Årsmelding Landro skule 2016

Årsmelding Landro skule 2016
1. Innleiing / samandrag
Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 15 skular, 2 av dei er ungdomsskular.
Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike
kartleggingar, elevundersøkinga og nasjonale prøvar for å få eit godt grunnlag for
resultatmåling og evaluering.
«Framtidsskulen i Fjell» - ein skule med læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert
kunnskap.
Grunnskuleopplæringa i Fjell kan sjåast på som ein samanfatning av 5 sentrale faktorar
som til saman skal stimulere til læring:
1) Eleven
Alle elevar i Fjell skal oppleve skulen som ein plass der dei trivst og utviklar seg i tråd med
eigne evner og føresetnader både fagleg og sosialt.
2) Læraren
I Fjell har vi lærarar som legg vekt på gode relasjonar til elevar og foreldre, og som driv
undervisning ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde elev.
3) Skuleleiinga
I Fjell har vi skuleleiing som legg vekt på gode relasjonar til tilsette, elevar og foreldre, og
som driv skulen ut frå høg fagleg kompetanse og i dialog med den einskilde medarbeidar.
4) Læringsarenaen
Læringsarenaene i Fjell står fram som gode, motiverande og velutstyrte.
5) Heimen
Godt samarbeid mellom skule og heim.
1
1.1 Læringsleiing
Skulesjefen har frå hausten 2014 samla skulesatsinga under parolen «Framtidsskulen». Dette
er ei satsing som har som målsetjing å styrkje det faglege nivået i Fjell-skulen gjennom godt
læringsmiljø, gode grunnleggjande ferdigheiter og gjennom ein ny vurderingspraksis som har
læring som mål. Strategien er å auke kompetanse og forståing for vurdering som reiskap for
læring, samt setje dette i samanheng med allereie eksisterande satsing på klasseleiing, lesing
og rekning i alle fag, samt digitale ferdigheiter.
1.2 Puls
Fjellskulen nyttar PULS som leiingsverktøy for kvalitetsutvikling. PULS står for "Pedagogisk
utviklings- og læringsspegel." og innhentar datamateriale frå ulike kjelder, som t.d. SSB,
SATS, PAS, Skoleporten, GSI, Elevundersøkinga, Nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar i
Vokal. Gjennom gode pedagogiske utviklingsprosessar mellom leiinga og lærarane skal ein
arbeide mot stadig betre nivå innan dei kommunale satsingsfelta for skule:
LÆRINGSLEIING
1) Vurdering for læring
2) Læringsmiljø
3) Grunnleggande ferdigheiter
Arbeidet vert koordinert av PULS-koordinator ved skulesjefen.
2
1.3 Trygg i Fjell
Skulesjefen har sidan 2014 intensivert arbeidet for å få etablert betre verkemiddel mot
mobbing og krenkande åtferd mellom elevane. Tiltaket vert kalla «Trygg i Fjell» og vert
organisert gjennom ei fagleg kompetansegruppe og ei brei referansegruppe samansett av
ulike representantar (politikarar, elevar, foreldre, idrett, skule.)
1.4 Raud tråd
Skulesjefen er oppteken av samanhengen i opplæringa frå barnehage til yrkesliv. Målsetjinga
er betre læringsutbytte og å minske fråfallet frå utdanningsløpet. I tillegg til samarbeid med
Barnehage har skulen i Fjell etablert eit sterkare samarbeid med vidaregåande skule og
næringslivet. Skulesjefen i Fjell legg sterk vekt på at utviklingsarbeid og kompetansebygging
skal skjer i nært samarbeid med høgskule, universitet og forskningsinstitusjonar. Difor har vi
i Fjell no samarbeid med Universitetet i Bergen, Norsk lærarakademi, Sintef, Høgskulen i
Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund, VilVite-senteret og Nasjonalt senter for læringsmiljø
og oppvekst i Stavanger.
3
1.5 Refleksjon og vurdering
Skulesatsinga i Fjell kjem tydeleg fram under parolen «Framtidsskulen», og
satsingsområda er oversiktlege og tydelege både for leiarar, tilsette, elevar og føresette.
PULS fungerer godt som leiingsverkty. Gjennom PULS blir det jobba heilskapleg og i
prosess med dei ulike utviklingsområda/satsingsområda, og det blir evaluert steg for
steg ved faste oppfølgingsmøter.
Gjennom nettverka for læringsleiing får vi med jamne mellomrom fagleg påfyll med
fokus på satsingsområda, samt at vi får reflektera og dele erfaringar med dei andre
skulane i Fjell.
