Norsk Tidend nr 3 2010

Medlemsblad for Noregs Mållag • Nr. 3 – juni 2010
Heidersmedlem
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
– Eg kjenner meg
stolt over at
Mållaget meiner
eg har gjort ein
innsats for nynorsken, seier
Guri Vesaas.
MIDTEN
Arkivfoto: Norsk Tidend
Foto: Kjartan Helleve
Utfordringar i kø
BELGIA
Eit land på randen
Språk er det fundamentale skiljet i Belgia, og
speler den same rolla som
rase, religion eller etnisitet
speler i andre konfliktprega samfunn. Frontane
er steile.
Side 14–15
GODVILJE: Oskeskya frå Island gjorde at
det såg ut skummelt ut for landsmøtet
på Stiklestad. Men utsendingane lét
seg ikkje stoppe: 70 av dei 130 påmelde
utsendingane møtte.
BARNEHAGE: Dei er opptekne av språkopplæring og har fleire framandspråk i
Reinsholm barnehage i Verdal. Men det
måtte eit NM-landsmøte til for å vekkje
nynorskmedvitet.
SIDE 9, 10 og 11
SPRÅKHISTORIE
STORIE
ORRIE
MUSIKK
Opptakten
– Ein identitetsfaktor
Norsk språkhistorie startar
ikkje med Ivar Aasen og
Knud Knudsen, meiner
Jens Johan Hyvik som
har skrive boka Språk og
nasjon. Norsk målreising
1739–1868.
Side 16–17
Vinjerock legg ikkje
skjul på at dei nyttar
nynorsk og dialekt
aktivt for å skilje
seg ut frå hopen av
musikkfestivalar. Det
er ein del av profilen.
Side 6–7
Foto: Åsmund Holien Mo/Vinjerock
TI UTFORDRINGAR: Håvard B. Øvregård
vart attvald som leiar i Verdal. I leiartalen streka han opp ti utfordringar for
målsaka, mellom anna å få plass ei kvalitetssikring av språk i læremiddel.
det hender med meg
og det er eg som
hender det
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
Utgjeven av Noregs Mållag
Tilskrift:
Postboks 474 Sentrum
0105 OSLO
Redaktør: Kjartan Helleve
[email protected], 23 00 29 32,
faks 23 00 29 31
I redaksjonen:
Magnus Bernhardsen,
Hege Lothe
Rønnaug Kleiva
leiarteigen
Heimeside: www.nm.no
Abonnement: 250 kroner per år
Utforming: Språksmia AS
[email protected]
Fanatikarar
og gamlingar
No har dei funne fleire feil
i nynorskutgåva. Kva var
det eg sa forrige gong? At
eg la meg flat? Og dårleg
tid? Ok. Då skuldar eg på
manglande tilskot denne
gongen.
Då Bergensavisen skreiv om skulemålsrøystinga på Askøy,
tok dei kontakt med Frank
Aarebrot for å få ein kommentar. Han var skeptisk til heile
røystinga og meinte det sette
nynorsken i eit dårleg ljos. Så
hissa han seg opp over at alle
i kommunen kunne få røyste,
og ikkje berre foreldre som
har elevar ved skulen. «Det
er fanatikerne og gamlingene
som avgjør slike avstemninger.» Og om valdeltakinga var
under femti prosent, så skulle
ein berre sjå vekk frå heile
røystinga.
Teikning: Kjartan Helleve
Aarebrot er ikkje kven som helst.
Skal det meinast noko om val
her til lands, så er det han som
skal meine noko. Difor er det
sjokkerande korleis han for
det fyrste avviser heile ideen
om å ha ei røysting, og vidare
stemplar dei som engasjerer
seg i saka, som ureflekterte.
Underforstått skal ein ikkje
heve røysta si om ein er usamd
i noko. I tillegg vil det berre
skade saka om ein i det heile
set henne på dagsordenen, og
dessutan er ikkje meiningane
til gamle folk verdt noko. Litt
av eit drøymesamfunn Aarebrot tek til orde for.
Pussig nok gjorde politikarane i
Åmli akkurat det Aarebrot tek
til orde for. Trass i eit fleirtal
for nynorsk, vedtok kommunestyret å gå inn for bokmål.
Rett nok av same grunn. Der
handla det om økonomi, men
i praksis sende dei ut det same
signalet som Aarebrot gjer: me
veit best, samfunnsutviklinga
lèt seg ikkje stoppe og det er
ikkje vits i å prøve ein gong.
Vel, eg er ikkje samd. Kampen for
nynorsk handlar om så mykje
meir enn rettar og kommuneøkonomi. Å kjempe for å
halde på nynorsk ved desse
skulane er kampen mot einfaldet. Det er å kjempe mot at
gretne gamle gubbar får kalle
engasjerte menneske fanatikarar.
Kjartan Helleve, redaktør
2
Kvalitet i skulen utan kvalitetssikra språk i lærebøker?
FAVORITTKLASSA MI FOR TIDA er 6. klassa på
Tokke skule i Dalen i Vest-Telemark. Eg
var innom skulen deira i april, og møtte
dei att no i Oslo i slutten av mai. Desse
6.-klassingane har hatt eit artig Nysgjerrigper-prosjekt dette skuleåret. Dei har
forska på kvifor det er så mange feil i
norskbøkene deira.
Jamvel om prosjektet er artig, er det
berre trist at dette skal finnast som eit
potensielt tema. Det synest elevane også.
Det byrja med at dei oppdaga feil i bøkene, og nyfikne som dei var, ville dei vite
kvifor. Dei ville også finne ut kor mange
feil det var totalt i desse bøkene. For kvart
nytt kapittel dei har hatt i norsken, så har
dei leita, og oftast funne, ordfeil, teiknsetjingsfeil, bøyingsfeil, orddelingsfeil, og så
bortetter.
I lesebok og arbeidsbok i, av alle fag,
norskfaget, har dei no funne over syttifem
feil. Dei har arbeidt med ulike hypotesar
på kvifor det er så mykje feil, og det ser
ut som dårleg omsetjing frå bokmål til
nynorsk og dessutan dårleg korrekturlesing er årsaka. Dei har snakka med forlaget
Cappelen Damm, og forlaget la seg kjapt
flate.
OG VI KJENNER IGJEN at forlag legg seg flate.
NDLA, Nasjonal digital læringsarena,
gjorde òg det. Fleire gonger til og med. Og
på same måte som lærebøkene til elevane
på Tokke skule, så vart heller ikkje nettsi-
er ikkje i stand til å ta denne kvalitetssikringsfunksjonen.
Håvard B. Øvregård, leiar
dene til NDLA betre av at dei la seg flate.
Flatlegging har liten effekt på læremiddel.
Om vi erstattar rangt med riktig derimot;
det har effekt. Men, det kostar pengar,
noko NDLA til slutt forstod når dei sette
av 2 millionar til kvalitetssikring av nynorsken i læremidla deira på nett.
Kva med bøkene på Tokke skule? Jau,
dei skulle brukast av neste klasse til neste
år. Dei som er 5.-klassingar no, og dei som
er 4.-klassingar no, og kanskje dei som er
3.-klassingar no, alle skulle dei bruke eit
læremiddel som elevane sjølve har prova
står til stryk. For noko anna kosta pengar,
som korkje forlag eller skuleeigar kjende
dei hadde råd til å bruke.
HELDIGVIS ER DET NOKO ANNA som kostar pengar, nemleg dårlege medieoppslag. Og når
6.klassa frå Tokke skule fekk førstesidene i
regionalmedia, då gjekk Cappelen Damm
ut og lova nytt opplag til 6.klassingane.
Elevane skal vere stolte over at dei har
tvinga eit lærebokforlag til fornuft. Men eg
spør meg sjølv kven som sjekkar at 5.klassebøkene og 7.klassebøkene ikkje er like
dårlege? For den einskilde lærar og skule
OG DET ER HER UTFORDRINGA vår kjem. Vi må
kunne vere sikre på at språket i lærebøkene er korrekt. Vi må ha ordningar som
sikrar at læremidla i skulen har god språkleg kvalitet. Og det må straffe seg å gje ut
lærebøker som ikkje held kvalitet. Tidlegare hadde vi ei godkjenningsordning for
læremiddel. Eg har ikkje tru på at ein kan
få tilbake ordninga slik ho var då, men vi
må finne ei tilsvarande ordning av i dag.
Og fordi pengar er eit av dei få språka
alle innblanda aktørar forstår, kan det vere
at økonomiske tap for dei som ikkje leverer tilfredsstillande kvalitet, er vegen vi må
gå. Det skal ikkje løne seg å leggje hindringar i vegen for språklæringa til borna.
Hadde ei lærebok i matematikk med
fullt av reknefeil, blitt brukt fleire år på
rad? Neppe. Derimot vil ei norskbok full
av språkfeil bli brukt fleire år på rad, om
ikkje elevane sjølve får stogga det .
ELEVANE I 6.-KLASSA på Tokke skule vitja i
slutten av mai Språkrådet. Eg vonar dei
òg tek ein tur til Kunnskapsministeren og
syner henne kva språkslurv dei har vorte
utsette for. Då kan ho ikkje anna enn å
vere samd i at det trengs ei ordning for
kvalitetssikra språk i læremiddel.
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Standal til Nynorsk
kultursentrum
Reidar Sandal ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Sandal var stortingsrepresentant i
13 år. Han var med i tre ulike stortingskomitear, dei siste åra som leiar i finanskomiteen. I
dag er han konsulent i Sunnfjord næringsråd.
Sandal tek over etter Oddvar Haugland.
folk
intervjuet
Dårlegare forståing
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
ENTUSIASTISK: – Det handlar om å gjere folk til medvitne språkbrukarar,
seier Bodil Aurstad, leiar for Nordisk Språgkoordination.
Foto:Kjartan Helleve
Tanken er at summen av 1+1 skal
bli større enn 2, altså få meir ut av
dei ressursane som alt blir nytta
på dette området.
Konkrete prosjekt
– Så skal eg arbeide med konkrete prosjekt, som t.d. ei nordisk
ordbok med lyd for born på nett.
Denne skal utviklast i nært samarbeid med folk i skuleverket slik
at det blir ei ordbok som lærarane
kan nytte i kvardagen. Andre ting
er dei ulike klarspråkprosjekta i
Norden, der styresmaktene legg
seg i selen for å bruke eit meir forståeleg språk. Dette er ikkje berre
viktig nasjonalt, men og for t.d.
svenske arbeidarar i Noreg. Det
viktigaste no er likevel ein kampanje for å styrkje kunnskapen og
medvitet om språksamarbeidet i
Norden. Det tek til no i sommar.
– Korleis står det til med arbeidet for ein nordisk språkfellesskap?
– Eg plar seie at det er tre område me må lukkast å få eit samspel mellom. Det eine er korleis
det offentlege stør dette arbeidet
BODIL AURSTAD
◆ Leiar for Nordisk
Språkkoordinasjon
◆ Tidligare prosjektleiar for Det
Norske Akademis store ordbok
og forlagsredaktør ved Kunnskapsforlaget, norsk utanlandslektor ved Göteborgs universitet
i Sverige, universitetsstipendiat
ved NTNU
med ressursar, det andre er korleis det blir arbeidd fagleg og det
tredje er den private entusiasmen.
Mitt inntrykk er at på dei to fyrstnemnde områda så blir det gjort
godt arbeid. Utfordinga ligg i det
eg kallar den private entusiasmen.
– Kva er det?
– Det er korleis me møter dei
ulike nordiske språka. Kva tenkjer me når me ser ein svensk
tekst? Kva gjer me når me snakkar med ein danske, legg me om
til ein dansk/norsk variant eller
heilt over til engelsk? Det handlar
altså om å gjere folk til medvitne
språkbrukarar. I Noreg er det til
– Eg kan gje deg eit døme. Det
finst eit felles tidskrift for tannlegar i Skandinavia. Tidlegare har
det hatt artiklar både på dansk,
svensk og norsk. Men for nokre år
sidan kom det krav frå unge svenske tannlegar om at alle artiklane
måtte vere på svensk. Dei forstod
ikkje norsk eller dansk. Difor betaler no den svenske tannlegeforeininga for at alle artiklane skal omsetjast, trass i at skilnaden mellom
dei to språka er heilt minimal.
– Så finst eit nordisk tidsskrift
som heiter Fidelity som skriv om
høgtalarar og musikkanlegg. Det
har artiklar på alle dei skandinaviske språka, og det er uproblematisk for lesarane.
– Eg trur det handlar om motivasjonen til lesarane. Tannlegetidskriftet er arbeid for lesarane,
det er etterutdanning og kan difor
vere verre å gje seg i kast med.
Fidelity er dyrking av ei interesse
lesarane har. Dei lèt ikkje språket
stoppe dei.
– Dei har entusiasmen.
– Nemleg. Dette er noko me
må vere medvitne om når me
introduserer nordiske språk til
skuleelevar. Det nyttar ikkje berre
å kome med dei litterære klassikarane og rekne med at interessa
kjem deretter. Ein må finne fram
til konkret døme frå kvardagslivet. Det kan vere eit sportsreferat
på nettet, teikneseriar og avisartiklar. Korleis snakkar t.d. Ståle
Solbakken til danske journalistar?
Kva ord byter han ut? Slike ting.
– Det er høyrest nesten ut som
ei oppskrift for ei god opplæring i
nynorsk som sidemål.
– Ja, det gjer det sikkert. Me
har jo som mål å introdusere elevane for dei andre nordiske språka
så tidleg at dei ikkje stiller det
vanlege «Kvifor?»-spørsmålet.
Samstundes trur eg at mykje kan
gjerast ved å utdanne lærarar som
kan formidle denne kunnskapen
på ein god og levande måte. Lærarutdanninga er difor ein viktig
arena for oss å kome inn på, men
me har jo fire ulike kursstader der
me utdannar Språkpilotar, lærarar som har ei interesse for dette
arbeidet. Problemet er at trass i at
det ikkje kostar lærarane noko, så
får dei ikkje fri for å vere med på
desse kursa. På den andre sida så
gjer det at det er dei som verkeleg
brenn for saka, som kjem seg på
kurs.
– Som har entusiasmen?
– Nemleg.
KJARTAN HELLEVE
Foto: Jørgen Lyngvær
Entusiasme
I slutten av mai skipa Foreningen
Norden til eit seminar i Oslo om
den skandinaviske språkfellesskapen. I ein slik samanheng blir
Skandinavia og Norden nytta om
ein annan, så både den islandske
og den finske ambassaden var
inviterte til å halde innleiing. Ein
annan innleiar var Bodil Aurstad.
Ho har sidan nyttår freista å samkøyre innsatsen for å styrkje den
språklege brorskapen som leiar
for Nordisk Sprogkoordination.
Det er mykje snakk på slike
seminar, særleg når ein har kalla
inn ambassadørar som skal seie
noko om korleis landa deira ser
på denne problemstillinga. Sjølv
om viljen er god, så kan ofte bodskapen kokast ned til at språk er
viktig og samarbeid er tingen. Det
er som eit lite innblikk i eit møte
i Nordisk Råd. Stundom er dette
likevel ikkje nok. Arbeidet må
konkretiserast.
Det er her Nordisk Sprogkoordination og Bodil Aurstad kjem
inn i biletet. I 2005 leverte LarsOlof Delsing og Katarina Lundin
Åkesson frå Universitetet i Lund
ein rapport som synte at ungdomar i Norden forstod dei andre
nordiske språka dårlegare enn
kva som vanleg før. Norske ungdomar kom godt ut av det, dei på
Færøyane var best.
Eit av dei interessante funna i
undersøkinga var at norske ungdomar med innvandrarbakgrunn
skåra betre enn kva «danske»
danske gjorde. Undersøkinga
fekk merksemd i media, og som
vanleg fekk det politikarane til å
reagere. Nordisk Råd ville auke
innsatsen på området, og i 2009
vart Nordisk Sprogkoordination
oppretta av Embedsmandskomitéen for Utdannelse og Forsking.
Eininga vart lagd til Dansk Sprognævn i København, og arbeidsoppgåvene står i kø.
– Noko av det fyrste eg må
gjere, er å lage eit oversyn over
kva aktørar som på ein eller annan måte held på med språksamarbeid i Norden, om det er på
nordisk eller nasjonalt nivå, fortel
Bodil Aurstad.
– Eg må finne ut kva dei held
på med og sjå etter eventuelle
overlappingar. Målet er at me
skal greie å effektivisere arbeidet,
slik at ein skal sleppe å gjere same
arbeidet to gonger og at ein kan
lære av det andre held på med.
dømes viktig å signalisere kvar i
landet ein kjem frå med dialekt. I
Danmark vil det viktigaste vere å
signalisere at ein kjem frå Noreg.
Løland-stipend
til Maria Parr
Ikkje eit nummer av Norsk Tidend
i 2010 utan Maria Parr. No har ho
fått Rasmus Løland-stipendet på
100 000 kroner. Rasmus Løland-stipendet vart oppretta av Rogaland
fylkeskommune i 2007. Stipendet
skal vera ei oppmuntring til å
skriva ny norsk litteratur for barn
og unge.
Foto: Det Norske Samlaget
Språk har alltid vore
viktig for Nordisk Råd.
Med opprettinga av
Nordisk Sprogkoordination skal språkpolitikken få eit lyft.
Uprisen til
Lars Mæhle
Lars Mæhle blei kåra til årets
vinnar av ungdommens eigen
litteraturpris – UPrisen – for boka
Landet under isen, skriv NRK. Juryen
består av 180 niandeklassingar frå
sju ungdomsskular frå heile landet.
Dei har no bestemt at Landet under
isen er den beste ungdomsboka
i 2010.
«Dette må synke litt inn før det
går opp for meg», seier vinnaren
Lars Mæhle til nrk.no.
Foto: Skrivekunstakademiet
Koordinatoren
Øyunn Viken ny leiar
Øyunn Viken blir ny leiar ved
Skrivekunstakademiet i Hordaland
etter forfattar Olaug Nilssen.
Viken har hovudfag i litteraturvitenskap og har no vore tilknytt
Universitetet i Bergen i ni år. Ho har
også blant anna vore bokmeldar i
Morgenbladet og tidlegare både
førelesar og sensor ved Skrivekunstakademiet.
[email protected]
3
Gregoriusdotter Rotevatn ny dagleg leiar i Allkunne AS
– Eg ser dette som ein unik sjanse
til å vere med på eit digitalt kulturpolitisk kunnskapsløft for nynorsken, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, som er tilsett som
ny dagleg leiar for Allkunne AS.
– Målsetjinga mi er at Allkunne
på sikt skal verte Noregs beste
Dysleksi kan gje fritak
i lærarutdanninga
Ein allmennlærarstudent som
tidlegare har hatt fritak frå prøving i sidemål i vidaregåande
skule på grunn av dysleksi, får
ikkje fritak frå å skrive både nynorsk og bokmål til eksamen i
allmennlærarutdanninga ved
Høgskolen i Sør-Trøndelag.
Dette meiner departementet er
diskriminering.
Per Arne Michelsen, førsteamanuensis og seksjonsleiar i
norsk ved Høgskolen i Bergen,
reagerer kraftig på brevet som
nyleg kom frå Kunnskapsdepartementet.
Bør stille faglege krav
Brevet er eit svar til Likestillings- og diskrimineringsombodet og tek utgangspunkt i
ei konkret sak som er vurdert
med utgangspunkt i diskriminerings- og tilgjengelighetslova. I forskrifta til rammeplan
for grunnskulelærarutdanninga
står det at ein skal «mestre
norsk muntlig, norsk skriftlig
både bokmål og nynorsk, og
kunne bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng».
– Dette er ikkje urimelege
krav. Likevel slår departementet med sjølvsikker ignoranse
fast at det ikkje finst faglege
grunnar for å nekte dyslektikarar fritak frå språkkrava. Til det
vil eg svare: Ein ferdigutdanna
lærer må ha kvalifikasjonar som
gjer at ho kan arbeide kor som
helst i landet – i nynorskkommunar så vel som i bokmålskommunar; i nynorskklasser
så vel som i bokmålsklasser, og
overfor nynorskelever så vel
som bokmålselevar.
– Dei språklege krava som
vert stilte til lærarstudentane,
skal mellom anna sørgje for at
elevar kan få opplæring på den
målforma dei har krav på. Det
finst difor både norskfaglege,
språkpolitiske, utdanningspolitiske, distriktspolitiske og ikkje
minst menneskerettslege grunnar til at alle lærarstudentar skal
lære seg å meistre både bokmål
og nynorsk, seier Per Arne Michelsen.
Han meiner at meir enn
noko anna gjeld denne saka
elevane sin rett til opplæring, og
ikkje som ein av og til kan kome
til å tru, enkelte vaksne studentars rett til å bli lærar sjølv om
dei ikkje kan innfri minstekrava
som bør stillast til lærarar.
– Det er ingen god kvalifikasjon for ein framtidig lærar å ha
ein sakkyndig dokumentasjon
på at ein har ein dysfunksjon
som gjer at ein har problem
med å lære seg begge målformer. Studentar som fullfører
lærarutdanninga og blir læ-
4
Per Arne Michelsen
Foto: Høgskolen i bergen
FAKTA OM SAKA:
◆ Likestillings- og diskrimineringsombodet har teke opp
med Kunnskapsdepartementet at dei meiner ein lærarskulestudent med dysleksi
skal få fritak for sidemål i
utdanninga si.
◆ Kunnskapsdepartementet
har gjeve dei rett i dette
◆ Fyrsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen, Per Arne
Michelsen, påpeikar at det ikkje finst sidemål i lærarutdanninga. At det er nynorsk og
bokmål – og studentane må
ha opplæring i begge språk
for å kunne undervise i norsk
skule.
rarar på barne- og mellomsteget, vert så godt som utan unntak, norsklærar med ansvar for
å lære barn å lese og skrive, seier
Per Arne Michelsen.
Samiske studentar
I brevet frå Kunnskapsdepartementet vert dyslektiske studentar samanlikna med til dømes
samiske studentar.
– Det kan sjølvsagt diskuterast om dyslektiske studentar
blir diskriminerte i forhold til
studentar med minoritetsspråkleg bakgrunn og studentar som har vore elevar med
opplæring i samisk, kvensk og
teiknspråk.
– Også her er svaret gitt, for
alle andre enn departementet,
som påstår at det ikkje finst
faglege omsyn for å skilje mellom fritak på språkleg grunn og
fritak på grunn av nedsett funksjonsevne. Ein slik påstand er i
seg sjølv diskriminerande, då
det å tilhøyre ein språkleg minoritet ikkje har med dysfunksjon å gjere.
