VINTERDALEN BARNEHAGE Årsplan 2015-2016

VINTERDALEN BARNEHAGE
Årsplan 2015-2016
Satsingsområde: Uteliv
Årstema: Språk med fokus på matematikk
FORORD
Helse Bergen Hf eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av
nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert drivne i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for
barnehagen sitt innhald og oppgåver».
I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gi opplysningar om
barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med blant anna omsorg,
danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet.
Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er
viktig for samarbeidet med føresette.
Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Langtidsplanen skal sikre
progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile
barnehageopphaldet, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan
for barnehagen sitt innhald og oppgåver».
Inger Johanne Klausen
Barnehagesjef
MÅL FOR VINTERDALEN BARNEHAGE
SATSINGSOMRÅDE UTELIV
Vinterdalen barnehage har eit eige lavvo-område med gapahuk og bålplass.
Lavvo-området er ein flott arena for motoriske utfordringar i tillegg til at barna blir kjend med naturen sitt mangfald og moglegheiter. Vi ønskjer å gi barna
gode opplevingar ved det å ferdast i naturen. Gjennom eit aktivt uteliv vil vi gi
tid og rom for leik, undring, glede, meistring og bruk av fantasien.
Hjå oss får barna:
• Oppleve naturen som leikeplass
• Lære å bli glad i naturen
• Oppleve at vi tar pedagogikken med ut i det fri
• Vere ute i all slag vær
• Oppleve stemningsfulle frukostar ute rundt bålet
• Være med på matlaging over open eld og på stormkjøkken
• Kose seg i urøyrt natur
2015 er friluftslivet sitt år, noko som også skal prege barnehagen vår.
Barn som har fått leike og utvikle leiken sin – klarar livet sine utfordringar
betre.
Vinterdalen barnehage hadde i 2014-2015 årstemaet «Språk med fokus på
litteraturformidling»
Gjennom barnehageåret har personalet opplevd styrking av eigen kunnskap i
forhold til språk og litteraturformidling. Fleire i personalgruppa har delteke på
kurs i språkspranget, snakkepakken, kartleggingsverktøyet Tras etc. Med spesiell
fokus på tema er det kjøpt inn faglitteratur. Barna har opplevd at litteraturen har
fått ein sentral plass i barnehagedagen.
Barna har blitt glad i å lese bøker. Dei har fått styrka konsentrasjon og barnelitteraturen har mellom anna vore med på å gi kunnskap og utvikle fantasien.
Vi har hatt felles bokprosjekter og dukketeaterforstillingar om mellom anna
«Den lille larven Aldrimett» og «Skinnvotten». Vi har brukt biblioteket aktivt og
deltatt på forstillingar i regi av Barnas Hus.
ÅRSTEMA FOR 2015-2016
SPRÅK MED FOKUS PÅ MATEMATIKK
I 2015-2016 vil vi vidareutvikle språket og ha fokus på matematikk.
FOKUS:
Å legge til rette for tidleg stimulering av barna sin matematiske kompetanse.
Matematikk har ein naturleg samanheng med barna sitt språk og språklege utvikling. Gjennom språk, leik og eksperimentering i kvardagsaktivitetane utviklar
barna sin matematiske kompetanse.
Matematikk er latinsk og betyr «glad i å lære»
Overalt rundt oss finner vi matematikk. Matematikken omgir oss og angår oss
heile livet. Nyfødde barn brukar formgjenkjenning for å skilje sin mors andlet
frå ukjente. Toåringen utforskar volum og form i sandkassa, fireåringen trenger
å kunne telje i stigespelet og femåringen diskuterar om hundre tusen er meir
enn ein million.
Barn utviklar sin matematiske kompetanse gjennom leik, eksperimentering og
kvardagsaktivitetar. Leik er drivkrafta i utviklinga av barna sin matematikk. I
leiken brukar barna sine eigne omgrep og leiken utvidar forståinga. I tillegg til
leiken utviklast den matematiske kompetansen gjennom kvardagssituasjonar
og eksperimentering.
Barn er tidleg opptatt av tall og teljing, dei utforskar rom og form, dei argumenterar og er på jakt etter samanhengar. Teljing er ein av dei beste måtane
for å utvikle forståing for tal og å oppdage viktige mønster og samanhengar i
tala.
Barn likar å bygge, sortere og lage mønster. Dei puslar og perlar, dei utforskar rommet og seg sjølv i forhold til det. For barn er det viktig å oppleve at
matematikk er mykje meir enn tal og teikn. Det er spennande, meiningsfylt og
handlar først og fremst om å oppdage mønster, system og samanhengar. Det
blir viktig å sjå, setje ord på og reflektere rundt moglegheitene i kvardagsaktivitetane.