I det førebyggande arbeidet mot mobbing er tiltaket «Trygg i Fjell» i kombinasjon med
skulen sitt eige Olweus-arbeid eit godt tiltak. Det at arbeidet med «Trygg i Fjell» famnar
om både barnehage, skule, FAU og idrettslaga skapar brei kompetanse og heilskapleg
arbeid mot mobbing i kommunen.
2. Personale
2.1 Årsverk lærarar
Indikator og nøkkeltall
Årsverk for
undervisningspersonale
11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
323,2 326,4 331,0 305,5 322,5
2.2 Tal på lærarar
Antall
Antall lærere, menn
Landro skule (15-16)
2
Fjell kommune (15-16)
73
Hordaland (15-16)
1 523
Nasjonalt (15-16)
14 163
Antall lærere, kvinner
Landro skule (15-16)
20
Fjell kommune (15-16)
286
Hordaland (15-16)
4 650
Nasjonalt (15-16)
42 897
Antall lærere, i alt
Landro skule (15-16)
22
Fjell kommune (15-16)
359
4
Hordaland (15-16)
6 173
Nasjonalt (15-16)
57 060
2.3 Refleksjon og vurdering:
Vi bør jobba med å rekruttere fleire menn i tida som kjem slik at det blir ei betre
fordeling mellom kjønna her på Landro skule. I dag har vi berre to menn i eit personale
på totalt 36 tilsette.
3. Læringsmiljø
3.1. Tal på elevar
Antall
Sum elever ved skolen
202
Landro skule (15-16)
Fjell kommune (15-16)
3 246
Hordaland (15-16)
60 308
Nasjonalt (15-16)
539 974
3.2 Arbeidsro
Denne indikatoren fortel om korleis elevane oppfattar arbeidsro i timane.
3.2 Arbeidsro
09-10
10-11
11-12
12-13
13-14
14-15
15-16
Landro skule (15-16)
3,65
3,43
2,95
3,75
3,65
3,62
3,49
Fjell kommune 1.-7.trinn
3,35
3,32
3,15
3,03
3,42
3,79
3,49
Hordaland 1.-7. trinn
3,17
3,23
3,17
3,08
3,24
3,56
3,49
Nasjonalt 1.-7. trinn
3,25
3,27
3,27
3,28
3,38
3,63
3,59
5
3.2.1 Refleksjon og vurdering
Vi ligg på kommunalt- og regionalt nivå når det gjeld arbeidsro. Dette er på raudt nivå,
så her må vi ha fokus og jobba for positiv utvikling.
Vi har i personalet reflektert rundt temaet arbeidsro og scoren vi fekk. Dette vil vi ha
vidare fokus på ved start av nytt skuleår. Mange av elevane seier seg verken ueinig eller
einig på spørsmålet om det er god arbeidsro i timane, noko som kan gi oss eit bilete av
usikkerheit rundt korleis ein definerer arbeidsro. I nokre arbeidsøkter ønskjer ein heilt
ro, medan i andre arbeidsøkter skal ein gjerne diskutera med medelevane. God og
strukturert klasseleiing er viktig for å halde ro og orden i klasserommet og kunne variera
arbeidsmetodane.
3.3 Trivsel
Denne indikatoren syner korleis elevane trivst på skulen.
2.1 Trivsel
06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
Landro
skule (1516)
4,09
3,88
4,0
4,4
4,0
4,14
4,32
4,59
4,49
4,49
Fjell
kommune
1.-7.trinn
4,14
3,87
4,08
4,25
4,17
4,21
4,2
4,31
4,38
4,4
Hordaland
1.-7. trinn
4,13
4,1
4,13
4,21
4,23
4,22
4,24
4,31
4,35
4,36
Nasjonalt
1.-7. trinn
4,21
4,23
4,25
4,3
4,32
4,34
4,36
4,4
4,41
4,41
6
3.3.1 Refleksjon og vurdering
Elevane på Landro skule melder tilbake at dei trivast godt på skulen, noko som er viktig
då dette verker inn på både motivasjon og læring.
Skulen har over fleire år brukt dei praktisk-estetiske faga bevisst gjennom «glà-dagen»
for å auke trivselen. Gjennom jobbinga på tvers lærer dei å hjelpe kvarandre og stole på
kvarandre og ikkje minst å bli godt kjende med kvarandre. I friminutta er det såleis
ingen som ikkje kjenner elevane frå andre trinn. Skulen arrangerer også fleire gonger for
året fellesarrangement som lunsj, konsertar og førestillingar. Dette er viktig for ein «Viskule» der visjonen er tryggleik – læring – glede (TLG-skule).
Dette skuleåret har vi starta opp TL-programmet (Trivselsleiar) i friminutta. Dette
fungerer godt og er med på å skape varierte aktivitetar for elevane våre.