– Sistnemnde studentgrupper kan få fritak frå vurdering
i ei målform i lærarutdanninga
fordi dei har ein annan type
språkleg kompetanse det er
bruk for i skulen. Dette er ikkje
tilfellet for dyslektikarar, påpeikar Per Arne Michelsen.
HEGE LOTHE
[email protected]
kunnskapsbase på Internett. Lesarane og ålmenta som søkjer til
Allkunne, skal føle seg trygge på at
dette er kvalitetssikra kunnskap, i
ei tid der Internett fløymer over av
informasjon som ikkje er kvalitetssjekka, seier Rotevatn.
Allkunne er eit nynorsk digitalt
oppslagsverk, som er gratis tilgjengeleg på Internett. Så langt inneheld nettstaden allkunne.no rundt
1000 artiklar, som alle handlar
om det nynorske kulturområdet.
Her er artiklar om viktige institusjonar og organisasjonar, artiklar
om aviser og kommunar, artiklar
om språk og språklege emne, og
artiklar om mange personar, med
biografien om den nye daglege
leiaren som den nyaste.
På sikt skal nettstaden utvidast
til å verte eit fullverdig, allment
oppslagsverk på nynorsk. Allkunne
har mellom anna kjøpt rettane til å
Nynorsksiger
For andre gong på sju
år har det vore røysting
om opplæringsmålet på
dei to nynorskskulane
nord på Askøy, Fauskanger skule og Træet
skule. Og som sist gong
vann nynorsken.
FOLKERØSTING ASKØY
◆ Træet: 80 bokmål, 130 nynorsk.
◆ Fauskanger: 96 bokmål, 105
nynorsk.
◆ Førehandsrøyster 13 bokmål,
30 nynorsk.
◆ I alt 189 bokmål, 256 nynorsk.
◆ Frammøte: 28 prosent
– No gjeld det å sjå til at skulane
verkeleg vert nynorskskular, seier
Vigleik Dyrøy, leiar i Askøy Mållag.
Kvifor røysting?
– I 2003 var det foreldre som
tok initiativ til røystinga. Denne
gongen er det kommunen ved
skulesjefen som har drive fram
røystinga. Tidlegare statssekretær
Åge Rosnes (SV) hadde snautt
byrja som skulesjef før han gjekk
til frontalåtak på nynorsken. Me
undra oss mykje over dette: Det
har vore språkdeling på dei to
skulane i mange år. Skulesjefen
har kome fram til at dersom det
vert endring av opplæringsmålet frå nynorsk til bokmål, då vil
språkdelinga kverva. Og slik skal
kommunen visstnok spara éin
million kroner. Rein fantasi med
andre ord, seier Dyrøy og rister
på hovudet.
– Kommunen ville ikkje gå for
snøgt fram. Difor bad dei foreldra
på båe skulane uttala seg. Foreldreutvala på båe skulane gjekk
sterkt mot å halda røysting, dei
var godt nøgde med stoda. Trass i
fråsegnene frå foreldra, køyrde
kommunen på og vedtok med
minst mogleg fleirtal å halda folkerøysting.
Brei mobilisering
– Askøy Mållag har vore veldig
aktiv fram mot røystinga. Me har
hatt bokdisk og plakatbukk på
butikksenteret i bygda tre gonger,
vore svært synleg i lokalavisa og
sist, men ikkje minst: me har hatt
direkte kontakt med bygdefolket,
heime hjå folk, andlet til andlet.
Eg er tolleg viss på at nett den direkte kontakten er avgjerande for
å mobilisera folk som er glade i
nynorsk.
– Har de møtt nokon motstand?
– Det har vore lite av det. Foreldra var som sagt mot røystinga.
Dét kan vera ei årsak til at knappe
ein firedel møtte fram og røysta.
Føremonen vår er, som alle andre
stader der det er røysting, at me
kan mobilisera folk på grunn av
kjærleiken til språket. Det såkalla
«Bokmålsforbundet» snikra i hop
noko dei kalla «Striler for bokmål» før røystinga. Dei hengde
opp plakatar som «Nynorsk er et
konstruert språk – stem bokmål»,
«Don’t go in to the dark side, vote
bokmål», og slikt. Pinleg og flaut,
både for dei sjølve og for oss alle
andre. Dét er ein lærdom eg meiner me kan draga: me er nøydde
til å lyfta ordskiftet på eit slikt
nivå at slike toskar som «Bokmålsforbundet» ikkje får leggja
premissane for ordskiftet. Evnar
me å gjera det, vil ordskifta kunne
handla om viktige ting, som kva
me vil med språk- og kulturutviklinga på så vel Askøy som i resten
av landet.
– Me er sjølvsagt veldig glade
for å ha vunne, og eg vil gje ei stor,
stor takk til alle som hjelpte til,
seier Dyrøy.
INGAR ARNØY
ingar.arnø[email protected]
Nynorsken vann på Åmli og Dølamo
Røystinga om opplæringsmålet på Åmli
og Dølamo skule enda
med fleirtal for nynorsk. Kommunestyret
gjekk i mot rådet og
vedtok bokmål.
Måndag 3. mai gjekk åmlifolket til
valurna for å avgjera opplæringsmålet på to skular; Åmli skule og
Dølemo skule. Det vart fleirtal for
nynorsk på båe skulane (sjå eigen
boks), og snaut helvta av dei røysteføre møtte fram.
Like fullt vedtok kommunestyret på møte 27. mai å endra
opplæringsmålet til bokmål på
båe skulane. I tillegg gjennomførde kommunen røysting om administrasjonsmålet – folket fekk
to alternativ å røysta på, nynorsk
og nøytralt! I denne røystinga vart
det fleirtal for «nøytralt».
Det var mange årsaker til røystinga. Ei viktig årsak er at foreldre
på kvart klassesteg har ynskt bokmålsklassar, og dei var mange nok
til å få parallellgrupper (klassar)
på mest kvart steg. Det førde til
ei økonomisk utfordring for kommunen. Kommunen har fleire
gonger bede om råd og hjelp frå
Fylkesmannen i Aust-Agder om
moglege støtteordningar gjennom skjønnsmidlar. Med kvart
som det nærma seg røysting,
skulle det vise seg at nett økonomi vart hovudargumentet frå
dei som ynskte endring til bokmål.
mannen! Dei hadde òg svært god
hjelp frå redaktøren i lokalavisa,
Åmli-Avisa som har drive ein
sjeldsynt sterk hatkampanje mot
nynorsk. Ironisk nok fekk same
redaktøren for ikkje lenge sidan
pris som «beste nynorskavis» ...
– Det har snautt gått ei veke
utan at Åmli-avisa på ein eller
annan måte skriv negativt om
nynorsk. Til dømes gav Mållaga
på Agder eit kurs i nynorsk for
offentleg tilsette i gåve til kommunen. Kurset vart halde av Aud
Søyland, og deltakarane tykte vel
om det. Korleis presenterte lokalavisa dette? Med heilsides oppslag om «vil ikkje skrive nynorsk»
frå nokre tilsette i kommunen.
ÅmliAvisa for bokmål
God innsats av målfolk
I tillegg var tradisjonell nynorskmotstand frå nokre fåe foreldre,
rektoren ved skulen(!) og råd-
– Det er mykje å seie om denne
røystinga. Fyrst ei ovstor takk til
nynorskfolket i Åmli som har arNORSK TIDEND NR. 3 – 2010
omsetje meir enn 30 000 artiklar
frå Caplex. Parallelt med denne
auken blir det skrive fleire nye
tekstar.
– Så langt har vi skrive kontrakt med nær 90 forfattarar,
men det er bruk for fleire, seier
Rotevatn.
– Eg reiser no attende heim
til min kulturelle heim, og ser
fram til å jobbe med ein dyktig
redaksjon. Det vert fantastisk å få
ha kontorplass i Aasen-tunet, og
eit stort føremon å få jobbe tett
saman med hovudredaktør Ottar
Grepstad, seier Rotevatn
– Allkunne er eit viktig prosjekt som no er over den første
etableringsfasen. Med Audhild
på laget er vi sikker på at vidareføringa av prosjektet er i gode
hender, seier styreleiar Arild Thorbjørnsen.
– Arbeidet med å løfte All-
kunne er på mange måtar ei vidareføring av det språk- og kulturpolitiske og opplysingsarbeidet
som har vore gjort i Volda/Ørsta
sidan Sivert Aarflot si tid. Eg gler
meg til å setje i gang, avsluttar
Gregoriusdotter Rotevatn.
(Pressemelding)
på Askøy – igjen
MÅLFOLK MOBILISERER: Frå høgre Vigleik Dyrøy, Einar Ådland (sitjande) Jorunn Stedje og Erlend Bakke.
skule – og tapte!
beidt svært, svært lenge og bra,
seier Øvregård.
– Dinest kan eg seie at Noregs
Mållag kjem til å fylgje opp saka:
Rektoren har ope gått ut i så vel
kommunestyremøte som i lokalavisa og oppmoda om endring
til bokmål. Vi veit at rektoren tilsette ein lærar for ikkje lenge sidan som ope sa at ho «ikkje kan
fordra nynorsk». Til det svara
rektoren turt: «Det gjer ingenting». På ein nynorskskule! I tillegg har rektoren vore ivrig på
å orientere om «retten til å velje
lærebøker på eit anna språk enn
det borna skal lære», dvs. meir eller mindre oppmoda foreldra om
å velja lærebøker på bokmål medan borna lærer å lese og skrive
nynorsk. På kommunestyremøtet
rett før sjølve røystinga presterte
rådmannen å sende rundt ei smsmelding han hadde motteke frå
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
økonomisjefen i kommunen. I
meldinga skriv økonomisjefen at
«Fylkesmannen understreka at vi
ikkje får skjønnsmidlar». Vi ringte
funksjonæren hjå Fylkesmannen
i Aust-Agder og spurde om han
hadde «understreka» dette. «Det
har eg slett ikkje», var svaret vi
fekk.
Gjev utfordringar
– At kommunen presterer å gjennomføre ei røysting om administrasjonsmålet der folk ikkje får
høve til å røyste bokmål, seier
vel sitt. Det er som sagt mykje å
seie om røystingane i Åmli. Vel så
viktig er å byrje drøfte kva vilkår
ein nynorskkommune har, og kva
vilkår ein skule har for å vere ein
nynorskskule. Det gjeld mellom
anna samanhengen mellom barnehage og skule, kva haldningar
har rektor og lærarar? Korleis
ÅMLI OG DØLAMO
Administrasjonsmål:
Nynorsk: 289
Nøytralt: 391
Målform Åmli skule:
Nynorsk: 360
Bokmål: 334
Målform Dølemo oppvekstsenter:
Nynorsk: 75
Bokmål: 44
prøver kommunen å få foreldra
til å verte positive til nynorsk?
Kva strategiar har kommunen for
å stogge målbyte hjå elevane når
dei kjem på vidaregåande? Her er
det mykje å gjera, seier Øvregård.
INGAR ARNØY
[email protected]
Foto: Askøy Mållag
media
Eirik Wixøe Svela
Fokus i forhold
til journalist
utdanninga
Medan det gjerne var slik før i tida at
journalistar var meir eller mindre
halvstuderte røvarar, eller hadde ei
anna utdanning, er det blitt vanleg at
unge menneske som ønskjer å arbeide
som journalist, søkjer seg til eitt av
dei mange studieprogramma i journalistikk. Kva, korleis og kvifor rapporterer, analyserer og diskuterer desse
nyutdanna journalistane når dei ein
dag blir tilsette i radio, fjernsyn eller ei
avis, og korleis har utdanninga deira
påverka vala dei tek?
Kringkastingsringen vil at desse
utdanningane skal formidle godt
mediespråk på ein tilstrekkeleg måte,
og at alle som fullfører ei journalistutdanning i Noreg, kva anten det er
ved Høgskulen i Volda eller Norges
Kreative Fagskole, kan uttrykkje seg
elegant, klårt og feilfritt på nynorsk,
bokmål og eigen dialekt, både munnleg og skriftleg.
Kvifor tek eg meg bryet med å skrive dette
ut i klårtekst? Fordi det verkar vere
langt frå sjølvsagt at utdanningstilboda lever opp til dette idealet. Ei
høgst uvitskapleg stikkprøve av ein
institusjon, Høgskolen i Oslo, syner at
lærestaden ikkje gir språket så mykje
merksemd som det burde ha hatt i
journalistutdanninga. Opplæring i
språk er ikkje skild ut som eige emne,
og er i staden baka inn i tre omfattande
emne med dei heller diffuse namna
Journalistisk teori og metode 1, 2 og 3.
13 prosent av pensum i desse faga er
vigt til språk åleine. Språk fell heilt bort
som emne i dei tre siste semestra.
Denne spalta gir ikkje plass til ein
utførleg gjennomgang av stoda ved
alle institusjonane som tilbyr journalistutdanningar, men det er ikkje
urimeleg å tru at det kan vere slik fatt
andre stader òg. Her har Kringkastingsringen og den breiare målrørsla
ein jobb å gjere. Det fell på oss å krevje
av lærestadene at dei tilbyr ei tilstrekkeleg utdanning, og det fell på oss å
overtyde Kunnskapsdepartementet
om at det trengst krav for språkopplæringa som dei statlege høgskulane og
universiteta må rette seg etter.
Samstundes bør det vere høve for lærestadene å stille krav til komande studentar. Alle som har gode nok karakterar,
kan i dag kome inn på journalistutdanningar der krava sprikjer frå 38,6
poeng (Mediehøgskolen Gimlekollen)
til 59,7 (Høgskolen i Oslo). Opptaksprøve, intervju og krav om fem eller
seks i norskkarakter er tre tiltak som
kan vurderast for å freiste sile ut søkjarar som openbert ikkje har dei språklege dugleikane som må til for å bli ein
god journalist.
Til sist vil eg bruke nokre linjer på å takke
for meg. Vikariatet mitt går mot slutten, og den neste spalta blir førd i pennen av Tarjei Vågstøl. Eg vonar eg har
klart å gi lesarane noko å tenkje på, og
minner om at de finn siste nytt om oss
på kringkastingsringen.no.
5
Nyttar språk for å skilje seg
Om sommaren er det
minst fire musikkfestivalar kvar einaste helg.
Då er det viktig med
særpreg.
Alle festivalar kan ikkje ha dei
beste gruppene og dei dyraste
artistane. Ein må prøve å skaffe
seg sin eigen identitet. No er det
som kjent vanskeleg å vere heilt
einsam om ein stil, ofte er det
fleire som har tenkt same tanken.
I festivalsamanheng kan ein difor
sjå grupper av festivalar som har
tenkt nokolunde det same.
Ei slik gruppe er kulturelt
medvitne mellomstore rock-/
popfestivalar som marknadsfører
seg på nynorsk, som t.d. Målrock,
Vinjerock, Periferifestivalen, Søfteland Rock ’N’ LOL Festival og
Bygdalarm.
– Språket er ein del av vår
identitet og profil. Korleis vi uttrykkjer oss, seier også noko om
kva type festival folk kan vente
seg, sa Helga Golten frå Periferifestivalen då dei fekk Målkipo av
Sotra Mållag i fjor.
Sterk identitetsfaktor
Nett dette er det fleire festivalar
som har tenkt. Den rimeleg ferske
festivalen Vinjerock som held til
midt i Jotunheimen, kallar det til
og med eit naturleg.
– Nynorsken var eit naturleg
val for oss på bakgrunn av mange
faktorar, seier festivalsjef Eirik
Høyme Rogn.
– Han ligg definitivt nærast dialekten vår i Valdres, og dei fleste
av oss har hatt nynorsk som hovudmål i skulen. I tillegg til dette
er jo festivalen oppkalla etter Aasmund Olavsson Vinje, som vel ikkje kan seiast å ha vore ein spesielt
sterk forkjempar for riksmålet.
– Vi skal heller ikkje leggje
FESTIVALAR
◆ Bygdalarm, Øystese 2.–3. juli m.a.
Bob Hund, Ralph Myerz & The Jack
Herren Band og Lars Vaular
◆ Søfteland Rock ’N’ LOL Festival,
Søfteland 16.–17. juli med m.a.
Lars Vaular, Datarock og Purified in
Blood
◆ Vinjerock, Jotunheimen/Valdres
22.–25. juli med m.a. Gåte, Ingrid
Olava og Staut
◆ Målrock, Årdalstangen 6.–7.
august med m.a. Bob Hund, John
Olav Nilsen & Gjengen og Staut
◆ Periferifestivalen, Glesvær
13.–14. august med m.a. Susanne
Sundfør og Thom Hell
skjul på at vi har vore bevisste på
å nytte nynorsk og dialekten vår
aktivt for å skilje oss ut frå den
store hopen. Språket er ein sterk
identitetsfaktor!
Viktig arbeid
Målrock på Årdalstangen er den
festivalen som har reindyrka
denne identiteten. Katrine C.
Fredheim i Stiftinga Målrock er
usikker på om dei tener noko på
det, men det skil dei ut.
– Det fungerer i alle fall greitt
å ha ein nisje som vi ligg i, det er
ein av tinga som vi kan skilje oss
ut med i mengda av festivalar som
er om dagen. I tillegg ser i alle fall
eg på det som viktig arbeid for å få
så mange som mogleg til å nytte
sitt eige språk og sin eigen dialekt
i musikk. Det er fint å ha ei scene
der dei som faktisk prioriterer
dette, har førsteprioritet. Musikk
på eige mål gir alltid ein god del
ekstra tyngd, synest eg.
– Kan det verke avgrensande
på nokon måte?
– Den klåre språkprofilen
gjev utfordringar først og fremst
innanfor booking. Det er ei utfordring å booke variert, særleg
innanfor dei større artistane, sidan det ikkje er så mange å ta av
som er «store nok» til å stå øvst
på plakaten. Det har ført til at vi
har hatt nokre engelskspråklege
artistar, rett og slett av kommersielle omsyn.
Vinjerock utseld
– Korleis blir festivalen i år?
– Festivalen i sommar blir betre enn nokosinne. Vi har eit veldig solid program som er både variert og godt. Det skal vere noko
for alle! Det er ikkje så mykje nytt,
men det kjem eit dagarrangement
på laurdagen i år som vil vere eit
tilbod til utflytte årdølar og alle
festivalgjester, i samarbeid med
Heimatt-prosjektet, fortel Fredheim.
Vinjerock vart utseld allereie
i april, og det har gitt festivalsjef
Høyme Rogn høve til å konsentrere seg om anna enn billettsal
og marknadsføring.
– Vi kan love at dei som kjem
til Vinjerock i år, vil få seg mange
artige overraskingar på og kring
festivalområdet, utan at vi vil
røpe så mykje av det enno. Men
kunstnarlege krumspring kan vi
vel lansere som eit lite hint. Utover dette er grunnstamma mykje
som før, med hovudfokus på store
konsertopplevingar, det glade liv
på tur i fjellet og ikkje minst den
gode maten.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
TOPP STEMNING:
Publikum i fint driv på
Vinjerock midt i Jotunheimen.
Foto: Hilde Mesics Kleven/Vinjerock
Lyden av Valdres
Straumen av artistar som syng
på dialekt, stoppar ikkje opp.
Det gjer heller ikkje gruppa
Staut frå Valdres.
«Når eg saknar Valdres, så høyrer eg på
Staut!» Eivind Lødemel er busett i Bangladesh, og det er nok til å bli intervjua i avisa
Valdres. Det er ikkje godt å vite kva slektskap han har med gruppa Staut. Kan hende
har han spelt med dei, vore med på eit
tidleg tidspunkt eller gudane veit kva. Det
seier likevel noko når ein utflyttar nemner
musikken deira som «lokalterapi».
Gruppa har tydeleg lukkast med den lokale forankringa gjennom musikk, tekstar
og språkval. Dei har altså lukkast i så stor
grad at dei for nokon er Valdres.
Gruppa har ikkje spelt saman så lenge,
men medlemene har lang fartstid i andre samanhengar. Debutplata Staut gjekk
rett inn på VG-lista og vart liggjande der i
mange veker.
Den breie valdresdialekten er viktig. Då
gruppa fann fram til Gaute Lein Ausrød
som vokalist, kunne dei ha enda opp med å
6
DEBUT: Staut med Staut.
Foto: Staut
syngje på bymål. Det ville ikkje tekstforfattar Ørnulf Jukvam Dyve ha noko av.
– Det har gått så mykje den andre vegen,
så det var greitt å tvinge litt denne vegen òg,
seier Jukvam Dyve.
Reaksjonar
– Det handlar sjølvsagt om å vere ærleg. Eg
har sjølv freista å syngje på engelsk, men
det fungerte dårleg. Eg trur heller ikkje at
bokmål ville ha fungert, eg ser på det som
ei lettvint løysing. Ved å skrive tekstar som
ligg så tett opp til språket mitt, er det lettare
å sjå kva som fungerer og kva som berre er
tull.
Men sjølv om det å syngje på dialekt er
blitt meir og meir vanleg, så blir det likevel
reagert på det. Når me til dømes gjer radiointervju, så er det ikkje uvanleg at intervjuaren ber oss om å seie eit rart dialektuttrykk. Det ville dei aldri gjort om me nytta
bokmål eller engelsk.
Staut er ei av desse gruppene som er
vanskeleg å plassere musikalsk.
– Ja, me har problem med det sjølv òg.
Folk, og særleg journalistar, er glade i å
setje folk inn i ein slags sjanger, men me har
liksom ikkje vore heilt komfortable med å
plassere oss nokon stad. Til det er musikken vår for variert. Me hamnar likevel i den
diffuse folkrock-båsen.
Mange impulsar
– Mitt inntrykk er at mange av gruppene
i den båsen ikkje er heil komfortable med
den nemninga.
– Det kan eg godt skjøne. Me i Staut har
ulike musikalske bakgrunnar, anten det er
folkemusikk, gamaldans eller tungrock.
Alle tek med seg delar av dette inn i gruppa,
og det gjev oss det uttrykket me har. Då blir
det litt hardt å definere alt det ned til noko
anna, ned til éin ting.
– Det lukkar meir enn det opnar.
– Nettopp. Me har ikkje enorme ambisjonar om kvar denne gruppa skal gå. Me
vil lage musikk som me likar og håpar at
folk likar han like godt. Det skal vere fart
i konsertane våre og stemninga skal vere
god. Folk skal ha det moro. Samstundes håpar eg jo at folk høyrer etter på det me syng
på plata, og greier å skjøne det me freistar å
seie mellom linjene.
Glade i festivaljobbar
– De skal spele ganske mange stader i sommar, så ein stad har de då lukkast.