Barn er i rørsle og dei utviklar forståing for rom gjennom bruk av kroppen.
Forståing for rom utviklast i relasjon til motorisk utvikling, og er viktig for at
barna skal kunne bevege seg rundt, finne fram og nå opp. I Vinterdalen barnehage har vi uteliv som satsingsområde og har mange moglegheiter til å utvikle
forståing for rom ved å krype under og over, klatre opp og falle ned etc. Barn
får difor ei utvida forståing for rom som følgje av rørsle. Barn utvidar språket
ved at dei vaksne er observante og brukar bevisst ulike plasseringsord (i, fyrst,
bak, over, framfor, høgt osv) i ulike situasjonar.
Vi ser kor viktig det er at barn tidleg blir kjent med matematiske omgrep, noko
vi trur vil hjelpe dei vidare i skulen. Språk med fokus på matematikk trur vi er
med på pirre barna si nysgjerrigheit og glede for matematikken.
«Vi kan ikkje tvinge våre mål over på barna, berre påverke og legge til rette»
sitat Vygotsky.
Matematikk i barnehagen er ikkje berre for å forberede for vidare matematikkopplæring i skulen. Matematikk i barnehagen har ein verdi i seg sjølv, her og
no.
Målet er å skape motivasjon, gode haldningar, interesse, nysgjerrigheit,
matematikkglede og la barna lære det grunnleggande innanfor mengde, rom
og form.
Personalet har ansvar for å stimulere barna si forståing av tal, teljing, rom
og form. Det gjer vi best ved å observere kva barna er opptekne med, i leik
og andre aktivitetar og tilby vår matematiske kunnskap, ved å sette ord på
mengde klossar eller barn, høgda på eit tre, kor mange bøtter vi har, eller kor
mange fat og koppar som trengst til måltidet.
Vi ryddar og sorterer etter farge, form og kategori, og barna er med på matlaging der ingrediensar målast og vegast. Vår utfordring, gjennom kvardagssamtalen er å sjå moglegheiter som omgir oss og sette ord på desse.
Delar av personalet har deltatt på kurs i matematisk kompetanse og har hatt
ansvar for å bringe ny inspirasjon og kunnskap tilbake til personalgruppa.
Eg kan – Eg finn ut – Her har eg moglegheiter
Barna i Vinterdalen barnehage skal møte eit miljø som setter ord på dei
matematiske omgrepa. Barn er kompetente og søker kunnskap. Opplevinga og
barna si eiga nysgjerrigheit utgjer basisen for læring.
BARNETS BASISKOMPETANSE
Gleden ved å leve
Motet til å skape
Evnen til å lære
Trangen til å leke
Kraften til å vokse.
Dikt av Jan-Roar Bjørkvold.
OMSORG
FOKUS:
Utfordre barna slik at dei utviklar seg i samsvar med alder og modning
MÅL:
Barna skal kjenne seg sett og anerkjent kvar dag
METODE:
• Vi er trygge vaksne som er til stade for barna
• Barnet sitt uttrykk blir anerkjent og bekrefta
• Barna blir oppmuntra til å ha empati for kvarandre
Vennskap
DANNING
Danning er ein kontinuerleg prosess som mellom anna handlar om å utvikle
evna til å reflektere over eigne handlingar og væremåtar (Rammeplanen).
FOKUS:
Samarbeid/samhandling og lære gjennom handling/erfaring
MÅL:
Barnet utviklar seg til ein aktiv samfunnsdeltakar
METODE:
- Vi vil mellom anna bruke måltida, garderobesituasjonen og uteleiken til å
hjelpe barna i danningsprosessen.
- Personalet vil være tilstades og legge til rette for gode samtalearenaer
- Personalet skal vere bevisst på at dei er gode rollemodellar
- Vi stimulerar til deltaking og fokuserar på positivt samspel
- Vi set ord på handlingar og kjensler
MOBBING
FOKUS:
Gi barna hjelp til å løyse konfliktar og syne medkjensle.
MÅL:
Alle barn skal kjenne seg betydingsfulle. Det skal synast respekt for ulikskap.
METODE:
Lære barna konfliktløysing ved hjelp av språk og tydelege teikn.
Ta i bruk litteratur til tema om venskap
LEIK
FOKUS:
Personalet skal være oppmerksame i forhold til dei matematiske omgrepa som
barna uttrykker i leik, samtale og i kvardagsaktivitetar.