3.4 Støtte frå lærarane
Indikatoren syner korleis elevane opplever støtta frå lærarane.
3.1 Støtte fra lærerne
13-14
14-15
15-16
Landro skule (15-16)
4,43
4,53
4,73
Fjell kommune 1.-7.trinn
4,37
4,51
4,53
Hordaland 1.-7. trinn
4,36
4,51
4,5
Nasjonalt 1.-7. trinn
4,43
4,54
4,53
7
3.4.1 Refleksjon og vurdering
Landro skule scorar høgt på støtte frå lærarane og det er kjekt! Lærarane og dei tilsette
ved skulen er oppteken av å jobbe med utgangspunkt i tydeleg og støttande
klasseleiing. Få dei til å mestre og sjå dei når dei lukkast er viktig i støtta inn mot
elevane våre. Elevane melder tilbake at dei opplever at lærarane både bryr seg om dei
og behandlar dei med respekt.
Skulen har hatt ei jamn og positiv utvikling på dette området, noko vi ønskjer å jobbe
for å oppretthalde i tida som kjem.
3.5 Vurdering for læring
I Fjell handlar vurdering for læring (VFL) om at:
- Skuleleiinga arbeider systematisk med utviklinga av læringsfremmande vurdering. Arbeidet
er godt forankra i kommunalt styringsdokument for Læringsleiing.
- Lærarane arbeider systematisk med vurdering for læring og har felles omgrep og rutinar
knytt til dette.
- Elevane forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Elevane får
tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet og som gir råd om korleis dei kan
forbetre seg. Elevane nyttar tilbakemeldingane slik at dei utviklar seg i læringsprosessen.
Elevane er involverte i eige læringsarbeid m.a. ved å vurdere eige arbeid og utvikling.
8
4.1 Vurdering for læring
13-14
14-15
15-16
Landro skule (15-16)
4,25
4,3
4,35
Fjell kommune 1.-7.trinn
4,04
4,24
4,22
Hordaland 1.-7. trinn
4,04
4,19
4,17
Nasjonalt 1.-7. trinn
4,09
4,2
4,19
3.5.1 Refleksjon og vurdering
Resultata syner ei jamn og positiv utvikling når det gjeld vurdering for læring.
Skulen har ved fleire høve jobbe med vurdering i fellestida gjennom skuleåret. Både
rektor og ressurspersonar for læringsleiing deltek på nettverk for læringsleiing. Neste
skuleår blir målet å kopla VFL meir inn i mot arbeidet med dei grunnleggjande
dugleikane.
9
3.6 Mestring
Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mestring.
09-10
10-11
11-12
12-13
13-14
14-15
15-16
3,9
3,93
3,64
3,88
3,99
4,1
4,08
Fjell kommune 1.-7.trinn
3,88
3,96
3,85
3,81
3,95
4,08
4,01
Hordaland 1.-7. trinn
3,89
3,91
3,87
3,85
3,93
4,02
3,99
Nasjonalt 1.-7. trinn
3,92
3,93
3,9
3,9
4,02
4,09
4,08
1.3 Mestring
Landro skule (15-16)
3.6.1 Refleksjon og vurdering
Landro skule ligg på nasjonalt nivå når det gjeld score på mestring, og dei to siste åra
har vi halde oss på grønt nivå.
Både med tanke på trivsel og læring er det viktig at elevane våre opplever mestring. Vi
skal også i det vidare arbeidet vårt fokusera på at elevane våre opplever mestring, både
fagleg og sosialt.
10
3.7 Elevdemokrati og medverknad
Gjennom medarbeidarskap med andre elevar, læraren og skulen skal eleven utvikle evner og
kunnskap om samarbeid og medverknad i demokratiske prosessar.
3.3
Elevdemokrati
06-07 07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13
og
medvirkning
13-14
14-15
15-16
Landro skule
(15-16)
-
-
-
-
-
-
-
3,87
3,76
3,86
Fjell
kommune 1.7.trinn
-
-
-
-
-
-
-
3,55
3,78
3,69
Hordaland 1.7. trinn
-
-
-
-
-
-
-
3,68
3,83
3,82
Nasjonalt 1.7. trinn
-
-
-
-
-
-
-
3,8
3,92
3,93
11
3.7.1 Refleksjon og vurdering
Resultata syner at elevane ved Landro skule i stor grad opplever elevdemokrati og
medverknad.
Vi har eit elevråd ved skulen som har jobba systematisk og godt gjennom heile
skuleåret. Det er jamne elevrådsmøter for elevrepresentantar frå 4.-7. klasse. I
klassemøta tek dei opp sakar som dei ønskjer skal takast vidare til elevrådet.
Representantar frå elevrådet har også delteke på SMU-møter gjennom året.
