring og ikkje er redd for å iverksette endringar vedteke av styret og generalforsamlinga.
•
Har tett dialog med organisasjonen og evne til å omsette strategi til handling og resultat.
•
Er ein tydeleg rollemodell – truverdig ovanfor medlemmar, tilsette, styret og organisasjonen ellers.
•
Kan skape tillit og kommunisere godt med relevante fagmiljø og internt.
•
Er ein god relasjonsbyggar med inkluderande leiarstil.
•
Er strukturert, effektiv og har god arbeidskapasitet.
•
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Generalsekretæren er den øverste tilsette i organisasjonen og leiar organisasjonen sin daglege drift. Stillinga går
ut på administrasjonsarbeid samt representasjon, utarbeiding av medlemstilbod og sikring av inntekter. Stillinga er nyoppretta, og i det vil vere store opningar for å forme innhaldet i stillinga.
Som leiar for sekretariatet vil du vere underlagt den demokratisk valde leiinga i organisasjonen og svarar til styret. Organisasjonen har to andre stillingar som p.t. er fylt; administrasjonssekretær og organisasjonssekretær (sisnemnte med ansvar for medlemsretta lågterskelaktivitetar i lokalet vårt i Oslo).
Arbeidsoppgåver
•
Dagleg leiing av sekretariatet, medrekna overordna ansvar for forvaltning og utvikling.
•
Kontakt med det offentlege og andre aktuelle organisasjonar.
•
Samarbeid med, og rapportering til organisasjonen sitt styre.
•
PR, medierelasjonar og avtalar innan samarbeid og sponsor.
•
Aktivt bidra til store arrangement.
Kvalifikasjonar
•
Kjennskap til administrasjonsarbeid inkludert økonomi
•
Erfaring og/eller kjennskap til organisasjonsdrift
Vi kan tilby
•
Du formar eiga stilling, og tek aktiv rolle i arbeidet om vidareutvikling av organisasjonen.
•
Fleksibel arbeidstid, men det må forventast ein del møteverksemd og til tider helgearbeid.
•
Høgt nivå av sjølvstendig arbeid og påverknad på eigen arbeidsdag og resultat.
•
Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i ein organisasjon i endring.
•
Tiltreding etter avtale, men så snart som mogleg. Løn etter avtale.
•
100% stilling, men det kan avtalast mindre brøk dersom stillinga ynskjast kombinert med t.d. studier.
•
Løn og lengde på åremål etter avtale.
Send kortfatta søknad og CV til kontoret [alfakrøll] kandu.no. Frist for søknadar: 16. september 2015. Intervju vil bli gjort fortløpande.
Spøsmål om prosessen og stillinga kan rettast til leiar av tilsetningsutvalet, Andreas­Johann Østerdal Ulvestad, på e­
post aj [alfakrøll] kandu.no eller telefon 917 54 579.