– Ja, det har skjedd mykje i det siste, og
det er langt i overkant av kva med venta
oss. Målet vårt er å kome oss ut og spele for
så mykje folk som råd. Me ligg vel på ein 5-6
spelejobbar i månaden og det må vel seiast
å vere bra.
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
ut i festivaljungelen
rapport
Inger Johanne Sæterbakk
Det er søndag. Ein aldeles vedunderleg
søndag. Det er dagen for lange frukostar, god kaffi, ein stor bunke med
viktige aviser, barn med god sovemoral, snille kjæraster, turar i skog
og mark, familiemiddag med saus og
lukke. Masse lukke. Det er kjærleik,
kos, glede og gjærbakst. Fersk, sjølvsagt. Det er nyvaska hus, nyvaska
bil, nypussa båt, nyinnkjøpt sykkel,
nykjærasten og nydelege greier. Og
det er turar. Toppturar. Bilete av skituppar, solnedgangar, midnattssol,
solbriller. Utepils, kaffikoppar med
hjartemønster i mjølka, heimelaga
smoothie, heimebakt kake, is og sol.
Uendeleg mykje sol.
Dette er ein heilt vanleg søndag i kongeriket Noreg. På Facebook. 2,6 millionar nordmenn lever eit parallelt
liv på Facebook. Eit liv på solsida, eit
liv der alt kjem på trykk. Iallfall det
vi ønskjer at alle skal vite om oss. Og
jo da, det er nokon som ikkje har det
så bra denne søndagen. Dei som er
fyllesjuke, for eksempel. Men alle
hadde ein fantastisk kveld med gode
venar kvelden i går. Og nokon gjer
huslege ting som å vaske hus, bake,
rydde, strikke, sy og sylte. Og drar
inn husmorpoeng og smil frå imponerte venar.
Snart er det sommarferie. På Facebook
kjem dei digitale postkorta til dagleg
å gå ut til fleire hundre venar. Frå
fleire hundre venar. Det kjem til å
vere sand mellom tærne, over middels høge badetemperaturar, gode
venar, verdas beste kjæraste, festivallukke, middelhavsstrender, hyttekos,
bikiniskilje, sunn og tidsriktig mat på
grillen, kvitvin i glaset i solnedgang,
sol og jubel. Mens det i kongeriket
Noreg også kjem til å vere biske
svigermødrer, sveitte bilkøar, mygg i
teltet, mark i bringebæra, jordbær til
femti kroner korga, sur kvitvin, kald
kaffi, skitne festivaldo, keisame barndomsvenar, lite sex, grinete ungar og
eksar i solnedgang.
– Eg ser at Målrock og Vinjerock er mellom dei stadene de skal spele. Det må
vel vere ei god målgruppe for dykk?
– Det er det absolutt. Alle spelejobbar
er velkomne, men akkurat dei to festivalane var jobbar me gjerne ville ha, og som
me veldig glade for me fekk. Me trur det
er stader der me kan finne eit publikum
som ikkje kjenner så godt til oss enno.
– Kan de leve av spelinga?
– Nei, ikkje enno, for å seie det på den
måten. Som sagt har me ingen høgtflygande ambisjonar, men er meir samde
om å byggje stein for stein. Nei, me har
enno vanlege jobbar. Ein er it-konsulent
og eg arbeider som lærar.
Dialekt og nynorsk
– Oisann! Då reknar eg med at de er
forkjemparar for nynorsken sidan de er
så medvitne om dialektbruk?
– Eg er det som lærar. Eg seier til
elevane at dei må halde på nynorsk, og
nyttar det vanlege argumentet om at
sidemålskarakteren tel like som hovudmålskarakteren.
– Bokmålet kjem uansett rekande på
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
ei fjøl, så det er nynorsk dei treng å arbeide godt med.
Men om du spør resten av gruppa, så
trur eg du vil få ulike meiningar. Dialekt
er nemleg éin ting, og det er i grunnen
ungdom her medvitne om. Det er jo eit
signal om kvar ein høyrer heime og at
ein er stolt over heimstaden sin. Litt som
når me nyttar dialekt i musikken vår.
Nynorsk som skriftspråk er nok i større
grad utvatna og møter større motstand.
– Men grupper som nyttar dialekt,
kan vel ha ein positiv signaleffekt? Gjere
det kult?
– Definitivt, men eg trur det er eit
skilje mellom dialekt og skriftspråk. Det
er likevel heilt klårt at grupper som t.d.
Hellbillies har opna auga hjå mange. Dei
er jo kjende for to ting: gitarlyden og tekstane. Og moglegvis stemma til Aslag
Haugen. Det handlar jo om å vere ærleg,
seie ting rett fram og gjere det lettvint for
seg sjølv. Syng ein på sitt eige språk, så
nyttar det ikkje å gøyme seg vekk.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
STAUT
◆ Skal spele på m.a. Vinjerock,
Målrock og Notodden
Bluesfestival i sommar
◆ Staut er: Dag Arve Sandnes (gitar), Ørnulf Juvkam Dyve (piano,
trekkspel, vokal), Torgeir Bolstad
(kontrabass), Asle Tronrud (fele),
Gaute Lein Ausrød; (gitar, vokal)
og Tom Marlon Jonli (trommer).
◆ Målpris: Tekstforfattar Jukvam
Dyve fekk Målpris av Valdres
Mållag i 2005, men då for eit
anna prosjekt.
På denne søndagen har nokon vunne ein
fotballkamp, eit barn har lært å sykle,
ein konfirmant har vore vakrare enn
alle andre konfirmantar. Nokon har
lagt ut pinsebilete med sol frå skyfri
himmel og smakfulle reker i skåla.
Ferske. Store. Nokon takkar livet, andre takkar for i dag. Og her sat eg og
skreiv dette og åt middag beståande
av ein heilt bedriten kvit saus og
fiskebollar som går ut på dato i morgon. Tidlegare i dag rydda eg, vaska
klede og støvsuga, drakk litt heilt
vanleg kaffi og las ei avis.
Men i går var eg på fjelltur. I fem timar.
Med gode venar, kaffi på termos, sol
i luggen, spreke takter i motbakke,
smilebilete på toppen, heimebaka
gjærbakst før returen. Det var godt
vêr, god stemning og godt med frisk
luft.
Og dét kan du sjølvsagt lese meir om på
Facebook.
7
HildeM
Vakne språkjegerar fann 76 feil
TOKKE: Sjetteklassingane ved Tokke skule
har til saman funne
76 skrivefeil i dei tre
norskbøkene sine. Elevane meiner læreverket
bør rettast opp og trykkjast i nytt opplag.
(TELEMARKSAVISA) Det starta
heilt tilfeldig. Eit par av elevane
fann eit par skrivefeil. Men plutseleg var det éin til og endå éin, og
til slutt var det bare så mange at
elevane bestemte seg for å finne
ut kor mange feil dei tre norskfaglege lærebøkene «Ord for alt 6»
eigentleg hadde. Og med ei skarp
lupe for auga gjekk elevane grundig til verks med dei to språkbøkene og tilhøyrande tekstbok,
skildra i nynorsk språkdrakt.
– Me fann 76 skrivefeil, og det
er veldig mange. Fleire av dei er
opplagde ord- og bøyingsfeil som
absolutt burde vore unngått. Det
står blant anna ein dotter og fleire
tøfler, fortel dei 20 ivrige språkjegerane, som meiner resultatet
er slett arbeid i eit læreverk som
skal lære dei rettskriving.
Heile mellomtrinnet
Norskbøkene, som er gjevne ut av
forlaget Cappelen Damm AS, var
splitter nye då elevane tok desse
i bruk sist haust. Både elevar og
lærarar var i utgangspunktet godt
nøgde med bøkene fram til alle
feila dukka opp.
– Bøkene er godt bygde opp,
med utfordrande oppgåver og
spennande tekstar, seier norsklærar Gunstein Seltveit. Han fortel
at lærebøkene vart nøye vurderte
og plukka ut på bakgrunn av dette
då det var tid for nytt læreverk i
norsk på heile mellomtrinnet. Då
detektivarbeidet til elevane for
alvor tok til, gjekk dei grundig til
verks for å sjå om problemet berre
råka deira klassesett.
– Me kikka litt i norskbøkene
til femte og sjuande klasse og fann
mange feil der også, fortel språ-
SKRIVEFEIL: Sjetteklassingane ved Tokke skule har funne 76 skrivefeil i norskbøkene for sjette skuletrinn. Dei meiner læreverket bør rettast opp og trykkjast
på nytt snarast.
Foto: Ingebjørg Bø/Telemarksavisa
kjegerane. Med kunnskap om
kritikkverdig mange feil i heile
det norskfaglege læreverket på
mellomtrinnet, visste sjetteklassingane godt korleis dei ville nytte
erfaringane frå språkjakta.
Nysgjerrigper
For som mange sjetteklassingar
i Tokke før dei, hadde dei med
dette eit godt utgangspunkt for
arbeid til årets nysgjerrigperkonkurranse. Arbeidet innebar
kontakt med forfattarar og forlag.
Heile prosjektet vart sidan sendt
til Språkrådet, som sende arbeidet
vidare til Utdanningsdirektoratet.
– Forlaget forsvarte seg først
med at særskilde skildringar og
skrivemåtar i litterære tekstar
som forfattaren sjølv har nytta,
ikkje alltid blir endra. Men etter
samtale med somme forfattarar
synte det seg at mange av skrivefeila nettopp har kome til som
resultat av slike endringar, fortel
elevane, som sjølve har blitt svært
medvitne på skrive- og orddelingsfeil i alt dei les. Og særs flittige brukarar av ordlista har dei
også blitt.
– Jakta på skrivefeil blir i alle
fall tatt alvorleg. Ofte opplever
ein at skrivemåtar ein trudde var
feil, faktisk også er tillatne, seier
norsklæraren, og peikar på klassesettet av Helleviks gule, som
har fått ein revolusjon gjennom
det siste skuleåret.
– Bør rettast opp
At prosjektet har vore lærerikt, er
både elevar og lærarar samde om.
No er spørsmålet meir om arbeidet til sjetteklassingane ved Tokke
skule vil få noko etterspel. For
sjølve meiner dei feila i norskbøkene bør rettast opp og trykkjast
i ny utgåve.
– Det er synd om feila blir ståande, slik at elevar rundt om i lan-
det held fram med å ta desse feila
med seg. For sjølv om me har lært
mykje av prosjektet og blitt veldig
medvitne om både rettskriving og
orddeling, kan ein ikkje forvente
at andre brukar bøkene slik, fortel
ein engasjert elevgjeng. Dei meiner forlaget har ein jobb å gjere.
– Forlaget burde yte rett mot
elevar, lærarar og undervisningssituasjon. Det er leitt om det einaste som blir ståande att etter
dette, er registrering av 76 skrivefeil utan at noko blir gjort, hevdar
dei vakne språkjegerane.
INGEBJØRG BØ
[email protected]
– Imponerande innsats av elevane
Dei tilsette i Språkrådet var imponerte over
arbeidet til elevane, då
dei fekk sjå resultata.
Då det kom ein invitasjon om
å kome til Oslo for å syne fram
undersøkinga si, var ikkje klassen vanskeleg å be. Kommunen
sponsa buss, og Språkrådet sette
av to timar til elevane frå Stokke.
Fleire aviser, NRK Radio, Forskingsrådet og Mållaget var til
stades, og det var tydeleg at elvane
var stolte over ein slik respons.
Elevane gjekk systematisk gjennom resultata, og etterpå var det
tid til spørsmål og svar.
«Kvifor ligg Språkrådet i
Oslo?», «Kva gjer Utdanningsdirektoratet?», «Er det ikkje vanskeleg å lage ei ordliste?»
Direktør Sylfest Lomheim lova
at arbeidet deira skulle fylgjast
opp. Norsklærar Gunstein Seltveit
8
var mest overvelda av mottakinga
prosjektet til elevane hadde fått.
lemark Mållag og Øvregård på
vitjing. Han var veldig ivrig og
inspirerande, og ville nok at me
skulle vera meir pågåande mot
både forlag og media. Men sidan
me alt hadde vore i kontakt med
Språkrådet, så lét me dei styre
saka, seier Seltveit.
Engasjerte elevar
– Eg har vore med på ulike Nysgjerrigper-prosjekt i mange år,
men har aldri vore ute for ei liknande mottaking. Eg trudde i utgangspunktet at dette skulle bli
litt tørt og kjedeleg, men det har
blitt tvert om.
– Elevane er veldig engasjerte i
dette?
– Ja, enormt. Etter kvart gjekk
det jo sport i det. Timane vart
oppstykka av at einkvan hadde
funne ein ny feil, som ofte ikkje
var nokon feil likevel. Til slutt
måtte me hengje opp ei postkasse
der elevane kunne skrive ned det
dei meinte var feil. Men sjølv då
var det kniving om å finne feilen
fyrst, og det enda med at lappane
måtte innehalde både dato og
klokkeslett. Ordlista har blitt ei
veldig populær bok.
Forlaget lovar betring
ENGASJEMENT: Mållagsleiaren og elevane var inspirerte av kvarandre.
Foto: Kjartan Helleve
Inspirerande møte
Håvard B. Øvregård var innom
klassen tidlegare i vår, og hadde
teke turen til Språkrådet for å
møte elevane igjen. Gunstein Seltveit fortel at engasjementet hans
har vore inspirerande.
– Det var moro å ha både Te-
Ifylgje Telemarksavisa lovar Cappelen Damm betring, og at forlaget skal trykkje opp nye bøker.
– Alt tyder på at det har vore
ein alvorleg svikt i språkvasken
før bøkene gjekk i trykken, seier
forlagssjef Trond Petter Henriksen til TA.
– Me vil strekkje oss langt for
å rette opp feila slik at brukarane
våre har eit best mogleg læreverk,
seier Henriksen. Han kan ikkje
love at bøkene ligg klare til skulestart.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Nytt om nynorsk
Nytt om nynorsk vert sendt ut som nyhendebrev e-post kvar
tredje veke. Alle som ynskjer det, er velkomne til å ta imot
denne e-posten. Det er i overkant av 300 som mottakarar i
dag. Nytt om nynorsk er nyttig for alle som er aktiv i eit lokallaga eller berre ynskjer å følgje med på kva Noregs Mållag er
opptekne av. Meld deg på via nettsidene www.nm.no eller
send e-post til [email protected].
Landsmøtet
Med vilje til å møte
Oskeskya frå Island gav eit avstumpa, men godt og effektivt
landsmøte på Stiklestad. Mållagsleiaren gav medlemmane
ti nye utfordringar.
Det er mangt ein kan ta høgd for når ein
skipar til eit landsmøte. Ein aktiv vulkan på
Island er ikkje mellom desse. Oska førde til
at så godt som alle fly vart sette på bakken
berre éin dag før mange av utsendingane til
landsmøtet på Stiklestad skulle reisa. Det
vart nokre hektiske timar i telefonen for dei
tilsette. Kven kunne koma?
Ein etter ein vart kontakta, samkøyringar ordna, og snart vart det tydeleg at viljen
til å møta på landsmøtet var stor: kring 70
av dei 130 påmelde utsendingane møtte.
Imponerande mange hadde køyrt både 50
og 100 mil i bil, og den uvanlege situasjonen skapte god tone, gode diskusjonar og
godt samhald mellom deltakarane.
Konsentrert møte
Dei særskilde omstenda gjorde at saklista
vart kraftig omvølt. Sidan mange framleis
var på reisefot på fredagen, valde ein å konsentrere dei vanlege landsmøtesakene til
laurdagen. Fredagen vart difor nytta til to
innleiingar. Ottar Grepstad tok utfordringa
på sparket og hadde ein interessant gjennomgang av Språkfakta 2010.
Deretter kom eit punkt om arbeidet mot
målbyte i Valdres som eigentleg var sett
opp på laurdagen. Karen Marie Kvåle Garthus heldt ei god innleiing der ho gjorde
greie for arbeidet. Ordskiftet etterpå synte
at det var ei sak som opptok møtelyden. Difor vart det skipa til eit ekstra ordskifte om
målbyte sundag føremiddag.
Ein av dei få gjestene som kom seg til
Stiklestad, var stipendvinnar Maria Tryti
Vennerød. Leiar Håvard B. Øvregård nytta
difor høvet under kveldssetet til å kaste
glans over henne. Ho kvitterte med å lese
frå eit av stykka sine, støtta av pianotonar
frå Julian Skar.
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Maria Tryti Vennerød fekk det eine av
Mållaget sine to stipend på 50 000 kroner
for multimedieprosjektet «Visitt». Dette
er ei scenekunstframsyning som kombinerer dans, lyd og
tekstprojeksjon på
ein svært samanfiltra måte.
– Det var kjekt
å få støtte til eit
prosjekt som er banebrytande, seier
Tryti Vennerød.
– Ikkje berre for
nynorsken sin del,
men for eit prosjekt som er nyskapande
i forhold til tekstbruk generelt. Fint at
Mållaget støttar ulike kunstuttrykk, og
torer å støtta eit prosjekt som er såkalla
urbant og teknologiretta. Mange andre
scenekunstnarar ville brukt engelsk i ei
slik framsyning, men vi meiner at nynorsk
nettopp passar i eit uttrykk som har som
mål å skapa både emosjonell og intellektuell verknad hjå sjåaren. Nynorsk er
både personleg og konstruert – både
direkte og kunstig, kunne ein hevda, og
passar såleis godt. I tillegg er nynorsk
mitt første og naturlege språk – dette
verkar sjølvsagt også inn.
Stipend til Gudnason
Runar Gudnason fekk det andre av Mållaget sine to stipend på 50 000 kroner
for å skrive bok. Gudnason er mest kjend
som frontmann i distriktrapbandet Side
Brok og ynskjer å
skrive og redigere
ein raplyrikkens
poetikk, ein antologi over breidda
og mangfaldet i
den norske hiphopkulturen. I søknaden skreiv Runar Gudnason at det ikkje
finst brukande bøker på dette området
så «kvifor skal ikkje nynorsk like godt ta
leiinga på dette feltet?»
– Eg vart veldig overraska over å få
stipendet, seier Gudnason.
– Eg er svært takknemleg; det er ei
enorm hjelp til prosjektet, så no vert det
faktisk noko av. Eg trur og håpar at dette
vil resultere i ei bok som vil vere givande
for hip-hopparar, lyrikkinteresserte,
språkfolk, lærarar og elevar.
Ti ufordringar
Laurdagen vart uvanleg effektiv, ordstyrarane sytte for at møtelyden vart losa greitt
gjennom den kraftig omvølte saklista. I leiartalen «10 utfordringar på 10-talet» streka
Håvard B. Øvregård opp ti utfordringar for
nynorsken i det komande tiåret.
– Nynorsk for innvandrar er som eit Kinder-egg, sa Øvregård under punkt nummer 10.
– Han gjev tre ting på ein gong. Han
gjev innvandrarar større dialektforståing,
han reduserer fordomar og stereotypiar, og
han styrkjer posisjonen til nynorsk.
For innvandrarar til nynorskområde
som ikkje har lært anna norsk enn bokmål,
er eit trugsmål for nynorsken. Om desse
til dømes ønskjer at ungane deira skal ha
bokmål som opplæringsmål fordi det er
det einaste hovudmålet der dei kan hjelpa
ungane med leksene, av di dei ikkje sjølve
har fått lære nynorsk, så er dette forståeleg.
Og vi veit om tilfelle der innvandrarar som
berre hadde hatt høve til å læra bokmål,
gjorde i utslag feil veg i skulerøysting.
Stipend til Vennerød
Litteraturpris til Parr
ATTVAL: Øvregård vart attvald som leiar i Noregs Mållag, og fekk med seg Jens Kihl som nyy
nesteiar.
Foto: Kjartan Helleve
Effektive
– Utfordringa om nynorsk for innvandrarar syner korleis målsaka fremjar så mykje
meir enn nynorsk. Målsak fremjar målmedvit, fleirspråk, integrering og betre tilhøve mellom menneske, sa Øvregård.
Øvregård vart sist på dagen attvald som
leiar, og fekk med seg Jens Kihl som ny
nestleiar. Møtelyden hadde i løpet av dagen
synt at det går an å vera effektiv, sjølv på eit
landsmøte. Ja, farten var så høg, at nokon
drog i gang avslutningssongen ti minuttar
før møtet var ferdig.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
10 UTFORDRINGAR
1: Kvalitetssikra språk i læremiddel
2: Skuleeigar sitt ansvar
3: Folketalsutvikling og
busetjingsmønster
4: Oppslutnad om dialekt
5: Næringsliv og nynorsk
i marknadsføring
6: Verdsetjing av fleirspråk
7–8: Sidemålshets,
sidemålsundervisning
9: Sidemålsopplæring for
fleirspråklege
10: Nynorsk for innvandrarar
Maria Parr har fått Nynorsk barnelitterat
teraturpris 2009 for boka Tonje
Glim
Glimmerdal.
– I ei tid der så mange
framleis pushar blodfattige ideal à la Barbie på
døtrene våre, representerer dunderkonseptet eit
forfriskand
forfriskande aktivt alternativ. Og det
utan å bli «jentelitteratur». Vinnaren av
året er noko så sjeldan som ei feelgoodbok med nerve og spenning til siste slutt,
skriv juryen i grunngjevinga.
Prisvinnaren får eit diplom og 30 000
kroner. Det er andre gong Maria Parr får
denne prisen. Ho fekk Nynorsk barnelitteraturpris for 2005 for debutboka Vaffelhjarte. Maria Parr har allereie hausta
fleire viktige prisar for Tonje Glimmerdal,
mellom anna Brageprisen.
9
Målblome til Bjerkem Natur og kultur
Bjerkem Natur og Kultur fekk under
landsmøtet Målblome for god bruk
av nynorsk. Bak roret står Johan
Einar Bjerkem og Torunn Hernes
Bjerkem.
– For oss som er opptekne av at
bygdenoreg skal ha ei god framtid,
er det ikkje tvil om at bygdene treng
slik innovativ og moderne bygdeutvikling, sa Håvard B. Øvregård på
Landsmøtefråsegner
Skuleeigarane må ta
ansvar for nynorsk i skulen
Det har lenge vore kjent
at mange som har nynorsk
som opplæringsmål, skiftar
frå nynorsk til bokmål. Ei
fersk undersøking frå Valdres viser at tre av fire som
har vore nynorskbrukarar
i grunnskulen, går over til
bokmål innan dei er ferdige
med ungdomsskule og vidaregåande skule.
