Velkommen som støttekontakt

Godtgjersle og arbeidsforhold
Kontaktpersonar
Støttekontaktar vert ikkje tilsett i Fjell kommune,
men inngår ein oppdragsavtale om å jobbe eit
fast timetal i månaden. Fjell kommune dekker
løn, køyregodtgjersle og utgifter inntil ein viss
sum etter kvittering. Det vert ikkje betalt betalt
sjukepengar i arbeidsgjevarperioden.
Den faste summen og køyrelengda kjem fram i
kvar einskild sin avtale og er knytt til oppdraget.
Hildegunn Vengen, leiar.
Tlf. 55 09 71 56
[email protected]
Den du er støttekontakt for må sjølv dekkje som
eigne utgifter medan dei er saman med
støttekontakte. Dersom brukar har følgjebevis,
betyr dette at du som følgjeperson kjem gratis
inn på ulike arrangement som har godkjent dette
kortet.
Avslutting av oppdrag
Det kan vere ulike grunnar til å avslutte eit
avlastingsforhold. Uansett grunn er det viktig å
avslutte på ein god måte. Spesielt born treng
god tid på å forberede seg på ein endring, og
forholdet bør difor avviklast over tid.
Oppseiing
Design: Monica Hovland, Informasjon
Oppseiinga av oppdraget er på 1 månad, og er
gjensidig for begge partar.
Anita Birkeland, sakshandsamar
Tlf. 55 09 71 58
[email protected]
May Liss Snekkevik, sakshandsamar
Tlf. 55 09 71 97
[email protected]
Anne–Tone Sætenes,
fagleiar Straumsfjellet avlasting
Tlf. 55 09 68 85
[email protected]
Terje Aaberg, fagleiar Gullfjellbasen
Tlf. 55 09 68 94
[email protected]
Fjell kommune
Fjell kommune
Postadresse: Postboks 184, 5342 Straume
(merk konvolutt med Støttetiltak for
funksjonshemma)
Tlf. 55 09 60 00
www.fjell.kommune.no
FØLG FJELL KOMMUNE PÅ FACEBOOK
Velkommen
som
støttekontakt
Takk for at du melder deg til innsats,
og er interessert i å bli støttekontakt.
Det er mange som har bruk for
ei slik teneste i kommunen.
Som støttekontakt vil du møte mange
utfordringar, og du vil også oppleve mykje
som er triveleg og gjevande.
Fjell kommune
støttekontakt
Innhald i oppdraget
Spør om du lurar på noko
Som støtteontakt skal du hjelpe barn og
vaksne som av ulik årsak treng bistand til å delta
i kultur- og fritidsaktivitetar, sosiale opplevingar
og samfunnslivet generelt. Det er ikkje krav til
formell utdanning eller spesiell arbeidserfaring,
men du må like å jobbe med menneske, vere
ansvarsbevisst, stabil, engasjert og kunne jobbe
sjølvstendig. Kommunen har som hovudregel at
støttekontaktane skal vere over 18 år.
Det er også ein fordel, men ikkje avgjerande om
du har førarkort og bil.
Støttekontakttenesta kan vere organisert både
individuelt og i gruppe. Det er brukaren sine
øskjer og behov som skal styre korleis
støttekontaktoppdraget skal gjennomførast.
Nokon kan ha ein hobby, eller ein fast aktivitet
der dei har behov for å ha med seg støttekontakt.
Det fins også mange som av ulike årsaker treng
at du tek initiativ og kjem med aktivitetar.
Av og til kan det hende du kjem opp i vanskelege
situasjonar. Då er det viktig at du spør om råd.
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss dersom du
har behov for det. Nokre gangar kan der vere
nok å ta det opp direkte med brukaren og nokre
gangar må pårørande eller andre hjelparar bli
involverte.
Kven får støttekontakt?
For å bli tildelt støttekontakt må ein søkje den
kommunen ein bur i.Kommunen vurderer ut frå
behovet kor mange timar i månaden ein får tildelt
støttekontakt.
Dei som får tildelt støttekontakt er like ulike som
alle andre. Dei kan til dømes ha ein
funksjonshemming, lærevanskar, eller ein
sjukdom og har behov for bistand til å oppnå ei
meiningsfull fritid. Kva som vert opplevd som ei
meiningsfull fritid er individuelt, men sosial
samvær er ein fellesnemnar.
Samarbeid
Brukaren kjenner best sin egen situasjon og kva
behov du som støttekontakt skal dekkje, men
alle er ikkje i stand til å uttrykkje dette sjølve.
Derfor er det av og til nødvendig å ha god
kontakt med pårørande eller andre rundt den
einskilde brukar. Desse personane kan bidra
med opplæring og nyttig informasjon som er
viktig for å opprette eit godt samarbeid mellom
deg og brukaren.
Dersom du er støttekontakt for eit barn under
18 år, vil du få nyttig informasjon og rettleiing
frå foreldra. Familien rundt barnet er dei som
kjenner barnet best, og vil kunne gje deg den
informasjonen som du til ein kvar tid treng.
Det er viktig å etablere eit godt samarbeid
frå starten av.
Råd og reglar
Det er flott at du engasjerer deg og vil nytte tida
di saman med andre som treng hjelp i fritida.
I nokre tilfelle opplever du kanskje ar brukaren
ikkje har så mange rundt seg. Då er det fint at
du kan vere eit bindeledd til omverda, men ver
medviten på kva for oppgåver du tek på deg og
kva problemstillingar du blir involvert i. Di rolle
som støttekontakt er først og fremst å vere eit
med menneske og ein sosial støttespelar.
Som støttekontakt har du ikkje høve til å låne ut
pengar til brukaren eller å låne pengar av brukar.
Det er heller ikkje lov å nyte alkohol under
oppdraget.
Vi ber og om at du tenkjer deg godt om før du
eventuelt legg brukar til som ven på ulike sosiale
mediar som Facebook etc. Det er viktig å skilje
mellom rolla di som støttekontakt og som
privatperson. Du skal ikkje vere ein bestevenn/
venninne, psykolog eller advokat for brukar.