Det er viktig for oss å lytte og vere i god dialog med elevane våre, noko som skapar godt
miljø med god medverknad og medarbeidarskap.
3.8 Læringskultur
Læringskultur handlar om elevane si oppleving av at skulearbeidet er viktig, at det er
arbeidsro, og at ein lærar av erfaringar.
3.5 Læringskultur
09-10
10-11
11-12
12-13
13-14
14-15
15-16
Landro skule (15-16)
3,65
3,43
2,95
3,75
3,91
4,15
4,04
Fjell kommune 1.-7.trinn
3,35
3,32
3,15
3,03
3,8
4,21
4,08
Hordaland 1.-7. trinn
3,17
3,23
3,17
3,08
3,69
4,08
4,07
Nasjonalt 1.-7. trinn
3,25
3,27
3,27
3,28
3,85
4,17
4,16
12
3.8.1 Refleksjon og vurdering
Vi ligg jamt med både kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå på dette området.
Læringskultur, altså elevane si oppleving av at skulearbeidet er viktig, at det er arbeidsro, og
at ein lærar av erfaringar er viktig å halde fokus på neste skuleår. Vi veit at elevar rapporterer
om at arbeidsroen kunne vore betre, så her har vi utviklingspotensiale. Det er viktig å spele på
lag med føresette for å bygge gode og felles haldningar i synet på at skulearbeid er viktig for
den einskilde. Framtidssamfunnet og arbeidslivet krev kompetanse og utdanning, så det blir
viktig å legge eit godt grunnlag for dette allereie på barneskulen.
3.9 Mobbing
Indikatoren syner i kva grad elevane opplever mobbing på skulen.
2.3
Mobbing på 06-07
skolen
07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
Landro
skule (1516)
4,52
4,66
4,35
4,55
4,97
4,79
4,52
4,65
4,62
4,83
Fjell
kommune
1.-7.trinn
4,63
4,53
4,62
4,68
4,57
4,51
4,59
4,69
4,73
4,77
Hordaland
1.-7. trinn
4,6
4,55
4,53
4,59
4,55
4,54
4,57
4,67
4,7
4,72
Nasjonalt
1.-7. trinn
4,55
4,52
4,53
4,53
4,54
4,57
4,59
4,7
4,73
4,74
13
Er du blitt
mobbet på
skolen de
siste
06-07
månedene?
Ikke i det
hele tatt
07-08 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 14-15 15-16
Landro
skule (1516)
74,19
%
74,0
%
Fjell
kommune
1.-7.trinn
76,54 72,24 77,91 79,91 72,57 69,55 73,52 83,04 83,31 85,78
%
%
%
%
%
%
%
%
%
%
Hordaland
1.-7. trinn
74,37 71,31 72,31 74,82 73,03 72,57 73,31 80,39 81,34 83,36
%
%
%
%
%
%
%
%
%
%
Nasjonalt
1.-7. trinn
72,09 70,59 71,04 71,73 72,33 73,86 75,81 81,18 83,04
%
%
%
%
%
%
%
%
%
69,23
%
75,0
%
-
14
78,95
%
72,0
%
82,35
%
80,0
%
86,67
%
83,6
%
Ikke i det hele
tatt
En sjelden
gang
2 eller 3
ganger i
måneden
Omtrent 1
gang i uken
Flere
ganger i
uken
Snitt
Er du blitt mobbet på skolen de siste månedene?
Landro
skule (1516)
65
86,67%
7
9,33%
3
Fjell
kommune
1.-7.trinn
796
85,78%
83
8,94%
24
2,59% 13 1,40% 12 1,29% 4,77
78
2,71% 48 1,67% 49 1,70% 4,72
Hordaland
2399 83,36% 304 10,56%
1.-7. trinn
4,00%
0
0,00%
0
0,00% 4,83
Nasjonalt
55130 83,60% 7371 11,18% 1622 2,46% 858 1,30% 965 1,46% 4,74
1.-7. trinn
3.9.1 Refleksjon og vurdering
Både elevundersøkinga og Olweus-undersøkinga visar at det førebyggande arbeidet mot
mobbing nyttar, og det er godt! Nulltoleranse for mobbing vil alltid vere det vi ønskjer å
jobbe for å oppnå.
Det er viktig å jobba på systemnivå i arbeidet mot mobbing, og her kvalitetssikrar vi
gjennom å følgje Olweus-programmet. Klassane har faste klassemøte med mobbing som
tema ca. kvar 14. dag, og gjennom skuleåret har vi pedagogiske samtalegrupper i
personalet minst 5 gonger for året. Vi har låg terskel for å oppretta undersøking/sak
dersom vi har mistanke om eller får melding om mobbing. I løpet av året har vi hatt to
felles foreldremøte for alle føresette, i haust med tema Olweus og i vår med tema
«Trygg i Fjell». I elevrådet har vi hatt teiknekonkurranse i utforming og dekor av
venebenken som blir teken i bruk i haust. Dette har vore eit samarbeidsprosjekt med
FAU. Vi brukar inspeksjonsplanen vår aktivt og reviderer den minst ein gong i skuleåret.