Undersøkinga viser at
skiftet frå nynorsk til bokmål i stor grad skjer ved
overgangen frå barneskule
til ungdomsskule eller i ungdomsskuletida. Det tyder
på at ungdomsskulen i enkelte landsdelar er ein stor
språkskiftefabrikk, og det er
all grunn til å etterlysa «fabrikkeigaren» si evne til å ta
ansvar for språkopplæringa.
St.meld. 35 (2007–2008)
«Mål og meining» peikar på
at alle må få høve til å ta vare
på og utvikla morsmålet for å
vera sikra rett til demokratisk
deltaking i samfunnet. Meldinga seier vidare at me veit
for lite om grunnane til målbytet, og at me treng forsking
på området. Også St.meld. 23
(2007–2008) «Språk bygger
broer» uttrykkjer at målbytet
gjev stor grunn til uro, og at
det må setjast inn ressursar
for å motverka det sterke
presset nynorskelevar blir utsette for.
Det er såleis vedteken po-
litikk å gjera nynorskelevane
trygge i eiga målform og å få
dei til å halda på målet sitt.
Samtidig er det vedteken
politikk å gje alle elevar full
kompetanse i begge dei norske målformene.
Dersom nynorskelevane
reelt skal ha gode vilkår for
å halda på målet sitt, må dei
få ein annan type opplæring
enn bokmålselevane. Dei må
gjerast medvitne om språklege maktstrukturar, om
verdien ved å halda på eige
mål, dei må ha lærarar som
er støe i nynorsk, og dei må
få rettleiing i å finna fram
til nynorske tekstar også
utanom skulen.
Det er viktig at elevane
møter god nynorsk i alle fag,
og difor må alle faglærarar
vere kunnige i nynorsk. Det
er skuleeigar som må ta ansvar for å gjennomføra gjeldande språkpolitikk, og det
inneber at skuleeigar heile
tida må vurdera kva som
skal til for å gjera elevane
trygge i eige hovudmål.
Landsmøtet i Noregs
Mållag, samla på Stiklestad
16.–18. april 2010, ber alle
skuleeigarar som har elevar
med nynorsk hovudmål, om
å ta ansvar, og gje elevane
den opplæringa som skal til
for at dei kan velja å halda
fram som nynorskbrukarar.
I dag er ein marginal del
av pensumet ved universiteta og høgskulane på nynorsk. Det er ei av årsakene
til at mange studentar vel å
byte frå nynorsk til bokmål.
Landsmøtet i Noregs Mållag
krev at universitets- og høgskulesektoren blir med på å
snu utviklinga.
Kvart år byrjar nye kull
med studentar på universitet og høgskular dominerte
av engelsk og bokmål, både
på pensumlister, nettsider
og eksamensoppgåver. Det
gjer at det blir vanskeleg for
dei nye studentane å halde
på nynorsken.
Praksisen ved universiteta varierer: Universitetet i
Bergen legg i større grad enn
Universitetet i Oslo (UiO) til
10
– Godt å få eit lite
kakk på skuldra
I samband med landsmøtet på Stiklestad i
Verdal kommune var
Mållaget på vitjing til
Reinsholm barnehage i
Verdal sentrum.
Mållaget inviterte seg sjølv til barnehagen for å presentere «Gjennom ord blir verda stor – kampanje for nynorsk i barnehagen».
Og trass i at barnehagen ligg i eit
typisk bokmålsområde, var det
ein varm velkomst. Ved Reinsholm barnehage var det styrar for
barnehagen, Ellen Vinne og nestkommanderande Pål Sverre Fiske
som tok imot. Dei tykte det var
interessant å få ei utfordring knytt
til nynorsk i barnehagen.
– Vi er svært opptekne av
språkopplæring, og har fleire
framandspråk i barnehagen. Nynorsk har vi ikkje akkurat hatt
noko medvite forhold til, så det
var bra å få eit lite kakk på skuldra,
fortel Ellen Vinne.
Språkmangfald
– For Mållaget vert det viktig å
GOD STEMNING: Ellen Vinne og Pål Sverre Fikse er glade for barnebøkene
frå Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag.
Foto: Kjartan Helleve
sikre at nynorsken er ein del av
språkmiljøet og språkstimuleringa i barnehagen. For ungar
som har sin barndom i meir tradisjonelle bokmålsområde, er det
viktig at dei møter nynorsken i
bøker, songar og leikar. Og på den
måten vert vande med at nynorsken er ein del av språkmangfaldet i Noreg, seier Hege Lothe,
informasjonskonsulent i Noregs
Mållag.
●
Meir pensum på nynorsk
rette for nynorskbruk. Der
leverer no sju prosent av
masterstudentane masteroppgåve på nynorsk, medan
det tilsvarande talet ved UiO
er to prosent, i følgje studentavisa Universitas. UiO
og dei andre nasjonale utdanningsinstitusjonane har
eit særleg ansvar for å fremje
bruk av nynorsk, ikkje minst
med tanke på kor mykje
språkleg kompetanse denne
sektoren rår over.
I dag blir det skrive og
omsett mange bøker til
innføringsfag med mange
studentar, som til dømes i
ex.phil. Her bør universiteta og høgskulane leggje til
rette for at ein større del av
desse innføringsbøkene blir
skrivne på og omsette til
nynorsk. I tillegg har institusjonane eit ansvar for å synleggjere relevant litteratur
på nynorsk som alt finst. Her
har sektoren ein lang veg å
gå.
●
vegner av styret i Noregs Mållag.
– All denne aktiviteten er på
nynorsk. Det er ikkje mange i NordTrøndelag som har nynorsk som
kvardagsspråk slik Bjerkem Natur og
Kultur har. Dei syner at det går fint
å nytte nynorsk i næringsverksemd,
også i Trøndelag. Noregs Mållag ser
at dette er det aller viktigaste målarbeidet – å bruke nynorsken.
Det er viktig at ungane møter
nynorsken i bøker, songar og
Hege Lothe
leikar.
Ho la til at dette også vert viktig for ungar i nynorskområde.
– Vi vil gjerne at ungar som
veks opp i nynorskområde, skal
bli trygge i nynorsken så tidleg
som mogleg, smiler ho.
Mållaget hadde også med seg
det nytrykte materiellet for barnehagekampanjen. Det vil seie
eit eige boktipshefte og materiell
retta direkte inn mot tilsette og til
foreldre som har ungar i barnehagen.
Og Ellen Vinne og Pål Sverre
Fiske var klare på at dette tok dei
gjerne med seg inn i ein hektisk
barnehagekvardag.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Katastrofalt frå NDLA
I 2007 gjekk 18 fylkeskommunar saman om å skipa Nasjonal
Digital Læringsarena (NDLA).
Føremålet med tiltaket var mellom anna å redusera kostnader
til læremiddel i den vidaregåande
skulen.
Frå hausten 2009 kutta fleire
fylkeskommunar i løyvingane
til skulane, slik at dei vart tvinga
til å ta i bruk tilbodet frå NDLA.
Dette har skjedd utan kvalitetssikring av innhaldet som ligg ute
på nettsidene, og den språklege
kvaliteten på mykje av det som
har vore publisert, kan karakteriserast som katastrofal. Sidene
som er omsette frå bokmål til nynorsk, har vore fulle av feil, mangla samsvarsbøying, rett kjønn og
rette endingar, og det er nytta ord
som ikkje finst. Mange elevar og
lærarar har reagert på det språklege innhaldet. Dei opplever det
som frustrerande med alle språkfeila i tekstane, det irriterer at delar av sidene er på bokmål, og at
det er lenkjer til bokmålstekstar
der det kunne vore lenkje til ein
nynorskversjon.
NDLA var klar over den dårlege kvaliteten på språket i lang
tid, utan at redaksjonen gjorde
nemneverdig mykje for å retta
det opp. Ei lærebok av tilsvarande dårleg kvalitet ville aldri
vorte gjeven ut, og langt mindre
nytta i skulen. Likevel er det dette
opplæringsmaterialet
mange
nynorskelevar må bruka når fyl-
keskommunane ikkje løyver nok
pengar til at skulane kan kjøpa
inn bøker eller andre digitale læremiddel.
Langt inne i skuleåret var
svært lite gjort frå NDLA si side
for å retta opp i språket på sidene
deira. Dei hadde heller ikkje valt
å trekkja attende uhaldbart stoff
når dei ikkje greidde å retta opp
språket innan rimeleg tid.
NDLA har sett av 2 millionar
til språkvask av allereie publisert
materiell. Til no har dei berre fått
brukt ein liten del av dette.
NDLA tek ikkje ansvaret sitt
som utgjevar på alvor. Arbeidet
med det redaksjonelle innhaldet
har vore tilfeldig og utan god nok
kvalitetssikring, noko som gjer
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Nynorsk litteraturpris til Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad har fått Nynorsk
litteraturpris 2009 for boka Grense
Jakobselv.
– Grense Jakobselv er eit overflødigheitshorn skrive med kunnskap
og vidd, språkleg spenst og eit skarpt
auge på samtid og nær historie. Det
eventyrlege, det grufulle og det gjenkjennelege er vove i kvarandre og
utgjer ei heksegryte av forteljingar.
Det går over stokk og stein,
men Fløgstad står løpet
ut. Romanen er krevjande
og til tider overveldande i
all sin detaljrikdom, men
samstundes forførande
og humoristisk, og
Kjartan Fløgstad fører
som vanleg eit særeige,
stilsikkert og elegant
språk. Grense Jakobselv
er eit oppsiktsvekkjande
o mektig verk, og ein
og
v
verdig
vinnar av Nynorsk
li
litteraturpris
2009, meinte
ju
juryen.
Prisvinnaren får eit diplo og 30 000 kroner.
plom
Landsmøtefråsegner
Nynorsk i trusopplæringa
i statskyrkja
GÅVER: Emil G. Kjesbu, Victoria Reselli og Ronja Andersen var godt nøgde med bollar, jakkemerke og teikneseriar frå
Mållaget.
Foto: Hege Lothe
Einaste nynorskskulen i Nord-Trøndelag
Med landsmøtet på Stiklestad,
måtte Mållaget sjølvsagt nytte
høve til å vitje Vålen skole i Steinkjer. Den einaste nynorskskulen i
Nord-Trøndelag.
Det var eigentleg leiar Håvard
B. Øvregård som skulle stå for
besøket, men oskeskya endra planen. Så då vart det informasjonsavdelinga med Kjartan Helleve og
Hege Lothe som fekk ta turen til
Vålen skole.
– Vi tok med oss bollar og teikeseriehefte med Tuss og Troll
til borna, og ein bunke med bøker til skulen. Vi nytta høvet til å
snakke litt om kvifor nynorsk, og
det var kjekt å sjå at ungane tykte
at det å lære nynorsk på skulen, er
ei heilt sjølvsagt sak, fortel Hege
Lothe. Rektor på Vålen skole, Berit Solheim Kvernmo, fortalde at
dei lever godt med nynorsken på
skulen.
– Både foreldre, borna og lærarane er godt nøgde med at vi
lærer nynorsk. Bokmål får ein
tidsnok lære seinare, påpeikar
Berit Solheim Kvernmo.
Ho fortel også at elevane går
over til bokmål som hovudmål
på ungdomsskulen fordi Steinkjer kommune ikkje har ressursar
nok til å gje dei undervisning på
nynorsk.
Støtte til forsking på nynorsk
NDLA til ein mindre seriøs tilbydar av undervisingsmateriell.
Når skulane ikkje kan velja anna
materiell eller andre bøker, står
både skulane og elevane att i ein
uhaldbar situasjon.
Kunnskapsdepartementet er
ansvarleg for opplæringa i Noreg,
og kan ikkje vere friteken frå det
overordna ansvaret i denne saka.
Landsmøtet i Noregs Mållag
krev at fylkeskommunane og regjeringa tek på alvor det ansvaret dei har som skuleeigarar, og
løyver naudsynte midlar til lærebøker og læremiddel med god
kvalitet. Det må vera eit krav at
læremiddel som vert lagde ut på
nett, har same språklege kvalitet
som trykte lærebøker.
●
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Til kulturdepartementet og
kunnskapsdepartementet
Landsmøtet i Noregs Mållag,
Stiklestad 16.–17. april 2010, vil
oppmoda
Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet
om å stø forsking som kan skaffa
fram ny kunnskap om vilkåra for
nynorsk mål og framtidsvegane
for språket. Det trengst kunnskap
om korleis nynorsken kan styrkja
stillinga si i det offentlege og det
private her i landet.
Bakgrunnen er at stoda for nynorsken i det norske samfunnet
er samansett. Det er framgang
innan til dømes litteratur og media, medan skulemålet er pressa
fleire stader. Særleg gjeld dette i
og rundt dei store byane.
Det trengst kunnskap om målbyte: Kvifor skiftar foreldre, skulelevar og studentar frå nynorsk
til bokmål, jamvel om all røynsle
tilseier at nynorsk ville vera eit
betre val.
Kvifor held somme kommunar
betre på nynorsken enn andre?
Dette er somme av dei spørsmåla
som kan takast opp i slik forsking.
Det bør leggjast til rette for
nasjonal tverrfagleg og fleirfagleg
forsking. Døme på fag som kan
vera interessante er : filologi, historie, statsvitskap, sosiologi, psykologi, jus, økonomi, filosofi og
medievitskap. Dette er område
kulturnasjonen Noreg må forska
på, 125 år etter at Stortinget fatta
jamstillingsvedtaket.
●
Skulen har frå midt på
1700-talet og fram til slutten av 1900-talet vore arena
for Den norske kyrkja si
trusopplæring. I 2004 kom
trusopplæringsreforma, og etter den
har alle trussamfunn ansvar for å
læra opp sine eigne
medlemmer. Statskyrkja, med sine 3,9
mill medlemmer, vedtok i november 2009
«Plan for trusopplæring».
Framleis blir nærare 75
prosent av alle som er fødde
i landet, døypte i Den norske
kyrkja, og det er såleis mange
born og unge, 0–18 år, som
skal få tilbod om ei brei opplæring. Etter planen skal dei
ha til saman 315 timar med
systematisk og samanhengande trusopplæring. Kvart
sokneråd skal ha ansvar for
å laga lokale opplæringsplanar. Staten følgjer opp med å
løyva pengar til arbeidet.
Noregs Mållag er glad for
at samiske ungar og likeins
døve skal få opplæring tilrettelagd på sitt eige språk. Men
Mållaget er uroa over at
språkspørsmål, især tilhøvet
mellom nynorsk og bokmål,
elles ikkje er nemnde i den
vedtekne planen.
Noregs Mållag krev at
born og unge blir sikra eit
tilbod om ei fullverdig trusopplæring på nynorsk. Trusopplæringa handlar om dei
store livsforteljingane, og dei talar
til hjarta. Særleg
derfor er målforma viktig her.
Noregs Mållag
krev at statskyrkja
får på plass eit regelverk etter mønster frå
opplæringslova i skulen,
slik at born og unge, i tråd
med St.meld. nr. 35 (20072008) Mål og meining, kan
bli trygge og gode språkbrukarar på sitt eige hovudmål.
I trusopplæringa inngår det
mykje song og forteljingsstoff. Tilbod om nynorsk i
tekst og tale har så langt vore
dårleg.
IKO, kyrkjeleg pedagogisk senter, er formelt involvert i trusopplæringsarbeidet. Men IKO-forlaget,
som gjev ut mykje religionspedagogisk
materiell,
har svært lite på nynorsk.
Staten må sikra at tilbodet
om undervisningsmateriell i
trusopplæringa blir like godt
for dei med nynorsk som
hovudmål, som for dei med
bokmål.
●
Offentlege føretak
må fylgje mållova
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at regjeringa må
gjere det tydeleg at offentlege føretak fell inn under
lov om målbruk i offentleg
teneste. Landsmøtet meiner
det offentlege ikkje kan byråkratisere seg bort frå ansvaret for norsk språk generelt,
og nynorsk særskilt.
Noregs Mållag mottek
kvart år spørsmål frå tilsette og kundar i føretak
som NSB, Posten og andre,
som ynskjer å sjå meir nynorsk i desse verksemdene.
Dette gjeld i publikumsretta
materiell, på nettsider og
all intern tekstproduksjon.
Denne vinteren har Noregs
Mållag særleg hatt dialog
med Posten. Landsmøtet
vonar at denne dialogen vil
føre til at Posten fylgjer mållova og til dømes opnar for
at offentlege verksemder
kan stemple breva sine med
Noreg.
Nynorsken kunne notere
seg ein viktig siger då dåverande samferdsleminister
Liv Signe Navarsete slo fast
at slike verksemder skal fylgje mållova, men det står
framleis att eit arbeid for å
fylgje opp dette prinsippet i
praksis.
Stortingsmeldinga «Mål
og meining» slår fast prinsippet nynorsk, som går ut
på at omsynet til nynorsk
skal bli vurdert eksplisitt i
alle samanhengar der norsk
språk er ein relevant faktor.
Den raudgrøne regjeringa
har slege fast at ho ynskjer
ein aktiv, statleg eigarskap.
Landsmøtet i Noregs Mållag
ynskjer at denne politikken
òg skal gje språkleg profitt.
●
11
Det kan synast som eit lite under at det finst så mange gode forfattarar som held fast
ved dette ikkje altfor populære språket, og at det stadig melder seg nye.
Guri Vesaas
Med naturleg hang
til hardt arbeid
Noregs Mållag har tidlegare gitt Guri Vesaas
Målprisen og Nynorsk barnelitteraturpris to
gonger. No er ho òg blitt heidersmedlem.
P
å førti år som redaktør i Det
Norske Samlaget har Guri
Vesaas laga så mange ringar i
vatnet at det er mest uråd å få
eit godt oversyn. Tal er enklare. I løpet av
dei åra ho var tilsett, fekk barnebøkene
på Samlaget over hundre utmerkingar,
og eit hundretal av titlane vart omsette
til utlandet. Du kan spørje alle som har
vore i kontakt med Samlaget; forfattarar,
illustratørar, reingjerarar, ja sikkert alle
som har arbeidd med barnelitteratur i
Noreg dei siste tiåra og mange i utlandet.
Målfolk i alle aldrar. Alle vil seie at ho fortener all den heideren ho kan få.
Men éin ting er arbeidet hennar, det
profesjonelle livet. Mange blir likevel
bergtekne av henne som person. Blyg,
lågmælt, raus og stolt har Jon Fosse kalla
henne, «Samlagets sjel». Eg har snakka
med ein tjueåring som sa han var blitt
forelska i henna berre av di ho sa «hei»
til han. Det er liksom ikkje måte på kva
supermenneske ein har med å gjere.
For å toppe det heile, for liksom å gni
det inn, kan ikkje intervjuet skje med det
fyrste. Guri skal til Italia, som ikkje er
noko nytt i seg sjølv, men denne gongen
er det for å friske opp italiensken før eksamen i «Italiensk språk. Enkeltemne».
Hadde eg ikkje møtt henne tidlegare, er
eg neimen ikkje sikker på om eg hadde
våga å gjere noko intervju med henne.
Heldigvis har eg hatt nokre seine kveldar
sjølv som redaksjonssekretær for Syn og
Segn. Tett på trykking av bladet vart det
alltid mykje kvelds- og nattarbeid. Det
kunne bli tomt i det store Samlagshuset,
men mest kvar kveld var Guri der.
– Eg har ein naturleg hang til å jobbe
mykje, seier Guri.
– Noko som høver godt, sidan eg
er nokså nøyen og arbeider langsamt.
Særleg språkarbeid tek tid, men dét var
ei glede. Det var spanande og gjevande å
halde på med språket, diskutere og dissekere og søkje fram mot best mogleg
uttrykk saman med dei respektive (og
respekterte!) forfattarane. Det var noko
av det kjekkaste eg gjorde. Og så var det
å finne fram til rette illustratøren til ein
tekst. Og til slutt stå med ei vakker bok i
handa.
– Kva var det mest keisame?
– Tidsfristar.
Når eg møter henne på Blindern, har
ho akkurat gjort seg ferdig med eksamen.
Ho meiner at det gjekk sånn passeleg
bra. Ho var usikker på ein del spørsmål,
og landa til slutt på feil svar. Det fekk
ho stadfesta av ein medstudent. Det ho
hadde skrive fyrst, var rett.
Det er med motvilje ho stiller opp. Ho
føler ho har sagt nok. Då ho vart pensjonist for tre år sidan, vart det svært mykje
intervju og prising: Årets nynorskbrukar,
Heiderspris frå Brageprisen og i 2007
vart ho Riddar 1. Klasse av St. Olavs orden. Nok eit prisintervju freistar ikkje.
– Det var pinleg då det vart så mange
på ein gong. Det var litt slik at nokon
byrja, og så var det akkurat som om det
smitta.
– Mållaget har vel òg kasta prisar etter deg, både Målprisen og to barnelitteraturprisar?
– Eg hugsar godt den fyrste prisen eg
fekk, i 1987. Den vart eg verkeleg glad
for. Å få eit slikt klapp på skuldra når ein
yngre og midt i det, er ein stor kveik. Det
kan jo vere ei påminning til neste gong de
skal dele ut pris.
– Men no blir du heidersmedlem?
– Det er eg takksam for. Eg har jo ikkje vore aktiv i lagsarbeid, men kjenner
meg stolt over at Mållaget meiner eg har
gjort ein innsats for nynorsken likevel
gjennom arbeidet mitt. Eg kunne kan
hende bli medlem i L.A.M.?
– Kva er det?
– Det var Laget for Avdanka Målfolk.
Nokre godt vaksne karar som hadde vore
aktive i styre og stell i laget skipa det, og
dei skaut inn pengar som skulle gå til
gode tiltak. Det var ein god ide som vel
ikkje vart heilt følgd opp, men pengane
kom sikkert til nytte. Kan hende ein
skulle skipe det opp att?
– Kva har vore viktigast for deg: god
nynorsk eller gode barnebøker?
– Det er nesten uråd å skilje. Eg synest
god barnelitteratur på god nynorsk var
det viktigaste eg kunne drive med. Det
hadde ikkje vore så altoppslukande å gje
ut bokmålsbøker. Samlaget var ein inspirerande arbeidsplass der hovudsaka ikkje
var å tene pengar, men å tene nynorsken!
Kampen for språket var og er ei veldig
drivkraft, ein motivasjon for å lage så bra
bøker som mogeleg.
– Nynorske barnebøker har i alle
fall fått eit rykte for å halde god kvalitet.
– Og dei vi først og fremst kan takke
for det, er sjølvsagt forfattarane! Det kan
synast som eit lite under at det finst så
mange gode forfattarar som held fast ved
dette ikkje altfor populære språket, og at
det stadig melder seg nye. Dei unge som
debuterer på nynorsk, har aldri vore meir
utsette for bokmålspress enn i dag. Det
viser seg i manuskripta deira, men like
fullt er det nynorsken dei vil bruke, for
den kjennest nærare. Der ser vi kor sterkt
det eigne språket er, og kor djupt det sit –
det er noko å minne kvarandre på i tunge
stunder!
