Per Mulvik AS har sidan 1972 levert rådgivande ingeniørtenester frå vårt kontor i Volda sentrum. Våre 10 tilsette arbeider innan fagområda byggeteknikk, byggeleiing, kommunalteknikk, arealplan, oppmåling og taksering. Vi ynskjer no å styrke avdelingane for konstruksjonsteknikk, arkitekt/arealplanlegging, samt takstavdelinga og søker difor for snarleg tilsetting: SIV.ING./ING. KONSTRUKSJONSTEKNIKK Primæroppgåver for stillinga: - Rådgiving og prosjektering av betong- og stålkonstruksjonar - Jordskjelvanalyser etter EC8 - Uavhengig kontroll ARKITEKT/AREALPLANLEGGAR Primæroppgåver for stillinga: - Utarbeiding av reguleringsplanar og føre planprosess - Utarbeiding av detaljplanar - Rådgiving og prosjektering av arkitektur for bygg, uteområde og landskap - Planarbeid TAKSTMANN Primæroppgåver for stillinga: - Skadetaksering - Verditaksering - Tilstandsanalyse/BSR For alle stillingane søkast primært etter personar med: • • relevant utdanning på MSc- eller BSc-nivå minst 5 år med relevant praksis gode kommunikasjons- og samarbeidsevner gode datakunnskapar evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid Andre arbeidsoppgåver kan etter behov og ønske verte tillagt stillingane. Rett kandidat vil få tilbod om stor grad av fridom i utforming av den aktuelle stillinga. Som del av eit spennande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde tilbyr vi fleksibel arbeidstid og konkurransedyktige løns- og forsikringsordningar. Spørsmål om stillingane kan rettast til Ottar M. Skare på tlf. 90023835 eller e-post til [email protected]. Søknad med CV og referansar sendast til Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda innan 22.03.2017.
© Copyright 2024