Alle desse tiltaka blir viktig å halde same fokus på når vi no går eit nytt skuleår i møte.
15
3.10 Krenkingar
Krenkingar handlar om å bli halda utanfor, bli spredt løgner om, bli truga, oppleve slag, spark
eller halda fast, samt negative kommentarar på utsjånaden.
2.4 Krenkelser
13-14
14-15
15-16
Landro skule (15-16)
4,53
4,66
4,82
Fjell kommune 1.-7.trinn
4,55
4,65
4,69
Hordaland 1.-7. trinn
4,52
4,61
4,64
Nasjonalt 1.-7. trinn
4,53
4,63
4,64
3.10.1 Refleksjon og vurdering
Vi har gode tal samanlikna både med kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå når det
gjeld krenkingar, men her blir det viktig å halde fokuset oppe.
Vi veit at det føregår krenkingar i det skjulte, så vi må prøve ut og bruke dei rette
verktya for å avdekke det som går føre seg (t.d. Innblikk og Spekter). Den digitale
utviklinga har skapt ein ny arena der slik åtferd kan utfalde seg. Vi må også på denne
arenaen følgje med og setje inn tiltak dersom nokon blir krenka. På felles foreldremøte i
vår hadde vi spesielt fokus på digital mobbing og konsekvensar av dette.
16
4. Analyse av samanhengar
Boblekarta nedanfor visar samanhengar mellom relevante indikatorar frå elevundersøkinga.
- Arbeidsro og mestring
- Trivsel og motivasjon
- Tilpassa opplæring og fagleg utfordring
17
4.1 Arbeidsro og mestring
Boblekarta nedanfor viser samanheng mellom indikatorane arbeidsro og mestring.
18
19
4.1.1 Refleksjon og vurdering
Vi ligg tett opp mot kommunalt og regionalt nivå, men dersom vi samanliknar oss med
nasjonalt nivå ser vi at vi har eit utviklingspotensiale når det gjeld samanhengen mellom
arbeidsro og mestring. 14,22 % av elevane våre melder om at dei i for liten grad opplever
mestring og arbeidsro, mot 9,71 % på nasjonalt nivå. Dette er for høgt, så her må vi prøve å
setje inn tiltak for å betre både oppleving av arbeidsro og mestring. Når det er sagt er det også
viktig å påpeike at elevar er ulike, nokon treng arbeidsro for å konsentrere seg, medan andre
ikkje er like avhengig av dette. Det er viktig å variere undervisninga slik at den famnar om
ulike arbeidsmetodar og læringsstilar. Vi må vere bevisst på at nokon av elevane våre treng
meir tilrettelagte aktivitetar og arbeidsro for å mestre.
47,56 % av elevane våre opplever stor grad av arbeidsro og mestring, mot 52,57 på nasjonalt
nivå. For å kunne snu dette og jobba mot nasjonalt nivå må vi lokalisera og avdekka dei som
slit med mestring og setje inn tiltak. Korleis skapa betre arbeidsro må vi ha eit felles fokus på
i personalet.
4.2 Trivsel og motivasjon
Boblekartet nedanfor viser samanheng mellom trivsel og motivasjon.
20
21
4.2.1 Refleksjon og vurdering.
60,96 % av elevane våre opplever stor grad av både trivsel og motivajon, det er bra! Det som
ikkje er like bra er at 18,86 % av elevane våre slit med motivasjon og ein kan sjå det i klar
samanheng med trivsel. For desse elevane blir det vanskeleg å få det faglege og sosiale
utbyttet dei treng. Denne gruppa må vi lokalisera betre enn det vi gjer i dag og det må vere
målet for neste skuleår.
22
4.3 Støtte frå lærarane og fagleg utfordring
Boblekartet nedanfor viser samanhengen mellom støtte frå lærarane og fagleg utfordring.
23
24
4.3.1 Refleksjon og vurdering
Dei aller fleste elevane våre opplever god støtte frå lærarane sine. Det som overraskar mest i
forhold til samanhengen mellom støtte frå lærarane og fagleg utfordring er at 41,33 opplever
støtte frå lærarane, men føler likevel ikkje at dei får nok faglege utfordringar. Dette er ein
høgare prosent enn både på kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå. Elevane treng å oppleve
nok faglege utfordringar for å få utvikla sitt potensiale, noko vi må vere bevisst på i vårt
vidare arbeid med å tilfredstilla behovet for faglege utfordringar.