– I tidlegare tider hadde nynorske
barnebøker fått merkelappen «born
og bøling». Når kom eigentleg den nye
given?
– Nokre sentrale forfattarar sette i
gang nærmast ein dugnad for nynorsk
barnelitteratur i 1970-åra, og i den var
altså eg så heldig å få vere sentralt plassert forlagsredaktør. Det vart nyskaping
og vidareføring av tradisjon side om side,
og kvalitet var det vi måtte satse på for at
bøkene skulle bli lagde merke til. Forfattarane leverte, og godord og prisar kom
etter kvart. Eg er så fri å tru at barnelitteraturens høge kunstnarlege kvalitet i
tiåra frametter har gagna nynorsken.
– Men var det ikkje fare for at nynorsk skulle bli eit elitespråk?
– Dét har vore sagt med ein viss rett
gjennom alle år, meir tidlegare enn no.
Aldri har vel nynorsken vore i bruk innanfor så mange felt som i dag? Og nettopp i barnebøkene har vi fremja og dyrka
eit munnleg, smidig, kvardagsnært språk
for at barna skal kunne kjenne det som
sitt. Derimot har barn med nynorsk opplæringsmål fått lite og inkje av «kiosklitteratur» og annan lett underhaldningslesnad på målet sitt, og dette er ei meir og
meir viktig utfordring i dag.
– I mi tid på Samlaget konsentrerte
vi oss om kvalitet både i tekst og bilete,
også i lettles-serien Sirius, men vi gjorde
iallfall eitt stort forsøk på å lage norsk
populærlitteratur à la Hardy-guttene:
Fire forfattarar gjekk saman om å skape
«Sommerset-serien», ein spenningsserie for ungdom ved pseudonymet John
Donner. Denne vart relativt vellykka,
men bøkene vart nok for lødige til å bli så
populære som dei burde. Har forresten
du som vossagut vore borti Donnerbøkene?
– Nei, aldri. Utan at det treng å bety
noko. Leselysta heime vart mindre for
kvar ny unge. Eldstebror min har sikkert lese heile serien pluss alt på biblioteket, medan eg som nummer fem og
yngst så vidt kom meg gjennom Smørbukk i Norsk Barneblad. Men vart det
med dette eine forsøket på å utvide
samlagsprofilen?
– Dei siste tiåra har vi arbeidd systematisk for å gje nynorskbarn større
breidd og mangfald å velje i, noko som
sjølvsagt også er avhengig av økonomiske
ressursar. Dei omsette fantasy-bøkene
«Skammar-serien» var eit lyft, og det
vart ein fantastisk suksess. Der skorta det
heller ikkje på litterær kvalitet! Så det går
an, i ekstra heldige tilfelle, å kombinere
god litteratur og stort sal. No veit eg at
min «etterkomar» Ragnfrid Trohaug
arbeider svært alvorleg med å utvide
mangfaldet og breidda, blant anna gjennom lettlesbøkene. Du må snakke med
henne om dette, ho har nokre store flotte
planar, veit eg.
– Og kva er så den nye heidersmedlemen sitt råd til organisasjonen?
– Det eg er mest oppteken av når det
gjeld nynorsken i dag, er korleis barn
med nynorsk opplæringsmål skal kunne
bli trygge og glade nynorskbrukarar som
ikkje kastar språket sitt bort når dei kjem
i ungdomsskulen eller vidaregåande. Det
gjer beintfram vondt å tenkje på at alle
dei gode nynorske barnebøkene som
finst, altfor ofte ikkje kjem i hendene
på nettopp dei som treng dei aller mest
– fordi korkje lærarar eller foreldre ser
ut til å vere medvitne om den opplagde
samanhengen mellom å lese og skrive!
Eg vil at mållag og utgjevarar av nynorske barnebøker skal alliere seg med endå
fleire og gå systematisk til verks i kvar
einaste nynorskkommune med opplysning og – ikkje minst – inspirasjon! Og
der må ein satse på nynorske barnebokforfattarar og andre gode formidlarar, for
dei kan skape noko verkeleg fengjande og
fantastisk! Eg veit om mange forfattarar
som har gjort underverk i skuleklassar.
KJARTAN HELLEVE
[email protected]
Illustrasjon: Akin Düzakin, frå
boka Hanna Midtbø, alias Guri
Vesaas, Samlaget 2006
Belgia eksisterer ikkje, berre Flandern
og Vallonia, då flamske og fransktalande
samfunn bur kvar for seg.
Språkskiljet fører til
BELGIA
Tjue minutt nord for Brussel, i Mechelen,
der det belgiske kongesetet låg i middelalderen, er det ein vitskapsleikeplass. Ein
perfekt plass for born ein keisam, regntung
sundagsettermiddag. Technopolis er fylt
med interaktive duppedittar og spel, som
gjer læring morosamt. Men det er eitt
signal til. Når du går inn i anlegget, har
fortaussteinane ei enkel, direkte melding.
Meldinga er berre på flamsk (tilnærma
nederlandsk), språket i Flandern, den største, nordlege halvparten av landet. Du får
opplyst storleiken på Flandern i kvadratkilometer, og folketettleiken.
Belgia er ikkje nemnt. Det eksisterer
ikkje. Du er i eit land som heiter Flandern.
Det eksisterer heller ikkje. Men om mange
av politikarane som styrer dette delte samfunnet, får viljen sin, er det berre eit spørsmål om tid. «Lenge leve eit fritt Flandern,
måtte Belgia døy» var slagordet som ljoma
i det føderale parlamentet i Belgia ein
torsdag i mai, då dei 150 valde representantane i underhuset rydda pultane sine og
drog heim for å førebu motstanden mot eit
tidleg val neste månad, utløyst av den siste
kollapsen i den nasjonale regjeringa.
I kjølvatnet av det førre valet i 2007 var
Belgia utan regjering i seks månader på
grunn av splittinga og kjeklinga mellom
flamsktalande Flandern i nord og fransktalande Vallonia i sør. Tre år seinare har den
same konflikten velta regjeringa på nytt.
I dei fleste vesteuropeiske land ville
den tredje søknaden om avskil frå ein
statsminister på tre år få varselbjøllene til å
ringja. I Belgia har den siste avgangen – til
statsministeren frå kristendemokratane,
Yves Leterme – etter berre fem månader
i staden vorte møtt med likegyldige skuldertrekk og uttrykt lette.
«Vi er svært heldige som er her; dette er
eitt av dei heldigaste landa i verda,» seier
ein embetsmann.
«Vi er svært vellukka.»
Som på mange måtar er sant. Men den
politiske standen som styrer denne velståande staten på 10,5 millionar folk, gjev eit
svært tydeleg inntrykk av at dei bryr seg
lite om landet Belgia.
«Eg er flamsk, ikkje belgisk», seier Willy
De Waele, ordførar i den vesle flamske
byen Lennik, like sør for Brussel.
«Det finst ikkje lojalitet til landet Belgia.
Aldri før har eit land i denne tilstanden
halde ut så lenge.» Berre nokre få kilometer aust, men på den andre sida av
språkgrensene, er fransktalande Damien
Thiéry meir lei seg enn sinna, men like
pessimistisk.
«Vi har krangla om dette i 30 år. Eg er
ikkje sikker på om vi nokosinne finn ei
løysing.»
Språk er det fundamentale skiljet i kjernen av eksistenskrisa for Belgia, og speler
den same rolla som rase, religion eller etnisitet speler i andre konfliktprega samfunn.
Landet opererer med språkleg apartheid
som basis, og det forpestar alt frå offentlege bibliotek til lokale og regionale styresmakter, utdanningssystemet, dei politiske
partia, nasjonalt fjernsyn, avisene, ja til og
med fotballag.
Det finst ingen nasjonsforteljingar i Belgia, men to motsette historier fortalde på
flamsk eller fransk. Resultatet er ein dialog
for døve øyre.
karar og fagfolk og ein stor underklasse
av tyrkiske, marokkanske og ulike andre
afrikanske immigrantar som lever side
om side med dei innfødde. Men Brussel
er franskspråkleg, omkransa av flamsktalande forstader. Det er her språkstriden er
verst. Det er her regjeringar kjem og går.
EIT SPLITTA SAMFUNN
Kartet viser språksamfunna, regionane
og provinsane i Belgia.
GULT: flamsktalande, Flandern
RAUDT: fransktalande, Vallonia
BLÅTT-RAUDT: tysktalande
ORANSJE: Brussel, tospråkleg
«Då eg studerte i Brussel i 70-åra»,
seier ein flamsk tidlegare visestatsminister,
«kjende eg alle dei vallonske kollegaene
fordi vi heldt til på same campus. Men
seinare delte dei universiteta, og no er det
ingen kontakt.»
Dei to sidene samhandlar sant å seie
sjeldan. Giftarmål mellom flamske og
vallonar er få. Dei støyter heller ikkje på
kvarandre. Dei held seg kvar for seg. Det
store unnataket er Brussel og distrikta i
omlandet, der dei to kulturane gnissar
mot kvarandre. Lauvkledde, middelklasseforstads-Brussel, tusenvis av kilometer
frå noko som liknar ei krigssone, har vorte
frontlinja i språkkonflikten.
Byen med to millionar innbyggjarar er
vertskap for EU og Nato, med ti tusenvis
av tilstrøymande utanlandske akademi-
Kan ein ikkje unngå konfrontasjon, vil eit fløyelsskilsmål som i Tsjekkoslovakia vere å føretrekkje
framfor det jugoslaviske valdelege alternativet.
«Vi kjem ikkje til å gå amok, som Serbia
og Kroatia,» seier Jeroen Vermeiren, ein
flamsk bokhandlar like utanfor Brussel.
«Men det set sterke kjensler i sving på båe
sider.»
«Det er uverkeleg, absurd», seier
Thiéry. «Og det er udemokratisk.» Han
er plassert i kjernen av konflikten og med
ein fot i kvar leir, i rådhuset i Linkebeek,
ein triveleg småby med 5000 innbyggjarar som ligg på grensa til det tospråklege
Brussel. Han er ein fransktalande vallon,
fødd og oppvaksen i Linkebeek, og er vald
til ordførar med 66 prosent av dei lokale
røystene der 85 prosent av innbyggjarane
er fransktalande. Men Linkebeek ligg i
Flandern, ikkje i Brussel. Den flamske innanriksmininsteren har enno ikkje godkjent
ordførarvalet, fordi Thiéry sende ut valmateriell på fransk til dei fransktalande, ikkje
på flamsk slik regelverket krev.
Det kommunale livet i Linkebeek består
av smålege utfordringar, demonstrasjonar
og spott. Separatistar øydelegg tospråklege gateskilt. Språkpolitiet møter opp på
dei månadlege møta i kommunestyret.
Dersom forhandlingane går på fransk –
13 av dei 15 kommunestyremedlemene
er fransktalande – vert møtet rekna som
ugyldig.
På den lokale barneskulen held dei
fransktalande borna til nede, dei flamsktalande oppe. Læreplanane er ulike. Det
offentlege biblioteket får ikkje tilskot frå
flamske styresmakter med mindre 55 prosent av bøkene er på flamsk.
Det er seks slike små byar i utkanten av
Brussel, alle med store fransktalande majoritetar, alle i Flandern. Tre av dei har ordførarar som følgjer reglane, tre av dei har
fransktalande ordførarar som tøyer gren-
Ian Traynor
14
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
ei deling av Belgia
sene. Problemet er eit resultat av utflytting. Etter som middelklassen blir eldre,
gifter seg og får born, flyttar dei frå byen
til forstadene fordi dei vil ha eit større hus,
hage, andre livskvalitetar. I Brussel vil det
seie at fransktalande par «koloniserer»
flamsk territorium og skiplar språkbalansen på små flamsktalande stader.
«Dette er ikkje ein konflikt som tek livet
av folk», seier den tidlegare visestatsministeren. «Men han byggjer på det same som
dei fleste store internasjonale konfliktar
– kollisjonen mellom rettane til dei opphavlege innbyggjarane opp mot rettane til
nykomarar.»
Det gjer forstadene til Brussel til slagmarka, for hovudstaden er den einaste
offisielt tospråklege delen av Belgia. Ved
val er Brussel og 35 flamske kringliggjande distrikt slegne saman, noko som
gjer at fransktalande kan røyste på tvers
av språkgrensene for fransktalande parti i
Brussel. Flamsktalande i Vallonia kan ikkje
gjere det same. Forfatningsdomstolen har
avgjort at dette ikkje er lovleg. Og politikarane greier ikkje å rydde opp.
Det er eit spørsmål om politisk vilje, eit
problem knytt til dei stadige nederlaga for
den politiske eliten i Belgia. Det er elleve
parti i det belgiske føderale parlamentet i
Brussel. Det er fem andre parlament og regjeringar i regionane og språksamfunna.
«Vi har 600 valde representantar i dette
landet med 10 millionar innbyggjarar»,
seier De Waele. «Det er latterleg. Eit land
som er bygd opp på denne måten, har inga
framtid.»
På den overfylte politiske scena er det
berre flamsk og vallonsk politikk, ikkje
belgisk. Gjennom fleire tiår har politikarane oppnådd å skape eit system utan ein
samlande institusjon; Kong Albert II og
slottet vert ikkje anerkjende.
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Det finst ingen nasjonale politiske parti,
ingen nasjonale aviser, ingen nasjonal
fjernsynskanal, ingen felles læreplan for
skular eller høgare utdanning.
Men statsgjeld har dei, opp mot 80 prosent av brutto nasjonalprodukt. Nett lik
eit par fanga i eit ekteskap utan kjærleik,
der dei ser skilsmålet truga, men ikkje vert
samde om det økonomiske oppgjeret, kan
flamlendarane og vallonane bli sitjande
med kvarandre fordi det er for dyrt å skilja
lag.
Men frustrasjonane går djupt. Hovudavisa blant dei fransktalande, Le Soir, var
bitter då regjeringa fall: «Er det noka meining i å halde oppe eit land når det ikkje
finst fleire menn, kvinner eller system som
er i stand til å finne fram til kompromissa
som er avgjerande for at Belgia skal kunne
eksistere?», spurde avisa.
Grovt rekna røystar vallonane til venstre, flamlendarane til høgre. Flandern
er velståande, Vallonia svekkjer seg, med
dobbelt så høg arbeidsløyse som i nord.
Flamske leiarar går meir og meir tydeleg
ut med krav om større autonomi, medan
vallonske leiarar kryp ned i bunkersane
sine og nektar å forhandle. Flamsk separatisme var ein gong ei typisk sak for dei
høgreekstreme; no er dette langt vanlegare
tankegods.
Kan ein ikkje unngå konfrontasjonen,
vil eit fløyelsskilsmål som i Tsjekkoslovakia
vere å føretrekkje framfor det jugoslaviske
valdelege alternativet. Men Brussel har ti
tusenvis av pendlarar frå båe sidene, og det
gjer ei framforhandla oppløysing av Belgia
praktisk talt umogleg.
Splitta lojalitet
Belgia har 10,5 millionar innbyggjarar, delt
i dei flamsktalande flamlendarane som utgjer om lag 58 prosent og i hovudsak bur i
nord, og dei fransktalande vallonane i sør
som utgjer om lag 31 prosent av folketalet.
Det nest vanlegaste språket er tysk, som er
brukt av om lag 1 prosent.
Kjend for god sjokolade og godt øl,
Belgia er 75 prosent romersk-katolsk, dei
resterande er protestantiske kristne eller
tilhøyrer andre trussamfunn. Sjølv om
Belgia så tydeleg er delt i språkspørsmålet,
er Brussel vertskap for EU og Nato. Det
gjer byen til ein base for fleirspråklege
internasjonale diplomatar og europeiske
byråkratar.
IAN TRAYNOR, BRUSSEL
Copyright Guardian News & Media Ltd 2010
Til norsk ved
Gro Morken Endresen
15
BAND I: Jens Johan Hyvik
Foto: Annica Thomsson
I mål med fyrste
band av norsk
målreising
Linjer i norsk
språkhistorie
Historikaren Jens Johan Hyvik er no klar
med fyrste band i soga om norsk målreising. Boka, som har fått tittelen Språk og
nasjon 1739–1868, er gitt ut av Det Norske
Samlaget. Fyrste bandet i denne nyskrivne
og illustrerte norske målsoga handlar om
tilhøvet mellom språk og nasjonale førestellingar i Noreg frå etableringa av allmugeskolane i 1739 fram til 1868.
Fellesspråk
Noreg og Danmark hadde lenge eit felles
skriftspråk, men også før Ivar Aasen finst
det ei veksande interesse for folkespråk,
dialektar og norsk målreising. Hyvik skildrar utviklinga frå ei førnasjonalistisk til ei
nasjonalistisk forståing av folkespråket, og
drøftar inngåande korleis danske og norske strategar gjennom desse tidlege åra
hadde ulike visjonar og planar for språkutviklinga.
– Til dømes kan vi sjå korleis ein både
i Noreg og Danmark tenkte i retning av å
lage eit meir reelt fellesspråk i åra fram mot
1814, der norske element skulle få større
plass, seier Jens Johan Hyvik.
– Det var i stor grad slik motivasjon som
låg til grunn for det arbeidet som var lagt
ned med å lage ordsamlingar over norske
dialektord. Laurents Hallagers ordsamling
frå 1802 er eit døme på det.
Den tidlege fasen
Boka er ei vidareføring av forfattaren si
doktoravhandling frå 2008.
– I doktoravhandlinga mi tok eg føre
meg tida fram til 1850, fortel Hyvik.
– Men i boka er framstillinga utvida
fram til 1868. Med det er den tidlege fasen
av landsmålsrørsla kome med. Her fokuserer eg særleg på den ideologiske og språklege klargjeringa av landsmålsprosjektet i
desse åra og den tidlege organiseringa.
Jens Johan Hyvik har vore stipendiat
ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen
i Volda. I 2008 disputerte han ved Universitetet i Oslo med doktoravhandlinga «...
hvorfor har Norge ikke et eget nationalt
sprog?» Språk og nasjonale førestillingar i
Noreg 1739–1850.
Avhandlinga var ein del av prosjektet
«Det opne språket», der skrivinga av historia til nynorsk skriftkultur frå 1700-talet og
fram til i dag utgjorde ein sentral del.
Hyvik arbeider no som post doc ved
Historisk institutt ved Høgskulen i Volda.
Der held han på med eit forskingsprosjekt
om tilhøvet mellom elitekultur og folkekultur i Noreg frå 1600- til 1800-talet.
Måreising II
Oddmund Løkensgard Hoel var også stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet og knytt
til «Det opne språket». Han disputerte i
2009 med doktoravhandlinga Målreising
og modernisering i Noreg 1885–1940. Med
utgangspunkt i denne avhandlinga skriv
han andre band om norsk målreising, som
etter planen skal kome ut i haust.
BENTE LIEN
Høgskulen i Volda
16
Ofte kan det sjå ut som at nyare norsk språkhistorie
startar med Aasen og Knudsen på midten av 1800talet. Slik er det ikkje, skriv Jens Johan Hyvik.
O
gså før var interessa for
språklege spørsmål stor,
og ikkje minst var tilhøvet mellom språk og det
nasjonale, både innanfor
den dansknorske staten og etter 1814,
viktig. Likevel er det klart at landsmålsprosjektet innebar noko nytt, eit brot
med den tradisjonen også Aasen stod på
skuldrene av.
Ivar Aasen fremja eit nytt norsk skriftspråk basert på dei norske dialektane
i motsetnad til det eksisterande skriftspråket og det alternative språklege reformprosjektet. Ved å knyte landsmålet
nært til eit nasjonalt og sosialt prosjekt
som handla om folkeleg myndiggjering
i motsetnad til elitekultur og embetsmannsstyre, fekk målsaka medvind i
segla.
Boka Språk og nasjon. Norsk målreising 1739–1868 handlar om desse prosessane – og mykje meir. Ho er ei vidareføring av doktoravhandlinga mi frå 2008.
Ambisjonen har vore å samle historia om
språket i Noreg i åra 1739-1868 mellom
to permar. Sjølv er eg historikar og målet
har vore meir å skrive kulturhistoria til
språket enn ei tradisjonell språkhistorie.
Boka drøftar dei språklege tilhøva under
unionen med Danmark frå etableringa
av allmugeskulen i 1739. Om tida etter
1814 tar ho føre seg både landsmålsprosjektet og andre språklige retningar fram
til 1868.
Viktigaste arbeidet
Eit viktig trekk i perioden fram til 1814 er
det danske folkespråkets gjennombrot. I
denne kampen stod nordmenn og danskar saman mot det tyske. Eit anna trekk
er korleis fleire – ikkje minst frå norsk
side – arbeidde for eit meir reelt fellesspråk i heilstaten der norske språklege
element skulle få større plass. Slike tankar blei mellom anna reflekterte i arbeidet med det danske vitskapsselskapets
ordbokarbeid frå kring 1770-åra, og i arbeidet med norske ordsamlingar, til dømes i samlinga til Laurents Hallager som
var det viktigaste arbeidet om språket i
Noreg før Ivar Aasen.
Jens Johan Hyvik
Språk og nasjon
Norsk målreising I
Det Norske Samlaget
historie
Før 1814 finn vi ikkje mange uttrykk
for språkleg separatisme. Eit unntak
er Gregers Fougner Lundh, som i eit
uprenta skrift var inne på slike tankar.
Nokre danskar åtvara også for faren for
språkleg separasjon mellom norsk og
dansk i dei siste åra av unionen. Men i
det store og heile ser ikkje dette ut til å ha
vore eit tema.
Reformstrevet
1814 endra mykje i norsk historie. Noreg
fekk langt på veg indre sjølvstyre, eigne
institusjonar og eiga offentlegheit. Som
eit ledd i kampen mot svensk påverknad,
døypte straks den norske embetsmannseliten namnet på språket – både i tale og
skrift – til norsk. Nokre tok også til orde
for gradvis fornorsking av skriftspråket,
men det var først med 1830-åra at ei
språkleg reformrørsle med Henrik Wergeland som ein av frontfigurane kjem
tydeleg til syne. Frå 1840-åra blei Knud
Knudsen hovudmannen i reformstrevet,
med eit prosjekt som tok utgangspunkt i
den «danna daglegtala».
Eit fellestrekk ved reformstrevet var
at det sprika i mange retningar. Fornorsking, ortofoni og «danna daglegtale» er
nokre stikkord. På mange vis mangla reformlinja felles mål og retning ut over at
ho stod i opposisjonen til dei som heldt
fast på det eksisterande skriftspråket.