MÅL:
Barnehagen skal skape eit språkstimulerande leikemiljø der vi har fokus på
matematiske omgrep som kjem til uttrykk i leiken.
METODE:
• Sette av mykje tid til leik
• Legge til rette det fysiske miljøet for god leik
• Legge til rette leiken slik at vi gir barna lyst til å utforske matematiske samanhengar
• Vi vil være til stades og observere barna, slik at vi kan gripe fatt i det dei er interesserte i
LIKESTILLING
FOKUS:
Gutar og jenter skal ha lik anledning til å bli høyrt og sett. Vi skal sjå barnet
som den det er, uavhengig av kjønn.
MÅL:
Gi gutar og jenter like moglegheiter
METODE:
Ha eit allsidig utval av leikemateriell og litteratur som fremmer likestilling
Personalet skal være bevisst haldningane sine slik at dei fremmer likestilling
BARNA SI MEDVERKING
FOKUS:
Å vedverke handlar om å bli sett, høyrt og forstått
Mål:
• Barna sine meiningar og ønske skal bli lytta til og anerkjent i forhold til alder og modning
• Barna skal medverke til å finne aktuell barnelitteratur og matematiske
aktivitetar som fremmar matematisk kompetanse
METODE:
• Vi tolkar og forstår barna sitt kroppsspråk og utrykk
• Barna inkluderast i kvardagslege gjeremål
• Vi er opptekne av barna sine interesse
• Vaksne tilrettelegg for at barna kan påverke dei avgjerslene som blir tatt
• Vi skapar eit fellesskap der barna blir invitert til å vere aktive deltakarar i tilstellingar, komitear og i vurderingsarbeid
LÆRING
FOKUS:
• Nysgjerrigheit gir rom for læring
• Leiken er barna sin hovudarena for læring
• Barna skal få delta i praktisk arbeid i barnehagen
MÅL:
Barn og vaksne undrar seg saman
METODE:
• Vi vil gi utfordringar som er tilpassa den enkelte
• Vi vil ta utgangspunkt i det barna er opptekne av og bygge vidare på det
• Vaksne må være bevisst på sin bruk av omgrep når det gjelder matematiske fenomen
OVERGANGEN MELLOM BARNEHAGEN OG SKULE
Vi vil gjere barna sjølvstendige når det gjelder måltid, toalettsituasjon og
påkledning. Barna skal øve seg på å ta i mot beskjeder og å vente på tur
Vi har førskulegruppe ein gang i veka der barna får små skuleførebuande
oppgåver.
Barna får ein langtur i månaden. I tillegg får dei ein overnattingstur.
Barnehagetida avsluttast med sommarfest der førskulebarna får ekstra merksemd. Formell overføring mellom barnehage og skule.
BARNEHAGEN SOM KULTURARENA
Vinterdalen barnehage er opptatt av å ivareta dei tradisjonane som vi har
rundt oss. Tradisjonar er med på å skape identitet, tilhøyring og ikkje minst
forventingar. Det er kjekt å gjere noko saman og i tillegg ynsker vi å gi barna
innblikk i kvifor vi markerar dei ulike tradisjonane.
TRADISJONAR:
• Felles songstund på Askeladden kvar fredag
• Vi deltek i Forut sin barneaksjon og får innblikk i barn sitt levesett og sin kultur i andre land
• Forut-prosjektet avsluttast med kafé og basar til inntekt for året sitt
Forut-prosjekt
• Jul: Tenning av julegran m/foreldra, Lucia, foreldrekaffe og nissefest
• Karneval
• Felles tur på våren for heile barnehagen
• Sommarfest med eit gjennomgåande tema. Grilling. Barna medverkar i
førebuingane (songar, kulisser og kostymer). Søsken, foreldre og
besteforeldre blir invitert til festen.
FAGOMRÅDA
PROGRESJON
Arbeidet med fagområda må tilpassast barna sin alder, interesser, barnegruppa
si samansetning og andre føresetnadar. Vi synleggjer kvart fagområde med
progresjon frå småbarn til store barn (Langtidsplanen).
5 - 6 år
4 - 5 år
3 - 4 år
2 - 3 år
1 - 2 år
Erfaring, erfaring, erfaring, erfaring, erfaring
Erfaring, erfaring, erfaring, erfaring
Erfaring, erfaring, erfaring
Erfaring, erfaring
Erfaring
Dette er ei skjematisk framstilling av at barna trenger ulike type og mengde
med erfaringar med tanke på alder (Kjelde: Kari Pape, førskulelærar og forfattar av åtte fagbøker innanfor barnehagen).