5. Læringsresultat
5.1 Føresetnadar
5.1.1. Foreldra sitt utdanningsnivå
Foreldra sine utdanningsnivå kan i følgje Hægeland, Kirkebøen, Raaumog Salvanes (2003)
forklare (20%) av variasjonane i elevane sine læringsresultat. Indikatoren nedanfor er basert
på ei utrekning frå SSB.
Prosenten er rekna ut med utgongspunkt i følgjande: Andel foreldre med høgare utdanning
minus andel foreldre med grunnskule som høgaste utdanning. Dersom scoren er 17%, betyr
dette at skulen har 17% fleire foreldre med høgare utdanning enn foreldre med grunnskule
som høgaste utdanning.
12-13
13-14
14-15
8
16
23
Fjell kommune (15-16)
12,5
16,8
14,8
Hordaland (15-16)
19,6
20,7
21,2
Nasjonalt (15-16)
17,5
18,5
19,2
Foreldrenes utdanningsnivå
Landro skule (15-16)
25
5.1.2 Refleksjon og vurdering
Vi får ikkje tala for foreldras utdanningsnivå til å stemme. Hovudgruppa av føresette er
jo mykje den same, så at utdanningsnivået dei to siste åra har auka frå langt under til
langt over både kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå verker urimeleg.
Vi er oppteken av å ivareta eit godt heim-skule samarbeid. Det å vere i god dialog og
samarbeide om barnet sitt beste i forhold til læring og utvikling er viktig for oss.
Gjennom året har vi jobba med fleire krevjande elevsaker der andre instansar også er
kopla inn. I desse sakene er det viktig å vere tett på og samarbeide godt med dei
føresette.
5.2 Lesing og norsk
I Fjell handlar lesing om at:
- Leiinga og lærarane har god kunnskap om lesing som grunnleggande dugleik. Alle lærarar,
uansett fag, tek ansvar for leseutviklinga til elevane.
- På småtrinnet jobbar skulen med grunnleggande avkoding og forståing av enkle tekstar.
Skulen nyttar leselærar på 1. og 2. trinn som tidleg innsats. Leselæraren blir nytta til å rettleie
i lesing. Leiinga er oppdatert på leseutviklinga til elevane på desse trinna.
- På mellomtrinn og ungdomstrinn jobbar skulen systematisk med elevane si evne til å finne
informasjon, tolke og reflektere. Elevane nyttar ulike typar lesestrategiar.
- Skulen nyttar SOL* (Systematisk Observasjon av Lesing) som verktøy i
undervegsvurderinga. Soling av elevar skjer systematisk og kontinuerleg gjennom skuleåret.
26
* Fjell Ungdomsskule nyttar eit anna system for lesing, "Lesing i alle fag."
5.2.1 Kartleggingsprøvar i lesing
Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa.
Lesing 1.
trinn
Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense
Landro skule (15- Fjell kommune 1.16)
7.trinn
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Å lese ord
9,4%
13,9%
14,3%
16,0%
Å lese er å
forstå
9,4%
17,0%
15,9%
17,3%
Å lese ord
34,6%
31,2%
20,2%
19,4%
Å lese er å
forstå del
1+2
11,5%
24,6%
15,7%
18,8%
Å lese ord
40,0%
26,1%
21,0%
22,0%
Å lese er å
forstå del
1+2
15,0%
21,4%
15,0%
16,0%
Lesing 2.
trinn
Lesing 3.
trinn
5.2.2 Nasjonale prøvar i lesing
Her kan ein sjå resultat frå nasjonale prøvar i lesing.
Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå
1
2
3
Utvalg
Snitt
Poeng
Landro skule
(15-16)
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
34,6%
46,2%
19,2%
47,6
Fjell kommune
1.-7.trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
30,5%
51,7%
17,8%
47,8
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
25,3%
49,6%
25,1%
49,6
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Lesing
24,1%
49,8%
26,1%
49,9
27
5.2.3. Refleksjon og vurdering
Som satsingsområde jobbar vi med lesing som grunnleggjande dugleik, og dette vil vi
halde fram med også dei neste åra. Målet vårt er å jobba aktivt og på systemnivå for å
auke og betre ordforråd og omgrepsforståing. Vi ønskjer at jobbinga med lesing skal
vere systemavhengig og ikkje personavhengig. Eit av tiltaka er at vi har innført auka
bokstavprogresjon i første klasse, noko som forskinga viser er effektivt. Som eit ledd i
satsinga jobbar vi også med å utvikla ein ny og aktiv leseplan. I tillegg vert det satsa på
leselærar og lesestyrking, spesielt inn mot 2. og 3. klasse.