Dei som støtta det eksisterande skriftspråket, er elles truleg den mest underkommuniserte tradisjonen i nyare norsk
språkhistorie.
I første halvdel av 1800-talet ønskte
dei fleste i hovudsak å halde fast ved
skriftspråket slik det var. Når Kyrkje- og
undervisningsdepartementet i sitt første
språkpolitiske vedtak i 1838 slo fast at
ein i den høgare skulen og middelskulen skulle følgje «den sædvanelige Methode», tala det sitt tydelege språk. Frå
midten av hundreåret var det likevel ein
sakte, men aukande aksept for forsiktige
endringar.
Rettskrivingsvedtaket Kyrkje- og undervisningsdepartementet gjorde i 1862,
som opna for nokre av forslaga til Knudsen, er eit utrykk for dette. Men motstanden var framleis sterk.
Landsmålsprosjekt
Medan reformrørsla med Knudsen i
førarsetet feira sin første, om enn svært
avgrensa siger, var det landsmålsrørsla
som for alvor var i ferd med å få vind i
segla. I andre halvdel av 1800-talet fekk
landsmålet ei heilt sentral rolle i det store
motkulturelle prosjektet om folkeleg
myndiggjering i motsetnad til den kulturelle og politiske dominansen til den
norske embetsmannseliten.
Ivar Aasen hadde sidan byrjinga av
1840-åra arbeidd på heiltid med utviklinga av landsmålet, først med støtte
frå vitskapsselskapet i Trondheim og
seinare som statsstipendiat. Med utgjevinga av landsmålsgrammatikken i 1848,
ordboka i 1850 og Prøver av Landsmaalet i Norge i 1853 – der han lanserte
landsmålet som bruksspråk – var det
språklege grunnlaget for landsmålsprosjektet etablert.
I åra som kom, arbeidde han vidare
med å klargjere norma. For Aasen var
det essensielt at det blei etablert ei sams
norm. Det skulle i mange omgangar stå
strid om norma, men frå byrjinga av
1860-åra var det – inntil vidare – relativt stor einigheit om ei sams norm mellom landsmålstilhengarane. Også dei
som eigentleg ønskte alternativ, såg det
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
ret for å tilpasse seg. Det handla om mykje
meir enn språk, men språk var den mest
konkrete og viktigaste fanesaka. Kort sagt,
det var ikkje folket som hadde ansvaret for
å lære dansk, men eliten som måtte lære
folkespråket.
Venstrefolk
På dette viset fekk landsmålsprosjektet ideologisk «krut». Det plasserte seg i midten
av samtidas store prosjekt for folkeleg
myndiggjering. Ein ny generasjon leiarskikkelsar – framfor alt bondestudentar og
lærarar – slutta seg entusiastisk til målsaka.
I midten av 1860-åra inntok kampen for
norskdom og målsak den truleg viktigaste
debattarenaen i Christiania, Studentersamfundet. Den yngre generasjonen målfolk, med mellom anna Hagbart Emanuel
Berner, Christopher Bruun og Fritz Hansen som viktige aktørar, var laust organisert
i Døleringen kring O.A. Vinje, også han
sentral i Studentersamfundet.
Det er ikkje tilfeldig at vi seinare finn
igjen mange av desse som sentrale venstrefolk, og det var ikkje tilfeldig at Venstre
adopterte målsaka og jamstellingsvedtaket
blei gjennomført i 1885, året etter innføringa av parlamentarismen her i landet og
Venstre kom til makta.
Det moderne Noreg
TIDLEG AASEN: Bergfrue, fylkesblomen for Møre og Romsdal.
Ivar Aasens plantar/Ivar Aasentunet, foto: Ragnar Albertsen
naudsynt å fire på prinsippa for å etablere
ei sams norm.
Alternativt bruksspråk
Aasen knytte i første omgang prosjektet
sitt til embetsmannseliten, som hadde
stått som fødselshjelparar for prosjektet.
Han heldt lenge korta tett til brystet, men
med etableringa av avisa Dølen i 1858 og
målstriden i 1858–59 blei det klart for alle
at landsmålsprosjektet var alvorleg meint
som eit alternativt bruksspråk til det eksisterande skriftspråket. Då vende embetsmannseliten tommelen ned.
Aasen gjekk no inn i det Stephen Walton har kalla den offensive fasen, og frå
slutten av 1850-åra skjedde ei ideologisk
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
klargjering av landsmålsprosjektet. Aasen
og hans aukande skare av støttespelarar
fremja landsmålet som eit motkulturelt
prosjekt i opposisjon mot det kulturelle
hegemoniet til eliten. Slik blei prosjektet til
Aasen meir enn eit språkleg prosjekt, det
blei sjølve symbolsaka i kampen for folkeleg myndiggjering mot det kulturelle hegemoniet til den gamle embetsmannseliten.
Tokulturlæra
I den ideologiske kampen var tokulturlæra
sentral. Tanken om at det norske folket
var delt i to kulturar, ein norsk kultur basert på bondesamfunnet og ein framand
elitekultur symbolisert ved det kulturelle
og politiske hegemoniet til embetsstan-
den, blei stadig tydelegare uttrykt i andre
halvdel av 1800-talet. Det var utan tvil historisk grunnlag for eit slikt syn, men det er
liten tvil om at tokulturlæra blei brukt for
det ho var verd i den språklege, kulturelle
og politiske kampen mot embetsmannshegemoniet. Landsmålet blei symbolsaka
framfor noko i den kulturelle kampen.
Aasen og støttespelarane hans lanserte
eit omvendt danningsideal i motsetnad til
det tradisjonelle danningsidealet der kultur
blei sedd på som noko ein hadde meir eller mindre av og folket skulle oppsedast til
større opplysning og danning, slik det blei
definert av embetsmannseliten. I det omvendte danningsidealet fekk det folkelege
og nasjonale forrang og eliten fekk ansva-
Dette er nokre av perspektiva boka dreg
opp. Felles for desse, og mange fleire som
ikkje er tekne med her, er at historia om
språket i Noreg på 1700- og 1800-talet speglar mange av dei ålmenne tendensane vi
ser i samtida. Nasjonale strategar – for å
nytte Rune Slagstads omgrep – har gjennom historia relatert seg til språkspørsmålet. I den norske samanhengen har det blitt
ei historie prega av ulike strategiar og målsettingar, avhengig av tid og plassering i det
politisk-kulturelle landskapet. Det handlar
om språk og ideologi, av og til i tilslutnad
til makta, andre gonger i opposisjon. Det
handlar om prosjekt som vann fram, og
prosjekt som enda på historia sin skraphaug. Men framfor noko handlar det om
skipinga av det moderne Noreg.
JENS JOHAN HYVIK
[email protected]
17
17. mai
Kjære folk,
gode målvenner
og studenter
Det er veldig hyggelig
å være sammen med
dere på grunnlovsdagen
og minne Ivar Aasen,
demokraten og mangfoldsmannen.
Kampen for et solidarisk, mangfoldig og inkluderende Norge har
heldigvis vært en viktig del av
diskusjonen rundt 17. mai, spesielt i Oslo.
I 1983 mottok Sagene skole
rasistiske trusler mot såkalt
«fremmedkulturelle» elever i toget, noe som førte til kraftig motmobilisering. Det er ikke sunt for
en samfunnsutvikling at mange
skal stå ved siden av og ikke ha
tilhørighetsfølelse til fellesskapet.
Jeg er stolt over å være med
og hylle Ivar Aasen i dag, en
mann som har betydd så mye for
nasjonen og det norske språket.
En mann fra folket og for folket
i kampen for å skape et demokratisk og mangfoldig samfunn i
Norge.
Jeg kom til Norge som politisk
flyktning i 1989 og begynte på
norskkurs. I den første læreboken
på skolen stod noe kort om nynorskmannen Ivar Aasen. Vi fikk
dessverre undervisning bare i
bokmål, men naturlig nok har jeg
lært å lese nynorsk etter hvert.
Vi lærte at han var en språkforsker som reiste rundt land og
strand for høre på bygdefolks
samtaler. At han samlet dialektene og lagde et norsk skriftspråk
basert på disse lokale dialekter. Vi
lærte at Norge hadde to formelle
og sidestilte språk.
Vi fikk vite også at bygdefolka
kunne bruke sine dialekter i byer
og i formelle sammenhenger og
på offentlige kontorer. Noe slikt
var ikke tilfellet for
meg i min oppvekst
i Iran.
Det er nemlig
ikke lov for kurdere
og andre minoriteter i Iran å bruke sitt
eget språk i skolen
og offentlige sammenhenger, verken muntlig eller
skriftlig. Heldigvis finnes det også
aktive kamper blant minoriteter
i Iran for retten til å bruke sitt
eget språk i skolen og samfunnet
forøvrig.
Mitt solidariske engasjement
for nynorsk i praksis begynte etter 1999, da Høyrebyrådet i Oslo
iherdig jobbet for å fjerne sidemålet fra Oslo-skoler med hjelp
18
sebygging i Norge med gamle og
nye minoriteter. Skal vi skape en
nasjon som varer og er levedyktig, må vi lære av fortiden.
Gjennom et sterkt fokus på
mangfoldet og demokratiske rettigheter kunne målbevegelsen
danne en motmakt mot den danske makteliten. Skal vi skape og
gjenskape nasjonen i dag, må vi
ikke definere Norge som et samfunn for «et etnisk, hvitt norsk
segment» og bare for de som har
vært her noe lenger.
av et såkalt «forsøk». Et prøveprosjekt som skulle ta bort den
skriftlige vurderingen av nynorsk
i halvparten av skolene. Saken
kom opp i bystyret og dessverre
klarte byrådet å få flertallet med
seg til slutt.
Kampen mot rasismen i Oslo,
retten til morsmålopplæringen
og nå kampen for å forsvare posisjonen til sidemålet i Oslo-skoler
lærte meg enormt i de årene jeg
satt i bystyret fra 2003–2007.
Særlig kontakten med Noregs
Mållag i disse årene lærte meg å
kjenne Ivar Aasens betydning for
utvikling av et demokratisk samfunn i Norge.
Ivar Aasen er blitt et forbilde
for mange, inkludert meg, som
er en kultur- og politisk aktivist.
«Nerden» som kom fra bondesamfunnet på Sunnmøre på
Vestlandet har påvirket samfunnet og mange mennesker. Han
var lærer, men han ville noe mer.
Han ville videre. Han ville endre
den etablerte sannheten. Han
ville at bygdefolket skulle ta makten til å bestemme over sitt språk
og kultur.
Han arbeidet aktivt med å
synliggjøre at Norge hadde hatt
en mangfoldig språkhistorie og at
Norge i mer enn tusen år hadde
vært et samfunn med sterke taletradisjoner. Han samlet, ordnet
og systematiserte taletradisjoner
og dialekter. Han dokumenterte,
analyserte og ville finne sammenhengene.
Han kjempet for et mangfoldig samfunn med rom for
forskjellige dialekter og andre
skriftformer. Han ville skape en
nasjon bygd på de nasjonale og
kulturelle ideer og basert på demokratiske prinsipper. Han var
veldig bevisst i sin kamp for en
nasjonal identitet. Han tilhørte
HØGTID: Reza Rezaee held talen ved grava til Ivar Aasen 17. Mai.
med bevegelsen selv om han senere flyttet til hovedstaden.
Med lærere, prester og bøndene som sin kilde klarte han å
skape en folkelig bevegelse som
gjennom åpen konfrontasjon og
ikke-voldelig hverdagsmotstand,
dannet grunnlaget for mothegemonisk makt nedenfra mot den
reaksjonære staten. I følge staten
var Norge en nasjon, et folk med
bokmål som eneste språk.
Kampen for nasjonsbyggingen
kunne ikke føres av ham alene.
Det var behov for en større kollektiv mobilisering basert på en
kollektiv ide og identitet. Det var
behov for en mobiliseringsinfrastruktur som kunne bruke politiske muligheter i samfunnet i
marsjen for at folk i Norge skulle
bruke norsk og ikke dansk.
For dette måtte ungdommene
til. Målungdommen klarte gjen-
Donyazad, verdensborgeren og datteren min på 5 år synger stolt «Mellom
bakkar og berg ut med havet» utenat.
Reza Rezaee
ikke den aggressive eller den
eliteorienterte nasjonalismen i
sin tid.
Han var den organiske intellektuelle som kom fra bondesamfunnet og ville frigjøre bøndene fra
Danmarksstyringen. Han var av
folket og brukte sin studie og forskning for folket. Han tok aktivt del
i det praktiske liv, som bygde opp,
organiserte og holdt kontakten
nom deltakelse på møter, valg
av gode strategier og ikke minst
aktive handlinger å sette i gang
en historisk og godt organisert
kamp mot bokmålsveldet.
I dag har dere studenter invitert oss til fest og glede over seiere og jeg takker for at vi også får
mulighet til å være med. For 150
år siden skrev alle i Norge dansk.
For 50 år siden ville det være
Foto: Jens Kihl
utenkelig å tale dialekter i norske
medier.
I fjor sommer kunne vi lese
om kinesere som studerte ved
Universitetet i Oslo, og som med
forkjærlighet for nynorsk og
Ivar Aasen brukte sommeren på
norskkurs. Unge jenter med bakgrunn fra Pakistan, Kurdistan og
andre land har lært seg nynorsk
på Holmlia skolen i mange år.
Det er blitt mer kulturelle
kontakter og samhandlinger mellom nynorskbrukere og folk fra
andre kontinenter. To av mine
venner, Knut Åge og Gunnar, fikk
mine nevøer til å synge «Mellom
bakkar og berg ut med havet»
ved det Kaspiske havet på sin
reise til Iran for en del år tilbake.
Målungdommen har vært
grunnfjellet i mer enn 100 års organisert kamp for nynorsk. «Det
var ikke først og fremst bøndene,
men bondesønnene som var
målfolk» i følge historikeren
Knut Kjeldstadli. Sønner som var
mobile, som utdannet seg opp og
ut av bondesamfunnet sosialt og
geografisk.
Så lenge det finnes en slik
sterk studentmållags- og målungdomsbevegelse som i dag, som
er systemkritiske og ser at den
globale kapitalismen truer mangfoldet, som godtar de nasjonale,
sosiale, etniske, kulturelle og religiøse særinteresser vi finner hos
hverandre, har vi gode grunner
til å være optimister.
Det er helt nødvendig å organisere seg over landgrensene
og være internasjonalt orientert.
Enda viktigere er det med allian-
Retten til kulturell, religiøs og
språklig identitet for grupper og
kollektiver som har kommet i de
senere årene, må anerkjennes,
både for de nasjonale og etniske
minoriteter.
Målbevegelsen bør ta mer kontakt med minoriteter i Norge og
overføre sine kamperfaringer og
gi sin solidariske støtte til minoriteter i deres kamp for sine rettigheter. En solidarisk holdning overfor andre minoriteter er ikke bare
politisk og moralsk riktig, men
nødvendig for målbevegelsen.
Det er en gang slik at det ikke
er flertallet i Norge som bruker
nynorsk skriftlig. Nynorskbrukere er i mindretall, og denne
sårbarheten kan hindres gjennom alliansebygging nasjonalt og
internasjonalt.
Noregs Mållag har vist en
bevisst, positiv og ideologisk forankret holdning til minoriteter
og spesielt retten til morsmålopplæring i Norge. De gav sin
støtte til etablering av et lite miljø
som kalte seg; «ta morsmålet
tilbake» for noen år siden. Minoriteter har mye å lære av Noregs
Mållag, studentmållag, og målungdommen som kjemper en
iherdig kamp for sine rettigheter,
spesielt i Oslo.
En viktig lærdom av Ivar
Aasens kamp for bygdesamfunnet, bøndene, skriftspråket og
dialektene for alle oss bør være
at eliten og embetsverket ikke
kunne kjempe en kamp på vegne
av dem, at de selv måtte være på
banen. Minoritetene i Norge i
dag må også kjempe sine kamper
og på egne premisser og med
sine ledere. Det har vært mange
jenter med muslimsk bakgrunn
som har vært aktive i det offentlig
rom i det siste, og disse burde bli
bedre kjent med Ivar Aasen og ha
ham som forbilde.
Jeg har ikke lært å skrive nynorsk, men Donyazad, verdensborgeren og datteren min på 5 år
synger stolt «Mellom bakkar og
berg ut med havet» utenat. Det
gir grunn til optimisme. Kanskje
om 20 år er denne sangen nasjonalsangen i Norge! Det er lov å
drømme.
Takk for oppmerksomheten
og god festdag videre.
REZA REZAEE
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Sørlandsidyll for målungdom
6.–11. juli skipar Norsk Målungdom
til sumarleiren sin på Sørlandet. Det
kjem ungdomar frå heile landet for
å verta kjende med kvarandre, kosa
seg i sola og diskutera målsak. Staden er ikkje heilt klår når eg skriv
dette, men vi gler oss i alle tilfelle til
sørlandssumar, sol og bading!
Frå programmet kan vi nemna
føredrag om oslodialekt og etnolekt ved forskarar frå Universitetet
i Oslo, ordskifte om språk og makt
og innleiing om kampen for nynorsk i nettaviser. Sistnemnde er
hovudprioritering på arbeidsprogrammet vårt i år. Lokallaga våre
får høve til å trena opp aktivismen
gjennom kurs og aktivitetar.
I tillegg kjem mangt utanom
målsaka, og der tek me med mellom anna kurs i arabisk og metalldetektorbruk. Noko for einkvar
smak, med andre ord. Elles vil ei
innleiing om klimaendring og kul-
tur sannsynlegvis vekkja åtgaum.
Fotballturneringa og Den store
melodikappleiken er tradisjonelle
høgdepunkt som vi har store voner
til i år òg.
Vi gler oss noko innmari!
LEIF ARNE STORSET,
sumarleirnemnda
Ryddejenta i NMU
Den økonomiske
stoda i Norsk Målungdom er meir stabil enn
på lenge. Rutinane er
på plass, kontrollen er
vunnen, og statsstøtta
aukar.
Eva Holthe Enoksen (20) gler
seg til å ta over økonomiroret
i NMU, men ho ser eitt skjer i
sjøen – minkande målgåveinntekter.
– Det er litt merkeleg, seier
Enoksen. Ho er dagleg leiar
fram til sumaren, då tek ho over
som økonomiansvarleg.
– Samstundes som me har
fått meir og meir skikk på økonomistyringa, har målgåveinntektene byrja peika bratt nedover. Ein skulle jo tru at di betre
me forvalta pengane, di meir
pengar ville folk gje oss. Men
den effekten har me ikkje sett
noko til, konstaterer Stavangerjenta.
– Ikkje optimalt
Enoksen vil ikkje å svartmåla
situasjonen, men uroar seg litt
over kor fort målgåveinntektene søkk.
– Eg skal ikkje kalla det dramatisk heilt enno, men sidan
2007 har målgåvene minka frå
nesten 250 000 til drygt 180 000
VISSTE DU AT ...
◆
◆
◆
◆
ORDEN: Eva Holthe Enoksen
lovar orden i bilaga til NMU. Foto: NMU
◆
◆
kroner i året. Det er nesten 30
prosent nedgang på berre to år,
forklarer NMU-skrivaren. Det
siste året har ho stått i spissen
for å rydda opp i dei økonomiske og administrative rutinane i organisasjonen.
– Korleis skal NMU kompensera for dei tapte inntektene?
– Til no har me greidd oss
bra, ettersom andre inntektspostar har gått opp. Diverre kan
me ikkje kalkulera med at dei
kjem til å gjera det i all framtid.
– Dersom ting er på stell og
det finst andre inntektskjelder, er
det då naudsynt å auka målgåveinntektene igjen? Vil ikkje det
berre gjera NMU meir avhengige av gåvene?
◆
◆
◆
målgåver er pengegåver som
NMU mottek gjennom året?
standardgåvesummen er 200
kroner, men at gjevarane står
fritt til å gje den summen dei
ynskjer?
målgåveinntektene har stupt
med nesten 30 prosent på to
år?
hovudårsaka til det er at fråfallet mellom målgjevarane er
større enn rekrutteringa?
målgåvene i 2009 utgjorde
kring 10 prosent av driftsinntektene til NMU?
du kan gje målgåver til kontonummer 3450.65.48707?
du kan også gje målgåver
med AvtaleGiro?
dersom du gjev meir enn 500
kroner i året, har du rett på
skattefrådrag for gåvene?
du kan ta kontakt med skrivarstova ([email protected],
23 00 29 40) dersom du lurer
på noko eller vil registrera
deg som målgjevar?
– Me skal alltids overleva
vidare reduksjon i målgåvene,
men det vil vera langt frå optimalt. Sidan me ikkje er ei kommersiell verksemd, vil arbeidet
vårt uansett vera avhengig av
midlar utanfrå. Minkar målgå-
veinntektene, vert me meir avhengige av statsstøtta. Det kan
igjen påverka prioriteringane i
arbeidet vårt, åtvarar ho.
– Om eksistensen er sikra,
kvifor skal folk då gje målgåver
til NMU?
– Norsk Målungdom eksisterer ikkje for moro skuld.
Me finst fordi me trengst, fordi
målsaka har mykje ugjort. Dette
vert ikkje gjort fortare dersom
me må bruka kreftene våre på
å få endane til å møtast. Økonomien i NMU er stabil, men
han framleis temmeleg trong.
Tenk alt me kunne gjort dersom
me hadde hatt litt økonomisk
armslag!
Treng nye målgjevarar
– Kvifor minkar målgåveinntektene slik?
– Mange av målgjevarane
våre byrjar å dra på åra, og ein
del av dei forsvinn diverre i
naturleg avgang. Me har slite
litt med rekrutteringa, seier
Enoksen, før ho verkeleg skrur
på sjarmen for Norsk Tidendlesarane:
– Eg håpar alle som er glade
for det arbeidet Norsk Målungdom gjer, vil vera med og spleisa
litt. Det er nemleg ikkje gratis å
driva organisasjon, men me får
mykje ut av kvar krone.
VEBJØRN STURE
[email protected]
Storstilt vervekampanje i Norsk Målungdom
Vervekampanje er ikkje noko
nytt i NMU, men snarare ein
gamal klassiker me vekkjer til
live årleg. 10. mai sparka NMU i
gang årets vervekampanje. Som
mange gonger før, er målet å ha
tusen teljande medlemer innan
sumarleiren. Det krev sitt av
heile organisasjonen.
Større og sterkare
Verving dannar grunnlaget for
å skipa nye lokallag og styrkjer lag som alt finst, slik at so
mange som mogleg kan driva
målarbeid kring i Noreg.
