Norsk Stein AS avd. Jelsa har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokaliserte i Suldal kommune, er 166 tilsette + 7 lærlingar, og har ein årsproduksjon på opp til 10 mill. tonn Sjå: http://www.mibau-stema.com Ønskjer du ein spennande og lærerik arbeidsplass i Europas største pukkverk? Då er du velkommen til å søkja som vikar i vår bedrift. Operatør - vikar i bruddavdelinga Me søkjer etter ein engasjert og sjølvgåande medarbeidar som ønskjer å arbeide i bruddet, fortrinnsvis i servicegruppa. Dette inneber: • Køyring av gravemaskin • Køyring av veghøvel, vedlikehald av vegar. • Førefallande arbeid med hjullastar • Støvdemping og vatning av salver med stor traktor. • Fylling av diesel på maskinar med tankbil. • Anna førefallande arbeid • Ved behov må ein rekna med å hjelpa til i andre avdelingar. For stillinga som operatør i bruddavdelinga ønskjer me personar som har: • Sertifikat kl. C • Relevant kompetansebevis som maskinførar (M2, M3, M4 og M6) • Fagbrev i anleggsmaskinførarfaget, eventuelt lang og allsidig praksis • Kunna kommunisere på norsk, både skriftleg og munnleg. For stillinga gjeld: • Opplæring vil bli gitt til motiverte søkjarar som ikkje oppfyller krav til kompetanse og erfaring. • Arbeidstida er primært 2-skift. (Ettermiddagsskift 3. kvar veke og ønske om deltaking i helgevakt 3. kvar helg). • Du bør ha evna til å jobbe planmessig og effektivt • Du må ha rett innstilling, ønskje om å bidra positivt til å løyse oppgåver og bygge eit godt arbeidsmiljø. • Stillinga er for inntil 1 år Kontaktperson til stillinga som operatør: Kjell Petter Hamre eller Siv Krane Rodahl; tlf. 52 79 29 00 Laboratoriemedarbeidar - vikar Me søkjer etter ein engasjert og sjølvgåande medarbeidar som ønskjer å arbeida i vårt laboratorium. Laboratoriet gjennomfører analyse av produkta på Norsk Stein. Arbeidet vil bestå av å: • Ta prøver ute i anlegget, og analysere desse. • Registrere prøveresultat. Me søkjer deg som: • Har erfaring frå laboratorie- eller bergverksarbeid. Dette er ein fordel, men ikkje nødvendig, då opplæring vil bli gitt. • Har ansvarsfølelse og ryddighet • Har god fysisk helse • Har fokus på sikkerhet og kvalitet i jobben • Har god samarbeidsevne og fleksibilitet • Har grunnleggande datakunnskapar. • Har B-sertifikat • Kan kommunisera på norsk, både munnleg og skriftleg. Arbeidstida er primært på dagtid. For rett person kan me tilby ein spennande og variert jobb i eit godt miljø. Kontaktperson til stillinga som laboratoriemedarbeidar: Frank Hondsmerk, tlf. 52 79 29 00 Søknad med CV sendast innan 27.01.17 til: Norsk Stein AS Personalavdelinga Jelsavegen 512, 4234 Jelsa Eller på e-post: [email protected]
© Copyright 2024