Om vi samanliknar med resultata på nasjonale prøver i lesing frå førre skuleår har vi
hatt ei positiv utvikling. Vi ligg opp mot kommunalt nivå, men under både regionalt og
nasjonalt nivå. Målet må vere å auka opp mot nasjonalt nivå. Vi ser at vi enda har ein
for høg andel elevar på mestringsnivå 1, så her må målet vere å skyve ein større andel
over til mestringsnivå 2 og 3.
5.3 Rekning og matematikk
Kartleggingsprøvar i rekning
Her kan ein sjå del av elevar som er på eller under bekymringsgrensa.
Kartleggingsprøve Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense Bekymringsgrense
Landro skule (15- Fjell kommune 1.16)
7.trinn
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Regning, 1. trinn
18,2%
29,9%
20,2%
23,2%
Regning, 2. trinn
31,0%
31,8%
19,6%
21,9%
Regning, 3. trinn
20%
23,3%
17,6%
19%
5.3.1 Nasjonale prøvar i rekning
Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i rekning.
Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå
1
2
3
Utvalg
Snitt
Poeng
Landro skule
(15-16)
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
23,1%
53,8%
23,1%
49,7
Fjell kommune
1.-7.trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
34,9%
48,4%
16,6%
46,8
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
24,1%
52,6%
23,3%
49,6
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Regning
23,3%
51,4%
25,4%
50,1
28
5.3.2 Refleksjon og vurdering
Som satsingsområde jobbar vi også med rekning som grunnleggjande dugleik, og vil
halde fram med det over dei neste åra. Målet er å utarbeida og implementera ein plan
for arbeid med rekning i alle fag. Det blir viktig å arbeide med rekning som
grunnleggjande dugleik ut mot alle elevane, samt trygge og auke kompetansen hos
lærarane. Målet er også at elevane skal få sjå og delta i ein meir variert og praktisk
matematikkundervisning/rekneopplæring.
Vi er godt nøgd med årets resultat på nasjonale prøvar i rekning. Det er gledeleg å sjå at
vi har lågare andel på mestringsnivå 1, medan andelen er høgare på nivå 2 og 3. Om ein
samanliknar mestringsnivå 3 med fjorårets resultat har ein i år 23,1 på dette nivået, mot
berre 9,7 i fjor. Landro skule ligg godt over kommunalt nivå, og er på mykje same nivå
som regionalt og nasjonalt. Her må vi jobbe for å halde oss!
Inneverande skuleår har to av lærarane våre delteke på fagnettverk i matematikk, og
neste skuleår skal to av lærarane våre delta på vidareutdanning innanfor
matematikk/rekning.
5.4. Engelsk
5.4.1 Nasjonale prøvar i engelsk
Her kan ein sjå resultata frå nasjonale prøvar i engelsk.
Mestringsnivå Mestringsnivå Mestringsnivå
1
2
3
Utvalg
Snitt
Poeng
Landro skule
(15-16)
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
23,1%
61,5%
15,4%
47,5
Fjell kommune
1.-7.trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
36,3%
48,4%
15,2%
46,9
Hordaland 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
26,9%
50,6%
22,5%
49,2
Nasjonalt 1.-7.
trinn
Nasjonale prøver
5. trinn, Engelsk
24,8%
51,3%
23,9%
49,9
29
5.4.2 Refleksjon og vurdering
Vi har ikkje hatt noko særskilt fokus på engelsk i fellestida dette skuleåret. Resultata på
nasjonale prøvar i engelsk har likevel hatt ei positiv utvikling, og målet må vere å halde
på den gode utviklinga.
6. Undervisning og læring
6.1. Reflekter samanfatta omkring undervisning og læring på eigen skule:
På Landro skule skjer det mykje god læring i form av god undervisning og fokus på
elevane si læring. Vi har ei engasjert lærargruppe som er oppteken av å leggje til rette
for god undervisning. I elevundersøkinga melder elevane tilbake at dei får god hjelp av
lærarane til å forstå arbeidsoppgåvene, dei er flink til å be om hjelp og dei rapporterer
om at lærarane hjelper dei slik at dei forstår det dei skal lære.
God klasseleiing er viktig for god undervisning, og vi jobbar med utgangspunkt i TSK.
Målet er at lærarane møter godt førebudd til timane og gjennomfører støttande og
tydeleg klasseleiing. Elevane våre trivst godt på skulen, dette veit vi også påverkar
læring og læringsmiljø på ein positiv måte.