– Vervinga er utruleg viktig for å sikra rekrutteringa til
NMU, seier påtroppande leiar
Janne Nygård. – Me treng ein
stor og sterk organisasjon skal
me vinna fram med sakene våre.
– For mange lag og medlemer er vervekampanje dessutan
ein enkel måte å gjera NMU
synleg på. Firda Målungdom er
flinke, dei tek ein verveaksjon
når dei har lyst, og so ramlar
det inn verveblokker på skrivarstova ei veke seinare, seier
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Nygård, som sjølv var både
nestleiar, skrivar og økonomiandsvarleg i laget då ho gjekk på
vidaregåande.
Alle vervarane er med i tevlinga om å verta årets supervervar, men det er premiar både for
å verva ein, fem og 25. I tillegg
tevlar laga seg i mellom om å
verva flest medlemer. Både vervetopp og lagstopp ligg ute på
www.vervekampanje.no.
125 år
er veldig
kort tid
Norsk Målungdom har fått vera
mykje i media den siste tida.
TV, radio og aviser har ringt
etter oss, og bede oss inn i varmen. Me er vane med å måtta
arbeida litt for å koma i media,
og me er vane med sjølve å
skriva det som skal på trykk.
Difor er det artig å sjå at media
hugsar på kven me er, og at det
kjem initiativ frå den kanten òg.
Diverre er ikkje media så opptekne
av at me arbeider med ulike
viktige og gode saker, og langt
mindre kva som er aktuelt no.
Det er stadig sidemålsordskiftet som skal opp, og det vert
sjeldsynt meir originalt enn at
Unge Høgre får vera motpart
når saka fyrst skal opp. Og er
det ikkje sidemålet som skal
forsvarast, så er det tospråkssituasjonen eller nynorsken me
skal seia nokre gode ord om.
Jamstellingsvedtaket er 125 år i
år, og NRK slår på tråden. Dei
tenkjer å snakka litt om at me
kanskje berre treng eitt skriftspråk, sidan det er så lenge
sidan 1885. Er me heldige, dukkar Unge Høgre opp i studio
òg. Me kan le litt, men me kan
ikkje klaga. All mediemerksemd er god mediemerksemd,
og grunnen til at me ofte vert
inviterte inn i forsvarsposisjon,
er at me er sentraliserte og lokaliserte i den navleskodande
bokmålsbobla som Oslo kan
vera. Det er som regel andre
stader i landet dei gode sakene
dukkar opp, og då er det lokallaga våre som får gleda.
Når det gjeld jubileet for jamstellingsvedtaket, er 125 år veldig
lite i språksamanheng. Ein
normal tankegang vil eventuelt
vera å tilleggja eit språk meir
verdi med høg alder, ikkje å
nytta alderen som eit argument
for å kvitta seg med språket.
Ikkje at det i utgangspunktet
er ein god idé å skulle måla
verdien av eit språk, men det
hadde uneitteleg vore betre å
nytta slike subjektive vurderingar til å heva språket, ikkje å
tråkka på det.
Kvart medlem nyttar
Skal me klara å nå målet, må alle
vera med. Me treng alle dei som
berre vervar éin eller to, det er
slik me vert mange.
– Sjølvsagt er det kjempekjekt når nokon bestemmer seg
for å verva 25 for å vinna ein interrailbillett, seier Nygård, men
det er minst like viktig med alle
dei andre som vervar ein ven eller to. Det finst so mange ulike
grunnar til å vera med i NMU
og arbeida for nynorsk at det
finst nok folk å ta av.
Kjenner du nokon som
burde vera med i NMU? Tips
nmu
Maria Svendsen
dei om heimesida vår, målungdom.no, der dei finn innmeldingsskjema.
SUPERVERVARAR: Alle må vera
med og sikra rekrutteringa til orFoto: Krinken Visuelt
ganisasjonen.
Uansett er nynorsken komen for å
verta, han går ingen stader, og
me ser fram til mange klisjefylte ordskifte om jamstellingsvedtak, sidemål og nynorsk i
mange ganerasjonar frametter.
Norsk Målungdom ynskjer
alle til lukke med jamstelling i
125 år!
19
Meisterleg Horats-gjendikting
kleiva
Anna Kleiva
Det våren
rommar
Snøen smelta med eit smell og så var det
vår. Eg sat fleire dagar inntil husveggar
og kjende at det var varmt nok til å sitje
i singlet. Eg fekk singletskilje. To vennar av meg, Ida og Ida, møtte meg på
Verftet og så hoppa vi uti sjøen. Det var
mykje mindre vatn enn sist gong det var
vår og vi bada, dei sjenerte vinterføtene
våre nådde nedi tangen og steinane, og
vi sparka nervøst frå for å nå overflata.
Og vassoverflata var i alle fall ein halvmeter frå den nedste delen av stigen, vi
kava i eit minutt før alle kom seg opp på
brygga.
På brygga var det overveldande varmt
(særleg i forhold til nede i sjøen). Vi sa
at no var det vår. Men allereie på veg
heim drog himlen på seg ei kvit lue, og
nokre dagar seinare rista den ut snø
igjen. Snø som smelta fort og på nytt
kunne vi peike på alt som dukkar fram
når det blir vår. Vanvitig mykje grus. Ei
vinflaske i treet i bakhagen (det må vere
naboane i fjerde etasje, dei har alltid så
bråkete festar). Bacheloroppgåva. Plutselege blomar. Og alle luktene som vi
har pedantisk nøyaktige minne til. «Nei,
dette er den våren eg var 18.»
Og sola skin på nytt. Framleis gjennom ei
kvit lue av skyer. Våren prøver seg. Våren sprett ut i små, grøne bladformer;
i rosa, flortynne blomar; i hestehovar
inntil husveggane. Våren sprett ut i
brystet til alle dei små jentene, som hentar syklane sine i garasjen, og syklane
har perler på hjula som har bleikna sidan sist sommar. Og dei køyrer fram og
attende på vegen, 500 meter fram, 500
meter attende.
Og alle tenåringsgutane ryggar bilen ut av
garasjen og vaskar, vaskar, vaskar, som
om det ikkje fanst noko betre i denne
vårformiddagen enn å vaske. Og våren
sprett ut i bringene deira der dei trillar
ut på vegane, der dei raser over grusen
som ligg att etter vinteren. Og dei er aldri nitten år igjen etter dette.
Våren prøver seg. Våren ymtar frampå med
20 grader i akkurat den eine solveggen.
Men haglskurene kjem alltid drivande
innover igjen. Det er som om heile den
evinnelege oskeskya slår ned her, slår
ned slik lynet slår ned, slår ned i dei nyutsprungne gutebrysta. Og dei fornuftige – kor mange finst det av dei, eigentleg? – køyrer inn til vegkanten og skrur
opp volumet på musikken og ventar.
Men dei andre berre køyrer vidare, mot
skura, bortover vegen av kvite haglkuler
som speglar fargen på himmelen. Og
dette kvite over og under dei, dette kvite
framfor og bak dei, dette kvite trengjer
seg saman og klemmer våren ut av brystet deira. Dette kvite viskar dei ut og gir
våren til nokon andre. Til meg, om eg
klarer å ta imot han.
20
Utan litteratar som
Johannes Gjerdåker
hadde norsk bokheim
definitivt vore mykje
meir fattigsleg.
Som filolog og omsetjar hegnar han
om ei viktig oppgåve: å overføre litterære klassikarar til norsk språkdrakt.
Og det skal me vere takksame for.
Det vesle, idealistiske Vidarforlaget
sørgde for at me endeleg fekk ei komplett utgåve av Platon på norsk, og no
har altså Gjerdåker og Samlaget gjeve
oss odane til Horats. Slike eldsjeler er
utruleg viktige i ein liten kulturnasjon
som Noreg. Det litterære miljøet har
då òg visst å setje pris på innsatsen til
Gjerdåker: I 2005 fekk han Kritikarprisen for årets beste omsetjing med
«Odar av Horats. Andre samling».
Med tredje (første og andre samling kom i 2001 og 2005) og siste samling av odane til Horats har Gjerdåker no fullført ei gjendiktarisk bragd.
Odane er gjendikta til eit smidig og
lettflytande norsk, og me kan altså no
gle oss over endeleg å ha fått ei omfattande utgåve av desse sentrale tekstane. No kan me lese desse over 2000
år gamle dikta, og kjenne at me kjem
opphavsmannen nær.
Horats (65–8 f.Kr.) var, saman
med Vergil og Ovid, Augustus-tidas
største romerske diktar, og har hatt
stor verknad på seinare lyrisk dikting.
Hans bruk av ode-forma (ordet «ode»
tydar opphavleg «dikt til å syngje»)
vart lenge sedd på som eksemplarisk
ideal som ein til overmål finn uttrykt i
dei gammalromerske dygdene, og systematisert i dei filosofiske retningane
som er nemnde overfor.
Odar av Horats –
Tredje samling
Gjendikting ved
Johannes Gjerdåker
Samlaget 2010
lyrikk
– ei form som i Noreg mellom anna
vart dyrka av Henrik Wergeland. So
verknadssoga til Horats er omfattande. Ikkje minst var den poetikken
han skreiv, det såkalla «Brevet om
diktekunsten» («Ars Poetica»), mønstergjevande for alle seinare poetikkar,
særleg for franskmannen Boileau på
1600-talet.
Dei tre fyrste bøkene med odar
skriv seg frå år 23; ei fjerde kom til i år
13. Dikta er ofte forma som allegoriar,
fulle av tilvisingar til gresk og romersk
mytologi og til epikureisk og stoisk
filosofi – dei tankeformene som stod
Horats' intellektuelle legning og gemytt nærast. Men dei er òg konkrete
og sanselege, særleg i deira kjærleik
til naturens grøde og vokster, i lovprisinga av det enkle livet på landet, og i
lovsongane til vinen og kvinneleg venleik. Men alltid vert lovprisingane balanserte av Horats' ideal om måtehald,
pliktmoral, sunn fornuft og nøysemd -
Ein kan gjerne kalle Horats for
læremeister i livskunst, og det er
ein merkelapp som eg trur han ikkje ville ha noko imot å få klistra på
seg, nettopp fordi hans største ønske
var å «gagne og behage» sine lesarar.
Dikta er didaktiske (læredikt) i ordets
beste meining, og gjennom ei rekkje
apostroferingar, nærare sagt poetiske
tiltalar, søkjer han å komme med formaningar, fremje eit spesielt poeng,
eller formulere tilvisingar om korleis
ein best bør nytte si stutte tid på jorda.
Mange av dikta er forma som tiltalar
til verkelege eller fiktive personar, til
vener og veninner, eller til figurar frå
gudeverda. Ein gjengangar blant Horats' persongalleri er Mæcenas, ein av
Horats' beste vener, rikmann og ein
stor støttespelar for kunsten (av det
uttrykket «kunstmesen»).
Horats' beste dikt eig ei særeigen
epigrammatisk kraft, og mange av vår
kulturs mest kjende ordtøke skriv seg
nettopp frå diktverka hans, mellom
anna det nesten altfor kjende «Carpe
diem»: «grip dagen no! Dagar som
kjem? Lit ikkje / stort på dei».
Gjerdåkers innsats som gjendiktar
set oss i betre stand til å fatte Horats'
stordom og verknad på europeisk
kultursoge. So eg kan berre på det
varmaste anbefale dette siste bandet,
men sjølvsagt òg dei to førre, til alle
elskarar av stor diktekunst.
Kjetil Berthelsen
Oslo syg «safta» ut av distrikta !
Som bølgjeringar på elles stille vatn
brer trugsmålet mot nynorsken seg
ut frå oslogryta og det såkalla «sentrale» austlandsområdet stadig vidare
utetter, serleg nordover austlandsdalane og vestover mot Langfjella. Dette
er av ulike årsaker lett angripelege
område for å ta knekken på dialektane og det nynorske skriftspråket.
Det er på tide å setje inn motkrefter mot Oslo-området som premissgjevar for mykje av samfunnsutviklinga, mellom anna også på språkutviklinga sitt område. Oslofolk «trur
dei eige alt», som Hellbillies syng, og
så er dei i realiteten tvert i mot fattige
på dei ressursane som er grunnlaget
for eksistensen og velstandsutviklinga
vår, noko som gjer dei svært sårbare
innlegg
og lite robuste, eller som Hellbillies
syng i same songen, «forbanna papadaltar». Trass i dette og underleg nok,
er deira dominerande legning og nærast manipulerande samfunnsorden
i ferd med å ta knekken på BygdeNoregs «nasjonalheilagdomar» og
redningsplankar, nemleg ressursrikdomen, sjølvkjensla, identiteten, dialektane og det nynorske skriftspråket
som viktige delar av dette.
Me må mobilisere i bygdene og
vise på tydeleg vis og på ulike måtar
at me er «herrar i eige hus».
Når oslofolket med sin til tider og
Programmet til
Litteraturdagar klart
17.–19. September er det klart for Litteraturdagar i Vinje, denne gong med novella
i sentrum. Som ofte før spinn programmet rundt norsk samtidslitteratur krydra
med lokale heltar. Kjell Askildsen, Hans
Herbjørnsrud, Stein Merethe Lindstrøm
og Kjersti Rorgemoen er mellom dei prominente gjestene. Juan Gutierrez kjem
for å snakke om novella i latinamerikansk
litteratur, og Arnhild Skre er festtalar på
laurdagskvelden.
Som så ofte før stør dei lokale kreftene
opp under tilskipinga. Det blir musikalske
innslag frå både Odd og Aasmund Nordstoga, og Olav Vesaas les ei novelle som
far hans har skrive. I tillegg skal Storegutprisen delast ut.
Fortvilt mann innelåst
i buss på ukjend stad
NPK melder at ein fortvilt mann ringde til
politiet for å få hjelp til å finne ut kvar han
var, etter at han hadde vakna innelåst i ein
buss.
situasjonsbetinga arrogante veremåte
og sine urbane trendar invaderer
bygdene og naturen vår og gjerne
sine eigne hytter i ferie og fritid, kan
det vera økonomisk kjærkome nok
for næringssvake og fråflyttingstruga
distriktskommunar. Men «prisen»
me må betale for det er høg og skadelidande, fordi me ofrar dei rurale
verdiane på urbanismens alter. Sjølve
stend me med luva i handa og blir
ubevisst dregne med inn i det identitetslause og uimotståelege dragsuget
der dialektane, den nynorske språkkulturen og bygdetradisjonane sakte
men sikkert løyser seg opp og til slutt
kan bli heilt borte.
Jon Ingebretsen, Vrådal
distriktspolitikar
– Han visste ikkje kvar han var, og han
fekk heller ikkje opp døra på bussen, fortel
operasjonsleiar Trond Ola Berg i Hedmark
politidistrikt.
På telefon fortalde mannen kva han
såg då han vakna. Blant anna skimta han
ei elv eller ein innsjø og mange campingvogner, og han såg eit stort tårn i skogen
langt unna.
Etter ei kjapp etterforsking konkluderte
politiet med at dette måtte vera i nærleiken av Rena, og fekk hjelp av ein drosjesjåfør som melde seg. Sjåføren greidde
å spore opp bussen og mannen. Etter
kvart dukka det også opp ein bussjåfør,
og saman greidde dei å få den innelåste
mannen ut.
– Det løner seg ofte å fylgje litt med,
seier Ragnar Hovland i ein kort kommentar.
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Målgåver
Til barnehagekampanjen:
til å servere
—
—
—
stk. kaffikrus (2008) ikkje på lager no
Svart dekor og gulltekst.
Kruset er nytrykk av jubileumsserviset.
Det går mangt eit menneske og ser
seg fritt i kring for Ivar Aasens skuld
Tarjei Vesaas 1950
stk. kaffikrus (2008) kr 100
Svart dekor og brun tekst
Skogen stend, men han skifter sine tre
Olav H. Hauge, 1965
—
—
stk. frukostasjett (2008) kr 100
Svart dekor og brun tekst.
Nokon må elske ordet og reinske bort
ugras der det gror. Nokon må bruke ordet. Berre ved bruk blir det vakkert.
Marie Takvam, 1987
stk. tekrus med skål (2007) kr 120
Oransje dekor og svart tekst.
OSS, RETNING Eg veit ikkje kvar vi skal.
Men eg gler meg medan vi kjem dit.
Ann Kavli, 1996
— stk. TIPSHEFTE som gjev god lese-
start med gode tips til nynorske
barnebøker. 16 sider. Gratis!
stk. tekrus med skål (2008) kr 150
Svart dekor og brun tekst.
Nynorsken kviskrar: Dette går ikkje an.
Kristin Auestad Danielsen,2007
til å markere
— stk. FLYGEBLAD til dei tilsette:
«Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 4 sider. Gratis!
Medlemskap i gåve: Kjenner du nokon
som burde ha vore med i Mållaget?
Gje dei medlemskap i gåve! Dette
kostar 200 kroner.
JA TAKK,
eg tingar:
— stk. FLYGEBLAD til foreldra:
«Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 2 sider. Gratis!
— stk.
MEDLEMSBEVIS som eg kan gje
vekk i gåve. Kr 200
— stk. PC-HYLSTER med slagordet
Mange røyster – felles mål. Storleik:
15". Kr 150
— stk. JAKKEMERKE: «Gjennom
— stk. Ivar Aasen-almanakk-OMSLAG
— stk. Takk, Ivar Aasen-JAKKEMERKE.
Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk. Slepp nynorsken til-JAKKE-
i skinn som varer i mange år. Aplan-/Filofax-system. Burgunder
farge. Passar for innmat storleik 96
x 167 mm. Du byter ut innmaten for
kvart år. I dette lausbladsystemet er
det også mykje anna tilleggsutstyr
å få kjøpt, m.a. lausark for eigne notat. Kr 300
MERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk)
— stk.
REFLEKSBAND til å slå rundt
armen eller foten for å vere tryggare i trafikken. Med logo og slagord:
Mange røyster – felles mål. Kr 20
Kryss av, klipp ut eller kopier
og send tinginga til:
Noregs Mållag,
Postboks 474 Sentrum,
0150 Oslo
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
ord blir verda stor». Gratis for
inntil 20 jakkemerke!
— stk. MATBOKS i plast. 16x11 cm.
Kr 50
— stk.
PARAPLY med trehandtak. Svart
med kvit logo og slagord: Mange
røyster – felles mål. Diameter om lag
1 meter. Kr 100
— stk. RULLEBANNER:
«Gjennom ord blir verda stor».
2 meter høg. Kr 500
— stk.
PARAPLY (kan slåast saman).
Kr 100
Hugs at vi går fort tom
for somme artiklar! Det
er såleis ikkje sikkert at
du får alt du tingar.
— stk.
VILJEN TIL SPRÅK av Ottar
Grepstad. Kr 200
— stk.
FRIMERKEMAPPER frå Posten
med førstedagsbrev med frimerket
som Posten laga i høve hundreårsjubileet. Kr 50
Du kan også tinge ved å sende e-post
til [email protected], ringje 23 00 29 30,
fakse til 23 00 29 31 eller ved å gå inn
på www.nm.no
Porto kjem i tillegg.
— stk.
NØKKELRING, kvar av ringane
kan takast av. Fin om du treng å dele
nøkkelknippet. Kr 75
Namn:
Adresse:
Postnr.
Poststad:
21
oss hypotetisk at ein roman blir omtala som «Mållagsromanen»,
tre på gata: Omkva mekunnetenkjer
han handle om?
Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai
kr 1,00 pr. stk.
Foto: Fredrik Arff
kr 9,00,–/mm
kr 0,50,–/mm
45 mm
kr 4 000,–
kr 7 000,–
kr 12 000,–
Foto: Aschehoug
Annonsar:
Annonseprisar:
Tillegg for tekstside:
Spaltebreidd:
Kvartside:
Halvside:
Heilside:
Tillegg for fargar
Ilegg til avisa:
Foto: Herborg Pedersen
Prent: Nr1Trykk as
Opplag: 12 000
Abonnement: Kr. 250,– per år
Are Kalvø,
humorist og forfattar:
Jan Kjærstad,
forfattar:
– Strid, intrigar, hat, opprivande
konfliktar, romantikk, maktkamp og grammatikk.
– Jeg skulle personlig ønske noen kunne
skrive en heidundrende kjærlighetsroman
om to unge mennesker, der den ene snakket
og skrev nynorsk (eller brukte dialekt) og
den andre snakket og skrev bokmål. Jeg ser
for meg, jeg vet ikke hvorfor, at det er jenta
som snakker nynorsk. En sterkt, bevisst, intelligent og følsom jente. Kanskje kunne til
og med jenta være fra Oslo og gutten fra et
mindre sted på vestlandet. Hva det gjelder:
å underliggjøre hele problemstillingen.
Alle prisar er eks. mva. Ved lysing
i fleire nummer kan vi diskutere
særskilde avtalar.
Stoffrist nr. 4 – 2010:
19. august 2010
Selma Lønning Aarø,
forfattar:
– Den kunne handla om ei jente
med nynorsk som hovudmål som
flytter til Drammen. Ho held fram
med å skriva nynorsk trass i at ho
vert mobba på den nye skulen.
Til slutt vert den mest populære
guten i klassen forelska i henne og
dei andre jentene freistar å skriva
nynorsk for å få has på han. Det
endar med at det vert oppretta ein
eigen nynorskklasse i Drammen.
NOREGS MÅLLAG
Tilskrift: Boks 474 Sentrum,
0105 OSLO
Telefon: 23 00 29 30
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Kontoradresse:
Schweigaardsgt. 16
Bankgiro: 3450.19.80058
Leiar: Håvard B. Øvregård
mobil: 917 73 157
[email protected]
Tilsette:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar,
tlf. 23 00 29 37, 957 85 560
[email protected]
Magnus Bernhardsen,
organisasjonskonsulent,
tlf. 23 00 29 34,
[email protected]
Berit Krogh, økonomikonsulent,
tlf. 23 00 29 35,
[email protected]
Ingar Arnøy, skulemålsskrivar,
tlf. 23 00 29 36, 975 29 700
[email protected]
Hege Lothe, informasjonskonsulent,
tlf. 57 86 53 60, 926 48 348
[email protected]
Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend,
tlf. 23 00 29 32, 943 97 998
[email protected]
Else Elise Sætre Bullus,
kontormedarbeidar,
tlf. 23 00 29 30,
[email protected]
Tarjei Vågstøl, IT-medarbeidar,
tlf. 23 00 29 50, 452 31 489
[email protected]
(permisjon til 1. juli)
NORSK MÅLUNGDOM
www.nynorsk.no/nmu
Tilskrift: Postboks 285 Sentrum,
0103 Oslo
Telefon: 23 00 29 40
Telefaks: 23 00 29 31
E-post: [email protected]
Bankgiro: 3450 65 48707
Leiar: Maria Svendsen,
tlf.: 984 49 606, 23 00 29 40
[email protected]
Skrivar: Eva Holthe Enoksen,
tlf.: 23 00 29 40
[email protected]
www.nm.no
22
Etterlysing: Mållagsromanen
Nynorske forfattarar skriv
gjerne om gard, heim og vestland. Men Mållaget nemner
dei ikkje.