Etikk, religion og filosofi
FOKUS:
Barnehagen – ein god stad å være
MÅL:
Vi vil at barna skal kunne syne omsorg for seg sjølv og andre. Barna skal få
tilegne seg normer og verdiar
METODE:
• Gi barna positiv merksemd når dei syner empati for andre
• Legge til rette for undring og filosofering
• Gi barnet tradisjonell formidling av og markering av høgtider
Kunst, kultur og kreativitet
FOKUS:
Gleda ved å uttrykke seg
MÅL:
Å oppleve meistring i møtet med estetiske fag
METODE:
• Vi stimulerar fantasien ved å ha utkledningskle tilgjengeleg
• Barna får erfare, utforske og leike med former og mønster
• Vi vaksne set ord på formene vi har rundt oss
• Barna får delta på teaterforstillingar
• Barna får besøke utstillingar og museum
Antal, rom og form
FOKUS:
Vi vil ha fokus på professor Alan Bishop sine seks fundamentale matematiske
aktivitetar
1: Leik og spel (song, rolleleik, fantasi, puslespel og terningspel)
2: Forklaring og argumentasjon (barna sin grunngiving, resonnement og logiske slutningar)
3: Teljing (teljing, mengde, teljesystem og rekning)
4: Måling (samanlikning, måleeiningar, lengde, volum, tid, pengar og vekt)
5: Lokalisering (finne fram, orientere seg i rommet, lokalisering og plassering)
6: Design (former, figurar, mønster og symmetri)
MÅL:
Å styrke barna si nysgjerrigheit, matematikkglede og lyst til å utforske matematiske samanhengar
METODE:
• Ut frå barnet sin alder og modning skal vi legge til rette for at barna har tilgang til ulike typar spel, teknologi, tellemateriell, klossar etc.
• Tilby barna materiell som gir erfaring med klassifisering, ordning, sortering og samanlikning
Natur, miljø og teknikk
FOKUS:
Gode haldningar til natur, miljø og teknikk
MÅL:
• Barna skal bli glade i å ferdast i naturen
• Barna får erfaring, kunnskap og respekt for naturen gjennom opplevingar, noko som igjen gir grunnlag for undring
METODE:
• Ute i naturen ser vi etter mønster, former og ulike størringar, likskap og ulikskapar
• Barna er saman med positive vaksne som undrar seg saman med dei
• Vi brukar naturen aktivt
• Vi legg vekt på høgtlesing og filosofering over forandringar i naturen
• Lar barna gjere eigne erfaringar
• Vi knytte natur og miljø saman i forhold til krinsløpet og næringskjeda
• Barna sine erfaringar med teknikk utvidast
• Vi dokumenterar med bilde når vi er på tur
Kommunikasjon, språk og tekst
FOKUS:
Leikande matematikk gjer språket rikare
MÅL:
• Dei vaksne skal vere gode språkmodellar
• Skape eit utviklande språkmiljø der barna får bli kjent med grunnleggande matematiske omgrep og forståing for tal
-• Personalet skal trekke matematikken inn i språket, der det er naturleg
METODE:
Bruke kvardagssituasjonar og eigna materiell som bøker, musikk, spel,
teknologi ets til å leik inn matematikken og fremme språket
Kropp, rørsle og helse
FOKUS:
Gjere barna bevisst sin eigen kropp. Barna skal få erfaring med friluftsliv til
ulike årstider
MÅL:
• Barna skal ha god handhygiene
• Barna skal etter kvart meistre av og påkledning
• Barna skal bli bevisst på kva dei skal ha på seg i uteleik under ulike
vêrforhold og årstider
• Barna skal få sunn mat
METODE:
• Bruke song, musikk, regler, bøker og leikar med rørsle i arbeidet med
fagområdet
• Ha samlingar med litteratur over tema kropp, rørsle og helse
• Gi barna utfordrande erfaringar i forhold til leik i ulendt terreng
NÆRMILJØ OG SAMFUNN
FOKUS:
Eg er ein del av eit større samfunn
MÅL:
• Barna skal bli kjent med barnehagen sitt nærmiljø
• Barna skal utvikle forståing for uliker tradisjonar og levesett
METODE:
• Bruke nærmiljøet aktivt
• Bruke barnehagen sitt nærmiljø til matematiske oppdagingar
• Delta i Forut sitt prosjekt for å gi barna ei større forståing for korleis barn i andre land lever
MILJØARBEID
Helse Bergen er ei miljøsertifisert bedrift. På lik linje som med dei andre avdelingane i Helse Bergen skal Vinterdalen barnehage arbeide miljøbevisst.
