stillingsutlysing06/01/2017, 09:49

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) er eit interkommunalt­­avfallsselskap for ­kommunane Eidfjord,
Granvin, Jondal, U
­ llensvang, Ulvik og Voss. Selskapet arbeider med innsamling, ­tilrettelegging av
sorteringsordningar, gjenvinning, energiutnytting og sluttbehandling av avfall.
Reparatør/Operatør
for anleggsmaskiner og flishoggar
I samband med at IHM skal auke lokal handsaming og utnytting av eigne
ressursar i ­regionen, søkjer vi etter reparatør/operatør med tilsetjing snarast.
Arbeidsoppgåver vil omfatte:
• operatør på flishoggar og sikteverk
• vedlikehald og reparasjon av maskiner og utstyr
•maskinkøyring
Stillinga kan verte tillagd andre oppgåver
Du må:
•
•
•
•
•
•
•
•
ha maskinførarbevis for minimum hjullastar og gravemaskin
helst ha førarkort klasse C eller CE
ha relevant erfaring frå avfallsbransjen eller anleggsbransjen
vere serviceinnstilt og flink til å kommunisere
kunne vere fleksibel i forhold til dagleg arbeidstid
vere budd på ekstraarbeid i samband med høgtider o.l.
ha god risikoforståing og ansvarskjensle
ha evne og vilje til systematisk vedlikehald og ettersyn av maskiner og utstyr
Base for arbeidet vil vere IHM sitt avfallsanlegg på Voss.
Vi oppfordrar interesserte til å ta kontakt med produksjonsleiar Gunnar Bråten på
tlf. 911 79 820 som vil fortelje deg meir om stillinga. Vi ønskjer din skriftlege søknad
med CV innan 15.01.17 til: Indre Hordaland Miljøverk IKS, Postboks 161, 5701 Voss eller
til [email protected].
56 52 99 00 | [email protected] | www.ihm.no
Logolink
For oss er avfall ein viktig ressurs, og vi håpar at du også har eit overordna miljøperspektiv
i ditt arbeid. Du kan rekne med gode vilkår i ein hektisk og triveleg kvardag.