7. Fysisk miljø og læremiddel
7.1. Reflekter omkring fysisk miljø og læremiddel ved eigen skule
Landro skule har over lengre tid hatt behov for utbygging, og om alt går etter planen vil
rehabilitering og utbygging av skulen ta til 4. kvartal 2016.
Vi har eit anlegg som er slitt og treng utbetring. Kapasiteten på romma er sprengd og vi
har teke alle rom i bruk for å gje klassane og gruppene det undervisningsarealet dei har
krav på. Ein konsekvens av dette er at vi ikkje har eigen kunst og handverksavdeling då
den må brukast til klasserom. Mykje av inventaret er også slitt, men her vil det bli bytta
ut ein god del ved utbygging.
30
8. Timeressursar og organisering
8.1. Reflekter omkring timeressursar og organisering ved eigen skule:
Timeressursane til undervisning er fordelt etter behov på ein god måte. Etter evaluering
og behov har vi gjort nokre få justeringar undervegs i skuleåret.
Vi har gjennom skuleåret jobba med nokre svært krevjande elevsaker der ein treng tett
vaksenstøtte for å få skulekvardagen til å fungere både for enkelteleven og klassen. Det
er klart at ved slike tilretteleggingsbehov skulle ein ønskje ein hadde meir timar å ta av,
men vi tykkjer likevel vi har fått det til å fungere på ein god måte. Assistentressursen er
alltid eit knapt gode som må fordelast best mogleg ut til klassane ut frå behov inn mot
einskildelevar.
På Landro skule har ein dei siste åra hatt ein todelt inndeling av dagen for 1.-4. trinn og
for 5.-7. klasse. For å utnytte ressursane best mogleg, samt auke fleksibiliteten ønskjer
vi frå hausten av å ha ein inndeling av skuledagen for alle trinn. Vi skal også gå frå delte
til felles friminutt for alle elevane.
9. Skule / heim
9.1. Reflekter over skule / heim - samarbeidet ved eigen skule:
Vi opplever at skule/heim-samarbeidet fungerer godt. Vi har ei engasjert og positiv
foreldregruppe.
På klassenivå har lærarane tett dialog og samarbeid med heimane. Ein samarbeider ved
klasseforeldremøte, utviklingssamtaler og etter behov. It`s Learning er
læringsplattforma som blir nytta, dette er ein god informasjonskanal i skule/heimsamarbeidet.
Vi har eit engasjert FAU som vi samarbeider godt med. Vi har hatt fleire
fellesarrangement gjennom skuleåret.
10. SFO
10.1. Vurdering og refleksjon:
31
Rektor har saman med Sfo-leiar delteke på faste møte med personalet i Sfo. I desse
møta har vi hatt fokus på utvikling og innhaldet i Sfo. Det har vore mange gode
diskusjonar og refleksjonar rundt ulike tema, og nokre av diskusjonane/refleksjonane
har ført til ei positiv endring på enkelte område
Alle assistentane + Sfo-leiar har vore kursa i Løft-metodikken denne våren. Vi treng å
jobba vidare med utgangspunkt i det personalet har fått med seg på dette kurset.
I løpet av året har det vore gjennomført møte med representantar frå Fau der vi har hatt
fokus på Sfo. Foreldregruppa har kome med konkrete innspel og ønskjer. Desse ønskja
og innspela har vi tatt på alvor og jobba for å møte.
11. Konklusjon
11.1. Reflekter omkring:
- Sterke sider og utfordringar ved eigen skule
- Korleis de jobbar med og skal utvikla vidare dei kommunale satsingsområda
LÆRINGSLEIING
1) Vurdering for læring
2) Læringsmiljø
3) Grunnleggjande ferdigheiter
-Sterke sider og utfordringar ved eigen skule: Både elevar og tilsette trivst godt på
Landro skule. Dette er ei styrke som fremmer eit godt læringsmiljø ved skulen.
Tradisjonen med «glà-dagen» kvar torsdag bidreg til at elevane blir godt kjende og lærar
seg å samarbeide på tvers av klassetrinn. Vi ser fram til og gler oss til utbygging!
Kapasiteten på romma er sprengt og vi treng meir plass både med tanke på klasserom,
møterom, personalrom og arbeidsrom for lærarar. Dette vil løyse seg fint når skulen er
ferdig utbygd.
- Korleis jobbe med og utvikla dei kommunale satsingsområda/læringsleiing:
Hovudsatsinga vår dei neste åra vil vere knytt til å utvikle dei grunnleggjande dugleikane
i lesing og rekning. Vi er godt i gang med å lage gode system som sikrar at det blir jobba
breidde med denne satsinga, det skal vere systemavhengig og ikkje personavhengig. I
tillegg blir det viktig å jobbe jamt og trutt med både VFL og TSK, samt drive
førebyggande arbeid mot mobbing.
32