Vi vil ta i bruk god barnelitteratur i arbeidet for å nå miljøpedagogiske mål
med barna. Vi har bygga vår eigen «miljøstasjon» for avfallsortering. Barn
og personalet deltek i å sortere papp, papir, glas, hardplast, mjukplast og
mjølkekartongar.
Miljø er noko alle har eit forhold til, det som omgir oss inne og ute, uansett årstid og ver. Også når vi tek barna med på tur er vi opptekne av å gi barna gode
haldningar til å ta vare på naturen. Avfall tek vi med tilbake til barnehagen
FOKUS:
Vi er gjest i naturen. Det vesle vi gjer, gjer ein forskjell.
MÅL:
• Få innsikt i naturen sitt kretslaup
• Barna får ein byrjande forståing for kva og kvifor vi sorterar
METODE:
• Så og plante og følgje utviklinga til ferdige vekstar
• Barna er med og sorterar
SAMARBEID MELLOM BARNEHAGEN OG HEIMEN
Personalet har fokus på god formidling av informasjon til foreldra. Samarbeide
aktivt for å utveksle idear mellom heimen og barnehagen. Foreldresamtalar
minimum ein gong i året. Vi brukar foreldrerådet sit samarbeidsutval og SU for
å sikre eit godt samarbeid.
ÅRSHJUL
Gjennom heile barnehageåret skal språk med fokus på matematikk stå i fokus.
Askeladden (3 – 6 år) og Tyrihans (3 – 6 år) vil leggje vekt på Alan Bishops
sine fundamentale matematikkaktivitetar på følgjande måte:
TOBER
K
O
/
ER
MB
RING
E
ALISE
T
K
O
P
GL
SE
NO
NOV
EM
BE
DESIG
R
N
SIG
DE
OG
TEL
JIN
G
LEIK
OG
SPE
L
AUG
UST
BER
SEM
DE
LING
MÅ
LEI
K
I
JUN
R
MA
SOM
OG
JA
SPE
L
NU
AR
/ FE
BRUA
R
VINTERDALEN
BARNEHAGE
2015/2016
MÅ
LIN
G
AP
RIL
/
OG
TEL
JING
MA
I
IGN
DES
S
MAR
Den fundamentale matematikkaktiviteten som heiter forklaring og argumentasjon vil være noko vi har fokus på heile året.
DOKUMENTASJON OG VURDERING
I vårt arbeid med vurdering vil vi ta i bruk praksisforteljingar, samtaler med
barna og observasjon.
Vi ynsker å vurdere føljande:
1) Har vi eit miljø som oppmuntrar barna til å sjå matematikk i kvardagen?
2) Vi har måloppnåing når personalet bevisst nyttar matematiske omgrep i arbeidet med barna
•
•
•
•
Dei pedagogiske leiarane i samarbeid med styrar skal ha ansvar for vurderinga
Refleksjon over arbeidet gjennomførast på personalmøte i oktober 2015
Evaluering gjennomførast i april/mai 2016
Rapport frå arbeidet med årstema: Språk med fokus på matematikk
utarbeidast av dei pedagogiske leiarane i samarbeid med styrar i mai 2016
KOMPETANSEUTVIKLING
Barnehagane i Helse Bergen har fokus på kompetanseutvikling. Kvaliteten i
barnehagane avhenge av personalet sin kunnskap og erfaring. Vi legg vekt på
fagleg utvikling gjennom intern opplæring og rettleiing, deltaking på eksterne
kurs, fagutviklingsdagar og foredrag. I 2010-2016 er det særs fokus på leiing,
leik og danning med mål om å utvikle personalet sin kunnskap og kompetanse.
Dei fem planleggingsdagane brukast primært til planlegging og kompetanseutvikling for heile personalgruppa.
PLANLEGGINGSDAGAR
Måndag 14. september 2015
Fredag 6. november 2015
Fredag 8. januar 2016
Fredag 5. februar 2016
Fredag 6. mai 2016
KONTAKTINFORMASJON
Telefon til avdelingane:
Veslefrikk avdeling // 55 95 85 81
Ole Brum avdeling // 55 95 85 82
Fjellfina avdeling // 55 95 85 83
Askeladden avdeling // 55 95 85 84
Tyrihans avdeling // 55 95 85 85
Telefon til styrar Randi Sjøthun Røen // 55 95 85 63
E-post // [email protected]
Besøksadresse // Sandviksleitet 1 5035 Bergen
Formgitt av Torun Hunnes // Foto: Barnehagepersonale // Teksta er skreva av styrar og pedagogane ved barnehagen // Teksta er oversatt til nynorsk av Torun Hunnes