Dag Solstad er uløyseleg knytt til ml-rørsla.
I syttiåra skreiv han fleire romanar som var
klårt plasserte på den politiske venstresida,
bøker for og om folket. På åttitalet kom det
to bøker som skildra denne politiske rørsla,
den fyrste var Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen
som har hjemsøkt vårt land (1982). Boka
vart delvis motteken som eit oppgjer med
Solstad si tid i ml-rørsla, men det meiner
Professor Harald Bache-Wiig ved Universitetet i Oslo er feil.
«Likevel er ikke romanen først og fremst
et politisk selvoppgjør, snarere er den et
stykke sorgarbeid, der 'den store politiske
vekkelsen' kanskje mer blir hyllet, enn utlevert til ironisk spott.»
Hermann Starheimsæter
Foto: Geir M. Brungot
Manglande oppgjer
Utan å samanlikne meir enn naudsynt, så
er det råd å leike med seg tanken at mållag
kunne hatt same fasinasjon på forfattarar
som lokallag i ml-rørsla.
«Nynorsktradisjonen har vore for forsiktig med å ta oppgjer med seg sjølv. Det
har vore mykje festtalar. Me skulle, som mlrørsla, hatt fleire sjølvoppgjer», sa forfattar
Hermann Starheimsæter til Dag og Tid då
boka Nordvegen kom i 2003.
Eit raskt sveip over norsk litteraturhistorie syner at noko slikt oppgjer eller eventuelt sorgarbeid ikkje er å finne. Mållag dukkar svært sjeldan opp. Sjølv folk som har
lese i grenseland av kva som er sunt, kan
ikkje kome opp med døme på det. Eit søk
i Nasjonalbiblioteket si Bokhylle, altså den
elektroniske, gjev nokre få treff.
Pussig nok er Dag Solstad si bok Roman
1987 ein av dei titlane som dukkar opp. Hovudpersonen er journalist i Dagningen og
blir sendt på ulike oppdrag: «Referat fra
alle mulige slags foreninger, ikke minst fra
de utallige Mållag, som alle hadde et uhyre
stramt og tettpakket program, fra Lillehammer i sør til Dombås i nord.»
Varg Veum
Gunnar Staalesen nevner Mållaget i Be-
gravde hunder biter ikke då Varg Veum
er ein tur på Kaffistova: «På veg tilbake til
bordet konstaterer jeg at Kaffistova, til tross
for Torino-interiøret, fremdeles var et refuguim for røtter. Her snakkes det et generøst
utvalg dialekter, fra Dovre til Agderfylkene,
fra Indre Sogn til Fosenhalvøya og fra Marienlyst til Mysen. Her kommer du ikke langt
med Riksmålsordboken. Et intensivkurs i
Noregs Mållag var minstekravet.»
Litt meir politisk blir det hjå Kjell Aukrust: «Forfattaren Hallstein Bronskimlet
har på vegne av Hordaland Mållag henstilt
til A/S Vinmonopolet å trykke flaskeetikettene på nynorsk i de fylker som bruker
dette som administrasjonsspråk. (…) – vil
den italienske røde Vermouth Stock, bli betegnet som ´Raud Kjepp´, mens vår hjemmetappete Fiin Gammel Portviin – får navnet ´Gild gamal Grindvin´.»
– Denne oppdaginga kjem på eit tidspunkt der han føler det språket han reknar
som sitt, truga og pressa frå alle kantar.
Dermed oppstår eit behov for å gjera noko,
slå tilbake. Han som tidlegare aldri hadde
tenkt i dei baner, vert aktivist og fanatikar,
med dei følgjer det får for yrkesval og familieliv.
– Språk er vel viktig for forfattarar?
– For ein forfattar er dette sjølvsagt ei
problemstilling som alltid er like aktuell.
Ein må ikkje missa sin einaste arbeidsreiskap, sitt språk. Men for Claus Hjelle går
det ut over alle rimelege grenser. Som barn
av si samtid der den religiøse fundamentalismen aldri er langt unna, oppfattar han
seg etter kvart som nynorsk 'terrorist' og
får eit psykotisk samanbrot. Med det vil vel
både Claus Hjelle og hans forfattar ha sagt
at språket ikkje er mindre viktig og avgjerande for eit menneske enn det religionen
er.
– Kva trur du grunnen til at mållag/
målsaka er så fråverande i norsk skjønnlitteratur?
– Fordi skjønnlitteraturen handlar om
menneske, ikkje om saker. Til sist nemnde
har vi sakprosaen. Sjølvsagt går det an å
skriva om saker i skjønnlitteraturen også,
men ein må ha minst eitt menneskeleg
prisme å bryta problemstillingane gjennom, ein helt, ein martyr, ein klovn. I tilfelle
Nordvegen får det bli opp til lesaren i kva
gruppe han vil plassera hovudpersonen.
Fasitsvaret er ikkje gjeve.
KJARTAN
HELLEVE
[email protected]
Nordvegen
Det er altså på dette nivået det ligg, nemnt
hist og pist. Unnataket er nemnde Nordvegen.
– Hovudpersonen Claus Hjelle, er ein
person som oppdagar kor (livs-)avgjerande
det er å ha eit språk å agera i, fortel Starheimsæter.
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
sagt sidan sist
Du har ikke diktet for mye?
– Å nei! Det er streng straff for å
legge noe til eller trekke noe fra, vet
du, sier Inger Lise Rypdal og ler.
Men en kunstnerisk frihet har
hun tatt seg: Alle kvinnene snakker totning, mens Jesu ord faller på
sobert bokmål. Hun syntes det var
riktig slik. Han er jo tross alt litt annerledes.
Inger Lise Rypal forklarer ting
og tang til Vårt Land
– Men många norrmän gnisslar
säkert tänder, eftersom Fosse skriver på nynorska (genuin norska),
ett språk som är mer eller mindre
förföljt och nästan förbjudet, i alla
fall i de media som huvudsakligen
styrs från enklaven Oslo, och de är
många.
Mycket av den bästa norska dramatiken och litteraturen skrivs på
nynorska och därför kan man inte
hur länge som helst låtsas att det
språket inte existerar. Valfriheten
och mångfalden är därför säkrade
ett tag till i internationaliseringens
växande likriktning.
Inge Knutsson i Kristianstadsbladet forklarer andre ting
puslekryssord for barna
Nedanfor finn du alle orda som skal vere
med i kryssordet til venstre:
kryssord
FARGREIE
– Kven ville ha trudd at europeisk
teater på 2000-talet ville finne fornying frå teaterstykke opphavleg
skrivne på nynorsk?
Ikkje Øyvind T. Gulliksen
i alle fall. Klassekampen.
– Kan ein ikkje sjå det som strålande, at folk som les Syn og Segn
får ny innsikt, vidare perspektiv og
kloke tankar. Framfor å berre fokusere på dei som ikkje les det?
Marit Lajord etterlyser
positivitet i Aftenposten
DET SOM
ER ATT
SMEIKJANDE
NÅ
GRANNAR
PRON.
FISK
SJETTE
TONEN BLES
KALDT
GILDE
ÅTAK
SPISS
BUTIKK
5 bokstavar:
AGENT, DUREN, NILEN
6 bokstavar:
ELEVEN, FUGLEN, GENSER,
RANSEL, SOGENE
7 bokstavar:
FARANDE
Æ
LANDEMERKE
NAUD
PLANTE UKOKT
DU
OG
EG
UKLÅR FIOLIN
LUFT
NORSK
FORF.
SPONSA
HUSDYRET
GNIAR
ROMMÅL
KVIST- UNION
ENE VONDT
ENERGIMÅL
JEPPES FOTVIV
SOLE
I VESTAGDER
KVILER
BAKEN
HALV-
FROSEN
VÆSKE
FLIRE
TAUSA
HEILE
KVITT
SJETTE BE- UTVIDE FJERDE FRITT BROTS- BAKKE
TONEN LEGG
SEG TONEN
VERK ÅTAKET
HODYR
BAKST
ELV I
NORD
BLENKJE
TING
STABEL GRANNAR
VALSE- GREIE
RYTME
EGEN, SOVE
FISK
KAVE
SEG SKJER
OPP
INNAN- LURE
FOR
HUGS
STATSRÅD
4 bokstavar:
BERETRE
TONANDE
LYD
PLASSERTE
SØKK
RIKS- PAPESTYRE GØYE
ARE, URA, URA
FUN- BRAKE
GERER
ODDE
DUUNS
FØDEØY
MYNT
FLATEMÅL
– Så her sitter vi i gangen, og prøver å skrive et leserinnlegg om noe
vi brenner for. Vi bestemte oss for å
skrive om å slippe nynorsk på skolen, men det gikk ikke så bra. Det
neste vi prøvde å skrive om, var
idrett, men det ble altfor mye. Så
nå sitter vi her og prøver å komme
på noe å skrive om... Vi ble til slutt
enige om at hvis man skal skrive et
leserinnlegg, bør man virkelig ville
skrive det. Det burde ikke være en
oppgave vi får på skolen!
Elisa og Thaneertha (15)
skriv eit lesarinnlegg om å kvifor ein
ikkje bør gjere det
KARPEFISK
MEDIE- STAT
LEIAR SKRIK
QUIZ
ER, LI, UT
3 bokstavar:
(Løysing finn du nedst på sida)
SLEDE- FJELL
UNDER- TRELAG PLATE
EIGE
2 bokstavar:
MATRETT
KVINNENAMN
VOGNENE
PAVE
AVSLAG
RETNING
GJÆRAR
TONE
REX
løysing
KOST
B
TERGE
FISK
SA BOMBASTISK
U
HØGREDAME
FOLK I
SØRAFRIKA
PAR
T
KLE
FRANSK
FILOSOF
VARMEKJELDE
O
RESPEKT
TILHØYRANDE
TING
U
G
J
E
S
T
E
B
O
D
S
M
A
T
PUGGE
NYTTE MANNSNAMN
B R
O
E L
V
DIKT
KLYPE
UNGDYR
RUSS
LIKE
SV. BY
Ø
R
E
B
R
O
ROVDYR
FORVRENGDE
R
A
N
G
S
N
U
D
D
E
A
R
T
I
A
N
A
R
A
R
NYTIDA
MERKE
E
T
I
K
E
T
T
KLUTAR
RENNE MINNER
OM
A
K E L
E
I
S K
S U N
A
A
R A R
E V
P E R
T R E
A T O
E L
Y R
L E S
E
K
S O
O N G
R U N
SØKKE
PURKE
AKE
BY MED
KJENT
KRUKKE
FLATEMÅL
LYSE
MØTE
HYLLER
MJUK
TUTE
YTE
I LEVANGER
FUGLEN
VENDE
SJUKDOM
UT AV
F
I
L
L
E
R
VILTER
DRIKK
T
E
BLAUTLENDE
SKRINT
M
A
G
E
R
T
PRAM
G
SER I FESTAR
BOKA FISK
L
M E
E S T
I
R
R T E
Å R
Y R
R E F
F E
M Y R
A L D
S T I
I
G
O P
Å K A
T
K
E I K
S A
NOKO
ATTÅT
OPNING
GÅR
MED
MYKJE
GRYN
FUKTIG
GRUNN
DROPAR
OLDER
KLAR TIL
REISA
DYREHALD
BYGD I
FINNM.
HEIT
BRA
KUNSTFORM
AGN
HARKELYDEN
TELE
HØGSLETTA
S
E
I
FUKTIG
MØBEL
S
P
I
K
R
A
R
S
O
F
A L
Å
E R
S K
L O
E R
T
R E
E
V A
REST
STUTTE
TIL
SETJE
AV
SNUTE
LURING
= MI
= LA
FISK
Å
A L T
N
E
K L
Å M E
K
F
E T R
R U I
A T
T
T
E N
E T
V A R
A
E
R A N
M T E
E
V
N N E
UTAN
IS
ADVERB
BYA
E
L
I
N
G
E
N
ENERGI
LENGD
SKAL
JORDE
GRANNAR
HAUGEN
KONJ.
OPPFØRE
EINEBUAREN
UTKOK
ELV
KLØNET
TYPE
FØRE
I SEG
ELDEN
ALDRI
KONJ.
SMERTE
E
R
E
M
I
T
T
E
N
Kryssordvinnarar i nr. 2 – 2010
1. Marta Hauge,
Hjelmeland
2. Målfinn Løvfall,
Evje Formo,
3. Arne Engen Berge,
Årdal
Send løysinga til:
Noregs Mållag
Postboks 474 Sentrum
0105 Oslo
Frist: 19. august
Merk konvolutten «Kryssord».
Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte
ut og får fin premie.
Namn:
Adresse:
Postnummer/-stad:
Løysing på puslekryssord
NORSK TIDEND NR. 3 – 2010
Løysing på kryssord 2 – 2010
23
i nynorskens skog
Nynorsk journalistpris
til Astrid Brekken
Årets tidsskrift
Syn og Segn er kåra til Årets tidsskrift av
Tidsskriftforeningen. I grunngjevinga
heiter det at Syn og Segn er kjenneteikna
av uføreseielege og
overraskande vinklar
og temaval.
Tidsskriftet er det
einaste i sitt slag på
nynorsk, og juryen
meiner det 116 år
gamle tidsskriftet
er allmennkulturelt
i beste forstand og
Bente Riise,
held
høg kvalitet.
redaktør
I grunngjevinga
blir det lagt vekt på at tidsskriftet både
er spennande og tør å gå eigne vegar.
Det blir trekt fram at Syn og Segn blir
redigert med humor og snert, og at tidsskriftet utmerkjer seg med syn for det
interessevekkjande.
Stor variasjon i stoffutvalet, mangfald
i sjangrar, godt språk, ei rein formgjeving
og gode bilete er andre heidersord som
blir brukte i grunngjevinga.
(NPK)
MÅLPRIS: Årets målsprisvinnar Ruth
Slokvik saman med leiar i Telemark Mållag Einar Søreide.
Foto: Telemark Mållag
Årsmøte med målpris
og nysgjerrigperar
Årsmøtet i Telemark Mållag som var lagt
til Rauland laurdag 10. april, hadde fleire
ungdommelege bidrag. Fire dyktige
elevar frå 6. klasse på Tokke skule fortalde
om Nysgjerrigperprosjektet sitt der
dei ser med kritisk blikk på lærebøkene
dei har i norsk. Dei har vore dyktige
detektivar og har funne mange feil. Dei
har skrive til Språkrådet, ulike forlag og
Noregs Mållag og har fått svar. Alt dette
fekk årsmøtet ei grundig orientering om
frå elevane.
I Rauland barnehage arbeider dei
mykje med rim og regler med lokalt
utgangspunkt. Femåringane frå barnehagen avslutta årsmøtet med song og
dans under dyktig og inspirerande leiing
av Birgit Landsverk.
Ruth Slokvik frå Sauherad fekk årets
målpris for sitt mangeårige arbeid med
Årbok for Telemark.
Årsmøtet attvalde Einar Søreide frå
Kviteseid som leiar. Dei andre i styret etter årsmøtet er Nils Gjerde, Tokke, Birgit
Landsverk, Rauland, Harald Valle, Nissedal og Åsta Råmunddalen frå Tokke.
Ref.
FESTSPELDIKTAR: Rønnaug Kleiva gler seg stort til Dei
Nynorsk Festspela.
Foto: Ingjerd Kleiva
Mykje språk og
mykje musikk
Reise er tema for Dei nynorske festspela
i år. Meir enn 40 arrangement går av
stabelen i Ørsta og Volda frå torsdag 24.
juni til søndag 27. juni.
– Publikum får fleire opplevingar på kortare tid, og
fleire artistar og forfattarar presenterer nye plater eller bøker, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
– Vi fortettar Festspela til fire dagar for å lage ein
endå betre festival og for at publikum skal få høve til
å få med seg meir når dei først er komne, seier Widerøe.
Med festspeldiktaren Rønnaug Kleiva i spissen er
kvinnene i fleirtal blant dei mange forfattarane som
kjem til Dei nynorske festspela. Både Aina Basso,
Sigrid Merethe Hanssen, Marit Kaldhol, Hilde Kvalvaag, Olaug Nilssen (festspeldiktar 2006), Maria Parr
og Kari Stai er alt på plass i programmet.
Eitt av sju program om språk handlar om språk i
NRK. I 2007 kom Hans-Tore Bjerkaas som nytilsett
kringkastingssjef til Dei nynorske festspela og la
fram ei tydeleg programerklæring om språkpolitikk i
NRK. I år kjem han tilbake og presenterer den første
språkrekneskapen sin. Det blir debatt både om nynorsk som underhaldningsspråk og om normering av
nynorsk.
Sterkt musikkprogram
Kvar kveld blir det store konsertar på den unike
utescena i Aasen-tunet. Steinar Albrigtsen presenterer for første gong ei plate med norske tekstar, i lag
med Monika Nordli på opningskonserten «Dobbelt
norsk» torsdag. Også ho kjem med nytt stoff til denne
konserten der alt er på dialekt og nynorsk.
For første gong held Sigvart Dagsland konsert på
Dei nynorske festspela. Ein time før Dagsland går på
scena, stiller han til «Førsnakk» med sin eigen biograf
Olaug Nilssen. Den tredje store konserten tek Valkyrien Allstars seg av.
Ti arrangement med festspeldiktaren
Festspeldiktaren Rønnaug Kleiva er med på ti arrangement. Ho skal lese frå bøkene sine, både åleine og
saman med perkusjonisten Terje Viken, er med i ein
samtale om litteratur, presenterer favorittretten sin
saman med kjøkkenleiar Milan Ilic, og let skodespelaren Anderz Eide lese dei dikta ho liker aller best.
Novellekunstnaren Kleiva dukkar også opp i Ivar
Aasen-minneforedraget i år. Få, om nokon, litteraturvitarar i Noreg kan meir om novelle- og kortprosakunsten enn Hans H. Skei. Han har kalla foredraget
«Mykje er meir: nye tankar om den korte forteljinga».
NRK-journalist Astrid Brekken
(67) får Kulturdepartementets
nynorskpris for journalistar i 2010.
Prisen blir delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 25. juni.
Astrid Brekken er i dag mest
kjend frå P2-programma «Sånn er
livet» og «På livet laus», men ifølgje juryen er det knapt eit emne ho
ikkje har vore innom sidan ho tok
til i NRK i 1971.
Ho var også med og starta kvinnesaksbladet Sirene i 1973, var
redaktør i Syn og Segn 1980–83 og
har vore aktiv i alt frå Norsk språkråd til Forum for Systemdebatt.
Sidan 1976 har ho også drive heimgarden i Lesja.
«Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i
norsk samfunnsdebatt på mange
arenaer, og heile tida har ho hatt eit
svært medvite forhold
til nynorsk»,
heiter det
blant anna
i grunngjevinga frå
juryen, som
også meiner
at prisvinnaren er «ein
nyfiken og
Astrid Brekken Foto: NRK
intellektuell
journalist, oppteken av korleis vi
lever liva våre i både bygd og by,
lokalt og internasjonalt».
Prisen er på 50.000 kroner og
eit norsk kunstverk. Tidlegare
prisvinnarar er Linda Eide, NRK,
Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen,
Odd Reidar Solem, TV 2 og Ronny
Brede Aase, NRK P3.
(NPK)
www.nynorsk 2011.org
«Det einaste valfrie bør etter mi meining vere a- eller e-infinitiv og me eller
vi som pronomen.»
«Eg tykkjer orda ‘hjelpa’ og ’stø’ ikkje dekkjer det faktum at vi ikkje berre
hjelper politidistrikta, men også bidreg
med kompetanse dei ikkje har, men
treng for å løysa ei bestemt oppgåve.»
«Første prioritet må vere å få ned
talet på alternative skrivemåter.»
Dette er berre eit par sitat frå inn-
legga på nettsida www.nynorsk2011.
org. Det er eit diskusjonsforum der
du kan vere med og diskutere ei ny
rettskriving for nynorsk. Du kan skrive
nye innlegg og kommentere det andre
har skrive.
Mange av bidraga i forumet vil vere
skrivne av eksterne debattantar, og ikkje av rettskrivingsnemnda, som Språkrådet har sett ned. Når nemnda skriv i
forumet, går det fram av teksten.
Noregs Mållag
på Twitter
Noregs Mållag
på Facebook
Noregs Mållag er kome på Twitter! På
dagen 125 år etter jamstellingsvedtaket i Stortinget fekk vi eigen twitterkonto. I skrivande stund er det overkant
av hundre som følgjer Mållaget. Følg
oss gjerne på @noregsmallag
Mållaget har vore på Facebook i nokre
år. Det kjem jamt til nye vener, og i
skrivande stund er det 1273 vener av
Noregs Mållag på Facebook. Sjå innom
sida og få med deg siste nytt, med
kommentarar og liknande.
Fosse får Ibsenprisen
Dramatikaren Jon Fosse får Den
internasjonale Ibsenprisen for
2010. Prisen er på 2,5 millionar
kroner og blir delt ut 10. september.
Ibsenprisen vart etablert av regjeringa i 2007. Året etter vart han
tildelt den engelske dramatikaren
Peter Brook, medan franske Ariane
Mnouchkine fekk han i fjor.
I år vert det altså for fyrste gong
ein norsk prisvinnar. Skodespelaren og regissøren Liv Ullmann
overrekkjer prisen til Fosse 10. september. Det skjer under Ibsenfestivalen på Nationaltheateret i Oslo.
Jon Fosse blir rekna som éin av
den moderne dramatikken sine
store namn. 50-åringen, som er
forfattar, poet og dramatikar, har
skrive over 30 skodespel. Han har
også skrive over 40 bøker dei siste
15 åra.
Stykka til Fosse har vorte framførde over 900 gonger rundt om i
Jon Fosse
Foto: Knut Egil Wang
verda. Mannen som blir kalla «den
nye Ibsen», blir spelt meir enn nokon annan europeisk samtidsdramatikar.
(NPK)
Dobbelt? Får du dobbelt opp av Norsk Tidend, kan det kome av at du er medlem av både Mållaget og NMU. Send e-post til [email protected] om du meiner det greier seg med eitt eksemplar.